Andre tider

Page 1

Einar Økland ANDRE TIDER

(då og der) – (nå og her)

Poetisk album

Samlaget O S l O 2023
INNHALD I Då og der 13 Den tida då 14 Aldri 15 Solflaum 16 Hesten og eg 17 Mauren forsvinn der eg er 18 To halve hopp 19 Når eg er ein engel 20 Ikkje der 21 Leiting 22 I skogen etterpå 23 Skogen i treet 24 Treet vårt 25 Trekremt 26 Ansikt i vatnet 28 Bestemor spør – og får svar 29 Kva det høgaste treet der oppe fortalde 30 Godlyd 31 Praten før maten 32 Far flirer 33 Vinnaren taper 34 Taparen vinn 35 Snart slutt 36 År etter år
37 Den som er vaken 38 Roping i klesskapet 39 Kamelen 40 Ja vel ja vel 41 Forferdeleg 42 Kom 43 Med seg sjølv 44 Kveldsmat 45 Kveldslutt II Nå og her 51 Tomme munnar 52 Påminning til deg der du er som du er 53 I pausen 54 Skarpingen 55 Vokalistbøn 56 Karikatur 57 Nedtur 58 Som Peter 59 Klar tale 60 Gjenvinnaren 61 Militært 62 Hjarteleg 63 Bakkekontakt 64 I vinden 65 Sol i ferien
66 Moderne eventyr 67 Slik ei sky 68 Folklore 69 Solblikk 70 Snøblikk 71 Songen i halsen 72 Avslag 73 Kamelpeikaren 74 Hol i tida 75 Katt på dyna 76 Skyer og skyer og skyer 80 Ulikskapar i oss som er like 81 Klok av skade 82 Takk takk 83 Ettertanke 84 Halsnytt 85 Resignasjon 86 Venner imellom 87 Idyll 88 Under apalen 89 Idyllens motiv 90 Gamle dagar fornya 91 From påminning 92 Mellom oss 93 (Stilleben) 94 (Usignert) 95 I staden for lerkesong
96 Pusting 97 Drøymaren speglar seg 98 Til meg sjølv i spegelen 99 Skuggeredd 100 Vinden trøystar oss: 101 Når? 102 I forkant 103 Utkantmotiv 104 Gamle dagar 105 Mogen manns tale 106 Far og barn 107 God morgon 108 Før og etter

I Då og der

Plukk ei rose sund og

kvart einaste blad

er vakkert, skriv Brecht.

Ja, skriv eg,

det er sant, og

nei, skriv eg,

ikkje gjer det.

DEN TIDA DÅ

Det var den tida

rosene som var grøne var redde og gøymde seg inne i hekken.

Eg såg dei sjølv då eg kom inn der.

Eg sladra aldri på rosene.

Hekken sladra aldri på meg.

Og endeleg

gjekk den hekktida frå oss.

Først nå som tida og hekken og rosene

ikkje lenger er her, kan eg snakke om dei dersom nokon som ser meg vil høyre –

ikkje berre sjå hekken.

13

ALDRI

Vi var ikkje store, men tok oss oppover heile den bratte bakken til toppen der månen låg.

Der la vi oss langflate og skremde skyene vekk.

Lenge etterpå rulla vi oss sidesvis nedover bakken. Somme reiste seg i farten og rann som vatn på føtene sine mens andre gjorde ryggen rund og trilla som hjul.

Då vi alle var nede, stod vi berre og heldt rundt kvarandre og svaia og svaia, endå det ikkje var vind. Til og med månen svaia.

Aldri hadde vi gjort dette før, og vi gjorde det aldri sidan. Det gjorde heller aldri månen.

Ingen har nokon gong spurt oss om dette og alltid har vi vore glade for at det berre blei slik.

14

SOLFLAUM

Vatnet stig.

Og vatnet stig.

Og når vatnet har stige høgt nok, flotnar

den vesle flåten min av puter og krakkar og då

opnar eg vindauga og siglar ut gjennom veggen – ut

heilt til dess eg siglar inn mellom trestammene i skogen

og går i land på ein liten holme

der alt er herleg og tørt

og der berre fuglane over meg

lagar skyer og skuggar.

Lenge etterpå her på holmen

vinkar eg lystig til sola

slik at sola står still

mens vatnet her nede kring holmen blir borte – nå

ruslar eg berre inn mellom buskar og kratt.

Sakte og roleg.

Roleg og sakte.

Heimover kanskje – det tenkjer eg ikkje på.

Andre kan tenkje

kva dei vil

viss dei ser alt dette.

Eg tenkjer ikkje meir på det.

15

HESTEN OG EG

Sjå, hesten, den store, nå er han blitt like liten som ein maur utpå tuppen av skoen

min.

Og skoen er blitt så stor som ein hest.

Ein maurhestesko!

Men ingen vil sjå når eg snakkar og peikar.

Vil berre snakke sjølve:

Tull! seier dei.

Det er berre ein heilt vanleg

hestedag dette, seier dei.

Foten min ville nok helst vore saman med mauren.

Det kjenner eg i heile meg, endå foten teier.

Seier ingenting – ikkje eingong

når mauren forsvinn og foten vil vere med.

Ingen ting.

16

MAUREN FORSVINN DER EG ER

Mauren som er så ørliten pilar

framover mykje raskare

dit han har tenkt seg

enn eg som ser på og

tenkjer mitt

når mauren som ikkje veit dette er forsvunne der borte.

For dette veit eg på den motsette måten,

bakover her

ein stad inne i meg.

Det kan ingen sjå på meg.

17

TO HALVE HOPP

Humla og snigelen er like – dei hoppar ikkje

og bryr seg ikkje

om mitt hopp beint ut i søledammen

her midt på vegen.

Men fuglen i treet

trur visst eg

er ein fisk som er farleg:

Like før eg landar i plasket mitt

hoppar fuglen frå greina si opp

og bort og dreg føtene til seg

og landar ikkje i det heile tatt nokon stad!

18

NÅR EG ER EIN ENGEL

Når eg er ein engel

slår eg vengjene saman

og går med hendene

djupt i lomma og føtene

litt over jorda bortover

dit heilt gjennomsiktige skuggar flyt

på lyset mellom låge greiner

som svingar til sides og slepper meg inn

i skogen der eg forsvinn

og er forsvunnen som alle andre

englar før meg.

19

IKKJE DER

Eg står ikkje oppreist og smal bak den furua der.

Eg sit ikkje ihopkrøkt der nede under dei store steinane.

Eg ligg ikkje oppe på greina i bjørka.

Eg går ikkje langt ut i sivet der borte.

Ein kan verkeleg la vere alt dette utan at nokon merkar det.

Her er det ingen som spør.

Svara gøymer seg difor ubrukte inni meg her.

20

LEITING

Vi to vi visste ikkje at vi var venner.

Du visste ikkje det.

Eg visste det ikkje heller.

Ikkje før

vi møtte kvarandre i skogen.

Kva er det du leitar etter her? spurde du.

Ingenting! sa eg.

Men har du sett

kva som er oppi dette treet? sa du.

Nei, aldri! sa eg.

Skal vi klatre opp og sjå etter? sa du.

Så gjorde vi det.

Der var ingenting.

Anna enn lufta og oss.

Så blei vi verande der. Og var venner då vi kom ned att.

21

I SKOGEN ETTERPÅ

Vinden

som velta det svære treet i skogen

då han storma frå nord

greidde ikkje å reise det opp att

seinare då han bles ifrå sør.

Men skogen greidde å jage vekk vinden.

Og ingen skyer, same kor svære skyer kan gjere seg, vågar seg ned

mellom greinene til eit tre.

Skyene vågar ikkje eingong liggje

på bakken der nede treet har røtene sine.

Her får mauren og mosen streve med sitt i fred, den eine rastlaus og travel, den andre kanskje med like god tid som treet sjølv.

22

SKOGEN I TREET

Eit tre eg veit om har ingen skog å vere i.

Difor må treet lage sin eigen skog

av sine eigne greiner oppe

over seg sjølv.

Det er sant.

Og der oppe mellom greinene er heller ikkje eg åleine.

Åleine er eg berre når eg står

akkurat som treet

nede på jorda.

Her har eg berre meg sjølv.

Det hadde eg kanskje ikkje hatt elles.

23

TREET VÅRT

Du og eg

omfamnar treet

frå kvar vår side og kjenner kor godt

det gjer når hendene våre rekk

så langt at dei møtest.

Når vi gjer dette er det eit sånt tre vi likar best

Sjølv om ingen ser det og ikkje eingong treet veit om det.

Dette forstår vi.

Skulle vi gløyme det minner treet oss på det sjølv om vi går forbi og tenkjer

på noko anna – same kva det andre kan vere.

Det er også godt.

24

TREKREMT

Du kjem ikkje frå mi rot her du nå kjem klatrande oppover. Heller ikkje frå toppen min, sjølv om du strekkjer eine armen over både ditt eige hovud og den.

Eg trur du kan vere eit frø frå ei kongle som eg ikkje kjenner langt der nede ein stad under dei nedste greinene mine, dit eg aldri kjem meir.

Men kom opp til meg likevel. Slå ut det du kan til alle kantar.

Og så kan du fortelje di eiga rot, langt der nede ein stad der eg aldri har vore, kva handa di såg her oppe.

25

ANSIKT I VATNET

Eg sat og teikna ansikt i vatnet med peikefingeren.

Same kven sitt ansikt eg teikna var vatnet med på dette: Å, ja, det ansiktet der, det har eg sett før! smilte vatnet.

Men mitt ansikt har du aldri sett, for eg har aldri vore her før, sa eg og drog fingeren opp.

Då mørkna vatnet: Ikkje det? Her har jo alt vore mange før som har teikna deg – det er berre du som ikkje har sett dei.

26
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.