Landskap med vindturbinar av Thor Magnus Tangerås

Page 1

Thor Magnus Tangerås

Literature and Transformation. A Narrative Study of Life-Changing Reading Experiences. Fagbok. Anthem Press 2020

Ø. Dikt. Samlaget 2022

Thor Magnus Tangerås

Landskap med vindturbinar

Dikt

Samlaget

Oslo 2024

© Det Norske Samlaget 2024 www.samlaget.no

Omslag: Tina Tømmeraas Aasvestad

Førtrykk: Magnus Osnes

Skrift: Garamond Premier Pro 11,5/14 pkt.

Papir: 100 g Munken Premium Cream

Trykkeri: ScandBook AB, Falun

Printed in Sweden

ISBN 978-82-340-1229-7

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.

Materialet i denne utgjevinga er verna etter åndsverklova. Det er difor ikkje tillate å kopiera, avfotografera eller på andre måtar gje att eller overføra heile eller delar av innhaldet i utgjevinga utan at det er heimla i lov eller følgjer av avtale med Kopinor.

All bruk av heile eller delar av utgjevinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skapa tekst, bilete, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, er ikkje tillate utan særskild avtale med rettshavarane.

Bruk av materiale frå utgjevinga i strid med lov eller avtale kan føra til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.

Turning and turning in the widening gyre

The falcon cannot hear the falconer

WILLIAM BUTLER YEATS: THE SECOND COMING

V V v v v v v v v v v v

FUGANE

har du høyrt

storlomens rop

ljoma om holmane

i moe stunder

har du kome over eit lirypereir

blant fjellbjørk og vier mens du leita etter

ro

har du sett tranas venger

vida seg ut over tjernet

årle om morgonen

9

skimta du heiloas drakt

som ein halo over heia

i lisa frå kveldslyset

har du kjent tjeldens fluktlydar

kila seg inn i øyremuslingane i det sanden renn ut

mellom tærne

har du speida etter stormsvala

ho som kvarv i kimminga ho som vart svelgd

i havgapet

10

vart du skaka

då ho-hubroen letta

på høgspente venger mellom stolpeleidningane

og styrta i skumringa

om du hadde kunna lyda til tremoloen nattestid

frå islomen som sirklar over smeltande sjøislommer

ville du ha merka ein annan timbre?

har du stussa over at det ikkje lenger aular i åkeren

av fjåke måker som hyppar med nebbet som ard mens dei lyttar i fòrer og mold

etter ein fuge i mørkeret

11

ensa du annsemda inst i vika

av brusande fjører, marmande sjø når dverggjæsene fór gaglevegen

til himheimen i nordvest

augna du enkel- eller dobbelbekkasinen

i kystlyngheia som brann i solnedgangen

vart du fanga på musvåkens kamera

då du tok snarevegen

over myrane

12

har du høyrt eventyret om dei tolv hundre prinsane

som vart forheksa og omskapte til

vindvette

veivande med dei lange armane sine for at prinsesse vindblome

skal høyra det susa og buldra over hole torvmyrar

og koma for å frelsa dei

13

LOKK

kom nå

kom overrislingsberg og flygesanddyne

kom silt, kom dryppstein kom kystgrotte, kalktuff og sukkertareskog

kom strandeng og rikaste vierstrandskog kom nå humøse, djupe innsjøar

legg dokker inntil oss inntil verdsens ende fortel med melismar

om det som synest å vera utan tideller heimfesting

det forsagde det forlagde det fortagde

lag på lag av litoralia

14

PSALMODIA

fønen stryk så lett over

f jellfiol og linblomar

f lageoletttonar som

f rå ein lilla & gul fiolin

15

I

og kveldsvinden smyg seg

i engsvingel og smyle

som ein landstrykar

over solefallsslettene

heimlengsleslengande

og kornsirkelspringande

ber han med seg, i seg

ei etterlysing, eit signalement

II

har du sett ein jordkropp som svarar

til desse særsvipane

16
VAGANTVISE

dueauge og hårlokkar strøymande som

geiteflokkar nedetter fjellsida

tinningar som granatepleskiver og

lepper som band av skarlak

elfenbeinsmage overstrødd med safirar

davidstårnhals og bryst som gasellkalvar

III

vil du vera med og leita etter henne som eg elska

så høgt og lågt – ho som er komen

bort ifrå meg – tusse-, skur- og sogekjerringa

plukk med deg villblomar sju eller ni slag

raud jonsokblom, ryllik og skogstorkenebb

17

raudkløver, prestekrage og krypsoleie

enghumleblom, kvitkløver og smørblom

plasser dei under høyendet samankjeda i ring mot sola

IV

eller kle deg ut som raud skogfrue

pynt stilkvasshåret med solblom

ta på deg kystmarikåpe og marisko

rekk ut purpurmarihanda og ta sorgal imot brudelyset

18

HØGSONG

sol og vind over heia

kyndlar tendrar

i raudfiolett røsslyng

kolvar tinklar

i bleikrosa klokkelyng

som solvind langt av leia

19
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.