Haustens bøker frå Samlaget

Page 1

HAUSTEN 2023

HAUSTEN 2023

hausten 2023

© 2023 Samlaget

www. samlaget.no

stiftinga det norske samlaget

styreleiar: John Ragnar Aarseth

forlagsdirektør: Edmund Austigard

forlagskontor: Mariboes gate 13, 0183 Oslo

postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 Oslo

føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar.

konsept, omslag og formgiving: Trine + Kim designstudio

5 INNHALD SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE 7 Romanar 8 Noveller 19 Lyrikk 22 Julehefte 24 FAKTA OG DOKUMENTAR 27 BARN OG UNGE 41 HØGARE UTDANNING 53 Syn og Segn 66 Fotografregister 68 Følg oss 70 Kontakt oss 71

SKJØNNLITTERATUR

OLAUG NILSSEN (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Sidan har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket Stort og stygt (2013) tematiserte ho for første gong det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre. Og med Tung tids tale (2017), som ho vann Brageprisen for, braut ho igjen tabu, med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.

I 2021 fekk Nilssen Fritt Ords Pris saman med forfattarane Jan Grue og Bjørn Hatterud for sitt sterke og kritiske bidrag til å belyse samfunnssituasjonen og ytringskulturen for funksjonshemma i Noreg.

8 romanar

OLAUG NILSSEN

UØNSKA

ÅTFERD

Kor alvorleg er eit overgrep når over griparen er psykisk utviklingshemma?

Katrines psykisk utviklingshemma son, Jostein, kjem i puberteten, og ein allereie krevjande familiekvardag blir vesentleg vanskelegare. Mora balar med den pågåande merksemda frå 16-åringen, og dottera, Janne, vil ikkje lenger vere åleine heime med storebroren. Far Gunnar, meiner Jostein bør flyttast på bufelleskap, at guten har ei åtferd som ikkje går saman med familielivet.

Familien blir riven i to. Mor og son flyttar, far og dotter blir buande.

I tilbakeblikk blir vi kjende med korleis foreldra har hatt kvar sine tilnærmingar, både til dottera Janne og til livet med Jostein. Janne har kjent seg utsett og oversett, men ønskjer mest av alt å få mora tilbake i livet sitt.

Tek Katrine innover seg kor tøft det har vore for Janne å vekse opp saman med broren? Forstår ho kor viktig det er for dottera å finne tilbake til eit normalt familieliv?

I Uønska åtferd spring dei eksistensielle krisene og humoren side om side.

Romanen er ei forlenging av tematikken i Tung tids tale (2017) og Yt etter evne, få etter behov (2021): Kor mykje skal det eigentleg koste å halde ein familie samla? Og kva skal vi eigentleg gjere med dei som, utan å vilje det, gjer livet så vanskeleg for sine pårørande?

romanar roman | ISBN: 9788234011849 2 | PRIS KR 429,–| UTG. OKTOBER e-bok | ISBN: 9788234011856 | PRIS KR 299,–| UTG. OKTOBER lydfil | ISBN: 9788252198263 | PRIS KR 349,–| UTG. OKTOBER 9788234011849 9 788234 011849 9

BRIT BILDØEN

GULT FAREVARSEL

Eit familiedrama om vår plass i naturen

Det brygger opp til storm i det Dorte kjem opp til Innsetra, ein intim og luksuriøs gjestegard langt til fjells. Her har ho planlagt ei heilt spesiell gullbryllaupsfeiring for foreldra sine og invitert med tvillingbroren, søstera og mannen og hunden deira, Laban.

Allereie da dei kjem fram, angrar Dorte på at ho har samla familien her, seint i oktober. Så bryt uvêret laus, eit jordras sperrar av området, og familien blir stengd inne på setra saman med to mistenkelege jegerar. Lite anar Dorte at raset berre er den første av ei rekke hendingar som denne familien aldri kjem til å gløyme.

BRIT BILDØEN (f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay, og er også verksam som omsetjar.

Gult farevarsel er eit familiedrama om plassen vår plass i naturen.

10
romanar roman | ISBN: 9788234011375 | PRIS KR 399,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234011382 | PRIS KR 299,–| UTG. SEPTEMBER lydfil | ISBN: 9788234011917 | PRIS KR 349,–| UTG. SEPTEMBER 9788234011375 9 788234 011375 ISBN 978-82-340-1137-5
romanar 11

Mesterlig norsk roman!

tom egeland, vg

En helt utrolig roman!

fartein horgar, adresseavisen

Ein stor forfattar

Om Når landet mørknar: Vinnar av Brageprisen 2018!

emil otto syvertsen, fædrelandsvennen

12
romanar

TORE KVÆVEN

RAUDT STØV BOK 1

Mektig dystopi frå Bragepris-vinnar

Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank.

Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. I Australia er det berre ein liten by i nordvest som enno klarer å halde stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong.

Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer mot sin eigen undergang, gjer villhestane som dei alltid har gjort, dei følgjer flokken og instinktet og gjer det dei kan for å overleve.

TORE KVÆVEN (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Kvæven vart tildelt Brageprisen i 2018 for romanen Når landet mørknar. Han har også fått Sørlandets

Litteraturpris 2019 og Stig Sæterbakkens minnepris 2022.

romanar roman | ISBN: 9788234006920 | PRIS KR 399,–| UTG. OKTOBER e-bok | ISBN: 9788234006937 | PRIS KR 299,–| UTG. OKTOBER lydfil | ISBN: 9788234008559 | PRIS KR 349,–| UTG. OKTOBER 9788234006920 9 788234 006920 13

JENNY LUND MADSEN (f. 1983) er dansk filmvitar og manusforfattar for film og tv. Ho debuterte med Tretti dagars mørke i 2020 til strålande kritikkar og vart tildelt Harald Mogensen-prisen for beste danske kriminalroman same år. Boka er omsett til svensk, engelsk, fransk, tysk og nederlandsk, og fleire språk står for tur.

JENNY LUND MADSEN

TRETTI DAGARS MØRKE

Prislønt krim frå dansk serieskapar på norsk!

Den snobbete og drikkfeldige forfattaren Hannah Krause-Bendix, som attpåtil har skrivesperre, inngår i ein svak augneblink eit veddemål om å skrive ein kriminalroman på tretti dagar.

Redaktøren sender henne til Island for å finne inspirasjon og arbeidsro der, og ho installerer seg hjå gjestmilde Ella i den vesle, fredelege tettstaden Húsafjörður. Under den rolege overflata viser det seg snart å vere sterke straumar. Etter berre nokre få dagar blir Ellas nevø Thor fiska opp av vatnet. Drukna. Som dei fleste andre på staden var han son av ein fiskar, men han hadde også heftig vasskrekk. Alle veit at Thor aldri ville ha nærma seg vatnet på eige initiativ, så korleis kan han ha drukna?

Hannah byrjar å utforske dødsfallet, det verkar som ein lovande start på ein krimklisjé, men snart blir ho omslutta av Húsafjörðurs farlege hemmelegheiter.

Boka er omsett av Maren Barlien Guntvedt.

14 romanar roman | ISBN: 9788234011023 | PRIS KR 399,–| UTG. AUGUST e-bok | ISBN: 97882340094576 | PRIS KR 299,–| UTG. AUGUST lydfil | ISBN: 9788234011016 | PRIS KR 349,–| UTG. AUGUST 9788234011023 9 788234 011023 ISBN 978-82-340-1102-3

Om Tredive dages mørke:

Så velskriven at det er vanskeleg å leggje boka frå seg.

Debutant har skrive årets mest originale krim. Jenny Lund Madsens mordgåte er spennande, realistisk og romantisk til aller siste side. Og når du trur du har gjennomskoda plottet, slår spenninga enda eit sveip med halen. politiken

dagens nyheter
romanar

MAREN BARLIEN (f. 1991) er nordtrønder nyleg busett i Oslo. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og arbeider som omsettar og organist, dei siste to åra i Reykjavík. Einbreid bru er den første romanen hennar.

MAREN BARLIEN

EINBREID BRU

Om fluktinstinkt og naturkrefter

Golvet er varmt under fotblada, eg opnar den smale delen av vindauget, slepper inn kald luft og lyden av surklande vatn frå badestampen. Sola er på veg ned bak fjellet, legg den flate fjellryggen i skugge, ei kvit stripe mot den blålilla himmelen. Eg føler meg tung og lett samstundes. No er det verkeleg berre eg, denne mannen og desse tretten hestane.

Astrid fortel familien sin at ho skal studere musikk i Reykjavík, men i staden reiser ho ut på bygda for å arbeide med hestar. Langt frå musikken, tett på naturen, på den avsidesliggande garden til den aldrande psykologen Guðmundur Guðmundsson. Sakte blir ho ein del av livet hans der, sjølv om det raskt viser seg at ho ikkje er interessert i hest.

Kvar morgon utfordrar Guðmundur godmodige Astrid til å omsette vêrmeldinga frå islandsk tekst-tv, og for kvar dag som går, finn ho seg litt betre til rette, både i den nye heimen sin og i seg sjølv. Men så dukkar einstøingen Halli opp og inviterer med seg Astrid på fisketur. Da slår naturkreftene til, og Astrid blir igjen ein fange for eigne og andres forventingar.

16 romanar roman | ISBN: 9788234009440 | PRIS KR 399,–| UTG. AUGUST e-bok | ISBN: 97882340094576 | PRIS KR 299,–| UTG. AUGUST 9788234009440 9 788234 009440 ISBN 978-82-340-0944-0 Debutant
romanar

ØYSTEIN ORTEN (f. 1962) er oppvaksen og bur i Hareid på Sunnmøre. Han er kjend for si sterke forteljarkraft og evne til å kombinere historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement. Når han ikkje skriv bøker, underviser han på Ulstein vidaregåande skule.

ØYSTEIN ORTEN

DEN BORTKOMNE

Skuldig eller uskuldig?

Ein lærar vender uventa tilbake til heimbygda, og gamle venner og naboar byrjar å stusse: Kva gjer den dedikerte undervisaren heime no, midt i skuleåret?

Og kvifor har den elles så opne og omgjengelege karen slått av ljosa og trekt for gardinene?

Permisjon, er svaret hans. Han har teke seg ein aldri så liten ferie.

Mens læraren vandrar kvilelaust rundt på golva i barndomsheimen og stadig vender tilbake til eiga fortid for å forstå situasjonen han er i, grev Nemnda seg djupare og djupare ned i livet hans. Kva har han eigentleg sagt i klasserommet? Korleis har han kommunisert med elevane? Og ikkje minst: Kva skjedde mellom han og 16-åringen Embla på det grupperommet?

Den bortkomne er ein klaustrofobisk og fleirtydig roman om minne, skuldingar og lærarens utsette rolle.

18 romanar roman | ISBN: 9788234010583 | PRIS KR 429,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234010590 | PRIS KR 299,–| UTG. SEPTEMBER lydfil | ISBN: 9788234010958 | PRIS KR 349,–| UTG. SEPTEMBER 9788234010583 9 788234 010583 ISBN 978-82-340-1058-3

Inn i eventyret

På garden Stein bur Olov og Inga med dei vaksne ungane Ommund og Odel. Odel har dottera Liv. Kven som er far til Liv, snakkar ingen om.

Jegerane frå låglandet har komme til garden for den årlege hjortejakta. Medan dei er i skogen, blir hunden Bowie påkøyrd. Like etter forsvinn Odel.

Liv har sine eigne måtar å finne svar på. Frå dei hemmelege romma sine, i hundekorga under kjøkkenbordet og framfor elden i kammerset om kvelden, lagar ho historier. Ho ser Odel ri over det snødekte fjellet. Med seg har ho Liv, sovande i livmora. Odel er på veg heim for å føde henne, legge henne trygt i høyet, før ho reiser og blir borte igjen.

DORDI STRØM (f. 1971) er scenograf, kostymedesignar og forfattar. Ho er oppvaksen i Trøndelag og bur i Oslo. Ho debuterte i 2021 med romanen Flog. Odel er den andre boka hennar.

noveller roman | ISBN: 9788234008160 | PRIS KR 399,–| UTG. AUGUST e-bok | ISBN: 9788234008177 | PRIS KR 299,–| UTG. AUGUST 9788234008160 9 788234 008160 19
DORDI STRØM ODEL

AINA BASSO

EG RISSA DESSE RUNENE

Historiske noveller basert på runeinnskrifter

Fiskaren Ragnar dreg opp eit garn som aldri blir tomt for fisk. Havgrim kløyver skallen til Harald med øks og blir fredlaus. 11 år gamle Eidunn blir send vekk frå familien for å gå i lære i nonneklosteret, mens tannknekkaren Bergsveinn minnest Bergtora, som valde å bli dødeleg for kjærleiken sin til han.

Novellene i denne boka har ei historisk runeinnskrift som førelegg. Innskriftene stammar frå 1100–1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular. Aina Basso pustar liv i menneska og mellomaldersamfunnet, ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.

20 noveller noveller | ISBN: 9788234007521 | PRIS KR 429,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234007538 | PRIS KR 299,–| UTG. SEPTEMBER 9788234007521 9 788234 007521 ISBN 978-82-340-0752-1
AINA BASSO (f. 1979) er utdanna historikar og har skrive historiske bøker for både barn og vaksne, både sakprosa og skjønnlitteratur.

GAUTE M. SORTLAND SANNE HISTORIER

Sanne, eller nokså sanne historier, om livet slik det faldar seg ut

«Det var dagar då eg fekk lyst til å helle ein tynn stråle ut av tuten på kaffikjelen og ned på handbaken, og stå slik på kjøkenet og telje sekund, sjå kor lenge eg klarte å halde ut før eg stakk handa under den kalde vasstrålen. Men i dag kunne eg ikkje tillate meg slikt tull. Nei, i dag ville eg drikke kaffi som eit vanleg menneske.»

Folka du møter i den nye novellesamlinga til Gaute M. Sortland, strevar alle med sitt. Dei er gjerne på veg ein plass, over i ein ny livsfase, til dømes, eller meir bokstaveleg, om bord i eit framkomstmiddel, gjerne ein buss. Hadde det gått eit tog, kunne nokon tatt det. For andre skjer forflyttinga gjennom kjærleikssorg eller sjukdom. Jamvel ved hjelp av fleinsopp eller ei mongolsk badstove. Vel framme går livet vidare. For dei fleste.

Om Avsporingar (2021): Gaute M. Sortland skriv knakande godt om noko du knapt tør å lese om. ingvild bræin, dag og tid

kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og sidan har han gitt ut ein ungdomsroman og fleire kortprosa- og novellesamlingar. Sanne historier er den åttande boka hans.

Gaute M. Sortland er òg kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband.

noveller noveller | ISBN: 9788234011610 | PRIS KR 429,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234011627 | PRIS KR 299,–| UTG. SEPTEMBER 9788234011610 9
011610 21
788234
GAUTE M. SORTLAND (f. 1980)

EINAR ØKLAND (f. 1940) er frå og bur i Valevåg. Han er utdanna psykolog og

debuterte med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. Han er rekna som ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur og har gitt ut over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar.

EINAR ØKLAND

ANDRE TIDER

Poesiens lys frå ei lommelykt nedi lomma

Dei nye dikta til Einar Økland er både gåtefulle og leikne, fabelaktige og fabulerande. Dei handlar om å vakne som glitrande dogg, leite etter namnet sitt, rulle ned ein bakke. Å bli venner oppe i eit tre, teikne ansikt i vatnet, tømme støvlane for rusk og lauv etter ein tur i utmarka.

Tekstane framhevar det sjølvopplevde som verdifullt. Og her er alt som ikkje skjedde, alt ein ikkje gjorde, og stadene ein ikkje reiste til, ei like viktig erfaring. Det handlar også om forsvinning: om å sovne, å bli borte for seg sjølv, om alt som høyrer til ei anna tid så snart det har skjedd – om sorga over tapet, og til slutt tapet av sorga.

Plukk ei rose sund og kvart einaste blad er vakkert, skriv Brecht.

Ja, skriv eg, det er sant, og nei, skriv eg, ikkje gjer det.

22 lyrikk lyrikk | ISBN: 9788234011351 | PRIS KR 329,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234011368 | PRIS KR 299,–| UTG. SEPTEMBER 9788234011351 9 788234 011351
978-82-340-1135-1
ISBN

MARY RUEFLE FJOMP

Lattervekkande, gripande og klokt frå ein av vår tids viktigaste poetar

Mary Ruefle er ein av dei fremste nordamerikanske poetane i sin generasjon. Ho er også kjent for sin unike kortprosa. Poesien er ein raud tråd i det litterære arbeidet hennar, uavhengig av sjanger. Dikta i Fjomp får oss til å le høgt samstundes som dei rører oss til tårer. Dei er ærlege og ømme, der dei på slentrande og nysgjerrig vis avslører mysteria i dagleglivet. Samtidig rommar boktittelen eit bedrageri: Fjompens tilsynelatande simpelheit kan ha i seg eit oppsiktsvekkande friskt blikk for detaljar, kloke perspektiv og fantasifulle tankesprang. Fjomp brukar eit språk som fritt for klisjear stadig skiftar posisjon for å kaste lys over det forfattaren har gitt seg i kast med å utforske. Vi kjem endra ut av bøkene til Ruefle og vender stadig tilbake for å forstå meir av livet og meir av poesien.

Gjendikting til norsk ved Martin Ingebrigtsen

MARY RUEFLE (f. 1952) er amerikansk poet, essayist og professor. Ho blir med Fjomp for første gong presentert for norske lesarar. Denne boka blei nominert til Pulitzer-prisen, National Book Award, National Book Critics Award og LA Times Book Price.

lyrikk lyrikk | ISBN: 9788234011122 | PRIS KR 429,–| UTG. OKTOBER e-bok | ISBN: 9788234011627 | PRIS KR 299,–| UTG. OKTOBER 9788234011122 9 788234 011122 23

Om Juleroser 2022:

Årets Juleroser har en glødende rød tråd med klokker som gjennomgangstema i en vakker utgivelse. […] nå gleder jeg meg til hver ny utgivelse – i tillegg til at det er kjekt å ta frem tidligere årganger når det stunder mot jul. […] Det er kvalitet i alle ledd, hver tekst og hvert kunstverk er av beste merke. Helheten er et kapittel for seg. All ære til grafisk designer og dem som bestemmer papirkvalitet. Juleroser er solid håndverk. […] Kråkevik har ambisjoner med Juleroser, ikke bare fører hun tradisjoner videre, hun gir også en plattform til både kjente og mer ukjente stemmer.»

mette bleken, hardanger folkeblad

Siden 2015 har Juleroser vært en vinner. Redaktør er fortsatt Herborg

Kråkevik og oppskriften den samme. Det er ingen grunn til noe annet.

stavanger aftenblad

Stemningsfull klassiker. […] like gjennomarbeidet og vakkert som alltid.

cathrine krøger, dagbladet

24

HERBORG KRÅKEVIK (RED.)

JULEROSER 2023

Med relanseringa av Juleroser i 2015 tok Herborg Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. Vår tids Juleroser er eit illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne. Kvart år inviterer Herborg Kråkevik ein musikar til å skrive ein ny julesong. Årets song er det Daniel Kvammen som har laga.

Lun og nostalgisk jul med det vakraste juleheftet

si gjendikting, Gaute Heivoll, Roar Kjærnstad, Dag O. Hessen, Helene Knoop, Kjartan Fløgstad, Randi Fuglehaug, Anne Marit Austbø, Jacob Gløersen, Einar Økland, Danny Larsen, Marianne Heske og Alf C. Hvaring.

Juleroser 2023 er det niande i rekka og har bidrag frå mellom andre Kjersti Annesdatter Skomsvold, Sissel Kyrkjebø, Jane Kenyon i Hanna og Linn Ullmann

Du får gleda av å sjå den vakre og unike decoupagekunsten som H.M. Dronning Margrethe II av Danmark har laga til klassikaren Snedronningen av H.C. Andersen. Den raude tråden i årets hefte er snø. I kvart hefte får du tre flotte kunsttrykk som du kan ta ut og ramme inn. Årets framside er spesiallaga for Juleroser av Christer Karlstad.

HERBORG KRÅKEVIK (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære og allsidige scenekunstnarar og kulturformidlarar. Ho vaks opp i Jondal, men bur no i Viborg i Danmark. I tillegg til å vere redaktør for Juleroser er ho skodespelar, tekstforfattar, komikar og artist med fleire plateutgivingar, filmar, teater, musikalar og show på samvitet – og fleire overraskingar i ermet.

julehefte julehefte | ISBN: 9788242977847 | PRIS KR 229,–| UTG. NOVEMBER FLEIRE AV TEKSTANE FRÅ JULEROSER BLIR TILGJENGELEGE SOM LYD 9788242977847 9 788242 977847 25
FAKTA OG DOKUMENTAR

AGNES RAVATN

ALLE MOT ALLE

essay, artiklar og gjeldsbrev

Skattkiste frå Noregs satiredronning!

Agnes Ravatn er ein av Noregs mest morosame og originale skribentar. Her finn du eit rikt utval av Ravatns vittigaste og skarpaste tekstar gjennom femten år.

Vi får bli med Ravatn til konsultasjon hos ein plastikkirurg, til rettleiing i Scientologikyrkja, på bli-ny-dag og følge henne i jakta på raske pengar etter ein vond baksmell på skatten.

Gjennom eit mangfald av emne, om alt frå norsk valkamp og (eiga) pornoavhengigheit til konsentrasjonssvikt og livet på bygda, gir Ravatn oss eit friskt perspektiv på moderne kultur og samfunn.

Ravatn har eit observant, underhaldande og kritisk blikk på både politikk og kvardagsliv. Tekstane er tankevekkande og lattervekkande, like sjølvkritiske som samfunnskritiske.

«Det finnes allerede et før og etter Agnes Ravatn i norsk essayistikk», uttalte Morgenbladets jury då dei kåra ho til ein av Noregs beste forfattarar under 35 år.

28 essay essay | ISBN: 9788234011979 | PRIS KR 429,–| UTG. OKTOBER e-bok | ISBN: 9788234011986 | PRIS KR 299,–| UTG. OKTOBER 9788234011979 9 788234 011979 ISBN 978-82-340-1197-9 En av Norges aller morsomste skribenter. ane farsethås, dagens næringsliv

AGNES RAVATN (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og seinast

Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, som bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay.

29 essay
30 strikk

BIRGER BERGE

NORDISK MØNSTERSTRIKK

Vakre mønster

Strikk til deg sjølv og dei du er glad i! Kanskje noko tradisjonelt som ei kufte, vottar eller sokkar? Eller kva med å prøve deg på noko meir uvanleg, som ei bukse, ein onepiece eller eit heilmønstra pledd? Denne boka inneheld ulike strikkemønster med varierande vanskegrad og storleik. Her er plagg til dame, herre og baby, men også småplagg og interiør.

Birger Berge har i årevis delt interessa og gleda over mønsterstrikk på kontoen @birgerberge. Han har strikka nærast heile livet og kjem frå ein tradisjon i Sunnfjord der dei fleste kvinnene rundt han strikka dei flottaste tradisjonelle strikkeplagg.

Birger Berge brukar tradisjonane og lagar moderne strikk med mønster i nydelege fargekombinasjonar.

BIRGER BERGE (f. 1988) kjem frå

Sunnfjord i gamle Sogn og Fjordane. Han er kjend for Instagram-kontoen @birgerberge, der han deler si mønsterglede og skaparkraft. Berge er mellom anna utdanna historikar og arbeider som undervisningsrådgivar ved Raftostiftinga i Bergen.

strikk strikk | ISBN: 9788234011184 | PRIS KR 429,–| UTG. SEPTEMBER 9788234011184 9 788234 011184 31
32 sakprosa

HÅVARD OVESEN ARVID MÆLAND MITT LIV SOM COWBOY

Røvarhistorier og livsalvor

Dette er forteljinga om cowboyen, bonden og jærbuen Arvid Mæland. Han sjarmerer, engasjerer og irriterer. Det siste ville påfunnet hans er å hogga ut hovudet til kong Harald i fjellet over garden Lauperak i Bjerkreim, der han bur.

Mæland sitt liv er ikkje A4. Han køyrde sjølv til skulen med lastebil i fjerde klasse, tok med seg esel då han vart kalla inn til førstegongsteneste og kjøpte ein gigantisk ranch i Arkansas på impuls. Mæland har nærast reist verda rundt som ein utradisjonell reiseleiar, og i vaksen alder fekk han ADHD-diagnose. Mæland har hatt sin del motgang, men er ein kløppar til å snu kvar ein situasjon til ei positiv oppleving, både for seg sjølv og for dei rundt. Det er ikkje alltid det går i pluss, men det er heller ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at det skjer noko nytt.

Mange har blitt kjende med Arvid Mæland gjennom NRK-serien Cowboyen og kongen. Men kven er han eigentleg? Eit ekte mannfolk? Ein villbasse? Ein tulling? Eit geni?

Journalist Håvard Ovesen har hatt mange samtalar med Mæland for å finna svar på desse spørsmåla. Boka er full av røvarhistorier og private foto frå ein sann eventyrar, men inneheld også innblikk i kva det kostar å leva med stadig tankespinn, uro og ustyrleg skaparkraft.

HÅVARD OVESEN (f. 1979) er journalist i Jærbladet. Han er utdanna medievitar frå universitetet i Cape Town og har tidlegare jobba i Gjesdalbuen, Sandnesposten og Solabladet.

sakprosa
sakprosa | ISBN: 9788234011702 | PRIS KR 429,–| UTG. OKTOBER e-bok | ISBN: 9788234012136 | PRIS KR 299,–| UTG. OKTOBER lydfil | ISBN: 9788234011719 | PRIS KR 349,–| UTG. OKTOBER 9788234011702 9 788234 011702 33
sakprosa

STÅLE ESKELAND

BILALBUM BILAR MED SJEL

Når bil er sjølve livet

Den aller første bilen Ståle Eskeland eigde, var ein Volvo Amazon 1963-modell, ein bil med terningar i alle vindauge, skogar av Wunder-Baum og sota ruter. Unge Eskeland mekka på den gamle doningen og køyrde fram og tilbake på bygdevegane. Sidan den gongen har Eskeland hatt nærare 500 bilar, og han hugsar kvar einaste av dei. Bilane er for Eskeland ein hobby og ein lidenskap. I denne boka fortel Eskeland historia om 20 av dei.

Eskeland presenterer vitale mål og fysiske detaljar, men minst like viktig er historiene om motorstopp og kollisjonar, kjøp og sal, langturar på smale vegar og reparasjonane som aldri tok slutt. Bilen er langt meir enn eit transportmiddel for mange, særleg på bygda. Bilen er samlingsplass, meistring og tidtrøyte.

Dette er boka for alle som elskar bilar, og som likar å stå krumbøygd med skiftenøkkelen under eit bulkete panser. Bli med inn i ei verd med skaisete og dinglande terningar, skambod og pruting, rust og eksos.

STÅLE ESKELAND (f. 1971) bur på Stord, driv gard med hest og har bil som lidenskap. Han kallar seg Sinnamekker’n på Facebook. Eskeland lagar også eigenkomponert bil- og motorrelatert musikk.

sakprosa sakprosa | ISBN: 9788234011795 | PRIS KR 429,–| UTG. SEPTEMBER 9788234011795 9 788234 011795 35

KRISTIN FRIDTUN (f. 1987) frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar på heiltid. Ho har blant anna skrive Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018), Kunsten å irritera seg over skrivefeil (2021) og Klok kvinne eller digg dame? Eit stridsskrift om kjønn og Håvamålomsetjing (2023).

KRISTIN FRIDTUN

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

Ny og oppdatert utgåve

Nynorsk for dumskallar er skriven for dei som ikkje kan så mykje om nynorsk, men som vil læra litt. Eller: Ho er skriven for dei som ikkje vil læra nynorsk, men som må læra det. Kristin Fridtun var sjølv bokmålselev i tjukkaste bokmålsland. På ungdomsskulen hadde ho ein norsklærar som sa: «Nynorsk er ikkje vanskeleg.» Fridtun trudde ikkje på henne. Seinare måtte Fridtun bita i graset og vedgå at læraren hadde rett.

Nynorsk er ikkje så vanskeleg og skummelt som mange trur! Fridtun syner veg på morosamt, enkelt og underhaldande vis. Ho stiller spørsmål som: Er Ivar Aasen rota til alt vondt? Ho knuser mytar om nynorsken og Aasen og gjev ei enkel og uvanleg god innføring i nynorsk språkføring og grammatikk.

Boka kom første gong ut i 2013 og har gjennom åra vore til uvurderleg hjelp for mange som vil eller må læra nynorsk!

36 sakprosa sakprosa |
9788234011078 | PRIS KR 429,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234012136 | PRIS KR 299,–| UTG. SEPTEMBER lydfil | ISBN: 9788234011719 | PRIS KR 349,–| UTG. SEPTEMBER 9788234011078 9 788234 011078
978-82-340-1107-8
ISBN:
ISBN

ALFRED FIDJESTØL NOREGS MUSIKKHØGSKOLE FEMTI ÅR MED NOTAR,

Musikkhøgskolen 50 år!

Hausten 1973 opna Noregs musikkhøgskole, i enkle og provisoriske lokale basert på det gamle Musikkonservatoriet i Oslo. I 2023 har denne høgskulen arbeidd seg fram til å bli ein av dei leiande musikkutdanningsinstitusjonane i verda. Dette er historia om korleis musikkhøgskulen i 50 år har bauta seg fram, i skiftande kultur- og utdanningspolitiske klima. Det handlar om sterk vilje, engasjerte personlegdomar og kontroversielle tilsetjingar. Det handlar om kampen for eige bygg og om nye sjangrar og fagfelt som pressar seg inn i den klassiske institusjonen. Og det handlar om arbeidet for å etablere vitskapleg forsking og kunstnarlege utviklingsprogram – om notar, unotar og fotnotar i norsk musikkhistorie.

ALFRED FIDJESTØL (f. 1973) er forfattar av ei rekkje biografiar og institusjonshistorier. Han har vore nominert til Kritikarprisen og Brageprisen fleire gongar og har blitt tildelt Gyldendals Sultpris, Språkprisen og Samlagsprisen. Dette er hans ellevte bok.

dokumentar dokumentar | ISBN: 9788234009891 | PRIS KR 449,–| UTG. SEPTEMBER 9788234009891 9
788234 009891
OG FOTNOTAR 37
UNOTAR

ODD ISUNGSET (f. 1955) er journalist og forfattar. Han har tidlegare vore redaktør i Brennpunkt og Dokument 2 og har fått Den store journalistprisen, Fritt Ords honnørpris og SKUP-diplom for sitt arbeid med Nygaard-saka. Det er i stor grad Odd Isungsets iherdige journalistiske gravearbeid som gjorde at saka blei gjenopna i 2009.

ODD ISUNGSET BLODSPORA FRÅ DAGALI -

VEIEN RUSHDIE-SAKA OG

ATTENTATET MOT

WILLIAM NYGAARD

11. oktober 2023 er det tretti år sidan forleggjaren William Nygaard blei skoten utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo og drapet blei kopla til fatwaen mot Salman Rushdie. Framleis er saka uløyst. I denne boka nøstar gravejournalisten Odd Isungset opp dei lause trådane i ei dramatisk krimforteljing som handlar om svakt politiarbeid, politisk feigskap og manglande journalistisk interesse for ei av dei viktigaste ytringsfridomssakene i vår tid.

Kva er grunnen til at denne saka enda ikkje er oppklart? Kva skjedde då ein mistenkt vart arrestert og brått lauslaten?

Kvifor fekk ikkje eingong Nygaard vite at saka blei lagd bort i det stille i 2007? I 2018 blei to menn sikta for å ha forsøkt å ta livet av William Nygaard. Kvifor greier ikkje norsk politi å løyse saka? Er det frykta for å leggje seg ut med Iran som gjer at denne kriminalsaka framleis ikkje har fått ei løysing?

Blodspora frå Dagaliveien fører heilt fram til i dag, for i august 2022 blei Salman Rushdie knivstukken under eit arrangement i USA.

38 sakprosa sakprosa | ISBN: 9788234012242 | PRIS KR 429,–| UTG. OKTOBER e-bok | ISBN: 9788234012259 | PRIS KR 299,–| UTG. OKTOBER 9788234012242 9 788234 012242
978-82-340-1224-2
ISBN
BARN OG UNGDOM

MARIA PARR

OSKAR OG EG

I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljing ane hennar.

Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og for svunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte.

Ny bok frå norsk barnelitteraturs superstjerne!

I slutten av juli fekk Oskar seg skulesekk. Eg trudde på ein måte det skulle gjere han meir skuleaktig, men det var i grunnen motsett. Oskar skulle på død og liv ha ein sekk som var berekna på 10-åringar og oppover. Han såg ut som ei skjelpadde.

– Er den ikkje litt stor, kviskra eg til mamma.

– Det er Oskar som er liten, sa mamma med eit sukk.

Maria Parr har skrive ei fartsfylt og varm høgtlesingshistorie om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er.

Boka er illustrert av Åshild Irgens.

Om Keeperen og havet (2017): Nok en klassiker fra Maria Parr.

anne cathrine straume, nrk

42 6 til 9 år
6 til 9 år | ISBN: 9788234011450 | PRIS KR 349,–| UTG. AUGUST e-bok | ISBN: 9788234011467 | PRIS KR 199,–| UTG. AUGUST lydfil | ISBN: 9788234011931 | PRIS KR 249,–| UTG. AUGUST 9788234011450 9 788234 011450 ISBN 978-82-340-1145-0

MARIA PARR (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005 og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. I 2019 vart ho også tildelt Sultprisen. Bøkene til Parr er omsette til 36 språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar.

6 til 9 år 43

MARIANNE GRETTEBERG ENGEDAL

VERDAS RIKASTE TJUV

kan for få vere i lag med Bob, til og med tjuvestrekar! Er eit nytt vennskap i ferd med å utvikle seg?

I Verdas rikaste tjuv møter vi att Kjell, som vi blei kjend med i Pølsetjuven frå 2019 og Polititjuven frå 2021. Pølsetjuven vann Kulturdepartementets bildebokpris 2019 og Nynorsk barnelitteraturpris. Boka er blitt omsett til fleire språk og sett opp som teater på Den Nationale Scene i Bergen.

Ekte vennskap

Kjell er fødd inn i ein tjuvefamilie, men han vil ikkje vere tjuv. Derfor sender mora til Kjell han på korpsøving. «Når ikkje du vil vere tjuv, kan du i det minste lære deg å spele eit instrument», meiner ho.

Kjell vil ikkje spele i korps. Men alt snur når Kjell høyrer ein nydeleg song frå blokkfløyta til Bob, den flinkaste guten i korpset.

Ein dag får familien til Kjell mykje pengar, så plutseleg kan dei kjøpe i staden for å stele. Samstundes gjer Kjell alt han

Om Polititjuven (2021):

Med Polititjuven tek Marianne Gretteberg Engedal fast grep om den ferske plassen sin i elitedivisjonen blant norske barnebok-forfattarar.

janne karin støylen, bergens tidene

Med en snurrig og høyst inkluderende stil skaper Marianne Gretteberg Engedal spenning i en skikkelig fin bildebok som utfordrer våre fordommer og stereotypier.

anne cathrine straume, nrk

44
3 til 6 år biletbok |
9788234001567 | PRIS KR 329,–| UTG. SEPTEMBER 9788234001567 9 788234 001567
978-82-340-0156-7
ISBN:
ISBN

KORLEIS GÅR DET I KORPSET, DÅ? HAR DU VALT INSTRUMENT?

EG SPELER BLOKKFLØYTE, AKKURAT SOM BOB!

MARIANNE GRETTEBERG ENGEDAL (f. 1986) er illustratør, forfattar og

kokk frå Haugastøl. Ho er utdanna ved

Kunsthøgskolen i Bergen.

3 til 6 år 45

MARTINE GRANDE (f. 1985) er forfattar, illustratør og animatør. Ho har laga ei rekke lettlesbøker og bildebøker på Samlaget.

MARTINE GRANDE STOR

Tankeleik for små, store drøymarar

Åh, berre eg blir stor nok, skal eg køyre bil, drikke masse brus og kjøpe akkurat kva eg vil i butikken! Slik drøymer storesøstera i biletboka Stor. For korleis er det eigentleg å vere vaksen? Berre ho hadde vore stor, skulle ho gjort akkurat som ho ville. Det skulle vore laurdag kvar dag, og ho skulle ha ete hundre pannekaker til middag. Minst!

Ei historie om kva det vil seie å vere stor, liten og akkurat passe seg sjølv. Tankeleiken blir løfta av rike, myldrande og fargesterke illustrasjonar med massevis av detaljar å dikte seg vidare inn i.

Om Ørn (2021):

Ørn er ei biletbok av beste merke. janne karin støylen, bergens tidende

46 3 til 6 år biletbok | ISBN: 9788234007767 | PRIS KR 329,–| UTG. OKTOBER 9788234007767 9 788234 007767 ISBN 978-82-340-0776-7

TRUDE TJENSVOLD

VI ROPER I SKOGEN

EI FAKTABOK OM SKOGENS SPRÅK

Korleis snakkar skogen?

Visste du at ramnen kan flest ord av alle fuglane i skogen? At plantane sender signal til kvarandre under bakken? Og korleis snakkar eigentleg mauren?

Vi roper i skogen er ei faktabok som handlar om det heilt motsette av skogens ro, nemleg skogens mange lydar. Her får vi lære meir om alle dei ulike språka som finst der inne blant trea. For korleis snakkar dei saman, alle dei som bur i skogen?

Trude Tjensvold har laga ei gjennomillustrert sakprosabok for dei aller minste lesarane, men også for alle dei som er glade i naturen rundt oss.

Om Raud Volvo (2022):

Sårt og rått om det å vokse opp. anna

TRUDE TJENSVOLD (f. 1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. Ho har gitt ut fleire biletbøker, lettlesbøker og ein grafisk roman for ungdom.

sakprosa, 3 til 6 år sakprosa, 3 til 6 år | ISBN: 9788234011696 | PRIS KR 329,–| UTG. OKTOBER 9788234011696 9 788234 011696
47
kuljic, empirix

EIRIN HOLBERG (f. 1972) er arkeolog og forfattar. Ho har gitt ut og skrive bidrag til ei rekke historieverk og faglitteratur for universitet og høgskule. Boka om steinalderen er debuten hennar som barnebokforfattar.

ÅSHILD IRGENS

(f. 1976) har hovudfag frå Kunsthøgskolen i Oslo og har illustrert ei rekke barnebøker for fleire forlag.

EIRIN HOLBERG OG

ÅSHILD IRGENS (ILL.)

STEINALDEREN 10 000 ÅR GAMLE TYGGISAR OG

HOVUDSKALLAR PÅ STONG

Attende til steinalderen

Ein ti tusen år gammal tyggis!? Hadde dei snop i steinalderen? Korleis var det eigentleg å vere barn i Noreg då?

I denne boka får du bli med 10 000 år tilbake i tid, heilt tilbake til slutten av istida då steinalderen begynte i Skandinavia. Du får høyre om steinhoggarskular, om å bu oppå søpla si og om den gongen da ei monsterbølgje raserte norskekysten. Boka gir deg òg oppskrift på korleis du kan lage ditt eige musikkinstrument frå steinalderen.

Boka passar godt både til høgtlesing og til å lese åleine.

48 sakprosa, 9 til 12 år sakprosa | ISBN: 9788234010217 | PRIS KR 329,–| UTG. OKTOBER 9788234010217 9 788234 010217
ISBN 978-82-340-1021-7

FULL BAJAS

Korleis er ein perfekt uperfekt?

Orion Sigerstad er perfekt. Så perfekt at han ikkje har brukt viskelêr i heile sitt liv, for han skriv aldri feil. Han anar ikkje kor kontoret til rektor er, for han har aldri oppført seg i nærleiken av dårleg. Og han spelar fløyte så perfekt at han kjem til å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. Han må berre få vist det på den store konserten i morgon!

Men på konsertdagen vaknar Orion og er blitt heilt bajas. Når han skal seia pent god morgon til foreldra, brølar han i staden. Han skriv TISS som svar på matteoppgåva. Han kastar ball i ansiktet på gymlæraren. Og han spelar ikkje ein einaste riktig tone på fløyta.

Kva er det som går av han? Og går det an å fikse det i tide til den viktige konserten?

Illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen

Om Ollis (2017):

Ingunn Thons fortellerglede smitter av.

anne cathrine straume, nrk

INGUNN THON (f. 1986) debuterte med barneboka Ollis i 2017. For denne boka blei ho nominert til Arks barnebokpris. Ho er journalist og tekstforfattar og har mellom anna arbeidd i NRK Super.

9 til 12 år 9 til 12 år | ISBN: 9788234010309 | PRIS KR 329,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234010316 | PRIS KR 199,–| UTG. SEPTEMBER lydfil | ISBN: 9788234011948 | PRIS KR 249,–| UTG. SEPTEMBER 9788234010309 9 788234 010309 49
INGUNN THON

Om Ser du dette? (2020): Gjennom nennsomt litterært arbeid viser Sigrid Agnethe Hansen at det fins en vei videre ut av et komplisert indre landskap.

anne cathrine straume, nrk

SIGRID AGNETHE HANSEN DU VEIT INGENTING

Den vanskelege søskenkjærleiken

Tina er 16 år og går siste året på ungdomsskulen. Ho har ei veslesøster, Erika, som ikkje er som andre småsøsken. Ho kan plutseleg gå i vranglås og krev mykje av tida og kreftene til foreldra.

Tina skulle ønske ho hadde ei søster som ikkje laga scenar for den minste ting. Men når nokon ein dag seier noko stygt om Erika, svartnar det for Tina. For om ikkje ho forsvarar Erika, kven skal gjere det då?

Dessutan har Tina eit anna problem. Medan alle rundt ho begynner å forelske seg, kjenner ikkje Tina noko, verken for gutar eller jenter. Når bestevenninna Anna plutseleg forelskar seg hovudstups i ein gut, blir Tina ståande heilt einsam att.

Du veit ingenting er ein lausleg oppfølgjar til den kritikarroste ungdomsboka Ser du dette? frå 2020 og er ei sår, humor istisk og original forteljing om å ikkje passe heilt inn, om vennskap, om mot og om søskenkjærleik.

SIGRID AGNETHE HANSEN (f. 1989)

er innhaldsprodusent og tidlegare journalist. Hansen debuterte med Ser du dette? i 2020. Du veit ingenting er hennar andre ungdomsbok.

50 ungdom ungdom | ISBN: 9788234010187 | PRIS KR 349,–| UTG. AUGUST e-bok | ISBN: 9788234010194 | PRIS KR 199,–| UTG. AUGUST 9788234010187 9 788234 010187
978-82-340-1018-7
ISBN

MARTA SÖDERBERG

DET VERSTE HAR ALLEREIE SKJEDD

Psykologisk drama om skuld, sorg og eit brutalt drap

Sommaren har nettopp starta, og Bianca har fått jobb i eit reingjeringsfirma. Adoptivforeldra synest ikkje det er ein passande jobb for dottera, men Bianca har ikkje noko imot det, tvert om. Etter at det verste hende, bryr ho seg ikkje om noko lenger, ho plukkar gjerne sigarettsneipar dagen lang.

Ein dag får ho og ein kollega i oppdrag å rydde ut av ei leilegheit som har vore åstad for eit drap. Bianca grev seg djupt ned i trekantdramaet som førte til mordet, men det einaste ho finn, er si eiga sorg.

I Det verste har allereie skjedd utforskar

Marta Söderberg skuld, tap og det å vere adoptert. Romanen er skriven med nerve og intensitet, og kvar side landar som ein stein i lesaren.

Omsett til norsk av Runa Kvalsund

MARTA SÖDERBERG (f. 1980) har studert jus og psykologi ved universitetet i Göteborg. Det verste har allereie skjedd er den femte ungdomsboka hennar.

ungdom ungdom | ISBN: 9788234010262 | PRIS KR 329,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234010279 | PRIS KR 299,–| UTG. SEPTEMBER 9788234010262 9 788234 010262 51

HØGARE UTDANNING

INGRI-HANNE BRÆNNE BENNWIK er høgskulelektor og ph.d.-stipendiat ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

TURID MISJE er høgskulelektor ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

EINAR AADLAND er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

INGRI-HANNE BRÆNNE BENNWIK, TURID MISJE OG EINAR AADLAND PROFESJONSETIKK I SOSIALT ARBEID

I arbeidet med å løyse, redusere og førebygge sosiale problem er sosialt arbeid retta mot både individ og samfunn. Dette gjer at kvardagen til sosialarbeidarar ofte inneber vanskelege val, og vi vel heile tida. Nokre val er vi fornøgde med, men andre ville vi kanskje gjort annleis om vi hadde fått høve til å tenkje oss om. Denne boka handlar om korleis sosialarbeidarar kan finne fram til best moglege handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg – slik at folk får hjelp og innbyggarane får tillit til profesjonen.

Første del av boka gjer greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også metodar og framgangsmåtar for etisk refleksjon presenterte. Andre del av boka tek for seg profesjonsetiske tema for sosialarbeidarar spesielt. Her blir forholdet mellom etikk, juss og politikk drøfta, og spennet mellom det beste for brukaren og oppdraget frå samfunnet blir analysert. Boka presenterer fleire aktuelle case og viser korleis ein kan arbeide med etisk refleksjon for å komme fram til gode handlingsval i desse situasjonane.

fagbok fagbok | ISBN: 9788252194760 | PRIS KR 329,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234002069 | PRIS KR 279,–| UTG. SEPTEMBER 9788252194760 9 788252 194760
978-82-521-9476-0
ISBN
54

ELI BJØRHUSDAL, INGUNN IMS

OG LEIV INGE AA

SPRÅKPLANLEGGING

Elevar i Noreg har lovbestemt rett til skikkeleg opplæring i både nynorsk og bokmål. Både utsjånaden til og opplæringa i dei to skriftspråka er resultat av det vi kallar språkplanlegging. Gjennom rettskrivingar, læreplanar, lovverk og annan språkpolitikk er det lagt planar for oss som språkbrukarar – anten me er elevar, studentar, lærarar eller andre innbyggjarar i Noreg.

Denne boka handlar om planlegging av norsk språk, som primært vil seie dei to skriftspråka. Sjølv om norske talemål ikkje blir planlagde på same måten, er nettopp tilhøvet til talemåla særleg interessant i norsk skriftspråkplanlegging. Kunnskap om språkplanlegging og språkpolitikk trengst for å kunne undervise etter kjerneelementet «språkleg mangfald» på ein fagleg føremålstenleg måte. Som norsklærar er du dessutan med på å planleggje språkbruken til elevane dine.

ELI BJØRHUSDAL er professor i norsk språk på lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal. Ho arbeider i språkdidaktiske, sosiolingvistiske og språksosiologiske emne.

INGUNN INDREBØ IMS er førsteamanuensis i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho arbeider med språklige emne, særleg sosiolingvistiske perspektiv på språkmangfald og språkvariasjon.

LEIV INGE AA er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved NTNU. Han arbeider særleg med språklege emne som grammatikk, tale- og skriftvariasjon, språkpolitikk og -didaktikk.

fagbok fagbok | ISBN: 9788234011955 | PRIS KR 329,–| UTG. NOVEMBER e-bok | ISBN: 9788234011962 | PRIS KR 279,–| UTG. NOVEMBER 9788234011955 9 788234 011955
55

STIAN BONES er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

HALLVARD TJELMELAND er professor emeritus i historie same stad.

STIAN

Den andre verdskrigen er kanskje den mest omdiskuterte og omstridde perioden i norsk historiografi. I boka samanfattar forfattarane dei ulike realhistoriske sidene ved krigen og diskusjonen om han fram til i dag. Det blir lagt vekt på at krigen i Noreg ikkje kan sjåast isolert frå den store krigen, og forfattarane ser heile tida hendingane her til lands i eit internasjonalt og komparativt perspektiv, med vekt på Noregs strategiske stilling. I større grad enn andre framstillingar blir linjene trekte både bakover og framover i tid. Sentrale tema er Noreg i stormaktspolitikken, bygginga av Festung Norwegen og omskapinga av norsk økonomi, kvardagsliv, kollaborasjon og motstand. Forsøket på å utrydde dei norske jødane, tvangsevakueringa og nedbrenninga i nord blir også grundig behandla, og ikkje minst rettsoppgjeret og dei langsiktige verknadene av krigen.

fagbok fagbok | ISBN: 9788234007316 | PRIS KR 299,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234007323 | PRIS KR 249,–| UTG. SEPTEMBER 9788234007316 9 788234 007316 ISBN 978-82-340-0731-6
56
BONES OG HALLVARD TJELMELAND NOREG UNDER DEN ANDRE VERDSKRIGEN

LIV ANNE FOSSBRÅTEN BERRE PÅ LEIK

Når barn leikar, er dei skodespelarar, regissørar, rekvisitørar, scenografar og jamvel sufflørar. Dei kjenner sjølvsagt ikkje desse omgrepa, men i teateret høyrer desse omgrepa med i daglegtalen. Likskapen mellom rolleleik og teater er slåande, og kunnskapen frå teatervitskapen kan bidra til å forstå barns leik og å gjere det lettare å gi barn impulsar som stimulerer fantasi og kreativitet, og som munnar ut i leik og oppleving.

Drama i barnehagen gir ei grunnleggande innføring i dramateori, og forfattaren legg vekt på samanhengen mellom

dramafaget og barns leik, tema for tema. Boka gir konkrete råd og tips om korleis ein kan legge til rette for å gi barna estetiske opplevingar gjennom teater og drama, musikk og visuell kunst. Boka er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga.

LIV ANNE FOSSBRÅTEN er førstelektor ved Høgskolen i Østfold, der ho underviser i drama og munnleg kommunikasjon. Ho er utdanna lærar, skodespelar og teatervitar med hovudfag i teatervitskap. Ho har brei erfaring frå barnehage, barneskole, ungdomsskole og vidaregåande skole og var kunstnarisk leiar ved Teaterskolen for barn og ungdom i Halden.

fagbok fagbok | ISBN: 9788234008269 | PRIS KR 349,–| UTG. OKTOBER e-bok | ISBN: 9788234008276 | PRIS KR 299,–| UTG. OKTOBER 9788234008269 9 788234 008269
57

KARI ASLAUG HASLE er høgskulelektor i historiedidaktikk ved Høgskulen i Volda. Ho er særleg oppteken av historie som skulefag og kvalitet i praksisrettleiing for studentar i lærarutdanning.

Å forstå seg sjølv i historisk utvikling er grunnleggande for alle menneske og kan opne for refleksjonar over at livet her og no er historisk forankra og i kontinuerleg endring.

Historieundervisning kan ha både eit potensial til frigjering og ei disiplinerande rolle. Forståing for forholdet mellom kritisk og utforskande undervisning versus vektlegging av tradisjonsoverføring og oppslutnad om fellesskapsverdiar er derfor viktig for lærarar i historie.

Historiedidaktikk inneber refleksjonar over korleis vi kan forstå historie som skulefag, og kvifor faget er viktig i skulen. Korleis kan vi fremje variert og engasjerande historieundervisning? Med ei praksisnær tilnærming søker boka å konkretisere forholdet mellom sentrale aspekt ved historie som skulefag og utøving av lærarrolla i faget.

fagbok fagbok | ISBN: 9788234009778 | PRIS KR 349,–| UTG. OKTOBER e-bok | ISBN: 9788234009785 | PRIS KR 299,–| UTG. OKTOBER 9788234009778 9 788234 009778 ISBN 978-82-340-0977-8
58
KARI ASLAUG HASLE Å UNDERVISE I HISTORIE

FRODE FADNES JACOBSEN, HANS LUND OG

KATRINE AASEKJÆR

METODAR I HELSEFAGLEG FORSKING EIN INTRODUKSJON

For å kunne tileigne seg og vurdere forskingsbasert kunnskap må ein ha innsikt i korleis kunnskapen blir til. I denne boka får studentane ein første introduksjon til metodar i helsefagleg forsking. Målet er å vise studentane kva metodane går ut på, slik at dei både i studia og i seinare praksis er i stand til å lese og kritisk vurdere ny kunnskap. I boka gjer forfattarane først greie for bruk av teori, før dei tek for seg kvalitativ metode, kvantitativ metode, kunnskapsoppsummeringar og implementeringsforsking. Eit sentralt poeng i framstillinga er at det er forskingsspørsmålet som avgjer metoden, og at dei ulike metodane er likeverdige og utfyller kvarandre. I eit eige kapittel sist i boka blir det gjort greie for forskingsetiske spørsmål.

Gjennom heile framstillinga blir studentane aktiviserte gjennom refleksjonsoppgåver, og bakarst i boka finn ein også ei ordliste over sentrale faguttrykk innanfor vitskapsteori og metode.

FRODE FADNES JACOBSEN er professor og forskingsleiar ved Senter for omsorgsforskning, vest ved Høgskulen på Vestlandet.

HANS AAGE LUND er professor ved Institutt for helse og funksjon ved Høgskulen på Vestlandet.

KATRINE AASEKJÆR er førstelektor ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.

fagbok fagbok | ISBN: 9788234008573 | PRIS KR 389,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234008580 | PRIS KR 329,–| UTG. SEPTEMBER 9788234008573 9 788234 008573
59

DAG JENSSEN er førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag ved Oslomet –storbyuniversitetet.

DAG JENSSEN VITSKAPSTEORI I SJUKEPLEIE

Forsking og vitskap handlar om å skaffe seg påliteleg kunnskap. I denne boka gir forfattaren ei innføring i dei grunnleggande føresetnadene for kunnskap innanfor sjukepleie. Etter ein gjennomgang av dei ulike kunnskapstypane i helsefaga tar forfattaren for seg dei viktigaste tilnærmingane til kunnskapar på feltet: fortolking og årsaksanalyse, og dessutan spørsmålet om evidensbasert praksis.

Boka viser at tilnærmingane ikkje nødvendigvis står i motstrid til kvarandre, men at dei gjerne er å finne i kombinasjon og utfyller kvarandre. Boka drøftar også normative spørsmål. Kva rolle bør for eksempel politiske og moralske verdiar spele i forsking? Finst det kriterium for gode tolkingar? Kva må vi tenke på i overføring av vitskaplege resultat, for eksempel frå eksperiment til praksis?

Boka inneheld også ei fyldig liste med forklaringar av sentrale omgrep i vitskapsteorien.

fagbok fagbok | ISBN: 9788234002496 | PRIS KR 399,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234002502 | PRIS KR 339,–| UTG. SEPTEMBER 9788234002496 9 788234 008573 ISBN 978-82-340-0857-3
60

NORA SIMONHJELL OG BENEDIKT JAGER (RED.) NORSK LITTERÆR ÅRBOK 2023

Norsk litterær årbok er ein årleg litteraturvitskapleg antologi. I denne utgåva kan du lese Espen Grønlis drøfting av korleis Arne Garborg gjendikta Homers Odysseen. Eirik Vassenden viser korleis Gro Holm har ein klar økokritisk profil i forfattarskapen.

Den danske forfattaren Solvej Balle har sidan 2020 arbeidd med det planlagde sjubandsverket Om utdregning av rumfang. Ho vart tildelt Nordisk råds litteraturpris for dei tre første bøkene i fjor. Gunilla Hermansson gjer ein kritisk analyse av både romanen og forfattarskapen i lys av denne tildelinga. Nora Dåsnes fekk same prisen for beste barne- og ungdomsroman for teikneserieromanen Ubesvart anrop, og Line Reichelt Føreland analyserer verket som ei litterær handsaming av dei kollektive trauma som er knytte til 22. juli 2011.

Årboka inneheld også artiklar om tendensar i den nye norske novellekunsten og ungdomslitteratur.

NORA SIMONHJELL er professor ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Ho arbeider mest med spørsmål kring litteratur, kropp, kjønn og sjukdom.

BENEDIKT JAGER er professor ved Universitetet i Stavanger. Han har særleg interessert seg for og forska på kulturelle samband mellom Noreg og Aust-Tyskland.

fagbok fagbok | ISBN: 9788234011436 | PRIS KR 329,–| UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234011443 | PRIS KR 279,–| UTG. SEPTEMBER 9788234011436 9 788234 011436
61

JAN STORØ er dosent emeritus ved Oslomet – storbyuniversitetet og filmkritikar. Han er forfattar av fleire fagbøker innanfor barnevern, ettervern, skriving og sosialpedagogikk.

EINAR AADLAND er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.

JAN STORØ OG EINAR AADLAND

PROFESJONSETIKK FOR BARNE VERNPEDAGOGAR

Det finst mange kryssande krav og forventningar til dei som jobbar med barnevern. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det; om korleis ein kan finne fram til best moglege handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg.

I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt; for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar. Andre del av boka går inn på typiske etiske utfordringar ein kan møte som barnevernpedagog. Etter ein gjennomgang av bakgrunnen for dagens organisering av barnevernet og faglege normer og verdiar tek forfattarane for seg typiske dilemma på dette arbeidsfeltet. Dette handlar ofte om interessemotsetningar, som mellom barnets interesser på den eine sida og vaksnes interesser på den andre, eller mellom omsynet til enkeltindividet på den eine sida og samfunnets interesser på den andre.

fagbok fagbok | ISBN: 9788234011146 | PRIS KR 329,–| UTG. OKTOBER e-bok | ISBN: 9788234011153 | PRIS KR 279,–| UTG. OKTOBER 9788234011146 9 788234 011146
978-82-340-1114-6
ISBN
62

HERNER

SÆVEROT OG GLENN-EGIL TORGERSEN UNDERVISNING FOR DET UFØRESEIELEGE

Fagfornyinga legg vekt på læring for ei framtid som endrar seg raskt. Djupnelæring og utvikling av dømekraft står sentralt, og både kjende og ukjende situasjonar må inn i undervisninga. Det gjer at eit nytt spørsmål dukkar opp i læringssamanheng: Er det mogleg å lære og trene på noko som enno ikkje er kjent?

Å fange augeblikk, improvisere, bevisstgjere eigne erfaringar og bruke oppdukkande situasjonar som potensial for læring i undervisninga er måtar å gjere dette på, og i denne boka er det mange døme på at uføreseielege hendingar kan vere ei kjelde til nye læringsprosessar. Forfattarane drøftar også korleis ein pedagogisk kan møte eksistensielle truslar som truar livskvaliteten og fridommen vår, til dømes krig, pandemiar, klimaendringar og alvorlege forvrengingar av sanninga. Det handlar om å skape eit trygt læringsmiljø i ei uføreseieleg verd. Eit hovudpoeng i denne boka er at ein lærar som har ein beredskap på førehand, vil kunne takle ukjende situasjonar betre enn ein lærar som ikkje har ein beredskapsplan for uføreseielege situasjonar.

HERNER SÆVEROT er professor i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han er utdanna allmennlærar og har undervisningserfaring frå grunnskulen, i lærarutdanninga og i profesjonesretta pedagogikk.

GLENN-EGIL TORGERSEN er professor i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i SøraustNoreg. Han har doktorgrad i psykologi frå NTNU. Han er utdanna allmennlærar og har undervisningserfaring frå grunnskulen, i lærarutdanninga og i profesjonesretta pedagogikk.

fagbok fagbok | ISBN: 9788234011412 | PRIS KR 229,–| UTG. NOVEMBER e-bok | ISBN: 9788234011429 | PRIS KR 189,–| UTG. NOVEMBER 9788234011412 9 788234 011412
63
EI HANDBOK

GÖRAN SÖDERLUND er professor

i spesialpedagogikk ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han har ph.d. i eksperimentell psykologi frå Stockholms universitet og forskar på merksemd og minne, særleg på barn med merksemds- og lese- og skrivevanskar.

GÖRAN SÖDERLUND ALT EIN LÆRAR TRENG Å VITE OM HJERNEN

Moderne nevrovitskap viser at hjernens minnefunksjonar og ulike prosessar er avgjerande for læring, og i denne boka tek forfattaren med seg kunnskapen frå nevrovitskapen inn i pedagogikken og lærarutdanninga.

Denne boka gir ei innføring i kva lærarar og lærarstudentar bør vite om hjernen og ulike nevrobiologiske prosessar som påverkar elevars læring og læreføresetnader. I boka kan du mellom anna lese om hjernens oppbygging og persepsjon, om minne og minnesystem, læring og motivasjon, om barns utvikling og om korleis vi kan hjelpe elevar med ulike former for funksjonsnedsetjingar.

Forfattaren viser korleis kunnskap om desse ulike emna er sentrale for å forstå læring og læringsprosessar og for å kunne tilpasse undervisninga til elevane sine føresetnader. Boka gir òg innsikt i korleis kunnskapar frå to ulike fagtradisjonar er viktige å føre saman for å kunne møte elevars ulike behov.

fagbok fagbok | ISBN: 9788252195620 | PRIS KR 329,–| UTG. NOVEMBER e-bok | ISBN: 9788234008351 | PRIS KR 279,–| UTG. NOVEMBER 9788252195620 9 788252 195620 ISBN 978-82-521-9562-0
64

SJÅ VERDA FRÅ EIN

ANNAN STAD.

I ei verd full av kjappe nyhende og klikk-journalistikk er det forfriskande å kunne lese tankar som er tenkte heilt ut. Tidsskriftet Syn og Segn gir deg tekstar av våre beste etablerte forfattarar og morgondagens store namn. Alt på herleg nynorsk!

Eivind Myklebust skriv fast om litteratur. Poeten Martin Ingebrigtsen presenterer nye nynorske dikt i kvar utgåve.

I Syn og Segn finn du forfattarar som Mette Karlsvik, Olaug Nilssen, Jan Inge Sørbø, Dubie Toa-Kwapong, Sigrid Sørumgård Botheim, Monica Bjermeland og Brynjulf Jung Tjønn.

Med eit abonnement på Syn og Segn får du både pause og påfyll i kvardagen – i tillegg blir du litt klokare for kvart nummer.

synogsegn.no

facebook.com/synogsegn

Instagram: @tidsskriftet_synogsegn

- SYN OG SEGN RETT I POSTKASSA – FIRE GONGER I ÅRET

- 432 SIDER SAKPROSA KVART ÅR

- BØKER FRÅ SAMLAGET TIL REDUSERTE PRISAR

68 register FOTOREGISTER Bent R. Synnevåg 8 Tove K. Breistein 10, 22, 45 Tommy Ellingsen ................................................. 12 Lærke Posselt 14 Ole Ekker ................................................................ 16 Marit Lystad Johansen ......................................... 18 Tom Gustavsen 19 Oda Berby ............................................................... 20 Sverre Skjold .......................................................... 21 Libby Lewis 23 Agnete Brun ............................................ 24, 29, 37 Tove Lise Mossestad ............................................ 31 Carina Johansen 32 Lene Sørøy Neverdal............................................ 36 John Trygve Tollefsen 38 Julia Marie Naglestad 43 Hanne Hasselberg ................................................ 46 Kristin Aafløy Opdan 47 Mille Gran ............................................................... 48 Pernille Walvik ..................................................... 49 Marius Fiskun 50 Ola Kjelbye ............................................................. 51
69
FØLG OSS PÅ facebook.com/samlaget instagram.com/detnorskesamlaget og abonner på nyheitsbrev på samlaget.no

KONTAKT OSS

Anne Liv Tresselt

sals- og marknadssjef

90 56 13 22

a.tresselt@samlaget.no

Karin Helgøy

kommunikasjonssjef

97 01 98 65

k.helgoy@samlaget.no

Kristin Tinmannsvik Bøgseth marknadskoordinator og kundesørvis

98 49 16 96

k.tinmannsvik@samlaget.no

Katerina Futsæter Vik

sals- og marknadskonsulent

93 05 77 23

k.vik@samlaget.no

Merete Pharo

sals- og marknadskonsulent for barne- og ungdomsbøker

45 25 51 10

m.pharo@samlaget.no

Ann­Mari Volden

prosjektleiar for backlist og Juleroser

95 11 23 58

a.volden@samlaget.no

Line Omland Eilevstjønn

innhaldsprodusent og digital marknadsførar

97 64 21 25

l.omland@samlaget.no

Articles inside

SÆVEROT OG GLENN-EGIL TORGERSEN UNDERVISNING FOR DET UFØRESEIELEGE

1min
pages 63-64, 66

PROFESJONSETIKK FOR BARNE VERNPEDAGOGAR

1min
pages 62-63

HØGARE UTDANNING

6min
pages 54-62

FULL BAJAS

2min
pages 49-51

VERDAS RIKASTE TJUV

2min
pages 44-48

OSKAR OG EG

1min
pages 42-44

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

2min
pages 36-38, 42

BILALBUM BILAR MED SJEL

1min
pages 35-36

HÅVARD OVESEN ARVID MÆLAND MITT LIV SOM COWBOY

1min
pages 33-35

NORDISK MØNSTERSTRIKK

1min
pages 31-32

JULEROSER 2023

1min
pages 25, 28-31

MARY RUEFLE FJOMP

1min
pages 23-25

ANDRE TIDER

1min
page 22

RAUDT STØV BOK 1

6min
pages 13-22

GULT FAREVARSEL

1min
pages 10-13

UØNSKA ÅTFERD

1min
pages 9-10

SKJØNNLITTERATUR

1min
pages 8-9

SÆVEROT OG GLENN-EGIL TORGERSEN UNDERVISNING FOR DET UFØRESEIELEGE

1min
pages 64-65, 67

PROFESJONSETIKK FOR BARNE VERNPEDAGOGAR

1min
pages 63-64

HØGARE UTDANNING

6min
pages 55-63

FULL BAJAS

2min
pages 50-52

VERDAS RIKASTE TJUV

2min
pages 45-49

OSKAR OG EG

1min
pages 43-45

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

2min
pages 37-39, 43

BILALBUM BILAR MED SJEL

1min
pages 36-37

HÅVARD OVESEN ARVID MÆLAND MITT LIV SOM COWBOY

1min
pages 34-36

NORDISK MØNSTERSTRIKK

1min
pages 32-33

JULEROSER 2023

1min
pages 26, 29-32

MARY RUEFLE FJOMP

1min
pages 24-26

ANDRE TIDER

1min
page 23

RAUDT STØV BOK 1

6min
pages 14-23

GULT FAREVARSEL

1min
pages 11-14

UØNSKA ÅTFERD

1min
pages 10-11

SKJØNNLITTERATUR

1min
pages 9-10
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.