1 minute read

ANDRE TIDER

Poesiens lys frå ei lommelykt nedi lomma

Dei nye dikta til Einar Økland er både gåtefulle og leikne, fabelaktige og fabulerande. Dei handlar om å vakne som glitrande dogg, leite etter namnet sitt, rulle ned ein bakke. Å bli venner oppe i eit tre, teikne ansikt i vatnet, tømme støvlane for rusk og lauv etter ein tur i utmarka.

Tekstane framhevar det sjølvopplevde som verdifullt. Og her er alt som ikkje skjedde, alt ein ikkje gjorde, og stadene ein ikkje reiste til, ei like viktig erfaring. Det handlar også om forsvinning: om å sovne, å bli borte for seg sjølv, om alt som høyrer til ei anna tid så snart det har skjedd – om sorga over tapet, og til slutt tapet av sorga.

Plukk ei rose sund og kvart einaste blad er vakkert, skriv Brecht.

Ja, skriv eg, det er sant, og nei, skriv eg, ikkje gjer det.