Bøker 2011 frå Samlaget

Page 53

VAFFELHJARTE

B A R N E BØ K E R 6 – 9 Å R

MARIA PARR

Bok t v-sear bak ien

Boka som varmar alle små vaffelhjarte! Vaffelhjarte har blitt ein klassikar, og i haust kjem forteljinga om Trille og Lena som tv-serie på NRK BarneTV.

105

«Lena er den beste vennen min, sjølv om ho er jente. Eg har aldri sagt det til henne. Det tør eg ikkje, for eg veit ikkje om eg er beste vennen hennar. Av og til trur eg det, og av og til trur eg det ikkje.» Trille og Lena er to svært oppfinnsame niåringar. Lena er tøff og nesten ikkje redd for nokon ting. Men ho er ikkje spesielt sterk heller, alle slår henne i handbak, og det kan hende at Trille må redde livet hennar. Trille er glad i Lena og ønskjer seg at ho skal seie at han er bestevennen hennar. Men Lena gjer det aldri, og av og til lurer Trille på om ho kanskje har eit hjarte av stein. Det kan iallfall verke slik.

Vaffelhjarte kjem på BarneTV denne hausten.

I Vaffelhjarte følgjer vi dei to gjennom liv og vaffelrøre i eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira, der dei lagar taubane mellom husa, leikar andre verdskrig og opptrer som gatemusikantar. Då er det bra dei har slike som farfar og tante-farmor til å ordne opp. Men kva om det skjer noko som ingen kan ordne opp i? Innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg, og om redsla for å miste dei han er glad i. Maria Parr skriv morosamt og lett om glede og alvor, venskap og sorg og om lengten etter å vite heilt sikkert at den du er glad i er like glad i deg. Boka er omsett til mange språk og vart nominert til Brageprisen i 2005. Illustrert av Bo Gaustad.

Maria Parr

6-9 ÅR | P r is k r 179,IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 7 7 4 U tg. Sep t ember


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.