Papiravisa 01 2016

Page 1

0116 papiravisa.no

DIREKTØR PÅ FRISLEPP

SØT SUPERSUKSESS

Side 6

Side 20

Det er som om han alltid har vore der: Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) sin administrerande direktør, Arvid Andenæs. 1. april er det slutt.

Sognefjord Sjokolade er fylkets einaste i sitt slag. I desember i fjor opna dei dørene – til enorm suksess.

BARNSLEG

– Tenk om ein pappa plutseleg vart ei fyrstikk. Så vart mammaen og ei fyrstikk. Mens søstera var ein kjele og broren ein primus. Så gjekk søstera bort til broren… Side 40

Eit magasin med fokus på å leve og oppleve – og til deg som framleis likar å lese på papir.

STÅR STØTT Side 8


TOpputstyrt volvo XC60

PRIVATLEIGE FRÅ KR. 4 995,- PR. MND

STARTLEIGE/ETABLERINGSGEBYR KR 89 900,-. MÅNADSLEIGE KR 4 995,OG TOTALPRIS KR 269 720,- VIL VARIERE MED RENTENIVÅET. 3 ÅRS BINDINGSTID. K ØYRELENGDE 45 000 KM. VIST BIL K AN AV VIKE FRÅ TILBOD.

NO SPANDERER VI OGSÅ VINTERHJUL ELLER 3 ÅRS SERVICE. I TILLEGG HAR VI KAMPANJERENTE PÅ 1,99% PÅ UTVALDE MODELLAR.

2 | papiravisa 0116

Made by Sweden OPPLEV VOLVO XC60 PÅ VOLVOCARS.NO Pris levert forhandler i Sogn og Fjordane ved bestilling av ny 2016-modell innan 30. april eller så langt lageret rekk. Gj. sn. forbruk 4,5–7,7 l/100 km. CO2-utslepp 117–179 g/km. Atterhald om trykkfeil.

FRYDENBØ FYLLER 100 ÅR I 2016 - DET FEIRAR VI MED GODE JUBILEUMS-TILBOD! SANDANE 57 86 61 00

SOGNDAL 57 67 34 00

FØRDE 57 83 72 00

KRISTIANSAND 38 04 90 00

MANDAL 38 26 03 22

MINDE 55 59 97 00

ÅSANE 55 53 68 00

BERGEN VEST 55 50 15 40


Sagt & saksa

0116 papiravisa.no

Smil i nederlagets stund ORD FOR DAGEN: Å erkjenne at ein tok feil er ikkje er eit nederlag, det er ein siger.

Et nytt år er i gang

Fridtjov Urdal/Facebook Er det for seint å ønskje godt nytt år tidleg i februar? Eg trur vi lyt følgje den gamle regelen om at første gang ein møtes etter nyttår er innafor: Godt nytt år, kjære lesar! Årets første utgåve byrjar vi sterkt, med mykje godt lesestoff til deg. Arvid Andenæs går snart av som administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, og vi spør: Kva no Arvid? Og i februar må det vere lov å unne seg noko søtt att: Vi har vitja Sognefjorden Sjokolade – den einaste sjokoladefabrikken i fylket. I spalta Kortrettet kjem du denne gangen tettare på NRK Sogn og Fjordane sin quiz-general Geir Bjarte Hjetland. Les saka og finn ut kvifor alle heime i Høyanger kallar han Balta. Kent Roger Engdal, mannen bak Spenst Førde, står i spissen for nyvinninga Helsehuset Førde – fordi han har sterk tru på koplinga helse og trening. Totalt har dei investert nær 30 millionar kroner på trening og helse i Førde og Florø dei siste par åra. Nokre menneske stikk seg ut av den grå hopen, og har ei djup historie bak seg. Anette Eide Røsandhaug er eit slik menneske: Sterk, modig og viljesterk, og seg sjølv i alt ho gjer, også når det hadde vore lettare å vere meir som andre. I dag gjer ho suksess med Førdes einaste yogastudio. Vi har meir på lur i denne utgåva, så hiv deg rundt, blad om og nyt kjensla av papir og ro – slik ein les best.

Laksesalet olja som aldri før

Ein oppdrettslaks er no meir verdt enn eit fat med nordsjøolje. Leiar/Firda

Dette forandrar alt…. Yr: - Vi har ikke sjans til å måle temperaturen riktig. YR.no/Nettavisen

God lesnad og god tur vidare mot våren!

Twitter/Sveinung Rotevatn @Rotevatn

EIT PRODUKT FRÅ REIN DESIGN AS

Postboks 353 // 6802 Førde // 95 93 99 99

Ingen leik – ingen tettstad BESØKADRESSE:

Utan leikeplassar døyr tettstadane ut.

Kommunikasjonshuset Riksvegfem Øyrane 3a // 6800 Førde

MÅLØY (NRK): Mange byar og tettstadar har ikkje ein einaste leikeplass i sentrum. Det skapar livlause gater, meiner ekspert.

TRYKK Schibsted Trykk Flesland DISTRIBUSJON Posten

ingvild pedersen grafisk designar

roy sunde journalist tekstforfattar

95 93 99 91

95 93 99 98

Arkitekt Ingvild Gjerdseth i Møre og Romsdal fylkeskommune/NRK Sogn og Fjordane

tore fossen Prosjektleiar

joachim vie Daglegleiar

95 93 99 93

95 93 99 92

stine bortheim lærling mediegrafiker

kristine slettehaug tekstforfattar

95 93 99 99

95 93 99 89

renate sjåstad Grafisk DESIGNaR 95 93 99 96

heidi gloppen Grafisk designar

trude tenold AD / Grafisk designar

95 93 99 95

95 93 99 94

3  | papiravisa 0116

135 på gang Ryktene om kommunereforma sin død er betydeleg overdrivne: http://kommunal-rapport.no/kommunestruktur/2016/01/135-pa-vei-mot-sammenslaing


Rett & VRANG

Illustrasjon: Gregory Idehen

Du kjem aldri fattig heim frå tur Karl Kristian Langeland

Nyttårsforsett har aldri vore mi greie, men skulle eg hatt eit måtte det ha vore å reise meir. Gjer du det kan eg garantere at du automatisk vil oppfylle mange andre forsett som du kanskje ikkje tenkte over, eller visste at du hadde!

Heilt sidan eg var liten har eg hatt «utferdstrong». Lyst til å møte nye menneskje og kulturar, tru på at eg kan lære noko av andre, og kanskje lære bort noko også. Noreg er eit lite land med nok-re få millionar menneskje, og la det vere sagt med ein gong: Eg ELSKAR Noreg. Eg er stolt av å vere norsk, og eg er stolt av vår kultur og vårt samfunn, men eg er likevel audmjuk nok til å forstå at det kanskje finst andre land og kulturar som også har noko å bidra med. Enten du likar det eller ikkje, så er vesle Noreg ein del av den store verda. I dag kjem du ikkje unna verda sjølv om du aldri så mykje prøvar å isolere deg på ein vestlandsknaus. Er det ikkje då betre å erkjenne det og tileigne seg meir kunnskap om resten av verda også?

4 | papiravisa 0116

Kanskje er ikkje reiselysta like stor hjå deg som hjå meg, og såleis passar det dårleg som eit nyttårsforsett tenkjer du, men kanskje har du eit ønske om å tørre meir? Om å lære meir? Om å smake meir? Om å leve meir? Ja, då er svaret på desse utfordringane og ønska svært enkelt: reis! Tenk deg berre dei fantastiske smakane du kan finne på gatekjøkkena i Vietnam, sjå for deg fargane og luktene på kryddermarknadane i India. Tenk deg kjensla etter at du har kava deg opp på Afrika sitt tak, Kilimanjaro, der du ser utover det fantastiske landskapet og veit at langt der nede finns alle dei mest eventyrlege dyr du kan tenke deg. Eller kva med eit innblikk i den japanske historia inne på eit av dei mange fantastiske tehusa i Kyoto? Nippe til te medan du ser på dei nyutsprungne kirsebærtrea utanfor som fargar heile gata rosa! Døma over er vel eksotiske for mange, men dei er nemnt med vilje, for kanskje er det også på tide å utfordre seg sjølv litt på reisefronten? Eg syns Syden er heilt topp, og unner alle seg ein tur «dit» om det er det som freistar aller mest, men Syden kjem til å vere Syden i årevis framover. Eg garanterer at du også i åra som kjem vil få sjansen til å ete «köttbullar» og sjå solbrente og fulle skandinavar rulle rundt på sandstranda, men det er no toget går for så mykje anna! Ta Cuba og Kina som to eksempel. To land med heilt unik historie og styresett, på godt og vondt, sjølvsagt. Begge desse to, og i særleg grad Kina, har den seinare tida opna seg opp mot vesten. Vel og bra det vil mange seie, men det er ein enorm forskjell på det Kina eg såg i 2003 og det Kina eg møtte igjen berre ti år seinare. Mykje av særpreget eg møtte fyrste gongen var borte. Gamle bygningar var rivne for å gjere

Tenk deg kjensla etter at du har kava deg opp på Afrika sitt tak, Kilimanjaro, der du ser utover det fantastiske landskapet og veit at langt der nede finns alle dei mest eventyrlege dyr du kan tenke deg.

plass til nye og McDonalds restaurantar hadde tatt plassen til det som ein gong var familiedrivne restaurantar. Verda er ei bok, og den som ikkje reiser les berre ei side, sa St. Augustin. Eg kunne ikkje vore meir samd. Eg har lese mange kapittel allereie, og eg frydar meg for kvar einaste nye setning, linje og avsnitt eg får lov å ta fatt på. Tenk det, å kunne få lese i ei eventyrleg bok som aldri tek slutt! Reise kostar pengar, men når du tenkjer på alt du får att vågar eg å avslutte med min på-stand om at du aldri kjem fattig heim frå ein tur. PAPIRAVISA PAPIRAVISA

©

God tur!

©


Rein Design

30 år Rart å tenke på det har gått 30 år sidan Bilpleiehallen vart starta opp. Den gongen var det populært med kvite tennissokkar med blå og raude striper, hockeysveis, tynne skinnslips, digre bærbare mobiltelefonar, Fun Pub, happy hour, pastellfargar og store briller. På desse 30 åra har vi hatt tilhald i fire ulike bygg. Vi har vakse i takt med tida og kundetilfanget. Vi har gått frå å vere ein enkel bilvaskehall til å bli ei stor bedrift som tilbyr eit breitt utval av tenester: Bilvask inn- og utvendig, polering, lakkbehandling, rustbehandling, sandblåsing, frontruteskift, frontrutereparasjon, glassbehandling, hente- og bringetjeneste av bilar, bilutleige for kundane våre og mykje meir.

Vil du komme på besøk, og få ei uforpliktande vurdering av t.d. behov for Tectylering, eller om du vil snakke med oss om lakkbehandling, finn du oss på Halbrendsøyra 8 i Førde. Og ikkje for å vere kjepphøge (det kler oss ikkje), men Bilpleiehallen er kanskje verdas beste bilpleiehall.

NB! Vil du ha eit godt jubileumstilbod? Sjå side 13.

BILPLEIEHALLEN Halbrendsøyra 6, 6800 Førde Tlf. 99 30 22 20 • bilpleiehallen.no

5  | papiravisa 0116

Når vi først er inne på tenestene våre, så tek vi med at vi vaskar bilen din utvendig for hand til berre kr 350,-, ei Tectylbehandling får du frå kr 5.900,- og ei Ditec lakkbehandling frå kr 4.900,-. Elles kan du sjå på vår heimeside – bilpleiehallen.no – kva vi tilbyr av tenester og ulike vaskepakkar.

(Priseksempla i annonseteksten gjeld personbilar)

Vi tenkte at vi nett kunne nemne det.


6 | papiravisa 0116

Eg vil ikkje vere ein som bit seg fast fordi det er trygt og godt. Det er enno tid til å gjere nye ting. Det er vemodig, men livet har sine epokar. Arvid Andenæs, administrerande direktør SSF


Direktør på frislepp Det er som om han alltid har vore der: Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) sin administrerande direktør, Arvid Andenæs. 1. april er det slutt. Tekst: Roy Sunde foto: Stine Bortheim

– Du er berre 61 år gammal, kvifor går du av no? – Å leie SSF i 15 år er nok. Energien er der, men stillinga krev nye tankar og nytt blod etter ei tid. Eg har alltid vore klar på at fornying er viktig. Det må gjelde toppleiaren òg, smiler han. – Eg vil ikkje vere ein som bit seg fast fordi det er trygt og godt. Det er enno tid til å gjere nye ting. Det er vemodig, men livet har sine epokar, seier han og fortel at han ikkje har fått ny jobb. – Og eg har ikkje tenkt å søke ein heller, med mindre det dukkar opp noko særs spennande. Livet har lært meg å aldri seie aldri. Eg vil heller sitte i styre, der eg kan nytte kompetansen min. Eg kan mykje om fylket og næringslivet, og har lært om mange næringar. Jobben min har gjort meg god på strategi, struktur og finans; kunnskap som kan nyttast andre plassar.

GJEV FRÅ SEG EIN FJELLSTØ BANK

FARVEL FINANS – Korleis blir det å ikkje vere involvert i den største finansielle aktøren i Sogn og Fjordane?

HELLER LÆRE ENN ANGRE – Kva angrar du mest på i løpet av karrieren din? – Å angre hjelp lite. Eg ville heller spurt: Kva har du lært mest av Arvid? Eg har jobba i bank sidan 1981, som leiar på ulike nivå sidan 1986, og har jobba med kreditt heile vegen. Eg har hatt fullmakter til mykje rart, ler han, og vi har hatt to finanskriser. Eg har teke feil avgjersler, som ein har tapt pengar på. Det må ein legge bak seg. I

eit langt liv trør ein feil: Lær av det og gå vidare! Gjer ein det, skal ein ikkje angre. – Eg kan vere utålmodig og kjapp i vendingane. Det er vurderingar eg burde gått fleire rundar på. Det viktigaste som leiar er å bygge eit sterkt team. Tilsett og utvikl dyktige folk, og gje dei armslag. Rekrutteringa vår er eg veldig nøgd med. Det beste er å få inn unge folk og utvikle dei internt. Då bygger du kultur, handlingar og tryggleik i organisasjonen. Eg er glad for å overlate stolen til ein som har gått ”skulen”. Det er mange flinke folk på huset som har gått den. Vi har fått inn mange dyktige kvinner siste åra. Det er eg nøgd med. Det har vore kjekt å jobbe her, og eg vil sakne det sosiale livet, alle dei flinke folka og arbeidsmiljøet her. Og det å ha makt og mynde. Eg likar å vere leiar.

ALDRI SETT SÅ BRA UT SOM NO – Kva trur du om framtida til Sogn og Fjordane? – Eg trur den aldri har sett så bra ut som no. Føl ein med i lokale medium kan ein fort tru at det skjer for lite, og at vi er prega av stagnasjon. Det stemmer ikkje med inntrykket mitt. Ta Førde som døme, og alt som har skjedd her sidan eg byrja her i 2001: Kronborg, Futurum-kvartalet, Rådhuset, Handelshuset Nord, Hafstadparken og meire til: utruleg mykje utvikling og bygging i desse åra. Det har vakse fram sterke kompetansemiljø i Måløy, Stryn og Sogndal, det skjer spennande ting på Sandane, ein har fått eit flott miljø rundt Sløvåg, og oljebasen i Florø klarar seg bra tross nedgangstider. Høgskulen er i flott utvikling: Frå nedgang i søkartal og strid mellom Førde og Sogndal, til driv, vekst i tal studentar og søkarar, og meir samhald. – Fylket har vore avhengig av industri, primærnæringar og jordbruk. Der har det vore store strukturendringar og komme ny teknologi. Men dei er i stand til å ta det inn over seg. Fiskeri, landbruk og industrien er meir profesjonell og lønnsam no enn før. Det er ting ein kan sette minus føre, men eg ser meir å glede seg over, og bygge vidare på, som som vi ikkje såg for 10-15 år sidan. Så har eg eit håp: At vi internt i fylket blir betre på samhandling og forplikting rundt struktur og planlegg av infrastruktur, utan at dei prioriteringane fører til strid internt, som når fram til dei som skal ta avgjersler: Der har vi mykje å gå på. Der er eg gjerne med og gjer ein jobb, smiler PAPIRAVISA han. PAPIRAVISA ©

©

7  | papiravisa 0116

– Kva er du mest stolt over å ha oppnådd? – At SSF står støtt som ein solid, sjølvstendig bank, bygd opp i heimemarknaden. På 15 år har vi gått frå 9 til 46 milliardar i forvaltingskapital, og vi har 3,5 milliardar i eigenkapital. Å bygge ein sjølvstendig bank her, som både veks og tenar pengar, er ikkje sjølvsagt. Folketalet har nesten stått i ro desse åra. Vi har hatt ei sterk omstilling innan finans: Frå manuelle tenester i bank, til nettbank og færre kontor. Det er handtert på eit vis som gjer at kundar og tilsette har halde fred med kvarandre. – Vi har fusjonert inn Flora og Fjaler, og teke i vare både kundane og næringslivet betre enn dei hadde klart som sjølvstendige. I sum leverer eg frå meg ein solid bank, både i tal og i haldningar. Det hadde ikkje gått utan dei tilsette. – Kunnskapen i SSF står ikkje tilbake for nokre bankar i landet vi kan samanlikne oss med. Norske bankar er i verdstoppen, og det er få bankar med den breidde og djupne i kunnskapen som vi har. Vi er påslått, og tek i bruk ny teknologi og kunnskap. Kunnskap, arbeidsmiljø og haldningar blir endå sterkare faktorar i framtida, som skil gode verksemder som klarer seg, frå dårlige som ikkje klarer seg. Ein kan handle kunnskap av konsulentar, men det er betre å sjølv bygge ein sterk og god organisasjon. Det har vi klart.

– Rart! Spesielt å gå ut av samfunnsrolla det gav meg, og kontakten med næringsliv og kundar. Det er den viktigaste epoken i livet mitt. Men det skal gå fint. Eg er flink til å legge ting bak meg, og går ut av alle verv og styrer innan finans no. Men engasjementet blir ikkje mindre. Eg håpar å få posisjonar der eg kan vidareføre det. Eg er alt i Fjord1-styret, men kor lenge det varer veit ingen, ler han. – Næringsutvikling engasjerer meg. Eg håpar å få høve til å bidra der. Utan eit lønsamt privat næringsliv, har vi ikkje råd til velferda offentleg sektor skal gi oss. Vi må bygge opp næringslivet og skape jobbar. Eg har lagt ned mykje arbeid utanom stillinga mi på næringslivet. Framtidsfylket og trainee-ordninga er initiativ eg tok for 12 år sidan. Fjord Invest var og eit initiativ SSF tok. Det har gode sider, som ikkje alltid folk ser. Eit eigenkapitalmiljø blir viktigare i fylket vårt framover. – Korleis blir det å ikkje ha eit så stort apparat rundt deg i kvardagen? – Her har eg ressursar ein kan nytte i ulike samanhengar: Folk, pengar teknologi. Det blir rart å klare seg utan, men eg veit jo kvar dei er om eg har ein ide, og eg har eit nettverk utom. Har du ein god ide og ein plan, finn du ressursar og aktørar som kan sette den ut i livet, sjølv utan eit konsern i ryggen. Eg håper at eg kan nytte nettverket mitt mot sentrale aktørar. Eg jobbar gjerne nasjonalt med spørsmål som interesserer meg. Nettverk er viktigare enn kva posisjon ein har, og eg kjenner ”alle” i finansielle miljø her til lands. Eg kjem til å halde fram i samfunnsdebatten. Enkelte meiner vi framsnakkar for mykje, eg trur vi kan gjere det i enno større grad. Det er mange dyktige folk, som er lite synlege i media, som utrettar mykje bra. Å rose andre er det minst skadelege ein gjer. Vi er for lite flinke til å vite om, og snakke pent om kvarandre. Det er mange i fylket som gjer bra ting som ikkje folk veit om.


8 | papiravisa 0116

JORDING

Nokre menneske gjer alt for å ikkje skilje seg ut. Anette gjer motsett. Det har kosta ho vonde stunder og ei utsvevande ungdomstid. Likevel står ho i dag støtt med begge beina på bakken. Tekst: Kristine Slettehaug Foto: Stine Bortheim


9  | papiravisa 0116


jording

– Kanskje du skal prøve å kle deg meir likt som dei andre, meir...normalt, hinta mora og tantene då ho gjekk på barneskulen. Anette likte å skilje seg ut, likte dei rare kleda ho drog på seg om morgonen. Dei som ho sydde sjølv og ikkje likna på det som dei andre gjekk med. – Ikkje tale om, tenkte Anette. Om dei andre ungane ikkje kunne ta ho for den ho var, så fekk det heller vere; dei stygge orda, at dei låste ho inne, lo av kleda hennar og bad ho om å gå ti meter lenger bak på tur. Anette var Anette, og det kunne ingen ta frå ho – uansett kor vondt det gjorde å aldri passe inn. Sjølvtilliten var ikkje problemet – ho kunne klare kva som helst. Det var sjølvfølelsen det mangla på. Ho kjende seg aldri god nok.

10 | papiravisa 0116

– Folk har alltid kalla meg rar. Og eg ER jo rar, ler Anette Eide Røsandhaug, tobarnsmor, yogalærar, sjukepleiar og omsider livsnytar. Ho ler ikkje av den vonde mobbinga, men av seg sjølv. Over kor sta ho var – og er. – Sta som fy, slik som resten av familien min, legg ho til, og gir dei både æra og skulda for at ho er blitt den ho er; utypisk sunnfjording som snakkar frå levra og ikkje bryr seg om kva andre måtte meine. Anette berre køyrer på! – Eg har alltid sagt ting rett ut – heilt sidan eg var liten. Det var det eg var vand med heimanfrå. Folk blir redd meg, sur på meg, og nokre vil til og med ikkje vere med meg fordi eg pratar utan filter, ler ho igjen – litt oppgitt. – Eg trur det blir for ubehageleg for dei, men eg likar å seie ting når dei treng å bli sagt. Med åra har eg moderert meg, men eg er framleis fritalande og rar, seier ho med stoltheit i stemma. Normal har aldri vore målet. Tvert om. – Hadde folk møtt familien min, hadde dei forstått kvifor eg er som eg er. Både mamma, pappa og tantene mine har sterke personlegdommar. Ein jævlig sta gjeng, som det kan vere vanskeleg å ha med å gjere – fordi dei aldri legg lokk på noko. Samtidig er dei ressurssterke, sjølvstendige og omsorgsfulle. Mange pratar om ting dei skulle ha gjort; pappa og tantene mine berre gjer det. Eg er takknemleg for å ha arva pågangsmotet deira. Frå mamma har eg arva både humoren og sensitiviteten min. Humoren har gjeve ho store doser sjølvironi, medan sensitiviteten lenge har vore eit tviegga sverd. – Eg er veldig var på andre menneske og korleis dei har det. Det er fint, men til tider slitsamt.. Det å alltid ”ta inn” andre sine kjensler, alltid sanse stemninga i eit rom. Med åra har eg lært meg å kople ut, men eg får framleis ”ein knyttneve i magen” om eg handhelsar på folk som ikkje har det bra. Oppveksten skildrar Anette som ”utflytande”. – Eg drog strikken veldig langt, seier ho og legg trykk på veldig. – På grunn av mobbinga i barndommen var eg usikker på meg sjølv, og alltid på jakt etter bekrefting. Eg fann på mykje rart og prøvde det meste. Fleire gonger stakk eg av frå alt, og vi hadde episodar der eg rømte heimanfrå. Sjølvtilliten var god, den, og eg reiste blant anna jorda rundt åleine som 23-åring, med ein livredd pappa heime som skulle ha jamlege tilbakemeldingar på kor eg var. Eg var ikkje redd for noko, men sleit med å kjenne meg verdifull, fordi eg aldri kjende meg god nok. Det var ein kollega i psykiatrien som til slutt,

Folk har alltid kalla meg rar. Og eg ER jo rar. Anette Eide Røsandhaug

fleire år seinare, skulle sette ord på kva det var Anette mangla for å kjenne seg god nok. – Han lærte meg forskjellen på sjølvtillit og sjølvfølelse. Eg hadde aldri tvilt på evnene mine og at eg kunne få ting til å skje, men eg gjekk rundt med ei konstant kjensle av usikkerheit og liten eigenverdi. Han fikk meg til å tenke heilt nytt då han forklarte den viktige forskjellen. Eg måtte jobbe med sjølvfølelsen. At det var yoga som til slutt skulle gi ho den gode sjølvfølelsen – og som ho etterkvart skulle leve av – hadde ho ikkje trudd. Ho som var så glad i å brøle og gire folk opp som spinningsinstruktør, skulle no snakke stille, stille til kundane, og skape ro i rommet. – Noko drog meg i den retninga, og då eg for sju år sidan prøvde det for første gang, elska eg det. Yoga vart svaret på alt eg trengte. Sjølv


Å stå på den matta og fylle kvar einaste celle i kroppen med yoga var mi form for stadfesting, mi form for jording: Eg fann meg sjølv og sjølvfølelsen vaks veldig. Anette Eide Røsandhaug

om eg var stiv og det lugga og svei, merka eg fort at dette var mi greie. Å stå på den matta og fylle kvar einaste celle i kroppen med yoga var mi form for stadfesting, mi form for jording: Eg fann meg sjølv og sjølvfølelsen vaks veldig. Som yogalærar kunne eg endeleg bruke mine sosiale sansar som folk tidlegare ikkje hadde forstått. Eg bekrefta ikkje berre meg sjølv, men elevane mine òg. I oppveksten kunne evna til å føle korleis andre har det vere ei forbanning, i studioet er det ei velsigning. Bakgrunnen og dei sterke personlegdommane ho vaks opp med har vore med på å forme den Anette er i dag. Ho som uredd står på matta kveld etter kveld og gir av seg sjølv, og som mange kjenner som berre Yoga-Anette. Ho som får kundane til å kjenne seg verdifulle, og som

passar på å fortelje deg at du er god nok akkurat som du er. Anette instruerer ikkje berre, ho sansar stemninga i rommet og tilfører noko meir til timane enn fysiske stillingar. Med ei eiga evne til å få folk til å slappe heilt av, klarar ho å skape god energi i studioet. – Det mentale vil alltid vere viktig i timane mine. Kundane skal ha ei god stund utan stress og tankekøyr. Dei skal berre puste og vere til stades. Her og no, ikkje tilbake i tid, ikkje framover i tid. Det er ei pause alle bør ta innimellom. Ho kan ikkje få sagt nok at folk må få høyre at dei er verdifulle. – Folk treng det. Dei treng å bli minna på det. Alt for mange går rundt og trur dei ikkje er verdt noko. I haust bestemte Anette seg for å satse for fullt

på Yoga. Timane hennar var fulle og ventelistene lange. Kundane spurte etter meir yoga. Etter å ha lagt bak seg nokre tøffe månadar, med tapet av ei nær og kjær tante, kjende ho seg klar for å gå all-in. – Det satt langt inne. Mange hadde tidlegare foreslått det, at eg skulle seie opp jobben som psykiatrisk sjukepleiar og undervise på heiltid. Då glefsa eg gjerne litt til dei, og trakk meg unna – fordi dei bekrefta det som låg og murra i bakhovudet, ler ho. – Eg hadde lenge visst at eg måtte drive med yoga på heiltid: både kropp og hovud skreik etter det. Samtidig var eg redd: redd for å forlate ein annan jobb som eg elska, redd for om kundane ville komme. Eg har alltid trengt tryggheit, og det å starte for seg sjølv er alt anna enn trygt. Etter litt tankearbeid hoppa Anette i det. Ho

11  | papiravisa 0315

To dødsfall i familien kombinert med opninga av eige yogastudio, gjorde 2015 til eit utfordrande år for Anette. I dag står ho støtt med minna i behold og fulle timar i studioet.


fekk permisjon frå jobben som sjukepleiar i psykiatrien, leigde studio midt i Førde sentrum og flagga både opningsdato og program på Facebook. Endeleg skulle ho gjere det ho lenge hadde visst ho måtte: Drive med yoga på fulltid. – Alt var klart, og studioet var ferdig pussa opp. Ingenting kunne stoppe meg no – tenkte eg.

12 | papiravisa 0116

Ei lita veke før opning, skjedde det som ikkje skulle skje. – Eg skulle opne måndagen, og tysdagen før fekk eg telefon om at mamma var død. Eg hadde gleda meg sånn til å vise ho studioet. Vise ho fargane eg hadde valt, som eg visste ho likte. Ho var så stolt over det eg hadde fått til, og pappa hadde nettopp sendt meg bilde av ho i treet (red.merk: yoga-posisjon) Å miste mammaen sin er som å miste bakken under seg, noko heilt fundamentalt forsvinn, fortel ho. – Akkurat no hugsar eg lite frå den veka. Berre at eg grein og grein, og innimellom hadde katastrofetankar om yogatudioet: Kva om eg ikkje klarar å opne det? Kva om eg bryt saman under timen? Skal eg droppe heile greia? Dette går ikkje! Samtidig hadde eg skrive under leigekontrakt, søkt permisjon frå jobben og laga timelister for hausten. Eg måtte berre gjennomføre. Ho utsette opninga med ei veke og stålsette seg. Tankane om at ho kom til å bryte saman, der på matta, framfor heile klassen, var der endå. – Eg opna studioet to timar før første timen skulle starte. Pappa var der med meg, og når det ikkje hadde kome eit menneske ein halvtime før yogatimen, så reiste han. Han var redd det skulle gå til helvete! Det gjorde det ikkje. – Men så rann det inn med folk! Eg måtte faktisk avvise kundar, for timane var fulle. Eg ringte pappa, og han var heilt i hundre og kunne omsider puste letta ut. Hadde ikkje det gått bra, så veit eg ikkje... Eg hadde ikkje fiksa det. At opninga var ein suksess betydde alt for meg. Opningsdagen enda opp som ein einaste stor varm klem frå kundane mine. Eg kjende meg innpakka i kjærleik den kvelden. Anette fortel at yogaen var ei stor hjelp i sorga ho stod i midt i. – Eg grudde meg veldig til å gå på matta igjen. Heldigvis – heldigvis – var alt som før. Kroppen hugsa at matta var ein god stad å vere. Her kunne eg puste fritt og kople ut det vonde, sjølv om eg stod midt i det jævligaste eg hadde opplevd. Fullt fokus på yogaen vart ei frisone i sorga. Fire månader etter opning er studioet ein suksess. – Eg selde ut klippekorta mine på under to veker. Eg er audmjuk og takknemleg for at Sunnfjord har omfamna yoga– og meg. Pågangen er heilt overveldande! Ho trur ho har klart å fylle eit behov hos sunnfjordingane. – Det er så alt for mange som går rundt og skal gjere alt på ein gong. Yoga er ei frisone, ei mental pause – der du også kan ha det gøy. Dei fleste går ut frå ein yogatime og tenker : Dette trengte eg. Dette gjorde godt. Med to barn og mann har ho klart å finne ein god balanse mellom jobb og familie. – For meg er yogastudioet ein vinn-vinn-situasjon. Eg jobbar mest på kveldane, etter leggetid, og kan såleis vere mykje med ungane mine

Anette var ikkje mange åra då ho byrja å sy sine eigne klede. – Alt for å skilje meg ut. Eg var til og med innom ein punkarperiode på ungdomsskulen, ler ho sjølvironisk i frisørstolen. Takk til Fresh for styling av hår.

Opningsdagen enda opp som ein einaste stor varm klem frå kundane mine. Eg kjende meg innpakka i kjærleik den kvelden. Anette Eide Røsandhaug

på dagtid. Familien kjem alltid først, og eg blir nok aldri ei typisk forretningskvinne. Så lenge eg kan vere min eigen sjef, har fornøgde kundar og til mat på bordet, så eg er happy. Berre ein ting kan gje ho ein dårleg dag på jobben. – Om eg har krangla med ungane før timen, eller føler at vi har noko uoppgjort. Då har eg problem med å konsentrere meg. Det blir ofte ein telefon heim rett før timen. Eg må berre

ordne opp, sørge for at det er god stemning att. Utanom det er det ingen og ingenting som kan øydelegge ein yogatime for meg. Då er det fullt fokus på at alle i rommet skal ha ei god stund. Like før vi avsluttar intervjuet ringer mannen. Dei avsluttar med ”Eg elskar deg”. På spørsmål om det er rutine, svarar ho med eit sikkert blikk. – Ja, alltid. Til både han og ungane. Det skal PAPIRAVISA dei berre vite. PAPIRAVISA ©

©


Får deg fram, dit du vil.

NYE FORD S-MAX

Intelligent Firehjulstrekk

Ford S-MAX med intelligent firehjulstrekk tilpassar seg vekslande underlag og fordeler deretter kreftene mellom fram- og bakaksling. Finn ut meir på ford.no

S-Max frå 410.000,- * S-Max med firehjulstrekk frå 526.800,- * * Prisen er inkludert frakt og levering, Førde/Florø. Årsavgift kjem i tillegg. CO2-utslepp frå 129 – 149 g/km (2.0 TDCi 120 Hk – 1.5 EcoBoost 160 Hk). Blanda drivstofforbruk frå 0,5 – 0,65 l/mil (2.0 TDCi 120Hk – 1.5 EcoBoost 160 Hk).

AutoForum AS Leirvåggata 1 6900 Florø Telefon: 57 75 29 30

5990,*

frå

Få med GRATIS polering (verdi kr 1.400,-) ved bestilling innan 29. februar 2016. *) Prisen gjeld personbilar.

BILPLEIEHALLEN Halbrendsøyra 6, 6800 Førde Tlf. 99 30 22 20 • bilpleiehallen.no

13  | papiravisa 0116

Tectylbehandling

Rein Design

www.autoforum.sf.no

AutoForum AS Sanderplassen 2 6800 Førde Telefon: 57 83 09 60


14 | papiravisa 0116


KORTRETTET 14 uformelle spørsmål og 40 minutt fotografering. Her er:

GEIR BJARTE HJETLAND Tekst: Roy Sunde foto: Stine Bortheim

15  | papiravisa 0116


NRK Sogn og Fjordane sin Geir Bjarte Hjetland skal nytte vinteren til å vere quiz-general: 33 tiandeklassar i Sogn og Fjordane skal grillast – med tre elevar per klasse – fram til 9. mars. – Om du brått skulle endre kurs i livet no – kva yrke ville du satsa på og kvifor akkurat dette? – Quizgeneral på heiltid. Levd av å reise rundt og underhalde og stille spørsmål til kreti og pleti. Det er urealistisk, men drøymejobben. Eller barnebokforfattar. Eg las mykje som barn, sidan eg av fysiske årsaker ikkje var god i fotball. Bøker tok meg inn i fantasiens magiske verd. Eg var ein boknerd – som seks år gamal sa til mi tante Åsta at når eg vart stor skulle eg bli barnebokforfattar, og bu i Leirvik. Ingen av dei har slått til enno. – Kva er det flauaste du har gjort hittil i livet? – Då eg jobba i Her og Nå vart eg og redaktøren lurt av Thomas Giertsen. Han fekk oss til å tru at han hadde gifta seg hemmeleg på den norske ambassaden i Roma. Kjeldene var heilt feil, men vi slo det opp. Han hadde verken gifta seg eller vore i Roma. I arbeidslivet er det det flauaste eg har gjort. Og som ung reiste eg rundt og agiterte for avhaldssaka i Juvente. Ein gang var vi til Lærdal med leigebil, og låg på hotell. Om morgonen sa ein kompis at bilen var stolen, men at han hadde skaffa ny. Eg gjekk ned, og ute sto ein flott BMW med motoren i gang. Eg sat meg inn og rusa motoren. Brått sto ein fyr og lurte på kva i helvete eg gjorde i bilen hans. Bilen var ikkje stolen heller, det var kompisen min som lurte meg. – Du kjem frå Høyanger: Kva er eigentleg kallenamnet ditt – og kvifor? – Balta. Då eg var 6 ringte vennene mine på og lurte på om eg ville spele fotball. Eg svara ”Nei, eg skal sjå professor Baltazar på tv!” Der inne går eg for Balta enno. Eg er stolt over tradisjonen med kallenamn. Den viser nærleiken i miljøet og veremåte: Litt meir beint fram og tøff i kjeften enn sunnfjordingar. Sunnfjording blir eg aldri! 16 | papiravisa 0116

– Kva gjer deg lykkeleg? – At ungane mine har det bra. Og å stå føre eit publikum og oppleve at noko eg gjer, gjer andre glade. Eg er ofte quizmaster på Pikant, og når folk er glade og nøgde er eg happy. – Kva er du mest stolt av å ha oppnådd/gjort i livet ditt til no? – Å ha produsert to barn som gjer det bra i livet. Heilt utan tvil. Eg har sagt at dei ikkje må gå min veg. Og det ser ikkje ut til at dei blir journalistar. Det er veldig fint. Men ein veit aldri! – Kva lyttar du til når du skal slappe av med god musikk? – Hard musikk. Eg er altetande, men med forkjærleik for harde tonar. Både når eg skal slappe av og når eg vaskar hus, når det måtte skje. Nett no Vreid frå Sogndal. Eg er særs glad i hard metall frå Sogn og Fjordane, til dømes Windir. Hard musikk gjev meg energi. Når eg skal sove middag, og er åleine, set eg på musikk som er djup og full av bass. Då flyt eg på rytmane. – Kva les du på papir? – Firda og Sogn avis. Eg er veldig glad i DN Lørdag, Norges beste avis den dagen. Eg les det meste eg får tak i. Bøker les eg på papir. Eg er veldig glad i amerikanske Beat-poetar, som Hunter S. Thompson og Jack Kerouac. Kerouac si ”On the Road” les eg ein gang i året. Norsk samtidslitteratur – det klarar eg ikkje. Eg likar måten Hunter jobba på som journalist. Mange meiner at eg er ein slik ”gonzo-journalist”. – Fortel noko om deg sjølv som ville overraske dei som berre kjenner deg som journalist? – Eg er profesjonell hypokonder. Men eg har blitt flinkare til å ikkje gå til legen. Før hadde eg klippekort, utan at eg nokon gong har vore alvorleg sjuk. For mange år sidan sat eg på vente-

rommet, eg nemner verken lege eller kvar, og venta. Det dryga, så eg byrja å lese Norsk Ukeblad sine helsesider. Og så fann eg det eg leid av. Symptoma passa. Når eg vart rop opp la eg bladet føre legen og sa: ”Du treng ikkje undersøke meg, dette lid eg av”. Legen såg på det og sa: ”Du er godt løgen Hjetland, men du har ikkje eggstokkar”. Etter det var eg frisk ei tid! – Kva forhold har du til sosiale medium? – Eit tett og godt forhold. Eg har vidareutdanna meg på bruk av sosiale medium i journalistikk. Eg har òg hatt ei rolle i å bygge opp NRK Sogn og Fjordane på sosiale medium. Eg har 3510 venner på Facebook. Så mange har eg ikkje i røynda, då er talet sju, men Facebook er ei viktig kontaktflate i yrket, som eg brukar bevisst. Eg er open på sosiale medium, og eg har ingen problem med at folk ser og veit kva eg driv med. Det er viktig at vi i mediebransjen speler med opne kort. Eg brukar mest Facebook, litt Instagram og bitte litt Twitter. Men sist nemnte er ganske elitistisk. – Kva er livsfilosofien din? – Ein skal gjere det ein vil, så lenge det ikkje går ut over andre. Eg er særs liberal og dømmer ikkje andre for deira handlingar. Livet er for kort til å ikkje bli kjent med mykje folk, på godt og vondt. – Tre dippeduttar og gjenstandar du ikkje klarar deg utan? – Mobilen har eg i handa når eg søv også. Og Cromecast – eg har ikkje lenger vanleg fjernsynstilkopling. Barbermaskin for hovudet må eg ha. Etter å ha testa alle har eg funne ut at Biltema si er best! – Beskriv ein typisk laurdag? – Vaknar relativt tidleg, tek ein røyk, ein kopp kaffi og et eit knekkebrød. Og så elskar eg å legge meg ned på sofaen og slumre ein time føre fjernsynet. Favorittsysselen min er å gå på kafé. Eg er med i ”laurdagsrådet” på Pikant: Vi diskuterer små og store verdsproblem, nyhende og samfunnet, utan å løyse noko. Eg er særs sosial, og har ofte besøk eller går på besøk. Eg er eit a + b menneske, som elskar seine kveldar, sjølv om eg må tidleg opp. Laurdagen blir ofte lang, og skal den bli god må eg sosialisere, lese aviser og drikke mykje god kaffi: Det vil seie vanleg svart kaffi som har stått lenge på kolben og blitt brent. – Kvar er du om 10 år – og kva driv du med då? – Eg trur eg er journalist – men kanskje har eg komme så langt i livet at eg har spesialisert meg. Til dømes på lange feature-artiklar. Høgst truleg i Sogn og Fjordane. Det veit ein ikkje, men at eg jobbar medierelatert er eg overtydd om. – Du er kjent som ein quiz-haldar: men korleis er du sjølv på quiz? – Ganske ordinær. Eg er glad i å lage og halde quiz, men ikkje i å svare. Eg har mine sære fagfelt eg kan svare på, men eg er klart PAPIRAVISA betre til å halde quiz. PAPIRAVISA ©

©

Ein skal gjere det ein vil, så lenge det ikkje går ut over andre. Eg er særs liberal og dømmer ikkje andre for deira handlingar.


Verdt å prøve

Sushi i Sogn Det er rart med det. Men i tolvtida på ein heilt fort svolten. Og nett i det svolten melder sitt komme, midt i rundkøyringa på veg inn i Sogndal sentrum, dukkar noko nytt opp i augekroken: Restauranthuset Malin. – Kva er dette, spør Fossen og ventar ikkje på svar. I staden svintar han inn på næraste parkeringsplass. Svaret er så enkelt som at det gamle China House, som låg lenger nede i Fjøra, har flytta, og oppgradert noko vilt: Nesten tusen kvadratmeter, over 200 sitteplassar, og fire restaurantar i eitt har dei pakka inn i moderne, luftige og lyse lokale i kjellaren på Sogndal Kulturhus: China House, Malin Sushi, Malin HotPot og Malin Steakhouse. – Skal seie dei har rusta opp, slår eg fast og tenker tilbake på dei gamle lokala. Fire konsept inneber fire val, og ditto menyar, men tidleg i januar er det verken kinesisk eller biff som freistar mest. Derimot fisk! – Det blir sushi på meg, seier Fossen. Og får selskap av underteikna. Og det visste seg å være eit godt val, sjølv om trauste sunnfjordingar raskt gjev opp spisepinnane, og som vanleg rotar litt med wasabi/soya blandinga. 33 bitar seinare vender vi tilbake til landevegen. Mette, PAPIRAVISA nøgde og klar for å vende tilbake til heimen. PAPIRAVISA ©

©

OG VI GJEV RESTAURANTHUSET MALIN STEMPELET:

17  | papiravisa 0116

vanleg onsdag, på veg heim frå Sogn, så blir ein


Rein Design

Feir

kjæ

Morsdag og Valentinsdag

n e k i e rl

NVuIdN e l p ie

h dling behan R! til MO

Vi har alt du treng til den store dagen 14. februar:

VINN

gåvekort

til

• Gåvene

• Maten

• Kaka

• Kortet

• Antrekket

• Pynten

KJÆRAS TEN!

KONKURRANSE Besøk vår Facebook-side og nominer mor eller nokon du er glad i. Dei får premien – du får gleda av å gi . Følg med for gåvetips frå butikkane!

STEMNING, GLEDE OG TREND

Opningstider: 10–20 (10-16)

18 | papiravisa 0116

Kampanjerente 1,99 %

En rimelig god gavepakke fra Mercedes-Benz. Nå får du et begrenset antall biler med utstyrspakke til en svært hyggelig pris. Spar inntil kr 25.000,CLA 180 SB Urban Plus

A 180 Urban Plus

2.223,Nå kun 336.290,-

pr. mnd.

2.924,Nå kun 385.791,-

pr. mnd.

GLA 180 Urban Plus

4.428,Nå kun 374.200,-

pr. mnd.

• 7-trinns automatgir • Ryggekamera • DAB+ radio med Bluetooth • Vinterhjul på lettmetallfelger • Metallic-lakk • Urban-designline

• 17” lettmetallfelger • 122 hk bensin med turbo • Lys- og siktpakke • Sportsseter og sort taktrekk • Midtarmlene med skiluke

Finansieringstilbudene er basert på startleie kr 62.500,-, nom. kampanjerente 1,99 % gjelder i 3 år. Leieperiode 36 mnd/45.000 km. Total leiekostnad A180 kr 142.528,-, CLA180 SB kr 167.764,-, GLA180 kr 221.908,-. Pris inkl. lev. Førde. Termingebyr er inkl. Årsavgift og etableringsgebyr kommer i tillegg. Alle priser ink. mva. Les mer på kampanje.mercedes-benz.no. Finansiering forutsettes gjennom Bertel O. Steen Finans AS. Forbruk blandet kjøring: 0,51-0,60 l/mil. CO2-utslipp: 119-140 g/km. Avbildet modell kan avvike fra tilbud. Importør: Bertel O. Steen AS. Tilbudet gjelder frem til 15. feb. 2016.

Bilhuset Førde, Øyrane 6, 6800 Førde, tlf. 57 72 41 00, www.bilhusetforde.no


Gadgets VEKK MED NØKKELKAOSET! Du har kanskje ein hengelås eller fem? På treningssenteret, til boda, sykkelåsen din og så vidare. Og like mange nøklar. Som ikkje alltid er der dei skal vere? Frykt ikkje – for no kan du få ein hengelås med app-lås. Noke er ein hengelås som blir styrt frå mobilen via Bluetooth. (Og om du mister mobilen kan du låse den opp med ein kombinasjon.) Noke tåler temperaturar frå -23 til + 65 – som skulle dekke dei fleste bruksområder.

pris kr 699,-. www.coolstuff.no

INVESTER I KVALITET Då interiørdesignar og programleiar for ”rom123” på TV 2, Boris Miller, vart spurt om trendar for 2016 trekte han fram det å investere i kvalitet, med fokus på naturlige element og ekte material, som keramikk, leire og stein. Han rår deg å investere i blant anna fine kjelar. Som Terra Cotto Mint. Dei kan nyttast på gass, elektrisk topp, i omnen og i mikroen. Dei kjem med eit spennande hefte med oppskrifter, er handlaga på tradisjonelt italiensk vis og kvar er unik, og kan variere i utsjånad. Dei tåler også å bli vaska i oppvaskmaskin.

pris: kr 930,- per stykk. http://www.kollektedby.no/ 19  | papiravisa 0116

TEL SKRITT – OG MYKJE MEIR Aktivitetsarmband har blitt særs populært, og Fitbit har vore vinnaren på den norske marknaden. Men no har Klikk.no testa Garmin Vivosmart HR, og meiner det er ein særs verdig utfordrar, som er meir til å stole på innan hovudfunksjonen: Å telje skritt du går. Garmin har også mykje ekstrautstyr du kan ”vekse” med om du vil ha ei meir avansert treningsklokke seinare. (I tillegg er den vasstett – men den tel ikkje meter du sym). Vivosmart HR tel skritt, overvakar søvn, puls, kaloriforbruk, let deg overvake aktiviteten din via smarttelefon og mykje meir.

”MUSIKK-TERMOS” Sugen på å høyre musikk overalt? Leit ikkje lenger. Libratone Zipp har designen, berereima og mobiliteten til å fullbyrde behovet ditt. Dette er lydutstyr berekna til å bli med deg på tur. Zipp har eige trådlaust nettverk du kan kople opp mot telefonen når du er utanom Wi-Fi, og kan og koplast via Bluetooth, slik at du kan strømme musikk via alt frå Spotify til Youtube. Zipp kan nyttast frittståande, eller som venstre og høgre høgtalarar i eit stereo-oppsett.

pris: frå kr 1 294,-.

pris: kr 2 390,- for zipp og kr 1 929,- for zipp mini. (obs: prisar utan moms.)

http://www.garmin.com/nb-NO

https://www.libratone.com/no/


Norges mest selde stasjonsvogn

OCTAVIA Kampanjerente

*Avbilda modellar kan ha ekstrautstyr. ŠKODA Octavia stasjonsvogn: Drivstofforbruk og CO2 utslepp 3,5 l/100km, 90g/km. Pris frå kr 290 400,- levert Oslo. ŠKODA Octavia Scout: Drivstofforbruk og CO2 utslepp 4,9 l/100km, 129g/km. Pris frå kr 415 400,- levert Sogn og Fjordane. Årsavgift kjem i tillegg. **Tilbodet gjeld t.o.m. 29.2. Eff. rente 4,05 % ved lånebehov kr 150 000,-/5år, etableringsgebyr kr 2 717. Total kredittkjøpspris kr 165 667,-. Føreset 35% kontantandel og finansiering i ŠKODA Finans. Renta er subsidiert i tre år, for deretter å bli justert til normal produktrente.

Octavia Scout – litt tøffare Her får du ein tøff off-road look, bra bagasjeplass, sterk motor, firehjulstrekk og skikkeleg bakkeklaring. Den ultimate familiebilen for den aktive.

ŠKODA Octavia stv frå 290.400,-. Octavia Scout frå 415 400,-*

VINTERPAKKE Parkeringsvarmar m/fjernkontroll, oppvarma baksete, delingsnett.

BERRE 5 900,-

20 | papiravisa 0116

Vintertilbod kikkertar .16

t.o.m. 27.02

Steiner Ranger Xtreme

Når nye rekordar i sin klasse. Lysgjennomgangen er auka til 92%, og synsfeltet er også blitt større. 10 års garanti.

8x32 8x42 10x42 8x56

kr 5.499,kr 5.999,kr 6.499,kr 7.299,-

Steiner Commander 7x50 Race Edition

6.990,inkl. gratis Steiner flytereim, verdi kr 399,-! Alternativ båtkikkert:

Steiner Navigator PRO 7x50 kr 3.599,-

Zeiss Victory SF 8x42

Perfekt til naturelskaren og fuglekikkaren. Med ny optikk med høg oppløysing og høg kontrast får ein skarpe og klåre bilete, samt eit større synsfelt. 10 års garanti.

10x26 8x32 10x32 8x42 10x42

20.500,-

kr 1.999,kr 3.799,kr 3.999,kr 3.999,kr 4.299,-

Alt. Zeiss Victory:

SF 10x42

kr 21.500,-

Steiner Wildlife XP

19.000,-

14.999,Alternativ Steiner Wildlife XP:

kr 15.999,-

Alternativ Zeiss Victory HT:

10x54 T* 8x42 T* 10x42 T*

kr 19.300,kr 14.500,kr 15.000,-

Alt. Zeiss Victory T* RF:

10x56 8x45 10x45

kr 21.500,kr 18.500,kr 19.500,-

Zeiss Conquest HD 15x56T

Sky Tech Classic 7x50 WP

2.290,Alternativ Sky Tech Classic kikkertar:

10x50 WP 8x40 WP 7x50 10x50 8x40

kr 2.290,kr 2.175,kr 875,kr 955,kr 935,-

4.999,-

16-32x50 20-60x60 23-70x70 20-60x85

Nikon Aculon T51 8x24

Nikon Monarch 5 8x42

Focus Spottingscope/ landskapskikkertar:

kr 999,- inkl. stativ kr 1.999,- inkl. stativ kr 2.999,- inkl. stativ kr 3.999,- inkl. stativ

2.999,Alternativ Nikon Monarch 5:

10x42

kr 3.299,-

1.699,Alternativ Nikon Aculon T 51:

10x24

kr 1.899,-

Atterhald om utselde varer og eventuelle prisendringar / trykkfeil

3.798,Alternativ Sky Tech Titan kikkertar:

10x56 WP LE 8x42 WP ED 10x42 WP ED 8x32 WP LE 10x32 WP LE 8x25 WP LE

kr 3.860,kr 3.598,kr 3.698,kr 1.998,kr 2.048,kr 1.498,-

Stjerne-/landskapskikkertar

Alternativ Zeiss Conquest HD:

8x56T* 10x56T* 8x42 10x42 8x32 10x32

kr kr kr kr kr kr

9.500,9.800,6.500,6.900,5.500,5.800,-

Canon 10x30 IS

4.499,-

4.500,-

Alt. Victory Compact:

10x25

kr 5.000,-

Sky Tech Multi R102S AZ-F

4.475,Alternativ stjerne-/landskapskikkert:

Sky Tech Multi 70 AZ kr 2.350,-

Zeiss Victory Compact 8x20 Celectrone Ultima Alternativ 100, 22-66x100mm Celectrone Ultima 100 m/stativ: Sirui R-2004 og VH10 hovud kr 6.999,-

kr 5.730,kr 2.898,kr 2.998,-

Sky Tech Titan 8x50 WP LE

Zeiss Victory8x54 T* HT

Steiner Wildlife XP 8x44

Alt. Sky Tech Premium kikkertar:

10x42 8x28 10x28

21.800,-

12.500,-

SPAR KR 5.000,-!

10x44

5.449,-

Zeiss Victory 8x56 T* RF m/avstandsmålar

Steiner Skyhawk 3.0

Sky Tech Premium II 8x42

Alternativ Canon kikkertar:

8x25 IS kr 3.499,12x36 IS kr 6.499,10x42 L IS WP kr 14.999,-


21  | papiravisa 0116

Søt supersuksess Sognefjord Sjokolade er fylkets einaste i sitt slag. I desember i fjor opna dei dørene – til enorm suksess. Tekst og foto: Roy Sunde


søt supersuksess

Sjokoladefabrikken finn du i Marifjøra i Luster, og heilt sidan dei fekk produksjonsutstyret sitt, har det gått slag i slag – Vi laga sjokolade i tre veker før opning, og trudde det haldt. Ein vil ikkje lage for mykje heller, seier Paul Fransen, som trudde dei hadde sikra seg rikeleg med råvarer. Men det var før søtsugne sogningar byrja å shoppe. – Det var litt kaos i jula. Alt vi hadde forsvann, fortel Paul, som saman med kona Franka står bak Sognefjord Sjokolade. – Vi hadde mange planar til jul – men kom aldri så langt. Til dømes om å tilby posar med blanding av lyse og mørke sjokoladepralinar, men den lyse forsvann før eg rakk å lage mørke, smiler han. – Det var ein uverkeleg start. Vi kom aldri i kapp, seier han og ler når han fortel om då dei hadde utsal på Tørvis Hotell før jul, og direktøren etter halvannan time kom springande for påfyll. –21.desember var vi heilt tomme for råvarer og emballasje.

bedrifta, skaffa jobb til dei tilsette, og flytta til Hafslo i mars 2004. I Hafslo fanst det ikkje stress, og i tolv år dreiv dei Hafslotun. – Men det var ofte veldig stille om vinteren, så vi leita etter noko nytt å drive med då. Ei hektisk tid følgde, der dei selde Hafslotunet, bygde om lokala dei no held til i, flytta privat, og reiste rundt til i Tyskland, Italia og Nederland for kjøpe inn utstyr og råvarer. Han fortel at sjokoladeproduksjon var ei nisje utan konkurranse, og at dei difor landa på dette. – Ingen i fylket driv med dette, og særs få i landet. Det gjev ein stor marknad. For oss var det betre å starte med noko slikt, heller enn med øl, syltetøy og lokalmat, som mange driv med. – Lokalt produserte matvarer er i vinden som aldri før. Vi tenkte at dette måtte vere midt i blinken, og det stemte jo, seier Franka. – Vi likar å jobbe for oss sjølve, seier han. – Og eg hadde litt erfaring frå konditoriet med å lage sjokolade, med filosofien: Er du ein god handtverkar, så speler det liten rolle om du

Alt vi kan kjøpe lokalt, handlar vi lokalt. Til dømes bær og frukt, honning og slikt. Sjokoladen kjøper vi i Norge, men vi må til Tyskland for å få god nok marsipan. Paul Fransen, Sognefjord Sjokolade

22 | papiravisa 0116

EVENTYRET PÅ VENT GRUNNA BYRÅKRATI

Nokre små smaksprøver er alt som ventar journalistar på sjokoladejakt i januar. – No står det grunna byråkrati. Vi er ikkje momsregistrert, fordi rekneskapen ikkje er registert, og får ikkje tollkreditt, forklarar han. – Mange har fått smaken, – og vil ha meir. Men det går seg til. I januar reiste vi til Nederland for å hente litt sjølv, og for å møte våre samarbeidspartar. Målet er å betre logistikken, og å få ein leverandør på alt vi treng å importere, seier han og fortel at filosofien likevel er lokal. – Alt vi kan kjøpe lokalt, handlar vi lokalt. Til dømes bær og frukt, honning og slikt. Sjokoladen kjøper vi i Norge, men vi må til Tyskland for å få god nok marsipan.

DEN ALLERGISKE KONDITOR

Ein uvanleg allergi førte det nederlandske ekteparet til Luster. – Vi kjem frå Nederland, der vi dreiv eit konditori med tolv tilsette. Eit ganske stressande tilvære: Vi leverte til store hotell i Amsterdam, fotballstadionet til Feyenoord og Ajax, kongehuset og andre store kundar. Så vart eg allergisk mot støv frå kveitemjøl. Det, kombinert med stress, gjorde at det ikkje var så kjekt lenger. Legen min sa at eg burde finne på noko anna, og ikkje minst få meir frisk luft. Akkurat det er ikkje lett å finne i Nederland, ler han, så vi bestemte oss for å ta med oss dei to gutane våre og flytte til Norge. Vi høyrte at Hafslotun Hyttesenter var til sals, såg på det og kjøpte det. Vi reiste heim, avvikla

skal lage mat, sjokolade – eller noko anna. Du må ha peiling på prosessen, og vere presis. Blant anna med temperaturar på ulike typar sjokolade. – Eg jobba også med sjokolade i konditoritida: Eg selde og pakka. No får eg berre beskjed om kva eg skal gjere, og det fungerer bra, ler ho.

STOR PÅGANG FRÅ BEDRIFTER

Suksess kan fort gje blod på tann. Men ekteparet har ingen planar om å gå for fort fram. – Vi vil heller vere liten og god, enn å bli store raskt. Kvaliteten er viktigare enn kvantiteten. Vi har ikkje planar om å tilsette folk no, men kanskje i framtida. No skal vi først og fremst skape flyt i logistikk og rutinar, og få på plass utsal. Til no har 10-12 bedrifter vore i kontakt med oss og spurt om å få selje varene våre. Det blir for mange i starten, så vi startar med å snakke med 3-4 bedrifter, blant anna i Sogndal, Førde og Nordfjordeid. Det har ringt folk frå Bergen også. Vi ønskjer å utvide etterkvart, seier han. Det same gjeld produktutvalet.

1) Søt filosofi – som mange nok har tydd til. 2) Ein diger bolle med varm sjokolade. Diverre er det ikkje lov å dyppe ting ned i denne. 3) Nøtter og sjokolade er ein kjent og kjær kombinasjon - også på Sognefjord Sjokolade. 4) Underlag – som skal bli fundament for nydeleg konfekt.


1

2

3

4

23  | papiravisa 0116


søt supersuksess

5

Visjonen er å vere ein produsent, som lagar varer til utvalte bedrifter. Og så kjem vi til å ha utsal her eit par dagar i veka, og oftare i høgtidene Paul Fransen og Franka Fransen, Sognefjord Sjokolade

– Vi hadde 12-13 produkt vi laga til jul, og kjem nok til å utvide litt fram mot påske. Morsdag og valentinsdag kjem først, men påska er det neste store målet, seier Franka. – Då kjem vi til å lage store påskeegg, som vi er vant til i Nederland, med konfekt på, og ulike sjokoladar med fyll og strø på. Det blir spennande å sjå korleis folk reagerer på det. Sjokoladen vi lagar er nok litt uvant her omkring, samtidig trur eg det er ei av årsakene til suksessen: Det er nytt og spennande, seier Paul.

LOKKAR KUNDAR MED SOSIALE MEDIUM

24 | papiravisa 0116

6

Mykje av salet skjer lokalt. Men stadig fleire snusar innom på veg forbi. – Vi nytter mest Facebook og Instagram til marknadsføring, og ser at vi har god rekkevidde og får følgjarar frå heile landet. 10-15 bilar på veg forbi stoppar innom dagleg. Likevel er det ikkje rom for å drive fulltidsutsal. – Visjonen er å vere ein produsent, som lagar varer til utvalte bedrifter. Og så kjem vi til å ha utsal her eit par dagar i veka, og oftare i høgtidene, forklarar dei. – Det er ein del forventingar til at vi skal ha open kafé her om vinteren òg, men det går ikkje. Sognefjord Sjokolade har lagt ned monnalege summar for å komme i gang. – Til no har vi investert rundt 1,6 millionar kroner. Og når vi skal til å byrje å levere varer, så treng vi ein skikkeleg bil. Slik er det berre: Når du satsar må du berre peise på. Og då er det ingen veg tilbake, smiler han. – Vi har fått 400.000 kroner av Innovasjon Norge. Det er eit godt bidrag.

INNE OM VINTEREN – UTE OM SOMMAREN

5) Paul og Franka likar best å jobbe for seg sjølv – og saman. 6) Ekte handlaga freisting.

Sjokoladeproduksjon er sesongvariert, og det passar ekteparet bra. – Mykje sjokoladeproduksjonen skjer om vinteren. Du kan ikkje ha det for varmt når du oppbevarer sjokolade, og ein er nøydd til å ha rett temperatur når ein produserer. Derfor har vi delt lokala i to ulike soner: eit for produksjon og eit ute i sjølve kafélokala. Vi kjem til å drive kafé her om sommaren, i samarbeid med Tørvis Hotell. Det blir utsal av sjokolade, kafémat og Alm Gard sin fantastisk gode is. Om sommaren driv vi i tillegg med guiding av turistar i kajakk, med over 900 gjestar i fjor! Det er eit fint liv: inne om vinPAPIRAVISA teren og ute om sommaren, smiler dei. PAPIRAVISA

©

©


Annonse

Joachim Vie (35) er dagleg leiar i Rein Design. Han har ansvar for den daglege drifta, kan hjelpe deg med strategi- og marknadsplanar og ler så det høyrest over heile bygget, spesielt når han er i det kreative hjørnet.

Trude Tenold (38) er byråets Art Director. Med bakgrunn frå større reklamebyrå i Bergen, er det ho som har det overordna ansvaret for at design som blir levert av oss, har kvalitetar du ikkje finn hos mange andre.

Roy Sunde (44) er redaktør av Papiravisa. I tillegg til å skrive artiklar for avisa, bidreg han med tekstarbeid for mange av våre byråkundar, både til Facebook, nett, årsmeldingar og informasjonsprodukt. Har stått på i 13 år for Fylkesmagasinet, Papiravisa og Rein Design.

Heidi Gloppen (29) kom rekande tilbake frå England med ein mastergrad innan design i veska si. Ho jobbar mykje med webdesign og visuell identitet, men likar også godt å jobbe med andre designoppgåver som fell naturleg i eit reklamebyrå sin kvardag.

Renate Sjåstad (36) har bakgrunn frå Avishuset Firda. Magasinlayout og produksjon av annonser til ulike plattformar er hennar hovudoppgåver. Leverer du oppdraget til Renate, kan du vere trygg på at den blir produsert til rett tid.

Kristine Slettehaug (33) er vår guru når det gjeld Facebook- og nettpublisering av artiklar. Jobbar mykje med tekst, samt marknadsstrategiar for fleire av dei største kundane våre. Det Kristine ikkje veit om nye medier, er knapt verd å vite.

Tore Fossen (51) er produksjonsleiar. Byråets eldste har kontakt med våre leverandørar, og held styr på at jobbar blir levert til rett tid. Elles likar han å skrive litt. Takka vere alder og røynsle han kan framleis komme med kreative idéar.

Til saman utgjer desse ni fylkets største byrå innan design og kommunikasjon.

Ingvild Pedersen (35) jobbar mykje med magasin, årsmeldingar, prospekt og trykt informasjon. Flink illustratør når ein har behov for slikt. Ho kan også skilte med mykje logo- og profilarbeid i sin portefølje. Tek snart permisjon, sidan magen veks ualminneleg fort.

Stine Bortheim (20) er byråets lærling, som straks skal opp til fagprøva. Har vist seg som eit JAmenneske, ikkje redd for utfordringar. I tillegg til å jobbe som grafisk designer, er ho dyktig som sjølvlært fotograf og filmredigerar. Smiler heile dagen.


Dalsfjordbrua. I alle fall deler av den.

Det handlar om å bli best.

Foto: David Zadig

Korleis skal vi engasjere kundane våre? Kva kanalar skal vi marknadsføre oss i? Korleis skal vi få den merksemda vi fortener på messa? Korleis kan firmabilen vår bli ein rullande reklameplakat? Kven kan utforme vår nye plakat? Korleis bør vår nye firmalogo sjå ut? Kvar skal vi byrje for å få på plass ei ny nettside? Har du nokon gong stilt deg sjølv nokre av desse spørsmåla? I 15 år har vi jobba hardt for å besvare dei spørsmåla kundane har hatt. I 15 år har vi strekt oss langt for å levere innan den fristen kundane våre set. I 15 år har vi forkasta fleire idear enn vi har nytta. I 15 år har vi prøvd å vere din beste problemløysar når det gjeld design og kommunikasjon. I 2016 skal vi markere oss. Det skal du også. I lag med oss. Vi er samlokaliserte med Mediebruket, som i dag består av fem erfarne ekspertar på digital kommunikasjon. I lag med dei har vi produsert nettsider for mange verksemder. Vi designer sidene, Mediebruket får dei til å virke. Det er med glede vi no ønskjer ein ny aktør velkomen inn i våre lokale. Fotograf David Zadig hadde i mange år heile verda som arbeidsplass før han slo seg ned i Dale. Om det er oppdrag for private eller bedrifter, har Zadig ei profesjonell tilnærming til oppgåva. Men det vi kanskje likar aller best med Zadig er evna til å få folk til å smile. Med sin amerikansk-norske aksent blir du berre glad. Om du vel å jobbe med Zadig kan vi love at du ikkje blir skuffa. Vi har også inngått samarbeid med R-Profile som leverandør av mellom anna folie til vindauge og bildekor, reklameartiklar, roll-ups og messeveggar. Å ha ein slik leverandør eit steinkast frå våre kontor er ein styrke, både for oss og for kundane våre.


Nærleiken Barnehage i Førde er ein av mange som har fått utvikla sin visuelle profil hos Rein Design.

Takk for tilliten.

Foto: Joachim Vie/Rein Design

Ann-Karin Steen, senterleiar på Elvetorget: – Vi er veldig nøgde med Rein Design. Det er ein gjeng som tek tak og hiv seg rundt. Alle er imøtekommande og positive, og ikkje minst er dei «på bana». Dei fortel oss kva som skal til for å skape eit godt produkt, og det likar eg. Bjørn Leirdal, rådgjevar IT-utvikling Lotteri- og stiftelsestilsynet: – Vi har avtale med Mediebruket om drifting av våre nettsider. Rein Design vann i 2015 tilbodsrunda på ny profil og webdesign. Vi har samarbeidd med begge før, med gode erfaringar. Det er kjekt å ha så dyktige leverandørar av tenester lokalt, og vi er godt nøgde med både samarbeid og resultat. Tine O. Vie, sals- og marknadskoordinator CrediCare: – Rein Design er vår leverandør av kommunikasjons- og marknadsføringstenester. Det inneber alt frå kommunikasjonsstrategi til marknadsførings- og salsmateriell. Dei produserer innhald til våre nyhendebrev og andre former for innhaldsmarknadsføring. Vi er veldig godt nøgde med Rein Design. Den store styrken deira er at dei har folk som kan mykje og har ulike kompetansefelt. Chatrine Elholm, dagleg leiar SMISO: – Rein Design oppfatta raskt kjernen i det vi jobbar med. Illustrasjonane Rein Design produserte til bruk i brosjyren vår var vi særs nøgde med. Figurane vil følgje SMISO vidare i mange år. Folka på Rein Design er alltid blide og imøtekommande, trår til og yt særs god service. Vi har fått mykje skryt av brosjyren, både av lokalt og nasjonalt hjelpeapparat. Den er eit praktdøme på korleis ein kan løyse utfordringa med å gi lettfatteleg informasjon om eit tungt tema.


Vil du jobbe som

marknadskonsulent i Sogn og Fjordanes største reklamebyrå? Vi er inne i ein spennande fase, og søkjer difor ein person som kan drive aktivt annonsesal til Papiravisa, samt kommunisere ut til våre kundar kva andre produkt og tenester Rein Design kan levere. Vi ønskjer at du skal vere sjølvgåande, initiativrik og engasjert i god kommunikasjon og marknadsføring. Hos oss får du trivelege kollegaer i eit kreativt fellesskap og ein arbeidsstad du kan utvikle deg på.

Send søknad og CV til joachim@reindesign.no og ring gjerne 95 93 99 92 om du har spørsmål om jobben.

Erfaring frå sal og/eller utdanning innan marknadsføring er absolutt ikkje noko ulempe. Søknadsfrist: 26. februar tjue seksten.

UANSETT UANSETT KV KVA A SOM MÅ TIL TIL,, VIL VI FÅ FÅ FRAM BODSKAPEN DIN!

/reindesign2013

kontakt@reindesign.no

|

Telefon: 95 93 99 99

|

Øyrane 3 A, 6800 Førde Kommunikasjonshuset


interiør

PRYD DET NYE ÅRET Eit nytt år er godt i gang, og eg nyttar fyrste del av min tilmålte spalteplass til å ynskje dykk alt godt for det nye året. Eg gler meg til nye interiørsprell og nye putetrekk i året som kjem. Og eg deler dei sjølvsagt med dykk. Tekst og foto: Marthe Holien Bø


interiør

Eg hoppa av nyttårsforsettkarusellen for nokre år sidan, eg er nemleg ei av dei som gjer det heilt motsette om eg nektar meg sjølv noko. marthe holien bø

MARTHE HOLIEN BØ 30 | papiravisa 0116

Bur saman med Rasmus, Mathea og Anna i eit hus frå 1880 i Stryn. Ho har flytta frå storby til bygd, og er lidenskapeleg oppteken av interiør med sjel. Bloggen hennar marthebo.no er ein av Norges mest leste interiørbloggar. I Papiravisa deler ho både bilete og tankar.

Dette er nyttårsforsetta si store høgtid. Vi skal og bør og må mykje meir no enn i fjor. Eg hoppa av nyttårsforsett-karusellen for nokre år sidan, eg er nemleg ei av dei som gjer det heilt motsette om eg nektar meg sjølv noko. Får eg ikkje ete sjokolade, seier du? Då fyller eg handleposen med Melkerull og Stratos! Ikkje fleire vasar, puter eller stolar i hus? Der vart plutseleg vegen til næraste interiørbutikk veldig kort. Eg vel heller å ynskje meg ting. Eg ynskjer å ha fingrane meir i jorda, mindre på tastaturet. Blikket mysande mot sola og fjella, ikkje ned i skjermen. Hendene om familien min, ikkje om telefonen. Berre litt meir av det eine og litt mindre av det andre. Men ein kan jo ikkje gå ute og sjå på fjella og den vakre naturen vi har her i fylket heile dagen. Vi som likar interiør likar oss som regel også heime, og då er det viktig å ha noko fint å kvile blikket på inne.

Eg har endeleg fått laga meg ein bildevegg. Dette er noko som mange kvir seg til, inkludert meg, for det er slett ikkje lett å sette saman bilde på ein vegg og få det til å sjå balansert og fint ut. Men det finst heldigvis nokon enkle retningslinjer du kan følgje for å få eit godt resultat. Fyrste trinn er å velje kva slags bilde du ynskjer å pryde veggen din med. Her kan du anten halde deg til eitt tema eller mikse ulike uttrykk og stilar. Grafiske bilde saman med motiv av meir organisk art gjer det heile meir spennande. Du kan også velje om du vil ha ein monokrom fargeskala, det vil seie svarte/kvite bilde, eller om du vil ha farge på dei. Lat det vere ein raud (eller kanskje blå?) tråd i fargevala, så blir bildeveggen balansert. Du får ei meir levande kjensle i rommet ved å variere størrelsen på bilda.

for korleis dei skal ta omsyn til kvarande på veggen. Du kan også bruke avispapir som du klipper ut i den størrelsen bilda dine er i, og som du teipar opp på veggen. Prøv ulike kombinasjonar til du finn mønsteret du likar. Tenk at det bør gå nokon gjennomgåande linjer i bildeveggen din. La til dømes nedste eller øvste del av ramma flukte i linje. Hugs også at det er finast med same avstand mellom rammene. Jo større rom du har, jo meir luft kan du ha mellom rammene. Det treng absolutt ikkje vere symmetri (symmetri er ofte lite spennande), men linjene mellom rammene bør vere gjennomtenkte. Skal bileta henge over eit møbel, får du betre balanse ved å ta utgangspunkt i breidda på møbelet, og deretter sentrere bilda ut frå dette. No er det berre å sette i gang: opp på veggen med PAPIRAVISA favorittbilda dine! PAPIRAVISA ©

©

No legg du bileta utover golvet, og legg ein plan


31  | papiravisa 0116


32 | papiravisa 0116 Kent Roger Engdal – i ei usedvanleg stille stund til han å vere.


Sjukepleiaren som bygde helsehus Då Kent Roger Engdal tok over Spenst Førde i 2008, låg senteret nede med broten rygg. Saman med teamet sitt klarte han å snu trenden. Dei kunne vore nøgde seg med å lage eit bra treningssenter, men trongen til å skape noko meir var sterk. Tekst: Roy Sunde Foto: Stine Bortheim

TRENINGSSENTERET MOT STRAUMEN

No er draumen fullbyrda: I januar opna Helsehuset Førde, med Spenst Førde, Crossfit og to etasjar til med helse- kosthald- og treningstenester, samt bedriftshelseteneste. Frå fysioterapeutar til ultralyddiagnostikk og jordmor. – Målet var eit komplett Helsehus, der ein fekk det meste av trening og helsetenester i eitt hus. Og no er vi der. Spenst Førde har, ilag med huseigarar og investorar, brukt nær 30 millionar kroner, inkludert Spenst Florø, smiler Kent Roger. – Å ha det beste av alt kostar, men så har og lokala blitt særs gode. – 25-30 millionar kroner på trening i Førde og Florø. Det er mykje pengar? – Ein del var, forståeleg nok, skeptiske i starten. Det er mykje pengar på eit treningskonsept i Førde, men det ligg ein langsiktig tanke bak: Å

bygge treningssenter for framtida. Lågpriskonsept pregar treningsbransjen no, men eg tenker motsett: Eit senter som tilbyr eit breitt utval av trening og tilleggstenester. Fordi folk gjerne byrjar å trene, men utan variasjon, blir mange inaktive att. Medlemsauken kom fordi vi utvikla oss. No omset vi for 10 millionar kroner, økonomien er der og kundane er lojale. Då torer vi å satse pengar. Kundane ser at pengane dei brukar på oss går til å gje dei eit best moglege senter, seier han. – Dette er mogleg fordi vi har gode samarbeidspartar. Samspelet med huseigarane fordeler risiko og kostnadane på fleire, og gjev oss dedikerte partar. Eg hadde heller ikkje tort dette utan Helsehuskonseptet. Vi har eit fellesråd på huset som utviklar og driv huset vidare.

SATSA I FLORØ OGSÅ

Parallelt med Helsehus-arbeidet fekk dei også førespurnadar frå nabobyen i vest. – Det byrja med Florø-folk som var her og trena, som spurte: ”Kan de lage eit slikt treningssenter i Florø?” Vi tok ei marknadsanalyse, og såg at dette var spennande. Vi kom i dialog med Frank Robert Klakegg, som eig eit bygg ved AMFI-senteret og hadde stor tru på dette. Han tek ein del av risikoen og vi vår, seier han, og fortel at det er ein suksess-strategi. – Gode partnarskap, låge driftskostnadar, samt delt ansvar og risiko. Og aldri å gjere noko halvvegs. Eit nytt tilbod må vere betre enn det som er på marknaden. Vi brukte tre millionar kroner på utstyr og ein million til infrastruktur. Vidare tok huseigar ombygging og ventilasjon,

seier han og smiler av spørsmålet om han har opna sitt siste treningssenter. – Det er ein spennande tanke, men vi har ingen planar. I to år har det handla om å bygge. Fokuset er å drifte det vi har, pleie og følgje opp medlemmane. Vi føl med når det dukkar opp spennande ting, men det ligg ikkje noko konkret i det. Men om ein skal drøyme litt hadde det vore spennande med Spenst som ei sterk merkevare på Vestlandet, på lenger sikt, smiler Kent.

FRÅ TRENINGSSENTER TIL STOR BEDRIFT

I tillegg til å eige 75 prosent av Spenst Førde, sit Kent Roger i styret for Spenst Florø og Førde Spa og Helse. Spenst Førde er største aksjonær i begge selskap.
 – Kvardagen blir travlare når ein veks. Vi har gått frå 502 til nær 2400 medlemmar. Det krev meir personale, logistikk og administrering, samtidig som vi har samarbeidspartar som vi spelar på lag med. Det er utruleg kjekt å jobbe i eit stort team, og eg gler meg til jobb kvar dag. Det er kjekt å sjå nøgde medlemmer som er stolte over senteret sitt. Eg slit mest i sommarferien, når eg ikkje skal tenke, ler han. 
– Eg er glad i å gruble, løyse problem og utvikle meg. Blir det for roleg trivst eg ikkje, men dei siste to åra var det hektisk nok. – Det har gått i eitt med bygging, utviding, administrering og planlegging og lange dagar. Eg har brukt alvorleg mykje tid på at andre skal ha det bra på trening, og lite på å trene sjølv. Eg har sakna meir tid til meg sjølv og familien. Nyttårsfortsettet er å ha tid til å trene sjølv – det er lenge sidan sist. Desse to åra har kravd at ein er struk-

33  | papiravisa 0116

Spenst Førde tok over drifta av Sunnfjord Spa, planla Helsehuset, og starta Spenst Florø. Kent Roger skildrar dei siste to åra som hektiske – akkurat slik han vil ha det. – Det har alltid lagt i meg at ting skal vere bra. Eg har ein trong til at Spenst skal vere gode, og at det du tilbyr kundane dine må vere topp vare: Eit breitt treningstilbod av høg kvalitet. Sidan 2008 har vi jobba med å tilby folk eit betre tilbod, og det har medlemmane vore respondert bra på. Då vi tok over Sunnfjord Spa hadde vi eit godt utrusta senter, men spa gav oss ei ny retning: Avslapping og pleie. Crossfit gav folk meir variasjon i treninga. Det å kople trening og helse har vore ein draum lenge.


sjukepleiaren som bygde helsehus

Det har sin pris å jobbe mykje, og eg har mista ein del venner. Ein havnar i ei boble: Jobb, familie og sove – og repeter. Kent Roger Engdal, Spenst Førde

med at eg hadde byrja å jobbe i heimesjukepleia. I tillegg var eg PT på Spenst. Det var 150 prosent jobb, før eg vart senterleiar på Spenst. Eg har aldri angra på sjukepleieutdanning. Den lærte meg utruleg mykje om kommunikasjon, medkjensle, anatomi og helse. Det har vore veldig nyttig.

MANNEN SOM SØV GODT – TRASS ALT

34 | papiravisa 0116

Det har blitt lite trening på treningssentergründeren dei siste åra. Men han er sporty nok til å gjere ein innsats for fotografen.

turert og har eit godt team. Det har eg. Salleiar Eli Gro Bergby Carlsen er eit unikum og vi har dyktige instruktørar. Saman med Sindre Rørstadbotnen på sal, og senterleiar Stig Hårklau, deler vi ansvaret med vårt dyktige styre. Lista er lang over personar i systemet som gjer ein super jobb.

GUTEN SOM VAR EIN AV GUTTA, MEN IKKJE HEILT

Lat oss spole nokre tiår tilbake. Kent Roger vaks opp i Hyllestad, der han via tida til fotball. – Fotball var og er favorittaktiviteten. Eg vaks opp på Lekva i Lifjorden, ein liten stad eit godt stykke frå bana i Hyllestad. Eg budde på fotballbana, så det vart mykje køyring. Til slutt innsåg foreldra mine at det var like greitt å flytte til Hyllestad for å komme nær bana, smiler han. – Styrketrening kom først i militæret, seier han og røper at han då ville bli politi. – Eg var i militærpolitiet, søkte meg inn på

politihøgskulen, men fekk beskjed om at eg var for ung. Då måtte eg finne på noko anna. Heller enn å jobbe i Securitas eit år ville eg jobbe med folk. Å yte omsorg har alltid lagt i meg. Når kompisane mine valte vidaregåande, gjekk det i allmennfag eller maskin og mekanisk. Eg skilte meg ut med helse og sosial. Frå eg var 18 jobba eg som støttekontakt og i heimesjukepleia. Det gav meg mykje, så eg valde å utdanne meg til sjukepleier, og tok ambulanseutdanning parallelt med sjukepleie. Då kunne eg jobbe med noko eg hadde erfaring frå, og trivst med. Då eg var ferdig byrja eg i psykiatrien. Der var det sterkt fokus på å trene som ein del av behandling, og det passa meg godt. Hovudoppgåva mi i sjukepleie var ”Fysisk aktivitet som alternativ behandling for depresjon”. Det vekte noko i meg: at trening og helse heng saman, og kor bra fysisk aktivitet er for oss. – Eg trena på Spenst, og byrja på utdanning som personleg trenar på NIH i Bergen, samtidig

– Titals millionar kroner investert, ansvar for tre bedrifter med over 30 personar i og småbarnsfar. Søv du godt Kent Roger? – Så lenge ungane ikkje vekker meg, ler han. – Eg har flotte folk rundt meg, som gjer ein herleg innsats. Då er det lett å ha mykje ansvar. Det er dei som er viktig, ikkje kva ein omset for eller kva ein har i gjeld. Vi dreg lasset saman. Eg synest ikkje det blir for mykje, sjølv om sambuaren min ville svart annleis. Då det kokte som mest i 2015 og ombygginga var på sitt ”verste”, såg eg knapt borna mine i periodar, og det plagar meg. Eg kjente på frykta for å bli ein dårleg far, og fekk dårlig samvit. Eg måtte ta grep. Måndag og onsdag kan det gjerne bli både 12 og 15 timar, men resten av veka må det brenne for at folk skal ringe meg etter 16. Eg er avhengig av å ha dagar der eg kan gå heim og vere med familien, slår han fast med tyngde. – Som sjukepleiar kunne eg gå heim klokka fire. Som leiar og aksjonær må ein i blant vere tilgjengeleg heile tida. Då må ein ha klare retningslinjer på når ein tilgjengeleg, og ikkje. Du får lite tid til andre relasjonar og blir mindre sosial, når ein både skal drive ei bedrift og vere familiemann. Det har sin pris å jobbe mykje, og eg har mista ein del venner. Ein havnar i ei boble: Jobb, familie og sove – og repeter. Om eg aldri hadde teke over Spenst, hadde eg kanskje jobba i eit omsorgsyrke enno. Om eg hadde blitt den same personen veit eg ikkje. Kanskje hadde eg enda ein heilt annan stad. Men eg har dette med å skape og utvikle i meg, som eg ikkje ville fått utløp for på same vis i helsevesenet. Eg hadde nok enda opp med eit eller anna prosjekt uansett, smiler han. – Å utvikle og skape gjev meg ro i sjela. Sjølv PAPIRAVISA når det koker som verst. Merkeleg nok. PAPIRAVISA

©

©


SUKSESS HANDLAR OM Å HA DET GØY PÅ VEGEN.

KAMPANJE: BMW xDRIVE FIREHJULSDRIFT BERRE 9.990,-* Som stolt hovudsponsor av skiskyttar-VM i Holmenkollen kombinerer vi idrettsglede og køyreglede. Vi stiller til start med vår beste pris på BMW xDrive firehjulsdrift. Bestill prøvekøyring hos din forhandlar og opplev skilnaden.

BMW xDRIVE

www.bmw.no

Ren kjøreglede

Biltreff

www.bmw.biltreff.no T: 57 72 56 60 Hafstadvegen 76, 6802 Førde *Kampanjen gjeld til og med 29.02.2016 Gjeld alle modellar unntatt BMW 7-serie, X1 og X5 xDrive 40e. Kan kombinerast med andre aktuelle kampanjar.

I VRAKPANT for din gamle bil ved kjøp av ny bruktbil til over 100.000 kroner. Bilen må ha skilt, og du må køyre den til oss. Tilbodet gjeld til og med 15. mars. Her er 10 av dei utvalde:

Førde

Førde

Førde

Førde

2012 VW Golf Plus 1,6 TDI 105 hk Highline

2014 Audi A3 Sportback 1,2 TFSI 105 hk Ambition

2013 VW Touran 1,6 TDI 105 hk BMT Edition

2012 Skoda Octavia 1,6 TDI 2013 VW Passat 2,0 TDI 105 hk Elegance 170 hk BMT Highline DSG

Førde

Stryn

Stryn

Sogndal

Sogndal

2015 Audi A4 2,0 TDI 190 hk quattro S tronic

2010 VW Touran 1,9 TDI 2015 VW Polo 1,2 TSI 105 hk Exclusive R-edt. DSG 90 hk Highline

2014 VW Golf 1,6 TDI 105 hk Highline

2008 VW Tiguan 2,0 TDI 140 hk 4Motion

kr 209 000,-

kr 579 000,-

BERGE

B RU K TB I L

kr 259 000,-

kr 139 000,-

kr 249 000,-

kr 204 000,-

Førde

kr 199 000,-

VRAKTPANTTILBODET gjeld kjøp av ny bruktbil til over 100.000,- på våre anlegg i Førde, Stryn og Sogndal. Kom innom, eller sjå berge.no

kr 239 000,-

kr 319 000,-

kr 165 000,-

35  | papiravisa 0116

Kr 15.000,-


Suksess utan oppskrift Med mål om at «nokon skulle komme og kjøpe eit brød eller to» bygde Jenny Marie Håland om kjellaren til bakeri. Det har fått jølstringane til å ete kanelknutar på måndagar. Tekst: Kristine Slettehaug Foto: Stine Bortheim

36 | papiravisa 0116

– Kva skal vi gjere med deg då? Det er bolledeiga på bordet Jenny Marie pratar til. Om ho får svar veit vi ikkje, men før vi veit ordet av det er deiga forvandla til ein lekker krans med fyll. Vi er på Erketunet på Vassenden. Som resten av journalistane i fylket, klarte vi ikkje å halde oss unna det vesle nyopna bakeriet. Vi måtte opp og sjå, lukte, smake og prate vi òg! Ein åttandeklasse på ekskursjon har nettopp gått ut døra, og mellom mjøl, vaniljekrem og fulle brødhyller står Jenny Marie og bakar store bollar! – Bollar på ein måndag i januar. Er det lov? Og ikkje minst: Er det marknad for det? – Absolutt, ler Jenny Marie, og er ikkje bekymra for at dagens bakst, som består av kanelknutar, emmerbrød, speltbrød og meir , blir liggande i hyllene.

SUKSESS FRÅ FØRSTE DAG

Sidan ho opna i november har nemleg kundane strøyma til kjellaren hennar, noko ho ikkje var heilt førebudd på. – I utgangspunktet tenkte eg at det hadde vore hyggeleg om nokon ville komme og kjøpe eit brød eller to av meg, ler ho. – At eg er blitt tatt så godt i mot er overraskande og litt uverkeleg, men mest av alt kjekt. – Kvifor trur du baksten din er så populær? – Det trur eg det er fleire grunnar til. Kundane er opptekne av kortreist mat og ute etter ekte handverk. Folk flest har ikkje tid til å bake

sjølv, samtidig som dei er leie av industribrød og ønskjer variasjon. Då fristar det kanskje med heimebakst frå Erketunet?

IMPULSIV BAKAR

Og vi klandrar dei ikkje: verken jølstringane, dei som stoppar på gjennomfart og heller ikkje dei som køyrer eins ærend til Vassenden for å kjøpe brød og annan bakst av Jenny Marie. Brøda er saftige og bollane er himmelske. – Kva er trikset? – Eg brukar surmjølk i alle brøda. Den gjer dei saftige, samtidig som dei held seg betre. Når det kjem til bollane, så likar eg å eksperimentere litt, seier ho og smiler lurt. – Eg er litt impulsiv, og får eg lyst kan eg finne på å putte noko heilt nytt i bolledeiga. – Som? – Til dømes solbær. Ein dag sto eg og såg på deiga og tenkte at solbæra eg hadde plukka i hagen, det hadde vore fint i denne deiga. Og ut av det skapte eg solbærstenger, som er blitt veldig populære. Andre gongar puttar eg ulike typar sjokolade inni, som i dag, seier ho og viser til dei nysteikte kveitebollane med Center-sjokolade lett flytande ut av. – Om du tykkjer noko er veldig godt, så er det stor sannsynlegheit for at andre også synest det.

INGA OPPSKRIFT

Når vi spør om ho vil dele ei oppskrift med lesarane våre, må ho dessverre seie nei. Ikkje fordi

Om du tykkjer noko er veldig godt, så er det stor sannsynlegheit for at andre også synest det. Jenny Marie Håland


Jenny Marie Håland har klart kunststykket å opne bakeri på Vassenden med langvegsfarande kundar. Sjølv meiner ho det er heimelaga, godt handverk som lokkar – og ei klype eksperimentering.

37  | papiravisa 0116


suksess utan oppskrift 38 | papiravisa 0116 den er hemmeleg, men fordi den ikkje eksisterer. – Eg veg ikkje opp mjølet. Eg skoflar det oppi, og så kjenner eg på deiga om ho har rett konsistens. Og det gjer ho utan å vere bakar av yrke. – Eg har alltid baka mykje, og trass for min hang til å eksperimentere, så pleier det å smake godt det som kjem ut av omnen, ler ho og løftar ut nok eit brett med søtbakst frå bakaromnen. –Eg hadde ikkje trudd at eg skulle stå her på ein måndag og bake bollar. Eg prøvde ein måndag utan, men då sa kundane… – HÆH, har du ikkje bollar? Då måtte eg berre innføre dei på menyen PAPIRAVISA igjen. PAPIRAVISA ©

©

Eg har alltid baka mykje, og trass for min hang til å eksperimentere, så pleier det å smake godt det som kjem ut av omnen. Jenny Marie Håland


Papiravisa sine fylte knutar Fekk du lyst på bollar? Med deileg fyll? Om det ikkje passer å besøke Erketunet, kan du jo berre bake sjølv! Lett inspirert av Jenny Marie har vi lagt opp til eksperimentering med fyllet. Ca 30 knutar

INGREDIENSAR:

1 liter H-mjølk 300 g smør 250 g melis 100 g gjær 0,5 ts kardemomme 1,5 kg kveitemjøl

VALFRITT FYLL:

Her står du ganske fritt, og kan oppnå nydelige resultat i god Jenny Marie-ånd. Bruk fantasien og bruk det du likar best som fyll.

EKSEMPEL

39  | papiravisa 0116

• Smør, sukker og kanel • Sjokolade og hakka nøtter • Eple, kanel og vaniljekrem. • Hermetisert pære og sjokolade

FRAMGANGSMÅTE:

Kok opp mjølk, smør og melis. Avkjøl blandinga til den er fingervarm (37°C). Rør gjæren ut i væska, og bland i kardemomme og kveitemjøl. Elt deiga til den er smidig. (Den kan heve i 30 min, men det er ikkje nødvendig med denne oppskrifta på grunn av den lange etterhevinga.) Del deigen i 2 delar. Kjevle ut kvar halvdel til leivar på ca. 30 x 40 cm. Smør på valfritt fyll. Brett leivane over på midten frå langsida og mot deg slik at du får dobbelbretta leivar som er ca. 15 x 40 cm. Skjær leivane opp i striper som er ca. 2 cm breie. Tvinn lengdene og slå gjerne ein knute på dei. Legg endane på undersida og sett knutane på bakepapirdekka steikeplater. Etterhev i 1 time. Steik midt i omnen ved 230 °C i 7-10 minutt, til dei er gjennomsteikte og gylne. Nyt! PAPIRAVISA PAPIRAVISA

©

Søt klem frå Papiravisa.

©

Foto: istockphoto.com/kazmulka


På vintertur er sjokolade og nøtter heilt innanfor. Nomi er samd.

40 | papiravisa 0116


Barnsleg

Drøymelaus – Tenk om ein pappa plutseleg vart ei fyrstikk. Så vart mammaen og ei fyrstikk. Mens søstera var ein kjele og broren ein primus. Så gjekk søstera bort til broren… Tekst og foto: Joachim Vie

EVENTYR! FANTASTISK! UFORGLØYMELEG! YOLO!

Nyhendestraumen på sosiale media er til tider som ei flaumstor elv. Den renn over av stor natur, positive opplevingar og suksess. Men som elles når elver renn flaumstore, byrjar dei å ete på fundamentet. Sosiale media har litt den same effekten på sjela – det kan av og til kjennes ut som at heile fundamentet vaklar. Akkurat no skranglar det godt. Alle turane, først med Nomi og så med Nomi og Alvin, har vist at det er ikkje enkelt. Vegen frå kvardagseventyr til dei verkelege eventyra blir stadig større. Og dei verkeleg store eventyra blir stadig nedskalert. Dei hamnar i skvis mellom jobb, barnehage og andre plikter. Jobb tek over for fritid og andre interesser. Er du ferdig med det ihuga friluftslivet, Joachim? Er du på veg inn i ein ny fase? Er du blitt ein urbanist som vel blazeren framfor gore-tex´en? Det er eksistensielt dette, tenkte eg. Korleis har du hamna her?

OPPDRAG NANSEN

– Eg vil på besøk til Sofia, og så vil eg sove i telt i hagen, seier Nomi. Ho har visst nedskalert eventyret ho òg. Avtalen vår er å reise på tur med overnatting. Nomi er fem og eit halvt år no, og

ho har framleis til gode å sove ute ei midtvinters natt. Det handlar strengt tatt meir om å teste enn å oppleve. – Eg kan ikkje sove i soveposen min, seier Nomi bestemt. Den er ikkje varm nok, meiner ho. – Vi tek med ein ekstra til deg, seier eg. – Det er ikkje så kaldt som på Nordpolen, men det er kaldt likevel! Nomi har sett NRK Super sin serie, ”Oppdrag Nansen”. Den handlar om 4 ungdomar som skal trene seg opp for å reise til Nordpolen. Det er god opplading til ein overnattingstur i januar. I ein av episodane lagar dei pannekaker og popkorn på tur. Ein ting er heilt sikkert: Overnattingsturar på vinteren er relativt monotone. Det handlar stort sett om å gå, slå leir, lage mat, sove, lage mat, rive leir og så gå vidare. Mange vaksne, og sikkert dei aller fleste born, vil finne det relativt kjedeleg, men pannekaker og popkorn er ikkje kjedeleg. No skal vi rett nok berre vere ute ei natt, men litt underhaldning må vi ha. – Mamma, vi skal lage pannekaker, ropar Nomi nøgd. Popkornet er ei overrasking. – Kor skal vi, spør Nomi. – Vi skal ikkje langt og praten går flittig om kven som er venner i barnehagen, kven som er litt venner og kvifor ståa er som den er. – Eg prøver å vere snill med alle, seier ho alvorleg og kikkar bort på meg. – Klarar du det då? – Ja, eg trur det. Men av og til må eg bli sint, fortel ho vidare. Og det trur eg på.

APEPRAT

– Neeeei, isje dunjakka. Eg er varm! – Men du blir kald! – Nei, eg blir varm når eg går. Og så går ho. Det er heilt utruleg kor mykje ein må ha med seg – og vi har ikkje pakka med oss mykje ekstra. Sekken bær tydeleg preg av å ikkje vere pakka for langtur. Den er rett nok tung, men heilt i ubalanse. Kan ikkje gå langt med denne! – Eg saknar oldemor, seier ho plutseleg. – Jaha, det var trist å høyre. Kvifor tenkjer du på det no? – Det er liksom så mørkt og trist ute no, og då blir eg og det. – Men vi er jo på tur. Er ikkje det kjekt då, spør eg. – Jo, seier ho og speidar utover landskapet. Sjå elva då, oj! Skal vi over den? Det eine spørsmålet leier til eit batteri av spørsmål og inntrykk. – Kva er det dyret som har gått der? – Sjå den pinnen, pappa! – Ditta var roten snø! – Kva hadde du gjort om eg hadde ramla i den elva? – Pappa. Pappa. Kva tenkjer du på? – Torer du gå utpå der? – Kva heiter det fjellet? – Kor er vi? Mange av turane våre er slik. Ein haug med spørsmål og mykje prat. Når Alvin er med snakkar dei i lag. Av og til er det reine fredsmarsjen, andre gonger må ein til med diplomati. Det er

41  | papiravisa 0116

Eg merka at eg ikkje heldt heilt følgje med historia til Nomi. Ho mista taket i den sjølv til slutt, og sovna. Til liks med historia om fyrstikkfamilien, så har eg mista litt taket på Barnsleg-historia om friluftsmannen.


barnsleg

Eg har ei lista over ting vi skal gjere og turar vi skal ta. Men etter ei ny gjennomlesing, så ser eg at det er ei liste laga for born på tur – ikkje turar der born kanskje kan vere med.

1

2

42 | papiravisa 0116 aldri berre å vandre – det skjer noko heile tida. Eg undrar på om det er litt av utfordringa. Før kunne ein berre gå, og det var nok. Fjellet er stilt, men rommar så mykje at det blir aldri trykkande. Med ein eller to små apekattar i følgjet blir turen noko heilt anna.

POPPIS

Vi går om lag ein halvtime før vi finn oss ein haug som vi slår oss ned på. – Her var ein skikkeleg fin plass, seier ho og slår ut med armane. – Eg er kald! – Skal du ha dunjakka no då? – Ja, det trur eg er lurt. Skal eg hjelpe deg med teltet? Vi slår opp teltet. – Hugsar du i sommar då eg hjelpte deg med teltet?

– Ja du var flink, svarar eg. – Vi er ganske gode på dette, smiler ho og set i hop teltstengene. Eg blir forbausa over kor god hjelp ho faktisk er. Medan eg normalt må springe fram og tilbake for å spenne opp teltet, kan eg no stå på eine sida medan ho hjelper til på motsatt side. – Oooh, det er koshli! Ho har lagt ut liggeunderlag og soveposar. Liggeunderlaga må pumpast opp – noko som er plagsamt treigt! – Eg kan pumpe, seier ho og pumpar ivrig med innøvd teknikk. Eg pakkar ut mat og gjer klart til kvelds. Vi brukte to timar frå vi kom fram til første pannekaka var ferdig. Til gjengjeld er senga oppreidd, ho har vore på do, fått på seg varme nattklede og alt er klart for kvelds. – Dei brenn seg litt fast, ser du det? – Det går bra. Eg likar sånne grisete pannekaker, seier ho.

– Sukker då, spør ho og kan nesten ikkje tru det er sant. – Det ligg att i ein annan boks, og det beklagar eg, seier eg ærleg. Ho godtek det. – Eg vil isje ha bacon pappa, seier ho etter første forsyning. Ho er normalt veldig glad i bacon, så eg smakar på det. – Æsj, det er noko gale med det så det hiv vi ut, seier eg etter å ha smakt på det. – Ja, det var ekkelt! – Pannekakene var eigentleg desserten, men no har vi ete opp, seier ho før ho byrjar på rett-ikoppen pasta. – Men det går bra, pappa! – Eg har ein annan dessert, seier eg og viser ho pakken med popkorn. – Hei! Skal vi lage popkorn på primusen, ropar ho. – Nokre minutt seinare får eg resten av pas-


1) Nomi er oppteken av at ho også skal ha sekk. Kva som er i den er ikkje så viktig. 2) Popkorn på tur kan vi anbefale. Det tek nesten ikkje plass i sekken og det er god underhaldning på primusen. 3) – Om du hjelper meg med å få ut soveposane, så greier eg slå opp teltet sjølv, meiner Nomi. Det er ikkje så langt i frå sanninga. 4) Er ein på tur om vinteren er det knapt mogleg å pakke lett.

3

4

43  | papiravisa 0116

taen, medan ho er meir oppteken av det som skjer i kasserollen med popkorn. – Ta av lokket då, flirer ho. Vi gjer det, og resultatet er sjølvsagt. Men det blir ikkje mindre morosamt av den grunn. Etter at vi har ete, rydda forteltet og drukke litt vatn, er det klart for soveposen. Nomi snakkar om å byrje på skulen. Om Nordpolen. Om barnehagen. Og om ”lisjebroren” som herjar i teltet, før ho avsluttar med eit kryptisk eventyr om familien fyrstikker. Kveldane i telt er ikkje like koselege på vinteren som på sommaren. Når eg attpåtil reiste frå både bok og dunjakke, så er det ikkje mykje att å finne på. Eg skjenkar ein kopp kaffi og kikkar i taket. Tankane flyg og eg prøver å ta dei ned att.

REVISJON

– Korleis har du det no, spør eg meg sjølv. Nomi

ligg like ved sidan av. Av og til kjem små snork. Spalta Barnsleg vart til då Nomi var 2 år, og starta med ein tur på Rallarvegen. Det skulle vere ein realitetssjekk på kva som var mogleg og ikkje, med born. Det skulle vere aktivitetar som eg hadde lyst å gjere saman med Nomi og etterkvart Alvin, meir eller mindre på mine premissar. Eg skulle finne ut kor mykje av det gamle og gode friluftslivet ein må legge på hylla når ungane kjem. Kor store eventyr skal du tillate deg å drøyme om? Eg sit att med spørsmålet: Kor store draumar har du eigentleg? Med ein utfordrande jobb, huslege plikter og to born. Er det plass til draumar? Eg har tvilt av og til. Er denne spalta blitt ein tvangstanke, eller har ein reelt lyst på tur. Den siste turen var aldri perfekt. Ta til dømes denne turen. Sidan Nomi sovna klokka 20.00, eg manglar bok og det var kaldt utan dunjakka, vart eg liggande i sovepo-

sen. Klokka 21 sovna eg. Så vaknar eg jamt for å sjekke at ho ikkje frys. Klokka 03.00 vaknar eg utkvilt. Slumrar i soveposen, før eg vekker Nomi klokka 07.00. Litt over åtte er ho på plass til frukost i barnehagen. Ikkje ei kjempenatt akkurat. Det mangla også på ambisjonar med turen. Vi kan sette kryss bak ”Nomi sove ute midtvinters” – men ikkje akkurat YOLO. Eg har ei lista over ting vi skal gjere og turar vi skal ta. Men etter ei ny gjennomlesing, så ser eg at det er ei liste laga for born på tur – ikkje turar der born kanskje kan vere med. Skal ein finne att gleda med å reise på tur, så må ein byrje med seg sjølv. Lista er no inne til revisjon, og så får vi sjå om det er plass til born. Ein ting er sikkert; det blir i alle fall mykje meir interessant både for deg, meg og for borna med eit sånt utgangspunkt. – YOLO


bil

Nye Audi A4

Skarpare i kantane Har du først sett deg bak rattet i den nye Audi A4, så har du ikkje lyst at bilturen

tek slutt med det første. Her får du køyreopplevingar av ypparste klasse. Og vel så det. Tekst: Tore Fosse Foto: Roy Sunde

Audi har i lanseringa av den nye A4 brukt setninga ”Mykje å setje seg inn i”. Det lever dei opp til. Her er det verkeleg mykje å setje seg inn i. Ikkje det at det er så vanskeleg å finne fram, men det er herleg å tre seg ned i komfortable sete, studere det lekre interiøret og oppleve luksuskjensla.

VIRTUELL COCKPIT

44 | papiravisa 0116

Noko nytt og spesielt må til for å vekkje merksemd i eit tid vi blir overstrøymd av digitale duppedingsar og app’ar og fandens oldemor. Audi lanserer virtuell cockpit. Ja vel? Og kva er no det for noko? Jau, noko så enkelt at til dømes det digitale speedometeret og turteljaren med eit tastetrykk zoomar inn og blir til små rundingar, og plassen der dei stod blir erstatta av eit digert navigasjonskart – sånn at du har køyreruta rett i synsvinkelen din. Funksjonane betener du via knappar på rattet. Elegant.

KUPEEN

Ute på vegen er det merkverdig stilt inni kupeen, sjølv om redaktøren er passasjer. Trulig fordi han tidleg på morgonkvisten kosar seg med nytrekt kaffi og heilt ny Statoil-kopp. Her er det høgt under taket, breidde nok til skuldrene, og skulle du bli plassert i baksetet, er det god plass der også. Den stilige automatgirspaken ligg godt i handa (sjølv om du helst skal halde i rattet), og betjeningshjulet for ulike oppsett av bilen er enkel å handtere. Støy blir det først når Ronny i P3 finn det for godt å spele Karpe Diem sin ”Hvite menn som pusher 50”. Godt det finst alternative kanalar på DAB-radioen…

DESIGN

Audi er blitt markant skarpare i kantane. Den sekskanta grillen, i kombinasjon med smale ledlykter og markerte innfelte tåkelys gjev bilen eit aggressivt frontparti. Litt sånn ”her kjem eg”-uttrykk. Dei rette linjene går vidare frå frontlyktene, langs sidene og avsluttar der led-baklyktene krøllar seg rundt bakskjermen. To eksosstus-

sar omslutta av diffusorinnsats i støytfangaren avsluttar den 4,72 meter lange Audi A4.

DIGG UTSTYR – OM DU BETALER FOR DET

Audi kan – som alltid – levere sine bilar med mykje utstyr. Aberet er at ein må bla litt djupare ned i lommeboka for å få det ein har lyst på. Men klart det kostar å få massasje i setene, head-up display, quattro firehjulstrekk m.m. Derimot er DAB+, LED køyrelys, lys- og regnsensor og behagelege turar til svigermor inkludert i standardprisen. Vår versjon av Audi A4 Avant Sport hadde ein 2,0-liters TDI-motor med 190 hk. Den modellen har ein innstegspris på ca 475.000 kroner. Men den var nedlessa i ekstrautstyr, slik at dei til slutt fekk den opp i ein sum som tilsvara ei gjennomsnittleg årsløn for ein kommunalsjef i 2012, altså (som kjent) 665.000 kroner. Av ekstrautstyr var det S Line eksteriørpakke og sportspakke, parkeringssystem framme og bak, cruisecontrol, el bagasjeromsopnar, Audi Sound system, 19-tommars felgar, virtual cockpit, lyspakke m.m. Altså; snop kostar. Rimelegaste versjon av den nye Audi A4 er 1,4 liters-versjonen av bensinmotor og sedanutgåve, med manuelt gir og 150 hk til disposisjon. Den startar på 360.000 kroner.

KØYREOPPLEVINGA

Mindre drivstoffbruk og meir effekt har vore eit mål for Audi sine ingeniørar. Med litt tung vintersko på gasspedalen kan ein fort tru at det står endå kraftigare saker under panseret. Frå 0 til 100 skal det ta 7,9 sekund i Avant-versjonen. Og den skal visstnok klare 231 km/t, men den greidde vi ikkje å oppnå. Det var tross alt litt glatt på vegane… Dieselforbruket er oppgitt til å vere 0,44 liter per mil ved blanda køyring. Vi kom oss ned på 0,55 i kulden, med mest langkøyring. Dempinga kan i første omgang kjennest litt hard ut, men skal det vere litt sportsleg køyring, kan det vere greitt at det ikkje duvar for mykje. Setene er behagelege, støy bortimot fråve-

rande, og alt ligg til rette for å fylle bilen med gode vener eller familien på ein god, gammaldags bilferie. Audi A4 er ein premium familiebil som er vanskeleg å ikkje like.

TEKNISK INFO:

Audi A4 Sport Avant 2,0 liter diesel, 190 hk aut 0–100 km/t: 7,9 sek Toppfart: 231 km/t Lengde: 4725 mm Breidde: 1842 mm Høgde: 1434 mm Eigenvekt inkl førar: 1605 kg Oppgitt forbruk, blanda køyring: 0,44 l/mil Vårt forbruk: 0,55 l/mil CO2-utslepp: 116 g/km Pris frå: 360.400,Pris testbil: ca 665.000,Forhandlar: Berge & Co

«En mann ved navn Ove» I boka ”En mann ved navn Ove” kjem det klart fram at hovudpersonen ikkje har noko til overs for folk som køyrer Audi. Ikkje likar han japanske eller franske bilar heller. Sjølv køyrer han Saab, og har alltid gjort det. I filmen definerer han Audi-eigarar som den femte nullen – fire i grillen og den siste bak rattet. I boka kan ein lese følgjande: ”Det har tydeligvis flyttet inn en barnefamilie der. Utlendinger, har Ove fått med seg. Han vet ikke ennå hva de har for slags bil. Får i alle fall håpe det ikke er en Audi. Eller enda verre: en eller annen japsebil.” Vel, Saab er historie, og det finst heilt sikkert Audi-eigarar som ikkje er representative for den femte nullen.


45  | papiravisa 0116


bil

Mykje elbilar på vegane Nær 26.000 nye elbilar vart registrert i Norge i fjor. På toppen tronar Volkswagen Golf, med nær 9.0000 eksemplar. På andreplass kjem Tesla Model S, følgt av Nissan Leaf og BMW i3. Elbilane har (førebels) ein del fordelar, mellom anna at dei slepp å betale for bompasseringar, kan køyre i kollektivfelta (ikkje spesielt relevant her i fylket), gratis transport med ferjer og gratis lading mange stader.

Skal ha fokus på kunden Luksus frå BMW Den nye BMW 7-serie er på plass hos Biltreff i Førde. – Vi kjem vel ikkje til å selje så enormt mange av denne, seier dagleg leiar Egil Skilbrei. – Men vi håpar og trur at det skal gå eit par på vegane her i løpet av året.

46 | papiravisa 0116

730 d xDrive har 6-sylindra motor og 265 hk, medan den største, 750 har 8 sylindrar og heile 450 hk. Burde halde for dei fleste. Om du er redd for å ikkje sjå skikkeleg, er den nye 7-serien utstyrt med BMW laserlys med ei lyslengde på 600 meter – nesten dobbelt så langt som vanlege lykter.

1. desember i fjor tok Frode Svidal over som dagleg leiar hos Bilhuset Førde. Ambisjonane hans er å gjere bilforretninga til ei solid verksemd og ein god arbeidsplass for dei 15 tilsette. Tekst: Tore Fossen Foto: Roy Sunde Svidal har sidan 2004 jobba hos Hetle Auto på Reed, som var store på kjøp og sal av brukte bilar. No er det Mercedes og Peugeot som skal få merksemda hans. – Eg har eit klart mål om at vi skal bli knallgode på kundebehandling. Alle ledd i ei bedrift kan bli betre, og det gjeld for oss også, seier han. – Det første eg gjorde når eg byrja her, var å jobbe ei veke verkstaden og ei veke på kundemottak og delelager. Dette for å lære å kjenne dei tilsette, og sjå korleis dei ulike avdelingane fungerer.

IKKJE UROA FOR FRAMTIDA

Volvo S90 Volvo sitt nye flaggskip i sedansegmentet, S90, vart lansert på bilutstillinga i Detroit i januar. Bilen blir tilgjengeleg med ein T8 Twin Engine plug-in hybrid med inntil 410 hk. No skal vi snart ikkje køyre sjølv, har Volvo funne ut. Med Pilot Assist-systemet skal bilen halde seg rett plassert mellom køyrefeltlinjene på motorveg i hastigheit opptil 130 km/t. Ny funksjon til City Safety er registrering av store dyr. Systemet er i stand til å registrere store dyr som hjort, hest og elg – både dag og natt. Her får føraren bremsestøtte og varslar sjåføren i farlege situasjonar for å unngå eller redusere skader ved kollisjonar med store dyr. Om den registrerer folk står det ingen ting om i pressemeldinga frå Volvo. Vi får vente å sjå når bilen kjem til ein forhandlar nær oss.

– Eg trur ikkje vi får så store endringar i nybilsalet framover, trass litt mørke utsikter for enkelte bransjar og auka arbeidsledigheit. Totalmarknaden er der, og vi skal jobbe for å få vår del av kaka, seier Svidal, som har spesielt stor tru på at dei nye modellane til Mercedes kjem til å slå godt an dette året. – Den nye Mercedes GLC er blitt godt motteken, og i april blir den nye E-klassen lansert. Vi får mellom anna ein GLE hybrid med V8-motor og 480 hestekrefter på plass i månadsskiftet mars/april. Den gler eg meg verkeleg til å kunne vise fram, seier han, og legg til at Peugeot kjem med ny Expert i mange variantar, med mellom anna automatgir og 4-hjulstrekk.

HYBRID

Han ser også at salet av hybrid-modellane vil auke i tida framover. – Det blir nok ein auke i salet av bensinmotorar, men framtida ligg kanskje i hydrogen, sjølv om det nok går ei tid før det salet fyk i veret, seier Svidal. I dag er hybrid-modellane og el-bilar ideelle framkomstmiddel for dei som har mykje småkøyring og kan lade bilen på jobb. Fleire og fleire vil nok velje hybrid eller el-bil som bil nummer to. Førebels set batterikapasiteten avgrensingar på kor langt ein kan komme avgarde på straum, så mange vil framleis køyre tradisjonelle bensin- eller dieselbilar i mange år.

KOMPLETT FORHANDLAR

Svidal går gjerne nye vegar for å bygge kunderelasjonar. – I januar hadde vi frukostmøte for verksemder, der tema var varebil og skatt. Slike event vil vi ha framover. Vi skal bli meir synlege, og vi skal bli gode på det vi tilbyr. Hos oss skal kunden stå i fokus, seier han, og legg til at Bilhuset Førde skal vere ei komplett bedrift. – I tillegg til sal av bilar og verkstaddrift, satsar vi også på dekkhotell og utleige av PAPIRAVISA bilar gjennom Hertz, avsluttar Svidal. PAPIRAVISA

©

©


Vi tar jobben. Uansett kvar du skal til eller frå. Over heile landet – eller ut av landet.

Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) er eit interkommunalt avfallsselskap som tek hand om hushaldningsavfall for 29 000 innbyggjarar i kommunane Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular, Hyllestad, Jølster og Naustdal. Vi omset årleg for kring 45 millionar kroner og har 9 fast tilsette, pluss vikarar. Hovudanlegget med kontor, gjenvinningsstasjon og deponi ligg i Hesjedalen i Førde kommune. I tillegg driftar selskapet gjenvinningsstasjonar i alle kommunane og tek i mot avfall frå næringslivet.

• • • • •

Rein Design

Flytte langt? Flytte heim? Flytte ut?

Flytting Lagring Pakking Forsikring Utleige av vare- og lastebilar

Dagleg leiar Sunnfjord Miljøverk Miljø – Utvikling – Endring Sunnfjord Miljøverk står framfor ei spennande utvikling i ein bransje i stor endring. Vår daglege leiar skal slutte etter fylte 65 år. Vi søkjer derfor ein ambisiøs, ny dagleg leiar som kan vere med å utvikle Sunnfjord Miljøverk vidare. På vår nettside www.sum.sf.no finn du den fullstendige utlysingsteksten. Ta kontakt med dagleg leiar Håkon Grepstad, mobil 90544754/ e-post haakon.grepstad@sum.sf.no, eller styreleiar Henrik Lunde, mobil 95115444/ e-post henrik.j.lunde@gmail.com, for meir informasjon og ein uforpliktande samtale. Søknad og CV kan du sende til haakon.grepstad@sum.sf.no Søknadsfrist 12. februar 2016

BÆREKRAFTIG Euro VI-motorer med utsøkt HI-SCR-teknologi: Lavere utslipp og opp til 8 % drivstoffreduksjon uten bruk av EGR.

SIKKER Avansert nødbremsesystem,

ALLSIDIG Mer enn 11 000 mulige

adaptiv Cruisecontrol, rattkontroll og airbag på førersiden.

Tilgjengelig også i 4X4 utgave. 8 ulike typer førerhus.

NY EUROCARGO: FREMRAGENDE SOM ALLTID.

www.sum.sf.no

47  | papiravisa 0116

LASTEBILEN SOM BYEN ELSKER


NYE

D I R B Y H 4 RAV ologi n k e t id r b y h Leiande 9 år 1 m o n n e j g utvikla

Toyota Safety Sense utan tillegg frå Active S

Filskiftvarslar

RAV4 Hybrid AWD, 197 hk 407 500,-*

Skiltgjenkjenning

Automatisk fjernlys

Kollisjonsvern med autobrems

Adaptiv cruise control

RAV4 Hybrid 2WD, 197 hk 369 000,-*

Hybrid AWD eller 2WD • Automatgir er standard • 197 hk / est. 400 Nm • 0 – 100 på 8,3 sekund • Tilhengjarvekt Hybrid AWD på 1 650 kg

*Pris levert Førde/Nordfjord. Årsavgift kjem i tillegg. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: RAV4 HYBRID AWD frå 0,5 l/mil, 117 g/km, 9,2 mg/km RAV4 HYBRID 2WD frå 0,49 l/mil, 115 g/ km, 7,1 mg/km. Avbilda modell kan ha ekstrautstyr. Vi tek atterhald om trykkfeil.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.