Var det grønt – Ida Hove Solberg

Page 1

Ida Hove Solberg Var det grønt

Dikt

Samlaget

O

S l O 2024

© Det Norske Samlaget 2024 www.samlaget.no

Om S lag: Laila Mjøs

FR am SID e FO t O: Anders Lundberg

Fø R t R ykk: Magnus Osnes

Sk RIF t: Frame Text 9/16 pkt.

Pa PIR : 100 g Munken Premium Cream

tR ykke RI : ScandBook AB, Falun

Printed in Sweden

ISBN 978-82-340-0096-6

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.

Også du kom ingensteds fra! Hvor lenge var du der?

På sju-hopp-lenger-framme-tundraen. Over vinterteppet, hvitt som Melkeveien, perfekt til å drømme i, aldri våkne.

Bladene omkring stadig like grønne. For alt som fantes, var jo bare ett?

Øyvind Rimbereid, Hvit hare, grå hare, svart

5

nasebora

fulle av gjørme

fulle av lukta av gjørme våt jord vrir seg kveilar omkring kroppen min

ein stamme

veike greiner

sevjelause røter knakar i mudderet

steinar kvite

som knoklar

eller knoklar kvite

som stein

7

eit mørker ljomar gjennom skallen strålar skarpt som

når handa lar kniven stå i kjøttet lynet grip tak i treet

revesaksa glefsar gjennom liten harelabb sener og bork det er no

verdsveven raknar

8

rundt meg ein flokk

omriss som blånar

av elgkyr kvilande i lyngen

menneske innhylla i mold strødde

prustar og

ventar

veit ikkje kor lenge

vi har stått stille eg og desse som ikkje er deg

hugsar ikkje sist vi stod slik stille

veit ikkje lenger

kva stille er

kor lenge eg har gått slik

blant omriss og eimen av rug ròte

eit menneske

omgitt av lyden

av tusenvis

av tunge steg

eg og alle som ikkje er deg

ligg strødde som tangkledde steinar

vi var massen

som slanga seg over grassletter bølga fram

brasa gjennom ein by forlét tomme hus

9

med tomme auge

hòle

restar av fasadar

ordren gjekk ut

til vandringsføre i alle hus og heimar men du var ikkje der

til å lese orda bakom orda

til å vise korleis stå imot

eg gav bort stega mine eitt etter eitt ein ujamn puls

langs det som var veg

over det som var jord

mot det som var hav

kanskje var vi

oppdagarar soldatar

flyktningar astronautar framtid eller svinn

10

gras lettar frå jorda

eitt

og eitt

strå over ei slette

11

kan eg no før stunda svinn fatte

kva som går tapt

halde fast

i orda om kven vi var

fange minnet

djupna i ein nattehimmel

skyer

som speglar seg i fjorden

eit skiftande skin over åsen

sjå det

på augelokkslerret

minnast

at ein gong hadde vi noko

å tape

12

eg ser gras ser sol

ser handa mi stryke over varm pels

svart frå snute til hale kjenner pusten sakke og lydane frå gata og naboar dempast

halen peilar som ei antenne lyttar

etter stemma di

orda dine deg

minnet smett unna

lik ei rustbrun fluge

som kjenner handa komme

13

knuar kvart glimt med kvite tenkeknokar

vi ved eit vatn

lyng omkring og krekling

eg med neven full av sand idet vatnet vaskar inn

mellom fingrane

nokre sandkorn ligg att

i den lukka handa

eg samlar dei saman

legg dei på rekke

trekker trådar imellom

teiknar silhuettar

av bølgene og deg

14

og så: du sittande ved bordet

ein vind riv gjennom brystet

15

eg strekker meg

over bordflata rører den varme armen din

du rykker til

eg følger skuldra di halsen leitar etter ansiktet

men

berre denne armen som kviler

16

eg samlar sandkorna teiknar opp

morgonen

frukostbordet

kaffikoppen

urørt

der sit du

som om du ventar på nokon

bak deg rekker babyblå måling tunge

med små flak

auga dine

festa

ein stad over gule tretoppar

kvar grein ei hand

kvart blad ei sol

rike fingrar

opp frå rik jord

17

eg ser baderomsfliser

vasken spegelbildet ditt

eg sit på doen

du pussar tennene

du ser på meg i spegelen

eg med krøllete morgonansikt

du med natteluft i luggen

tynnjakka framleis på

eg spør om du skal legge deg

du ristar på hovudet

er sterk og aktsam

som ein hare

eg spør ikkje

kor du har vore

kva du har gjort

om det var farleg

om du kan fortelje

er redd du skal

skvette unna

18

du sa

heime er vi destillert kjærleik

ute er vi fiendar av framtida

orda dei brukar bygger vegar

for handlingar å gå på

snart tel vi ikkje lenger skal ut av historia

bøkene og butikkane

liturgien og legekontora inn i gløymsla

steinane som blir kasta

skal knuse oss til støv

som vinden skal spreie

til vår gravferd

19
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.