Bøker 2011 frå Samlaget

Page 22

RO M AN A R O G NOV E L L E R

RUNE TIMBERLID

Gaute M. Sortland

Du er her igjen og alt er forandra

Sankt SVITHUNS GÅTE

UNDERFUNDIGE OG SNÅLE NOVELLER

Knallsterk krim frå det mektige Vestkapp

Tenk deg å kunne drepe nokon berre med blikket. Tenk deg å kjenne seg så fri, som ein jamaica-kar, at du kler av deg og går rett bort og helsar på naboen. Eller tenk deg noko så fint som å bli vekka av dryssande snø ned på ansiktet ditt frå lua til den du bur med, og snart luktar det nybakt brød, og det er på tide å stå opp. Slik er det i Gaute M. Sortlands nye bok der forteljingar er spreidde utover eit heilt vanleg år. Her får dei fleste vere med: sokneprestar, fyllekjørarar, livsnytarar og (potensielle) øksemordarar. Folk som opplever at livet plutseleg har endra seg, eller som med eitt oppdagar seg sjølv midt i livet.

Vår mann i vest, Rolf Randen, er utlånt frå lensmannskontoret i Førde for å patruljere kysten i ein open gummibåt, på jakt etter islamistiske terroristar som trugar nasjonen. Eit meiningslaust oppdrag, tenkjer han og vil heller dykke ned til det gamle hurtigruteskipet Sanct Svithun som blei bomba utanfor Ervika i 1943. Under eit dykk finn Randen ein død mann i sjøen ved ei sandstrand nær Vestkapp. Samstundes forsvinn ei kvinne og gamle gullmyntar dukkar opp. Rolf Randen er igjen i sentrum av eit storslått drama som har forgreiningar til Stalins Gulag-leirar, andre verdskrig og den spanske armada – og bak ligg den mektige naturen i Selje og spelar med.

Det er ei nydelig lita bok, dette, tekstene er glatte og klare, som en pose klinkekuler .... Gaute Sortlands øyeblikksbilder blir værende i kroppen. Ellen Sofie Lauritzen, Dagsavisen

KORT P RO S A | P r i s c a kr 3 2 9 , I SBN: 97882 5 2 1 7 8 1 0 4 i sal

Gaute M. Sortland (f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte med romanen Johan i 2009. Sortland er også låtskrivar og vokalist i Bergen Mandolinband.

43

K R I M | P ris c a kr 3 4 9 , ISBN: 9788252176001 U t g . au gu s t

RUNE TIMBERLID (f. 1950) er journalist og kriminalforfattar. Han har, sidan debuten i 1991, skrive fleire bøker om politibetjent Rolf Randen frå Høyanger, m.a. Deadline (2006) og Operasjon Siskin (2008). Timberlid er busett i Førde og arbeider som informasjonssjef i Lotteri- og stiftelsestilsynet.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.