Bukk & Sigd

Page 1

Bukk & Sigd

Dikt Samlaget Oslo 2023
Martin Ingebrigtsen

elegy is not a form but a mode of being the poet must write from CAConrad

natt til 19.8.20 trøst, menneske poetikk William Blake Bukk Bukk Sigd Sigd trøst, spøkelse 5 7 13 109 112 114 124 126 150

det var aldri noko far og son mellom oss heller ikkje no eg har forsøkt å kalle dette diktet kjære far og liknande men det kjennest som å gå inn i eit tomt rom som dette diktet er eit tomt rom du er ikkje i det den einaste rest som finst av deg i dette diktet er meg

i dag tidleg tok eg imot dødsbodskapet med ein enkel tanke: «no er det over» eg treng ikkje lenger forklare at du er eit menneske der ute i verda

som ikkje vil

som ikkje kan

i staden kan eg ganske enkelt seie: «han er død» eg tenkte på det i heile dag mens eg kjørte ut mot Jonsvannet for å hjelpe morfaren min med å selje familiehytta

mens eg kjørte innom Wangsmo Antikvariat med ei kasse bøker til sals mens eg hørte Torunn lage middag på kjøkkenet

først no

når den milde seinsommarnatta mørknar utafor vindauget på heimekontoret

ser eg for meg din siste sommar

halvt sovande på Hospice Djursland

og eg blar fram til denne skissa som eg skreiv for nokre månader sidan

som eg trudde eg skreiv om nokon andre men, innser eg no

omtrent samtidig som eg hørte du var blitt sjuk:

det er dei kvite lakenas tid

og morgonlyset fyller den kvite gardina

hjartet ditt ligg att i senga

snart kjem dei og hentar det legg det i skrinet med det andre du har mista undervegs: ansiktet

hendene stemma

så samlar dei saman sengetøyet og vaskar blodet og sveitten ut

og i overimorgon er rommet tomt før det blir nytt for nokon andre for du har stått opp

du er lettare til sinns enn nokon gong

lettare enn den første gongen

lungene dine opna seg mot verda

og du skreik

og du skreik

5
natt til 19.8.20

eg trudde oppveksten min handla om meg

eg dyppar hendene ned i kokvarmt oppvaskvatn

og når eg kvepp tilbake tenker eg på deg

og på ein rev og ein kanin som et kvarandre

og eg skjønner ikkje kvifor rev og kanin

når eg burde tenke på det litle pinnsvinet

vi er 16 år og du har pinnsvinet i handa

vi går på gangstien langs eit av jorda på Utleira

eg hugsar ikkje dei andre det er tre av dei

eg hugsar berre deg

du kjem halsandes etter oss pinnsvinet skremt krølla inn i seg sjølv

ligg på handflata di

og du tar sats inntar positur som om

du skal kaste den litle kula ut over jordet

og vi trur du skal kaste så vi stoppar deg vi truar deg

og du størknar du blir til papp og gangstien under deg blir til papp

og regnet kjem og fuktar deg og tar bitar av deg

dråpe for dråpe oppstår hòl etter hòl

flik etter flik blir riven av

sjølv om himmelen over oss er stjerneklar

sjølv om det ikkje blæs

ingen bilar kjører forbi

dei oransje lyktene på gangstien lagar scene

fire gutar ser deg smuldre

7
trøst, menneske

og det vorspielet du sovnar på sofaen og vi andre går ut vi står utafor huset

da du brått ligg lent over rekkverket på verandaen fire meter over oss og gaular så kjem dei lange keitete beina dine og du veltar deg over rekkverket

treffer steinhellene med ansiktet først

og du kikkar opp på oss

og gliset ditt heng på den sida der kjeven er knekt

auga dine også no eit barn som har tatt igjen dei store gutane og ansiktet ditt blir knusktørr porselen

bitar ramlar av hovudet ditt

og hovudet ditt er svart og slimete

og bitane av ansiktet ditt klinkar mot bakken

og formar ei knust smilande maske på den grå steinen

visste du om du kom til å kaste pinnsvinet?

skjønte du da du plukka det opp at du kunne bruke det til å kjøpslå? legge det frå deg under ein hekk i byte mot ein sigarett

du fekk rundjuling seinare den kvelden

eller var det ein annan kveld

eller ein annan kveld

eller ein annan kveld det kvite skummet i oppvaskvatnet

boblene sprekk mot overflata

og til dei raude hendene mine som eg held opp føre ansiktet som ventar på å kjølne før eg dyppar dei tilbake seier eg:

«dokker er for lengst døde begge to»

og eg tenker no på pinnsvinet og du og det er forundring eg kjenner over denne plutselege jamstillinga

sjølvsagt er dokker daude

8

vi var nærast da vi var små

vi fanga biller, humler og tusenbein

vi fylte bøtter med vatn og frostvæske, lakk, olje, løysemiddel

alt vi fann i skjulet

så såg vi på mens billa, humla, tusenbeinet kava rundt i gugga og drukna eg ønsker eg kan redde insekta ut

og så skjemst eg over det ønsket

og eg tenker på om du nokon gong kjente skam

og på den gongen du drog buksa ned på anklane og pissa på eit kumlokk med den store kuken din

det er pandemi no

eg har vore inne og aleine i månader

eg les Rilke, Moore og Notley ser Tiger King og Mindhunter speler Football Manager i 627 timar og ansiktet mitt er dekt av salt

og kjøttet mitt er smuldrande betong der gras veks ut av sprekkane og skjelettet mitt er rustent armeringsjern som er avslørt mot lufta

eg er ein parkeringskjellar

eg er tomheita som svelger ekkoet av ei slamra bildør eg er avstanden frå bilen til heisen eg er dei raske skritta

så, første gongen du kjem:

det er juli og midt på dagen eg ligg i halvdøs på sofaen ser støvfnugg flyte i stripene av sollys som stråler inn mellom glipene i persienna da eit tomrom står i stua gjennomstrålt av lys og skugge dei lyse krøllene dine glitrar som ei krone du opnar munnen og eg lyttar men i forsøket på å høre deg blir eg brått var på fuglekvitter og raslinga frå lauvet i blodbøken utafor vindauget så er du borte bøken når opp over andre etasje når sola står middags kastar lauvverket ein flekkete, vaiande skugge på stuegolvet lyset fanga i trekrona, flakkar og glitrar bøken står tett inntil balkongen min når eg lener meg mot rekkverket kan fingrane mine nå greinene ei humle flyg i lauvverket dultar borti blad inn og ut av skuggane

9

så, andre gongen du kjem:

det har blitt vinter og eg har begynt å røyke igjen eg har gått ut på balkongen for å ta ein sigarett og mens eg står der skrur Playstationen seg av og TV-en som mistar input-signal badar stua i blått lys og blått lys legg seg over sofaen og matrestane på bordet og blått lys stråler ut av vindauget ut på balkongen mot meg og treet blandar seg med greinene flakkar og kvervlar og eg blæs røyken min opp mot lauvet og lyset og da legg det seg ein skugge over meg og da eg snur meg står du i stua ei fortetting av mørke ein mørkare nyanse av blått i strålen frå TV-en og eg klarer ikkje skjelne ansiktet ditt du ser rett på meg

ja, eg hugsar deg og eg hugsar ein fest eg sat med ryggen til og du greip hovudet mitt kyssa meg ømt på kinnet nokre veker før du døde lasta du opp nokre gamle bilde på Facebook eitt av oss to tatt i kjellarstua di heilt i slutten av vennskapet vårt vi har snudd ryggen til stuebordet og vendt oss mot kameraet på andre sida av bordet i bakgrunnen kan eg sjå Knut og Linda skjere fyllegrimasar du har på deg sixpencen du svor på at du hadde stjælt frå Ulf Risnes på 3B ansiktet ditt opplyst av blitz du har lukka auga og du ler og eg kan høre deg le gjennom bildet eller

eg kan lage latteren din på nytt som eg kan lage lyden raslande lauv

eg la deg vekk da eg flytta frå Trondheim og eg såg deg aldri igjen og det er heilt greitt eg hugsar eg kjente da du la ut det bildet at eg blei lei meg fordi eg innsåg at eg ikkje ville ha deg lenger eg var ferdig med deg og så kopierte eg det bildet

livet renn gjennom meg som lyspartiklar

men eg har framleis leppene dine mot kinnet mitt som kjensla av kinnet som blir varma av sola eg veit det ikkje er slik men eg lurer likevel på kva tid kroppen min er laga av

10

oppvaskvatnet har kjølna

eg kjenner det skvulpe mellom fingrane

kjøttet har kjølna det er laga av tid finst i tid

finst i vatn som klemmer mildt og varmt mot handa kjøtet som blir varma av tid

vassmolekyla må vere for store til å renne gjennom meg

og motsett det: noko om kjærleik

og handa som skjer gjennom vatnet som ein kniv

11

vi flyttar inn i ei ny leilegheit og eg sit på heimekontoret mitt og ser ut av vindauget på den nye utsikta mi over Garmanns gate og Stavne kapell St. Olavs hospital på andre sida av elva og bak der strekk byen seg opp mot horisonten som følger ei mjuk kurve frå Festningen mot nordøst til høghuset på Risvollan mot sørøst og eg tenker på Stalker rundt meg ligg pappesker med (for det meste) bøker og eg tenker på at i rommet med sandhaugane flyg ein fugl ut av kamera sitt perspektiv og forsvinn i lufta i eit slags klikk av tid før ein ny fugl den same fuglen flyg frå kamera sin posisjon og inn i rommet ut over sandhaugane og landar det er ein scene om å forstå tid og eg tenker at pappeskene mine handlar om tid og eg tenker på deg i kveld, Tarkovskij (lærar, kva veg peiker barten din gjennom natta?) og eg kjem ikkje vekk frå at rommet med fuglen og sandhaugane der tida fordoblar seg og viser ein sekvens med to variasjonar over same hending som eigentleg skjer samtidig også fungerer som ein kommentar til Eisensteins montasjeteknikk og eg skulle gjerne snakka ordentleg med deg om tid, Tarkovskij no som du er død

13
poetikk

om montasjeteknikken sa du at to bilde riktig nok formidla meir enn summen av seg sjølv men ikkje noko det er verdt å formidle berre informasjon propaganda: her er det smilande barnet her er Mikke Mus her er Iron Man her er flagget her er ei colaflaske på veg opp i verdsrommet, osv.

og Tarkovskij, eg har sett alle Marvel-filmane dei forstår progresjon men ingenting om tid i Nostalghia: vekta av eit skritt når den som går må halde ein flamme når den som går må gå tilbake til start om flammen blæs ut kor viktig lyden av vind er avstanden ein må gå kva er vekta av ti meter når ein kan aktivere rakettstøvlane og fly som ein F-15 til andre sida av planeten og i det ligg bedrageriet dei tar feil, heile Hollywood-hurven det finst ikkje håp i å snu seg vekk vekta av tid den set seg i kroppen den formar perspektivet den får konsekvensar for måten kroppen min misforstår liv og død på som to ulike tilstandar med ulike verdiar det var du som hadde rett, der du vassa i den giftige gjørma utafor Jägala og fekk kreft og du hadde rett i at om ein scene skulle kaste av seg noko meir enn informasjon om den skulle opne noet for sjåaren så må ein filme tida slik den foldar seg ut

klikket av tid repetisjonen påpeiker illusjonen av progresjon ved å oppheve den sånn kjem augeblikkets bestanddelar i fokus: mormor søv i ein campingstol på terrassen i Einar Øfstis veg vinden fyller den kvite lunga på stålkarusellen i hagen vinden knirkar ripsbusken: små raude planetar i eit flettverk av greiner som veiver lett skyggar for sola

bakhovudet mitt mot jorda og røtene er eit no som er mogleg å opne i eit der og eit da gjennom å sjå augeblikket ekspandere frå ripsbusken til heimekontoret den same kroppen beveger seg veks

sovnar og vaknar i same ekspanderande augeblikk åra går kroppen blir stor og tjukk lekk og tar inn partiklar i den midlertidig besjela biologiske massens veksling med omverda framleis underordna AUGEBLIKKET hjartet mitt slår fortare og eg blir redd for at det slår så fort at det skal stanse at mi katalogisering av kvart passerande sekund skal stanse at eg ikkje lenger skal føle denne frykta vi treng illusjonen, synest eg du seier den blir sann av at vi lever oss inn i den og det følgjer da at universet innrettar seg etter vår definisjon da vi jo er den delen av universet som definerer seg sjølv som gir skaparverket sjølvinnsikt (ingen Gud utan oss) universets tid har RETNING fordi vi gir den retning og eg har så lyst til å underordne meg deg i dette, Tarkovskij vi er jo menneske, eg innrømmer det vi opplever at våre heilage augeblikk gå over og sånn forstår vi at dei er heilage døden er det som gir mennesket form

14

og ein kan be om nåde

og love at det som skjedde ikkje skjer igjen vi kan velje å tru: det finst ei stødig hand laga av tid som gir liva våre forteljingas struktur men Tarkovskij, eg kan ikkje eg trur ikkje tida kan frelse oss eg kan forplikte meg til vrangførestillinga av retning vrangførestillinga av progresjon

men ikkje kalle det noko anna enn ei vrangførestilling eg trur ikkje vi oppfattar livet frå fødsel til død for å kunne angre da vi møter sekundet i æva som omfattar all tid sekundet kjem ikkje på slutten det er no og no og

eg trur heller at vi oppfattar det slik fordi vi treng eit perspektiv å transcendere som ein menneskeleg betingelse vi må gjennomskode og gjere avleggs alt skjer samtidig, Tarkovskij eg sit i stolen på heimekontoret og eg ser meg sjølv komme inn døra slenge frå meg veska og legge mobilen i bokhylla ved døra gå mot meg og sette meg i stolen og eg ser meg sjølv sjå meg sjølv og eg såg meg sjølv sjå meg sjølv sjå meg sjølv hjartet mitt hamrar og eg er ikkje redd eg ser meg sjølv og i meg sjølv hamrar hjartet eit tital slag mindre slitent enn no men same hjarte nesten same hjarte nesten same hjarte og eg trur du veit alt dette, Tarkovskij men med filmkameraet forpliktar du oss til vrangførestillinga

eg skulle gjerne prata med deg om dette om du forstår kor vondt det er å få juling av håp

korleis forklarer du å alltid gjere håpet til ein frelsar

korleis lever du med det no som du er død

eg var med i ei flyulykke og fekk PTSD

og på det verste hadde eg ti panikkanfall kvar dag

eg blei redd for stjernehimmelen

om hausten og vinteren kunne eg ikkje vende blikket oppover på kveldstid

eg brukte dagen til å grue meg til natta

eg utvikla ein teori: det perfekte sjølvmordsbrevet tar bort sorga til dei etterlatne

og gjer presten overflødig

eg skreiv det brevet og det gjorde vondt

det gjer framleis vondt

men eg ligg òg i ein hage

under ein ripsbusk

ser opp på greinene som veiver i ein svak bris

og tenker at rips er planetar

og kan glimte sola mellom greinene

mamma er nær og mormor og morfar

ripsbuskane veks i bakken mot dalen

og frå terrassen over hagen kan eg høre nokon begynne å snorke

alle er glade

det er no og heile tida

og: eg er ikkje redd for å dø sidan eg allereie er død

og: eg er redd for å dø sidan eg ikkje er død enno

15
no

men eg klarer ikkje tru at dette er noko anna enn ei løgn pakka inn i ei løgn at ideen om SKJEBNE er eit maskespel som SJEL er eit maskespel og SJØLV det same konsept som distraherer frå ei meir språklaus innsikt no som du er død håpar eg du er fritatt for å handle ut frå vilje trong

og begjær og grensa mellom indre og ytre eg håpar kunsten din ikkje treng eit filmproduksjonsstudio og aksept frå sovjetiske styresmakter eller svensk eksil men at den berre oppstår og forsvinn i ein rusletur mot eit sollagt hus ved elva og flygande langs ein åker eg håpar at du ikkje tel nattas minutt som om kvart minutt var eitt av ein milliard regndropar som i fallet tar inn verdas lys og knuser det eg håpar det er du som har rett men det er ikkje du som har rett vi røykte frå vi var 13 fordi vi visste vi var dei døde eg har slutta du er død hører du meg, Tarkovskij? står vindauget ditt i tredje etasje av blokka framleis ope? sit vi på senga og ser Hamlet først Branagh sin som vi hatar (han er for gammal) så Olivier sin som vi elskar (han er enda eldre) eg vil du skal høre meg: under denne himmelen får eg ikkje sove den er for uroleg galaksar svermar rundt svarte hòl planetar blir pressa ut gjennom brystkassen hud flerra opp bein knekk denne kroppen tar betalt i søvnlausheit hjartet hamrar gjennom natta galskap får tunga til å svulme og fylle kjeften

illesmakande slim dekker munnhola det er ikkje lys i munnhola berre babbel berre rotnande mørke eg hatar lyden av den hole stemma mi eg er så feit at eg svelt i hel og eg saknar deg og i motstand mot det: noko om kjærleik som heng igjen i rommet dei som veit dei er døde har ikkje frykt men eg er så redd

16
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.