Bøker 2011 frå Samlaget

Page 15

RO M AN A R O G NOV E L L E R

Geirdis Bjørlo

MARIT EIKEMO

Avtrykk

SAMTALE VENTAR

SANSELEG OM FORTIDA

Drivande godt om å falle utanfor

Sigrid reiser i løynd til familien sitt sommarhus ein stad på Vestlandet. Ho vandrar rundt i området og vekkjer slik fortida til live. I det ho går inn i eit hus, tar på seg ei jakke, går ned i ein jordkjellar, gløttar utfor eit stup, så blir lesaren ført tilbake til same stad på eit anna historisk tidspunkt. Utan å vite det nærmar Sigrid seg løyndommar og uklare samband som har fått ligge i fred i mange tiår. Geirdis Bjørlo har skapt ei lesverdig forteljing full av dramatikk, minne og lagnader.

På slutten vever Bjørlo tekstens mange tråder elegant sammen, og lar historien knytte an til vår tid, og det etisk problematiske i å la kunst ligge for tett på virkeligheten. «Avtrykk» er en original og egenartet roman med fine litterære kvaliteter. Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

29

Elisabeth Brenner er eksjournalist på attføring. Gjennom NAV får ho ein ny sjanse i arbeidslivet: ho skal samle dialektprøvar på industristaden Einvik. Hit kjem ho ein mørk kveld i november og flyttar inn på arbeidarbrakka. Dei som bur i denne vesle byen er nysgjerrige og ivrige etter å hjelpe, og ho blir snart kjend med mange. Men arbeidet er verken godt eller effektivt. Brenner greier ikkje skilje jobb og privatliv, og får stadig større problem med relasjonane på staden. Folk stiller seg meir og meir tvilande til kven ho er og kva ho driv med. Brenner fattar interesse for den sære, lokale forfattaren Sveinung Sel, og oppsøker han først for eit intervju, seinare av grunnar ho ikkje sjølv heilt forstår. Eikemo fører vidare prosjektet frå dei første to romanane sine, når ho tematiserer einsemd og lengsle etter - og ambivalens til - ein større fellesskap. ROM A N | P r i s k r 3 5 9 , ISBN : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 8 7 9 1 I sal

Geirdis Bjørlo (f. 1952) har tidlegare skrive bøker for barn og unge. Dette er første boka hennar for vaksne.

RO M A N | P r i s c a k r 3 4 9 , IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 0 8 8 U t g . s ep t e mb e r

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda. Ho gav ut sin første roman, Mellom oss sagt, i 2006. Den kritikarroste oppfølgjaren, Arbeid pågår, kom i 2009. Marit Eikemo har vore informajonssjef, journalist og redaktør (Syn og Segn). Ho er no leiar for Litteratursymposiet i Odda.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.