2 minute read

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

Ny og oppdatert utgåve

Nynorsk for dumskallar er skriven for dei som ikkje kan så mykje om nynorsk, men som vil læra litt. Eller: Ho er skriven for dei som ikkje vil læra nynorsk, men som må læra det. Kristin Fridtun var sjølv bokmålselev i tjukkaste bokmålsland. På ungdomsskulen hadde ho ein norsklærar som sa: «Nynorsk er ikkje vanskeleg.» Fridtun trudde ikkje på henne. Seinare måtte Fridtun bita i graset og vedgå at læraren hadde rett.

Nynorsk er ikkje så vanskeleg og skummelt som mange trur! Fridtun syner veg på morosamt, enkelt og underhaldande vis. Ho stiller spørsmål som: Er Ivar Aasen rota til alt vondt? Ho knuser mytar om nynorsken og Aasen og gjev ei enkel og uvanleg god innføring i nynorsk språkføring og grammatikk.

Boka kom første gong ut i 2013 og har gjennom åra vore til uvurderleg hjelp for mange som vil eller må læra nynorsk!

ALFRED FIDJESTØL NOREGS MUSIKKHØGSKOLE FEMTI ÅR MED NOTAR,

Musikkhøgskolen 50 år!

Hausten 1973 opna Noregs musikkhøgskole, i enkle og provisoriske lokale basert på det gamle Musikkonservatoriet i Oslo. I 2023 har denne høgskulen arbeidd seg fram til å bli ein av dei leiande musikkutdanningsinstitusjonane i verda. Dette er historia om korleis musikkhøgskulen i 50 år har bauta seg fram, i skiftande kultur- og utdanningspolitiske klima. Det handlar om sterk vilje, engasjerte personlegdomar og kontroversielle tilsetjingar. Det handlar om kampen for eige bygg og om nye sjangrar og fagfelt som pressar seg inn i den klassiske institusjonen. Og det handlar om arbeidet for å etablere vitskapleg forsking og kunstnarlege utviklingsprogram – om notar, unotar og fotnotar i norsk musikkhistorie.

ALFRED FIDJESTØL (f. 1973) er forfattar av ei rekkje biografiar og institusjonshistorier. Han har vore nominert til Kritikarprisen og Brageprisen fleire gongar og har blitt tildelt Gyldendals Sultpris, Språkprisen og Samlagsprisen. Dette er hans ellevte bok.

ODD ISUNGSET (f. 1955) er journalist og forfattar. Han har tidlegare vore redaktør i Brennpunkt og Dokument 2 og har fått Den store journalistprisen, Fritt Ords honnørpris og SKUP-diplom for sitt arbeid med Nygaard-saka. Det er i stor grad Odd Isungsets iherdige journalistiske gravearbeid som gjorde at saka blei gjenopna i 2009.

ODD ISUNGSET BLODSPORA FRÅ DAGALI -

VEIEN RUSHDIE-SAKA OG

Attentatet Mot

William Nygaard

11. oktober 2023 er det tretti år sidan forleggjaren William Nygaard blei skoten utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo og drapet blei kopla til fatwaen mot Salman Rushdie. Framleis er saka uløyst. I denne boka nøstar gravejournalisten Odd Isungset opp dei lause trådane i ei dramatisk krimforteljing som handlar om svakt politiarbeid, politisk feigskap og manglande journalistisk interesse for ei av dei viktigaste ytringsfridomssakene i vår tid.

Kva er grunnen til at denne saka enda ikkje er oppklart? Kva skjedde då ein mistenkt vart arrestert og brått lauslaten?

Kvifor fekk ikkje eingong Nygaard vite at saka blei lagd bort i det stille i 2007? I 2018 blei to menn sikta for å ha forsøkt å ta livet av William Nygaard. Kvifor greier ikkje norsk politi å løyse saka? Er det frykta for å leggje seg ut med Iran som gjer at denne kriminalsaka framleis ikkje har fått ei løysing?

Blodspora frå Dagaliveien fører heilt fram til i dag, for i august 2022 blei Salman Rushdie knivstukken under eit arrangement i USA.