Page 1

Muntergang ferdig.qxd:A

08-06-10

13:28

1

Side 1


Muntergang ferdig.qxd:A

08-06-10

13:28

2

Side 2


Muntergang ferdig.qxd:A

08-06-10

13:28

Side 3

Atle Berge

Muntergang Roman

Samlaget Oslo 2010

3


Muntergang ferdig.qxd:A

08-06-10

13:28

Side 4

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslagsillustrasjon: Lars Fiske omslag: Øystein Vidnes førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond, Frisianus, Sasoon m.m.5 papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykk og innbinding: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7741-1

4


Muntergang ferdig.qxd:A

08-06-10

13:28

Side 5

Du er mistenkt for å meine livet er latterleg. Ja vel. Forelska tullingar tar vi på alvor. Bra. Du kjenner ikkje forskriftene for denne seansen, men prosedyren er at eg les opp belæringa og du passar munnen din. Greitt. Forelska tullingar tar vi på alvor. Det hadde ikkje vore eit problem for AST dersom du blind av forelsking ikkje såg at du var i ferd med å gå under, sosialt – og nesten fysisk, ser eg, men det kjem vi tilbake til. Eg kjenner ikkje forskriftene for denne seansen, men eg tvilar på om du har lov å legge til eigne kommentarar … Det hadde ikkje vore eit problem for AST dersom du blind av forelsking ikkje såg at du var i ferd med å gå under SOSIALT.

5


Muntergang ferdig.qxd:A

08-06-10

13:28

Side 6

Flott. Då kunne vi humre litt av avstanden mellom di forelska verkelegheitsforståing og vår realistiske; slik vi humrar av Don Quijote som ser eit vertshus og trur det er ei borg. I staden verkar det som om du med opne auge og friskt vit har øydelagt kroppen din og ikkje brydd deg med at det sosiale nettverket ditt raknar på alle kantar. Ja, det er som om du meiner at vi er Don Quijotane, at det er eit gap mellom vårt alvor og dei eksistensielle vilkåra. Vi håpar du forstår at ei slik haldning er uhaldbar. Frå før Johan Nordahl Brun skreiv Og bryde Lænker, Baand og Tvang; / For Norge, Kjæmpers Fødeland, har alvoret vore der. Det er med alvor vi har overlevd. For to hundre år sidan var vi eit primitivt folk, med den lågste allmenndanninga i Europa. I dag er vi eit av verdas rikaste folk, eit høgt utvikla samfunn, med eit folk som gjennomgåande er så høgt utdanna at sjølv dei mest kompliserte teknologiske nyvinningar kan bli styrte ved hjelp av landet sine eigne arbeidarar. Trur du, Pål Stordalen, at dette er eit resultat av flaks? Trur du dette er noko vi har oppnådd ved å tulle og tøyse, vri og vende på språket? Eg har då aldri vridd på – Hysj. Ja. Ved å strekke talenta våre til det yttarste, stelle kroppane og heimane våre og halde oss oppdaterte på dei gjeldande 6


Muntergang ferdig.qxd:A

08-06-10

13:28

Side 7

trendane, kommuniserer vi til kvarandre at eit sunt og friskt alvor er på plass. Å eksperimentere med denne kommunikasjonen er i beste fall umodent. Leik er noko barn driv med; dei hermar dei vaksne sin oppførsel som ei førebuing til vaksenlivet. Hadde du vore ein ivrig ordbokbrukar, ville du vite at definisjonen på nysgjerrigheit er «gleda barn kjenner når dei gjennom leik lærer seg vaksen oppførsel». Dessverre kan det gode humøret du har møtt den sosiale misera med, tyde på at du har kjent ein negativ variant av ei slik undersøkingsglede ved å gå under. Vi fryktar difor for at du meiner alvoret eller sjølve livet er latterleg. Då Alvorets sikkerheitsteneste starta arbeidet med fengselsinstitusjonen vi i dag kjenner som Spøk, var det nettopp for å utrydde eit slikt ironisk dødsmedvit; ideen om at drivkrefter som skam, skuld og prestisje er meiningslause og latterlege i lys av døden. Vi har funne måtar å rehabilitere dei fleste uønskte sinnstilstandar på, men dette morbide perspektivet på tilværet har vi ikkje klart å kvitte oss med. Til no har vi ikkje funne andre løysingar enn å luke ut dei det gjeld og nekte dei tilgang til samfunnet. Klarer ikkje tiltalte å legitimere den tilsynelatande mangelen på alvor i forklaringa si, blir dette einaste utveg også i denne saka.

7


Muntergang ferdig.qxd:A

08-06-10

13:28

Side 8

Gamle venn! Du har nok lurt på om eg har glømt deg, men som du ser, hugsar eg både namnet ditt og adressa til foreldra dine. Eg har det greitt. Spøk er meir eit koseleg viddehotell med ein liten landsby rundt enn eit fengsel. Cella er stor nok. Maten, gratis. Eg har fått tullenamnet Forkjøla Steintoast av dei innsette og ein fin, blå kjole av AST. (Dei kler oss opp i finklede for å inspirere til vaksen oppførsel, men foreløpig har taktikken ingen effekt verken på oppførselen eller sjelelivet mitt.) Til no er det ei med tullenamnet Lillehammer-OL eg har fått best kontakt med. Ho hadde ein gong i tida det alvorlege namnet Wenche Frøydis Kjos og vart dømt for å ha dansa, trippa og slentra forbi instruksjonsplakaten «Sivilisert gange» utanfor skulen ho hadde ansvaret for å vaske kvar morgon. Ho har vore her i snart atten år, er ferdig med rehabiliteringsprogrammet og har fått ei eiga hytte i landsbyen rundt sjølve fengselet. Du ville likt henne. Vi har snakka om deg, og ho sa «Katrine, Katrine, Katrine … Du må vere verdas største idiot» då eg for-

8


Muntergang ferdig.qxd:A

08-06-10

13:28

Side 9

talte kva eg enda opp med å gjere. (Veit du at AST meiner eg stod bak Tour de France-aksjonen?) Når vi snakkar om deg, ser eg deg for meg i den stygge, oransje sofaen din. Du prøver å halde på det gode humøret ditt, ser på tv med Albert Camus-boka i fanget. Statoilaksjen har gått opp med 4,8 %, og spørsmålet er om livet er verdt å leve. Eg tippar du har vore på belæring hos AST. Kanskje sender dei deg hit, kanskje har dei allereie skaffa deg ny jobb, ny leiglegheit, nye klede og ein vekeplan du må fylle ut for å vise kor alvorleg du tar deg sjølv? I så fall ville eg passa på å få med at du har gått på do når kroppen din har bede deg om det, og tørka deg med mjukt toalettpapir etterpå for å ikkje bli sår. Eg ville nok også, uavhengig av kva AST råder deg til, spandert nokre minutt kvar morgon på å leite etter spor i entreen og stova for å forsikre meg om at ingen galne jenter har vore innom og lånt sofaen medan eg sov. Det var alt frå meg i denne omgang. Fleire av dei andre har skaffa seg uniform, nøkkelkort og kodar, så det skal gå greitt å få brevet ut. Eg trur forresten vaktene jobbar her for å få sleppe livet utanfor murane. Dei behandlar oss i alle fall svært godt, skaffar dataspel, filmar og andre ingrediensar til dei innhaldsrike, men meiningslause liva våre. Helsing og alt slikt, Forkjøla Steintoast

Muntergang  

1 2 Roman Atle Berge Samlaget Oslo 2010 3 4 isbn 978-82-521-7741-1 Eg kjenner ikkje forskriftene for denne seansen, men eg tvi- lar på om du...

Muntergang  

1 2 Roman Atle Berge Samlaget Oslo 2010 3 4 isbn 978-82-521-7741-1 Eg kjenner ikkje forskriftene for denne seansen, men eg tvi- lar på om du...