Ragnar eig dette garnet

Page 1


Ragnar eig dette garnet

Hildur søv då han står opp og kler seg. Ragnar stryk vekk ein grå lokk frå kinnet hennar og breier fellen betre over den magre kroppen. Trehesten står som vanleg på hylla over senga til son deira. Han strekker ut handa og tek den ned. Det går som ei bølgje gjennom han idet han kjenner den glatte hestekroppen mellom fingrane, den som ein gong blei halden så fast i ei mjuk, lita hand. Han vender på hesten. Den er pent utskoren. Ragnar spikka og pussa den med møde. Guten kunne leike med den i lange økter utan å gå lei. Han likte å sitje på tunet og følgje med medan faren arbeidde. Trehesten i handa, som sonen fekk til å hoppe, gynge, bevege seg gjennom lufta. Ein vrinskelyd med den lyse stemma. Når han skulle ete, måtte hesten stå på bordet attmed han. Når han skulle sove, måtte hesten ligge attmed han i senga. No er senga tom og har vore det lenge. Då guten blei ein ung mann, reiste han ut for å tene kongen, og mange år har gått sidan han fór. Fleire enn Ragnar kan telje. Hildur ventar stendig på at sonen skal kome heim. Han er den einaste dei har. 28

60662 Eg rissa desse runene – s. 28

28.06.2023 11:32


Ragnar bøyer seg og stryk ut ei rukke i fellen. Under den låg ein gong den vesle guten deira, kvar einaste natt, andletet så mjukt og reint i svevnen. Den eine armen låg så avslappa over hovudet, krullane ringla seg kring alle sine fingrar. Han tek med garnet og går nedover mot sjøen i grålysinga. Trakkar i same råsa som far hans trakka før han, og far hans før det. Ei lang line av fiskarar, lenger bak enn ein kan sjå. Ragnar tenkte sonen òg skulle bli fiskar. Kva anna kunne han bli? Men guten var ikkje sjøsterk, byrja kli berre dei var komne utom storskjeret. Ikkje hadde han handlag med garn og nett heller. Til sist sette Ragnar han i land, og der fekk han bli. Heilt frå sonen var liten og høyrde songar om kongar og land, drøymde han om å tene kongen i strid. Han ville at Ragnar skulle spikke eit sverd til han, så han kunne fekte med det, stikke, slå. Han drøymde om sverdet om natta, han fekta med armen. Ragnar spikka ein båt til han i staden, med ein liten fiskarmann til å setje oppi. Så sonen fann seg ein kjepp, og då han blei gammal nok, baud han foreldra farvel og slo lag med birkebeinarane som var komne til traktene på friarferd. Ragnar og Hildur stod på dørhella og såg etter han då han fór, glad og lett i stega. Ragnar lempar garnet opp i båten. Han greidde og bøtte det i går kveld etter han kom heim. Vikla ut dei våte flokane og tråkla saman ei flenge med stive 29

60662 Eg rissa desse runene – s. 29

28.06.2023 11:32


sjøfingrar. Det har hange over den ulmande åren over natta, men har framleis fukt i seg. Han held om ripa med eine handa, skyv ifrå, kjenner det svikte litt i eine kneet idet han jumpar oppi. Vatnet er tynt som røyk. Han tek eit kraftig tak med årene før han hevar dei frå vasskorpa og glir utover fjorden. Det er eit sterkt skin attom fjellet, ei lysande rand som teiknar tindane skarpt mot morgonhimmelen. Då han kjem midtfjords, har sola kome over fjelltoppane og lagt lyset sitt mjukt over dei grøne bøane heime. Han synest han ser røyk stige frå taket på den vesle stova si. Det er vel Hildur som står ved grua med grauten. Men sonen deira, kor er han no? Er han på ei slagmark ein stad, eller ligg han på leiet sitt og søv, med eine armen over hovudet, som før? Ragnar set ut garnet og set seg tilbake på tofta. Dreg av seg hetta og lukkar auga mot sola. Om litt skal han ro lenger ut og drage garnet han sette i går, der fjorden opnar seg mot havet. Der ute er det alltid fisk, men der kan òg stormen møte han. Det er tida for det. Fjellsidene brenn i gult og raudt, og sola varmar ikkje som for berre eit par veker sidan. Ein liten vind stryk langsmed fjellet og ruskar han i håret. Det var ein liten båt av bjørketre han spikka den gongen. Han har alltid likt å kjenne emna i handa, late kniven gli gjennom treet, somme tider mjukt som smør, andre gonger hardare og meir gjenstridig. Men far hans sa det ikkje var noko levebrød i treskurd. 30

60662 Eg rissa desse runene – s. 30

28.06.2023 11:32


– Der ute, sa far hans og peikte på fjorden, – der har du matfatet ditt, og det blir aldri tomt. Ragnar trekker pusten og legg seg på årene igjen. Ror utover fjorden, kjenner brisen bli friskare og skarpare etter som han nærmar seg fjordmunningen. Men kor rart at det ikkje er nokon andre båtar utpå i dag. Det er sjeldan han er så einsam på fjorden. Vanlegvis er dei mange, både frå hans side av fjorden og frå hi. Innover ligg det bygder og gardar, mange små og somme større. Men i dag er han åleine. Han snur seg og speidar, men kan ikkje sjå andre båtar nokon stad. Han kan vel ikkje ha teke feil av dagen, at det er ein messedag han har gløymt? Det rislar kaldt innetter han. Ute og fiskar på ein høgtidsdag, slikt står seg ikkje. Han sluttar å ro og tenker etter. Båten voggar roleg på dei mjuke bårene. Det er ikkje så lenge sidan mikkelsmess. Det kan ikkje vere nokon høgtidsdag han har mista, og ikkje er det søndag, det er berre to dagar sidan sist, då gjekk dei til messe, som alltid. Det er nok berre eit merkeleg tilfelle, tenker han, og tek tak i årene igjen. Men ei murring har sett seg i magen. Medan han ror, gløttar han stendig mot himmelen, for å sjå etter teikn. Teikn på at noko er gale, at han må vakte seg, at noko er i emning. Men der oppe er det berre måsar som siglar, skyer som driv raskt av stad. Han kjenner vinden ta seg opp og veit han nærmar seg munningen. Der ute ligg det opne havet, men så langt skal ikkje han. Ikkje åleine, og ikkje med denne vesle båten. 31

60662 Eg rissa desse runene – s. 31

28.06.2023 11:32


Duppen driv på bårene. Sjøen er sterkare her. Båten gyngar opp og ned, og han ror nærare for å sjå om det er hans garn. Jau visst, der er merket han har fått rita, med namnet hans på. Han brettar opp erma og stikk hendene ned i vatnet, får fatt i tauet og byrjar drage. Det er tungt, tyngre enn han er van med. Han rykker forsiktig, men det verkar ikkje som om noko heng fast. Kan det ha vikla seg inn ein sværing denne gongen? Eller har han fått ein av havjotnane i garnet? Han fortset å drage til han ser garnet kome. Det ser ut til å glinse i fiskekroppar langt nedover. Han bøyer seg over ripa og ser ned i sjøen. Det er fullt av fisk! Han dreg og kjenner sveitten piple, armane og ryggen spenner seg, og opp kjem garnet, fullt av fisk av alle slag. Torsk og sei, kveite og lyr, og ein og annan ufisk frå havsens botn. Han plukkar vekk kråkebollar og sjøstjerner etter kvart som han dreg, og får famn etter famn med fisk opp i båten, heilt til båten er breiddfull, og endå er det meir igjen å drage opp. Så mykje fisk har han aldri før fått. Men kva skal han gjere med garnet? Han er ikkje lysten på å sleppe det, og all den gode fisken. Men dreg han meir opp i båten no, vil han ganske sikkert kantre. Rundt han sprellar det i spordar, fiskemunnar snappar, og før han veit ordet av det, blæs det opp ein kraftig vind som får håret til å løfte seg på hovudet og dyttar han bakover i båten, så garnet glepp ut av hendene og blir borte i bølgjene. Båten byrjar bevege seg, fortare og fortare. Det er som om båten har fått fiskehale, så raskt rasar han 32

60662 Eg rissa desse runene – s. 32

28.06.2023 11:32


framover: ut av fjorden, rakt mot storhavet. Ragnar kan ikkje anna enn å halde seg fast i ripa. Rundt han sprellar og sprett det fisk, og brått ser han sonen så klart for seg. Det er som han sit der, rett framom båten, like på sjøen, med trehesten i handa. Han er både eit barn og ein vaksen på same tid. Trekka hans bølgjar att og fram mellom gutebarnet og mannen, og liksom langt borte frå høyrer Ragnar ei lys gutestemme vrinske og ser ei lita barnehand føre hesten framover i eit byks, før hesten fyk ut av handa og gir seg til å galoppere på dei skummande bølgjene. Ragnar synest han ser hesteføtene bøye og strekke seg, som er det ein ekte hest som spring der ute, og så reiser sonen seg, og håret hans blafrar i vinden, det er blitt langt og skjegget er langt og han hevar sverdet og styrtar framover, Ragnar ser at han brøler, men kor er brynja hans og skjoldet, korfor har han berre serk på seg, og korfor er han åleine? Brått krøker sonen seg saman og held seg til magen, han søkk i hop, fell på kne, og Ragnar vil til å kaste seg framover for å få fatt i han, men i det same sprett ein fisk opp og smekker til han i fjeset med sporden, og Ragnar kjem til seg sjølv. Sonen svinn sakte, som eit bilete i vatn som blir ruska til av bårer, og i det same held vinden opp, og havet ligg stilt som ein spegel. Han er komen langt til havs no, med båten full av fisk, og vatnet sildrar inn, ripa er så vidt over vasskorpa. Ragnar forstår kva han må gjere. Dei gamle havjotnane har fylt båten hans med fangst, og no er det dei 33

60662 Eg rissa desse runene – s. 33

28.06.2023 11:32


han må blote til om sonen skal reddast, dei som held gjestebod for dei drukna på havsens botn. Han reiser seg i båten, mellom dei glinsande, glatte fiskekroppane, og sjøvatnet skvalpar høgare om føtene hans for kvar gong tyngda hans får båten til å bikke frå side til side. Han løftar armane og roper med bratt røyst utover det blanke havet: – Ta imot blotet mitt, de jotnar frå gammalt. Ta fisken min og meg, men spar den einaste son min! Med eitt kjem ei lett krusing gjennom vatnet, og han synest han ser eit stort kvinneandlet smile under han, før havet opnar seg og sluker båten som ned i eit svelg.

60662 Eg rissa desse runene – s. 34

28.06.2023 11:32


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.