Steinalderen - Eirin Holberg og Åshild Irgens

Page 1

eirin holberg

STEINALDEREN

illustrert av Åshild Irgens

10000 År gamle tyggisar og hovudskallar på stong
Under bakken ligg spora etter steinalderen side 8 Korleis steinalderen byrja side 12 Rein eller sel? side 20 Kvifor heiter det steinalder? side 28 Korleis såg dei ut? side 34 På skulen i steinalderen side 40 Steinaldersnop side 46 Lyden av steinalder side 50 Inne i eit steinalderhus side 54 Vil du gå ut med søpla? side 58 Monsterbølgja side 62 Døden i steinalderen side 66 Babyen på svanevengen side 70 Steinalderen er lengst side 72
Innhald

under bakken ligg spora etter steinalderen

Steinalderen ligg under føtene dine.

Du går oppå han kvar dag.

Alle spora etter dei som levde før, finst nede i jorda.

Lag etter lag oppå kvarandre.

Akkurat som i ei blautkake.

Huset du bur i. Skulen du går på.

Grasplenar. Fotballbaner. Asfalten på vegen.

Dei er berre pynten på kaka.

8

For å komme deg til steinalderen må du grave eit hol. Gjennom vikingtida og enda lenger attende. Men ikkje for langt! Da endar du opp i istida. Istida ligg heilt i botnen. Der er det berre grus og berg.

9

Det er bitte små ting vi leitar etter. Du må følgje godt med.

Ser du små kolbitar og steinfliser med skarpe kantar?

Ein forsteina tyggis med avtrykk av mjølketenner?

No er du på sporet!

10
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.