Bøker 2011 frå Samlaget

Page 16

RO M AN A R O G NOV E L L E R

JON FOSSE

RAGNAR HOVLAND

KORTARE PROSA

STILLE NATT

Jon Fosse har gjennom åra gjeve ut tre kortprosabøker: To forteljingar frå 1993, året etter Prosa frå ein oppvekst og i 1998 Eldre kortare prosa. Desse bøkene er no samla og kan vera ein god veg inn i Fosses forfattarskap.

Ny, etterlengta roman frå Ragnar Hovland

Dei to forteljingane No kan hunden komme og Lines hår frå 1993 rommar både galskap og vemod. Hundehistoria handlar om ein mann som tek livet av ein sambygding etter han har drepe hunden hans, noko hundeelskaren Fosse har sagt at han godt kan forstå. Prosa frå ein oppvekst står heilt for seg sjølv i forfattarskapen til Fosse, det er ei «lykkeleg bok» som ikkje liknar på noko å noko anna han har skrive. Fosse skriv frå eigen oppvekst. Det handlar om fjord og sauer, besteforeldre og raspeballar, danseband og rus. Det handlar om gleda ved å samla på bussbillettar, men òg å oppdaga at døden finst. Eldre kortare prosa opnar med ein heilt sentral Fosse-tekst, nemleg novella Han. Fosse debuterte som forfattar

med romanen Raudt, svart i 1983, men sjølv reknar Fosse novella Han frå 1981 som sin eigentlege skjønnlitterære debut. Novella vart trykt første gong i Studvest i 1981 som vinnarbidrag i ein novellekonkurranse.

P RO S A | P r i s c a k r 2 9 9 , I SBN : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 6 9 9 U t g. s ep t e mb e r

JON FOSSE (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp snart 1000 gonger over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.

31

I Ragnar Hovlands nye roman følgjer vi ein forfattar i trøbbel. Han er ein av til saman fem brør, den eine er advokat og sit i fengsel etter noko advokatjuks, den andre har det skjedd noko mystisk med og sit stort sett berre inne i leilegheita si, mens dei to siste - vel, ingen veit kor det blei av dei. Først og fremst prøver forfattaren å leve eit så skikkeleg liv som mogleg, komme seg opp før halv elleve, før han set seg ved maskina for å arbeide. Men så ein dag blir han oppringd av Tomas D., som vil at han skal komme heim til Vik, heimbygda. Og han kastar seg i bilen og køyrer til Vestlandet. Det er mellom anna her han hentar stoffet til romanane sine. Men snart begynner underlege ting å skje. Tilbake i byen blir forfattaren etter kvart heimsøkt av sine eigne karakterar, og han blir dratt meir og meir inn i mysteriet med kva som skjedde broren den gongen. P RO S A | P r i s c a k r 3 5 9 , ISBN: 9788252176377 U t g . ok t ob e r

Ragnar Hovland (f. 1952) er forfattar, humorist, skribent og ukulelespelar. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i snart 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.