Bøker 2011 frå Samlaget

Page 74

Olav H. Hauge/Bodil Cappelen:

Dagbok 1924-1994 I utvaL

Brev 1970-1975

K U LT U R H I S T O R I E

OLAV H. HAUGE

GRIPANDE OM KJÆRLEIKEN MELLOM TO KUNSTNARAR

VERDSLITTERATUR OG FRUKTDYRKING I HARDANGER

147

Biletkunstnaren Bodil Cappelen hadde berre møtt den sky poeten gjennom diktinga hans, då ho i februar 1970 skreiv sitt første brev til Olav H. Hauge. Ho fekk svar, men dei møttest først i juni 1974. Cappelen var 44 år og braut opp frå eit ekteskap, mens den 22 år eldre Hauge hadde levd åleine til då. Breva endar med at ho flytter til han i april 1975.

Frå han var 15 år og fram til veka før han døydde, førte Olav H. Hauge (1908-94) dagbok. Med nær 4000 boksider av høgste litterære kvalitet er denne dagboka eineståande i sin sjanger, og ho har vore eit kult- og referanseverk sidan utgivinga i 2000. Det er refleksjonar om litteratur frå heile verda, iblanda tankar og hendingar frå kvardagen og fruktdyrkinga i Ulvik. Her er eit vell av fyndord, ordtak og originale aforismar. Hauge tek også med dei mørkaste stundene – som åra då han var innlagd på sinnsjukehus, samtidig som ein får innsyn i kva som er bakgrunnen for mange av dikta hans.

Ei rørande vakker kjærleikssoge – ein autentisk brevroman med lykkeleg slutt.

Redigert av Sverre Tusvik.

DAG B O K | P r i s c a . k r 2 9 9 , IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 8 6 9 2 U t g . S ep t e m b e r

Olav H. Hauge (1908 -1994). Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv «ein vanleg arbeidsmann». I tillegg til eigne dikt gav han ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Dikta hans har ein eineståande appell på tvers av generasjonane og han er omsett til 25 språk.

BR E V | P r is k r 299,IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 8 7 0 8 i sal

Bodil Cappelen (f. 1930) er biletkunstnar. Olav H. Hauge (1908 -1994). Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv «ein vanleg arbeidsmann». I tillegg til eigne dikt gav han ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Dikta hans har ein eineståande appell på tvers av generasjonane og han er omsett til 25 språk.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.