1 minute read

SÆVEROT OG GLENN-EGIL TORGERSEN UNDERVISNING FOR DET UFØRESEIELEGE

Fagfornyinga legg vekt på læring for ei framtid som endrar seg raskt. Djupnelæring og utvikling av dømekraft står sentralt, og både kjende og ukjende situasjonar må inn i undervisninga. Det gjer at eit nytt spørsmål dukkar opp i læringssamanheng: Er det mogleg å lære og trene på noko som enno ikkje er kjent?

Å fange augeblikk, improvisere, bevisstgjere eigne erfaringar og bruke oppdukkande situasjonar som potensial for læring i undervisninga er måtar å gjere dette på, og i denne boka er det mange døme på at uføreseielege hendingar kan vere ei kjelde til nye læringsprosessar. Forfattarane drøftar også korleis ein pedagogisk kan møte eksistensielle truslar som truar livskvaliteten og fridommen vår, til dømes krig, pandemiar, klimaendringar og alvorlege forvrengingar av sanninga. Det handlar om å skape eit trygt læringsmiljø i ei uføreseieleg verd. Eit hovudpoeng i denne boka er at ein lærar som har ein beredskap på førehand, vil kunne takle ukjende situasjonar betre enn ein lærar som ikkje har ein beredskapsplan for uføreseielege situasjonar.

HERNER SÆVEROT er professor i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han er utdanna allmennlærar og har undervisningserfaring frå grunnskulen, i lærarutdanninga og i profesjonesretta pedagogikk.

GLENN-EGIL TORGERSEN er professor i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i SøraustNoreg. Han har doktorgrad i psykologi frå NTNU. Han er utdanna allmennlærar og har undervisningserfaring frå grunnskulen, i lærarutdanninga og i profesjonesretta pedagogikk.

GÖRAN SÖDERLUND er professor i spesialpedagogikk ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han har ph.d. i eksperimentell psykologi frå Stockholms universitet og forskar på merksemd og minne, særleg på barn med merksemds- og lese- og skrivevanskar.

G Ran S Derlund Alt Ein L Rar Treng Vite Om Hjernen

Moderne nevrovitskap viser at hjernens minnefunksjonar og ulike prosessar er avgjerande for læring, og i denne boka tek forfattaren med seg kunnskapen frå nevrovitskapen inn i pedagogikken og lærarutdanninga.

Denne boka gir ei innføring i kva lærarar og lærarstudentar bør vite om hjernen og ulike nevrobiologiske prosessar som påverkar elevars læring og læreføresetnader. I boka kan du mellom anna lese om hjernens oppbygging og persepsjon, om minne og minnesystem, læring og motivasjon, om barns utvikling og om korleis vi kan hjelpe elevar med ulike former for funksjonsnedsetjingar.

Forfattaren viser korleis kunnskap om desse ulike emna er sentrale for å forstå læring og læringsprosessar og for å kunne tilpasse undervisninga til elevane sine føresetnader. Boka gir òg innsikt i korleis kunnskapar frå to ulike fagtradisjonar er viktige å føre saman for å kunne møte elevars ulike behov.