Papiravisa 3 2015

Page 1

0315 papiravisa.no

VIL BLI VERDAS BESTE KOKK

BUBILISTANE

SOFASURFING

Side 8

Side 18

Side 48

Jan-Erik Hauge er på kokkelandslaget, og kjempar om å bli årets kokk – som får representere Norge i Bocuse d´Or: Kokke-VM.

To menn utan erfaring med bubil og 907 km vestlandsveg. Det gjekk nesten bra...

Du reiser ut i verda og endar på hotell. Men det finst alternativ: Overnatt hos lokale folk der du skal: Couchsurfing.

Eit magasin med fokus på å leve og oppleve – og til deg som framleis likar å lese på papir.

TORSHEIM I RAUDT

Vi ville sjå Torsheim i noko anna enn ”uniformen” han har hatt i snart 40 år. Resultatet vart fantastisk.

Side 35


Steinsenteret i Førde

Fagmiljø har tatt over Førde Granitt sitt steinsal, med nytt lokale etablert i Firdavegen 20. Vi har stort utval av :

-Skifer -Naturstein -Betongstein

-Kantstein -Gatestein -Gravminne

-Pleie og vedlikehald -Lim-/fugeprodukt -Steinverktøy

Granittheller frå kr 595,-

Granitttrinn L:120 Kr 819,-

Labyrintantikk 5cm Kr 199,-

Kulestein 70-100,bigbag Kr 2 695,-


Kantstein frå kr 58 ,pr.stk

Førde Granitt

Sedum matte kr 495,- m²

handmurstein

kr 1 910,-

Roritz Smågate8/10 kr 8,- pr.stk

Metro grå Kr 175,- pr.m²

Betongmur

Megawall kr 1 195,pr.m²

Lys Oppdal mellomstor kr 560,Tråkkhelle 40x60 frå kr 229,-

Sjøsingel 8-16 bigbag kr 2 995,-

- Møblar - Interiør - Vedomn - Stålpipe

-Pipe -Piperehabilitering -Stein -Gravminne

Firdavegen 20, 6800 Førde Man-fre. Kl. 0900-1630, Tor. Kl 0900-1800, Lør. Kl. 1000-1500

Tlf 57 72 10 60

www.fagmiljo.no


VI sel demo- og utstillingsmodellAr til knallprisAr! spar inntil kr 100 000,-

4 | papiravisa 0315

Kontakt oss for gode tilbod og prøvekøyring!

Avbilda bil kan vise anna utstyr og felgar enn omtalt i tilbodet. .

www.frydenbo-bil.no SANDANE 57 86 61 00

FØRDE 57 83 72 00

SOGNDAL 57 67 34 00

MINDE 55 59 97 00

ÅSANE 55 53 68 00

BERGEN VEST 982 05 882

VOSS 982 05 929

KRISTIANSAND 38 04 90 00


Sagt & saksa

0315 papiravisa.no

Ord for dagen Dess meir ein har på hjarta, dess stuttare form.

Å leve – og oppleve

Fridtjov Urdal/Facebook

Det er mottoet til Papiravisa. Vi skal skrive saker om det å leve, på godt og vondt, og saker om opplevingar i og utanfor fylket.

Firda/Artikkel om å leve med multippel sklerose

Denne gangen er det vår ”ut på tur” utgåve. Med ekstra fokus på reiseliv og opplevingar. Vi har blant anna møtt ein Jan-Erik Hauge frå Bremanger, som jobbar knallhardt kvar dag for å bli verdas beste kokk. Og det gjev utteljing: Han er teken ut på kokkelandslaget, og er ein av seks finalistar i Årets kokk. Vinnaren der får høve til å representere Norge i konkurransen Bocuse d´Or – det uoffisielle VM for kokkar. Vi har snakka med han om gleder og utfordringar i yrket – og kvifor han vil seg sjølv så ”vondt” at han set seg så harde mål.

Eg er ikkje så lettskremd. Ikkje typen til å grave meg ned. Den snille bestemora mi sa at ”Vi kose oss no, for vi veit ikkje kva som vil skje i morgon”. Eg prøver å leve etter det mottoet.

Elles byr vi på små og store saker om reising, mat og anna. Blant anna har vi testa bubil som ferieform, og vi har møtt tre ”sofasurfarar” som fortel litt om den måten å reise på. Og som ein ekstra godbit, har vi i vår faste spalte Kortrettet denne gongen fått gleda av å kle opp Oddvar Torsheim. Ei sak vi trur vil glede mange.

Audhild Solli, om å leve med sjukdommen MS.

”Når bystyret i Bergen i dag gjør vedtak om å starte et forsøk med sidemålsopplæring fra 3.klasse, er det samtidig en klar melding til dem som forsøker å svekke nynorsken stilling på Vestlandet: Ikke prøv dere.”

Vi håpar du får gode lesestunder i godtstolen, eller på sofaen. Stadane der papiraviser verkeleg kjem til sin rett.

Leiar i BT

God sommar.

"Til lags åt alle kan ingen gjera, men sidemål skal alle læra", seier @ErlendHorn i bystyret i Bergen. #beby

Noregs Mållag @noregsmallag /Twitter

EIT PRODUKT FRÅ REIN DESIGN AS

Postboks 353 // 6802 Førde // 95 93 99 99

BESØKADRESSE:

NRK Sogn og Fjordane: No er veslebror blitt storebror - NRK-ekspert trur Sogndal rykkjer opp.

TRYKK Schibsted Trykk Flesland DISTRIBUSJON Posten

Jan Inge Fardal@janidal /Twitter ”Feil, @NRKSF - @brann kjem alltid til å vera storebror. Dette er moro, men forbigåande. Og snart er begge oppe att.”

Kommunikasjonshuset Riksvegfem Øyrane 3a // 6800 Førde

ingvild pedersen Grafisk designar

roy sunde journalist tekstforfattar

tore fossen Grafiker tekstforfattar

stine bortheim lærling mediegrafiker

kristine slettehaug tekstforfattar

renate sjåstad Grafisk designar

heidi gloppen Grafisk designar

trude tenold AD / Grafisk designar

thor-aage lillestøl Marked/salg og foto

Ole Jonny Klopstad Dagleg leiar

95 93 99 91

95 93 99 90

95 93 99 93

95 93 99 99

95 93 99 89

95 93 99 96

95 93 99 95

95 93 99 94

95 93 99 97

95 93 99 98

5  | papiravisa 0315

"Å velje vekk kunnskap i skulen, vert ein kortvarig valfridom", seier Oddny Miljeteig i debatten om sidemålsordninga i Bergen #beby


Illustrasjon: Gregory Idehen

Rett & VRANG

Kroppen av galskap! Karl Kristian Langeland

Er du på eit sosialt medium kan du ikkje unngå å sjå det. Vårens galnaste eventyr er i gong.

Utallege bilete av folk som sveittar, lyfter, spring og kavar. Ved sidan av biletet kan vi lese ”#SK2015” eller sommarkroppen 2015, som det står for. No skal det trimmast! Feittprosenten skal ned og sjølvkjensla opp. Før eg går vidare skal eg gjere det heilt klart. Eg tykkjer det er flott at folk held seg i form. Eg heiar på ein sunn og frisk kropp. På mosjon, på trening og på eit variert kosthald, men no er det nok. Det har gått for langt.

6 | papiravisa 0315

Kroppspresset har vore nådelaust i årevis mot unge jenter, men no har det utvikla seg ytterlegare. Dette kroppspresset som herjar no diskriminerer ingen. Om du er mann eller kvinne, ung eller gamal, spelar inga rolle lenger. Det som før vart sett på som ein heilt normal kropp er ikkje lenger bra nok. Det held ikkje lenger å vere normalt slank og sunn. Det som betyr noko er musklar, vaskebrett og kor mykje du kan ta i benkpress. Eg har sett det ligge der og ulme, men eg har ikkje tatt det på alvor. Det var ikkje før eg såg 13-14 år gamle gutar pumpe vekter og måle musklar for harde livet på treningsstudioet eg innsåg at det har gått for langt. 13-åringar skal ikkje bekymre seg for muskelmasse og kor mykje dei klarar å lyfte. 13-åringar skal leike! Det har gått for langt, og det er vi vaksne med våre forskrudde ideal som har skulda! Det er det eg vil kalle kroppen av galskap. Vel, eg nektar å la meg rive med av det vanvittige kroppspresset som herjar, og eg nektar å vere med på å føre presset vidare til andre. Kanskje er det fordi eg innerst inne har gjeve opp å få ein slik kropp sjølv, og difor set min lit til at heller ingen andre skal få ein slik draumekropp? Det er mogleg, men eg vonar det er fordi eg har innsett at det er andre ting i livet som er viktigare enn eit veldefinert mageparti. Kva som er grunnen spelar for så vidt inga rolle. Du kjem uansett ikkje til å sjå meg avbilda på treningsstudioet med #SK2015. Det er derimot stor sjanse for at du kjem til å sjå bilete av meg på ein eller annan fjelltur

med store mengder sjokolade både i magen og i sekken. Du vil truleg sjå meg på ein god restaurant med ein femrettar framfor meg, og då kan du vere sikker på at eg skal bruke #SK2015. For meg er nemleg ikkje SK2015 draumen om draumekroppen, men ein SAS-flight. Destinasjon nyting! Det er no kampen må takast, det er no vi må vise at det held i massevis å ha ein heilt vanleg sunn og frisk kropp. I år som i fjor kjem mange til å kvi seg for å skulle vise seg på badestranda. Mange kjem til å føle at kroppen ikkje står i stil til dei andre rundt seg, men i år skal du gje blaffen. I år skal du vise dei treningsnarkomane ein styrke ein ikkje kan få av å lyfte vekter på eit treningsstudio. Du skal vise dei ei tru på at du er god nok AKKURAT slik som du er. Om det er BMIen din som avgjer om du er interessant for andre eller ikkje, så trur eg sanneleg dei andre har eit større problem enn du. Og det problemet er langt vanskelegare å gjere noko med enn nokre ekstra kilo her og der. Så! Medan andre lyfter vekter og febrilsk kjempar seg gjennom dagens treningsregime for litt større musklar, skal du lyfte hovudet. Det kjem til å imponere langt meir enn einkvar muskelbunt som spradar rundt på evig jakt etter merksemd og tilbeding. Ein sixpack er uansett best i kjølebagen, spør du PAPIRAVISA meg. PAPIRAVISA ©

©

13-åringar skal ikkje bekymre seg for muskelmasse og kor mykje dei klarar å lyfte. 13-åringar skal leike!


Herleg sommar! VI HAR ALT DU TRENG TIL

SOMMAREN AMFI FLORØ | 10-18 (16) | amfi.no/floro

1. ETG CUBUS JERNIA, SNORRE JERNVARE GULLFUNN REMA 1000 TELENORBUTIKKEN

3. ETG BRIO LEKER KAFÉ KANDIS LILLE KANDIS NORLI PRINCESS TANNLEGENE MØLSTER TOPPEN FRISØR

INNMELDING: AMFI.NO/FLORO

7  | papiravisa 0315

2. ETG EUROSKO G-SPORT MATCH NILLE NEW 1 SUNKOST SUNNFJORD APOTEK TILBORDS VITA EXCLUSIVE

Bli medlem i kundeklubben vår og få tilgang til dei eksklusive fordelane du også!

Følg oss på

AMFI Mye å glede seg til. Alltid.


8 | papiravisa 0315


Vil bli verdas beste kokk Bremanger skaper gode kokkar. Som Jan-Erik Hauge. Han er på kokkelandslaget, og kjempar om å bli årets kokk – som får representere Norge i Bocuse d´Or: Kokke-VM. Tekst og foto: Roy Sunde

Jan-Erik jobbar på Tango bar & kjøkken i Stavanger. I det vi entrar restauranten, kjem surret frå lukkelege gjestar som nyt mat og vin. Lydar som treff hjarterota. Matlukta får smilet til å breie seg i forventing.

TANGODANSEN

LANDSLAGET

Det er ikkje berre på Tango Jan-Erik utøvar kokkekunst. Han er òg på kokkelandslaget. – Det er spennande og surrealistisk. Gutedraumen er oppfylt –no må eg jobbe hardare og ligge i spiss av utviklinga. Det er ein ny måte å lage mat på for meg, og mykje å lære. Landslaget samlast ein gong i månaden: 15-16 kokkar til intense, lange dagar med idemyldring og matlaging. Vi er delt i to kategoriar: kald og varm mat. Eg er på kaldmat – og det er åtte oppgåver som skal løysast og presenterast på eit utstillingsbord for dommarar og gjestar. Mi oppgåve er å lage ein trerettar vegetarmeny: tre utstillingsrettar, som skal stå på ein buffé i tolv

ÅRETS KOKK

Jan-Erik er òg finalist i årets kokk: Norge sitt uttak til Bocuse d´Or. ”VM” for kokkar. – Fram til oktober er det full rulle med samlingar i årets kokk og landslaget, smiler han. – Eg jobbar 200-250 timar i månaden. I tillegg må ein finne tid til trening og samlingar. Det blir ikkje mykje tid til familie og venner, men eg har valt det sjølv. Om ein har lyst til å vere i toppen, må ein finne tid. Alle har vonde stunder og motbakkar: Om du vil bli best bit du tenna saman og står på. Kokkeyrket byr på høg temperatur, harde dagar og mykje stress, samstundes som du skal smile til gjestane. Det er likevel eit godt yrke, med fordeler og ulemper. Eg vel å fokuserer på fordelane, og smi mens jernet er varmt. Tango har gode friordningar: Ein jobbar mykje i periodar, og tek mykje fri etterpå. Det er intenst, men eg likar det. I blant tenker eg at no er alle vennene mine samla, og om eg jobba 8-4 kunne eg fått med meg meir. Men dei forstår at eg trivast med jobben. Og så samlast vi når vi kan. Eg ringer ikkje folk midt i arbeidstida deira og spør om dei vil drikke kaffi heller, ler han. – Eg er heldig, og har gode vener og familie i ryggen. Ein god vennegjeng som vaks opp i lag, og ein bror som er fødd same år. Han møter opp på konkurransar, og har følgt meg heile vegen. Minuset er at eg ikkje rekk å vitje han så ofte. Vi er ikkje så like, men vi er brør og bestevenner.

VIL TA STEGET OPP PÅ PALLEN

Kokkeyrket er ikkje høgt lønna. Det bryr Jan-Erik seg lite om. – Du blir ikkje rik av å vere kokk. Og jo betre restaurant, jo dårlegare løn ofte. Men om du vil levere resultat og lære av dei beste, får du att for det. Jobbar du fem år i toppen kan du ”falle” tilbake på det, og få godt betalt. Men løn er ikkje driv-

9  | papiravisa 0315

Gjestane er samla rundt ei opa kjøkkenløysinga, der fem kokkar skaper matkunst. – Det er ein dans! Det byrja ein ny kokk på fredag, så vi har ikkje heilt lært å danse enno. Men det blir bra til slutt, smiler Jan Erik Hauge, mens han flyt mellom stasjonar i eit utruleg tempo. Praten går lett medan han handterer eit titals oppgåver. – Filosofien er å vere eit ”rockekjøkken”: Vi står på scena, og gjestane er publikum. Kvar kokk har sin stasjon, og ein av dei styrer også musikken, og så har eg eller kjøkkensjef Jonas Sundqvist overordna ansvar. I dag blir det høgt tempo, gliser han. – Vi har 30 gjestar som skal ha mat på same tid, og plass til ti tallerkar i anretninga. Det går anten fint, eller så krasjar det. I blant blir det kjefting, og det kan flyge ein kjele eller to, men det går seg til. Etter jobb tek vi ei øl saman og er like glade i kvarandre, seier rockekokken frå Bremanger. – Eg kom som ein jypling for tre år sidan, og lærte noko kvar dag. Det gjer eg enno, men no er det også mitt ansvar å lære vidare. Eg jobbar med nokre av dei flinkaste folka i yrket. Kjartan Skjelde, som eig restauranten, er ein fantastisk fagmann, og eg har kollegaer som leverer. I fjor vart vi kåra til beste restaurant i Stavanger. Det blir ein audmjuk av.

timar. Det må glaserast, og det er meir ”design” enn eg er vand til. Smaksbiletet må òg treffe, og konsistensar må harmonere. Ein må ”jukse” seg fram til noko som er heilt fantastisk. Varm mat skal lage ein trerettar meny til 110 menneske i ein restaurant, på bestilling. Det er mange moment på same tid, som blir vurderte med ein poengscore. Det blir mykje prøving, feiling og perfeksjonering. Til slutt blir resultatet vurdert, og så må ein justere seg inn, eller byrje på nytt. I blant blir alt ein lagar forkasta, smiler han.


Konkurransen er hard, og feltet av dei sterkaste på mange år. Vi er i eit generasjonsskifte, og det er spennande. Jan-Erik Hauge

Freistingar: Vassbakkelse fylt med ostekrem, tilsmakt med honning og trøffel. Ein av mange store freistingar Tango byr på.

10 | papiravisa 0315

krafta - eg vil bli best. Eg tenkjer at om ein skal gjere noko, så skal ein gjere det bra. Ein må yte for å få noko i livet, og målet er å vinne NM, og vidare bli best i verda. Ein må ville seg sjølv så ilt at ein set seg så vonde mål, seier han og smiler av spørsmålet om han blir årets kokk. – Det finn vi ut i oktober. Sjansen er like stor for alle. Konkurransen er hard, og feltet av dei sterkaste på mange år. Vi er i eit generasjonsskifte, og det er spennande. Det handlar om å gjere godt førearbeid og få klaff. Alle kan ha ein dårleg dag, og målet er å ikkje ha det. Eg går ut offensivt for å vise at eg kan lage god mat, og håpar å yppe meg mot dei store gutane. Dei andre kan vere så gode dei vil - eg satsar på å vinne, seier han med glimt i auga.

BOCUSE D`OR

Nivået i Norge er så høgt at om du vinn der, er du gullkandidat i EM og Bocuse d`Or. – Kokke-Norge er lite: Du konkurrerer mot vener, kjende og folk du kjenner til, og alle vil vinne. Det blir intenst, men etterpå er vi gode vener. Årets kokk føl reglane i Bocuse d`Or: Du får eit hovudprotein, nokre råvarer, og kor stor del kvar skal ha: T.d. torsk, østers, blomkål, eple og stongselleri. Det gjev kreative avgrensingar, men også fridom. Får eg torsk lagar eg den på min måte. Og så jobbar ein med sølvfat. Det er eg ikkje vand til. Eg stirar på det kvar kveld, for å finne ut kva eg kan gjere med det. – Korleis blir ein beste kokken i verda? – Det ligg mykje innsats bak. Du er avhengig av støtte frå vener, familie, kollegaer og arbeidsgivar. Bocuse d´Or er stort, og det handlar ikkje berre om matlaging. Du skal vere best i alt, fronte faget prikkfritt – og lage mat utan at det ser ut som du gjer det, ler han. – Bak ligg gjerne 15-20 års hardt arbeid. Du kan få fleire sjansar, men det er vanskeleg å treffe nålauget. Ørjan Johansen vann på andre forsøk, etter ti år med intenst arbeid og konkurransetrening, der han òg var assistent for andre. Eg har hatt flaks: Via Bente Vonheim på kokkelinja i Måløy fekk eg høve til å jobbe med fleire Norges- og verdsmeistrar. Eg byrja i lære hos Ørjan

når han var kjøkkensjef på Mathuset Solvold, budde hos han og vart godt kjend med han. Eg jobba med Geir Skeie då han vann Bocuse d´Or, og har jobba for Odd Ivar Solvold, kanskje den smartaste matmannen i Norge. Han trena både Geir og Ørjan til gull i Bocuse d´Or, og skapte stabilitet i kokke-Norge i høve den konkurransen.

SPIRA I TENÅRA

Kokkeyrket oppdaga Jan-Erik 13 år gammal på Knutholmen. – Eg hadde elevprosjektveke der. Ein månad seinare jobba eg helger. Martine Fosse, som har vore på juniorlandslaget, var særs ung, men sprang alt då ærend for foreldra. Fosse-mentaliteten gav oss giv. Det blir det same som til dømes Preben Moen, som vaks opp på Gloppen hotell. Du blir skapt i miljøet du veks opp i. Det trur eg er sunt. Eg vaska opp, skrelte poteter, laga pizza, såg på kokkane og gav tidleg uttrykk for at eg ville bli ein av dei. Eg har hatt matinteresse så lenge eg kan hugse. Eg hadde ”potetvakt” heime, og byrja å bake bollar så fort eg kunne lese. På Knutholmen skjønte eg at å jobbe med mat kunne vere kjekt. Fosse-familien er ein ressurs, og eg er særs glad i dei! Dei har alltid teke godt i mot meg, og eg set stor pris på innsatsen dei legg ned og varmen deira. Eg var i USA eit år etter utdanning, og jobba som kjøkkensjef på den Norske Ambassade i Washington D.C. Første gongen eg møtte Svein Inge Fosse heime igjen, gav han meg ein klem og sa det var kjekt å sjå meg. Då skjøner du at du betyr noko, du er meir enn berre ein kokk. Eg er stolt av å kunne komme dit og ha gjestespel. Eg har ”makk i ræva”, og jobbar på Knutholmen når eg er heime, ler han. – Eg har eit ståande tilbod om å flytte heim og jobbe der, og reknar med å ende der til slutt. – Kvifor kjem det så mange gode kokkar frå fylket vårt? – Vi får prenta inn mentaliteten om at du må jobbe for ting. Det er mange bra folk frå fylket som markerer seg. Ingrid Valsvik, som serverer her i kveld, er frå Årdal og konkurrerer både nasjonalt og nordisk for servitørlærlingar. Tonje Torvanger frå Sogndal er kokk på juniorlandsla-

get. Martine var det i fjor. Sogn og Fjordane kan vere hardt å gjere det heilt store i, men det er store skilnadar. Det er utruleg kva Knutholmen har fått til, og no har Martine teke med seg Martin Sveian frå landslaget dit. Knutholmen og Gloppen Hotell er nok dei to ”store” matstadane i fylket no, i mine auge Eg har berre møtt Preben Moen, som driv hotellet, nokre få gonger, men vi kjenner til kvarandre og veit kva vi står for.

KREATIVT YRKE MED STERKE KJENSLER

– Kokkeyrket er kreativt: På Tango skiftar vi hovudmeny annakvar veke, og har champagnemeny laurdagar. Ein må alltid tenke nytt. Eg har jobba på plassar der folk vil ha noko godt ut av deg. Ein må levere, og utfordre seg sjølv dagleg for å bli betre. Eksamen kjem klokka 18 kvar dag, når restauranten opnar. Ein jobbar med fantastiske råvarer og skaper i blant mat ingen har smakt før. Yrket har eit sterkt fellesskap. Eg er glad i barndomsvenene mine, men ingen av dei kjenner meg så godt som kokken ved sidan av meg. Eg ser kollegaene oftare enn førre kjæraste. Ein blør, festar og jobbar med bestevennene sine, som samtidig forventar og krev noko av deg. Kokkeyrket har både harde og romantiske sider, eg set pris på begge, og det er eit emosjonelt yrke. Då er det viktig å vere proff: Når det er hardt på jobb, og mykje følelsar og temperatur i sving smell det i blant. Det svingar fort mellom ytterpunkt, fordi ein bryr seg veldig om faget. Gjer venen din ein dårleg jobb – så gir du beskjed. Ein må sjølv tole å høyre slikt. Og etter jobb må ein kunne le og smile ilag. Det er kokkar flinke til. Mange yrke har det ikkje slik – dei lev på intriger med for mykje autopilot og for lite kjensler. Eg er glad for å vere kokk, seier Jan-Erik. – Korleis er matstellet på heimebane? – Der lagar eg lite mat, ler han. –Men vi er mange kokkar som heng i lag, og lagar god mat, eller et take-out. Etter ei lang vakt er bakt potet med bacon ein god guilty-pleasure: Bakt potet er stort i Rogaland. Yndlingsretten er noko eg et når eg er med familien og kan slappe av. Måltid nytast best med folk ein er glad i, og PAPIRAVISA stemninga er viktigare enn maten. PAPIRAVISA ©

©


Rein Design

FYLKESANLEGGET PÅ SANDANE

Vektløfting, tennis, badminton, utstilling, volleyball, handball, basketball, messer og fotball

TR

M

IV SE 60 X LSH 0 ALLEN 4

SPR INTBANE

BAD EANLEGG

ST Y

TURNHALL

RKEROM 11  | papiravisa 0315

KLA TREVEGG

KASTEBUR

LANDSKAMP I HANDBALL DAMER

NORGE—RUSSLAND I TRIVSELSHALLEN FREDAG 24. JULI KL. 18.00 trivselshagen.no

GEBUSFEIRING, KLASSETUR, KOSETUR, ELLER FIRMATUR? Etter ei økt i anlegget vårt, kan vi servere heimelaga pizza, eller anna mat. TA KONTAKT FOR INFO OG PRISAR Telefon: 90 63 48 53

OPNINGSTIDER Tysdag-fredag 16.00-21.00. Laurdag-søndag 12.00-17.00 Sommertid frå 22.06-16-08: Tysdag-fredag 14.00-19.00 Laurdag-søndag 12.00-17.00.

Badeanlegget er stengt måndagar og i perioden 15.-19.06 PRISEKS: Familie (2v+2b) kr. 220,-


Martine Fosse. Foto: Tom Haga.

Leon Knappskog. Foto: Roy Sunde.

Preben Moen, (t.h.) vaks opp på hotell, og måtte tidlig ta ansvar for drifta. Foto: Ole C H Thommassen, Dagbladet.

– Det største ein kan oppnå Martine Fosse frå Kalvåg var i fjor på juniorkokkelandslaget. No er ho tilbake på Knutholmen, der både ho og Jan-Erik oppdaga kokkeyrket. Tekst: Roy Sunde

12 | papiravisa 0315

– Kor stort er det om Jan-Erik Hauge vart årets kokk, og fekk delta i Bocuse d’Or? – Det er det største ein kan oppnå som kokk: Heile verda føl med på konkurransen. Vinn han kjem røtene hans fram i lyset, og vekker interesse for fylket, Bremanger og Knutholmen. Hevder han seg i Bocuse D´Or blir han verdskjend over natta. Jan-Erik er ein fantastisk kokk som jobbar hardt for å bli betre. Ein smilande gut som skaper godstemning. Som kokk er han kreativ, ekstremt nøyen og effektiv. Knutholmen er ein god ”skule”. Dagane på kjøkkenet er lange og harde, og eg lærte sjølv at ein måtte stå på når vi hadde gjester for at dei skulle ha det best mogleg, seier ho og fortel kvifor ho vende heim. – Knutholmen veks, og bror min Jan Fredrik trengte hjelp. I mars kom Martin Sveian for å hjelpe meg. Vi jobba saman på landslaget og driv kjøkkenet her no. Vi jobbar mykje, og ønskjer å løfte kvalitet på maten. Difor har eg trappa ned på konkurrering. Knutholmen handlar ikkje berre om å lage mat, men òg om å legge til rette for overnatting, kurs og konferanse og dagleg drift. Det er ein livsstil. Då må ein ha det i fokus for å nå måla våre. Men eg er takksam for lærdommen frå landslaget og lukkar ikkje døra. Eg er ung og lysta til å konkurrere er der.

HEIAROP FRÅ GLOPPEN OG EID

– Siger i Årets kokk ville vore fantastisk. Eg kjenner Jan-Erik som ein særs dyktig kar som vil nå langt. Vinn han gagnar det heile Vestlandet. Det ville vore eit løft for fylket, som set oss på matkartet. Eg heiar og har stor tru på han, seier Preben Moen, kokk og vertskap på Gloppen Hotell. – Terje Ness vann i 1999, sidan har vi fått tre verdsmeistrar til frå Vestlandet, så ein til frå eige

fylke hadde vore kjekt. Vi har mange flinke hotell og restaurantar, og dette ville gitt internasjonal merksemd. Å skape verdmeistrar er betre enn å bygge cruisekaier. Å ha ein lokal kokk på landslaget betyr enormt, det er kremen av reiselivsmarknadsføring. Fylket og bedrifter innan service, restaurant og hotell, er tent med slike eldsjeler og dyktige folk. Jan-Erik blir eit mykje betre førebilete enn til dømes Hellstrøm for unge som vil bli kokk. Han er ei ”rockstjerne”. Det gjev rekruttering, seier han og fortel at vi lokalt er på rett veg med å legge til rette for at kokkar får utvikle seg. – Mange har starta med lokalmat og dyrking av konsept, til dømes Balsnes gard og Leon Knapskog. Får ein dyktige folk heim må dei få lov å finne sin plass, utan å få gamle reglar og tankar tredd ned over hovudet. Då blir dei ikkje lenge. Bodil Fjellestad Eikrem er hos oss enno fordi vi stolte på hennar kompetanse. Det gjorde vi heilt rett i! Kokkar tenker meir og meir konsept. På 70-talet var alt fransk og norsk tradisjonsmat. No kan ein eksperimentere. Alt er lov, og det er særs kjekt å vere kokk i dag, på rett arbeidsplass. Ein annan ung kokk som vendte heim, er Leon Knapskog, som er kjøkkensjef på Balsnes Gard, driv Minibakeriet på Eid og har jobba på blant anna Slottet, Lucullus og Jacobs Bar & Kjøkken i Bergen, og Michelin-restaurantane Bouchon og The French Laundry i USA. – Å vinne Årets kokk er eit stort steg på vegen til ”rikdom og ære”, sidan det gjev høve til å delta i Bocuse d'Or. Det heng så høgt som du får det. Det ville vore stort om Jan-Erik lukkast, seier Leon og forklarar kvifor fylket vårt skapar gode kokkar. – Vi er vande til hardt arbeid, har bra kokkelinjer og dyktige lærarar, og er som fylke flinke til å dyrke fram gode matopplevingar. Vi går på

hjortejakt og lagar festmåltid av byttet. Vi fiskar fisk i fjord, elv og vatn, og lagar den til berre timar etterpå. Vi inviterer heile slekta på klubb. Eit kakebord i Sogn og Fjordane toppar det meste! Vi er meistrar i matopplevingar i natur og heim, men kunne blitt flinkare til å gå ut og ete.

GODE MATOPPLEVINGAR I SOGN OG FJORDANE – Fem gode stadar å ete i Sogn og Fjordane? – Gloppen hotell på Sandane, Walaker hotell i Solvorn, Åmot Operagard, Balsnes gard og Knutholmen, er det lov å seie, smiler Martine. – Knutholmen i Kalvåg, Balsnes Gard på Eid, Lille Marked i Florø, Kviknes hotell i Balestrand og Walaker hotell i Solvorn, seier Preben. – Balsnes gard på Eid, Kraftstasjonen i Måløy, Gloppen hotell på Sandane, Nordfjord Hotell på PAPIRAVISA Eid, og Minibakeriet, på Eid, seier Leon. PAPIRAVISA

©

©

ÅRETS KOKK Vinnaren av årets kokk representer Norge i Bocuse d’Or Europe i 2016 og Bocuse d’Or finalen i Lyon i 2017. Desse kjempar om tittelen: Adam Bjerck, Adrian Løvold, Christian André Pettersen, Christoffer William Davidsen, Jan-Erik Hauge og Øyvind Bøe Dalelv. Bocuse d’Or: uoffisielt VM i fransk kokkekunst, arrangert annakvart år i byen Lyon, starta av den franske kokken Paul Bocuse i 1987. Kvart land har eigne kvalifiseringar. Norge har gode resultat: Gull til Bent Stiansen i 1993, Terje Ness i 1999, Charles Tjessem i 2003, Geir Skeie i 2009 og Ørjan Johannessen i 2015. Sølv: Lars Erik Underthun og Tom Victor Gausdal i høvesvis 1991 og 2005. Bronse: Odd Ivar Solvold i 1997.


NORGES STØRSTE HUSBYGGJAR I 2014

- vi realiserer husdraumen din!

Din lokale forhandlar: MESTERHUS FØRDE Byggmester Stølsvik AS Tlf: 57 82 90 50 MESTERHUS FLORØ Fanevik Bygg AS Tlf: 57 75 79 80 MESTERHUS FJALER Byggmester Nordnes AS Tlf: 57 73 75 30

BESTILL DEI FLOTTE BØKENE VÅRE PÅ

www.mesterhus.no

13  | papiravisa 0315

Det lønner seg å eige framfor å leige!

Betal frå ca kr. 5000,- pr. månad*

*Summen gjeld avdrag på lån og forutset; 15% eigenkapital, nedbetalingstid 30 år, 2,9% rente; inkl. skattefrådrag.

KLIKK DEG INN PÅ

www.pinndalen.no

OG FINN LEILEGHEITA SOM PASSAR FOR DEG!

Flatene 1, 6814 Førde Tlf.: 97 82 90 50


Sommarens festivalguide Sommaren er tida for festivalar, sol, gode opplevingar og flott musikk. I Sogn og Fjordane står dei i kø dei neste månadane. Tekst: Roy Sunde

14 | papiravisa 0315 Festivalstemning på Malakoff. Foto: Tommy Bredesen


God steming på Skjerjehamn.

JØLSTER AUREFEST

12. – 14. juni: Fiskekonkurranse, intimkonsert med Vidar Johnsen, aktivitetar, og fest med D.D.E.

HIMMEL & HAV KYSTFESTIVAL

18. - 21. juni i Florø, omfattar Sildebord, laksens dag, konsertar og Kinnaspelet. Florø Rockeklubb byr på banda Tupelo (Irl.), Violet Road (N) og irske Traditional All Stars.

KØNTRI

Ein ny festival, i Gulatingsparken 19.-21. juni, med grupper som: Staut, Gunslingers, Sie Gubba, Ni Liv, Karin Wright, FOCM, Fri Flyt, Twang Gang, Heimalanne og Haavard Skaatun.

JORDEPLEROCK 2015

26.-28 juni, i Lærdal sentrum. Hellbillies, Robin og Bugge, samt Eirik Sognnes tek turen.

FØRDEFESTIVALEN

Musikk frå heile verda i Førde, 1.-5. Juli, under temaet ”World ConneXions”. Internasjonale namn som Toto La Momposina, Catrin Finch & Seckou Keita, Noreum Machi og Otava Yo, sterke norske artistar, ny- og samproduksjonar; mellom anna ei FRIKAR-verdspremiere, og tre eigenproduksjonar som fokuserer ein på likskap og samanheng mellom musikk-, song- og dansetradisjonar i ulike kulturar.

Staut er eit av banda på den nye Køntrifestivalen i Gulen.

BREMANGER ROCKWEEKEND

9.-12. juli byr på Adam Douglas, Ida Jenshus, Lava, Admiral P, King Pleasure and the Biscuit Boys.

VÅT MORO

9. - 12. juli i Florø byr Våt Moro på hoverboard, kiting, SUP, volleyball, flyboard, kajakk, tube, havrafting, rappelering, surfing, windsurfing, vasscooter, paragliding, wakesurf, elvepadling, segling, wakeboard, vasski, elverafting, elvebrett, dykking, wakeskate, barnepark og mykje meir.

NORSK COUNTRYTREFF

Billy Yates spelar på Norsk Countrytreff

MALAKOFF ROCKFESTIVAL

Lengendariske Fish skal til Målrock i år.

16. – 18. juli skjer det på Nordfjordeid, med banda: Kaisers Chiefs, Mew, Rival Sons, Susanne Sundfør, Seigmen, Enslaved, Millencolin, Architects, Hoffmaestro, Marmozets, Jonas Alaska, The Toy Dolls, Honningbarna, Emilie Nicolas, Team Me, Hurula, The Dogs, Thea Hjelmeland, Tønes, Violet Road, Datarock, Comet Kid, Svelene, Drusar, Jørn med Trollebø og I See Rivers.

“CRUISE IN COMPANY MÅLØY”

18.-20. juli byr på mellom anna marknad, skutefest, Kaptein Sabeltann-show, minikonsertar, underhaldning og arrangement med DJ i Turnhallen for dei frå 15 til 25 år.

UTKANT - 2015

22.-25. juli i Skjerjehamn blir det musikk frå Bob Geldof, Beth Hart, Marit Larsen, Sondre Lerche, DumDum Boys, Kvelertak, Graveyard, Iceage, Razika, Shining, Monica Heldal, Humming people, Pixel, Tiebreaker, Friendship, Kystfolket, Bendik Brænne, MK's Marvellous Medicine pg Daniel Eriksen.

Emilie Nicolas spelar på Fres Festival.

FRES FESTIVAL

23.-26. juli byr Fres Festival, i på følgjande artistar: Emilie Nicolas, Frøder, The Dogs, Thea Hjelmeland, Drippin, Møster, $ushi x Kobe, Drusar og Sauropod.

VAMP PÅ GLOPPEN HOTELL

Måndag 27. juli spelar Vamp i Hotellhagen.

SOMMAR I ASKVOLL

Nordsjøporthelg 3.- 5. juli. Skjærgårdstreffet Askvoll: 17.-19. juli. Krabbefestival: 31. juli- 2. august.

MÅLROCK

Målbasert rock i Sognenatur i Årdal. 5.-8.august, med Karpe Diem, Highasakite, Onkl P & Slekta, Oslo Ess, Fish, Marit Larsen, Fish, Odd Nordstoga, Karl Seglem, PAPIRAVISA Dunderbeist, Imperial State Electric, Minor Majority og Tommy Tokyo. PAPIRAVISA

©

©

Catrin Finch & Seckou Keita spelar på Førdefestivalen.

15  | papiravisa 0315

9. -12. juli i Gloppen skjer årets country-happening, med artistane Rhonda Vincent, Willy Clay Band, Staut, Billy Yates, Vassendgutane, Darrel Webb Band, Hege Øversveen, Twang Gang, The Vossa Rebels, Lucky 4, Savannah, Sivert Bjørdal, Longhorn, Tonje Holen, Claudia Scott, Blågras og Kurt Nilsen.


· unngår du rustskader · aukar du bilens andrehandsverdi

Med Tectyl antirustprogram • aukar du bilens · får bilen den beste understellsbehandlinga · beskyttar du bilen mot vegsalt andrehandsverdi · unngår du rustskader

4tar av Ditec-logo: 5 starter dypkonserveringen som -

Eineforhandlar av · aukar du bilens andrehandsverdi

Tectyl® i Sogn og Fjordane Ring pris oss for og pris og timebestilling. Ring oss for timebestilling.

topcoaten blir påført slik at porene og

Ring oss for pris timebestilling. med deog foregående og herdingen

ne og forsterker lakken, og funge-

Eineforhandlar a i Sogn og Fjo

det ikke gjøres!

BILPLEIEHALLEN

BILPLEIEHALLEN

Halbrendsøyra 6, 6800 Førde Tlf. 99 30 22 20 • bilpleiehallen.no

Halbrendsøyra 6, 6800 Førde den beste bilpleie! Tlf. 99 30 22 20 • bilpleiehallen.no

ESKYTTELSE

...................................... 350,Vask innvending ................................... 1050,Vask innvending 7-seter .......................... 1500,Vask utvending

Rens innvendig personbil

........................ 2800,-

Rens innvendig større bilar på førespurnad

................. 2800,Lakkrens og polering SUV .........................3500,Lakkrens og polering personbil

Polering personbil

............................... 1400,-

VI FJERNAR Piggdekkstøv, Asfalt og Salt på lakken

Polering SUV 16 | papiravisa 0315

Tectyl Ditec

....................................... 1800,-

..........................................frå 5900,.......................................... frå 4900,-

Glassbehandling

..................................... 890,-

2800,Skinnbehandling .................................. 1200,Impregnering stoff ....................................frå

DIKUPong

Klypp ut og ta med og du får 10% rabatt på valfri bilpleie!

!

VE R

Tilbodet gjeld ut juli 2015

Vi

kan bilpleie HALBRENDSØYRA 6, 6800 FØRDE T L F. 9 9 3 0 2 2 2 0 BILPLEIEHALLEN.NO

Følg oss på Face


Rein Design

Shit! Ikkje la understellet ditt stå ubeskytta mot saltlake

La bilen si «hud» få den pleie den fortener

Hugsar du før i tida, då du skifta dekk på bilen sjølv? Og kor mykje salt og smuss du oppdaga på understell og inne i hjulbuen? Og rusta som var byrja å ete seg inn? Sidan dei fleste av oss er glade i bilen vår, og vil den vel, så tok vi fram spyleslangen, vaska og trudde vi hadde fjerna problemet før vi sette på nye dekk.

Den norske vinteren har vore lang og seig. Den får vi tru snart er over. No har du kanskje køyrt fleire tusen kilometer gjennom snø, slaps, is og regn. Og ikkje minst den endelause mengda med salt som kvart år blir spreidd ut over norske vegar, gjerne frå oktober til april. Kvar gong du har lagt bak ein bil har du fått ein fin sprut av salt, slaps og sand på din bil. Denne saltlaken tærer også på lakken.

Mange nyttar seg no av dekkhotell. Der blir sjeldan spyling av understell og hjulbue. Og vi går rundt i trua på at er vel og bra, til saltlaken har fått gjort sitt med bilen, og rusta har kome. Kanskje er understellet på bilen din akkurat no dekka av eit tjukt lag med salt. Det har aldri vore salta så mykje på norske vegar som no. Om du vil gjere bilen din best mogleg i stand til å takle «saltvegane», så veljer du Tectyl.

Med Ditec gjev du lakken musklar til å ta opp kampen mot salt og rust. Og skulle vi vere så heldige å få litt sol framover, treng bilen din også beskyttelse. For uansett kvar bilen måtte befinne seg, er den utsett for vér og vind, steinsprut eller sol. Med Ditec beheld du glansen i lakken. Ditec tåler også alle kjende bilvaskemidlar.

Tectyl frå kr

5900,- 4900,Ditec frå kr

(Pris gjeld småbilar)

(Pris gjeld personbilar)

Glasbehandling

Easy: Utvendig og innvendig vask, samt polering, kr 2390,Easy +: Utvendig og innvendig vask, lakkrens og polering, kr 3790,Premium: Utv. og innv. vask, rens av tepper/sete, lakkrens og polering, kr 5490,Exclusive: Utvendig og innvendig vask, rens av tepper/sete, lakkrens. DITECbehandling og polering i dørkarmar, kr 7990,- .

Sikkerheit, beskyttelse og enklare reingjering. Med Glastec får du betre sikt. Rutene blir etter behandling tettare, noko som gjer det vanskelegare for smuss, trafikkfilm og insekt å feste seg. Det blir lettare for deg å reingjere vindauga, og regndråpar vil under køyring skli av ruta. I mørket vil du oppleve reduserert refleks i vinduet. Ein annan fordel er at is ikkje set seg like godt fast som på ei ubehandla rute.

Frå kr

Frå kr

ENBØ

AU

TO

KA

SS

BILSE

RO

ER

I

NTER

RIC O

BY GG

L

L VO

(Pris gjeld personbilar)

SK

890,-

LA

(Pris gjeld personbilar)

TI

2390,-

FRYD

Vaskepakkar

Halbrendsøyra 6, 6800 Førde Tlf. 99 30 22 20 • bilpleiehallen.no

LE

AV DA L

DE

BE

R

GR

BILPLEIEHALLEN

BIL

TIL

RG

EN

Følg oss på Facebook

FØ R

DE

SE

NT

RU

M

17  | papiravisa 0315

Ta turen innom og få ei vurdering. Og bestiller du Tectyl får du ein gratis polering på kjøpet.


18 | papiravisa 0315

Bubilistane To menn utan erfaring med bubil og 907 km vestlandsveg. Det gjekk nesten bra. Tekst og foto: Roy Sunde

Etter 9,5 timar og 300 prikkfrie kilometer med bubilkøyring, iblant på veger så smale at det krev vørdnad på høgste nivå, skal berre Fossen rygge 7,4 meter bubil fem meter når lyden ingen bilist likar kjem: Den som seier at du nett rygga litt på noko! – Traff eg noko? Pokker, du må følgje med Roy! Kartlesaren har alltid feil. Det ironiske er at eg nett rosa køyringa. Men lat oss spole tilbake!

LENGRE, HØGARE, BREIARE

– Kva har vi ikkje gjort til no av ut på tur saker, spør eg Fossen. Og brått kjem det: Bubiltur! Ein telefon til Carvan Vest på Skilbrei sikrar oss bil. – Det er diverre ikkje radio i den enno, seier dagleg leiar Bjarte. – Det fiksar vi sjølv, smiler eg. – Ein iPad i eit holrom i dashbordet går fint.

– Lite bass, brumlar sjåføren, men slår seg til ro med det. 07.30 står vi på Statoil i Førde og bunkrar. Ein lang dag ventar: Førde-Bergen-Stavanger. Første etappe byr på bubilfrukost på Langeland. Tore deler inntrykket så langt. – Det er stort i høve kva eg er vand med, men ikkje ubehageleg. Spør meg igjen når eg må rygge, seier han, medan vi nyt frukostbordet i ”stova”. 15 minutt seinare er vi på vegen att, og møter ein følgjebil som varslar brei last: På smalaste punktet Førde-Sande. – Skulle vi hatt ein slik, spøker eg. – Kjennest slik, seier Fossen, og legg ut så langt han torer. – Kan eg legge meg i senga, prøver eg meg like etter når vi må stogge for vegarbeid. – Det kan du gløyme. Desse minutta må ein tole å ofre for betre veg. – Lurer på kva det kostar på ferja? Det går på lengde, som vi ikkje veit, seier eg og ringer for å sjekke. Svaret er 7,4 meter.


Med bubil i Hardanger: Ein test av tålmod.

– Er det sport i å køyre forbi bubilar, undrar eg. – Får du sjanse til å køyre forbi ein bubil, så gjer du det. Slik er det berre, seier Tore. Ingen av dei køyrer frå oss, så det er tydelegvis ein imageting.

VENNLEGE BUBILAR

Det nærmar seg raskt bubilkøyring i Bergen sentrum. – Kvir meg ikkje, påstår Tore. Eg nyt livet i ein behagleg ”kapteinstol”. Om det ikkje var ulovleg hadde eg testa senga òg. Før Knarvik møter vi ein bubil, som helsar hjarteleg. Vi er tekne inn i familien! Det er litt snålt, men samtidig kjekt å føle tilhøyr. Eg vurderer å byrje å helse på andre Volvo-eigarar langs vegen. Ein avtred på naturens vegne på Ikea viser at bilen tek 1,5 parkeringsplass. Og det går fint å køyre den i Bergen sentrum. – Men kvar parkerer du den her? Det bør ein undersøke før ein reiser. Den tek plass. Elles er det fint å køyre her, seier Tore. – Men bubil og brustein lagar mykje lyd. Siste biten fram til Halhjem held bubilbehelsinga fram, berre avbroten av lunsj. Vi når kaia i god tid til neste ferje, sju minutt for seint til førre. Det var kaffien etter lunsj det. Gratis, men kostar 23 minutt. – Kor lang er den, spør billettdama.

Før Knarvik møter vi ein bubil, som helsar hjarteleg. Vi er tekne inn i familien! Det er litt snålt, men samtidig kjekt å føle tilhøyr.

Eit spørsmål som ikkje høver i andre samanhengar. Ho krev 375 kroner. Det kostar å vere kar i Hordaland. Bonusen er at bubilar slepp å køyre ned i holet på ferjer. Og 20 minutt utan 3G føder ein forretningside: Internett! 41 minutt på ferje er lenge utan. Fossen legg seg i ”treigingfila” på veg opp frå kaia, og slepp forbi fem bilar, klok av skade. Stord byr på ny stogg for vegarbeid. Så er vi brått 260,4 meter under havet, i 50-sone. Likevel blir vi forbikøyrt! Armen til Fossen går no på auto når han ser bubilar. Veret blir finare, og byr på solglimt. Vi oppdagar at gulstripa vibrerer ekstra godt i bubil. Det gjev nesten massasjeeffekt. Like etter dukkar ei ulempe opp. Fire bilar

19  | papiravisa 0315

– 2,5 meter meir enn eg er vand med, seier Tore, ved neste vegarbeidstogg. – Det er ikkje langt vi har kome på ein time, ler eg. – Vi køyrer bubil. Vi har det ikkje travelt, kontrar han, og finn ut at den dreg fint i det vi byrjar opp svingane frå Vadheim. – Men vegane kunne vore breiare. Litt seinare får vi ein ny indikasjon på ulikskapane med bubil og bil. – Ordet vindfang får ei ny tyding, seier han ved Avenbukta. – Du merkar vinden godt! Like etter får han gleda av å køyre forbi ein trailer, som ligg i 10 km i timen. – Så fekk vi prøvd det også, seier sjåføren og rullar inn på Lavik ferjekai 09.02, rekordtidleg ute til neste ferje! – Den her er vel rundt 7,50, spør billettøren. – 7,40. – Får godt augemål her. Det blir 158 kroner, gliser han. Etter Oppedal haglar forbikøyringar. Opp første mote passerer fire bilar, og ein trailer. – Det blir neppe dei siste, men eg forstår ikkje poenget. Dei køyrer ikkje frå oss. Vi har 150 dieselhestar, seier Tore, og held lett følgje med trafikken i 80 km i timen. – Bubilangst, svarar eg i det vi passerer den tyske bubilen framfor oss, som årsaka dette. Matre-tunnelen byr på det same.


dreg forbi ein traktor med gyllevogn, som ligg i 30 km i timen på ein særs smal veg. Vi er for breie, og blir liggande i dunsten. – Kva pokker har han på tanken, undrar Fossen og speidar etter breiare veg. – Ikkje veit eg, men det blir lenge til eg klagar på Førde-gyllen igjen!

FERJETILPASSAST

Dagens tredje og siste ferje nærmar seg. I hine harde dagar (før 94) var ein ikkje kome til Bergen då. Verda går framover. Og vi kan køyre nesten rett på ferja til 334 kroner. – No byrjar rutinen å sitte, slår eg fast. Dialektskiftet ombord varslar om at Stavanger er nær, men først ventar to undersjøiske tunnelar. Vi køyrer begge i 35 km/t takka vere ein mjølkebil. – Ein kjem fram i slik fart òg, seier Tore. – Men kor parkerer vi når vi kjem fram? iPad med delt internett frå telefon finn svaret. – Stavanger Camping Mosvangen ligg i gangavstand til sentrum, ved E39.

” 20 | papiravisa 0315

Då vi omsider nådde tofeltsveg og 80-sone igjen, sver eg på at eg såg ei gledeståre hos Fossen. På andre sida av brua er det skilta til Granvin. Vi har brukt 1,5 timar på 62 kilometer.

Ti minutt seinare er vi der. Og gjer kål på ti år med plettfri køyring, når Fossen ryggar på straumuttaket. Gåturen til sentrum definerer ordet gangavstand til 20-25 minutt, til Vågen, inkludert fem minutt bomtur på ein gangveg som er stengt. For ein fjording er Stavanger eksotisk: Flatt landskap, hav og endelaus himmel. Sentrum minner vagt om Bergen i stil. – Vi tek ein pause, seier Fossen, og strenar inn på ein pub, litt unna Sandefjord-supportarane sin base. Dei er i ”dans, dans oppå bordet”-modus. To øl seinare går vi ”heim”, for å kle oss til kvelden. Og gjentek ruta, minus bomturen, til mat på Tango Bar & Kjøkken. Hyperrask byferie: byvandring, leskepause på ein måndag, og eit strålande måltid. I det vi er klare for natta og kryp opp i køyene oppdagar vi manglande rutine. – Naboane har vatra bilane beint, seier Fossen i det vi legg oss. I slak motbakke. Det fungerer overraskande fint.

DAG TO: PÅ SMALE VEGAR

Camping like ved E39 inneber trafikkstøy: I sekstida blir eg liggande og slumre. Når helikopter melder seg på gjev eg opp og står opp til sol. Avreise klokka ni, til ein ny lang dag. Fossen helsar på ein bubil etter tjue sekund, og blir ignorert. Like etter gløymer han å helse.

– I går ragga vi E39. Trygt og godt. I dag blir det Rv13 og Hardanger. Vi skal teste dette på alvor, på vegar som krev meir, seier Fossen, og speidar etter ein plass å kjøpe frukost. Like før ferja finn han ein lovande stad. Men bensinstasjonen er ubemanna, og sjølv om staden har både butikk, Salas Thai mat, Skalldyrbua og pizzakroken, blir det bomtur. Alt er stengt. Stoppen fører til at vi bommar på ferja med 25 sekund, og betaler med ein halvtime venting. På andre sida siktar vi oss inn mot Rv13. – 15 grader og strålande vêr, smiler Fossen, og svingar innom Aksdal klokka 11, for å bunkre drikke. Om du køyrer Tesla har dei åtte ladestasjonar for slike der, så veit du det. – 18 grader no. Det grensar til sommar, seier Fossen og entrar ukjent territorium. Skilta gjev ingen svar. Kartsøk hjelp lite utan eit utgangspunkt. Etter 20 minutt finn vi ut at vi er på rett veg, ved Ølensvåg, der vi snublar over ein Statoil-stasjon og kan fylle koppane. – Har ein gratis kaffi, så har ein gratis kaffi. Ein kan ikkje sløse, seier Fossen. Ølen er kjent for Westcon, med avdeling i Florø, og Sandeide arbeidskoloni, der enkelte her frå fylket har spikra pallar.

DET SMALNAST

Før grensa til Hordaland forsvinn gulestripa. – Det går ikkje fort frå no av, det er ikkje motorveg som ventar, åtvarar Tore. Som troll i ord møter vi ein trailer, og stoggar. Vindtrykket er brutalt når han drusar forbi. – Når Helga og Fritz taklar dette, må vi vestlendingar gjere det også, seier Fossen. Talet møtande vogntog veks i tak med fallande vegkvaliteten. Ved Etne byrjar fjella igjen. – No byrjar turistdelen. Er ikkje dette hovudruta Bergen-Oslo? Det er ikkje berre E39 som har litt å stri med, ymtar sjåføren frampå, i takt med at vegen smalnar. Ein traktor lasta med sauer testar tålmodet. Når den forsvinn tek ei ny sinke over. – Lite trafikk. Er det vits å satse på dette som hovudveg om ingen brukar den, gliser Fossen på veg opp mot Haukeli. – Då kan vi heller bevare vegen som kulturminne. I fjella i Odda kommune ligg tung snø på jorda, der nokre karrige småbruk klorar seg fast. – Her er neppe potetene i jorda før jonsok, slår Fossen fast. Vegen ned mot Odda byrjar minne om Flåklypa: Husa klorar seg fast i fjella og vegane snirklar seg smalast mogleg. Fartsgrenseskilta nektar å seie anna enn 50. – 50 er passe, seier sjåføren, når vegbredda kryp ned mot eit felt. Greitt, til eit skilt varslar smalare veg! Ei gåte: Kvar møter ferske bubilistar ”alle” vogntoga på Vestlandet i kolonne? På det smalast tenkelege punktet på vegen! – Kor mykje har eg på andre sida, spør Fossen og manøvrerer lenger og lenger ut. – Ikkje mykje… – Det går greitt, men det er ekkelt med fjell fem cm unna på ei side, og trailerspeglar gnagande på same hald på andre sida. Ein må vere skjerpa. Vi tek lunsj i Odda i 13-tida. Eit døme på kor ting endra seg for mange industritettstadar i innlandet: I stordomstida på 60-talet budde det over 10.000 menneske her. No er 7000 igjen.

Kva rute vel du når du skal frå Odda til Voss med bubil? Du køyrer i alle fall den snirklete ruta opp til Skjervefossen, heller enn å cruise gjennom den moderne to-felts tunnelen som er komme der.


21  | papiravisa 0315


Heimesnikra: Sidan bilen ikkje hadde fått montert radio og navigasjon enno, så mekkar ein til sjølv: Delt internett via telefonen til iPad. Stereoanlegget består av iPad, i holrommet oppe på dashbordet.

22 | papiravisa 0315

– Det blir gode bøker frå stader der natur og industri, modernitet og gamle dagar krasjar. Høyanger og Årdal skulle hatt ein Frode Grytten, seier eg. Vi et lunsj på Smeltehuset. Medan vi ventar på maten les Tore nettaviser. – Det er visst orkan på veg. Bør vi bli urolege? spør Fossen. På veg ut av Odda slepp han forbi tre bilar, før eit skilt til Tyssedal Kraftstasjon lokkar han av vegen. – Vi er jo turistar! Bygget er flott. Endå råare er det at når det gjekk for fullt, produserte det 10 prosent av all kraft i Norge! No er det freda, men Odda lagar enno 20 prosent av all kraft i Hordaland.

DEN LANGE ETAPPEN (I TID)

– Før tunnelane humpa ein rundt på smale vegar. Det var verre å køyre bubil då, seier Fossen, og så blir vegen halvparten så brei. Ein møtande mjølkebil gjev turens første rygging, før han peisar forbi så vi ristar. – Håpar han veit av erfaring at det er passering, seier Fossen! Blømande frukttre varslar turist-Hardanger. Vegane er ikkje tilpassa stortrafikk. Rutinen på å stogge og berekne avstand veks raskt. Vi kjem ikkje ein halv kilometer mellom kvar stogg. – Vi er neppe heime før 22, seier Fossen, og nyttar høvet til å sleppe bilar forbi medan han står. Han tok bubilgreiene kjapt må eg seie. Vi rekk knapt å bikke 50 før vi står att. På fem minutt har vi fem stopp. På eit strekk når vi 80, blendast av fartskjensla, rundar svingen og møter 60-sone. Sånn held det fram i det endelause. – Kor er den Hardangerbrua. Det var langt dit i dag, seier Fossen, før den dukkar opp i synsfeltet like før Kinsarvik og Mikkelparken. – Snittfarten har gått ned 30 km/t siste timen, seier eg og ser vegen smalne og bli meir ruglete. Bilen svaiar godt og trailerspeglar kjem særs nær. Iblant er ein millimeter nok. – Eg er lei slike vegar, seier Tore og skular på brua. – Dei skulle bygd ho lenger inne! – Det hadde vore verre i høgsesongen, med tusenvis av bussar og bubilar til møte.

Eit vanleg syn: Det vart etterkvart særs vanleg å nærstudere trailarar, spesielt i Hardanger.

Då vi omsider nådde tofeltsveg og 80-sone igjen, sver eg på at eg såg ei gledeståre hos Fossen. På andre sida av brua er det skilta til Granvin. Vi har brukt 1,5 timar på 62 kilometer. – Eg skulle hatt kaffi, seier Fossen, og svippar mot Granvin. Der er ubemanna Statoil-stasjon. Ingen kaffi. Med Voss 26 kilometer unna er ikkje skuffinga enorm. Fornuftige menneske ville no valt den nye tunnelen. Vi svingar opp til Skjervefossen. – Vi klagar på vegen og vel frivillig den verste. Men er ein på jobb, så er ein på jobb. Ein kan ikkje berre kose seg, slår Tore fast, og finn ut at ein betaler bompengar der også.

BOMTUR

Vi passerer Voss i regn, og siktar mot Vikafjellet. Fossen investerer i YX-kaffi, i mangel på gratisalternativ. Med kaffi i koppen legg vi i veg att. Sjåføren helser og slepp bilar forbi som om han hadde køyrt bubil heile livet. På Vinje står eit skilt og seier stengt Vikafjell. – Pokker, smell det. – Men vi stikk opp og et middag på Myrkdalen Hotell. Der oppe ligg metervis med snø på bøane. Og det er 20 minutt til dei byrjar med servering av mat, så då blir det Flåm i staden. – Det går raskare den vegen i det minste, seier Fossen. Likevel kjennest vegen lang. Tunnel på 11 kilometer lettar ikkje på kjensla. – Vi bikkar nok 900 kilometer? – Alt under det blir for pjask å rekne. Ein må teste skikkeleg, seier Fossen og let seg irritere. – Kvifor har dei sett ned fartsgrensa i tunnelen? 70 er lite her, slår han fast. Etter 17 km med tunnel, nær samanhengande, er Flåm eit godt syn. Strekninga Gudvangen-Lærdal er 58 km. Grovt rekna er 41,5 av dei i tunnelar. Husa i Flåm ser ut som leiketøy i høvet skipet som ligg til kai: Azure, 290 meter langt og 19 dekk høgt! – Kjem det berre småbåtar hit, fleipar eg med kafedama når vi bestiller middag. – Den er liten i høve Britannia, på 330 meter, som var her førre veke, svarar ho. Alle turar har eit punkt, der du ikkje lenger er

på veg til noko, men skal heim. I dag er det Flåm. No gjenstår berre nokre ”små” tunnelar, ei ferje, og transportetappen. Ting frå siste etappen: Den varsla orkanen merka vi siste 100 meterane over Sognefjorden. Og sterke vindkast merkar ein særs godt i slik farkost. To bilar følte seg naudsynt til å presse seg framfor oss ut av ferja, utan å køyre frå oss etterpå. Jølstravatnet er langt etter 12 timar på veg, men etter 12,5 timar på vegen kom vi heim. – Forbruket er 1,0 liter på mila. Ikkje verst etter 907 km på vestlandsvegar. – Er du hekta Tore? – Eg veit ikkje om det er mi ferieform per no. Eg er glad i å legge meg inn på hotell. Dette kjennest litt trongt, og det krev god orden å køyre bubil. Du kan ikkje la ting flyte, og eg er ikkje heilt der. Men eg har full forståing for dei som vel bubil. Du har alt med deg, kan stoppe der du vil og kampere PAPIRAVISA kvar som helst. Det gjev stor fridom. PAPIRAVISA ©

©

FAKTA: Fire hovudtypar bubil: Camper/van: Ombygd varebil. Halvintegrert bubil: Basert på eit lite lastebil/varebilchassis. Førarhuset er behaldt og kopla saman med ein budel. Alkovebil: som halvintegrert bil, men med sovedel trekt opp og fram over førardel. Heilintegrerte bilar. Førardelen er og integrert i påbygg. • Salet av nye bubilar sank med 5,4 prosent i årets fire første månadar, i høve året før, og enda på 755. 213 av dei over 3500 kg, og 542 bilar under. • På finn.no i mai er det per no vel 3200 bubilar til sals, fordelt på over 78 merke. • Ved årsskiftet var det 33.432 registrerte bubi lar og 97.700 campingvogner i Norge. • Tal bubilar har auka med 10.000 siste fire åra. • ”Norges-bubilen” er ein delintegrert bubil, med snittlengde 7,3 meter. • Snittalder på bubileigarar er 59 år. 88 prosent er over 50 år, berre ein prosent er under 40.


IN

N JO S TA VI

Laurdag 13. juni 2015

NORDFJORDRITTET

(+17 år)

125 km i fagre Nordfjord. Startpuljer Lote kl 09.30 og 11.30

Lote-Panoramavegen-Stryn-Olden-Innvik-Utvik-Byrkjelo-Sandane-Vereide Påmelding her: www.nordfjordrittet.no

Våre samarbeidspartnerar Coop, Tine og Squeezy stiller med med mat og drikke til 2 drikkestasjonar (Robjørgane og Utvikfjellet), 1 matstasjon i Olden samt varmt måltid på Vereide!

Nytt av året er tre arrangement på Sandane (gratis for alle t.o.m 16 år):

TRIM+UNG+MINI TRIM: for alle, uten tidtaking, 100,- (gratis under 17 år), 17 km, start kl 11.40 UNG: 8-16 år, med tidtaking, gratis, 17 km rundløype, start kl 11.30 MINI : 0-9 år, gratis, aktivitetsløype i Sandane Sentrum, kl. 11.00 (påmelding på G-Sport på Sandane laurdag 13. juni kl 10.00-11.15) Våre samarbeidspartner Coop og Tine stiller med mat og drikke til alle som deltar på TRIM+UNG+MINI!

Sandane Sykkelklubb ønskjer alle velkomne til våre arrangement i Nordfjord og Sandane laurdag 13.juni!

Glas – og mykje, mykje meir • Vi tek på oss små og store oppdrag med glas- og monteringsarbeid, i alt frå privathus til store forretnings- og industribygg. • Vi leverer alt av dører og vinduer, tilpassa kunden sine ønskjer. • Vi leverer og monterer ulike typar solskjerming til både privathus og foretningsbygg. • Alle typar gitterportar til vindu-og butikkinngangar.

Sjå nordfjordrittet.no for meir informasjon! GLASMEISTER

Halbrendsøyra 7 • 6800 Førde • Tlf. 57 83 08 50 • www.holvikglas.no

23  | papiravisa 0315

Mitsubishi ASX. Hjemme. Overalt. ASX JUBILEUMSRENTE

1,95%*

ASX INTENSE +

Spar kr 22.000,Panorama glasstak, Xenonlys og ryggekamera inkludert i prisen. NÅ FRA KUN KR

267.000,-

HI

I N O R GE

MITSU

BIS

TEST 200 9 TEST 2012

Det er lett å skjønne hvorfor Mitsubishi ASX har blitt så populær. Som skapt for norske forhold hører den like mye hjemme i bybildet som på vinterfjellet. Nå får du også ASX med automatgir sammen med en ny kraftig 2.2l dieselmotor som yter 150 HK og heftige 360 Nm og gir deg det kraftoverskuddet du måtte trenge. ASX 2015-modellen kommer også med nye LED-lys. Mitsubishi ASX er den perfekte crossover – uansett hvor du hører hjemme. ASX 2WD fra kr 237.000,- ASX 4WD fra kr 349.900,ASX 4WD automat fra kr 377.000,Pris er inkl. frakt og andre lev. omk. Utstyrsdetaljer kan avvike fra standard. Forbruk: 4,8-5,8 l/100 km variert kjøring. CO2-utslipp: 125-153 g/km. Med forbehold om evt. trykkfeil. *Renten er flytende, og betinger finansiering hos vår forhandler. Jubileumsrenten gjelder for alle finansieringer av ASX i perioden 01.05-30.06. Låneeksempel 7 år: Renten er subsidiert de første 3 årene for deretter å markedsjusteres.

1

5

Mitsubishi ASX 4WD med automatgir.

1975-

20


EIT UTVAL ATTRAKSJONAR LANGS RUTA I OG RUNDT BERGEN •A KVARIET: selar, pingvinar, silkeaper, og over 50 ulike akvarium. •L EKELAND BERGEN: sykkelbaner, rutsjebaner, softballkanoner, trampolinar og meir. •V ANNKANTEN: Badeland, rutsjebaner, klatrevegg og meir. •V ILVITE: Opplevingssenter med aktivitetar for barn og vaksne. • FISKETORGET: Eit av Norges mest kjente utandørsmarknadar. • BRYGGEN. LRIKEN643, gondolbane til det høgaste av •U ”De 7 fjell”, 643 meter over byen. •F LØIBANEN: Ei 8 minutt lang reise til Fløyfjellets topp. ÅKONSHALLEN: Reist av kong Håkon Håkonsson •H 1247-1261. •R OSENKRANTZTÅRNET, oppført i 1560-årene av lensherren på Bergenhus, Erik Rosenkrantz. Bergen har over ti ulike museum, og eit rikt utval av historiske bygg og kunstsamlingar.

Snakkast i 2025 Eg har aldri vore på ferietur i bubil. Og ikkje har eg sett meg sjølv feriere i ein bubil. Men er det på tide å tenke alternativ til sydenferie? 24 | papiravisa 0315

Tekst: Tore Fossen Foto: Roy Sunde I det eg set meg inn i bubilen, klar for ein test av bubilen sine gleder og sorger, blir eg ti år eldre. Frå førarsetet ser eg ned på magen min. Lite trening i vår har gjeve seg utslag i trailermage. Det er ikkje berre i hovudet eg er blitt ti år eldre, men også kroppsleg. Med det som utgangspunkt er eg blitt ein ekte bubilist. Eg skal vedgå at eg var litt bekymra for korleis turen skulle utarte seg. Eg likar å køyre bil, men er ei kløne med tilhengar. Korleis skulle dette gå med 2,5 meter ekstra lengde å dragse på langs E39 og den særs varierande vegstandarden på Rv13? Fasit skulle bli: Særs godt. I ein Adria bubil sit ein høgt og har god oversikt gjennom dei store vindaugsflatene. Store sidespeglar gjer det greitt å følgje med på det som skjer både framover og på sidene. Verre er det å rygge når ein ikkje har sensorar eller ryggekamera. Dei ekstra meterane krev litt tilvenning. Men alt går. At det ryk ein straumboks eller to på ein campingtur får ein leve med. Dei fleste har lagt bak ein bubil. Som sjåfør kan eg stadfeste at bilistar flest har stort behov for å køyre forbi. Ikkje fordi dei har det travelt, men rett og slett fordi dei ikkje vil ligge bak ein bubil. Eg prøvde å vere ein sånn bubilsjåfør som eg ønskjer at andre bubilsjåførar skal vere, som slepp forbi bilistar ved høve og vise omsyn til andre. Det trur eg gjekk bra, for ikkje ein einaste gong såg eg ein finger i veret eller at folk tuta og blinka på meg. Men vi heldt fartsgrensa og vel så det på turen. Det er nemleg ikkje så vanskeleg. Med 150 hk går det veldig greitt å halde den, for vi har sanneleg plenty av 60- og 70-soner på Vestlandet. Den store fordelen med bubil, slik eg ser det, er fleksibiliteten den gjev. Du kan stoppe og nyte ferielandet nær sagt kvar du vil. Alt du har behov for får plass i ”hytta” eller i bagasjerommet. Ulempa er at det ikkje alltid er lett å finne parkeringsplass når ein har rota seg inn i sentrum av byane. Faktisk kunne eg tenkt meg ein bubil – om ti år. Då kan eg snirkle meg rundt på kryss og tvers i Norge (kanskje ligge 10-15 km/t under fartsgrensa), dra ut campingstolen, jekke opp ein boks, sjå på fjella og seie: – Das ist so schön hier, wollen wir reingehen und es uns gemütlich machen, meine PAPIRAVISA Liebste? PAPIRAVISA ©

©

STAVANGER-OMRÅDET: •K ONGEPARKEN: Vestlandets største opplevingspark. •G AMLE STAVANGER: 173 trehus, oppført på slutten av 1700- og byrjinga av 1800-tallet. • JÆRSTRENDENE. • NORSK OLJEMUSEUM. • LYSEFJORDEN, med fjellplatået Preikestolen. •S OGNDALSTRAND: Einaste tettstaden i Norge der både trehusbygga frå 17- og 1800¬-tallet og kulturlandskapet rundt er freda. •S OLASTRANDEN: eit populært mål for vind- og vassport, bading og turar. •T URISTVEG JÆREN: Kilometervis av sandstrender, berre brote av steinmark og lakseelver. •Ø VRE HOLMEGATE, STAVANGER: alle hus er målte i spreke farger, med spesielle butikkar, kafear og kunstutsal. HARDANGER: •T ROLLTUNGA: spektakulære fjellformasjonar 1100 moh. ROLLTUNGA ACTIVE: Eit annleis møte med natur •T og kultur, blant anna Tysso Via Ferrata. •H USEDALEN OG HARDANGERVIDDA NASJONALPARK: Fottur, med fire flotte fossar på rekke og rad, opp Husedalen til Norges største nasjonalpark på Nord-Europas høgaste fjellplatå. OLGEFONNA NASJONALPARK •F • FRILUFTSAKTIVITETAR: Folgefonna på langs på ski, trugeturar, brevandring, isklatring, samt Fonna Sommarskisenter. •M IKKELPARKEN: Fornøyelsespark med vassklier, jungelløype, dyr og meir. •H ARDANGERVIDDA NATURSENTER EIDFJORD, natur- og kulturhistorisk opplevingssenter. •O DDA VITENSENTER: Interaktive utstillingar, eksperiment og vitenshow. •G ULLFISKVATNET: Mat ”Gullfisk”, sett ut i Skårsvatnet i 1914. Ligg 5 km frå Øystese.


R A M M SO TILBOD

utstyrsd e m å f g o o n p Kjø roner! k 0 0 .0 5 2 il t n in r pakkar fo

Vinter

utan til

hjul

legg i Verdi c pris. a.

25 000

,-

• Xenon nærlys • 18” alu.felgar • Elektrisk bakluke • Innfellbare sidespeglar • Smart start og låsesystem • Underrun stylingpakke • Sportsseter

NYE RAV4 71°NEditio n 4WD Frå kr 385 100,- *

Navig a og vin sjon t e rhjul uta

Kjø

AURIS HYBRID ACTIVE+

og få m p no kromp ed vinterhju akke l, utan til og takstativ legg i p ris. Verdi 2 50

• 16” alu.felgar • Automatgir • DAB+ digitalradio • Cruise Control • Sportssete • Navigasjon • Mørke ruter • Skinntrekt dashbord• Ryggekamera • Multimediaskjerm Auris Hy brid Active+ Frå kr 282 200,-*

00,-

1,95%** rente

YARIS HYBRID

• Endå meir stille og behageleg • Nytt eksteriørdesign • Klassens beste plassutnytting • Endå høgare interiørkvalitet NYE Yaris Hybrid Active Frå kr 215 400,-*

n tilleg gi Verdi c pris. a.

18 900

,-

1,95%** rente

*Inkl. frakt, levering og reg.kostnad levert Førde/Nordfjord. Årsavgift kjem i tillegg. **Renta er subsidiert i tre år, for der-etter å bli justert til normal salsrente. Billån: Føreset minimum 35% kontantdel. Låneeks.: Fastrente 1,95%. Effektiv rente 4,49% 150 000,-/ 5 år. Etableringsgebyr 2 917,-. Totalt 168 238,-. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: RAV4 VVT-i frå 0,72 l/mil, 166 g/km, 13 mg/km RAV4 D-4D frå 0,49 l/mil, 127 g/km, 143 mg/km. AURIS HYBRID frå 0,38 l/mil, frå 87 g/km, frå 5,7 mg/km YARIS HYBRID frå 0,33 l/mil, frå 75 g/km, frå 6 mg/km. Avbilda modellar kan ha ekstrautstyr. Med atterhald om trykkfeil.

Tilboda gjeld eit avgrensa tal bilar.

25  | papiravisa 0315

RAV4 71°N EDITION


Bubilfamilie

Alt dette og meir til får familien Baugstø-Hartvigsen plass til i bubilen. Foto: Privat.

Lars Erik Baugstø-Hartvigsen kjøpte bubil for å bruke den som hybel. Og med det vart han noko så sjeldan som ein bubileigar under 40 år. Tekst og foto: Roy Sunde

26 | papiravisa 0315

Berre 1 prosent av bubileigarene er under 40 år. Lars Erik tenkte ikkje ferie når han kjøpte. – Eg bur i Florø, og skulle byrje å jobbe på Difi i Leikanger. Avgjersla om kjøp vart teke i eit regnvått telt i Danmark i 2010. Eg fabulerte om seglbåt som hybel der. Men kona sa: "Det er ikkje seglbåt du skal ha, veit du, det er bubil!". Bubil vart kjøpt nokre veker etter, smiler Lars Erik. – Vi valde ein heilårsbubil, som er godt isolert og har piggdekk. Eg skulle overnatte ei natt i veka der inne, og det finansierte bilen kontra å bu på hotell eller leige hybel. Ein har med alt ein treng, og har sitt eige ”rom”. Med 6000W varme på gass og 1800W på elektrisk varme blir det fort varmt, sjølv om det er 14 minus inni og utanpå bilen når du kjem. Du kan og flytte rundt om du vil. Min sto i båthamna i Leikanger, så pendla eg dit med bil. Familien Baugstø-Hartvigsen har tre born, og etterkvart vart bilen også ferieform. – Korleis er det å reise med tre ungar i bubil? – Mykje det same som å ha tre ungar heime, fordelt på færre kubikk. Travelt, altså, ler Lars Erik, men vi har ein romsleg bil, der ungane sit vendt bakover og kan sjå på Tv mens vi køyrer. Må dei på do er det fort gjort, med eit lite stopp. Mat finn ein raskt. Bilen er stor, stødig og luftig. Ungane blir ikkje bilsjuke på same vis som i bil. Bagasjerommet er av ei anna verd: Kle pakkast i skåp og hyller, bagasjerommet fyller ein med grill, campingmøblar, badeleikar, parasoll, strandtelt, badedyr, syklar og gummibåt. Du treng ikkje ta ut lufta ein gang, ler han. Rekorden på barnevogner er tre. Utfordring er vektavgrensinga på 3500 kilo. Ein må òg rigge seg til i større grad med bubil enn med campingvogn. Du tek den ikkje ned til byen like lett som ein bil. Vi løyser lokaltransport med syklar, seier han og kjem til fordelane. – Dei er mange! Ungane synest det er stas. Rekkevidde og fleksibilitet er flott. Det er ein

Godt lokalt bubilår Lokalt har det vore eit godt år for bubilsal. Tekst og foto: Roy Sunde

genial helg/feriebustad for familien. Når ein skal fly til Italia/Spania går ofte flya grytidleg frå Bergen. Vi har køyrt inn Bobby Bobil (den heiter det) til Flesland kvelden før og parkert. Så kan vi spasere til gate før avgang. Billeg og genialt. Vi brukar den som "ekstrarom" ved feriehuset i Bremanger når storfamilien skal dit, som gjesterom på tunet og har dratt med besteforeldre i båt og oss på land i hamna i bubil. Småturar lokalt blir kjekt i Bobby. Vi brukar den mest til lengre feriar i Norge, Sverige og Danmark. Nesten årleg til Danmark på grunn av slekt der. Lengste turen var fem veker i bubil, med fem menneske på 12-14 kvadratmeter då Torstein, yngste sonen vår, var baby. Blir det ikkje skilsmisse då veit du at du er i forholdet ”for life”, ler han. – Men det gjekk veldig bra. – Vil du tilrå bubil som ferie til andre barnefamiliar? – Jepp! Og dei kan få kjøpe vår! – Ungane og eg elskar bubilen. Mora har blitt meir reservert etterkvart. Vi har kjøpt ein 7-seters bil, med kraftig motor og hengarfeste. Ho heller mot at vi kan leige campingvogn når vi treng å dra med heile ”huset”. Og koner får rett, sjølv om dei ikkje har rett. Eg er redd den blir seld no, seier han. PAPIRAVISA – Og så var det seglebåten då… PAPIRAVISA ©

©

– Eg har selt til alt frå 20- åringar til ein på 79 år. 50+ er det leiande segmentet, men dei yngre har meldt seg på dei siste åra, seier Bjarte Sunde på Caravan Vest. – Både fordi bubilane har blitt betre, og at folk har meir pengar. Og dei brukar dei på ferie og fritid. Ein bubil kostar ein del, men er billeg i høve ei hytte. Du er meir fleksibel og flyttar ”hytta” dit du vil, og har med alt du treng. Det gjev veldig fridom og mobilitet. – Korleis har salet vore siste åra? – Nasjonalt var det tilbakegang i fjor, som flata ut i år. Det vart selt utruleg mange bubilar fem år på rad før. Det måtte flate ut. For vår del har året vore særs bra. Vi har aldri selt så mange bubilar som hittil i år. Dei fleste vel bilar frå 6 - 7,5 meter. Dei kan du køyre på vanleg sertifikat, og bompengar og ferjetakstar går på lengde. Mindre enn 6 meter blir litt trongt. Ein kan få så stor bubil som ein ”vil”. Dei største er bygd på lastebilchassis, og krev sertifikat for køyring over 3,5 tonn. Det kjem an på kor mykje PAPIRAVISA pengar du vil putte i. PAPIRAVISA

©

©


Sommartilbod:

20% rabatt

Hudlege

Vi har privatpraktiserende hudlege; Dr Chinh Khac, Le. Viser til www.klinikkforde.no. Kort ventetid.

på Restylane-behandlingar i veke 25.

Restylane er verdas leiande dermale fyllstoff for hudforyngelse og estetiske korrigeringar. Både sikkerheit og effekten av Restylane er klinisk dokumentert og vert støtta av omfattande kliniske studiar føreteke over 15 år og med over 20 millionar behandlingar. Restylane er det klare førstevalet for estetiske behandlarar verda over og er ansett som «GOLDEN STANDARD» innad i bransjen.

1

Plastikk-kirurgi Dr Håvard Seland. Spesialist i plastisk kirurgi (arb.stad: plast. kir. avd. Haukeland Sykehus) Dr med. Hans Vintertun. Spesialist i plastisk kirurgi (arb.stad: plast. kir. avd. Universitetsjukehuset i Jønkøping, Sverige). Dei tek konsultasjoner og opererer på Klinikk Førde.

2 4 5

3

Det er berre utvalde klinikkar, og med medisinsk ansvarleg lege, som får behandle med Restylane. Klinikk Førde har autoriserte Restylanebehandlarar med ID-kort. Dette, samt produktet sin unike kvalitet, sikrar optimal tryggheit. Det er berre Klinikk Førde som har Restylane i Sogn og Fjordane!

Andre behandlingstilbod: Azzalure/Botox • Permanent hårfjerning med diodelaser • CO2-laser • Restylane • Fraxellert CO2-laser • Peeling (Bluepeel, Light peel) • Medisinsk kremprogram (Obagi, Duvè Medica) • Aknebehandling • iClearXL, raudt og blått lys • IPL mot cuporose og spiders • Sveittebehandling m/Botox • Sprengte blodkar • Tannbleiking • AWT - cellulittbehandling (FDA-godkjent)

OPNINGSTIDER:

Tirsdag, onsdag og fredag kl 10-16 og elles etter avtale. Pasientar kan henvende seg direkte for konsultasjon, eller dei kan tilvisast frå lege.

Privatpraktiserande kvinneleg gynekolog Dr Gudny Sando, spesialist i gynekologi og obstetrikk.

Privatpraktiserande spesialist i ortopedi

Dr med Jan Roar Orlin. Spes. generell kirurgi og ortopedisk kirurgi med særleg vekt på smerter i rygg, armar og bein.

Flytte langt? Flytte heim? Flytte ut? Vi tar jobben. Uansett kvar du skal til eller frå.

• • • • •

Over heile landet – eller ut av landet.

Flytting Lagring Pakking Forsikring Utleige av vare- og lastebilar

Varicer/åreknutekirurgi Utredning med ultralyd. Behandling med ILVO (innvendig laseroperasjon). Skleroterapi. Dr Jens Ola Evjensvold. Spesialist i generell kirurgi og karkirurgi.

Timebestilling hos alle legane: 57 72 04 40 / 976 79 662

Klinikk Førde AS

Medisinsk ansv.: lege/karkirurg Jens Ola Evjensvold Førdetunet, 2. etasje, Hafstadvn 25, 6800 Førde • Timebestilling: 57 72 04 40 / 976 79 662

klin-fo@online.no • www.klinikkforde.no

27  | papiravisa 0315

Du finn oss på Øyrane! Trelast Mur/betongprodukt

Kjøkken/bad

Flovegen 5, 6800 Førde • 57 82 85 00 • Fax 57 82 85 01 • neumann.no

Opningstider: Mandag - Fredag 07.30 - 16.30

Rein Design

Interiør


Vegmat-test Vi let tilfeldigheita rå, og kjøpte måltida langs vegen. Dommen får du som terningkast.

+

28 | papiravisa 0315

FRUKOST DAG 1:

LUNSJ DAG 1:

STATOIL.

ER-ANS VEGKRO.

Bagett m/egg og bacon: 64 kr. Rugstykke m/egg og bacon: 39 kr.

Cowboylunsj: Bacon, speilegg, bønner, steikte poteter/brød, salat, og grove pølser: 109 kr.

– Egg og bacon er frukost. – Dette smakar fersk og godt. – Billeg, like bra som på kafé, og sunnare enn pølse.

– Hadde det ikkje vore for trongen til å ta på Thousand Island hadde det vore 5-.

MIDDAG DAG 1: FERJA MORTAVIKEN-ARTSVÅGEN. Biff Stroganoff: 138 kr. Sosekjøt: 133 kr.

– Dårlege greier. Lunken Stroganoff, med hurtigris. – Sosekjøtet er greitt nok. For lite smak på sausen, men kjøtet er mørt og fint.

FRUKOST DAG 2: FERJA MORTAVIKAARSVÅGEN. Ciabatta med reke. 59 kr. – Det er greitt nok.

BONUSMÅLTID: TANGO BAR & KJØKKEN. 5-rettar middag. (8) 980 kr. Eit utval rettar: Grilla lange med skaldyrskum. Fjellaure med asparges, aurerogn, kyllingskinn, sprøstekte nesler og asparges. Råmarinert kamskjel, avokado, emulsjon på kamskjelrogn, skogsyre og agurksalat. Steikt villkveite med østersmajones, hjartesalat, blomkålkrem med peparrot og steikt veloute. Ostefat. – Dette er ein heilt anna liga. Og ei oppleving.

+

LUNSJ DAG 2: SMELTEHUSET, ODDA.

+

–••

MIDDAG DAG 2: FURUKROA, FLÅM.

Speilegg, karbonade, løk og pommes frites. 119 kr.

Gyros: 119 kr.

– Heilt greitt, men kunne hatt meir lauk. – Og pommes fritsen var litt daff.

– Greitt nok, men litt tamt. Manglar det vesle ekstra.


Rein Design

2015 2015 Klar for Klar for snømåking!

snømåking!

Polaris Polaris brøytebrøyteskjærpakke skjærpakkeBEST I selges I selges fra fra

KLASSEN KLASSEN

Kr Kr 3.999,3.999,NYHETER 2015 Polaris er markedslederen og har 30 års erfaring av å NYHETER 2015 produsere firehjulinger, og hver eneste produserer vi for at den

skalPolaris være er best i sin klasse. Vioghar største av markedslederen harbransjens 30 års erfaring avutvalg å produsere firehjulinger, hver eneste produserer foratatdu den spesial utviklet tilbehør til og våre modeller. Alt handlerviom væreultimate best i sin klasse. Vi bransjens største skalskal få det verktøyet oghar hjelpemiddel til ditt utvalg behov. av utviklet tilbehør til våre modeller. handler om at Medspesial vårt patenterte dempersystem og ekteAltfirehjulsdrift fårdu få det ultimate og hjelpemiddel til ditt behov. du skal markedets beste ogverktøyet mest behagelige fremkommelighet. Med er vårt patenterte dempersystem og ekte firehjulsdrift Polaris klar for innsats. Vi måker snø, vi trekker tømmer,får du markedets mestDu behagelige fremkommelighet. vi henter ut byttebeste etterog jakta. bestemmer! Vi har også er klar for innsats. Vi måker snø, viAlle trekker tømmer, detPolaris beste forhandlernettverket i bransjen. står klar for vi henter ut bytte etter jakta. Du bestemmer! Vi har å hjelpe deg til å dekke ditt behov. Ta kontakt i dag. også det beste forhandlernettverket i bransjen. Alle står klar for å hjelpe deg til å dekke ditt behov. Ta kontakt i dag. Polaris ATV selges fra eks mva

Finnkode: 58416688

55.920,55.920,- eks mva

69.900,- inkl mva. Omkostninger tilknyttet klargjøring og registrering kan tilkomme.

Polaris ATV selges fra

Rekkehus på Tefretunet Moderne energieffektive bustader med god plassering på Runnen i Førde. 2-3 soverom, garasjeplass med bod.

69.900,- inkl mva. Omkostninger tilknyttet klargjøring og registrering kan tilkomme.

Nyhet! Nyhet ! Nyhet! Ny 570 570h EFI Ee FIt !

570 570 EFI EFI EPS EPS FOREST FOREST 570 570 EFI EF I EPS Emva. PS (94.875,FOREST FORE STmva.) 75.900,eks. inkl. 75.900,- eks. mva. (94.875,- inkl. mva.) 500 500 EFI EFI FOREST FOREST 500 500 EFI Eeks. FI FOREST F ORE ST inkl. mva.) 63.900,mva. (79.875,63.900,- eks. mva. (79.875,- inkl. mva.) 500 EFI EFI FOREST FOREST DLX DLX 500 500 EFI Eeks. FI FOREST F ORE ST DLX D LX 500 67.900,mva. (84.875,inkl. mva.) RANGER 325 ETX RANGER 325 ETX

ACE 570 ACE 570

67.900,- eks. mva. (84.875,- inkl. mva.)

570 570 EFI EFI

VELG TR RYGT - VELG MARKEDSLEDEREN VELG TR RYGT - VELG MARKEDSLEDEREN VELG VELGTRYGT TRYGT -- VELG VELG MARKEDSLEDEREN MARKEDSLEDEREN SPORTSMAN 570 UTE SPORTSMAN 570 UTE

SPORTSMAN XP 1000 FOREST SPORTSMAN XP 1000 FOREST

SPORTSMAN 570 SP SPORTSMAN 570 SP

WWW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM//POLARISNORWAY WWW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM//POLARISNORWAY

Bente Grønsberg Aase Tlf. 40 44 47 04 E-post: bente.aase@dsgruppen.no

VE tid med nårddinu !

r all bilen følge rvice på se

Pb. 122 | 6781 STRYN | Tlf.: 578 72 000 Pb.578 12272 | 6781 | Tlf.: 578 72 000 Telefaks: 017 |STRYN jon@kveen.as | www.kveen.as Telefaks: 578 72 017 | jon@kveen.as | www.kveen.as

Trygghet hele veien

WWW.POLARISINDUSTRIES.NO WWW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM/POLARISNORWAY FACEBOOK .COM / POLARISNORWAY WWW.POLARISINDUSTRIES.NO WWW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM/POLARISNORWAY FACEBOOK .COM / POLARISNORWAY

MECA Veihjelp er alltid inkludert når du tar service hos oss. Det innebærer at hvis du skulle få startproblemer, teknisk feil, gå tom for drivstoff, punkterer, mister nøkkelen eller låser nøkkelen inne i bilen, så kan du bare ringe. Uansett hvor du befinner deg - døgnet rundt. Med MECA Veihjelp i hanskerommet er du litt tryggere på reisen. Vi tilbyr også: – Reparasjon av alle bilmerke – Service – AC/klima-service – Hjulstillingskontroll

Fortun: Hafslo: Hornindal: Leikanger: Sandane: Førde:

Fortun Bensinstasjon, Gt Bil, Haugen Motor, Leikanger Auto, Leiv Austrheim, Riko Førde,

Ett samarbete med Santander Consumer Bank

Ett samarbete med Santander Consumer Bank

– EU-kontroll (PKK) – Bremsetest – Kjølevæskekontroll

57 68 61 57 57 68 16 88 57 87 95 00 57 65 31 00 57 86 58 60 57 83 72 22

– Bilglass/ruteskift – Diagnose-test – Dekkskift/dekkhotell

Bremanger: Svelgen: Vik i Sogn: Hellevik i Fjaler: Stryn: Øvre Årdal:

Rutebilane i Bremanger, Svelgen Motorsenter, Tistels Auto, Fure Mekaniske, Stryn Bilverksted, Vee Bensin og Bilrekvisita,

94 03 20 00 57 79 36 11 57 69 77 99 57 73 75 42 48 19 55 55 57 66 30 40

Betal når det passer for deg!

29  | papiravisa 0315

P IHJEL t a r

SPORTSMAN ETX SPORTSMAN ETX


mat

Sunt, mettande og godt

DRIVSTOFF til lange bilturar

Sommar og ferie betyr ofte lange bilturar. På veg til eit anna land, ei bestemor, ei strand, eller ein eller annan fornøyelsespark. Og når ein køyrer bil blir ein svolten. Mange tyr til bensinstasjonar og vegkroer når dei skal ha påfyll, men det er ikkje alltid der du finn det beste drivstoffet. Her kjem tre oppskrifter på sunn, god og mettande turmat. Funkar både i tursekken og i kjølebagen i bilen. Tekst: Kristine Slettehaug Foto: Stine Bortheim

30 | papiravisa 0315


Bytt ut søte bollar frå bensinstasjonen med kjeks som gir næring. Ikkje la deg skremme av det grove mjølet, for denne kjeksen vil garantert få innpass som snacks til turen.

INGREDIENSAR • 200 gram smør romtemperert • 120 gram brunt sukker • 100 gram mørk sjokolade (helst 70 % kakaoinnhald) • 50 gram hasselnøtter • 50 gram valnøtter • 50 gram tørka tranebær • 2 egg • 1 ts natron • 275 gram grov sammalt kveite Set omnen på 180 grader. Pisk romtemperert smør og sukker til ein kremen konsistens. Bland i eitt og eitt egg, og pisk godt i mellom. Vidare piskar du inn mel og natron. Hakk sjokolade, nøtter og tranebær i småbitar. Vend blandinga godt inn i deigen. Legg 2 ss deig per kjeks på steikebrett, og du får plass til ca 9 stk av gangen på eit vanleg brett. Steik midt i omnen i 12 minutt, og avkjøl på rist. Ikkje gløym kaffi på termos som tilbehøyr!

Grønsaksmuffins

Tunfiskwrap

Vitaminbombe utan like! Og med ein eller to slike i magen, er det berre til å køyre vidare full i energi, med blide barn i baksetet.

Fisk som niste? Ja, det går fint! Wrap inn tunfisksalaten, og du har eit smakfullt, sunt og fullverdig måltid på rasteplassen.

INGREDIENSAR

INGREDIENSAR

• • • • • • • • • • •

• • • • • • • • • •

1 raudlauk 1 raud paprika 100 g fersk spinat 2 ss smør 4 egg 1 beger mager kesam (3 dl) 3 dl kveitemjøl 3 dl grov sammalt kveite 2 ts bakepulver ½ ts salt 150 g ost (kvitost, fetaost etc)

(Putt gjerne i hakka skinke, salami, steikt bacon e.l. om du ønskjer kjøtt i dei.) Grovhakk lauken, og kutt opp paprika og spinat. Fres grønsakene mjuke i smør i ei panne. Rør saman egg og kesam, og bland i mjøl, salt og bakepulver. Bland deretter inn grønsakene og osten. Fyll røra i store smurde muffinsformer. Steikast midt i steikeomnen ved 200 °C i 20–25 minutt. Gir ca. 12 store muffinsar.

1 hakka raudlauk 1 halv hakka paprika Ca 250 g hermetisk tunfisk i vatn 2 dl crème fraiche lett 1 ts karri ¼ ts salt ¼ ts pepar 4 tortillalefser fullkorn ¼ isbergsalat, eller annan salat 4 ss sylteagurk

Finhakk raudlauk, og hakk opp paprikaen. Sil av vatnet på tunfisken, og bland inn lauk og paprika. Ha krydderet i crème fraichen, og vend inn tunfiskblandinga. Fordel blandinga på tortillalefsene, og legg på salat og hakka sylteagurk. For å unngå søl, bør du pakke rullane godt inn, til dømes i PAPIRAVISA aluminiumsfolie. PAPIRAVISA ©

©

31  | papiravisa 0315

Køyrekjeks med sjokolade og tranebær


A MODELL: Sandra Sølvberg Mo med kle frå Din sport: Craft treningsjakke – 799,Craft t-skjorte – 299,Craft tights – 499,Scott hjelm frå kr 399,Mizuno Ultima joggesko – 1600,Scott sportster 30 sykkel – 6250,-

Familiepoo Clas Oh

Ugrasfjernar 179,Wets støvlar 599,Slushmaker 199,Lunchbag 99,Enklere liv

Badebasseng 199,Clas Ohlson Vitamin E eyes cube 129,Vitamin E lip care SPF 15 79,Vitamin E moisture lotion SPF 15 198,Vitamin E aqua boost sorbet 189,the Body shop


A ktivt uteliv Sommaren er tida for å vere ute – og aktiv. På Handelshuset finn du alt du treng for eit aktivt sommarliv, anten du skal på stranda, til fjells – eller berre grille i hagen.

EQdog sele stor 479,Zoo-1

Største kjøpesenteret mellom Bergen og Ålesund 49 butikkar/restaurantar leikeland treningssenter gratis parkering

Drake 129,Clas Ohlson

KLE Bare Barn KappAhl VIC Marcel More Woman b-young Arkja Dameklær Hennes & Mauritz Jack Jones Vero Moda Match MAT, DRIKKE OG KIOSK Spar Ferske Smakar Deli Vita Narvesen Peppes Pizza Vinmonopolet Bambus EQdog sele liten 399,EQdog kløv 649,Zoo-1

HUS OG HEIM Bellis Blomster Nille Kremmerhuset Norli Handelshuset Princess Tilbords Kitch’n OPTIKK, UR OG GULL Bjørklund Mestergull Brilleland

SPORT OG FRITID Din sport Sport Outlet Ringo SKO dna Eurosko SERVICE Sparebanken Vest Posten KROPP OG HELSE Nikita Apotek1 The Body Shop Sunkost Trendy frisør Skin tonic Ranels VITA Puls Førde

Kvardagar

10–20(21)

Ecco Biom jente 599,Eurosko

Ecco Surround dame 1600,Eurosko

SPESIALBUTIKKAR Clas Ohlson Glitter Zoo1 Bagorama Citybag Enklerea Liv

Trixie Hundeskål 143,Zoo-1

ol 399,hlson

Laurdagar

10–18

Ecco Biom gutt 599,Eurosko

Ecco Surround herre 1600,Eurosko Sol- & gyngestol 699,Clas Ohlson

...vi har det!

www.hhforde.no

Følg oss på Facebook og Instagram! facebook.com/handtelshusetforde instagram: Handelshuset

Foto og design: Rein Design

Produkta er leverte av:


Fullstappa med utstyr. Kampanjerente 1,99%** Fri service 3 år/45.000 km inkludert i prisen

Audi Q5 quattro® og Audi A4 allroad quattro®

Meir sport, meir teknikk og meir utstyr! 34 | papiravisa 0315

Rentekampanje

1,99%

**

Fri serviceavtale 3 år/45.000 km inkludert i prisen rettl. 7.308,-

Sportspakke plus, S line eksteriørpakke og fjernbetjent kupévarmar veil. 78.540,• • • • • •

Interiør i skinn/alcantara med sportsseter 19” aluminiumsfelgar Fangarar/kanalskjørt i sportsleg design Heillakkering S line grill og S line emblem på forskjermar Fjernbetjent kupévarmar

Navigasjonspakke plus

Teknikkpakke

rettl. 40.630,-

rettl. 21.430,-

• Navigasjonssystem MMI plus • Førarinfosystem i fargar • Innsvingbart hengarfeste

• • • • •

Xenon plus Audi sound system Aut. avblendb. innv. spegel Audi parkeringssystem bak Lys- og regnsensor med fjernlysassistent

Audi Q5 2.0 TDI 163 hk quattro® S tronic SE+ 654.000,-* eller 4.950,- pr. mnd*** Pris er inkl. alle utstyrspakkar, vinterhjul, rentekampanje 1,99% og fri service 3 år/45.000 km

Rentekampanje

1,99%**

Fri serviceavtale 3 år/45.000 km inkludert i prisen rettl. 6.768,-

Sportspakke plus og fjernbetjent kupévarmar m.m. rettl. 50.970,-

Navigasjonspakke plus rettl. 42.430,-

rettl. 21.400,-

• • • • • • •

• Navigasjonssystem MMI plus • Førarinfosystem i fargar • Avtagbart tilhengarfeste

• Xenon plus • Audi sound system • Audi parkeringssystem framme og bak • Cruise control

Interiør i skinn/alcantara med sportsseter 18” aluminiumsfelgar Fjernbetjent kupévarmar Skipose m/gjennomlastningsluke MLF sportsratt m/flat botn Lys- og regnsensor, Bluetooth og DAB+ radio Elektrisk bakluke og metallic lakk

Teknikkpakke

Audi A4 allroad 2.0 TDI 163 hk quattro® S tronic SE+ 591.000,-* eller 4.917,- pr. mnd*** Pris er inkl. alle utstyrspakkar, vinterhjul, rentekampanje 1,99% og fri service 3 år/45.000 km

Audi A4 allroad quattro® S tronic Special Edition+ og Audi Q5 quattro® S tronic Special Edition+ vert levert standard med quattro® firehjulstrekk og Audi sin fantastiske 7-trinns S tronic automatgirkasse. I tillegg får du metallic lakk og ekstrautstyr frå øvste hylle inkludert i prisen. Velkommen til prøvekøyring!

* Rettl. pris levert forhandlar Sogn og Fjordane. Årsavgift kjem i tillegg. Forbruk 5,3-8,5 l/100 km ved bl. køyring. CO2-utslepp 139-199 g/km. Tala gjeld samtlege motorer som vert tilbydd. ** Eff. rente 4,45 % ved lånebehov kr 150.000 o/5år, etabl.-/tinglysningsgebyr kr 4.190,- og termingebyr kr 85,-. Total kredittkjøpspris kr 167.216,Renta føreset finansiering i Audi Finans, og er subsidiert i tre år, for deretter å bli justert til normal produktrente. *** Startleige/etableringsgebyr gjennom Audi Finans Q5 100.000,-, månadsleige 4.950,- og totalkostnad 94.479,-, A4 allroad 75.000,-, månadsleige 4.917,- og totalkostnad 85.750,- vil variere med rentenivet. 3 års bindingstid, køyrelengde 45.000 km. Alle prisar inkl. mva. Tilboda gjeld fram til 30. september 2015. Serviceavtalen inneheld følgjande: Alle kostnader til bilen sitt serviceprogram føreskrive av produsent. Dette inneber at det ved utføring av service m.a. vil bli skift olje, oljefilter, avlesing av lagra feil i bilen sine styreeiningar, oppdatering av bilen sin software, kontroll av sikkerheitsrelaterte komponentar, m.m.

Førde - 24 03 18 00 Seljar - 99 20 50 35 Servicepunkt: Sogndal - 57 67 57 00 Stryn - 57 87 26 00 berge.no


KORTRETTET Vi ville sjå Torsheim i noko anna enn ”uniformen” han har hatt i snart 40 år. Resultatet vart fantastisk. Her er:

ODDVAR TORSHEIM Tekst: Roy Sunde foto: Thor-Aage Lillestøl

35  | papiravisa 0315


Vi fekk nyss i at Oddvar Torsheim alltid har hatt lyst på ein sprek Moods of Norway-dress. Papiravisa, i lag med klesbutikken Marcel, fiksa sjølvsagt ein dress til han. Slik vart Oddvar i raud dress, etter 40 år i sin svarte ”uniform”.

– Kor lenge har du hatt ”uniforma” di? – Sidan slutten av 70-talet. Før det hadde eg bolleklipp og gikk i slengbukser. Det byrja som ein fiks ide, men slik vart det, ler Oddvar. – Eg blir aldri ein ny Jan Thomas. Ein mann går i dress og slips, og i mitt tilfelle klut. Eg prøver å vere ei enkel sjel. Svart er ein fin farge, som kan stillast opp mot alt. Og eg går berre i Ekko-sko, dei er best, året rundt.

36 | papiravisa 0315

– Kor stor skil er det på den Torsheim ein kjenner frå rampelyset, og Oddvar privat? – Privat er eg stille, sjenert og roleg. Eg elskar å halde kjeft, men det er det ingen som trur. Eg prøvar å halde maska ute, men føler at eg er litt sur for alt eg ikkje får til. Eg misunner dei som er naturleg blide. Eg prøvar å skjerpe meg, og åra lærer ein folkeskikk, men føler eg er litt vanskeleg. Eg synest det er hardt å snakke med folk og går mykje i eigne tankar, men trenar meg opp til å vere sosial. Måling er eit egoistisk yrke, og må vere det. Ein surrar mykje rundt eigen navle. – Om du ikkje hadde blitt kunstnar, kva hadde du jobba som då? – Sjømann. Eit vannvittig liv, som eg har sans for. Eg var ute eit år. Då er du ”skogsmatros”. Det baud på poetar, raritetar og livsfare. Det eg ikkje ville var å jobbe på møbelfabrikk. Det at eg slepp, det held liv i meg. – Kva er du mest stolt av i livet ditt? – Eg er ein overlever, som held ut og jobbar i veg. Eg har plager og migrene, men vel å nytte dei som drivkraft, og kryp til staffeliet så lenge det går. – Kva er drøymeferien din? – Til New York, med Jorunn som guide (dottera), for å sjå om eg fiksar det. Eg bur på landet og før skremte skyskraparar meg. Eg har vore i London, og trur eg er klar for N.Y no. – Kva gjer du når du skal kople heilt ut? – Før drakk eg doble whiskyar, men då slappar ein ikkje av. Då stikk ein av. Eg har godt sovehjarte.

Når eg sleng meg nedpå sovnar eg. Før rangla eg, no søv eg. Og så koplar eg av når eg går. Eg er ein gangar. – Fortel oss noko om deg som ville overraska folk? – Eg er ein ganske flink snikkar. Det er ikkje så sexy, men det er sant. Og har vore kanonartillerist i Horten. Og eg trur eg er ein god bestefar. Eg er veldig glad i barnebarn og dotter. Dei bur i Oslo, men eg prøver å vere periodefamiliær. Det er kjekt å vere bestefar! Når eg såg slike før tenkte eg: Ein slik ape skal eg aldri bli! Så vart eg den største av dei alle, ler han. – Trøysta er at kongen seier det same. Barn er kjekt å vere rundt, men eg stikk når det er tid for bleieskift. Eg fiksar ikkje dagens glidelåsbleier. – Kva kunstprosjekt drøymer du om å gjennomføre? – Det ligg nokre store, stygge oljemåleri og murrar i bakhovudet. Det har eg lyst til, for no kan eg til ei viss grad teikne. Picasso torte å måle dårleg også, og berre klemme til sjølv om han kunne mykje. Men handverket må ligge i botnen. Ein kan ikkje berre skvette og skvulpe, seier han og fortel kvar inspirasjonen til å halde fram med kunst i sitt 76. år kjem frå. – Kva anna skal eg finne på? Eg ranglar ikkje lenger, og familien er i Oslo. Det er berre å gyve på! Den som ventar på inspirasjon får vente lenge. Eg jobbar uansett, som Van Gogh sa: Bestem deg! Eg tenker: Det eg ikkje får ut av meg, det slår inn i kroppen igjen og plagar livet av meg. Jung sa: Nevrose er ikkje ein sjukdom, det er utvikling. – Kva prosjekt har du på gang no? – Eg har ei utstilling i Bergen fram til den 21. Juni: ”Ymsedamer”. Med bilete av over 50 ulike damer. Inspirasjonen kom frå stereotypane ein ser i glansa blad, som alltid har ”same” dama. Damer har meir for seg, så eg laga variasjon: Hekser, hjartedamer og helgendamer, med og utan glorie. Og så har eg laga Ymsedamer-bok, som Skald Forlag gjev ut.

– Kva gjer Oddvar på ein heilt vanleg dag? – Eg lev eit striks liv: Står tidleg opp og les litt. Men eg teiknar meir enn eg les, fordi eg vil sjå kva eg tenker. Elles rablar eg i notatbøkene mine. Eg har ein halv milliard notat, som kanskje blir noko av. Eg søv middag, ei uvane, men eg gjer det likevel. Så må eg ringe gullungen, og sende bilete hit og dit. Eg er ikkje flink å rydde. Eg vil helst lage bilete, så får heller huset ramle saman. Og Dressmann, Ikea og Fjorland løyser det meste. – Kvifor har du blitt buande i Førde? – Eg har alltid trua med å reise herifrå, men huset er så komplisert at eg ikkje torer å reise frå det. Førde er ein god stad å bu, med arbeidsro. Eg har slekt og vener her, likar naturen og er ”bunden” til barndommen i Atløy og Naustdal. Det handlar nok om røter. – Kva forhold har du til internett, mobiltelefon og data? – Eg har ikkje internett. Jorunn styrer nettsida mi. Men eg har iPhone. Mange eldre vil ikkje ha smarttelefon. Det skjønar eg ikkje. Ein må ha det i dag. Eg vil ikkje tilbake til dei raude kioskane, der du gjekk omvegar for å oppdage at ein fyllik hadde reve vekk røyr og katalog. Men eg var redd då eg fekk iPhone. Svigersonen min skulle kurse meg. Det tek eit halvt år hevda eg. 20 minutt etter var eg i gang. Eg skal snart ha ein ny iPhone. Før sprang eg livet av meg når eg hadde bilete til trykking. No sender eg bilete med forklaring på kva som må endrast med telefonen. – Kva forhold har du til musikk? – Eg er glad i Bob Dylan sine sirupsseige songar, som aldri held opp. Og The Beatles: geniale komponistar, forkledd som popmusikarar. Elvis er ein avansert Bjøro Håland, men eg likar godt Frank Sinatra. Og er glad i Mozart og Bach. Og det er kjekt å høyre på Jorunn, som syng klassisk. Ho er PAPIRAVISA godt skulert. PAPIRAVISA ©

©


37  | papiravisa 0315


10

5

8

10 ADRENALINKICK i Sogn og Fjordane!

38 | papiravisa 0315

Om du søker spenning i sommar, er du i rett fylke. Djupe, tronge fjordar, fantastisk og vill kystnatur, høge tindar, elver som dundrar nedover og spektakulære strender, skaper ei mektig ramme og grunnlag for store opplevingar. Sogn og Fjordane kryr av aktivitetar som involverer fart, adrenalin og moro. Vi har plukka ut ti! Tekst: Kristine Slettehaug

3

1

6


1. JØLSTER RAFTING

”Want some action?” står det på nettsida til Jølster rafting. Er svaret ja, skal du ta deg ein tur til Jølster. ”Dette er ekte RAFTING!” skriv dei vidare og lovar frodig og vakker natur, ei frisk og utfordrande elv, med store mengder sprut, spenning og moro, og eit herleg sug i magen.

utanom dei faste tidene. Dette er aktiviteten for deg som vil jage adrenalin i nedoverbakke – på sykkel.

2

5. HORNELEN - EUROPAS HØGSTE SJØKLIPPE

Bestig Hornelen i Bremanger, Europas høgste sjøklippe! Dette er turen for deg som er ute etter ei spektakulær oppleving. Stien kan vere nokså krevjande og bratt, men til gjengjeld kan ein nyte fantastisk utsikt undervegs. På toppen (860 m.o.h.) er det storslått panoramautsikt sørover kysten, nordover til Sunnmøre og innover fylket. Her ser du det varierte landskapet regionen vår har å by på – alt frå tronge fjordar og høge fjell til små øyer yst i havgapet. Viss du tørr kan du legge deg på kanten av stupet og kikke nesten loddrett ned på båttrafikken 860 meter under deg. Garantert sug i magen! wÅ gå opp Hornelen er ein heil dagstur, men det er vel verdt strevet! Det er to ruter opp til Hornelen, med start frå enten Hunskår eller Berlenset. Den flottaste utsikten får du om du går opp frå Hunskår og ned til Berleneset.

Dei brukar to elver, Jølstra og Stardalselva. Hovudelva Jølstra har mange og lange stryk, og turen varierer etter vassføringa, ønskjer og erfaring. For familiar med born under 15 år tilbyr dei familierafting i rolegare delar av Jølstra. Dei tilbyr også elvebrett, som er ein meir intens måte å utfordre elva på enn rafting, det er også meir opp til den enkelte å ha kontroll over elementa, sjølvsagt under kyndig rettleiing av profesjonelle instruktørar.

2. VIA FERRATA LOEN

Via Ferrata Loen er ein klatresti rett bak Hotel Alexandra, som tek deg til majestetiske Hoven på 1010 moh med eit fenomenalt utsyn mot Lodalen, Oldedalen, Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Ein del av turen er ei 120 m lang hengebru - den lengste i Europa, over det 160 meter djupe gjølet. Turen over vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. Brua ligg på 750 m.o.h. For å kome dit må du klatre Via Ferrata ruta frå Loen. All ferdsel i området skjer på eige ansvar, men du kan booke guida tur gjennom Loen Active.

4. DOWNHILL PÅ HARPEFOSSEN

I sesong kan Harpefossen i Eid kommune tilby downhill-sykling på Furuhogane. Utfor, utforsykling, eller downhill er ei grein innan sykkelsporten og ei terrengsykkeløving der syklistar tek seg fram og ned bakkar med sykkel. Kvar søndag frå 21. juni til 11.oktober er det ope frå kl 11:00 til 15:00. Downhillsykling på Harpefossen er heisbasert sykling i doserte løyper eller terrenget med spesialbygde syklar og fullt sikkerheitsutstyr. Heisen fraktar syklistane opp ved hjelp av spesiell festeanordning som kan leigast på Harpefossen. I tillegg tilbyr dei utleige av syklar og fullt sikkerheitsutstyr. Det er også mogleg for grupper å gjere avtalar

Foto: Siri Lund

Kystrafting i Florø tilbyr ulike turar med ulike adrenalinnivå. Til felles har turane at dei er unike opplevingar i fantastisk kystnatur, og at hårsveisen garantert endrar seg undervegs! Turane går med RIB-båt og passar perfekt for dei som ønskjer komme nær naturen og havet. Du kan velje mellom blant anna faunasafari, intensiv kystrafting og fyrsafari. Turane blir tilpassa etter ønskje, og det er absolutt rom for adrenalinkick under ein slik tur!

4

Den nye flotte klatreveggen på Sandane er totalt 15 meter høg, og har parti med overheng og eit stort tal merka ruter i ulike vanskegrader. For å klatre lyt ein ha brattkort eller ha med seg ein med brattkort. Dei har ikkje utstyr til utleige, men anbefaler at ein kontaktar Gloppen klatreklubb. Dei har faste tider for klubbklatring fredagar mellom 18-21. Då er der klubbmedlemar tilstades som kan hjelpe med sikring, utstyr etc. Klatreveggen i Sogndal er 18 meter høg og 750 m² stor. For å klatre lyt ein ha brattkort eller ha med seg ein med brattkort.Veggen er den desidert bratteste i Norge. 
Veggen har rundt 50 ulike ruter og det henger slynger på alle. Klatreeggen sto ferdig i 2006 blir framleis sett på som Nordens desidert beste. Vanskegradene på rutene varierer frå 5 til 9, som dekker dei fleste behov. Veggen tilbyr alle typar klatring. Buldreveggen i Sognahallen er 12 meter lang og 4 meter høg. Veggen er open alle dagar i veka.

7. VÅT MORO FESTIVAL!

Våt moro i Florø har som mål å skape Norges beste havfestival, og moro i eller ved vatn står i fokus. Byen har ein unik kombinasjon av holmar, skjær og fjell som stuper i havet, og festivalen ønskjer å skape glede, adrenalin og spektakulære opplevingar. Festivalen tilbyr eit breitt utval av aktivitetar, som: surfing, dykking, elverafting, kajakk, flyboard, havrafting, kajakk, kiting, paragliding, rappelering, segling, stand up paddle, vannscooter, surfing, tube/vannski, wakeboard og vindsurfing. Senter for dei fleste aktivitetane er Florø og Flore-

39  | papiravisa 0315

3. KYSTRAFTING FLORØ

6. KLATREVEGG I TRIVSELSHAGEN PÅ SANDANE OG I SOGNAHALLEN I SOGNDAL


vika, men dei har også samarbeid med Jølster Rafting og LaPoint Surfing på Stadt som sikrar våt moro også andre stader i fylket. Går av stabelen 09.-12. juli.

7

På Stad finn du ideelle forhold for surfing med bølgjer frå storhavet og kvite sandstrender omkransa av bratte fjellsider. Adrenalinnivårt tilpassar du sjølv, men du får garantert ei eksotisk oppleving i havgapet. På den kilometer lange sandstranda i Hoddevik finn du ein av Norges beste og vakraste surfeplassar. Tre mil unna ligg den sikre spoten Ervikstranda, og her finst det nesten alltid bølgjer. I Hoddevik kan surfarar, både nybegynnarar og vidarekomne, kome og bu i det store kvite huset Strandro, som ligg eit steinkast frå det store blå Atlanterhavet. Dette er basen for Stad surfing som tilbyr kurs på ulike nivå og har utleige av brett og anna utstyr. Litt lengre inne i Hoddevika finn du Lapoint Surfcamp. Her kan du også bu og leige utstyr, samt velje mellom ei lang rekke tilbod, som kurs, ungdomscamp og surf med familien.

Foto: Truls Kleiven

8. SURFING PÅ STADT

9

40 | papiravisa 0315

Rask puls, snirklete sti og gledeshyl i skogen. Sogn byr på sti og singletrack i verdsklasse, og Sogndal Lodge har erfarne guidar som viser vegen. Skulle høgfjellet freiste, legg dei om kursen og trillar til topps. Tør du trø til? – Stisykling er rett og slett å sykle på stigar, i skog, på fjellet og andre stader. Ein brukar gjerne fulldempa syklar til dette, sidan dei er best tilpassa stiane her omkring. Det er ein aktivitet som høver for alle som har prøvd ein sykkel. Vi tilpassar løyper og terreng etter nivået på gruppa ein har med, vêr og forhold, og kva folk ønskjer å oppleve. Vi har mange godt eigna stader for både erfarne og nybyrjarar i Sogn, både i fjell og i skog, fortel Sander Buene, på Sogndal Lodge. – Kven er det som kjem for å prøve? – Alt frå erfarne folk, som ønskjer guide til lokale stiar, til nybyrjarar som aldri har prøvd dette før. Vi får ungdom og familiar hit, men mest folk i aldersgruppa 25-55. Sogndal Lodge tilbyr også guida toppturar, kajakk, klatring, brevandring og fjellvandring.

Foto: Jørn Allan Pedersen Photo

9. STISYKLING MED SOGNDAL LODGE

10. TANDEMPARAGLIDING MED FJORDANE LUFTSPORTSKLUBB

Høgt, heftig og herleg! Fjordane luftsportsklubb arrangerer kurs i hangliding og paragliding, og tilbyr tandemparagliding. Kurs i hangliding/paragliding går over ein lengre periode, og i løpet av kurset skal du lære å starte, fly og lande. Du skal også lære ein god del om været og sikkerheit. Med

paragliding kan du oppleve fuglens frie flukt på ein enkel måte. Klubben har pilotar som gjerne tek deg med på ein flytur, og til tandemparagliding treng du ikkje kurs. Kjelder: Boka “Opptur”, nordfjord.no, våtmoro.no, sognefjord.no, jolster-rafting.no, trivselshagen.no, PAPIRAVISA fjordkysten.no, fjordaneluftsportsklubb.com PAPIRAVISA

©

©

Jets™ vakuumtoaletter og gråvannsrenseanlegg for hus og hytter • Fra kun 0,5 l vann per spyling • Krever ikke innlagt vann • Minimalt strømforbruk – 12V eller 230V • Høy kvalitet og lang levetid • Enkel montering og vedlikehold • Uavhengig av gravitasjon

www.jetshytte.no

Opningstider: Måndag–fredag: 07.30–16.30. Laurdag: 10.00–14.00. Vi tar forbehald om fargeavvik og trykkfeil.

Rørle g ge re n i næ rhete n

Tlf. 57 72 55 90 - Mob. tlf. 992 13 790 Flovegen 4, 6800 Førde - www.dale-ror.no


FOTO KIKKERT UR OPTIKK FOTO KIKKERT UR OPTIKK FOTO KIKKERT UR OPTIKK FOTO KIKKERT UR OPTIKK FOTO

Canon sommartilbod

Kjøp eit Canon EOS systemkamera i sommar og få gratis 3-timars grunnleggande Canon EOS fotokurs (verdi kr 799,-) på Skei Hotell, torsdag 27. august 2015, kl. 18-21.

Sommar-cashback på 12 Canon objektiv og 3 Canon blitsar

Canon EOS 750D/EOS 760D og Canon objektiv-cashback

(Alle objektivprisar i blå bobler gjeld før cashback)

Kjøp Canon EOS 750D/EOS 760D kamera og få cashback ved samtidig kjøp av eitt av følgjande fire utvalde Canon objektiv!

kr

250

EF-S 24 mm f/2,8 STM

cashback

1599,-

250

EF 40 mm f/2,8 STM

EF-S 250 18-135mm cashback f/3,5-5,6 IS STM

EF-S 250 55-250mm cashback f/4-5,6 IS STM

kr

cashback

6899,-

cashback

EF 70-300mm f/4-5,6 IS USM

kr

cashback

EF 70-200mm f/4L IS USM

1700 EF 24-70mm f/4L IS USM

kr

450

Speedlite 430 EX II

cashback

8599,-

kr

250

1599,-

kr

850

kr

cashback

EF 35mm f/2 IS STM

5499,-

9899,-

cashback

500

kr

850

9399,-

kr

500

4299,-

cashback

cashback

EF-S 10-22mm f/3,5-4,5 USM

kr

500

EF-S 17-55mm f/2,8 IS USM

kr

500

5299,-

2299,-

3999,-

Speedlite 270 EX II

2499,-

kr

Inkl. Canon solblendar og linseklut

Inkl. Canon solblendar og linseklut

EF-S 250 10-18mm cashback f/4,5-5,6 IS STM Inkl. Canon solblendar og linseklut

1699,kr

EF 16-35mm f/4L IS USM

cashback

kr

cashback

2299,-

600 Speedlite 600 EX-RT

cashback

5599,-

Kjøp Canon EOS 5D MARK III kamera og få cashback ved samtidig kjøp av eitt av følgjande utvalde 9 Canon objektiv!

EOS 5D Mark III hus

24799,-

EOS 5D Mark III m/ EF 24-105 4,0 L IS USM

32799,-

CANON OBJEKTIV Pris før cashback EF 100mm f/2,8 L IS USM Macro Kr 7.599,EF 16-35mm f/4L IS USM Kr 9.399,EF 24-70mm f/4L IS USM Kr 8.599,EF 50mm f/1,2 L USM Kr 13.399,EF 24mm f/1,4 L II USM Kr 13.699,EF 85mm f/1,2 L II USM Kr 17.999,EF 24-70mm f/2,8L II USM Kr 17.299,EF 100-400mm f/4,5-5,6L IS II USM Kr 19.499,EF 70-200mm f/2,8L IS II USM Kr 18.799,-

Cashback Kr 1.300,Kr 1.300,Kr 1.750,Kr 1.750,Kr 1.750,Kr 2.100,Kr 2.600,Kr 2.600,Kr 2.600,-

Canon gåvepakke Kjøp eit Canon systemkamera, Canon videokamera eller Canon Powershotkamera blant modellane nedanfor og få ein CANON GÅVEPAKKE, VERDI KR 1.700,-, ved registrering av kjøpet på www.canon.no/kampanjer. Gjeld følgjande Canon modellar: * EOS 750D, EOS 700D, EOS M3, EOS 100D, EOS 1200D SYSTEMKAMERA. * POWERSHOT G-serie kompaktkamera; G1X Mark II, G7X og G16 * POWERSHOT SX-serie kompaktkamera; t.d. SX 60HS (biletet) og SX 710HS. * LEGRIA HF-R serie og HF-G serie videokamera. Døme; HF-R 606 og HF-G 25. Sjå prisar på på www.alfhelgheim.no eller kom innom butikken vår!

CANON EOS 750D/EOS 760D EOS 750D hus EOS 750D m/EF-S 18-55 IS STM EOS 750D m/EF-S 18-135 IS STM EOS 760D hus

Cashback Kr 300,Kr 300,Kr 450,Kr 450,-

Vår pris Kr 6.699,Kr 7.599,Kr 9.699,Kr 7.299,-

Canon EOS M3 og Canon objektiv-cashback Kjøp Canon EOS M3 kamera og få cashback ved samtidig kjøp av eitt av følgjande tre utvalde Canon objektiv!

EOS M3 m/EF-M 18-55 IS STM

6999,-

CANON OBJEKTIV Pris før cashback EF- M 22mm f/2 STM Kr 1.899,EF- M 11-22mm f/4 -5,6 IS STM Kr 3.099,EF- M 55-200 mm f/4,5-6,3 IS STM Kr 2.799,-

Sjå våre Canon objektivcashback-tilbod på www.alfhelgheim.no ved kjøp av Canon EOS 7D Mark II kamera

Cashback Kr 300,Kr 400,Kr 300,-

EOS 7D Mark II hus

15299,-

Canon Wacom-kampanje Kjøp eit Canon EOS 5D Mark III eller eit Canon EOS 6D og få med Wacom PRO Medium nettbrett + Adobe Creative Cloud Photography Plan*, verdi kr 4.095,EOS 5D MARK III Hus Kr 24.799,m/EF 24-105 4,0 L IS USM Kr 32.799,EOS 6D Hus Kr 13.999,Wacom Intuos m/m/EF 25-105mm f.4.0 L IS USM Kr 21.999,Pro Medium Kjøp eit Canon EOS 7D Mark II eller eit Canon EOS 70D og få med Wacom PRO Small nettbrett + Adobe Creative Cloud Photography Plan*, verdi kr 3.025,EOS 7D MARK III Hus Kr 15.299,EOS 70D Hus Kr 7.999,m/EF 18-135mm f/3,4-5,6 IS STM Kr 11.399,*) ved registrering på www.canon.no/kampanjer

Cameraringenbutikken i Sogn og Fjordane

www.alfhelgheim.no • post@alfhelgheim.no • T 577 28311 • Skei sentrum, 6843 Skei i Jølster • opningstider; mån-fre 09-17, lør 09-15

41  | papiravisa 0315

Canon EOS 5D Mark III og Canon objektiv-cashback

CANON OBJEKTIV Pris før cashback EF 40mm f/2,8 STM Kr 1.699,EF-S 10-18mm f/4,5-5,6 IS STM – inkl. Canon solblendar og linseklut Kr 2.499,EF-S 18-135mm f/3,5-5,6 IS STM – inkl. Canon solblendar og linseklut Kr 3.999,EF-S 55-250mm f/4-5,6 IS STM – inkl. Canon solblendar og linseklut Kr 2.299,-

Atterhald om prisendringar og utselde varer.

kr


Om du ikkje har vore der, så sett det på lista over ting du skal gjere før du forlet denne verda. Og gjer det medan øyene framleis ligg over havoverflata. Reis til Maldivene. Det er eit Paradis. Teks t OG FOTO: Tore Fossen

42 | papiravisa 0315


43  | papiravisa 0315


1

4

2

5

3

6

44 | papiravisa 0315

Livet i Paradis var – i følgje bibelen – fantastisk og utan andre restriksjonar enn at det ikkje var lov å ete frukt frå eit spesielt tre, nemleg kunnskapens tre. No såg vi ikkje dette treet på øya Vilu Reef, øya som var destinasjon for vår tur. Altså var vi kanskje ikkje i Paradis, men i alle fall var vi på ein god kopi. Når hauststormane kjem veltande inn over vestlandskysten, og himmelens sluser opnar seg og gjer seg klare for å gje oss nedbørs- og flaumrekordar, er det godt å kunne setje seg på eit fly og vite at eit knapt døger seinare skal ein kunne vandre berrføtt rundt på ei strand av kvit sand, leske seg med kaldt øl og nyte 30 grader.

teratur med støytande innhald med oss, kunne vi gjere oss klare til å gå om bord i sjøflyet som skulle ta oss siste etappen fram til Vilu Reef.

SEIG FLYTUR

RETRO 1

Skal ein kunne nyte må ein yte, seiest det. Ordet nyte burde vore bytt ut med lide. Sjølv om det finst mykje vondt i verda, er det fort gjort å synest synd på seg sjølv etter å ta tilbrakt 3 timar og 45 minutt i eit trongt flysete frå Oslo til Istanbul, og vidare 7 timar og 45 minutt til Male, som er hovudstaden på Maldivene. Knea verkte, ryggen verkte, hovudet verkte. Ja nær sagt alt som kunne verke, det verkte i det vi kunne sette beina på muslimsk jord. Etter ein kjapp sjekk av bagasjen, der det vart konstatert at vi ikkje hadde alkohol eller lit-

Og når sant skal seiast så er det godt å sitte ”ute i det fri” og få gjort unna naudsynte gjeremål.

Eg trudde eg aldri nokon sinne skulle få oppleve å fly ein Twin Otter igjen. Så inderleg feil har eg tatt. Veldig mange av sjøflya som vert brukt til å frakte folk til dei ulike øyene er av typen som frakta folk til og frå kortbaneflyplassane i Norge frå midten av 60-talet og fram til år 2000. Rett nok var hjula bytt ut med flottørar. Av praktiske grunnar, må vite. Inni flyet var det like trongt som eg hugsar Widerøe sine fly, og ein føler ein får nærkontakt med både passasjerar og flygarar. Flytypen er av verdast mest sikre, og såleis er

det ingen grunn til å føle seg utrygg. Og når pilotane er solbrune, har Ray Ban pilotbriller og flyr berrføtt er det ingen grunn til å engste seg. Frå kabinen ser vi blått hav og små øyer og rev. Om havet var ryggen av jordkloden, ser dei mange reva ut som om stakkars kloden vår er tungt plaga av ringorm. Når flyet går ned og nærmar seg havoverflata, ser vi fort at det ikkje skal bli så ille å tilbringe nokre dagar på ein av desse ”ringormane”. Vi blir sett av på ein lite flåte ute på sjøen, og ein liten båt kjem og hentar oss inn til øya som skal vere vår heim dei neste ni dagane.

RETRO 2

Det herskar ei avslappa stemning på den vesle øya. Vi blir tekne imot med ein eller annan kokosdrink og blir vist til ein beach villa. Mellom kokospalmar ligg dei ned mot stranda, og kvar villa har sitt eige strandområde. Villaen er rund, og når vi finn fram døra som fører til toalettet, får vi nok ei retro-oppleving: Utedo! Visst pokker har hytta utedo. Ikkje av det slaget som bestemor mi hadde på låven på Helgheim, men eit vassklosett ute. Godt avskjerma (i alle fall mot innsyn) mot naboen stod både toalett og dusj og dobbel vask. Alt er sjølvsagt under tak, men likevel ope. Og når sant skal seiast så


7

MAT OG DRIKKE

Vi hadde all inclusive. Ganske enkelt fordi det berre var eitt hotell på øya. Maten var fantastisk! Frå rikhaldige buffear både til frukost, lunsj og middag, med stor variasjon kvar einaste dag, skulle det godt gjerast å ikkje ete litt for mykje kvar gong ein gjekk til bords. Likevel måtte vi ta a la carte eit par gonger, for å bli servert hummar og store biffar. Maldivene er muslimsk, og alkohol får du til dømes ikkje i hovudstaden Male. Men på hotellanlegga serverer dei deg alt du vil ha. Og det er ikkje til å legge skjul på at det går nokre liter øl gjennom strupen når temperaturen ligg på jamt 30 grader – dag som natt.

KJEDELEG?

Eg har eit par særs rastlause kompisar (mellom anna ein bilvaskar). Fleire av dei har spurt om ikkje det er kjedelig å feriere på ein sånn plass. Svaret er nei. Det kan sjølvsagt ikkje samanlik-

nast med Ayia Napa eller New York, men kjedelig er det ikkje. I alle fall ikkje om ein likar å ligge på ei strand og lese, ta seg ei treningsøkt på trimrommet, ta på seg symjeføter og dykkarmaske, ta eit par timar spa, kose seg på terrassen i boblebadet. Vi snakkar rekonvalesens her. Ein ferie for å lade batteria – og innbille seg at ein er skikkeleg opplagt når ein kjem heim. Sjølvsagt er det moglegheiter til å ta dykkarkurs, spele tennis, kite, dra på fisketurar og slikt, men ikkje ein gong slo tanken oss at vi skulle vere spesielt aktive. Det kan ein vere elles i året.

KLART VATN

Vatnet er spesielt. Å snorkle rundt og sjå på dei fargerike fiskane er ei oppleving. Det same er å klinke kneet ned i ein av dei sylskarpe korallane også. Men nokre minne skal jo vare lengre enn andre. Fiskane ser ut som dei er motivlakkerte. I alle regnbogens fargar sym dei rett framom maska. Ein føler seg som om ein har ramla ut i eit stort akvarium. Kva alle desse fascinerande fiskane heiter har eg ikkje peiling på, men det var neppe blålange.

EI OPPLEVING

Som nemnt innleiingsvis er eit opphald på Maldi-

vene – eller tilsvarande destinasjon – ein ting en bør ha på lista over kva ein skal gjere ein gong i livet. Servicenivået er fantastisk, utan at ein føler det påtrengande. Maten er like suveren som servicen. Når temperaturen ligg på behagelege 28 til 32 grader, er det berre å smøre inn kroppen PAPIRAVISA med høg solfaktor og nyte livet. PAPIRAVISA ©

©

1. M ed temperaturar jamt på 28 til 32 grader, heile døgeret, er det viktig at ein passar på væskebalansen. 2. Male – hovudstaden på Maldivene, sett frå lufta. Ein kan forstå at folk der er litt redde for at havnivået skal stige. 3. Tilgangen til fersk sjømat er det ingen ting å seie på. 4. Bananer i lange baner. Det er ikkje vanskeleg å finne fersk frukt på torget i Male. 5. Lille rosin – med flottørar. Kjekt gjensyn med ein Twin Otter. 6. Utedo – men likevel inne. Bad med open vegg ut mot naturen høver her, men kanskje litt upraktisk i Norge. 7. Ein ettermiddagsdukkert i bassenget ved baren blir aldri feil. Ikkje utsikta heller.

45  | papiravisa 0315

er det godt å sitte ”ute i det fri” og få gjort unna naudsynte gjeremål. Fire dagar i beach villa vart avløyst av fem dagar i water villa – leilegheiter på pålar ute i havet. Frå terrassen kunne vi nyte soloppgang med ein kaffikopp i handa og sjå fiskarane komme inn med morgonens fangst.


1-årsJub Igloo V400 camp 4 personer Telt for 4 pers. Vanntett. Tapede sømmer. 4,2 kg. God Høyde.

500,Alto High GTX

Dame/herre. Gore-Tex fjellsko. Stabil og sterk. Pris: oslosportslager.no 1999,-

Arbiro fleecegenser Dame/herre. Finnes i flere farger.

25,MTR 141 GTX

Dame/herre. Gore-Tex terrengsko for løp og turer i fjellet. Pris fjellsport.no kr 1499,-

1000,Du finner oss i handelshuseti Førde

700,-


bileum Overtrekksdress Dame/herre.

Seven løpetights Dame.

Pris: twentyfoursport.no 499,-

300,Overtrekksdress

Dame/herre. Topp løpesko med Boost™ demping i hæl.

425,-

100,Street Runner Pro Dame/herre løpesko. God demping.

200,-


48 | papiravisa 0315 Mariann Gaard, saman med Matheo og Emilian. Med ein familie som tel seks er livet meir hektisk for Mariann enn dü ho byrja som couchsurfevert, men dei tek gjerne mot sofasurfarar i Naustdal likevel.


Sofasurfing Du reiser ut for å oppleve verda og endar på hotell. Men det finst alternativ:

Overnatt hos lokale folk der du skal. Vi snakkar om couchsurfing, eller sofasurfing om du vil! Tekst og foto: Roy Sunde

EIN SOSIAL MÅTE Å REISE PÅ

– Via profilen får folk vite litt om deg. I førespurnadar seier du kva du ønskjer. Til dømes: Skal du frå Bergen til Ålesund og vil ha eit stogg på vegen, kontaktar du ein vert i Førde, og spør om dei kan huse deg. Dei fleste reisande er unge, frå utlandet, som gjer det fordi Norge er eit dyrt land. Nordmenn ønskjer nok å vere meir sjølvstendig. Vi er litt slik at om vi skal ein stad og får tilbod om å overnatte hos kjenningar, vil ein ikkje vere på bry og tek heller inn på hotell. Som gjest må ein by på seg sjølv. Det er sosialt å reise slik, på ein god måte, ein får andre opplevingar enn ved å bu på hotell, og blir betre kjent med

staden: Ein ser meir og blir kjent med andre folk. Hyggelege møte mellom menneske, frå ulike land og kulturar, er motivasjonen min. Ein får innsikt i deira liv og levesett. Eg har hatt gjester frå Romania, Tyskland, Spania, Italia og Polen, og har møtt folk til ein kopp kaffi via couchsurfing i ulike byar eg har budd i, som har blitt gode vener. Det er verdifullt. Eg venta ikkje livslange venner på førehand. Å møte menneske er det morosame med å drive med couchsurfing. Ein gjer det for å vere sosial. Likar du ikkje det, gjer ein ikkje dette, smiler ho.

HØFLEG OG SOSIAL – Korleis fungerer dette i praksis? Må ein betale noko, og kva ventar gjestane? – Verken gjest eller vert har store forventingar. Ein spør om å få overnatte, og ventar ikkje meir. Folk er ikkje kravstore. Har ein eit ledig rom får dei det, men dei tek til takke med sofa, eller liggeunderlag. Dei veit på førehand kva ein tilbyr og har høve til å stille opp på. Det avklarar ein på førehand. Ein bestemmer sjølv, i lag med gjesten, kva ein gjer: til dømes guiding, fjelltur, eller lage mat – alt etter lengde på opphald og interesser. For det meste handlar det om å bli kjent med kvarandre, seier ho og deler sine forventingar som vert. – At gjesten er høfleg, viser interesse, er open og deler av seg sjølv. Du vitjar nokon du ikkje kjenner, som opnar heimen for deg, for å vere hyggeleg. Dei forventar ikkje mat, men eg tenker at ein gjest er ein gjest, og plar i det minste å lage frukost. Ofte tilbyr gjestane seg å lage middag, gjerne frå heimlandet, andre gonger lagar verten middag. Eg hadde ein kar her på 18 år, på si første couchsurfing. Då får ein ekstra omsorg, smiler ho, men ein treng ikkje alltid lage ”festbord”. Det er meir: Velkommen inn i mitt liv. I dag har eg tomatsuppe, då får du det også. Ein tilbyr ein hyggeleg stad å bu, det er utgangspunktet.

VANLEGE, ÅLREITE FOLK – Kven er ein typisk coachsurfar? – Fordommen er at ein må vere ”alternativ” for å sleppe ukjente folk inn i heimen. Dei fleste er vanlege og veldig ålreite folk mellom 20-30 år, i mi erfaring, som er glade i å reise og møte folk, og oppleve lokal kultur. Dei reiser lenge i slengen, og prøver å gjere det billig, for å få opplevinga til å vare lenge. Couchsurfarar opplever stader ”innafrå”. Kanskje tek verten deg med på fest, lar deg møte vennene deira eller tipsar om gode turstadar. Du opplever ting ein elles ikkje ville fått, tek del i lokale ”løyndommar”, og ting som ikkje står i turistboka. – Har du couchsurfa sjølv ute i verda? – Nyleg i Colombia, hos ein fantastisk familie, som tok veldig vare på oss: laga lunsj, viste oss dei beste strendene, tok oss på fest og let oss ”låne” vennane deira. Dei var veldig gjestfrie, vi vart behandla som familie og gamle vener. Planen var å vere der to dagar, det enda med seks, smiler ho. – Og eg sat att med ei kjensle av at slik har eg lyst å vere mot andre. Det var ei veldig fin oppleving. Eg snakkar veldig positivt om couchsurfing til folk, reiser gjerne igjen, og anbefaler fleire å prøve det, som gjest eller vert. Ikkje ver redd for det ukjente, tenk på dei gode opplevingane og fine folka som ventar. Det er definitivt verdt det!

FAMILIESOFASURFARAR

I 2008 byrja Mariann Gaard som sofasurfevert heime i Haugesund. Ho var ung, og hadde berre seg sjølv å passe på. No bur ho i Naustdal, er mor til to og stemor til to til. Men sjølv om ein er blitt til seks, tek ho framleis i mot couchsurfarar når det høver. – Livssituasjonen er travlare no, smiler ho og ønskjer velkommen inn, i lag med Emilian på fire år og Matheo på to. – Det var litt enklare før. Eg rekk ikkje å vere med gjestane på så mykje. Før var eg med dei

49  | papiravisa 0215

Couchsurfing.com har ti millionar medlemer på 200.000 stadar, som kan bu gratis i alle land. Eit søk i Sunnfjord gjev 127 vertar. Ei av dei er Ingebjørg Nomeland frå Valle i Setesdal, som no bur i Førde og jobbar for Førdefestivalen. Ho møtte fenomenet då ho flytta til Kristiansund i 2011. – Eg vart kjent med tre personar, som igjen hadde blitt kjent gjennom couchsurfing. Dei både reiste og tok inn gjestar. Dette handlar ikkje berre om overnatting. Ein brukar det og til å bli kjent med folk, til dømes når ein flyttar til ein ny stad. Som vert har eg så langt hatt ti gjestar, og har møtt ytterleg fem personar til kaffi, seier ho, som oppretta profilen sin i 2012. – Er det ikkje skummelt å ta inn folk du ikkje kjenner? – Eg har ikkje dårlege erfaringar. Referansesystemet til couchsurfing er godt. Ein tek ikkje i mot folk ein ikkje er trygg på, og ser folk ann. Er dette greitt eller ikkje? Er eg komfortabel med å la deg vere åleine i heimen min? Ein vel sjølv kven ein seier ja til. Eg takkar i blant nei, oftast av praktiske årsaker. Jobben min gjer det umogleg å ta i mot gjester frå juni til etter Førdefestivalen, og det er også den tida med mest førespurnadar her.


med rundt om kring. No forklarer eg kvar ting er, og sender dei på tokt, seier ho og fortel at couchsurfing ikkje er like utbreitt i Naustdal som i Haugesund. – Folk her er litt meir tilbakehaldne og couchsurfing ikkje like kjent. Det kjem færre coachsurfarar hit, fordi det er få vertar, og langt til næraste flyplass med billige flyreiser. Dei fleste kjem i bil, på gjennomreise via naturattraksjonar som Geiranger. Naturen er trekkplasteret. Dei fleste som kjem er på veg til eller frå eit fjell, på veg til neste. Spørsmålet eg får oftast er: Kvar får eg best utsikta over fjord og fjell, og kva er ruta opp dit? – Har du couchsurfa mykje sjølv ute i verda? – Eg reiste mykje, men har ikkje surfa sjølv. Men coachsurfarane arrangerer treff og hendingar overalt. Eg brukte det til å møte folk og oppleve ting. Eg tenkte eg skulle prøve å overnatte slik sjølv, men rakk det ikkje før ”eg” vart til ”vi”. Det er ikkje så mange som har høve til å ta i mot ein familie på seks, smiler ho, men det går fint for oss å ta inn gjestar. Dei som kjem er klar over at vi er ein stor familie og dei fleste forstår at dei ikkje er på hotell, men på besøk, smiler ho. – Det kjem folk i alle aldrar, men eg merkar at no er det meir familiar og eldre folk som tek kontakt, i høve før eg sjølv fekk familie. Vi har berre positive erfaringar. Dei som kjem er høflege og hjelpsame folk, som er interessert i å møte andre menneske og høyre korleis det er i miljøet der dei kjem. Vi har vore vertar tre gonger i Naustdal, for hyggelege folk. Spesielt dei siste som kom, to vennepar frå Iran og Frankrike, var utruleg kjekke. Vi har og hatt ein flott familie frå Latvia, og ein far og ei dotter frå USA. Dei hadde slekt oppe i dalen og dreiv ”slektsgransking”, smiler ho.

Siri-Ann Roska har blanda erfaringar, men likar godt couchsurfing. Foto: Privat.

Ingebjørg Nomeland har berre positive erfaringar med couchsurfing. Foto: Thor-Aage Lillestøl.

EIN GOD, OG EIN IKKJE FULLT SÅ GOD 50 | papiravisa 0315

Journaliststudent Siri-Ann Roska frå Førde har couchsurfa to gonger. Det har gitt ho blanda erfaringar, men eit positivt syn på reiseforma. – Første gong på ei reise med ei venninne. Vi uroa oss over kor mykje pengar vi hadde brukt på fire månadar i Australia, og hadde høyrt mykje positivt om dette. Sidan det var jul, tenkte vi det ville vere gøy å feire jul på australsk vis, i staden for på hostel. Vi la ut søknad om plass å sove i Surfers Paradise, og fekk 90 svar. Berre eitt var frå ei dame. Vi reiste uplanlagt, byrja lese svar på bussen og var ikkje kritiske grunna dårleg tid. Vi enda i det skitnast gutekollektivet ein kan tenke seg. Etter to netter var vi tilbake i hostellivet og feira jul, ler ho. – Andre gongen var i Ålesund. Vi skulle dit i samband med eit intervju. Som studentar var vi ikkje gira på å legge oss inn på hotell. Vi vart tekne godt i mot, og det var moro sjølv om det ikkje var på andre sida av kloden. På reise i India brukte vi couchsurfing til å finne kjelder i arbeidet, og vennar, utan å overnatte, seier ho og fortel at det har gjeve meirsmak. – Eg kjem til å couchsurfe igjen. Det er billeg, sosialt, veldig personleg i høve hotell og den beste måten å oppleve kultur på. Men då skal eg lese svar og omtalar, så vi ikkje endar i eit grisehus, smiler ho og fortel at ho ikkje har vore vertskap. – Eg bur i kollektiv i Volda, og heime hos mor og far i Førde. Men i framtida vil eg "return the favor" og ta mot gjestar. Gjer mot andre det du vil PAPIRAVISA at andre skal gjere med deg, tenker eg. PAPIRAVISA

©

©

Eg kjem til å couchsurfe igjen. Det er billeg, sosialt, veldig personleg i høve hotell og den beste måten å oppleve kultur på. Siri-Ann Roska, Journaliststudent

FAKTA • Couchsurfing byrja då ein av grunnleggarane sende epost til 1500 studentar på Island, for å høyre om dei ville dele ein gratis sofasoveplass. Han fekk 50 positive svar. Ideen er at over alt i verda er det folk som er villig til å dele heimen med framande. Eller som dei seier: venner du enno ikkje har møtt. Couchsurfing.comstarta i 2004. Couchsurfing er ein praksis der ein gjerne søv på sofaen til ein vert eit par netter, før ein reiser vidare. Det er gratis å registrerer seg, og ein bør laste opp bilete av seg sjølv og overnattingsstaden ein tilbyr. Jo meir informasjon eit medlem deler, jo større er sjansen til å få gjestar. Lengde på opphald, fasilitetar og slikt blir normalt utarbeidd i forkant mellom vert og gjest. •N år ein lånar vekk sofa eller seng tek ein seg ikkje betalt. Unntaket er kompensasjon for utgifter ein blir einige om på førehand, som om til dømes aktivitetar og mat. Medlemer organiserer også ulike aktivitetar. Vertane og surfarane har høve til å legge igjen personlege referansar og kommentere sine erfaringar etter kvart opphald.


Fredag vert det tradisjonelt Sildebord med nye rettar, masse folk og musikk i gata, Sildedans og gratiskonsertar. Laurdag er det Laksen Dag med masse aktivitetar på Torget og i gata leia av Pål Anders Ullevålseter; gratis musikk med mellom andre Violet Road, show ved VåtMoro, aktivitetar for born og unge, marknad og tivoli. Både fredag og laurdag lagar Florø Rockeklubb fest for dei vaksne med mellom andre Tupelo, Violet Road og Traditional Allstars. Kinnaspelet har to framsyningar både laurdag og FLORØ 20.–22. JUNIteateret 2014ved havet. søndag. Nytt høvet til å oppleve Kos deg på båtturen ut og sjå deg omkring på øya.

KINNASPELE T

Florø trakkar til med årets storhelg!

VIOLET RO AD

FLORØ 19.–21. JUNI

SILDEBORD – KINNASPEL – LAKSENS DAG – MUSIKKFEST

SILDEBO Torsdag20. 20.juni juni Fredag Lokale heltar på Haavebua

Sildebord, Irsk musikk, dans og kultur

E LAKS NS DAG

21:00 Lokal kveld på Haavebua med Punch, Cage of Torment, 18:30 The Opning av det 23de Morgan Rae Experience, Sildebordet v/statsekretær Discombobulate og for fiskeriministeren, Vikingblod

Amund Ringdal 18:45 Irsk21. musikk Fredag juniv/Tupelo 19:30 Kåring Årets Sildekonge Sildebord, dansavog kultur v/ordfører Begt SolheimOlsen av det 22de 18:30 Opning 19:45 Sildebordet Konsert medved Florø storband regiondirek21:00 tør Sildedans i Flora Vidar Ulriksen Samfunnshus Romklang. 18:40 Florø Storbandmed spelar frå 21:30 scena Irsk kveld på Haavebua med The Young FolkSildekonge og Tupelo v/ 19:10 Kåring av Årets

I år har vi masse aktivitetar for dei yngste

AG D S N SILDEBORDET - KINNASPELET – LAKSE ordførar Bengt Solheim-Olsen

19:15 Utdeling av Ingrid og Bjarne Laurdag 21. juni

Sundes pris Kinnaspel og Laksens Dag 19:20 Alice Hugøy frå scena Laksenæringa byr innsyng til Laksens Dag 19:35 Florø Storband overtar

VÅRE SAMARBEIDSPARTAR:

Ta tida tilbake – nyt dagen i FLORØ!

Barnas Kjøkken med Kokkenes Mesterlaug. Lær å filetere, grille og å røyke laks. Tacosild. VåtMoro – show: Prøv vannscooter, SUP, 20:00 Avduking av 15:00 Utdeling av prisen Årets og flyboard. Gratis 15:15 inngang Konsert på Kinn med servering avhooverboard ulike rettar, bodar og «Sildestimstatuen» ogFamilietur opning laurdag (Barnas Gladlaks By-akvariet. Turlag) 16:30 Kinnaspelet stands i byen. Masse overraskingar i av den «blå promenade» 15:00 Konsert på Kinn og aktivitetar forårborn familie18:00Eigne Kveldsbøn på Kinn Strandgata. Kinnaspelet feirar 30 og søndag. ved Horne Brygge 16:30 Kinnaspelet billettar. ønskjer velkommen til «Songen ved det 21:30 Irsk og reggae på Haavebua 21:00 Sildedans med «Reksten 18:00 Kveldsbøn på Kinn med Tupelo, The Young Folks store djup» på magiske Kinn. band» i Flora sam¬funnshus. 21:00 Norsk kveld på Haavebua og The Legends Live 21:00 Irsk kveld på Haavebua med med Rita Eriksen m/band, 0900 Første båt til Kinn The High Kings og Tupelo Kråkesølv og Fagernes Yacht 12:00 Opning av Laksens Dag. SøndagClub 22. juni Kokkelauget serverer smaks«Songen ved det store djup» Laurdag 22. juni prøver av lakserettar Kinnaspel og Laksens Dag og påSøndag magiske 23. Kinnjuni grillar for born. «Songen ved det store djup» Laksenæringa byr inn til Laksens Dag 12:15 Opning av på magiske med servering av rensefisk-utstilling ulike rettar, bodar 09:00 FørsteKinn båt til Kinn og open dag på ByAkvariet og stands i byen. Masse overraskin11:00 Gudsteneste på Kinn. 13:00 Historisk vandring på Kinn 09:00 Historisk Første båt til Kinn på Kinn gar i Strandgata. Kinnaspelet ønskjer 13:00 vandring 13:00 Konsert frå utescena med 11:00 Kinnaspelet Gudsteneste på Kinn. velkommmen til «Songen ved det 13:00 The Young Folk Kinn. 13:00 Omvising Båt frå Florø til Kinn, store djup» på magiske 14:30 i kyrkja på ViKinn gir deg Laksens Dag 13:00 Kinnaspelet familietur 15:15 Konsert på Kinn 13:30 Utdeling av prisen 13:00 Kinnaspelet Historisk vandring på Kinn 09:00 Første båt til Kinn 16:30 Årets Gladlaks 13:00 Kveldsbøn Kinnaspelet 13:00 Historisk vandring på Kinn 18:00 på Kinn 14:00 onsert utescene med 14:30 Omvisning i kyrkja på Kinn 13:00 Båt frå Florø til Kinn, The Legends Live. 15:00 Damekoret «Fryd» familietur 14:30 Omvising i kyrkja på Kinn held konsert på Kinn 13:00 Kinnaspelet, opning Med støtte frå Hyen Settefisk AS, Sande Settefisk AS, 16:30 KinnaspeletNordfjord Laks AS, Biomar AS, Bravo Seafood AS, v/Gro Ann Uthaug 18:00 KveldsbønCoast på Kinn 14:30 Omvisning i kyrkja på Kinn Seafood AS, E. Karstensen Fiskeoppdrett AS,

Førde Sogndal Stryn Florø Måløy

-

KFEST K I S U –M

24 03 18 00 57 67 57 00 57 87 26 00 57 74 22 40 57 84 80 08

Flora Kommune

Erko Seafood AS, EWOS AS, Firda Seafood AS, Flokenes Fiskefarm AS, Landøy Fiskeoppdrett AS, Marine Harvest Norway AS, Marø Havbruk, Steinsvik AS, Osland Havbruk AS, Produs Aqua AS, Rostein AS, Sandnes Fiskeoppdrett AS, Seaborn AS Selstad AS, Slakteriet AS, Steinvik Fiskefarm AS, Sulefisk AS, Svanøy Havbruk AS, Sekkingstad AS, Norsk Stål AS, Fishguard AS Norsk Europharma teaterråd. Sandnes Fiskeoppdrett AS Flokenes Fiskefarm AS Byggeriet Weber Natvik Prenteverk SAR

Byggeriet Natvik Prenteverk SAR Barlindbotn Settefisk AS E.Karstensen Fiskeoppdrett AS

Erko Seafood AS Flokenes Fiskefarm AS K.Strømmen Lakseoppdrett AS. Landøy Fiskeoppdrett AS Sandnes Fiskeoppdrett AS

Selstad AS Sulefisk AS Norwegian Marine AS Biomar AS

51  | papiravisa 0315

NYT T

T

RD

E

Fullstendig program og billettar: www.kinnaspelet.no facebook/laksensdag, facebook/florørockeklubb


Topplaust i som No har eg blitt så fin på det at når bilar skal testast, så gjer eg det i utlandet. Nærare bestemt Spania. Der går det jo an å få prøvd bilane i meir enn 80 km/t. Dessutan slepp ein å bruke viskarane så ofte. Ja, av og til må ein, men då i kombinasjon med spylarvæske for å få vekk støvet på frontruta. Jau då. Fossen er blitt høg på seg sjølv no, tenkjer du. Og kanskje er eg det. Eg blir i alle fall særs nøgd når eg i løpet av 20 sekund har fått gjort om ein coupe til kabriolet. Ståltaket har lagt seg godt til rette under bagasjeloket. Ray Ban-brillene ligg godt over naserota, navigasjonen er stilt inn på Alicante, San Juan Beach, Kiss FM slyngjer ut Creedence Clearwater Revival sin ”Down on the corner” frå albumet ”Willy and the Poor Boys”. Under speedometeret kan eg lese av 24,5 grader celsius. På himmelen, som er blå, kan eg sjå nokre

kvite bomullsdottar. Smurt inn med solfaktor 30 er eg klar for biltur. Å køyre bil utan tak gjer noko med deg. Eg let BMW’en, ein 420d med 184 hk, få lange ut på motorveg A-70. Vinden ruskar i det som framleis står att av den grå manken min. 120 km/t er lovleg fart her syner infoen i frontruta via head up-displayet. Nett det bryr eg meg lite om. I venstre fil susar eg forbi Seat’ar, Golf’ar og varebilar med lasteplan fulle av melonar. Bilen er ein fryd å køyre. Men det er alltid eit men. I fart over 120 km/t og seks-sju sekundmeter vind blir det ikkje lett å høyre kva passasjeren har å melde. Det blir for mykje støy, spesielt dersom siderutene er nede. Og det er akkurat det som er greia med ein kabriolet. Ein skal ikkje køyre fort. Ein skal berre køyre – og nyte. Derfor er motorveg ubrukeleg med taket nede. Skulle det derimot regne kan ein berre dra på det ein vil.

Derfor svingar vi av A-70 og legg oss inn på N-332, for her varierer fartsgrensene stort sett mellom 60 og 90, perfekt fart for topplauskøyring. Då får ein verkeleg nyte omgjevnadene rundt seg. I dette tilfellet frodige enger, sjø med kvite toppar, ei sol som visstnok skal vere den same som i Norge, men som gjev frå seg ein heilt annan temperatur enn kva vi har vore vane med den siste tida, eit bysentrum med varm asfalt og lukter og lydar, og til slutt ein vakker strandpromenade der vi parkerer BMW’en. Og finn ut at fotoapparatet ligg att i leilegheita… Vel, men då får ein nyte godvêret nokre timar på den vakre San Juan Beach. Ikkje ille det heller. Men kva då med kabriolet i Norge? Går det an å nyte? Ja visst! Vi vert jo av og til premiert med litt sol og varme her i landet også. Natur har vi plenty av, og fartsgrensene våre er som skapt for køyring med taket av. Kan nemne i fleng; Sognefjellsvegen, Gaularfjellet, Aurlandsvegen – og

52 | papiravisa 0315


mmar? ikkje minst Atlanterhavsvegen. Men det finst mange andre flott vegar å nyte. Det viktigaste er ikkje kvar ein køyrer, men at ein køyrer. Stoppe for å kjøpe seg is, fotografere litt, vere turist for ein dag eller to eller eit par veker. Sjølv om fleire av kabriolet-modellar som vert tilbydd i dag har plass til fire, er det absolutt best å berre vere to. Baksetet er ingen stad å opphalde seg over lengre distansar. Det bles og blir fort kaldt, og så tek dei som sit der opp bagasjeplass. For den er nemleg særs avgrensa når taket skal pakkast ned. Ein koffert eller to bagar, ja. Men resten av det du vil ha med deg må plasserast i baksetet. Slik er det også på BMW 420. Skal ein på langtur må ein tenke litt praktisk før ein dreg. Likevel er det alltid plass til eit kredittkort på lomma, og det er det viktigaste å ha med på lengre turar, i tillegg til førarkortet. Og dersom du ikkje let deg rive fullstendig med, har du begge deler i ditt eige etter at du er komen heim også.

Norge er ikkje akkurat det landet som skulle tilseie at kabriolet er ”tingen”. Spesielt ikkje i år, når det i skrivande stund ser ut som vi framleis ventar på våren. Men likevel…

Tekst og foto: Tore Fossen

Kva med vinteren då? Du, det skal du ikkje vere særleg redd for. Ein kabriolet er godt isolert, og toler både regn og snø. Sjølv om det kanskje ikkje er heilt rette comboen med cab og diesel, så har du i alle fall høve til å bruke dieselvarmaren, som gjer at du kan setje deg i ein varm og isfri bil også i januar, rett nok med fare for litt dogg på rutene. Min konklusjon når det gjeld å køyre topplaust er at ein blir ein langt tryggare og meir kultivert sjåfør. Ein føler ikkje stresset av å bli liggande bak ein bubil eller eit vogntog. Ein får brått så mykje betre tid. Og ein kan sjå og nyte omgjevnadane på ein heilt annan måte. Aggresjon vert skifta ut med smil – mil etter mil.

BMW-forhandlar her i fylket er Biltreff i Førde. NB1! Eg er ikkje blitt så høg på meg sjølv at eg MÅ til Spania for å teste bil. Denne teksten er eit resultat av tankar eg fekk lyst å formidle etter at eg leigde BMW’en hos Sixt på flyplassen i Alicante. Eg har betalt både reise, opphald, leigebil og solkrem med mitt eige kredittkort. Berre så du er klar over det. NB2! Skulle du ikkje bry deg med å KØYRE topplaust, kan eg melde at det ser ut som det å SOLE seg topplaust erPAPIRAVISA ”in” igjen. Spesielt for damer i alderen 55+… PAPIRAVISA ©

©

Ser du deg villig til å legge ein god bunke tusenlappar på bordet, rundt 500 i talet, ja då kan du koste på deg breie smil denne sommaren, for det er det du må ut med for å kunne cruise rundt med ein 420d kabriolet.

53  | papiravisa 0315


Nyt sommaren i det v

kr 23 900,-

Frå kr 31 950,-

PIONER 13

PIONER 14 ACTIVE

Et bekymringslaust båtliv

Folkebåten som kombinerer tradisjon og tryggheit med moderne design. Pioner 14 Active er ein av våre nyaste modellar. Den kombinerer klassiske linjer og god køyrekomfort med moderne detaljar og lekker finish. Ta kontakt for meir informasjon.

Pioner 13 gjer det enkelt å eige båt. Den er stabil og lettkøyrt. Gode sjøeigenskapar vert verdsett av både ferske båteigarar og erfarne båtfolk. Båten eignar seg til mindre 4-taktarar og som robåt. Ta kontakt for meir informasjon.

54 | papiravisa 0315

Frå kr 87 500,-

Frå kr 33 500,-

PIONER MULTI

PIONER 15

Det handlar om å meistre utfordringar til sjøs. Det ligg i namnet. Pioner Multi er designa så smart at bruksområdet strekkjer seg frå beredskapsbåt (politi, brann og redning) til fiskebåt, frå dykkerbåt til landstedsbåt. Ta kontakt for meir informasjon.

Den gode opplevinga av solid konstruksjon og velprøvd design. Pioner 15 er ein av landets mest selde landstedsbåtar. Det er ikkje overraskande når vi tek i betraktning båten sitt store bruksområde. Ta kontakt for meir informasjon.

Vi har Kawasaki vasskuter på lager! Rask levering.


våte element

Båtar på lager, rask levering!

Frå kr 96 900,-

Frå kr 89 900,-

m/ Suzuki DF25ARL

m/ Suzuki DF25ARL

HR 440 SC

HR 460FISHING

HR 440 gjev deg mykje båt for pengane. Vi tilbyr ein svenskprodusert båt med høg kvalitet. HR 440 er allsidig, og den fungerer like bra til fiske og utflukter, som til vassport. Ta kontakt for meir informasjon.

Båten med mange funksjonar. Med HR 460fishing har vi nesten overgått oss sjølv med å bygge ein båt der ein får endå meir båt for pengane. Ein båt med lettdrive skrog og enkle, robuste løysingar. Pris er inkludert Suzuki DF25ARL. Ta kontakt for meir informasjon.

55  | papiravisa 0315

Frå kr 149 900,-

Frå kr 340 900,-

m/Suzuki DF50ATL

m/Suzuki DF100ATL

HR 480 SC

Beneteau Antares 680

Skjønnheit og styrke. Ein godt bygd og rimeleg båt. Lettdriven og tar seg kjapt opp i plan, takka vere den geniale skrogforma. Båten oppfører seg roleg og stabil i all slags vér. Vi tilrår motor med lang stamme i effektområdet 50 til 80 hk. Pris inkludert Suzuki DF25ARL. Ta kontakt for meir informasjon.

Romsleg og moderne. Ein romsleg båt med stor plass i kabinen og uteplass. Anares 6.80 er innreia med stor dobbelseng i baugen, samt sitjegruppe som kan gjerast om til seng ved sidan av styreposisjonen. Ta kontakt for meir informasjon.

FØRDE MOTORSPORT

Øyrane 4 // Tlf. 41 53 42 45 // www.fordemotorsport.no

Følg oss på FACEBOOK

MC // MOPED // ATV // BÅT // BÅTMOTOR // AUTORISERT VERKSTAD


Rein Design

DRIVSTOFF - SMØREMIDDEL BRENSEL - KJEMIPRODUKTER Ta kontakt for eit tilbod og avtale om utkøyring

Nyhet i juni – 120 m lang Sklien blir 120 m lang og har lyseffekter, tidtaking og 10 smash points. Ferdig i midten av juni. Sjekk vannkanten.no. Prøv også super bowl, rutsjebaner og klatrevegg. Vannkanten har 110 butikker vegg i vegg.

Velkommen til lek, læring og moro for både barn og voksne. Prøv Vintersportutstillingen med utfor, bob, skiskyting mm. Få også med vitenshow og 3D-filmer. Program på vilvite.no.

56 | papiravisa 0315

På Akvariet skjer det spennende ting for barn og voksne. Bli med på sjøløveshow, møt skumle - men flotte krokodiller, spennende fisk fra inn- og utland og kom tett på de fascinerende slangene. Filmvisning i kinosalen og fôring av dyrene hver dag.

EIN ENKLARE

KVARDAG Vi har brei erfaring innan synskirurgi. Ei forundersøking vil gje deg ei grundig undersøking av auga dine, og på bakgrunn av den kan vi rettleie deg vidare. Vår laserkirurg er den fremste på sitt felt i Norden.

På Fløyen kan du boltre deg på lekeplassen, leke i Trollskogen, gå spennende naturstier og padle kano på Skomakerdiket. 1.juli åpner ny hinderløype for de litt større barna. na Ta Fløibanen til Fløyen #kun6minun

Vi opererer nærsynte, langsynte, skeive hornhinner, alderslangsyn og grå stær. Ta kontakt i dag for ein prat om syn - vi har kort ventetid på forundersøking og grå stær-behandling.

Rentefri delbetaling

Få byer i Norge byr på så mange gøye og spennende opplevelser for barna. På BarnasBergen.no finner du en oversikt over gøyale og lærerike aktiviteter fra familiefavorittene Akvariet, Fløibanen, Vannkanten og VilVite. Idé og design: knowit. Produksjon: Frank Modahl Grafisk

Følg Barnas Bergen

Bergen Reiselivslag – visitBergen.com

Vi tilbyr rentefri delbetaling i 12 mnd. eller rentefri betalingsutsetjing i inntil 9 mnd.

Tilknytta kirurgar: dr.Thilesen, dr.Plesner, dr. Meberg

Sogn og Fjordane Synskirurgi, Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane Tlf.57 86 74 00 • www.synskirurgen.no

Rein Design

Øyrane 6, 6800 FØRDE Tlf. 57 82 16 88 - www.farsundnaustheller.no


interiør

Sommar på jorda ”Epletreet dufter nyskapt sommer. Her har aldri tiden vært. Den kommer.” Tekst og foto: Marthe Holien Bø


MARTHE HOLIEN BØ

58 | papiravisa 0315

Bur saman med Rasmus, Mathea og Anna i eit hus frå 1880 i Stryn. Ho har flytta frå storby til bygd, og er lidenskapeleg oppteken av interiør med sjel. Bloggen hennar marthebo.no er ein av Norges mest leste interiørbloggar. I Papiravisa deler ho både bilete og tankar.

Dette diktet av Inger Hagerup kjem til meg kvar vår. Det kryp innunder huda på meg, varmar ein vinterkald kropp, kviskrar meg ømt i øyret at den ljose tida kjem i år òg, epletrea skal bløme, graset skal kile meg under føtene. Kvar vår skjer det. Eg gler meg over å sjå at bjørka utanfor kjøkenvindauget plutseleg blir medviten sine vinternakne greiner og kler på seg sin grøne dress frå den eine dagen til den andre. Eg gler meg over epletreet som får denne underlege, overjordisk vakre ballkjolen med rosa blomar, akkurat som om naturen sin eigen pompom står der i naboen sin hage og ber meg opp til dans. Og vi dansar. Heilt til det blir kveld, men det mørknar ikkje, så vi held fram å danse. Eg gler meg over alt dette nye, ting som vi har sett før, men samstundes ikkje. Fjella kranglar atter ein gong med sola om kven som er sterkast og høgst, og det er sola som vinn og får klatre heilt til topps og skine uovervinneleg over fjella som får blanke toppar og mister snøhetta si. Det grøne klatrar oppover fjellsidene og tar famntak rundt fjellmassivet. Let berre toppane stå grå att. Og morgonen, når det er finvèrsdagar, då skjer det beste som finst. Då renn sola inn på soveromsgolvet, klatrar opp i

senga og kiler oss på nasen. God morgon! Er det rart eg ikkje vil ha gardiner på soverommet? Sommaren kjem, og akkurat som Inger Hagerups dikt, så rommar den ei uvisse. For sommaren er kjend, vi kjenner staudane som kjem att

For det skal vere sommar på jorda, på vår jord, her under epletreet. Eller rundt spisebordet, med blåklokker i blomstring på bordet. marthe holien bø

i bedet, vi kjenner rutinane når det gjeld å få balkongen sommarklar, utemøblar som må beisast, vi veit at vi kjem til å kjenne sola som varmar. Men vår norske sommar gir oss også regnfrustrasjonar, kuldeirritasjonar og ergring over grillmiddagar som må lagast inne, bitterheit for

strandplanar som må skrinleggast og tenners gnissel over å kle seg i ull ein julidag. Eg veit at dette kjem, derfor har eg bestemt meg for å lage sommar inne, uansett, og eg skal ikkje klage. For hos meg skal markblomane få bogne på spisebordet, eg skal faktisk ha ein bukett i kvar einaste ledige vase, eg skal ha solgul duk på bordet og kald hylleblomstsaft i kjøleskapet. For det skal vere sommar på jorda, på vår jord, her under epletreet. Eller rundt spisebordet, med blåklokker i blomstring på bordet. Vi kan lage vår ideelle sommardag – inne. Vi kan late att verandadøra på dårlege dagar, ta på skylappane og trassig fornekte sommarregnet som dusjar grasplenen og dynkar blomane. Og skulle det bli atter ein sommar der sola og himmelen malar dagane gule og blå, tar du med deg favorittinga dine ut. Puter er ikkje berre for sofaen inne, eit pledd er godt over beina når kvelden kjem, vasen du er så glad i kan like gjerne stå ute på verandaen. Lag deg eit uterom, ei utestove, og nyt dei ljose, norske sommarnettene. Vi veit ikkje korleis det blir enno. Men lov meg at du lagar litt sommar for deg sjølv, uansett vêr PAPIRAVISA og vind! PAPIRAVISA ©

©


59  | papiravisa 0315


Måling til burettslag

Måling til forretningsbygg

Måling til kommunale bygg

Måling til private bustader 60 | papiravisa 0315

Kort fortalt, måling til alt av bygg, uansett bygg

Måle utvendig i år? Førde Fargehandel har lange tradisjonar i fylket, og er ein sikker og seriøs samarbeidspartnar til ditt utandørs måleprosjekt. Uansett storleik, ingen jobb for liten, ingen jobb for stor. Kombinasjonen lang erfaring og fagkunnskap kjem deg til gode i form av tryggheit. Vi leverer kvalitetsprodukt til konkurransedyktige prisar, og med på kjøpet får du gode råd og tips. Om ønskeleg tek vi jobben frå A til Å, frå synfaring til avslutta måleprosjekt. Vår samarbeidspartner, målarfirmaet Gunnarsson AS frå Loen, utfører jobben til avtalt tid og pris. Dei har eige stillas som sikrar rask og sikker utføring av jobben. Med over 1000 oppdrag i fylket siste 13 åra, er dei ein sikker partnar med gode referansar. Kontakt Førde Fargehandel i dag på tlf 57 82 99 50 eller Gunnarsson AS på 915 13 610/57 87 77 57 for ein uforpliktande prat om ditt prosjekt. E-post: forde.fargehandel@enivest.com eller gunnarsson52@gmail.com

Vi garanterer konkurransedyktige prisar.

Gunnarsson AS Langebruvegen 2 • tlf. 57 82 99 50 • forde.fargehandel@enivest.com Gunnarsson AS • tlf. 915 13 610 / 57 87 77 57 • gunnarsson52@gmail.com


Rein Design

Vår mest selde maling er ei HiTech hybridmaling

61  | papiravisa 0315

Kvifor velje Baron Ultra? • Baron Ultra er hybrid med både olje og akryl. • Oljen trekker inn i treverket, gir god beskyttelse og hindrar at det sprekk opp. • Akrylen toler sola sine UV-strålar svært godt, og gir lange vedlikehaldsintervall. • Vernar treverket og held det tørt, fordi malingsfilmen er elastisk og pustande. • Måleverktøyet er enkelt å reingjere i vatn.

• Unik kombinasjon av akryl og olje gir “kremfløytekonsistens” som er lett å smøre ut. • Svært god dekkevne, fordi konsistensen gjer at du får på nok maling utan at den sig. • Rask tørk gjer at du kan rekke to strøk på ein dag med gode vêrforhold. • Veldig effektiv mot svertesopp og algar.


Gadgets

Vakre meldingar Nyleg dukka det opp ein ny chatteapp, som er litt frå Årdal: DeeMe. Tekst og foto: Roy Sunde

– Kva er eigentleg DeeMe? – Ein ny chatteapp, der du snakkar med vener gjennom tekst, bilete og video på ein ny måte. Skilnaden frå andre chatte-appar er det estetiske. Vårt kommunikasjonsbodskap er:

Litauen. I skrivande stund er vi featured i Apple sin App store i 131 land. Vi er enormt stolte av at dei vel å løfte oss fram på den måten, seier Morten.

”Messages made beautiful”. Vi har eit eige formspråk på våre meldingar, og ein unik mekanikk i måten ein snakkar på, der eit bilete eller ein video dannar ein kontekst for vidare prat, seier Morten Strid. Han står bak appen, ilag med tre kollegaer og venner i reklamebyrået Neolab by Knowit si Bergens-avdeling.

– Utviklinga skjedde i Vilnius, der vi har 4 tilsette som har stått for programmeringa. DeeMe er finansiert med god hjelp frå Innovasjon Norge (Ca 1 mill) og private midlar. For tida er vi åtte personar som jobbar med prosjektet, fortel han.

– De snakkar om vakre meldingar, kva legg de i det? – Ei vakker melding er noko som formidlar eit augneblikk på ein god måte. Det kan anten vere berre eit bilde eller ein video, men også i kombinasjon med tekst i riktig typografi og ikon. Gjev ein brukarane eit brukarvennleg verktøy får det vere opp til kvar enkelt korleis dei kreativt vil fortelje si historie. Så det er ingen fasit på ei vakker melding, slår han fast.

FRITIDSPROSJEKT 62 | papiravisa 0315

SURREALISTISK MOTTAKING – Tidleg i mai nådde vi 75.000 brukarar. Prognosane sa at vi runda 100.000 brukarar før 17. Mai. Vi har flest brukarar (cirka 30.000) i Norge, med Litauen og Danmark på dei neste plassane. Framover ønskjer vi å slå gjennom i større land, med USA og Brasil som satsingsområde. Samtidig må vi vere på hogget og parat når vi ser det er i ferd med å ta av i andre land. Det er sjølvsagt heilt fantastisk å få ein slik start. Vi hadde ei kjensle av at vi sat på eit godt produkt, men syretesten er når ein går ut i marknaden. Det har omtrent berre vore godord å høyre. Og det er nesten surrealistisk at nettstader som Mashable, Product Hunt og Trendhunter anbefaler appen vår. Vi har òg fått veldig mange presseoppslag i dei største media i Norge, Danmark og

– Per no har vi ingen inntekter. Vi er i samtalar med potensielle investorar som kan finansiere oss vidare. På sikt har vi planar om korleis vi skal hente inntekter. Det vil aldri bli tradisjonell annonsering eller påtvungen reklame i appen, men vi vil tene pengar på noko som også gir brukarane ein verdi.

– KVEN ER MORTEN STRID? – Eg har jobba 9 år innan reklame- og kommunikasjon i Bergen, Oslo og London. Eg vaks opp i Årdal og har studert i Bergen og Melbourne. Eg er art director i Neolab by Knowit, og jobbar dagleg med idé, konsept og design for nokre av Norges største merkevarer. Dette ender som regel opp i reklamefilmar, nettsider og reklamekampanjar. Min inngang til app-verda er eigentleg ein konsekvens av den teknologiske utviklinga, der meir og meir skjer mobilt. Motivasjonen for å gå i gang med DeeMe var å lage noko frå botnen av, og sjå kor langt vi kunne ta det. Å bygge opp PAPIRAVISA si eiga merkevare appellerte sterkt. PAPIRAVISA ©

©

Morten Strid

Det var suksessen til Snapchat som skapte ideen til DeeMe. – Vi likar å drive på med litt prosjekt på fritida, mest for fagleg utvikling og for å utfordre oss sjølve. For eit år sidan begynte Snapchat å ta av for alvor. Vi likte appen godt, men såg rom for forbetringar. Samtidig hadde ein appar som Whatsapp, Kik og Messenger som er veletablerte chatte-appar, som meir eller mindre er identiske i måten å snakke på. Vi ville lage noko som formidla augneblikka på betre vis, der vi nytta vår kompetanse innan kommunikasjon, brukarvennlegheit og design. – Kva er målet framover? – Vi har fått ein særs lovande start, og det er tydeleg at vi har eit konsept som fungerer. Samtidig må vi vere realistiske. Det er ein knalltøff marknad å slå igjennom, og det er veletablerte aktørar vi kjemper mot. Om ting går vår veg er det ingen grunn til at vi ikkje skal bli like store som Snapchat, og det er også der drømmane ligg. Vi kjem med forbetringar framover som vi trur skal ytterlegare forbetre appen vår. Ambisjonane er høge, seier Strid!

PÅKOMME I BERGEN, UTVIKLA I VILNIUS


Rein Design

La oss betale ferieturen din!* Reisegåvekort

kr 12.000,r 1. juli. r Ford Focus fø til deg som kjøpe a! rd heile ve Kan nyttast over

.sf.no www.autoforum

Kjøper du ny Ford Focus hos oss no, får du eit reisegåvekort til ein verdi av 12.000 kroner av oss. Gåvekortet kan brukast til sommarens sydentur, eller du kan bruke det seinare til ei reise du har drømt om lenge. Det går fint å kombinere ny bil med ein tur – innanlands eller utanlands! Og best av alt: Du slepp å vente. Vi har leveringsklare bilar.

Ford Focus frå kr 247.000,-** * Om du ikkje ønskjer reisegåvekort, kan vi tilby to andre attraktive tilbod: 0,9% fastrente eller valfrie teknologiar for 12.000,- inkl. i prisen! Renteeksempel: Effektiv rente 3,82%, kr 150.000,- o/5 år, etabl./tingl. 4.500,-. Totalt: kr 164.919,-. NB! Ved evt. finansiering utover 3 år, blir renta endra til gjeldande marknadsrente f.o.m. år 4, p.t. 4,95%. Føreset kredittgodkjenning via Ford Credit. Tilboda kan ikkje kombinerast. Atterhald om trykkfeil. CO2-utslepp frå 98-159 g/km (1,5 TDCi 120 HK – 2.0 EcoBoost 250 HK). Blanda drivstofforbruk frå 0,38-0,68 l/mil (1,5 TDCi 120 HK – 2.0 EcoBoost 250 HK). ** Pris inkl. frakt levert Førde/Florø. Årsavgift kjem i tillegg.

www.autoforum.sf.no

AutoForum AS Sanderplassen 2 6800 Førde Telefon: 57 83 09 60

AutoForum AS Leirvåggata 1 6900 Florø Telefon: 57 75 29 30


På nett med deg i 15 år!

Solid kompetanse i Enivest

har gjort det mogleg å legge til rette for utvikling i distriktet. Sidan 2000 har vi gjeve fylket tilgang til framtidsretta infrastruktur og innovative tenester. Det har vi gjort fordi det å vere på nett med Sogn og Fjordane er like viktig som å levere nett til Sogn og Fjordane. Å bygge fylket er noko av det viktigaste vi gjer. Vil du vere på nett med oss? Roger Saugestad, nettsjef i Enivest

Kanontilbod!

Rein Design

• ENIVEST

Verdi kr 7.500,-

5 ÅR R1 E L YL

PR. MND + FRI ETABLERING (ord. 995,-)

weekend for 2! 15 ÅR • EN I V ES T

,-

Vinn!

BYTT TIL OSS I DAG!

LER YL TF ES

248

15

EST FYLLE R1 ENIV • 5Å ÅR R

YLLER 15 Å R ST F • VE EN NI IV •E

BREIBAND FRÅ

FY LL ER

VI SPANDERER 100,- KR KVAR MÅNAD I 15 MÅNADER*

F

LES MEIR PÅ enivest.no/kampanjer

Lokalt breiband – Lokale verdiar *Abonnement til nye DSL-kundar. Gjeld ikkje ADSL Enkel. Halv pris på modemgaranti. Minste totalpris med 12 mnd. avtaletid: kr 3269,-

Lokalt breiband - Lokale verdiar

57 00 91 00 | enivest.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.