100 Handlaga gåver

Page 1



10 0 HANDL AGA GÅVE R

Grane_m2.indd 1

22.06.2022 19:51


d og Nikolai Til Iben, Alfre

Grane_m2.indd 2

22.06.2022 19:51


100 Ingvild Grane

h a ndl ag a g åv er Foto: Ingvild Grane og Nikolai Bergstrøm Framsidefoto: Herman Ekendahl-Dreyer

saml age t · oslo

Grane_m2.indd 3

22.06.2022 19:51


INNHALD

8 Kva er ei gåve? 11 12 15 16 19 20 24 27 28 30 31 32 34 35 37 38 39 40 43 44 46 47 49 50

Grane_m2.indd 4

Våren Driv fram ein vårbukett Plantefarga påskeegg Plant frø, og gi vekk ei miniplante Sy bursdagskrona som kan vare i mange år Sy ein magisk tryllestav Karnevalsmaske i papir Uro av skjel frå stranda Plantefarga gåveband i lin Strikk ein varmande hals Plukk ein vårbukett i skogen Papirblomstrar Kort med pressa vårblomstrar Lag eit perlehjarte til ein venn Stoffposar som kan brukast til alt Ei grøn gåve som kan etast Inviter til piknik i vårskogen Hårspenner med heimelaga stoff-sløyfer Stikling: del plantegleda Vårsol-veske Skattejakt med heimelaga skattekart Syrinbukett Sy ein liten pung Sy lappeteppe av stoffrestar

22.06.2022 19:51


53

54 57 58 59 60 62 63 64 67 68 70 71 74 75 76 79 80 83 84 85 86 87 88 89 91 92 93

Grane_m2.indd 5

Sommaren Sy sommarens finaste parkveske Kjempegod hylleblomstersaft Grøftekantbukett Rabarbrabukett Brett ei personleg gåve-øskje Heimelaga lavendelsåpe Sydde hårstrikkar Strikka kjøkkenhandkle Strikka kjøkkenklutar Glas med tørka urter Rabarbrasyltetøy Stikkelsbærsyltetøy Sommarpynta nøkkelring Frodig blomsterkrans Sy ei linmatte Sy lavendelputer Ønsk velkomen til sommarmiddag Ein pose full av frøglede Sy leikefrukt av stoffrestar Bukett med favorittblomstrane dine frå hagen Stoffkledd boks Den finaste steinen på stranda Tørka solbukett Blåbærgåve Ei korg full av sjølvdyrka grønsaker Sy ei sovemaske Sy mjuke musselinklutar

22.06.2022 19:51


96 99 100 103 104 106 107 108 110 111 113 115 117 120 123 124 127

Hausten Gryteunderlag av kastanjenøtter Ei samling med favoritt-oppskriftene dine Kanel-i-svingen-kake Sy varige handlenett Strikk tradisjonssokkar Gamle vinkorkar blir til kule stempel Lag medaljar med gamle knappar Ein boks full av skattar Plukk ein stråbukett Glas med rista kikerter Sy ei lappeteknikk-pute av stoffrestar Klipp, lim og mål eit fantasi-insekt Kantarellpai Lag ein haustkrans Inviter til utemiddag i haustmørkeret Sy eit kjøkkenhandkle i lin Lag ein eviggrøn krans med grønt frå skogen

129 130 131 133 134 137 138 141 142 145 146 148 149 153 154 155 157 158 159

Vinteren Bivokslys Støypte bivokslys i glas Strikk eit midtvinterteppe Strikk tøffelsokkar Strikk sitteunderlag i ull Heimelaga badebomber Lag ein vinterkrans av strå Draumefangar Mosaikk-bilete av måla papir Strikk ei restegarnpute Tilby hjelp Gi vidare favorittboka di Kvistramme med foto Dekorer ei fyrstikkøskje Evig vinterbukett Sy gode grytelappar av restestoff Sy rustikke linserviettar Smelta sjokolade med nøtter og tørka frukt

95

6

Grane_m2.indd 6

22.06.2022 19:51


161 162 164 168 171 172 173 174 177 178 180 181 182 183 184 185

Jula Sy ei julestrømpe Julepynt-duskar Lag julepynt av kvistar Appelsinjulepynt Appelsin-konfekt med sjokolade Tørka klementinskal-hjarte Sjokolademarengs Biscotti med appelsin, mandlar og sjokolade Frå påleggstube til gullpynt Julekalender Blomstrande julekuler Eviggrøn julebukett Pynt med gullmåla blad Krans av tyttebærlyng Sy julehjarte av stoffrestar

187 Innpakning 192 Klippemalar 196 Takk

Grane_m2.indd 7

22.06.2022 19:51


K VA ER EI G ÅV E ? Eg har alltid elska gåver. Både å gi dei og å få dei. Å leite etter den rette gåva gir meg glede, og slik trur eg mange har det. Samtidig er ikkje alle gåvene bra for miljøet. Om du tenker gjennom det: Kor mange små og store ting har du kjøpt i gåve i løpet av det siste året? Og kor mange av dei trur du framleis er i bruk? Dei siste åra har eg jakta på gåver som belastar miljøet så lite som mogleg. Og eg fann ut at dei fleste blei aller mest glad for gåvene som ikkje var kjøpt i butikken. At venner og familie blir glade for heimestrikka sokkar, seier seg liksom sjølv. Men at plantestiklingar, ei korg sjølvplukka blåbær og ein blomsterbukett plukka frå grøftekanten i nabolaget skulle bli møtt med stor entusiasme, fekk meg til å revurdere dette med gåver. For gåver treng ikkje vere dyre. Dei treng faktisk ikkje koste noko som helst. Og ofte set ein vel så mykje pris på omtanken som på sjølve gåva. At vi gir gåver til bursdagar og til jul, er sjølvsagt. Men som den gåve-entusiasten eg er, synest eg vi kan gi gåver til kvarandre mykje oftare. Ja, ofte er det endå hyggelegare å ha med ei gåve når det ikkje er venta, men då kan gåva sjølvsagt ikkje koste hundrevis av kroner eller vere flogen inn frå Kina. Om du i staden gir noko som er heimelaga, noko du har funne i naturen, eller kanskje ei oppleving, kan gåva både vere personleg, miljøvennleg og rimeleg. I denne boka har eg samla mine aller beste tips til små og store gåve-idear som du kan lage av ting du allereie har heime, eller som du finn gratis i hagen din eller ute i naturen. Dei aller fleste gåvene er enkle å lage og krev ikkje spesielle forkunnskapar. I tillegg har eg teke med mange tips til gåver som kanskje ikkje er så sjølvsagde. For kva er ei gåve, eigentleg? Treng det vere ein ting? Alt du gir nokon andre, er ei gåve. Det kan vere ei teneste. Ei flaske heimelaga rabarbrasaft. Ein krans laga av kvistar frå skogen. Ein middagsinvitasjon. Eller rett og slett tida di. Eg håpar boka kan gi deg inspirasjon til mange fine, smakfulle, nyttige og kreative gåver, og at du brukar henne som ein inspirasjonsbank når du treng gåvetips. Og hugs: Det er lov å lage gåver til seg sjølv også.

8

Grane_m2.indd 8

22.06.2022 19:51


9

Grane_m2.indd 9

22.06.2022 19:51


10

Grane_m2.indd 10

22.06.2022 19:51


Våren

Fuglane kvitrar, og under den smeltande snøen vaknar naturen til liv – full av ting du kan lage gåver av medan dagane blir lengre og lysare. Men allereie før våren er i full gang, kan du tjuvstarte sesongen heime på kjøkkenbenken. Ta inn kvistar frå blomstrande buskar og tre, og sjå korleis dei sakte får knoppar og blomstrar inne i varmen. Du finn tips om korleis du går fram, på side 12. Og med ein gong dei første solstrålane varmar, finn du hestehov, snøklokker, blåveis og gåsungar mellom vissent lauv ute. Desse blomstrane blir flotte små gåvebukettar. Kanskje vil du plukke nokre som du pressar og limer på eit kort også. Framgangsmåten finn du på side 34. Synest du det blir lenge å vente på vårblomstrane? På side 32 ser du korleis du kan lage fargerike papirblomstrar. Ein bukett av desse evigvarande blomstrane er ei fantastisk gåve å få. Våren er også den beste tida på året til å formeire potteplantene dine ved å ta stiklingar, og då har du raskt massevis av nye planter du kan gi vekk. Tida er også inne for å så frøa som skal bli blomstrar i sommar. Det er fort gjort å sitte att med altfor mange spirer, men hugs at mange gjerne tek imot spirene du har til overs. Med ei sløyfe rundt plantepotta har du gåva klar. I barnehagar og på skular er våren karnevalsesong, og dei fleste barn elskar å kle seg ut. Her i boka finn du framgangsmåten til ei enkel og fargerik karne­ valsmaske i papir på side 24, og du finn også oppskrift på både tryllestav og bursdagskrone, som begge passar godt til utkleding. Bruk den ekstra energien som kjem med våren, til å få utløp for kreativitet. Plukk skjel på stranda og kvistar i skogen, og prøv å sjå potensial i alt du har rundt deg – både i skuffene heime og ute i naturen.

11

Grane_m2.indd 11

22.06.2022 19:51


1

nr.

DR I V F R A M EIN VÅ R B U K E T T

Medan det framleis ligg snø i bakkane, kan du enkelt trylle fram den flottaste vårbuketten. Alt du treng, er kvistar og vatn. Denne buketten kan du plukke både om vinteren og om våren. Om vinteren treng buketten ca. to veker på å spire. Seinare på våren tek det gjerne berre ei veke. Jo varmare det er ute når du plukkar inn kvistane, jo kortare tid tek spiringa. Start med å plukke inn kvistar. Du kan velje alle slags kvistar, men om du vil ha ein bukett med blomstrar, må du velje kvistar frå eit tre som blomstrar om våren, som syrin, magnolia, kirsebærtre eller plommetre. Har du ikkje tilgang til vårblomstrande tre, kan det vere like fint med ein frisk og vårgrøn bukett med til dømes bjørk og lodne gåsungar. Ta kvistane inn i rom­ temperatur og skjer eit skråsnitt nedst på dei, slik at dei får ei stor og god flate til å suge til seg vatn. Sett dei i ein vase med lunka vatn og plasser dei så lyst som mogleg. Deretter byter du vatn kvar dag, og du kan gjerne skylje over kvistane eit par gongar med litt lunka vatn. Etter nokre dagar vil du sjå at knoppane blir grøne, og etter éi–to veker vil blomstrane og/eller blada begynne å spire. Nokre kvistar, til dømes syrin, treng meir varme for å blomstre. Desse kan du sette på eit varmt baderom fram til dei spirer. Unngå at dei står nær direkte varme frå varmeomn/peisvarme – noko som berre vil tørke ut knoppane.

Du treng: • kvistar, gjerne frå eit tre som blomstrar om våren • vase og vatn • ei snor til å snøre saman buketten med

Når buketten spirer og er klar til å givast bort, kan du legge litt vått hushaldningspapir eller liknande i ein liten frysepose og sette enden av kvistane nedi posen, før du surrar litt hyssing eller liknande rundt for å halde posen på plass. Pakk deretter kvistane varsamt inn i avispapir og gråpapir eller gåve­papir, slik at dei har isolasjon rundt seg om dei skal ut i kulda på veg til den som skal få dei.

12

Grane_m2.indd 12

22.06.2022 19:51


HUGS! Det tek éi–to veker å få kvistane til å spire.

13

Grane_m2.indd 13

22.06.2022 19:51


TIPS: Når du er fe rdig med å farge egga, kan du bruke resten av fa rgevatnet ti lå farge fine gå veband i lin . Sjå framgangsm åte på side 2 8.

14

Grane_m2.indd 14

22.06.2022 19:51


2

nr.

Du treng: • gul lauk (blir gul-oransje farge) • raudbete (blir rosa-raud farge) • raudkål (blir blå farge) • eddik • vatn

PL A N T EFA RG A PÅ SK EEG G

Å servere fargerike egg hevar påskefrukosten mange hakk. Egga er også fine å gi bort som ei lita påskegåve. Du kan koke egga først, og farge dei når dei er avkjølte, eller du kan koke egga etter farginga, om du heller vil det. Ver obs på at om du kokar egga etter farginga, vil ein del farge forsvinne i kokinga. Du kan også blåse innhaldet ut av egga og farge skalet, om du berre vil bruke egga som pynt. Bestem deg for om du vil farge med berre éin farge (éin farge-ingrediens), eller om du vil farge med alle tre. Du treng ein liten kasserolle til kvar av fargane. Start med å koke opp mellom 5 og 10 dl vatn i kvar kasserolle, alt etter kor mange egg du skal farge. Deretter tilset du farge-ingrediensen, som enten er skiva raudkål, kutta raudbete eller det ytste skalet av gul lauk. Ein stor neve med kvar ingrediens pleier å passe. La vatnet småkoke med farge-ingrediensen i til vatnet har fått ein sterk og tydeleg farge. Det tek ca. 15–30 minutt, men du kan gjerne la det stå litt lenger om du vil ha endå sterkare farge. Ta så vatnet vekk frå varmen og la det stå i romtemperatur til det har kjølt seg heilt ned. Deretter siler du farge-ingrediensane ut av det farga vatnet. Tilsett 1–2 matskeier eddik i kvar fargeblanding. Legg dei ferdig kokte og nedkjølte egga oppi det farga vatnet slik at egga blir heilt dekt med farge. No skal egga ligge i det farga vatnet heilt til dei får så djup farge som du vil ha. Du kan gjerne la dei stå i fargevatnet i kjøleskap over natta. Jo lenger dei står, jo djupare blir fargen. Og vil du ha ulike nyansar av same farge, let du nokre egg ligge kort tid i fargeblandinga, medan andre får ligge i mange timar. Når du er nøgd med fargane, tek du egga opp og let dei tørke – gjerne i ein open eggekartong. Så er dei klare til servering!

FIN TÅL AG E SAM AN M ED BAR NA

15

Grane_m2.indd 15

22.06.2022 19:51


3

nr.

PLANT FRØ, OG GI VEKK EI MINIPLANTE

Å plante eit frø er å tru på framtida, heiter det. Og det er mykje håp og glede i ei frøsådd spire om våren. Så kvifor ikkje dele håpet med fleire? Så frø om våren og få blomstrande planter og grønsaker! På seinvinteren og våren er både blomsterbutikkar og netthandlar fulle av fantastiske frøposar, og gjennom å så frø får du mange planter (og større utval) til ein rimeleg pris. I tillegg får du den store gleda av å sjå noko spire og vekse, noko som gir både energi og meistringskjensle. Dessutan kan du glede andre med noko av det som har vakse opp heime hos deg. For når du plantar ein heil pose med frø i jorda, blir det fort mange fleire planter enn du sjølv har plass til, men som andre rundt deg heilt sikkert blir glade for.

Du treng: • plantefrø • såjord • plantepotte

Når du plantar frø, står det på frøpakken kva som er eigna tidspunkt for planting. Nokre planter treng lang tid på å spire og må plantast allereie i januar, medan andre gjerne kan vente heilt til april eller mai før dei skal i jorda. Nokre frø er bitte små og skal plantast tett, før du seinare deler spirene og plantar dei om i kvar sine potter, medan andre frø er store og skal ha eiga potte heilt frå starten. Les nøye på instruksjonane for akkurat di plante. Når plantene har blitt så store at dei er litt robuste, som tomatplanta på biletet her i boka, toler dei fint å bli gitt bort til andre. Sørg for å formidle instruksjonar for korleis planta skal stellast (vatning, solbehov, gjødsling, utplanting osv.), slik at den som får planta, veit korleis ho skal behandlast.

TIPS! du kan t på at k n e t ne du Har du plante å r f ø r f finn hauste side 83 å P ? n ge is! har i ha til korle du tips

16

Grane_m2.indd 16

22.06.2022 19:51


17

Grane_m2.indd 17

22.06.2022 19:51


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.