Splintra: roman

Page 1




HILDE MYKLEBUST Berre dagar seinare. Dikt. Samlaget 2005 Søkk. Dikt. Samlaget 2008 Jon og den lange julenatta. Biletbok. Ill. av Inger Lise Belsvik. Samlaget 2009 Glødepunkt. Roman. Samlaget 2011 Bjørkebokstavar. Dikt for barn. Samlaget 2015 Kvar ein fugl. Dikt. Samlaget 2018 Ylva og villgeitene. Biletbok. Ill. av Akin Düzakin. Samlaget 2020


Hilde Myklebust

SPLINTRA Roman

Samlaget Oslo 2022


© Det Norske Samlaget 2022 www.samlaget.no Omslag: Laila Mjøs Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: Adobe Garamond Pro 12,5/17 pkt. Papir: 80 g Munken Print Cream Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0687-6

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.

Tekstutdrag: Side 126: «I still haven’t found what I’m looking for», U2. Side 155–156: «Lyse deg heim». Tekst: Hilde Myklebust. Side 193: «Ein dag skal vi døy, men alle andre dagar skal vi leve» er eit sitat av Per Olov Enquist. Side 200: «Why do we have to put love into words», Chess. Side 242–243: «I know him so well, Chess». Side 246: Diktet er skrive av Eldrid Lunden. Side 260: «Anthem», Chess. Side 273: omsetting av W.H. Audens dikt «Funeral blues».


Lukta av røyk spreier seg i den lyse sommarkvelden, ho kjennest på lang avstand. Frå stranda høyrest skrål og latter, musikk med djup bass. Så ser eg bålet. Eit disig, varmt skin som trekkjer oss nærare, som insekt mot lyset. Folk ligg og står, dansar, drikk. Det prikkar i meg. Denne skuleferien startar heilt perfekt. For berre nokre timar sidan stod vi sveitte og raude i bunadane våre og tok imot vitnemålet. Høgtideleg og underleg. Ti år på skule, check. Og no ligg sommaren heilt blank framfor oss. Eg stryk handa gjennom håret, rufsar det til. Kjenner meg fin, kjenner meg glad. «Mia! Else! Her!» Halvor og Jens ropar på oss frå andre enden av den vesle bukta med kvit sand, dei ser ut til å vere godt i gang allereie. Eg og Else lyfter hendene heilt synka og veivar til svar. «Dei er her alt!» Eg myser mot dei. Are er ikkje komen endå. Det er underleg å sjå berre Halvor og Jens, utan Are. Dei tre er

5


heilt ihopgrodde. Slik eg og Else er det. Slik eigentleg alle vi fem har vorte desse åra på ungdomsskulen. «The fab five», som rektor kalla oss seinast i dag så alle høyrde. Gud, kor flautt. Men litt kult også. Eit lite, vondt sting plantar seg i magen. Til hausten vert vi splitta, eg veit eg kjem til å sakne dette. Desse folka. Venene mine i så mange år. Kvar skuledag i så mange år. Men vi har denne sommaren her og no. Vi er her no, alle fem. Sola steiker, sjøen glitrar, musikken dundrar, herregud! Else sparkar av seg sandalane, eg gjer det same. Sanden er framleis varm etter den lange soldagen. Eg kjenner fotbladet søkke ned, knip til med tærne i det mjuke. «Kor sjukt deilig!» Else lagar trutmunn og smaskar ut i lufta mot meg, før ho hiv gitaren på ryggen. Vi ber kjølebagen med øl mellom oss. Skoa i den andre handa. Ei varm vindròse ute frå sjøen får håret til å kvervle. Eg ser på Else i augekroken. Ho har dette blikket ho stundom får, når ho er målretta, sjølvbevisst. Vi går med faste steg. Helser på klassevener undervegs, dei sit i klynger, nesten alle er her, vi smiler, skrålar og skålar, men går vidare forbi. Alle veit kvar vi skal, alle veit kven vi er, alle veit at vi heng med Are, Jens og Halvor.

6


Eg kjenner det. At vi ser kule ut der vi går, med kjølebagen mellom oss, gitarane på ryggen. Musikken strøymer frå ein høgtalar. Djup bass, ei røyst som rappar, vi har nye solbriller, vi går i takt, vi går i shorts, vi går i singlet, vi går i vår eiga verd. Vi er i ein musikkvideo, eller i ein reklame for nokre hotte greier. Vi er dei kulaste, friaste jentene, vi kjenner det, og alle ser det. Vi har med gitar og øl. Kom an, kva for andre jenter kjem med gitar og øl, kven andre har fått plass på musikklinja i Bratteberg? Berre vi to. Nokre av dei andre gutane byr oss ein plass i sanden, vi takkar, vi ler, men vi held fram. Vi slår oss ned på destinasjonspunktet. Ristar laus det sveitte håret frå andletet, spretter ein øl, skålar lukkelege med Jens og Halvor. Dei har hive av seg på overkroppen – dei har fått farge alt. Jens med sin mjuke brunfarge, arva frå mor si, og Halvor som alltid berre vert raud og freknete og sjukt sjarmerande kvar einaste sommar. Så kjem Are, ut av ingenting, og kastar seg over oss. Han må ha følgt rett bak utan at vi såg det. Vi kvepp til, eg mistar solbrillene og deisar ned i sanden med Are over meg. «Kva farken!» «Snakk om overlegne kjerringar, halloooo!» Fyrst vert eg forbanna, så må eg berre le. Går det

7


an å fryde seg sånn over å skremme nokon? Han er breiddfull av energi og ler den litt håse latteren som alltid smittar meg. «Slepp meg, din løk!» ropar eg og freistar å skubbe han vekk, dundrar han i magen med knyttnevane, liksom sint. «Aldri!» Han grip kring handledda mine, held meg fast, set seg over meg. Eg rynkar bryna, kva er dette? «Kva driv du med?» «Eg slepper deg ikkje. Aldri i verda, du vert her, ikkje noko Bratteberg, ikkje noka musikklinje, ikkje nokon hybel, ok? Du vert ikkje kvitt meg så lett.» Auga hans tindrar imot meg. Har han drukke før han kom, eller? Kinna mine vert raude. Eg vert flau, heilt brått, heilt idiotisk brydd. Kva søren? Eg har kjent Are sidan barnehagen. Vi har gått i same klasse i ti år. Og no vert eg flau, fordi han er så nær meg, han sit på meg, han held meg. Og det har han gjort tusen gongar før. Men noko i blikket hans er annleis, opnare. Spørjande, liksom. Eg ser bort, og eg kjenner korleis grepet hans losnar, kjenner smilet hans slokne. Utan eit ord flyttar han seg, slepper meg.

8


«Sorry.» Dei andre ser litt undrande på oss. Men det varer berre eit brøkdels sekund, så er alt som før igjen. Eg kikar på Are, han verkar heilt vanleg no. Else dreg fram gitaren. Klimprar litt, men den høge musikken frå gjengen med høgtalaren lenger borte overdøyver forsøket. Ho legg han frå seg like fort. «Spel då, Else», seier Jens, «drit i dei der!» «Gidd ikkje. Men kven er med og badar? Anyone?» spør ho medan ho kikar over brillekanten og sender augebryna opp og ned. Jens og Halvor kastar seg på med ein gong. Dei spring ut i bølgjene før eg rekk å tenkje meg om. «Gud, då. Vi kom jo nettopp!» Are opnar ein sider. «Skål. Skål for ti føkkings år», smiler han. «Ganske sjukt, eigentleg.» Vi vert stille. Eg tenkjer på fyrste skuledagen. Hugsar han så klart, brend inn i minnet. Eg kjende meg så stor der eg sat på fyrste rad og rekte handa i vêret når læraren spurde om noko. Kjensla av at mamma og pappa var i rommet, bak meg, ved veggen bakarst i klasserommet. Begge så stolte. Men eg hugsar kanskje endå betre fyrste dagen i andre klasse. Else starta då. Kom berre flyttande til

9


bygda til skulestart. Den nye jenta. Ho var som ein magnet på meg. Eg vart dregen mot ho frå det sekundet vi møttest. Heilt annleis enn dei andre jentene eg var i klasse med. Litt villare, tøffare. Vi var ikkje så mange jenter, fem stykk, og eg hadde nesten berre hange med gutane til då. Så kom Else. Ein vind som sveipte inn i rommet, eg kjende det heilt tydeleg. Eg måtte verte venninne med ho. Måtte berre. Eg ser på Else stupe i bølgjene i lag med Jens og Halvor. Ho er ei stupedame, ho der. Stuper inn i det meste, gyv laus og kastar seg i det. Eg er så glad vi skal dele hybel og gå på same skule. Det kjennest trygt. Eg kan gle meg heile sommaren, i staden for å grue meg, vere nervøs. Vel. Nervøs er eg. Men mest for å starte på musikk. Dei andre i klassa er sikkert dritgode. Else inkludert. «Kva tenkjer du sånn på?» spør Are og myser mot meg. Eg ser på han og smiler, ristar på hovudet. «Ikkje noko. Hausten». Han nikkar. Har eit alvor i auga. «Og alt saman. Korleis det vert, liksom», seier eg. «Utan meg, ja?» Smilet hans er tilbake, han freistar å få det til å høy-

10


rast spøkefullt ut, men eg kjenner han for godt. Eit lite pust i stemma avslører han. «Ja, det vert ikkje enkelt det, altså», svarar eg med same falske spøketonen. Vi fniser. «Eg kjem i alle fall til Bratteberg på besøk, susar dit lett. Lettmotorsykkel, veit du, alt vert så lett då.» Eg må skubbe han i skuldra for den teite humoren hans. Han skrik til, som om han fekk vondt. «Det fortente du! Har du fått dato for oppkøyring?» Are nikkar nøgd. «Om to veker. Det vert så sjukt bra. Sykkelen har jo vore klar i månadsvis. Gler meg faktisk til å køyre til og frå skulen kvar dag. Så får vi sjå om det vert hybel etter kvart.» «Du kan jo besøke meg og Else og sjå om det er noko å trakte etter.» «Spennande å flytte!» Eg smiler og nikkar, kjenner suget i brystet. «Synd dei ikkje har musikklinje på skulen her i kommunen, då kunne jo du sloppe hybel eigentleg. Trur du at du hadde vorte igjen då?» «Tja. Jo. Det kan hende. Men eg trur faktisk det vert ganske gøy, altså. Eg er klar, eg!» «Vert rart å vere att her utan dykk.» Are ser utover på dei badande venene våre. Han dreg

11


eine munnvika opp i eit halvt smil, som om han har lyst å smile, men ikkje får det heilt til. «Og så møtest vi jo i helgane heime. Uansett.» «Ja, herregud. Det er jo ikkje slik at vi vert borte, liksom.»

12


Are tek opp gitaren min, dreg han ut av hylsteret. Klimprar, nynnar. Are er så utruleg god på gitar. Mykje, mykje betre enn meg, betre enn Else også. Eg kjenner sola steike på ryggen min, lukkar auga. Tenkjer at eg aldri kjem til å gløyme denne dagen. At eg skal hugse denne kjensla for alltid. Så lett, så lett, som luft. Og hjartet som blafrar som ein vimpel i sjøbrisen. Eg lyttar til Are si røyst, han syng ein låt som eg ikkje klarar å hugse heilt kva er, eg har høyrt han før, men eg vil ikkje spørje, ikkje bryte inn. Han let siste tone henge, før han slår handflata mot strengene og stoggar dei brått. Kremtar, held fram med noko anna, nokre klassiske greier. «Som sagt: Fattar ikkje at du ikkje søkte på musikklinja», seier eg og meiner det verkeleg. Are dreg på skuldrene. «Kjennest heilt snålt at eg og Else skal gå der og ikkje du. Det er jo du som alltid har vore flinkast i musikk. Alltid.» Han smiler skeivt og dreg på med ei veldig kraft i

13


nokre riff, før han slenger frå seg gitaren som om han brått brende seg. «Æh. Ein kan vel halde på med musikk likevel? Eg trur berre ikkje det går å halde på med det heile tida, om du skjønar. Eg må gjere noko anna. Noko praktisk, eller så klikkar eg.» «Skjønar det. Berre lov meg at du ikkje sluttar å spele, ok?» Vi skålar, medan Are nikkar høgtideleg og langsamt med lukka auge. Det gjev meg sjansen til å sjå litt ekstra på han. Dei mørke augevippene, dei kraftige augebryna. Han opnar auga brått, dei er så blå, dei auga, så ufatteleg blå i sola, dei står rett i mine. Blendar meg. Dei tre badenymfene kjem småjoggande, drypande våte. Eg kan kjenne kulden frå huda til Else då ho set seg heilt inntil meg. Ho skundar seg å finne handduken i bagen. «Steike, det var ikkje så veldig varmt, akkurat.» «Frisk og sprek ungdom!» gnell Jens og klaskar hendene saman, og alle ler. Det er så utruleg likt Arvid, gymlæraren vår. «Akkurat han kjem eg ikkje til å sakne, altså», flirer Are.

14


Sommarnatta er så lys. Det vert ikkje natt, ikkje skikkeleg. Det kan vere morgon for alt vi veit. Og det kan vere det same. Vi er berre fulle og glade. Alle på stranda har samla seg kring bålet, vi er mange frå tiande, nesten alle. Are seier noko, og eg held på å le meg i hel. Han er så morosam. Alt han seier, er så ufatteleg komisk og på kanten og eigentleg heilt teit. Brått strenar vi av garde langs vegen, Are og eg, aleine, utover moloen. Så langt det går mot havet. Det er ein horisont der ute, tung og raud. Nokon hiv ein pall på bålet inne i fjøra, det sprakar, gneistane fyk til himmels og speglar seg i vassflata. Eldtunger som bølgjar mot oss. «Eg skal vise deg noko. Kom!» Are tek handa mi og leier meg tilbake mot dei store steinane i enden av stranda. Nokon gaular etter oss at no må vi kose oss der borte. Are snur seg og gjev dei fingeren. «Føkk off.» Fliring.

15


«Djises», mumlar eg, men fniser og kjenner det sitrar oppover ryggen. Are dreg meg med bak ein stein. Eg kjenner pulsen stige. Kva er det han vil? Kva er det eg vil at han vil? «Her!» Eg skvett til. Det ligg eit kvitt gap i sanden mellom steinane. Eit skjelett med store kjevar, tett i tett med skarpe tenner. «Breiflabb», seier Are. «Kult, ikkje sant?» Eg nikkar med store auge. Eitt eller anna som dirrar i magen. «Eg tenkte å ta det med heim. Har sett på det lenge, og no er alt skinnet og driten borte. Heilt reint.» Han set seg ned og let fingeren stryke langs det glatte, kvite beinet. «Korleis skal du få det med deg, går det ikkje i oppløysing?» «Nei då, skallen er eitt stykke. Tek berre skallen og kjevane.» Eg set meg på huk ved sida av han og studerer det. Hovudet er enormt i forhold til resten av kroppen. Forsiktig pirkar eg med peikefingeren mot tennene, dei er sylskarpe. «Shit!»

16


«Mia … Vil du vere igjen, etterpå? Hjelpe meg å lyfte han oppi kjølebagen?» Are ser rett på meg, bedande, som om dette er viktigare enn noko anna. Han tek handa mi.

17


Fyrste måndagen i skuleferien, og pappa vekkjer meg klokka ni. «God morgon, vesle fuglen», seier han muntert. «Hæh», svarar eg i ørska. Eg kjenner meg framleis sliten etter rangelen på stranda i helga. «Ikkje gløym kva du har lova tante. Og dessutan: De skal ta elleveferja til Bratteberg, sa mamma, så du må rekke det før du dreg.» «Greitt, greitt, djises, då,» svarar eg og strekkjer meg. Augeloka er som limte i hop. Pappa synest sikkert det er knall å ha eit påskot til å vekkje meg. Når klokka bikkar ni, då synest han eg har sove lenge nok. Vi er ein flokk morgonfuglar i familien min. Og arbeidshestar. Vi har ikkje ferie om sommaren, slik som andre folk. Vi jobbar. Ein sommarferie når ein bur på ein gard, er ikkje ein sommarferie. Det er slått, og det er raking, og det er høysåter, møk, og det er raud løemåling, gjerding, siloballar, graving og grøfting og spikring av grinder og gud veit kva. Men det er også bading i fossekulpar,

18


fotball på marka, lukta av nyslått gras, grønt og tungt, vide fjell som luktar søtt av lyng, berre føter som søkk i varm myr på veg mot ein ganske hemmeleg badekulp. Kanskje skulle det vere annleis no som eg ikkje er eit barn lenger, men eg meiner det framleis: Sommaren er noko heilt magisk. Det er den sprengande kjensla av eirgrønt, av fridom, av noko som er på sitt sterkaste. Eg strekkjer meg, legg ei hand på ryggen til Balder. Sola står sterkt inn vindauget og fell på pelsen hans. Han er eigentleg svart, men lyset som gjennomborar dei tynne håra, gjer han nesten brun der han ligg. Han lograr roleg, ser på meg med dei kloke auga sine. «Ikkje skule i dag, tenk det, Balder. Vert du med til hestane, hm?» Logringa vert sterkare. Han skjønar alt eg seier, den hunden. Det er bra idiotisk, men eg har også lova tanta mi å ta meg av hestane hennar medan ho er på ferie denne veka. Pluss vatne i hagen. Pluss mate katten. Det er jo verdas enklaste jobb, eigentleg, men akkurat no kjenner eg at den etterlengta ferien godt kunne starta litt langsamare. Hestane går på sommarbeite og treng ikkje all verda med stell. Men ein god omgang med karden må dei jo få, og ein hovreins. Og kos. Masse kos.

19


Eg står opp. Eg stiller meg i solstripa som fell inn i rommet. Lukkar auga, ser det raude danse bak augeloka, varmen i panna. Skulle gjerne teke ein ridetur i dag, men vi skal jo til Bratteberg og sjå på hybel. Else og eg, med mødrene våre på slep.

20


Det er herleg å kome seg ut. Det er grønt, grønt, grønt, og det er fyrste dagen i sommarferien. Eg tek sykkelen, og Balder gøyr to gongar av rein lukke. Han trur nok det vert både sykling og riding i dag. Ei djup lukkekjensle fyller meg også. Lyfter meg nesten. Endå så trøytt eg er, så tung i beina, så er det nesten som eg flyg då eg får fart og susar av garde mot beitet. Eg ser hestane stå heilt nær vegen, dei kastar opp hovudet då eg nærmar meg, eg ropar til dei, og dei svarar meg med små kvin. Dette har vi gjort før. I den slake, lange nedoverbakken får eg god fart, og hestane bykser inn i galopp langs vegen saman med meg. Eg trør alt eg kan for å halde følgje, vi er side om side, Balder gøyr, eg ler og ropar kom igjen, gutar, og så må dei bråbremse og svinge av ved enden av gjerdet. Dei pustar og strekkjer seg over grinda mot meg medan eg set sykkelen ifrå meg. Eg går inn i beitet, og dei skvisar meg nesten med dei store, varme kroppane sine. Ein liten neve mjøl kvar, og så eit raskt sveip med karden. Eg lyfter hovane deira, skrapar

21


ut det som har samla seg i rendene inn mot strålen i midten. Det luktar mold og lêr, noko søtleg og tungt. «Er det ikkje godt å gå berrføtt om sommaren, vel?» Dei legg hovudet over ryggen min når eg bøyer meg for å lyfte bakhovane. «Sånn. Skulle berre sjå om alt var i orden, ingen tur i dag, ok?» Dei ser litt triste ut. Dei store, mørke hesteauga, kransa av lysare vipper. Balder pistrar utanfor grinda og vil inn til meg, han også. Desse dyra. Det knip til i meg, pressar pusten flat og tynn. Som eit sakn eg veit skal kome.

22


Else svingar inn på tunet og tutar, veivar med handa ut det opne vindauget. Ho køyrer, mora sit på. «What! Skal du lærekøyre til ferja?» spør eg forskrekka då vi set oss inn i bilen. «Vi har ikkje så god tid!» Eg gliser skeivt mot ho i bilspegelen, og mødrene våre ler. «Shut the f.» Else er faktisk ganske god til å køyre bil. Ikkje at eg trudde noko anna, eg kjem ikkje på særleg mange ting ho ikkje meistrar. Ho er sånn passe i matte, elles er det full score på alt. Men no byter ho plass med mor si, så eg og ho kan sitte bak. Hyblane vi skal sjå på, ligg i Storgata, ganske nær skulen. Berre nokre minutt. Det kjem til å verte snålt, å skulle gå rett bort til skulen. Eg som alltid har hatt så lang skuleveg at drosja har køyrt meg, til og frå, i ti år. «Ja, korleis skal det gå, når de bur så nær?» spør mamma. «Er det ikkje slik at dess nærare ein bur skulen, dess oftare kjem ein for seint?»

23


«De får hjelpe kvarandre, sant?» seier Evy, mor til Else. Vi ser på kvarandre der vi sit i baksetet. Held blikket og smiler. Jepp. Vi skal hjelpe kvarandre. Halde fram med å hjelpe kvarandre. Ferja glir over fjorden. Eg ser vidaregåande ligge der, ein stor, kvit kloss. Enorm i forhold til det eg er van med. Det spenner seg i magen. Det er deilig og forferdeleg på same tid.

24


Det er eit ektepar litt oppi åra som eig hyblane. Men dei verkar veldig livlege og greie. Tek oss godt imot og seier at det er så populært å ha leigebuarar frå Elvedal, ikkje berre fordi dei brukar å reise heim i helgane, men også fordi dei er skikkelege folk. Hyblane ligg i kjellaren. Dei låser opp og let oss gå fyrst inn. Ein lang, smal gang med fire dører. Ei dør for kvart vårt rom, ei for kjøkkenet og ei for badet. Romma er ganske store, lyse i fargen, men med berre eit lite vindauge oppe på veggen. Kjøkkenet er fullt utstyrt og har ein liten etekrok, det er fint der. Nesten litt heimekoseleg, om ein legg godviljen til. «Fullt møblert. Ganske greie møblar, er det ikkje? Badet er dessutan nyoppussa», skryt utleigedama. «Ja, det er vel fem år sidan no, men det er då ganske nytt, det.» Mødrene våre nikkar seg einige, jau, absolutt. «Vi skal altså gå musikklinja, så vi må åtvare mot at det kan verte litt song og spel», ler Else mot utleigarane og er på sitt mest sjarmerande.

25


Ekteparet ler hjarteleg og slår hendene saman. «Å, men det er no berre kjekt!» Eg og Else ser på kvarandre og veit vi er einige. «Vi tek gjerne desse hyblane, vi. Om de vil leige ut til oss», seier eg venleg. Eg ser at mamma er litt stram og rar. Ho ser seg om heile tida, rynkar bryna. Eg trur ikkje det er på grunn av hyblane i seg sjølv, men det at vi faktisk skal bu her. Flytte ut. Veslejenta. Det har liksom vore meg og mamma og pappa. Alltid. Eg var ungen som kom deisande då mamma og pappa trudde dei var for gamle. Og no skal denne ungen flytte på hybel. I Bratteberg. Eit par timar unna mors varme famn. Eg kjenner at det prikkar i brystet sjølv også. Mest av spenning, men også noko hardt og kaldt, som kanskje er ei redsle. Eg ser på Else. Det ser ikkje ut som ho kjenner noko slikt i det heile. Ho berre smiler det strålande smilet sitt, omfamnar meg og seier: «Det kjem til å verte heilt supert her, Mia! Trur du ikkje?» «Jau,» svarar eg og prøver hardt å få det til å høyrast entusiastisk ut. Mamma smugkikar på meg, eg merkar det. «Ja, her får de det fint, jenter», seier Evy.

26


«Men då har vi ein avtale, kva?» seier mannen. «Vi har papira klare, om de vil gå gjennom dei med det same.» Pennen skjelv litt då eg skriv under. Det kjennest så vakse, som at noko ikkje kan skruast tilbake no, ingenting kan gå bakover, alt dundrar på framover, eit lokomotiv fullt av damp og trøkk. Før vi dreg, tek vi ein snap inne på rommet eg skal ha. Vi myser, hallar på hovudet, ser beintøffe ut, køyrer V-teiknet opp i kamera, sender det til Are, Jens og Halvor. Hybelliv, get it on.

27


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.