1 minute read

GULT FAREVARSEL

Eit familiedrama om vår plass i naturen

Det brygger opp til storm i det Dorte kjem opp til Innsetra, ein intim og luksuriøs gjestegard langt til fjells. Her har ho planlagt ei heilt spesiell gullbryllaupsfeiring for foreldra sine og invitert med tvillingbroren, søstera og mannen og hunden deira, Laban.

Allereie da dei kjem fram, angrar Dorte på at ho har samla familien her, seint i oktober. Så bryt uvêret laus, eit jordras sperrar av området, og familien blir stengd inne på setra saman med to mistenkelege jegerar. Lite anar Dorte at raset berre er den første av ei rekke hendingar som denne familien aldri kjem til å gløyme.

BRIT BILDØEN (f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay, og er også verksam som omsetjar.

Gult farevarsel er eit familiedrama om plassen vår plass i naturen.

Mesterlig norsk roman!

tom egeland, vg fartein horgar, adresseavisen

En helt utrolig roman!

Ein stor forfattar emil otto syvertsen, fædrelandsvennen

Om Når landet mørknar: Vinnar av Brageprisen 2018!

Tore Kv Ven