Arvid Mæland: Mitt liv som cowboy

Page 1




Håvard Ovesen

ARVID MÆLAND

Samlaget Oslo 2023


© Det Norske Samlaget 2023 www.samlaget.no Design: Trine + Kim designstudio Foto på omslaget er henta frå NRK-serien Cowboyen og kongen. Foto: Erik Waage / NRK Skrift: Blaak og Mercury Papir: 120 g Multi Offset Trykkeri: Livonia Print Printed in Latvia ISBN 978-82-340-1170-2

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.

HÅVARD OVESEN (f. 1979) er journalist i Jærbladet. Han er utdanna medievitar frå Universitetet i Cape Town og har tidlegare jobba i Gjesdalbuen, Sandnesposten og Solabladet.


INNHALD COWBOY........................................................ 7 ALEINE PÅ BUSSEN........................ 14 ADHD.....................................................16 BIL...............................................................20 HAUGE..........................................................25 KLINSJ................................................. 33 AUKSJON................................................ 37 JÆREN..................................................... 41 LAUPERAK............................................47 KONGEN I FJELLET...................... 53 EIN DEL AV NOKO STORT.......56 LOVAR OG REGLAR....................... 61 GARANTERT NAPP..........................66 HALVT SKJEGG................................69 DEMONSTRASJONAR................. 72 CANADA.................................................. 74 SPESIALREISER............................... 77 ALVIN........................................................85 SYNDA KJEM I HUS......................88 HINGSTEN I MEG...........................93 ALFAHANN........................................ 105 UNGDOM.............................................. 107

SJØLV HELTAR KAN VERA PSYKISK SJUKE.......................114 ANNLEIS................................................119 KONGEN....................................................123 HUNDANE........................................... 125 HUSE PÅ JÆREN........................... 128 IVAN............................................................... 133 LOPPER I BLODET.......................... 137 MOBBING.............................................140 KOMMENTARAR........................... 142 BAKLENGS PÅ DANSESKO.... 144 UDYKTIG.............................................. 146 NORWAY RANCH........................... 148 ANGST.................................................... 157 PENGAR.................................................160 IMPULS.................................................. 169 SKRØNER..............................................171 KLONES..................................................177 COWBOYEN OG KONGEN.......184 FARMEN............................................... 189 KJENDIS............................................... 192 MEIR........................................................ 195


6


< Ein cowboy kan vera så mangt. Foto: Carina Johansen

COWBOY

EG HAR KYR, eg kan hiva lasso, og eg rir på hest. Folk kallar meg cowboyen frå Jæren. Men eg er ikkje the real deal. Cowboyen er ein lausarbeidar. Han følger kveget, bur i brakker, jobbar for andre og lever frå paycheck til paycheck, veke til veke. Slik er ikkje eg. Eg er bonde. Det tyder ein som er bufast, ein som er knytt til jorda han lever på. Det er motsett av cowboyane. Eg har streifa over store delar av kloden, men eg har alltid hatt ein plass å venda tilbake til. Eg har litt meir plan i det eg gjer. Ordet cowboy har med tida fått fleire betydningar. Folk seier gjerne at ein person er litt cowboy. Det kan vera både positivt og negativt meint. Ein cowboy er gjerne ein som går eigne vegar, ein som tar sjansar, ein som køyrer litt for fort. Eg er litt sånn. Eg har ADHD. Får eg ein idé, handlar eg på han.

Heile livet har det vore noko som driv meg vidare. Eg køyrer på, sjølv om det kan vera slitsamt for dei rundt meg.

7


For dei som er i tvil > – Arvid kan hiva lasso. Foto: Nina Mæland

Eg har ikkje tal på kor mange avisartiklar som har kalla meg cowboy. Det finst både ei bok og ein tv-serie som kallar meg «Cowboyen». Det synest eg er heilt topp. Både boka og tv-serien meiner det positivt, men eg veit jo godt at av og til er det andre som meiner det negativt. Det lever eg godt med. Folk må få meina det dei vil.

Å vera cowboy har vorte eit varemerke for meg. Det har til og med hendt at eg har opna postkassa og funne post som berre har vore adressert til «Cowboyen på Jæren». Eg reiser til Amerika fleire gongar i året. Då går eg på rodeo. Det er noko av det kjekkaste eg veit. På nittitalet forsøkte eg til og med å introdusera rodeo heime i Klepp. Eg er ingen bull rider sjølv. Eg var for gammal då eg oppdaga cowboylivet. Dei seier det er to ting som trengst for å lukkast i rodeo: «small balls and a small brain» – du må vera litt ung og dum. Eg er nok meir gammal og tung. Då eg var liten, var eg aldri opptatt av cowboyar. Eg leika ikkje cowboy og indianar. Eg las ikkje Morgan Kane. Eg trur ikkje eg såg ein einaste cowboyfilm. Heltane mine var ikkje cowboyar, men folk eg kjente: far min og andre vaksne som ikkje var redde for å ta i eit tak. Dei var heller ikkje redde for å gå sine eigne vegar. Nå som eg er vaksen sjølv, er det dei vaksne frå eg var liten, eg liknar mest på, ikkje John Wayne og dei – sjølv om eg går med boots, Wrangler-skjorter og cowboyhatt.

8


9


I 1994 drog eg til Canada. Sett bort frå eit par sydenturar hadde eg aldri vore utanlands før. På den kanadiske prærien trefte eg cowboyar for fyrste gong. Levesettet deira var heilt annleis frå det eg var vand til. Dei levde tett på dyra. Eg har alltid vore veldig glad i dyr, så det appellerte til meg. I Canada er gardane store. Ein bonde kan ha ein gard på størrelse med heile Jæren. Fleire gongar fekk eg vera med cowboyane og ri for å sjå etter kyrne. Livet deira fascinerte meg. Det gjer det ennå. Det var på den turen eg kjøpte min fyrste cowboyhatt. Med tida har slike hattar vorte eit slags kjennemerke for meg. Kor praktisk det eigentleg var med hatt, forstod eg kort tid etter at eg begynte å jobba som reiseleiar. Eg var i Argentina med eit reisefølge for å sjå grava til Eva Perón. Utanfor, på parkeringsplassen, stod turbussane lina opp, buss nummer éin, to, tre, fire og så bort­ etter. Dei ulike reiseleiarane stod fint stilte opp på sida med kvart sitt flagg. Det var haugar av heilt like bussar på ein svær plass, men turfølget mitt fann bussen vår med ein gong: Eg var den einaste reiseleiaren med cowboyhatt. Hatten har òg ein annan fordel: Uansett kor eg reiser i verda, er han ein ice breaker. Eg kjem lett i snakk med folk. Det er ikkje berre eg som er nysgjerrig på dei. Når eg går kledd som eg gjer, vert dei litt nysgjerrige på meg òg. Éin ting er unikt med Noreg: Det er det einaste landet der folk ikkje lèt hatten min vera i fred. Berre dei har drukke nok, går nordmenn rett bort og riv han av hovudet mitt. Eg har vore på fest

10


Det er lenge sidan det å vera cowboy vart eit varemerke for Arvid. Foto: Ole Jørgen Alstadsæter / Jærbladet

i Moskva, på karneval i Rio og hamna midt oppe i opptøyar i Peru. Den einaste plassen folk tar hatten min, er i Noreg. Ein ekte cowboy er ikkje redd for å gå sine eigne vegar. Han er eit arbeidsjern og jobbar overtid når det trengst. Han møter folk med respekt og er høfleg og imøtekommande. Sånn sett har cowboyane eg trefte i Canada, mange av dei same verdiane som eg vaks opp med på Jæren. Dei er berre litt friare. Dette er mi historie og slik eg hugsar det.

11


Arvid heime på Hauge i Klepp i 2006. Foto: Håkon Vold / VG / NTB

12


13


ALEINE PÅ BUSSEN EG VAR NI år då eg tok bussen frå Klepp til Fellesslakteriet på Forus. Det var far min som sende meg. Det var auksjon, og han skulle ha to nye kyr.

Eg hadde aldri vore på auksjon før. Sidan har eg vore på tusenvis av auksjonar, mange av dei med meg sjølv som auksjonarius. Far min gav meg tre beskjedar: Eg skulle ikkje kjøpa den dyraste kua. Eg skulle ikkje kjøpa den billegaste. Kua skulle vera utan merknadar frå veterinæren. Eg gjekk gjennom auksjonslista og la ein plan. Eg tenkte at dei dyraste kyrne ville gå fyrst, og bestemte meg for å by på ku nummer 6 og ku nummer 18. Eg fekk tilslaget på ku nummer 6. Då eg begynte å by på ku nummer 18, stoppa auksjonariusen for å spørja meg om eg hadde plass til kyrne, og om eg hadde ein plan. Eg svarte: «Ja, eg kjøper for far.» Då var det greitt.

14


Arvid har drive med dyr sidan han var liten. Her er han med gjæsene sine heime på Hauge, ti år gammal. Foto: Privat

Det du skal sjå etter når du kjøper ei ku, er om ho står godt på føtene. Lynnet er òg viktig. Du sansar fort om kua er redd eller roleg av seg. I tillegg må du sjekka helsekortet hennar. Ho bør ikkje slita med sjukdommar. Då kyrne eg hadde kjøpt, vart leverte heime, var far min fornøgd. Det var ei god kjensle. Eg hadde gjort ein god jobb. Eg veit ikkje om eg ville sendt den ni år gamle sonen min aleine med bussen for å kjøpa kyr. Men far min har heile livet slite med ei hofte som er for kort. Berre det å komma seg inn og ut av traktoren er vondt for han. Dessutan, for å få alt til å gå rundt, gjekk både han og mor mi på arbeid, og dreiv garden utanom. Det gjorde at eg fekk sleppa til overalt. Det var ingen avgrensingar. Den oppveksten har betydd alt for meg. Eg lærte meg å stola på og klara meg sjølv.

15


ADHD

DÅ EG SKULLE ta lappen, vart eg kasta ut av køyreskulen. Eg greidde ikkje teia stilt og sitta i ro. Eg hadde litt for lett for å få dei andre til å le. Til slutt sa køyrelæraren at dette gjekk ikkje. «Du uroar for mykje. Dei andre lærer ikkje det dei skal», sa han. Eg var vand med sånne beskjedar frå barneskulen, og han sa det på ein grei måte, men det var ikkje kjekt. Det er ei artig historie å fortelja nå, men då det skjedde, var det sårt. På barneskulen var eg jo berre fordi eg var tvinga, men på køyreskulen var eg heilt frivillig. Eg hadde til og med betalt for det. Likevel klarte eg ikkje å vera roleg.

Eg var 47 år då eg fekk diagnosen ADHD. Det var ho som då var kona mi, som meinte eg måtte sjekka kvifor ting alltid vart så stress. Det var eit problem at eg aldri kunne roa ned. Ho likte å starta dagen med ein kopp kaffi og litt drøs, men då var eg for lengst ute av døra og i gang med å jobba. Eg var godt klar over at eg ikkje var

16


ADHD

Det er sjeldan han har ro i rauva, men ein sjeldan gong går det likevel an å sjå Arvid som ligg på sofaen og skrollar på mobilen. Foto: Carina Johansen

så roleg av meg, men hadde eigentleg aldri tenkt på det som eit pro­ blem. Eg var jo ikkje vand med noko anna. Eg var til grundig utgreiing hos Balderklinikken, ein privat klinikk i Oslo. Dei stadfesta at eg hadde ADHD. Eg fekk tilbod om med­i­sinar. Eg har ei øskje av dei liggande heime, men eg har aldri brukt dei. Eg er litt redd for at dei skal gjera meg sløvare. Eg har lese for mykje om folk som tar for mange medisinar og slit med biverknadar. Det kan godt vera at det funkar for andre, og dei må få gjera som dei vil, men sjølv har eg ein høg terskel for å ta tablettar. Det hender legen har skrive ut penicillin til meg, men eg pleier ikkje ta det heller.

17


Eg strauk to–tre gongar før eg til slutt greidde å ta lappen. Eg ser jo nå at det var ADHD-en som gjorde at eg vart hiven ut av køyreskulen den gongen. Problemet var ikkje sjølve køyringa – eg har køyrt bil og traktor sidan før eg begynte på barneskulen – men eg klarte ikkje å sitta i ro, og eg orka ikkje lesa i teoriboka. Før eg stod, måtte eg melda meg opp eit par gongar berre for å finna ut kva dei kom til å spørja om.

Slik har det vore heile livet. Eg les aldri instruksjonane. Eg har ikkje ro til det. Eg køyrer heller ting i sund til eg lærer av det. Sånn er det med landbruksgreiene mine òg. Fordi eg ikkje gidd å lesa meg opp, må eg heile vegen læra på den tunge måten. Men kan eg snakka med nokon, så lærer eg fort. Eg ser ikkje på ADHD-en min som eit problem. Det er den som gjer at eg kjem meg opp i femtida om morgonen for å gå i gang med dagen. Det er den som gjer at eg køyrer på. For eg vil heile vegen vidare. Eg vil ikkje stå stilt. Det er det verste eg kan tenka meg. Etter at eg fekk diagnosen, hadde eg i grunnen ikkje tenkt så mykje meir på han. Men så kom tv-serien Cowboyen og kongen. Der snakka eg litt om diagnosen. Det var mange som såg det, skreiv til meg og sa at eg hadde gjort det akseptabelt for folk å seia at dei har ADHD. Før vart dei flaue over det, for det var berre halvgalningar og halvgangsterar som hadde det. Mange fortalde at dei hadde slite meir enn meg med å temma energien sin. Fleire hadde tydd til stoff

18


ADHD

for å roa ned. Lopper i blodet kan høyrast uskuldig ut, men med tida kan det komma heilt ut av kontroll. Då eg var ung, var eg heldig. Eg hadde ein heil gard eg kunne ta meg ut på. Eg kunne ta ein tur ut med kua, eg kunne ta hesten, eg kunne ta traktoren, eg hadde arbeidsoppgåver hos naboen. Eg hadde mykje eg kunne bruka energien min på, utan at det vart destruktivt. Det var alltid utfordringar å ta tak i. Det er det det handlar om. Du må finna noko som kan stimulera. For mange trur eg det er godt å køyra crosserar og motorsyklar og den typen ting; dei må henta ut litt adrenalin. Kor eg sjølv ville vore i livet utan ADHD, har eg ikkje peiling på. For meg har det vore ein motor. Eg har aldri hatt fast jobb. Det kan det henda eg kunne klart om eg ikkje hadde hatt ADHD. Det har eigentleg aldri vore eit sakn. Det har liksom ikkje vore aktuelt for meg. Eg liker best når eg kan styra ting sjølv.

19


BIL

EG KAN IKKJE hugsa at eg lærte å køyra bil. Men eg kunne det før eg begynte på skulen, så det må ha vore tidleg. Far min gjekk på arbeid. Han hadde mykje å gjera, både heime og på garden. I tillegg hadde han den vonde hofta. Difor vart det sånn at dersom me berre hjelpte til med gardsarbeidet, så fekk me stort sett gjera som me ville, inkludert å køyra. Bilane heime stod med nøklane i. Det var berre å setta seg inn. Då eg var elleve, drog mor og far på ferie til Portugal. Eg fekk ansvaret for å stella heime. Med meg hadde eg bestemor og bestefar. Ein dag, då me var ferdige med fjosstellet, fann me ut at me skulle reisa ein tur til stranda. Me tok lastebilen til far min. Det var eg som køyrde. Bestefar min, som ikkje kunne køyra bil, kom ikkje på at ein må ha sertifikat for å gjera slikt. På vegen heim stoppa me på Bryne for å handla. På butikken trefte me tanta mi. Ho lurte på kven av oss som hadde køyrt. Det var så vidt me kom oss av garde igjen før ho tok nøklane frå oss. Nå er eg vaksen, og har lappen for snøskuter, motorsykkel og lastebil, i tillegg til vanleg personbil. Eg er glad i å køyra og køyrer

20


BIL

mykje. Det er avslappande. Det gjer meg ingenting å setta meg inn i bilen for å køyra 500 mil. Det har hendt meir enn éin gong at eg har selt dyr på Finn.no og køyrt opp til Nord-Noreg for å levera dei, berre for å få turen. I løpet av livet har eg hatt fleire bilar enn eg klarer å telja. Då eg budde i USA, køyrde eg svære, amerikanske bilar. Det var gildt. Men stort sett har eg berre hatt godt brukte bilar. I Noreg har eg berre kjøpt nybil ein einaste gong.

Eg bryr meg ikkje om bilmerke og slikt. For meg er bilar bruksting. Så lenge dei går, er eg fornøgd. Sluttar dei å sviva, kvittar eg meg med dei. Eg har reist mykje rundt i landet, treft mykje folk og besøkt mange i allslags ærend. Dei fleste har god plass til andre i livet sitt. Men om dei som kjem på besøk, er betre enn dei i alt, med flottare dame, kulare klede, eksotiske feriar og på toppen av alt har ein finare bil, kan det til slutt verta litt for mykje. Då er det ikkje kjekt lenger. Det er noko eg prøver å vera merksam på. Det gjeld å gje folk space til å ha noko å vera stolte av. At dei ikkje har like stygg bil som meg, kan vera ein slik ting. Dessutan har eg ein økonomi som svingar. Av og til har eg pengar, av og til ikkje. Sånn er det å vera bonde og forretningsmann. Det er cash in og cash out. Då passar det dårleg å ha store avdrag på dyre bilar hengande over seg. Det er betre å kjøpa noko billeg og heller skaffa ein ny kvar gong EU-kontrollen nærmar seg.

21


ARVID MÆLAND Arvid har aldri brydd seg mykje med flotte bilar. Men han liker å pynta dei. Foto: Henta frå Cowboyen og kongen / Erik Waage / NRK

22


BIL

23


24


< Arvid, to år gammal. Foto: Privat

H AU G E

EG KJEM FRÅ garden Hauge i Klepp. Eg vart fødd 1. mai 1968. Far min heiter Noralv. Mor mi, Judith Irene, døydde nå i sommar. Eg saknar henne. Eg har fire yngre søsken: Ivar, Irene, Nina og Jarle.

Alle som veks opp på gard, er heldige. Det er alltid noko å gjera, og du er aldri aleine. Det er alltid ein hund eller ei ku å snakka med. Det fine er at dei som regel er einige med deg. Andre folk leika då dei var små. Det gjorde ikkje eg. Eg ville vera som dei vaksne. Det eg var opptatt av, var arbeid. Då eg var seks år gammal, fekk eg mine fyrste sauer. Dei var mitt ansvar. Det var eg som stelte dei, fôra dei, gav dei vatn og la inn strø til dei så dei hadde det tørt og godt. Fekk dei lus, måtte eg gje dei lusemiddel. Om våren måtte eg vera til stades under lemminga. Eg begynte i det små, med seks sauer, og fekk litt fleire etter kvart. Mange år seinare, då eg budde i Vågå, sette eg meg som mål å verta

25


Noregs største sauebonde. Det var eigentleg berre eit innfall, ein gimmick, men eg kom ganske langt. Dette var på ein svær gard som var godt eigna til sauehald. Eg bygde det som vart eit av dei største sauefjosa i landet, og rydda ein heil skog for å laga beitemark nok. Det var ikkje alle som likte at eg hogde ned den skogen. Men eg er jærbu. Det er slik me er laga. Det er ikkje tilfeldig at Jæren ser ut som det han gjer. Ser me ei myr, grev me ei grøft, pelar ut steinen og lør han i steingardar rundt det som vert ei produktiv grasmark, eller kjelve, som me seier på Jæren. I Vågå tok eg ut 300 mål med skog for å laga nok beite. Men Noregs største sauebonde vart eg aldri. Eg har høyrt at i Etne er det eit fjos med plass til 1200 sauer. Eg kom aldri lenger enn til 650 sauer før eg vart dritlei av å driva garden i Vågå og la han ut på Finn.no.

Eg fekk dei fyrste grisane mine då eg var ti år gammal. Då eg var tolv, fekk eg kassakreditt og mitt eige grisehus, som eg forpakta. Frå det tidspunktet hadde eg min eigen økonomi. Eg måtte planlegga og halda orden på alt sjølv. Far min gav meg lov, men han var aldri med, så alt var opp til meg. Eg lærte mykje av det og vart fort vaksen. Den fyrste sommarjobben min fekk eg då eg var tolv år. Eg var med som hjelpemann på bilane til Jæren Offentlege Slakteri i Vardheia. Eg fekk jobben gjennom far, som var sjåfør der. Når slaktebilen kjem, vert kyrne urolege. Det er ikkje alltid dei er like

26


HAUGE

Slik såg det ut på Hauge i 1959, ni år før Arvid vart fødd. Foto: Widerøe Flyveselskaps flyfoto / Nasjonalbiblioteket

lystne på å vera med. Heldigvis kunne eg eit triks og to for å hanskast med dei. Hadde det ikkje vore hjelp i meg, ville aldri dei gamle som jobba der, hatt meg med.

Den fyrste lønninga mi var ein sjekk på 500 kroner. For meg var det mykje, men det var ikkje difor eg gjorde det. Eg tok jobben fordi eg syntest det var stas å stå opp klokka seks om morgonen, reisa rundt til bøndene på Jæren og visa fram det eg kunne.

27


Arvid har fire søsken. Her er han saman med den ti år yngre søstera Nina. Foto: Privat

Eit par somrar etterpå hadde eg ny sommarjobb på slakteriet. Styraren var ikkje så opptatt av dette med sertifikat. Han berre spurde om eg kunne køyra. «Ja», svarte eg, og fekk nøklane til ein lastebil. Jobben var å henta dyr over heile Jæren. Ein gong eg var ute og køyrde, kom eg til Åse i Klepp. Der var det sleppt ut nokre hestar. Eg kikka nok litt for lenge på dei, for plutseleg hadde eg køyrt rett i steingarden. Då eg stod og leste opp steinane igjen, kom Hans Åse gåande. Heldigvis var han grei. «Eg ser du ikkje er gammal nok til å køyra, men eg skal ikkje seia noko», sa han. Eg hadde ikkje sleppt mine eigne ungar til å køyra rundt på den måten, men det gjekk fint. Det var ei litt anna tid. Eg er ikkje blant

28


Arvid (t.v.) saman med småsøskena Irene og Ivar. Foto: Privat

dei som meiner at alt var betre før. Det var det ikkje. Det er mykje som er betre nå. Men den fridommen eg hadde då eg vaks opp, den trur eg ikkje ungdommane har i dag. Og utan den veit eg ikkje om eg ville klart meg så godt som eg har.

Då eg var 16, flytta eg frå foreldra mine på Hauge for å driva gard for meg sjølv på Varhaug. Seinare har eg budd i Klepp, i Arkansas, i Numedal, i Asker, på Hardangervidda og i Gudbrandsdalen. Dei tre siste åra har eg budd i Lauperak i Bjerkreim.

29


30


Arvid har godt dyretekke. Foto: Kristian Jacobsen / Stavanger Aftenblad

31


32


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.