Barnebibelen

Page 1

OsloSamlaget2022

12

Gud skapte himmelen og jorda. Først var alt mørkt. Så sa Gud: «Bli lys!» Og det blei lys. Sola skein om dagen og månen og stjernene om natta. Og Gud såg at lyset var godt. Gud skilde det tørre landet frå havet og skapte tre og plantar som skulle gjere jorda grøn. Så skapte Gud fiskane i havet, fuglane under himmelen og dyra på marka. Og Gud såg at skaparverket var godt.

Til slutt skapte Gud menneska i sitt eige bilete, så dei likna på Gud sjølv. Mannen fekk namnet Adam, og kvinna fekk namnet Eva. Gud såg at alt var godt. Deretter kvilte Gud. (1 Mos 1,1–2,3)

DET GAMLE TESTAMENTET13

Eva arbeidde i hagen i Eden saman med mannen sin. Dei kunne ete av grønsakene og all frukta. Men midt i hagen stod treet til kunnskap om godt og vondt. Det fekk dei ikkje lov til å røre. Ein dag kom den listige slangen til Eva. «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje får lov til å ete av frukta i hagen?» sa han. «Du tar feil. Det er berre dette eine treet vi ikkje får ete av», sa Eva. «Aha! Men så synd», sa slangen. «Kunnskapstreet er eit makelaust tre. Viss de et av frukta, blir de like kloke som Gud.»

Eva blei freista til å ete, sidan den saftige frukta kunne gjere henne klok. Ho plukka ei frukt og åt. Ho delte også med Adam, og han åt saman Såmed henne.fortdeihadde ete, oppdaga Eva og Adam at dei var nakne. Dei blei flaue fordi dei ikkje hadde klede på seg. Dei fletta saman fikenblad som dei batt kring livet. Då forstod Gud at Eva og Adam hadde ete av den forbodne frukta. Gud viste Eva og Adam ut av hagen i Eden og sette dei til å dyrke jorda. Dei fekk ikkje lov til å gå inn i den vakre hagen meir. (1 Mos 3,1–24)

DET GAMLE TESTAMENTET15

16 Eva og Adam fekk to søner. Den eldste kalla dei Kain. Den andre fekk namnet Abel. Kain var misunneleg på Abel, for Abel var gjetar og flink med sauene. Sjølv dyrka Kain grønsaker. Når Kain kom med grønsakene sine og la dei fram for Gud, var ikkje Gud like begeistra som når Abel kom med eit av dei små lamma. Difor trudde Kain at Gud likte Abel best. Ein dag sa Kain til Abel: «Bli med meg ut på marka!» Der slo han Abel i hel. Det var det første drapet i verda. «Kvar er Abel?» spurde Gud. «Eg veit ikkje. Eg er ikkje vaktaren hans», svarte Kain. Men Gud visste at Kain hadde drepe bror sin. «Blodet hans ropar til meg frå marka», sa Gud. Kain rømte til eit anna land, bort frå foreldra sine og frå Gud. Men Gud passa likevel på han. Etter kvart bygde Kain ein heil by. Eva og Adam fekk fleire søner og døtrer. Men menneska gjorde meir og meir av det som var vondt. (1 Mos 4,1–17)

Vondskapen på jorda blei større og større. Folk kriga mot kvarandre. Dei tok ikkje vare på naturen. Alt menneska gjorde, førte til meir øydelegging. Gud var skuffa over menneska. Berre Noah og familien hans prøvde å gjere det som var rett. Då sa Gud til Noah: «Bygg deg ein stor båt! Båten skal vere 150 meter lang og 25 meter brei. I den skal du samle to av alle verdas dyr, ein hann og ei ho av kvart slag.»

Noah og kona hans hadde tre søner, Sem, Ham og Jafet, og tre svigerdøtrer. Alle hjelpte til med å bygge båten, som dei kalla Noahs ark. Så samla dei to av alle verdas dyr i arka. Det var så vidt det var plass til dei sjølve etterpå.

I det same Noah og familien hans gjekk inn i arka, begynte det å regne. Det regna og det regna utan å stoppe. Det regna så mykje at vatnet løfta den store båten opp frå bakken. Han begynte å flyte.

20

I førti dagar og førti netter regna det. Til slutt var heile jorda dekt av vatn. Berre Noahs ark dreiv omkring i bølgjene.

Etter å ha drive rundt på havet i lang tid gjekk båten på grunn. Noah opna ei luke i taket og sende ut ein ramn. Ramnen kom ikkje tilbake.

21 Så sende Noah ut ei due, men dua kom tilbake fordi ho ikkje fann tørt land å kvile seg på. Noah venta sju dagar og sleppte så dua ut på nytt. Dua kom tilbake med eit grønt blad i nebbet. Då forstod Noah at jorda snart var tørr. Noah, familien hans og alle dyra gjekk ut av arka. Båten hadde berga dei frå storflaumen. Gud sette ein regnboge på himmelen som eit teikn for menneska: Aldri meir skulle det komme ein så stor flaum at vatnet skylde over heile jorda. (1 Mos 6,5–9,17)

Menneska blei mange, og dei lærte seg stadig nye ting. I byen Babel ville dei bygge eit tårn som gjekk heilt opp til himmelen. «Vi kjem til å bli berømte», sa dei til kvarandre. «No vil alle forstå at ingenting er umogleg for Folketoss.»i Babel bygde tårnet høgare og høgare. Då tenkte Gud: «Eg vil dra ned til jorda og sjå kva dei driv på med der.» Gud kom til Babel, såg det store tårnet og blei sint. «Eit tårn som skal nå heilt opp til himmelen? Kva blir det neste menneska finn på?»

På den tida fanst det berre eitt språk på jorda. Gud forvirra menneska i Babel ved å g i dei mange forskjellige språk. Plutseleg forstod dei ikkje kvarandre lenger. Forvirringa blei så stor at dei slutta å bygge på tårnet. Mange av dei forlét byen og flytta kvar til sitt. Slik blei menneska spreidde over heile jorda. (1 Mos 11,1–9)

22

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.