Kåre og Marimba hjelper til - Markus Lantto og Camilla Kuhn (ill.)

Page 1

© Det Norske Samlaget 2022

www.samlaget.no

Illustrasjon og design: Camilla Kuhn

Papir: Arctic matt 150 g

Skrift: Minion Pro 12/14 pkt

Trykkeri: Scangraphic

Printed in Poland

ISBN 978-82-340-0779-8

Samlaget Oslo 2022

– Kåre, sukkar Marimba, – du anar ikkje kor mykje eg kjedar meg. Marimba har prøvd å kome på noko artig og spennande å gjere i heile dag, men ho får det berre ikkje til.

– Du kan hjelpe meg å rydde rommet mitt? seier Kåre. Han kjedar seg nesten aldri. For Kåre held det i massevis å gå rundt og sjå på folk og fuglar, eller kanskje fikse litt ting og tang.

– Rydde rommet ditt? Nei takk! Så mykje kjedar eg meg ikkje. Eg trur kanskje eg kjenner meg litt trist også. Og då er eigentleg det einaste som hjelper, å ete is, seier Marimba.

– Men vi har jo ikkje is, seier Kåre. – Vi kan gå heim til meg og raspe gulrøtter og lage ein fin salat?

– Eg vil ikkje ha salat, seier Marimba sint. – Gulrøtter er jo ikkje is, Kåre!

– Kva med å hjelpe nokon, då? Det er spennande! foreslår Kåre. Marimba nøler. Det var jo ikkje akkurat det ho hadde sett for seg.

– Ok, Kåre, seier Marimba til slutt.

– Vi spør den første vi møter, om han treng hjelp. Med litt flaks er det kanskje nokon som har eit kilo is som held på å smelte bort, og som absolutt må etast opp veldig raskt. Eller kanskje vi ser ein gorilla som treng hjelp til å kome ned frå eit superhøgt tre!

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.