6 minute read

RAUDT STØV BOK 1

Mektig dystopi frå Bragepris-vinnar

Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank.

Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. I Australia er det berre ein liten by i nordvest som enno klarer å halde stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong.

Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer mot sin eigen undergang, gjer villhestane som dei alltid har gjort, dei følgjer flokken og instinktet og gjer det dei kan for å overleve.

TORE KVÆVEN (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Kvæven vart tildelt Brageprisen i 2018 for romanen Når landet mørknar. Han har også fått Sørlandets

Litteraturpris 2019 og Stig Sæterbakkens minnepris 2022.

JENNY LUND MADSEN (f. 1983) er dansk filmvitar og manusforfattar for film og tv. Ho debuterte med Tretti dagars mørke i 2020 til strålande kritikkar og vart tildelt Harald Mogensen-prisen for beste danske kriminalroman same år. Boka er omsett til svensk, engelsk, fransk, tysk og nederlandsk, og fleire språk står for tur.

Jenny Lund Madsen

Tretti Dagars M Rke

Prislønt krim frå dansk serieskapar på norsk!

Den snobbete og drikkfeldige forfattaren Hannah Krause-Bendix, som attpåtil har skrivesperre, inngår i ein svak augneblink eit veddemål om å skrive ein kriminalroman på tretti dagar.

Redaktøren sender henne til Island for å finne inspirasjon og arbeidsro der, og ho installerer seg hjå gjestmilde Ella i den vesle, fredelege tettstaden Húsafjörður. Under den rolege overflata viser det seg snart å vere sterke straumar. Etter berre nokre få dagar blir Ellas nevø Thor fiska opp av vatnet. Drukna. Som dei fleste andre på staden var han son av ein fiskar, men han hadde også heftig vasskrekk. Alle veit at Thor aldri ville ha nærma seg vatnet på eige initiativ, så korleis kan han ha drukna?

Hannah byrjar å utforske dødsfallet, det verkar som ein lovande start på ein krimklisjé, men snart blir ho omslutta av Húsafjörðurs farlege hemmelegheiter.

Boka er omsett av Maren Barlien Guntvedt.

Om Tredive dages mørke:

Så velskriven at det er vanskeleg å leggje boka frå seg.

Debutant har skrive årets mest originale krim. Jenny Lund Madsens mordgåte er spennande, realistisk og romantisk til aller siste side. Og når du trur du har gjennomskoda plottet, slår spenninga enda eit sveip med halen. politiken

MAREN BARLIEN (f. 1991) er nordtrønder nyleg busett i Oslo. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og arbeider som omsettar og organist, dei siste to åra i Reykjavík. Einbreid bru er den første romanen hennar.

Maren Barlien

Einbreid Bru

Om fluktinstinkt og naturkrefter

Golvet er varmt under fotblada, eg opnar den smale delen av vindauget, slepper inn kald luft og lyden av surklande vatn frå badestampen. Sola er på veg ned bak fjellet, legg den flate fjellryggen i skugge, ei kvit stripe mot den blålilla himmelen. Eg føler meg tung og lett samstundes. No er det verkeleg berre eg, denne mannen og desse tretten hestane.

Astrid fortel familien sin at ho skal studere musikk i Reykjavík, men i staden reiser ho ut på bygda for å arbeide med hestar. Langt frå musikken, tett på naturen, på den avsidesliggande garden til den aldrande psykologen Guðmundur Guðmundsson. Sakte blir ho ein del av livet hans der, sjølv om det raskt viser seg at ho ikkje er interessert i hest.

Kvar morgon utfordrar Guðmundur godmodige Astrid til å omsette vêrmeldinga frå islandsk tekst-tv, og for kvar dag som går, finn ho seg litt betre til rette, både i den nye heimen sin og i seg sjølv. Men så dukkar einstøingen Halli opp og inviterer med seg Astrid på fisketur. Da slår naturkreftene til, og Astrid blir igjen ein fange for eigne og andres forventingar.

ØYSTEIN ORTEN (f. 1962) er oppvaksen og bur i Hareid på Sunnmøre. Han er kjend for si sterke forteljarkraft og evne til å kombinere historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement. Når han ikkje skriv bøker, underviser han på Ulstein vidaregåande skule.

Ystein Orten

Den Bortkomne

Skuldig eller uskuldig?

Ein lærar vender uventa tilbake til heimbygda, og gamle venner og naboar byrjar å stusse: Kva gjer den dedikerte undervisaren heime no, midt i skuleåret?

Og kvifor har den elles så opne og omgjengelege karen slått av ljosa og trekt for gardinene?

Permisjon, er svaret hans. Han har teke seg ein aldri så liten ferie.

Mens læraren vandrar kvilelaust rundt på golva i barndomsheimen og stadig vender tilbake til eiga fortid for å forstå situasjonen han er i, grev Nemnda seg djupare og djupare ned i livet hans. Kva har han eigentleg sagt i klasserommet? Korleis har han kommunisert med elevane? Og ikkje minst: Kva skjedde mellom han og 16-åringen Embla på det grupperommet?

Den bortkomne er ein klaustrofobisk og fleirtydig roman om minne, skuldingar og lærarens utsette rolle.

Inn i eventyret

På garden Stein bur Olov og Inga med dei vaksne ungane Ommund og Odel. Odel har dottera Liv. Kven som er far til Liv, snakkar ingen om.

Jegerane frå låglandet har komme til garden for den årlege hjortejakta. Medan dei er i skogen, blir hunden Bowie påkøyrd. Like etter forsvinn Odel.

Liv har sine eigne måtar å finne svar på. Frå dei hemmelege romma sine, i hundekorga under kjøkkenbordet og framfor elden i kammerset om kvelden, lagar ho historier. Ho ser Odel ri over det snødekte fjellet. Med seg har ho Liv, sovande i livmora. Odel er på veg heim for å føde henne, legge henne trygt i høyet, før ho reiser og blir borte igjen.

DORDI STRØM (f. 1971) er scenograf, kostymedesignar og forfattar. Ho er oppvaksen i Trøndelag og bur i Oslo. Ho debuterte i 2021 med romanen Flog. Odel er den andre boka hennar.

Aina Basso

Eg Rissa Desse Runene

Historiske noveller basert på runeinnskrifter

Fiskaren Ragnar dreg opp eit garn som aldri blir tomt for fisk. Havgrim kløyver skallen til Harald med øks og blir fredlaus. 11 år gamle Eidunn blir send vekk frå familien for å gå i lære i nonneklosteret, mens tannknekkaren Bergsveinn minnest Bergtora, som valde å bli dødeleg for kjærleiken sin til han.

Novellene i denne boka har ei historisk runeinnskrift som førelegg. Innskriftene stammar frå 1100–1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular. Aina Basso pustar liv i menneska og mellomaldersamfunnet, ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.

GAUTE M. SORTLAND SANNE HISTORIER

Sanne, eller nokså sanne historier, om livet slik det faldar seg ut

«Det var dagar då eg fekk lyst til å helle ein tynn stråle ut av tuten på kaffikjelen og ned på handbaken, og stå slik på kjøkenet og telje sekund, sjå kor lenge eg klarte å halde ut før eg stakk handa under den kalde vasstrålen. Men i dag kunne eg ikkje tillate meg slikt tull. Nei, i dag ville eg drikke kaffi som eit vanleg menneske.»

Folka du møter i den nye novellesamlinga til Gaute M. Sortland, strevar alle med sitt. Dei er gjerne på veg ein plass, over i ein ny livsfase, til dømes, eller meir bokstaveleg, om bord i eit framkomstmiddel, gjerne ein buss. Hadde det gått eit tog, kunne nokon tatt det. For andre skjer forflyttinga gjennom kjærleikssorg eller sjukdom. Jamvel ved hjelp av fleinsopp eller ei mongolsk badstove. Vel framme går livet vidare. For dei fleste.

Om Avsporingar (2021): Gaute M. Sortland skriv knakande godt om noko du knapt tør å lese om. ingvild bræin, dag og tid kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og sidan har han gitt ut ein ungdomsroman og fleire kortprosa- og novellesamlingar. Sanne historier er den åttande boka hans.

Gaute M. Sortland er òg kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband.

EINAR ØKLAND (f. 1940) er frå og bur i Valevåg. Han er utdanna psykolog og debuterte med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. Han er rekna som ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur og har gitt ut over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar.

Einar Kland