Fjomp av Mary Ruefle

Page 1




Mary Ruefle

Fjomp

Gjendikta av Martin Ingebrigtsen Samlaget Oslo 2023



Til Joshua Beckman


1

Eple i vatn

2

Lang kvit sky

4

Salomo

6

Fjomp

7

Den materielle eksistensens hell og lykke

8

Maria og undergangens hallar

10

Knitrebjølle

12

Harpiks

13

Eit seint tett arbeid

14

Midnight Express

16

Generell retning

18

Jordisk fiasko

19

Tunfisk og eit spel

20

Plutseleg

21

Ikkje visst

22

Mørkt hjørne

23

Pass på!

24

Lita elv

26

Meditasjon over skallen min

27

Nordavind

28

Lykke

29

Lorraine

30

Etterkvarteren

31

Snakkar du om ei gravferd?

32

Vennen

33

Sendt til munken

34

I badekaret

35

Søkelys

36

Eg kan ikkje vere stille ein time

37

Mellomspel for einsleg fløyte

38

Muguet des Bois

40

Mens eg motlaust pakkar vekk bøkene mine ein sommarmorgon, brukar eg frasar frå ei som var skjebnebestemt til å bli fôr


41

Pizarros menn drep Atahualpa

42

Eineståande draum

44

Tolmod

45

Lett, veldig lett

47

Peiskrok

48

Super Bowl

49

Jewelweed

50

Utkrøllinga

52

Sequoia

53

Lappen

54

Spesialleveranse

55

Ein ny dag gryr

56

Nixie

58

Lita reisebok

60

Grandma Moses

62

Prinsesse Osras hjarte

63

Lillian

64

Vegsaltomortale

65

Destinasjon

67

Gratulerer med dagen

71

Opphavsmyte

72

Kaka

73

Eit morgonmenneske

74

Løfte om utrydding

76

Korleis vi møttest

78

Ærend

80

Smørfestivalen

81

30. mars

82

Halloween

83

Knapphòlsblomster

85

Genesis

86

Lauvet

91

Dedikasjonar



I går natt då eg sov så drøymde eg Å, fantastiske feil – At det her inne i hjartet mitt var ein bikube Og at dei gylne biene laga kvit bikake Og søt honning av alle mine feilslag Antonio Machado



Eple i vatn

Eg svømte med smaken av eple i munnen ein flik epleskal mellom tennene vil eg tru Det blir ikkje betre enn dette sa vatnet Dette er urolege tider sa fliken og eplet, eplet var eigentleg ikkje der, berre den varige smaken, som om det var det siste eplet, eller eit tidlegare eit som hadde vart, uansett var det stille og eg svømte med stilla i munnen, høyrde på den vesle djupraude prikken og den svære glidande glimtaren, og visste ikkje om eg høyrde ei natt av kjærleik eller kjærleik av natt, slik var kunnskapen eg fekk under den lange slitsame svømmeturen

1


Lang kvit sky

Korleis lærte det berrumpa krabbande barnet med rosa solhatt på stranda å gå av å sjå på måkene? Korleis bestemte mor mi seg for å gifte seg med far min ved å lakke neglene og så stire på hendene sine? Korleis blei så mange useielege ord sette til verda? Og kor mange fleire ord med uklar eller obskur meining? Kvifor skrik sjøfuglar mens landfuglar syng? Korleis blei Sjelenes Opphissar sjølv så valdsamt hissa opp? Korleis kunne ein som ropte ei sky, ei kvit sky, ei lang kvit sky namngi eit land?

2


Eit land er ikkje ei sky Ei sky er ikkje eit land Berre Sjelenes Opphissar ville prøve å overtyde deg om det Sjøfuglar skrik for å bli høyrde over bølgjene Landfuglar syng så alle skal få beskjed Av silkemjuk kornell frå Red Osier får du god kinnikinnick Mor mi gav enkle råd til alle Ikkje bli ein baby når du blir stor Og babyen reiste seg Og babyen tok eit steg Og så enda eitt Og måkene spreidde seg ut vart ei sky, ei kvit sky, ei lang kvit sky Og babyen skreik For å bli høyrd over dei levandes land

3


Salomo

Salomo visste ikkje kva han skulle gjere Skulle han dele babyen i to på langs eller på tvers? Ein arm og eitt bein til kvar mor eller armane til ei av dei, beina til den andre? Hjarte kan bli knuste på mange ulike måtar Tenk på han som kjem til badekaret, og må fylle det med sitt eige spytt Som ikkje veit kva han skal gjere før jobben blir gjord for han sånn blei han hekta av kroken, ein veldig stor krok av den typen dei henger heile flankar med kjøt på i eit kjølerom

4


Etterpå, aleine i biblioteket sitt sjå korleis han legg trekk på dei knekte ryggane så forsiktig kvar tekst vil bli bedd om å trøyste ein annan

5


Fjomp

Eg er alltid klar for ein sump, sa Mary. Eg òg er alltid klar for ein, sa eg. Og så tok vi på oss gummistøvlane våre. Eg elskar å gå med gummistøvlar, sa Mary, og eg sa det same. Bakken spratt der vi sumpa, sumpen vakla der vi spratt, orkidear & soppar, soppar & orkidear, slanke & rosa, tjukke & brune. Og når lyset skumra skein auga til eldflugene frå overalt, som skrømtlingar. I huset mitt, sa ho, er det eit lys på komfyren som aldri sloknar. Og i bilen min, sa eg, er det eit dashbordlys som aldri sloknar. Kva for varsel har ingen ende og endar utan varsel? Ho trudde eg ikkje visste!

6


Den materielle eksistensens hell og lykke

Utan å rekruttere fleire folk i planleggingsfasen har eg bestemt meg for å ete frukost. Eg har utført forsiktige sonderingar, og endeleg funne ut at det er torsdag. Merksemda mi legg ut på ein munter og minneverdig ekspedisjon mot kjøkkenvasken. Å blanke og håplause dagar! Å lange søvnlause netter! Dei er gløymde no når eg skrur på det kalde klare vatnet som renn. Alle verdas elvar samlar seg i meg. Dei fossar over hendene mine, dei dekker ansiktet mitt, dei fyller munnen min. Eg blir driven til å drikke mine eigne tårer, slik også du vil bli når du vaknar.

7


Maria og undergangens hallar

Ho elska løvetann men hata sirkus. Ho ville vite kor egg kom frå, verkeleg kom frå, kor frå kom kroppen til kroppen til kroppen dei kom frå. Og når hjartet hennar laga den triste vesle tonen til ein obo så ville ho vite kor tankane kom frå, og var like svarlaus som om ho sat midt i ei begynningslaus elv. Begynninga av universet minte ho om den gongen leiketøysfabrikken blei sprengd og ho fann ein liten klovn på stranda, og så ein til, til ho bestemte seg for å finne dei alle, heile sulamitten, sjølv om ho aldri gjorde det, og natta senka seg over havet, og barn i alle aldrar med auga på stilk sov i ein søvn

8


breiddfull av uimotståelege freistingar, som gav ein forsmak på kva som venta dei når dei vakna, sjølv om det ikkje var noko samanlikna med vaksenlivets enorme sortiment.

9


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.