2 minute read

VERDAS RIKASTE TJUV

kan for få vere i lag med Bob, til og med tjuvestrekar! Er eit nytt vennskap i ferd med å utvikle seg?

I Verdas rikaste tjuv møter vi att Kjell, som vi blei kjend med i Pølsetjuven frå 2019 og Polititjuven frå 2021. Pølsetjuven vann Kulturdepartementets bildebokpris 2019 og Nynorsk barnelitteraturpris. Boka er blitt omsett til fleire språk og sett opp som teater på Den Nationale Scene i Bergen.

Ekte vennskap

Kjell er fødd inn i ein tjuvefamilie, men han vil ikkje vere tjuv. Derfor sender mora til Kjell han på korpsøving. «Når ikkje du vil vere tjuv, kan du i det minste lære deg å spele eit instrument», meiner ho.

Kjell vil ikkje spele i korps. Men alt snur når Kjell høyrer ein nydeleg song frå blokkfløyta til Bob, den flinkaste guten i korpset.

Ein dag får familien til Kjell mykje pengar, så plutseleg kan dei kjøpe i staden for å stele. Samstundes gjer Kjell alt han

Om Polititjuven (2021): janne karin støylen, bergens tidene anne cathrine straume, nrk

Med Polititjuven tek Marianne Gretteberg Engedal fast grep om den ferske plassen sin i elitedivisjonen blant norske barnebok-forfattarar.

Med en snurrig og høyst inkluderende stil skaper Marianne Gretteberg Engedal spenning i en skikkelig fin bildebok som utfordrer våre fordommer og stereotypier.

KORLEIS GÅR DET I KORPSET, DÅ? HAR DU VALT INSTRUMENT?

EG SPELER BLOKKFLØYTE, AKKURAT SOM BOB!

MARIANNE GRETTEBERG ENGEDAL (f. 1986) er illustratør, forfattar og kokk frå Haugastøl. Ho er utdanna ved

Kunsthøgskolen i Bergen.

MARTINE GRANDE (f. 1985) er forfattar, illustratør og animatør. Ho har laga ei rekke lettlesbøker og bildebøker på Samlaget.

Martine Grande Stor

Tankeleik for små, store drøymarar

Åh, berre eg blir stor nok, skal eg køyre bil, drikke masse brus og kjøpe akkurat kva eg vil i butikken! Slik drøymer storesøstera i biletboka Stor. For korleis er det eigentleg å vere vaksen? Berre ho hadde vore stor, skulle ho gjort akkurat som ho ville. Det skulle vore laurdag kvar dag, og ho skulle ha ete hundre pannekaker til middag. Minst!

Ei historie om kva det vil seie å vere stor, liten og akkurat passe seg sjølv. Tankeleiken blir løfta av rike, myldrande og fargesterke illustrasjonar med massevis av detaljar å dikte seg vidare inn i.

Om Ørn (2021):

Ørn er ei biletbok av beste merke. janne karin støylen, bergens tidende

Trude Tjensvold

Vi Roper I Skogen

Ei Faktabok Om Skogens Spr K

Korleis snakkar skogen?

Visste du at ramnen kan flest ord av alle fuglane i skogen? At plantane sender signal til kvarandre under bakken? Og korleis snakkar eigentleg mauren?

Vi roper i skogen er ei faktabok som handlar om det heilt motsette av skogens ro, nemleg skogens mange lydar. Her får vi lære meir om alle dei ulike språka som finst der inne blant trea. For korleis snakkar dei saman, alle dei som bur i skogen?

Trude Tjensvold har laga ei gjennomillustrert sakprosabok for dei aller minste lesarane, men også for alle dei som er glade i naturen rundt oss.

Om Raud Volvo (2022):

Sårt og rått om det å vokse opp. anna

TRUDE TJENSVOLD (f. 1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. Ho har gitt ut fleire biletbøker, lettlesbøker og ein grafisk roman for ungdom.

EIRIN HOLBERG (f. 1972) er arkeolog og forfattar. Ho har gitt ut og skrive bidrag til ei rekke historieverk og faglitteratur for universitet og høgskule. Boka om steinalderen er debuten hennar som barnebokforfattar.

ÅSHILD IRGENS

(f. 1976) har hovudfag frå Kunsthøgskolen i Oslo og har illustrert ei rekke barnebøker for fleire forlag.

Eirin Holberg Og

ÅSHILD IRGENS (ILL.)

Steinalderen 10 000 R Gamle Tyggisar Og

Hovudskallar P Stong

Attende til steinalderen

Ein ti tusen år gammal tyggis!? Hadde dei snop i steinalderen? Korleis var det eigentleg å vere barn i Noreg då?

I denne boka får du bli med 10 000 år tilbake i tid, heilt tilbake til slutten av istida då steinalderen begynte i Skandinavia. Du får høyre om steinhoggarskular, om å bu oppå søpla si og om den gongen da ei monsterbølgje raserte norskekysten. Boka gir deg òg oppskrift på korleis du kan lage ditt eige musikkinstrument frå steinalderen.

Boka passar godt både til høgtlesing og til å lese åleine.