Nordisk mønsterstrikk

Page 1

Det handlar om å få vere seg sjølv

Arbeidet med den nye boka mi starta for alvor etter eit føredrag på Førde bibliotek om strikkinga mi. Der snakka eg litt om vegen min inn i handarbeidet og korleis eg enda opp med å designe strikkemønster. Då snakka eg også om einsemda eg kjende på i oppveksten med mine jamaldrande og på skulen. Det å strikke eller drive anna handarbeid var aldri innanfor eller kult.

På grunn av den eg var, vart eg kalla «jævla homo» lenge før eg sjølv skjønte kva det betydde. Mest av alt vart eg den gongen fråteken moglegheita til å vere stolt over meg sjølv og det eg var flink til. Negative kommentarar og latterleggjering, vald og mobbing var ein fast følgjesvein for meg på skulen. Det at eg var flink til å sy, strikke og brodere, vart noko eg måtte skjule eller unngå, om eg skulle få vere i fred.

Den gongen hadde eg nok ein draum om å bli flink i fotball eller noko av det som var «riktig». Hadde nokon sagt til meg den gongen at eg skulle oppleve å få mykje merksemd og glede kring hobbyen min, hadde eg aldri trudd dei! Denne boka er difor ei hylling til alle dei som såg meg den gongen og oppmuntra meg til å dyrke interessene mine: dei som gav meg ein hyggeleg kommentar eller skryt og løfta fram det eg var flink til.

Boka er mi vandring i nordisk mønstertradisjon, tekstilkultur og natur. Frå bunad til norsk trikotasjeindustri, frå gamle sauerasar til nye og mjuke garn, frå nattrøyer til selbustrikk. Eg vonar du vil finne mønster du ønskjer å strikke, og at du vil bere resultatet med stoltheit. Ikkje minst vonar eg du finn glede i handarbeidet og det du kan skape med hendene dine!

Birger

Birger
4
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.