Årets bøker

Page 26

Ragnhild Kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Dette er hennar skjønnlitterære debut.

I krig og kjærleik I krig og kjærleik er ein spennande og tankevekkjande roman som tek opp vanskelege spørsmål omkring dei som hamna på tysk side under krigen. Kanskje alt ikkje er så svart-kvitt som ein gjerne skulle tru? Kva bok har betydd mest for deg? – Mange bøker har vore viktige for meg . Nordal Rolfsens lesebok, for eksempel. Og Bibelen. Og Kritikk av den rene fornuft av Immanuel Kant. Og Det store spelet av Vesaas. Og alle diktsamlingane av Tor Ulven. Og mange, mange fleire. Kva person skulle du ønskje hadde boka på nattbordet? – Alle som har gjort seg opp ei bastant meining om at dei sjølve aldri kunne ha gjort noko vondt, og alle som går rundt og trur at val mellom rett og gale er like tydelege i den tida dei oppstår, som i ettertidas etterpåklokskap og fasit. Og så ønskjer eg at far og mor sit oppi himmelen, eller kvar dei nå er, og ser at eg endeleg vart forfattar «på ordentleg»!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.