Sinnamekker'ns bilalbum: bilar med sjel

Page 1

Heimbygda mi, Leirvik. Ferjekaien var ein travel stad i slutten av 1970-åra. Om eg berre kunne reist i tid og plukka ut bilar herifrå … Foto: Tor Resser
4 | VOLVO AMAZON 1963
SINNAMEKKER’NS BILALBUM

Ståle Eskeland Sinnamekker’ns Bilar med sjel BILALBUM

Samlaget
Foto: Atle Helland
6 Føreord 8 Ei bilinteresse blir fødd 18 1963 Volvo Amazon 26 1967 Volvo Duett 32 1967 Chevrolet Nova 36 Bilen og bygda 42 1970 Mercedes-Benz 220 D 46 1961 Volkswagen T1 50 1955 Chevrolet 210 56 1969 Opel Kadett LS Coupe 62 1970 Volkswagen 1200 og andre bobler 68 Mekking 76 1969 Volvo «Bamse» med snute 82 1957 Chevrolet 210 86 1971 Chevrolet Chevelle 92 1966 Volvo Amazon 96 Kjøp, sal, pruting og «hestehandel» 102 1957 Chevrolet Wagon 108 1975 Volkswagen T2 Doka 112 1978 Datsun 120Y 118 1978 Mercedes 608 D 122 1969 Ford M(eisterstykke) 126 1973 Ford Transit 132 Framkomstmiddelet 134 1986 Lada 140 1960 Cadillac Coupe DeVille 148 Ønskeliste 151 Epilog – og ein ekstra med på kjøpet 152 1946 Rover Six-Light Saloon 159 Takk INNHALD

FØREORD

I denne boka tek eg deg med til mitt univers og mitt 35 år lange forhold til bilar.

For nokre er bilen eit reint framkomstmiddel som tek dei frå A til B, ein stålkasse med fire hjul og nokre pedalar som berre må verke, dekkje behovet og gjere «jobben». For andre, ja slike som meg, er bilen mykje

meir enn det. Han er kultur, hobby, lidenskap og noko ein får eit kjært forhold til.

Det er slik det har vore for meg. Eg har hatt eit forhold til alle dei snart 500 bilane eg har eigd på desse 35 åra. Nokre bilar har eg berre hatt ein kort periode, kanskje berre nokre veker, medan andre har eg

hatt i nokre år. Nokre har eg til og med hatt fleire gonger.

For meg har bilen vore nøkkelen til ei større verd i både konkret og overført tyding. Bilen har gitt meg fellesskap og meistring og problemløysing, og han har vore – og er – eit samlingspunkt og eit godt samtaletema. Ikkje minst gir han praktisk

6 | FØREORD

← Dette er kunst for meg. Denne Standard Vanguarden frå kring 1950 har stått under ei fjellhylle i Herand i Hardanger i kanskje femti år. Han står no som hagepryd på ranchen vår på Valen i Kvinnherad.

→ Hestekrefter. På garden, eller ranchen som me kallar det, har eg både hestar og bilar.

kunnskapsoverføring mellom fedrar og søner og døtrer og kompisar.

Ta til dømes jobben min: Som reisande verktøyseljar i industrien er det viktig å byggje relasjonar og finne felles interesser med kundane og få i gang praten. Då er praten om bilen, ja forutan den hersens fotballen då, det beste samtaleemnet for å bli kjend med folk, spesielt ute på bygdene. Alt ein treng, er eit enkelt spørsmål som «Kva køyrer du, då?», så er ein i gang. Det er gjerne i slike samtalar det dukkar opp tips om dei gamle bilane eg likar best. Det er ofte nokon som veit om, eller har høyrt rykte om, ein eller annan doning i ein garasje, i ein låve eller på eit tun som kanskje er til sals, og då får eg blod på tann.

Det er verre om eg får spørsmålet «Kva synest du om fotballkampen i går?». Då slit eg og må skifte taktikk.

Denne boka er ei utvida utgåve av fotoalbumet mitt, der eg opp gjennom åra har samla bilete av bilane eg har eigd. I albumet har eg skrive litt tekst om kva bil det er, kor mykje eg betalte for han, og kor mykje eg selde han for. Å ta fram albumet og bla ein laurdagskveld med noko godt i glaset er for meg god nostalgi og terapi. Då mimrar eg om bilturar og mekking, og det er mest som om eg kan kjenne lukta inne i kvar ein bil når eg ser på bileta, for alle bilar har si karakteristiske lukt. Handelen har vore og er framleis ein stor del av bilinteressa og hobbyen. Kjøp og sal. Det har eg nok etter far min, som var hestehandlar og like mykje bilhandlar. Når det gjeld talet på bilar, har eg ein god del å gå på før eg når han igjen. Han passerte nok tusen før han parkerte for godt.

Bilane eg presenterer i boka, er stort sett det me i dag kallar veteranbilar, altså bilar som er meir enn tretti år gamle, men for meg har desse bilane også vore bruksbilar. Eg har alltid likt å køyre gamle bilar, helst bilar som har litt patina, og som ryk og bråkar litt. Skal eg på butikken, føretrekkjer eg å køyre ein gammal bil. Eg tykkjer det er trist at så mange med veteran- og entusiastbilar berre har dei til pynt i garasjen. Eg meiner dei må køyrast meir, det er jo det som er skøy – me lever berre éin gong!

Etter at eg fekk ungar og familie, har eg sjølvsagt måtta tilpassa meg fornuft og HMS og hatt nyare bilar til familielivet. Denne boka handlar mest om dei gamle.

God tur!

FØREORD | 7
Å ta fram albumet og bla ein laurdagskveld med noko godt i glaset er for meg god nostalgi og terapi.

EI BILINTERESSE BLIR FØDD

8 | EI BILINTERESSE BLIR FØDD

Eg ser framleis for meg far min, Severin Eskeland, som sit og flirer med den vesle sneipen stikkande ut frå det bustete skjegget. Eg er sju år, og me er ute og prøvekøyrer den gamle grøne Chevrolet-lastebilen frå 1929. Det bråkar og ristar, og under beina ser ein grusvegen som fer forbi. Tregolvet som skal vere der, er ikkje laga enno, for bilen er under oppussing.

Eg minnest også far min frå då eg sat attmed han på motorkassen på den gamle Scania- bussen vår. Me skulle frå Stord til Valen i Kvinnherad med hestane som skulle på sommarbeite. Åtte–ni hestar bak i bussen og like mange ryttarar framme. Vegen frå garden var ikkje laga for ein buss på over 13 meter, og me var som vanleg seint ute for å nå ferja. Støvskya stod etter oss, og pappen nynna med på ei countrysviske frå spelaren. Då me kom til kaien, såg me ferja som forsvann over fjorden. Dette er eit av dei klare bilminna eg har frå barndommen. Desse minna har nok vore sterkt medverkande til bilinteressa mi som vaksen.

Eg er fødd i 1971 og vaks opp på hestegarden Sunnhordland Ritell, som låg i idylliske Hornelandsvågen heilt sør på Stord. Ordet «ritell» trur eg far min fann på. Det er ein plass ein kan både ri og bu. Å vekse opp på ritellet på Stord var ikkje nokon A4-oppvekst.

Den kjende skodespelaren Elisabeth Granneman var ofte på besøk på ritellet. Ho skildrar far min og staden i boka Kjære publikum frå 1983:

Her på ritellet var det hester, dyr og folk i alle aldre. Stedet lå rett i sjøkanten hvor det blant annet lå en gammeldags sjørøverskute, «Bounty», som Severin brukte på tur med gjestene sine. Her oppdaget jeg for første gang Stordabuens «spanske» natur. Alt var «mañana». Ingenting hastet liksom, før en annen dag. Jeg fikk anvist et værelse som het «Arabern». Dette lå ved siden av Wenche og Severins soveværelse, og

EI BILINTERESSE BLIR FØDD | 9
Bror min Severin og far min poserer så tøft dei kan. Eg tok biletet og var mest oppteken av den råstilige Ford Fairlanen frå 1964. Me hadde to slike, kliss like.
Det bråkar og ristar, og under beina ser ein grusvegen som fer forbi.

med denne villmannen som nabo ble jeg hver morgen vekket av en serie hagleskudd, som Severin fra sin veranda skjøt opp i luften.

Elisabeth Granneman vart så glad i Stord etter besøka på ritellet at ho med hjelp av far min kjøpte den ærverdige «Skrivargarden», som ligg nokre steinkast frå ritellet.

Seinare vart ritellet beskrive i songen «Sommar i Vågen» av rockebandet Bastard frå Stord som «ein plass me kan vera for oss sjølv ifrå kveld til morgongry», og ja, for mange var det ein fristad med lite overformynderi og reglar. Far min gav dei som kom til ritellet, både ansvar og tillit, uansett om dei var kong Salomo eller Jørgen hattemakar.

Hovudgeskjeften var hest og rideleir for born og ungdommar på

sommarstid. Elles var gardstunet fylt opp med gamle hestebussar, hestekjerrer og gamle bilar i allslags utgåver. Me hadde eigen skrotplass for utrangerte bilar, ein stad der eg oppheldt meg mykje av barndommen min. Det var ein fin leik å sitje i bilane og drøyme seg ut på tur.

Så mange hestar, bussar, bilar og skuter kravde mykje mannskap. Far min hadde stallkarar og stalljenter som hjelparar. Han hadde ingen tilsette, men ungdommar som jobba for kost og losji, og for å vere med på leiken, for det var det mykje av.

Nokre av ungdommane budde på loftet i hovudhuset, som vart kalla «Den syvende himmel». Elles tok me også imot ungdommar som ikkje hadde nokon god heim, og var som ein slags fosterfamilie og institusjon. Alt dette gjorde oppveksten spanande og spesiell.

God gjeng på tunet vårt. Eg gløymer ikkje lukta og lyden i A-Forden Elisabeth Granneman (baksetet) kjøpte av far min.

Me hadde eigen skrotplass for utrangerte bilar, ein stad der eg oppheldt meg mykje av barndommen min. Det var ein fin leik å sitje i bilane og drøyme seg ut på tur.

10 | EI BILINTERESSE BLIR FØDD

Bil var ein stor del av livet til far min, og han elska ein god bilhandel. Eg fekk vere med på turar til Oslo på store bilauksjonar. Då hadde far min med seg stallkarane til å køyre dei nyinnkjøpte bilane heim att til Vestlandet. Det var spanande å sjå om pappa fekk tilslag på bilane han baud på – spesielt dei eg likte.

Fekk eg ikkje med vere med på tur, vart det lange kveldar med venting på at dei skulle komme heim. Særs godt hugsar eg då dei ein sein kveld kom heim med to kliss

like blå metallic 1964 Ford Fairlane, og den gongen han kom heim frå Haugesund med ein 1949 Desoto. Dei runde formene, den vesle ovale bakruta, grillen som minte om ein kvalkjeft, og speedometeret som var felt inn i dashbordet i tre – det var råstilig. Den bilen spora eg opp for nokre år sidan – og kjøpte.

Når det hadde samla seg opp vel mykje bilar på tunet vårt, arrangerte far min auksjon. Eg hugsar eg grein då Desotoen fall under klubba på ein av auksjonane. Dette

Chevy-lastebilen og meg. Eg har gode minne frå tida då lastebilen stod på tunet, og ikkje minst frå køyreturane på dei smale grusvegane.

EI BILINTERESSE BLIR FØDD | 11
12 | EI BILINTERESSE BLIR FØDD
Far min, Severin Eskeland, var min mentor når det gjeld bilar. Pappa var og er i mine augo ein ekte cowboy. Foto: Marius Knutsen

var rundt 1980, og eg var åtte–ni år. Eg prøvde å by, men vart ikkje teken på alvor. Eg trur prisen vart 8000 kroner.

At far min var så bilinteressert, smitta over på stallkarane, så dei fleste av dei eigde bil før dei var 16 år. Eg fekk vere med stallkarane på ikkje heilt lovlege turar, i Bakken si boble, Blomen sin Ford Cortina og Gjerden sin knall gule Ford Escort. Det var stor stas. Eg hugsar også at femtenåringen Torbjørn krasja far min sin flotte Mercedes-Benz 200S frå 60-åra. Det skjedde fordi ungguten mistenkte nokon for å ha stole solbrillene hans, og då var biljakta i gang. Eg vart med. I ein sving med altfor høg fart møtte me motgåande bil, og vegen vart for smal. Me hamna i grøfta. Far min var sjølvsagt ikkje så nøgd med at den flotte blanke merca hans var skrapa opp på heile sida, men han var rund i kantane, og det gjekk fort over.

Min første motoriserte doning kjøpte eg då eg var 11 år. Det var ein 1963 Tempo Lett moped. Sett bort frå at hjula stod på, låg mopeden i smådelar i kassar, men med god hjelp av naboguten Jon Storeide fekk eg sett mopeden saman på eit par kveldar. Jon hadde heile naustet fullt av Tempoar og var spesialist på mopedar. I skinnjakke med T-Birds-logo skriven på med kvit sprittusj, slik Michael i filmen ­Grease 2 hadde, rasa eg fram og tilbake på garden med mopeden så lenge det var bensin. Gjekk eg tom,

EI BILINTERESSE BLIR FØDD | 13

var det å bruke slange og suge bensin frå pappa sine bilar med hevertmetoden. Det funka ikkje alltid like bra. Eg hadde sett på stallkarane korleis dei gjorde det, men det enda som regel med at eg tok «munnskyljing» med 98-oktans bensin. Eg kan framleis minnast smaken.

Eg var relativt seint utvikla og difor veldig låg som barn, men då eg var 12 år, nådde eg til slutt ned til pedalane og kunne køyre bil for første gong. Når foreldra mine ikkje var heime, fann eg nøklane til bilane, tok med kameratane og cruisa rundt på garden. Den første bilen eg køyrde, var ein gul DAF 66. Den hadde det spesielle Variomatic- giret, eit slags automatgir med nokre reimar som

gjer at bilen går like fort bakover som fram. Det gjorde bilen lett å køyre, men livsfarleg å rygge med. Dei hadde faktisk eigne bilrace med desse der dei rygga rundt på banen. Søk «reverse racing» på YouTube, og du får deg ein god lått.

Eg gløymer heller ikkje min første såkalla burnout. Den skulle eg ta med mamma sin Volkswagen type 3 fastback. Eg rygga han inn i eit

← Gode bilminne. Gutta på tur for å hente høy eller hestar på Austlandet. Her er det stallkaren Kjell Bakke som rattar, og bror min og eg som truleg syng med på ei sviske av Kenny Rogers. Den kassetten stod fast i spelaren.

→ Minsteguten Eskil vart liten på panseret til dette dollargliset av ein Lincoln Continental.

skur for å få fast underlag, gav full gass og sleppte clutchen. Grepet var altfor godt, og i staden for å bli ståande og spinne tok bilen ut på gardsplassen. Eg rakk om lag ned til pedalane, og i kampens hete trødde eg gassen i botn i staden for bremsa. Eg rasa over tunet i fin breisladd, inn i eit skur og knuste ei stor vindaugsrute. Det var store forklaringsproblem då mamma kom heim den kvelden.

På konfirmasjonsdagen min, då det formelle var over og dei vaksne var komne til kaffien, tok eg med dei jamgamle kameratane og slektningane på biltur i mamma sin blå Datsun 160 B. Den bilen kan du høyre meir om i songen «I ein blå Datsun» under artistnamnet «Sinnamekker’n» på digitale plattformer. Det kunne vore skrive ei eiga bok med spenstige episodar og historier om far min og livet på Sunnhordland Ritell. Oppveksten min er noko av forklaringa på entusiasmen min for den rullande dingsen med fire hjul og ratt, og litt av grunnen til at eg nyleg kjøpte nok ein Volvo Duett og klør i nevane etter å gå i garasjen og setje han i stand.

14 | EI BILINTERESSE BLIR FØDD
Eg rakk om lag ned til pedalane, og i kampens hete trødde eg gassen i botn i staden for bremsa.
EI BILINTERESSE BLIR FØDD | 15

Tunet vårt i 1978. Cadillac limousin, litt for lang for garasjen, Chevy lastebil og den veldig spesielle Chevrolet «NRK-bussen». NRK tinga to slike spesialbygde for å reise rundt i landet og lage reportasjar med. Far min fekk sjølvsagt tak i ein slik. Den er no kommen attende til NRK og blir restaurert.

Outfiten blir ikkje tøffare enn dette. Her er eg kanskje fire år. Det var alltid mykje både folk og bilar på besøk hjå oss. Eg kunne bruke timesvis på å sjå på og vurdere bilane. Bussen i bakgrunnen vart kalla «Maxicombipikken». Far min kappa taket av den bakarste delen så han vart pickup.

ingen skulert mekanikar, men ein kløppar på naudløysingar. Alt kunne reparerast med patentband og tape.

Når ein køyrer Volvo LV 75 frå 1933 over Haukeli, kan alt skje. Pappa var

16 | EI BILINTERESSE BLIR FØDD

Stranda vår i 1969. Slik var campinglivet på den tida.

I ferjekø. Veslebror på panseret på Chevy-lastebilen vår. Som vanleg var bilen godt lasta. Det er noko som heiter «latmanns- bør», og det var far min god på. Foto: Underteikna

Chevrolet kabriolet frå 1929. Dette er i Haugesund i 1950åra, så chevyen var allereie her ein gammal bil. Pappa bak rattet og mamma bak med verdas største cowboyhatt. Det må liggje i blodet å vere så glad i bil.

1963 VOLVO AMAZON

Spesifikasjonar: Firedørs sedan med 1,8-liters B18, rekkje 4-motor og 75 hk. Toppfart: 148 km/t. Nypris: om lag 18 000 kroner i 1963. 0 –100 km/t: 14,4 sekund.

Den første Volvo Amazonen rulla ut frå samlebandet i Sverige i 1957. Ettersom den tyske mopedprodusenten Kreidler allereie hadde ein moped som heitte «Amazone», vart namnelikskapen vurdert som så stor at Volvo måtte vike. Dei fekk likevel dispensasjon til å kalle bilen «Amazon» i Norden. På papiret heiter Amazonen Volvo 120, 121 eller 122, avhengig av motor og utstyr. Bilen er på ein måte litt norsk, for det var nemleg norsk-svenske Jan Wilsgaard som teikna han.

B ilen kom både som firedørs, todørs sedan og stasjonsvogn. For bile ntusiastar går stasjonsvogna som oftast under namnet «herregardsvogn».

Sett opp mot forgjengarane Volvo PV og Duett var Amazonen ein mykje meir moderne bil med betre køyreeigenskapar og betre tryggleik. Somme meiner også at han såg mykje smekrare ut. Volvo var svært tidleg ute når det gjaldt vektlegging av tryggleik. Det var dei som tok det revolusjonerande

18 | 1963 VOLVO AMAZON
Kent
2006
Source: AB Volvo Göteborg, Sweden
Hortlund/Karl Eric Målberg

patentet på trepunkts bilbelte. Det er framleis i bruk i dag og blir hevda å ha redda over ein million menneskeliv.

Med unnatak av små kosmetiske endringar og nokre tekniske oppgraderingar var alle utgåvene av Volvo Amazon nesten kliss like i dei 14 åra bilen var i produksjon. Det vart selt nær 700 000 bilar totalt. Det har vorte sagt at Amazonen ikkje vart ein økonomisk suksess, ettersom han beint fram var for god og det difor sjeldan var behov for

reservedelar. Den påstanden kjem som oftast frå Volvo-folk. I dag er Amazonen eit attraktivt samleobjekt blant entusiastar i alle aldrar. Visste du forresten at Volvo samarbeidde med det svenske politiet om å utvikle utstyr til P oliti- A mazonen, som seinare vart inkludert på vanlege personbilar? Politi-Amazonane hadde skivebremser, bremseassistent og radialdekk fleire år før det vart vanleg. Dei var også utstyrte med bakrutevifter og hadde ein knapp ved

rattet som kopla vindaugsviskaren med den raskaste vindaugsviskarinnstillinga.

Reklamemannen Amil Gargano frå New York meinte det unike med Volvo var at bilen praktisk talt tolte alt. I ein av reklamefilmane han stod bak, ser ein ein Amazon som blir køyrd knallhardt på jorde og grusvegar. Då bilen omsider stoppar, konkluderer reklamestemma: «And you can drive it like you hate it. Cheaper than psychiatry.»

1963 VOLVO AMAZON | 19
Foto: produsenten

MIN ALLER FØRSTE

Annonsen dukka opp på «På tavlo» i Bladet Sunnhordland hausten 1990: «God gammal Volvo Amazon til sals! Kr 4500,–. Tlf.: xxxxx». Bilen stod berre nokre kilometer unna der eg budde, og slik økonomien min var då, etter eit år på folkehøgskule og utan arbeid, var prisen nesten overkommeleg. Eg fekk med pappa, og saman drog me til Langelandsåsen på min første bilhandel.

Eg kjende til seljaren, han heitte Bjarte og var faktisk yngre enn meg. Far min gjekk føre og sparka i dekka, løfta på dørene og vrei på rattet. Eg dilta etter og dobbeltsjekka. Det var ein slarken, rusten og godt brukt bil, som allereie hadde gjort unna ein kvart million kilometer på vegen. Eg såg på ansiktsuttrykket til far min at han meinte bilen ikkje var noko for oss, men eg, eg var seld. Den californiakvite, godt patinerte bilen med påmontert gangsterkaps, ja, slik solskjerm øvst på frontruta, du

veit, takluke frå Biltema og laksetrapp, eller bakrutesjalusi, som det også heiter, gjorde inntrykk. Inni var det raude skaisete og terningar som dingla lett i spegelen, innhylla i dufta av gammal Wunder-Baum. Denne skulle eg ha!

Det såg nok seljaren litt for godt, og det hjelpte lite kor mange hestehandlartriks far min prøvde seg på då prutinga starta. Me strekte oss til eit bod på 4000 kroner og fekk blankt avslag. Det enda med at me takka for titten og køyrde derifrå. Men me køyrde ikkje særleg langt. Etter nokre kilometer fekk eg overtalt far min, som skulle «delfinansiere» bilen, til å snu og køyre attende, mot eit løfte om at eg skulle gjere ein ekstra god innsats heime på garden. For 4300 kroner vart bilen endeleg min. Han var ikkje registrert og hadde ikkje skilt, og me tok difor det som på bygda vart kalla «promillevegen» heim. Eg køyrde først

1963 Amazon i nylakka matt svart drakt og kompisane mine. Her er me klare for gutetur til Oslo. Det enda med at dynamoen rauk, og at me måtte låne søster mi sin Toyota Cressida. Den vart avskilta i Oslo på grunn av manglande forsikring … Frå høgre: Asle Sørheim og Yngve Bukkøy.

20 | 1963 VOLVO AMAZON

i nyebilen min, med far min i den gamle Mercedesen sin tett på bak.

Eg hadde mekka ein del på gamle Tempo-mopedar, men å sveise

rust, skifte berekuler og overhale

bremser hadde eg lite erfaring med.

Det fekk eg plenty av no. Det vart

lange kveldar med mykje motstand.

Ettersom alle garasjane og skura

på garden var fulle av far sine hestevogner og bilar, enda eg med å

stå på grusen under open himmel og skru.

Eg minnest kveldane då det vart for mørkt til å mekke. Då sette eg meg bak rattet, vrei om tenninga og kjende den ubrende bensinlukta frå den slitne B18-motoren rive i nasen. Der, på gardsplassen, med tente lykter og varmeapparatet på fullt, kunne eg sjå vegen ut i ei større verd.

Eg minnest kveldane då det

vart for mørkt til å mekke.

Då sette eg meg bak rattet, vrei om tenninga og kjende den ubrende bensinlukta

frå den slitne B18-motoren rive i nasen.

1963 VOLVO AMAZON | 21

Med litt hjelp frå stallkarane på garden vart bilen etter kvart klar for visning hjå Biltilsynet. Mannen frå staten var av den litt i overkant byråkratiske typen og såg ikkje gjennom fingrane med noko. «Heilgardering på tippekupongen», fnyste far min då han fekk sjå mangellappen etter kontrollen. Etter litt om og men vart bilen godkjend, og eg kunne endeleg og på lovleg vis ta ut på tur i min eigen bil. Mitt eige mobile guterom. Det vart mykje råning. Att og fram til Shell-stasjonen på heiane for å sjå om det var noko liv, ned

på Leirvik for å spinne i «Leifens vingen» og vidare derifrå til «Hagastripo». Bilen vart brukt frå morgon til kveld – så lenge det var pengar til bensin. Eg og Asle, kameraten min, pynta den kvite bilen ved å skvette måling i ymse fargar over heile doningen. Me klarte ikkje å la vere å dra på smilebandet då me vart stoppa i politikontroll og det første konstabelen spurde om, var: «Kva er det de køyrer rundt i, karar?!» Eg minnest ikkje minst alle gongene eg henta Torill, kjærasten min, med Amazonen. Eg prøvde å

I sidespegelen kunne eg sjå bakhjulet, som skaut ut på sida og følgde vegen eit stykke, før det spratt himmelhøgt inn i granskogen.

22 | 1963 VOLVO AMAZON

← Idyll! Eg er ikkje så glad i teltliv, flått, mygg og søvnlause netter, men når eg får køyre gammalbil, er eg med. Tveitedalen i Kvinnherad. Dotter mi er «panserbabe» på Amazonen frå 63. Sjekk fangsten!

→ To fluger i éin smekk. 1959 Amazon og 1968 Duett. Desse to kjøpte eg hjå Arvid Vikør hjå Kvam Auto i Norheimsund. Familien har samla mange fine klassikarar og rydda litt i «Volvo-avdelinga».

↘ Som far så son. Eskil drøymer seg på tur. Her i ein 1959 Amazon.

parkere bak huset, slik at ikkje far hennar skulle sjå bilen, men ein dag stod han der akkurat i det eg runda hekken. Han kikka på meg, såg på bilen og hadde eit kroppsspråk som leivde liten tvil om kva han meinte om skyssen til dottera. Me kom overeins etter kvart, og i dag køyrer me begge veteranbilar med «fin patina».

Starten på slutten for Amazonen kom ein tidleg morgon. Eg var litt for seint ute til sveisekurset eg gjekk på, og gav gass. Eg hadde fjerde gir inne og god driv då det byrja å skje ting. Bilen tok til å riste, og brått gjorde han nokre byks som minte om å ri ein hest i vilt sprang. I sidespegelen kunne eg sjå bakhjulet, som skaut ut på sida og følgde vegen eit stykke, før det spratt himmelhøgt inn i granskogen. Eg

1963 VOLVO AMAZON | 23

fekk ikkje stogga bilen der og då, for bremsene verka ikkje, så alt eg kunne gjere, var å halde han på vegen til han stogga av seg sjølv. Då eg fekk summa meg og gjekk ut for å sjå, såg eg at det ikkje berre var hjulet som var borte. Akslingen som held på bremsetrommelen og hjula, var brekt tvert av. Det var nok straffa for at me tidlegare hadde sveisa på mutteren på stikkakslingen fordi gjengane var utslitne. Learning by doing.

Då eg hadde fått bilen heim, vart han ståande ei god stund før eg fekk gneisten att. Å køyre rundt i mor mi sin Talbot varebil, også kalla «hundehuset», var likevel ikkje noka framtid. Eg fekk tak i ein brukt bakaksling, og etter nokre kveldar var Amazonen attende på fire hjul. I same slengen rullemåla eg han matt svart med bengalakk, for å gjere han litt meir attraktiv. No var planen å selje – eg trong ein litt meir stabil bil då eg skulle til Voss for å gå på jordbruksskule. Eg la Amazonen ut for sal med ein rubrikkannonse på «På tavlo» i Bladet Sunnhordland, og same kveld fór ein kjenning av garde med han, og eg var 10 000 kroner rikare. Eg meiner bilen eg kjøpte berre dagar tidlegare, vart annonsert i same avis. Det var ein 1976 Granada 1700, todørs sedan.

Ikkje lenge etter, tidleg ein sundags morgon, vart eg ringd opp av ein kamerat som hadde dårlege nyheiter – han sa eg måtte ta meg ein tur til Leirvik med ein gong. Eg fór

av garde for å sjå, og der stod han, min første, som eg hadde hatt nokre av mine beste stunder i. Bilen stod bretta rundt ein lyktepåle, som nesten stod kant i kant med frontruta. Eg fekk ta over vraket, men det var ein sliten skrott, og det einaste trofeet eg fann det for godt å berge, var gangsterkapsen og laksetrappa. Det brukte eg på ein Amazon eg kjøpte året etter, men det er ei anna historie.

Den nye Granadaen min heldt akkurat dei 111 kilometrane fram til Vossavangen, der gassen hengde seg opp då eg skulle gjere inntrykk på lokalbefolkninga. Det enda med ein knekt ventilløftar og motorhavari.

↗ Raud 1959 Volvo Amazon. Biletet tok eg for salsannonsen. Ikkje løye bilen vart seld fort, for dette er jo ein nydeleg bil.

→1970 Volvo Amazon. Denne henta eg i Hatlestrand. Med kvite dekksider og litt andre «effektar» vart han ganske tøff.

24 | 1963 VOLVO AMAZON
1963 VOLVO AMAZON | 25

1967 VOLVO DUETT

Spesifikasjonar: 1967 Volvo

P 210 Duett, tosetar, varebil.

1,8- liters B18, rekkje 4-motor, 75 hk. Nypris: ca. 15 000 kroner.

Historie: Volvo Duett vart produsert frå 1953 til 1969, og frå 1958 med nemninga P 210. Det vart totalt produsert litt over 60 000 eksemplar.

Namnet Duett fekk bilen ifølgje reklamen fordi han er to bilar i éin. Duett var ein av dei første av det me i dag kallar kombinertbilar. Ein praktisk varebil, perfekt til varelevering og som servicebil, men også

veldig populær som familiebil i stasjonsvognutgåve. Teknisk sett er Duetten veldig lik Volvo PV, men Duetten har stiv og separat ramme og kan difor laste heile 550 kg. På folkemunne var det svært mange som sa, og framleis seier, at dette er «verdas beste bil». Det har nok å gjere med at han var svært påliteleg og har eit enormt bruksområde. Det kan underteikna skrive under på.

26 | 1967 VOLVO DUETT
Foto: produsenten

SOM Å KØYRA TRAKTOR

Etter at eg hadde køyrt i hel Granadaen på Vossavangen, brukt opp ein 1978 Honda Accord og flippa ein fin Volvo PV, dukka det opp ein bilmodell eg lenge hadde drøymt om, nemleg ein Volvo Duett. For dei som lurer: Å flippe på godt bilspråk betyr altså å selje bilen du nett har kjøpt, for kanskje å tene nokre kroner. Far min hadde eit vrak ståande i bakgarden då eg var liten. Eg sat ofte i den bilen og leikte at eg var

på tur. Det var noko med dei runde formene, den blanke grillen i front og speedometeret som minte om det i Il Tempo Gigante. Det var ein Volvo Duett.

Hausten 1994, under spalta «Bil og motor» i Haugesunds Avis, såg eg annonsen for Duetten. Det var ein heilt kort og informativ tekst. På den tida var det ikkje snakk om bilete eller lange omtalar, som det no er på nettstader som Finn.no.

1967 VOLVO DUETT | 27
Den blå Duetten stod på ein gard i Etne, mosegrodd og full av skrot, men komplett. Dette var ein bil eg hadde drøymt om.
Den lyseblå og patinerte lakken var mosegrodd, og det var rustrender frå alle skøytar og skruar.

Å setje inn ein rubrikkannonse var dyrt om ein ikkje var kortfatta.

Ein sende heller ikkje SMS-ar eller e-postar om ein fann noko interessant. Det var som me sa den gongen: «Eg slår på tråden!»

Bonden som eigde Duetten, kunne fortelje at bilen stod på garden hans i Etne og var «gått av med pensjon». Han hadde investert

i nyare gardsbil, og Duetten stod berre i vegen.

Her gjaldt det å smi medan jernet var varmt, og komme seg på tur. Eg fekk tak i kompisen min Asle, som sjeldan var vond å be med på slike oppdrag. Det fanst ikkje Google Maps eller navigasjonsutstyr i bilen den gongen, men etter litt leiting fann me til slutt garden og

Det vart som det pleier: litt risting på hovudet, peiking på skavankar, syting over kor mykje arbeid det ville bli, for så å høfleg komme med eit bod på kring halvparten av det som stod i annonsen.

28 | 1967 VOLVO DUETT
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.