Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje – Veronika Erstad og Ella Okstad (ill.)

Page 1

Veronika Erstad

Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje

Roman

Illustrert av Ella Okstad

Samlaget Oslo 2024

© Det Norske Samlaget 2024

www.samlaget.no

Omslag: Ella Okstad

Førtrykk: Type-it AS, Trondheim

Skrift: Sabon 16/22 pkt.

Papir: 100 g Munken Premium Cream

Trykkeri: Livonia Print

Printed in Latvia

ISBN 978-82-340-1034-7

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.

Saga

Eg heiter Saga. Namnet mitt betyr forteljing eller eventyr. Det finst tusenvis av forteljingar. Dei treng ikkje å vere sanne. Ei forteljing kan vere blank løgn, heilt sann eller noko midt imellom.

Pappa seier at alle menneske har ei forteljing. Det likar eg. Mi forteljing er noko midt imellom. Det meste er sant, men noko er fantasi. Min beste venn heiter Storm. Namnet hans betyr sterk vind. Storm er ingen storm. Han er vindstille. Storm har vore

5

bestevennen min så lenge eg kan hugse.

Når eg blir sint, er Storm heilt roleg. Det er sant! I går kasta eg meg på senga og skreik då mamma sa at eg ikkje fekk vere med Storm heim.

Det går bra, Saga, sa Storm då. Du kan vere med meg heim i morgon.

Heilt roleg!

Eg har ein veslebror som heiter Leon.

Han er fire år. Leon er kalla opp etter ein leonberger, ein hund mamma hadde då ho møtte pappa på universitetet.

Ho blei forelska med ein gong, pleier pappa å seie.

Ikkje med ein gong, seier mamma då. Det var hunden som likte deg først.

No har vi Bonus, ein stor dalmatinar, kvit med svarte flekkar. Bonus elskar mat.

6

Viss han fekk bestemme, ville han ete heile tida og bli tjukk som ein ballong. Heime hos oss luktar det gulp og

bæsjebleier. Det er klissete på golvet. Som om det ikkje var nok med ein veslebror, har vi tvillingane på eitt år. Dei kastar maten på golvet. Pappa kryp rundt og feiar brødbitar opp på eit brett. Mamma sit på kontoret og jobbar på Macen. Det er alltid noko viktig ho må bli ferdig

med. Eg veit ikkje kva det viktige er. Når eg spør ho, seier ho berre: Ti minutt til, Saga. Eg er snart ferdig. Det har ho sagt hundre gongar. Eg trur aldri mamma blir ferdig. Det er ingen som legg merke til meg. Berre når dei vil eg skal gjere noko, roper dei på meg. Eg må passe Leon og

7

tvillingane, sjølv om eg ikkje har lyst.

Tvillingane øydelegg alltid leiken. Dei er for små til å forstå han. Viss Leon gjer noko gale, er det eg som får skulda. Då skulle eg ha passa betre på. Det er så urettferdig!

9

Mamma syng for tvillingane når dei skal sove.

Pappa hjelper Leon med sokkane, sjølv om han er fire år.

Eg må klare alt sjølv.

10

Heime hos Storm

Heime hos Storm luktar det reint. Mora og faren til Storm smiler når vi kjem.

Storm kallar mora for Ingrid og faren for Yngve. Ingrid og Yngve har alltid god tid.

Dei sit saman med oss og et, og spør kva vi har gjort på skulen.

– Vi leikte i skogen, seier eg medan eg tygg pannekaka.

– Det høyrest kjekt ut, seier Yngve.

Eg fortel at vi leikte at vi måtte redde nokon ned frå fjellet. – Fjellet var den store steinen bak skulen, seier eg.

11

Storm synest foreldra hans stiller for mange spørsmål, men eg synest dei spør akkurat passe. Eg har lyst til å vere med Storm heim kvar dag, men pappa seier nesten alltid at eg må kome rett heim etter skulen. Pappa vil at eg skal passe tvillingane når han lagar middag.

Når vi har ete, set Ingrid seg i sofaen med avisa, og Yngve lagar kaffi.

– Sjå her, seier Ingrid. Ho held opp avisa og viser oss eit bilete av ein mann saman med kongen. Mannen har ein hund.

– Han har fått Kongens fortenestemedalje, seier Ingrid.

– Kva har han gjort? spør Yngve.

– Han er leiar for Norske Redningshundar, seier Ingrid. Han har trent redningshundar i mange år.

– Er han på Slottet? spør Storm og peikar på biletet.

– Ja, det er utdelinga av fortenestemedaljen, seier Yngve. – Det er alltid på Slottet.

– Må ein trene redningshundar for å få medalje? spør Storm.

– Det kan vere mykje forskjellig, seier Yngve. – Mange som har kjempa i krigen, har fått medaljen.

– Eg er for ung for krigen, seier Storm, og alle ler. Når det blir stille, kan eg sjå at Storm tenker hardt.

14

Det er godt å sitje i sofaen med Storm, Yngve og Ingrid.

Viss det berre hadde vore mamma og pappa og eg, ville det ha vore sånn hos oss då som det er hos Storm?

15

Kongens fortenestemedalje

Heile vegen heim frå Storm tenker eg på Kongens fortenestemedalje. Tenk å få kome på Slottet! Så gøy det må vere.

Når eg kjem heim, er det berre Bonus som legg merke til at eg har kome. Han sleiker meg i øyret og på nasen. Det er vått og kitlar.

Når dei oppdagar at eg har kome heim, kjem dei til å mase på meg. Eg listar meg opp på rommet mitt. Bonus blir med.

Når eg legg meg i senga, kjem Bonus

16

med tøflane mine. Det har eg trent han til. Eg har sett korleis eg skal gjere det, på eit hundeprogram. Bonus er lett å lære ting. Når eg har nok pølsebitar, gjer han alt eg vil han skal gjere.

– Flink, seier eg og klør Bonus bak øyret. Då får eg ein idé! Eg kan trene Bonus til å redde folk. At eg ikkje har tenkt på det før!

– Bonus, du skal bli redningshund, seier eg og klør han på magen. Bonus ser på meg, og så legg han hovudet i fanget mitt.

17

Eg tenker på mannen som trente redningshundar. Så er det eg som er hos Kongen og får ein stor medalje i gull på jakkekragen. «Kongens fortenestemedalje – for særskild innsats for landet vårt» står det på diplomet. Det blir fest, og ingen tenker på småsøsken, bleier, brødsmular eller klissete golv. Det er meg alle vil sjå på. Eg må le! Det er så godt å tenke på.

Eg har gjort noko særskilt for landet vårt. Eg er heilt spesiell.

Eg melder til Storm at Bonus skal bli redningshund, og at vi skal få Kongens fortenestemedalje på Slottet.

Vi byrjar treninga i morgon etter skulen, skriv eg.

Yes, skriv Storm.

18
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.