Bøker 2011 frå Samlaget

Page 58

UNGDOM

MAGNHILD BRUHEIM

SIGRI SANDBERG MELØY

BLOD PÅ HENDENE

KLIMABOKA

Brennaktuell og spennande krim for ungdom

For alle som vil bli nærare kjende med framtida

Kari Marie Eiker (Kami, blant venner) er med i ei aktivistgruppe som nattetid tek seg inn på pelsdyrfarmar, for å avsløre industrien. Kampen mot pelsdyroppdrett får stadig breiare støtte etter kvart som media viser bilete av dyr som lir. Like etter ein aksjon blir Kami kontakta av ein ukjend mann som følgjer godt med på alt ho gjer. For henne blir situasjonen etter kvart meir truande.

Veit vi det ikkje no? At Nordpolen smeltar, at vêret blir villare og våtare. At fleire millionar menneske er truga når landet deira forsvinn under vatn. Samstundes ser ein i media at det er mindre forureining enn ein hadde trudd. Forskarar finn feil i FNs klimarapportar. Og så kjem ein iskald vinter, og vi står her, som forvirra spørsmålsteikn. For kva er det som skjer? Sigri Sandberg Meløy har skrive ei subjektiv debattbok. Ho tek oss bokstaveleg talt med på klimacruise, til nordområda, der klimaspørsmåla spissar seg til. Ho styrer innom alle dei brennaktuelle problemstillingane, og sneiar borti både isbjørn, klimamodellar, satellittar, kinesarar, drivhuseffekten, ny forsking og forhatte journalistar. Skrivinga hennar er både frekk, audmjuk og ærleg. Målet er å bli litt klokare – utan å bli klimadeppa.

Samtidig får ei jente frå ein av farmane anonyme meldingar der det står: Du har også blod på hendene! Blod på hendene er den fjerde boka i den populære serien om Kami og Bente. Ei krimbok for ungdom, med spenning frå første til siste side, og med aktuelle tema som kamp mot pelsindustrien og mobbing.

UNGDOM | P r i s c a k r 2 4 9 , ISBN 9788 2 5 2 1 7 9 6 1 3 U t g. se p t emb e r

MAGNHILD BRUHEIM (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007), På flukt (2010) og Blod på hendene (2011) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen og er busett på Lillehammer.

Og heilt til slutt får mellom anna statsminister Jens Stoltenberg,

115

miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, FrP-leiar Siv Jensen og ungdomar i Longyearbyen svare på kva som bør gjerast. UNGDOM | P r is c a k r. 179,IS B N 9 7 8 8 2 5 2 1 7 8 1 4 2 U t g . augu s t

Sigri Sandberg Meløy er forfattar og journalist. Ho debuterte som barnebokforfattar i 2009 med den eksplosive og fabulerande biletboka Ballongmamma. I 2006 gav ho ut intervjuboka Kjærleikar, der ho lèt 20 vanlege og unike menneske fortelje om draumar, forventningar og erfaringar. Same året kom polfarardokumentaren Cecilie Skog og de tre polene. Meløy bur i Longyearbyen på Svalbard.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.