Årets bøker

Page 6

Gode lesar! I år går vi inn i bokhausten med ny bunad. Tidene forandrar seg, boklesarane forandrar seg, og det same gjer Samlaget. Bunaden er spesialsydd for å passe profilen vår som eit kunnskaps- og kulturforlag for alle. Vi vil nå endå fleire. Fordi forfattarane våre fortener det, fordi du som lesar fortener det – og ikkje minst fordi dei gode bøkene på nynorsk fortener det. Med nytt design, ny logo og ei spreller ny heimeside, www.samlaget.no, ønskjer vi å bli meir tydelege og frampå i den stadig tøffare kampen om plassen i bokhyllene. Innhaldet er sjølvsagt framleis det viktigaste, men vi ser at innpakning også betyr mykje, anten det no er på papir, digitalt eller i andre format. Samlaget skal likevel vere til å kjenne att. Vi tek med oss det beste frå vår tradisjonsrike 142 år lange historie inn i det nye. Samlaget er meir enn ”berre” eit forlag. Vår fremste oppgåve er å spreie det nynorske skriftspråket til flest mogleg. Det er ei oppgåve vi brenn for og skal halde fram med. Vi kjenner også eit spesielt ansvar for den nynorske historia. I år kjem band 2 av historia om norsk målreising, og Ottar Grepstads Nynorsk pressehistorie er ein viktig dokumentasjon av nynorskens framvekst i avisene. Det gror godt i spora etter Olav H. Hauge, Jon Fosse, Ragnar Hovland og årets 70-årsjubilant, Einar Økland. I år har vi åtte vaksenbokdebutantar og tre på barne- og ungdomsbøker. Un-


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.