1 minute read

JULEROSER 2023

Med relanseringa av Juleroser i 2015 tok Herborg Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. Vår tids Juleroser er eit illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne. Kvart år inviterer Herborg Kråkevik ein musikar til å skrive ein ny julesong. Årets song er det Daniel Kvammen som har laga.

Lun og nostalgisk jul med det vakraste juleheftet

si gjendikting, Gaute Heivoll, Roar Kjærnstad, Dag O. Hessen, Helene Knoop, Kjartan Fløgstad, Randi Fuglehaug, Anne Marit Austbø, Jacob Gløersen, Einar Økland, Danny Larsen, Marianne Heske og Alf C. Hvaring.

Juleroser 2023 er det niande i rekka og har bidrag frå mellom andre Kjersti Annesdatter Skomsvold, Sissel Kyrkjebø, Jane Kenyon i Hanna og Linn Ullmann

Du får gleda av å sjå den vakre og unike decoupagekunsten som H.M. Dronning Margrethe II av Danmark har laga til klassikaren Snedronningen av H.C. Andersen. Den raude tråden i årets hefte er snø. I kvart hefte får du tre flotte kunsttrykk som du kan ta ut og ramme inn. Årets framside er spesiallaga for Juleroser av Christer Karlstad.

HERBORG KRÅKEVIK (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære og allsidige scenekunstnarar og kulturformidlarar. Ho vaks opp i Jondal, men bur no i Viborg i Danmark. I tillegg til å vere redaktør for Juleroser er ho skodespelar, tekstforfattar, komikar og artist med fleire plateutgivingar, filmar, teater, musikalar og show på samvitet – og fleire overraskingar i ermet.

Agnes Ravatn

Alle Mot Alle

essay, artiklar og gjeldsbrev

Skattkiste frå Noregs satiredronning!

Agnes Ravatn er ein av Noregs mest morosame og originale skribentar. Her finn du eit rikt utval av Ravatns vittigaste og skarpaste tekstar gjennom femten år.

Vi får bli med Ravatn til konsultasjon hos ein plastikkirurg, til rettleiing i Scientologikyrkja, på bli-ny-dag og følge henne i jakta på raske pengar etter ein vond baksmell på skatten.

Gjennom eit mangfald av emne, om alt frå norsk valkamp og (eiga) pornoavhengigheit til konsentrasjonssvikt og livet på bygda, gir Ravatn oss eit friskt perspektiv på moderne kultur og samfunn.

Ravatn har eit observant, underhaldande og kritisk blikk på både politikk og kvardagsliv. Tekstane er tankevekkande og lattervekkande, like sjølvkritiske som samfunnskritiske.

«Det finnes allerede et før og etter Agnes Ravatn i norsk essayistikk», uttalte Morgenbladets jury då dei kåra ho til ein av Noregs beste forfattarar under 35 år.

AGNES RAVATN (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og seinast

Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, som bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay.