Papiravisa 2 2015

Page 1

0215 papiravisa.no

FAMILIEFRAKTARANE

KAJAKKJOMFRUENE

DJUPE DRAG – UTAN RUS

Side 23

Side 29

Side 8

Ford lanserte sine splitter nye familiefraktarar, C-Max og S-Max , i Palma på Mallorca. Papiravisa var sjølvsagt med for å teste.

To nybyrjarar i dobbelkajakk på ein stor fjord– kan det gå bra? Om du les dette er svaret ja.

Det tok Gunhild Giil Desilets 15 år i utlandet før ho endeleg følte seg god nok til å flytte heim til Florø.

Eit magasin med fokus på å leve og oppleve – og til deg som framleis likar å lese på papir.

PAR 24/7

Å leve saman – og jobbe saman. Går det bra? Side 15

NYTT MAGASIN HEILT GRATIS


Av og til er det ikkje storbyen som lokkar deg, men du som lokkar den Nye CLA Shooting Brake

Nye CLA Shooting Brake. Frå kr 349.200,Pris inkl. lev. Førde. Forbruk blanda køyring: 0,39-0,71 l/mil. CO2-utslepp: 101-165 g/km. Biletet kan avvike frå tilbydd modell. Vi tilbyr gunstig finansiering. Importør: Bertel O. Steen AS. www.mercedes-benz.no

Bilhuset Førde, Øyrane 6, 6800 Førde. Tlf. 57 72 41 00, www.bilhusetforde.no



Volvo v60 plug-in hybrid 4 | papiravisa 0215

Volvo Plug-in hybrid køyrer også på rein elektrisitet. Blanda forbruk på 0,18 l. pr. mil. Dette er bilen som kan køyre i hastigheiter opptil 230 km/t med ei rekkjevidde på inntil 900 kilometer. Terningkast fem i VGs biltest. VOLVO V60 PLUG-IN HYBRID D5 AWD 231 HK. KAMPANJEPRIS: FRÅ KR 499.000,-*

*) Pris inkl. frakt-, leverings- og adm. kostnader levert forhandlar. Alle Volvo sine dieselmodellar har partikkelfilter som standard. Atterhald om trykkfeil. Avbilda bil kan ha ekstutrautstyr. Treff Volvo på facebook.com/volvocarsno

www.frydenbo-bil.no SANDANE 57 86 61 00

FØRDE 57 83 72 00

SOGNDAL 57 67 34 00

MINDE 55 59 97 00

ÅSANE 55 53 68 00

BERGEN VEST 982 05 882

VOSS 982 05 929

KRISTIANSAND 38 04 90 00


Sagt & saksa

0215 papiravisa.no

Bra, betre, best!

Å leve – og oppleve

Gjennvinning er bra, gjenbruk er mange ganger bedre. Ja visst kan du kjøpe en ny billigsykkel hvert år, men ressursmessig er det en katastrofe. Tonny Kolsås/BT Magasinet. Tonny grunnla den Grønne Sykkel i Bergen for 13 år sidan, der brukte syklar og anna sportsutstyr får nytt liv.

Det er mottoet til Papiravisa. Vi skal skrive saker om det å leve, på godt og vondt, og saker om opplevingar i og utanfor fylket.

Alle elskar rekordar…

Hovudsaka denne gongen handlar om det å både bu og jobbe saman. Papiravisa har møtt tre par som deler heim og arbeidsstad, og spurt dei korleis det er å både bu i lag, og jobbe i same bedrift.

I #SognogFjordane har følgende fått nedbørrekorder i vinter (des/jan/feb): Førde-Tefre 1191,9 millimeter og Stadlandet 1052,6 millimeter.

Å vere par kan til tider vere ufordrande nok. Kvardagen er fylt med små og store utfordringar, og stundom problem som krev at ein finn gode løysingar. Det kan nok par flest kjenne seg att i. Men er ein par på jobben også, er det ikkje like lett å legge private problem igjen heime, eller jobbproblem på jobb. Det krev at ein er bevisst på dei ulike rollene i samlivet sitt – og at ein følgjer nokre ”køyrereglar”.

@metrologane, Twitter

Telefon – til ringing

Samtidig trekk para vi har møtt fram stikkord som felles interesser og engasjement – og ikkje minst god forståing for partnaren sin jobbkvardag og ufordringane den byr på – som nokre av fordelane ved å jobbe på same stad.

Til alle vener og kjende uvener og for den del. Send meg ikkje bilete på telefon eller linkar eller kva det no kallast. Eg har ein enkel telefon som det bere kan og høyrast talast i og sendast meldingar med bokstavar og tal. INGEN TING ANNA! … Kvifor eg har slik telefon som eg har? Det skal de gje Dykk ein god dag i. Sanninga er at det er knappar og val nok i overtal på den eg har. Min telefon er til for telefonering! Dessutan er det ein protest mot utstyrsterrorvelde der alle med dei siste nye teknologiske duppedittar trur og ter seg som om alle skulle ha det og såleis aukar marknadspresset og miljøydinga så ein lyt gnaga ned fjell og spy fjordane fulle

Vi håpar du får gode lesestunder i godtstolen, eller på sofaen. Stadane der papiraviser verkeleg kjem til sin rett. God vår.

5  | papiravisa 0215

Fridtjov Urdal/Facebook

Til ettertanke

Det er lett å vere etterpåklok

EIT PRODUKT FRÅ REIN DESIGN AS

Fylkesordførar i Hordaland Tom-Christer Nilsen (H)/ BT

Postboks 353 // 6802 Førde // 95 93 99 99

BESØKADRESSE:

Dei minste viser veg

Kommunikasjonshuset Riksvegfem Øyrane 3a // 6800 Førde

Statsminister Erna Solberg bør snarast ta seg ein tur til ein av dei minste regionane i Norge. I Dale og HAFS vil ho finne mykje av det framtidsretta næringslivet ho etterlyser i talene sine for tida.

TRYKK Schibsted Trykk Flesland DISTRIBUSJON Posten

Arvid Andenæs, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane/Debattinnlegg i Firda.

ingvild pedersen Grafisk designar

roy sunde journalist tekstforfattar

tore fossen Grafiker tekstforfattar

joachim vie byråleiar

stine bortheim lærling mediegrafiker

kristine slettehaug tekstforfattar

renate sjåstad Grafisk designar

heidi gloppen Grafisk designar

trude tenold AD / Grafisk designar

thor-aage lillestøl Marked/salg og foto

Ole Jonny Klopstad Dagleg leiar

95 93 99 91

95 93 99 90

95 93 99 93

95 93 99 92

95 93 99 99

95 93 99 89

95 93 99 96

95 93 99 95

95 93 99 94

95 93 99 97

95 93 99 98


Rett & VRANG

Nettbrettvett

Tore Fossen

I det siste er vi gjort kjent med ei dansk undersøking som viser at to av tre ungar i alderen fire til seks år heller vil leike med iPad’en framfor å leike med andre born.

6 | papiravisa 0215

Er det eigentleg så rart? Nei! For det første blir ein ikkje mobba av ein iPad. Ein får heller ikkje pryl av ein iPad. Det kan ein fort få av ein som er større enn seg sjølv. Det gjorde i alle fall eg då eg vaks opp, men så hadde eg heller ingen iPad.

brettet. Gå ut på ein kafé, ein restaurant eller pub. Snakk med nokon – face to face – og ikkje berre på face’en. Eg forstår at det ikkje alltid er like lett, for ungane kan vel ikkje vere åleine heime ei lita stund. I alle fall ikkje før dei er konfirmerte.

Men er det ei sunn haldning? Nei! For ein bør absolutt lære å sosialisere seg. Samstundes har born ein tendens til å sjå på sine heltar og førebilete, og det er ofte oss foreldre. Kva driv vi med på ettermiddag og kveld? Mange av oss sit nok og sveipar med fingeren over brettet, på jakt etter nyhende eller eit sugande behov for å sjå kven som har bursdag eller kva nokre av dei hundrevis av Facebook-vennene våre har ete til middag i dag. Såleis er vi neppe gode førebilete for våre born.

Eg er ikkje nokon forskar, og har heller ikkje forska på fenomenet «for mykje eller for lite nettbrett», men eg trur ikkje det hadde gjort noko om ungane brukte litt mindre tid på dei greiene, og litt meir tid ute med andre born. Utan at foreldra må gjete på dei heile tida og rope «Nei, nei, nei! Ikkje sånn! Du kan slå deg!»

Ein annan ting er at ungar som eigentleg burde vere ute og leike med andre born, blir passa på i så stor grad at dei ikkje får høve til å utfolde seg. Det er farleg å klatre i tre. Det er farleg å setje seg på ei disse dersom det ikkje er rette typen sand som ligg under. Speidarkniven må gøymast til avkommet har fylt minst 18 år, for elles kan fingrane forsvinne. Ikkje bør dei få prøve skøyteisen, for då kan ei framtann eller to ryke. Sykkelen bør ha minst eitt sett støttehjul for at poden ikkje skal gå på trynet og slå seg. Klart at ungane blir litt leie av å ikkje få utfolde seg. Då er brettet lett å ty til. I min barndom var det ikkje så mange interessante TV-program. Derfor var vi ute og leika. Vi spelte fotball i timevis utan at nokon vaksne skulle organisere, eller køyre oss til og frå bøane vi kalla fotballbaner. Vi kunne dra på oppdagingsferd på syklane våre (eller mor sin Svithun med ballongdekk) til bossplassar der det låg alt frå gamle bilvrak og kjøleskåp til blad med bilete av personar med relativt naken hud. Nepe- og jordbæråkrane fekk også jamt med besøk frå oss, og kondisen vart halden i hevd når vi fekk eigarane etter oss. Kor mange ungar driv med slikt i dag? Mykje av dette hadde vi «gæmlisane» aldri fått oppleve dersom vi hadde hatt tilgang til nettbrett og smarttelefonar. Men eg trur det er for seint. For seint å ta i frå ungane nettbrettet og setje seg ned å forklare dei kva epleslang og isflaksurfing er for noko. Og skal ein prøve, må ein byrje med seg sjølv: Slå av nett-

I aviser har eg lese at ein del foreldre no vil setje grenser for kor mykje tid ungane skal få bruke på nett og PC. Eg slengjer meg på. No skal det bli strengare reglar heime for bruk av PC, nettbrett, smarttelefonar, Xbox og tid framfor fjernsynet. Frå og med i dag skal ungane mine få maks ein time i døgnet til digitale medium. PAPIRAVISA Det blir nok ikkje lett, og eg tippar det kjem sterke protestar, PAPIRAVISA all den tid ungane mine er blitt høvesvis 18 og 21 år gamle.

©

©

Slå av nettbrettet. Gå ut på ein kafé, ein restaurant eller pub. Snakk med nokon – face to face – og ikkje berre på face’en.


Rein Design

Vi driv ikkje med transport av

Ferrari

Vi driv bilpleie, og med det meiner vi at om du har ein Lancia Beta legg vi like mykje arbeid ned i jobben som om at det var ein Ferrari.

Det er få som kan bilpleie like godt som Bilpleiehallen PS: Vi transporterer sjølvsagt også Ferrari

Vask og polering frå kr

1400,-

Ditecbehandling frå kr

4900,-

Tectylbehandling frå kr

5900,-

890,-

7  | papiravisa 0215

Det er få som kan bilpleie like godt som Bilpleiehallen.

Glasbehandling frå kr

Halbrendsøyra 6 – 6800 Førde www.bilpleiehallen.no – Tlf. 99 30 22 20

PS! Du treng ikkje ha Ferrari, men vi kan shine opp sånne også!

Vask og polering frå kr

Glassbehandling

1400,-

Tekstilbehandling

Vi kan hente/bringe for privat og næring. (Høyr med oss om pris)

FRYD

TI

ENBØ

AU

LA

TO

KAR

NT BILSE

SK

OS SE

RI

ER

BY GG

LL VO

RIC O

LE

BE

R

GR

DE

AV DA L

BIL

TIL

RG

EN

FØ R

DE

SE

NT

RU

M

Det er få som kan bilpleie like godt som Bilpleiehallen. PS! Du treng ikkje ha Ferrari, men vi kan shine opp sånne også!

Glassbehandling


8 | papiravisa 0215

DJUPE DRAG – utan rus

På utsida såg alt perfekt ut. På innsida hadde Gunhild Giil Desilets eit stort tomrom som ho fylte meg alkohol og narkotika. Etter 15 år i utlandet følte ho seg endeleg god nok til å flytte heim til Florø. Tekst: Kristine Slettehaug Foto: Thor-Aage Lillestøl

– Ta til eksempel dette bildet. Her meinte eg sjølv at eg var tjukk og hadde stygge bein. Eg kom på niande plass i ein fitness-konkurranse med over 70 deltakarar, og såg på meg sjølv som ein komplett fiasko. Det er ikkje normalt. That's crazy! Vi er i Florø i yogastudioet til Gunhild. Ho sit på golvet og blar gjennom mappa si med bilde frå då ho var modell og skodespelar i USA. Innimellom bryt ho ut i amerikanske uttrykk som «Look at this!». Bilda er fine, men Gunhild har flest vonde minner knytt til tida. Utvendig var ho på sitt beste, innvendig var det kaos.


avhengig. Gunhild Giil Desilets hadde vore avhengig av alkohol store delar av livet, då ho bestemte seg for å kutte tvert i 2006. Reint tilfeldig oppsøkte ho ein yogatime.

finaste. Fleire modell- og skodespelaroppdrag var ikkje nok til at Gunhild følte seg god og nok. – Eg ser no at eg var på mitt finaste, men den gangen kjende eg meg berre mislykka. Porteføljefoto.

VEKK FRÅ SEG SJØLV

– Eg streva veldig med å føle lykke og starta tidleg med å leite etter noko som anten kunne gi meg lykkekjensla eller erstatte tomrommet eg følte. Alkohol og jakta på merksemd vart erstatninga. Helgene gikk stort sett med til alkohol og gutar. Ein fjortenåring skal ikkje ligge sanselaust full i ei buske kvar helg, eller bruke vekene på å sikre seg heimebrent til fredagen. Eg laug mykje, og den eine løgna avløyste den andre. Til slutt bestemte eg meg for å reise vekk frå Florø. Vekk frå alle problema. Eg jobba eitt halvt i år i Spania, og eitt halvt i Hellas som guide, før eg som 21-åring reiste til USA for å vere au-pair. Året som guide hadde eg åtte dagar utan alkohol. Elles drakk og festa eg. Åtte edru dagar i løpet av eitt år, det er heilt vilt, crazy, seier ho og ristar på hovudet. Ironisk nok starta Gunhild livet sitt i USA som au-pair hos eit par som var høvesvis lege og psy-

Eg hadde tidlegare tenkt at eg måtte ha utført noko stort i USA før eg kunne flytte heim. Med yogaen innsåg eg at eg er god nok som eg er, og at eg ikkje trengte å bevise noko. Gunhild Giil Desilets tidlegare modell og rusmisbrukar

kolog. På det tidspunktet kanskje den hjelpa ho trengte mest, men ikkje fekk. På dagen tok ho seg av barna, medan helgene gikk med til tung drikking. – Eg reiste til USA for å komme meg vekk frå meg sjølv. Eit håplaust prosjekt, for uansett kor du reiser har du med deg sjølv. Eg fortsette å søke lykke rundt meg, den som eg mangla på innsida. Stort sett drakk eg til det svartna, eller tydde til sterkare rusmiddel. Om eg skada meg, krangla, datt ned ei trapp eller ikkje hugsa kvelden før, betydde ikkje noko, eg ville berre ha rusen. Eg var ingen snill person når eg drakk, men eg var tøff og høgt oppe.

EIT LIV I SUS OG DUS

Medan Gunhild budde i USA fekk ho fleire modell- og skode­ spelar­ jobbar. Ho jobba blant anna saman med George Clooney og Drew Barry­­more, men ikkje det ein gang var godt nok. – Eg følte meg aldri god nok, aldri pen nok. I staden for å sette pris på det positive eg opplevde, fokuserte eg på alt som var negativt. Det einaste eg følte tilknyting til var alkoholen, rusen og festinga. Og merksemd – om den var negativ eller positiv var ikkje så nøye, berre eg fekk den. Gunhild fortel om fleire episodar ho hamna i som følgje av rusavhengigheita. Alt i frå utskjelling av vener, til farlege episodar i trafikken, som den gongen ho sovna bak rattet og var på full veg ut i det greske hav, hadde det ikkje vore for at ho hamna inn i ein parkert bil i vegkanten, eller den gongen ho køyrde rusa heim frå fest med ein politibil i hælane. – Eg hugsar at vegen framfor meg var tåkete, medan politibilen i spegelen var heilt tydeleg. Hadde dei stoppa meg den kvelden hadde eg vore i fengsel endå. Midt opp i det heile møtte ho han som i dag er mannen hennar. – På fest sjølvsagt, ler ho. – Litt klisjé, men då han kom inn i den baren i Toronto såg eg berre han, og han såg berre meg. I dag er vi gifte med to barn. – Bryllaupet sto i Las Vegas, legg ho til og ler igjen. – Eg har sjølvsagt mange gode minner frå livet i USA også, berre så synd at eg aldri likte meg sjølv, og alltid samanlikna meg med andre. Etter å ha reist rundt og jobba mange år som

9  | papiravisa 0215

– Når eg køyrde på motorvegen, vurderte eg fleire gonger å køyre av vegen. Nokre gonger var eg full eller rusa, og det kunne fort ha skjedd. Det er rart å snakke om no. Eg var ein heilt annan person då. Gunhild er no 39 år, sjølvstendig næringsdrivande og driv eit suksessfullt yogastudio i Florø. Heile ho utstrålar ro. Det er vanskeleg å sjå for seg den utgåva ho var før, fylt av angst og med eit forvridd sjølvbilde. Vi må tilbake til tenåra for å forstå kvifor Gunhild ønska å ende livet sitt på motorvegen i USA.


Den største utfordringa var å endre tankemønsteret mitt. Tankar blir til ord, ord blir til handlingar og handlingar blir til vaner. Eg måtte starte med tankane. Gunhild Giil Desilets tidlegare modell og rusmisbrukar

«spokesmodel» for Saab (red.merk: attraktiv person tilsett for å snakke på vegne av ei merkevare, som i ein reklame), merka Gunhild at det var på tide å ta tak i seg sjølv. – Vi reiste rundt på ulike messer og fekk gå på alle festane som var på kveldstid. Det var VIP, det var champagnen og det var kjendisar. Eit liv i sus og dus, men på innsida hadde eg det ikkje godt. «Du er så mykje artigare når du drikk», sa vennane mine. Venner? Det er ikkje venner om dei ikkje likar deg like godt når du er edru.

KAN DU LÆRE MEG Å LEVE?

10 | papiravisa 0215

Ein psykolog anbefalte Gunhild å melde seg inn i Anonyme Alkoholikarar (AA). – Eg var så «sick and tired» etter årevis med avhengigheit til alkohol og narkotika, depresjon, angst og eit forvrengt kroppsbilde, og bestemte meg for å oppsøke eit AA-møte i 2006. Kjærleiken eg møtte der gløymer eg aldri. Kva eg hadde sagt eller gjort i fortida såg dei forbi, og eg fekk min eigen mentor, Mary Rose. «Kan du lære meg å leve?», bad eg ho. Eg visste ikkje kven eg var utan rusen og festinga. Eg måtte begynne på nytt og bestemte meg for å slutte tvert med både alkohol og narkotika. Aldri meir! Det var ikkje dei fysiske abstinensane som var vanskelegast i tida som følgde. Gunhild hadde større problem med å kjenne tilhøyr utan alkoholen. – Den største utfordringa var å endre tankemønsteret mitt. Tankar blir til ord, ord blir til handlingar og handlingar blir til vaner. Eg måtte starte med tankane. Det var ikkje veldig vanskeleg å køyre forbi stader som selde sprit, det verste var å føle at eg ikkje høyrde til nokon stad, ikkje noko miljø. Kor passar eg inn no, kven er vennene mine? Eg trengte ei erstatning for alkoholen og festinga, og valet falt på yoga. Litt tilfeldig eigentleg, seier ho og slår ut med armane i det blå yogastudioet sitt.

UTREINSKINGA

Gunhild falt pladask for yoga på første prøve­ timen. – Medan vi låg i savasana (red.merk: avsluttande stilling i yoga der ein skal ligge urørleg med mål om djup, indre ro) tenkte eg at no, no er eg lykkeleg. Det hadde eg ikkje opplevd sidan eg var barn. Vertfall ikkje utan rusmiddel. Der og då visste eg at det var dette eg skulle drive med, og et eg ein dag skulle opne mitt eige yogastudio.

Pause. – På yogamatta blir du tvinga til å vere til stades her og no. Stillingane krev full konsentrasjon og gjev ikkje rom for å tenke verken fortid eller framtid. Det er berre noet som tel. Eg håpar kundane får ei god pause i studioet mitt.

Dei neste tre åra vart ei lang berg- og dalbane. – Eg måtte reinske både kropp og sinn, og tørre bli kjent med meg sjølv. Det var mange oppog nedturar. Yogaen tvang meg til å vere med meg sjølv, den tvang meg til å vere stille og gå inn i meg sjølv og konfrontere det som var der. Eg og mannen min måtte også bli kjent på nytt, for han kjente berre den Gunhild som gjekk på fest og som aldri berre drakk berre eitt glas vin, men to flasker før ho starta på whiskyen. I dag er ho glad for at valet fall på yoga då ho skulle erstatte alkoholen. – På yogamatta blir du tvinga til å vere til stades her og no. Stillingane krev full konsentrasjon og gjev ikkje rom for å tenke verken fortid eller framtid. Berre noet tel. Og det var det eg trengte; å tilbringe tid med meg sjølv, konfrontere meg sjølv, samtidig som eg fekk ei pause frå uro, angst og depresjon. Og ikkje minst bitterheten. Før kunne eg gå og kverne og kverne på ting som hadde skjedd i fortida. Bitterheten er livsfarleg og fører ingenting godt med seg.

HEIM TIL DEI STYGGE FJELLA

I 2012 bestemte ho og mannen seg for å flytte heim til Norge. – Eg tenkte tidlegare at eg måtte ha utført noko stort i USA før eg kunne flytte heim, noko eg stolt kunne komme heim og fortelje om. Med

yogaen innsåg eg at eg er god nok som eg er, og at eg ikkje trengte å bevise noko. Så dei selde huset i USA og flytta heim. Heim til det som Gunhild tidlegare betrakta som ein fæl plass med stygge fjell. – 18 år gamle Gunhild skulle aldri tilbake til verdas styggaste fjell. I dag er fjella noko av det eg er mest takknemleg for her, ler ho. Yogastudioet, som Gunhild hadde drømt om å starte, var fort oppe og gjekk. Florø-folket har omfamna treningsforma. – Eg har hatt folk på kvar einaste time sidan eg starta opp her. Eg er utruleg takknemleg for alle kundane mine. Og at eg får lære vidare det eg meiner er så viktig: å ta ei pause i kvardagen, vere stille, puste djupt og berre vere i noet. I tillegg brenn eg sterkt for at barn skal snakke meir om følelsane sine. Ikkje berre om kva dei skal bli når dei blir stor, kor dei skal bu og kva bil dei skal ha. Snakk meir om det som er på innsida. – Eg jobbar framleis med meg sjølv, og av gammal vane kjem dei negative tankane innimellom. Med mental trening frå morgon til kveld klarar eg å la det negative gå. Hugs at det er folk i konsentrasjonsleirar som har klart å overleve med å kontrollere tankane sine. Då skal eg også PAPIRAVISA klare det. PAPIRAVISA ©

©


Rein Design

D TILBO E J N PA KAM E ROLJ O T MO

Landbrukssmøremidlar FOR ALLE TYPAR TRAKTORAR OG MASKINER

SPIRAX S4 TXM UNIVERSAL TRACTOR TRANSMISSION OILS

SPIRAX S4 TX MULTIFUNCTIONAL LUBRICANTS

SPIRAX S4 TXM UNIVERSAL TRACTOR TRANSMISSION OILS

UNIVERSAL TRACTOR TRANSMISSION OILS

SPIRAX S4 TX MULTIFUNCTIONAL LUBRICANTS

UNIVERSAL TRACTOR TRANSMISSION OILS

SPØR OSS! VI HAR KOMPETANSE OG EKSPERTISE PÅ ALT AV MOTOROLJE ÷33% ÷33%

RIMULA R4 L15W-40

Mineraloljebasert toppkvalitet Low SAPS olje for praktisk talt alle dieselmotorar i tyngre køyretøy med og uten eksosrenseutstyr.

Høgkvalitets transmisjonsolje for traktorar, entreprenørmaskiner og anna utstyr med bremser I oljebad, felles transmisjon/hydraulikk. (John Deere, Case, New Holland spesifikasjonar)

SPIRAX S4 TX (tidl. Harvella TX 10W-40)

÷33%

Syntetisk universal motor- og transmisjonsolje for landbruksmaskiner. Til dieselmotorar med og uten turbo, samt transmisjon- og hydraulikkolje i dei fleste typar traktorar med bremser i oljebad. Tilboda gjeld ut mai 2015.

GADUS S3 V220 C 2

Høgtemperatur EP-/høgtrykksfett for dei fleste auto- og industrianvendelsar i lagre, ledd og boltar. Som hjullagerfett, mellomakselllagre, elektriske motorar o.l. Står godt mot vatn.

÷25%

Øyrane 6, 6800 FØRDE Tlf. 578 21 688 - www.farsundnaustheller.no

VI HELD TIL I: Førde, Bygstad, Viksdalen, Kvammen, Stavang, Korssund, Hardbakke, Sandane og Gaupne

Farsund & Naustheller leverer drivstoff til folk i fylket. Vi støtter «utkantene» med kortautomater og drivstoff i nærmiljøet.

11  | papiravisa 0215

SPIRAX S4 TXM (tidl. Donax TD 10W-30)


V Le Creuset Coquelle Limited edition 2799,Kitch’n MODELL: Amalie Lammetun Vilnes, med kle frå Match: Part Two kjole – kr 999,Lee bukse – kr 899,Våga smykke – kr 199,Saddler lommebok – kr 699,Eurosko – kr 599,Mat frå Ferske smakar: Doble påsmurd – kr 69,Smørbrød – kr 63,Muffins – kr 29,Citybag: Stor strandveske – kr 349,Liten strandveske – kr 449,-

Ferske smakar har kaker og koldtbord til fest

Kitch’n Popp asjett – kr 39,Popp skål 550ml – kr 39,Popp teskje 6 stk – kr 59,Popp drikkebeger 250ml – kr 29,Maren drikkedispenser 7l – kr 299,Maren glass med hank 4stk – kr 149,Bodum Tekanne – kr 199,Bodum kopp to go – kr 99,-

Sunkost Cuddlebug XL pute – kr 398,Manna macadamianøtter – kr 129,Manna paranøtter – kr 69,Manna Hasselnøtter – kr 109,Eco cosmetics solkrem SPF 20 – kr 209,Teppe frå Clas Ohlson Biyibi kvit veske 399,Biyibi brun veske 399,Biyibi kvit veske 399,Citybag

Eduflex 249,Sunkost


Varsymfoni Det er på tide å feire overgangen frå vinter til sommar. Om du manglar noko i garderoben, eller ønskjer å pynte opp i heim og hage, så har vi det! Endeleg kan vi seie velkommen til sommarhandel!

Blend t-skjorte 199,Casual Friday skjorte 499,Blend bukse 499,Match

no. 1 på kjøkkenet

kitchn.no

Største kjøpesenteret mellom Bergen og Ålesund 50 butikkar/restaurantar leikeland treningssenter gratis parkering KLE Bare Barn KappAhl VIC Marcel More Woman b-young Arkja Dameklær Hennes & Mauritz Jack Jones Vero Moda Match MAT, DRIKKE OG KIOSK Spar Ferske Smakar Deli Vita Narvesen Peppes Pizza Vinmonopolet Bambus

SPESIALBUTIKKAR Clas Ohlson Glitter Zoo1 Bagorama Citybag Enklerea Liv HUS OG HEIM Bellis Blomster Nille Kremmerhuset Norli Handelshuset Princess Tilbords Kitch’n OPTIKK, UR OG GULL Bjørklund Mestergull Brilleland

SPORT OG FRITID Din sport Sport Outlet Ringo SKO dna Eurosko Shoeday SERVICE Sparebanken Vest Posten KROPP OG HELSE Nikita Apotek1 The Body Shop Sunkost Trendy frisør Skin tonic Ranels VITA Puls Førde

Kvardagar

Way Better snacks sweet potato kr 46,Aloe Vera drikken original 35,Aloe Vera drikken gojibær 35,Sunkost

...vi har det!

10–20(21) Laurdagar

10–18

www.hhforde.no

Følg oss på Facebook og Instagram! facebook.com/handelshusetforde instagram: Handelshuset

Foto og design: Rein Design

Produkta er leverte av:


NY VITARA! NY VITARA! ÅRETS BILSENSASJON ÅRETS BILSENSASJON NY VITARA! SportTech pakke: Skinn/Alcantara-seter SportTech pakke:

ÅRETS BILSENSASJON

17” Sport Aluminiumsfelger Skinn/Alcantara-seter Chrom Sport grill 17” Sport Aluminiumsfelger Tåkelys Chrom Sport grill SportTech pakke: Takrails sølv Tåkelys Skinn/Alcantara-seter Mørke ruter fra B-Pilar Takrails sølv 17” Sport Aluminiumsfelger Lakkerte dørhåndtak/Speil Mørke fra Chrom ruter Sport grillB-Pilar El.oppvarmet og innfellbare speil Lakkerte Tåkelys dørhåndtak/Speil Skinn multifunksjonsratt El.oppvarmet Takrails sølv og innfellbare speil Analog sentermontert Skinn multifunksjonsratt Mørke ruter fra B-Pilarklokke Lyspakke interiør Analog sentermontert klokke Lakkerte dørhåndtak/Speil Radio/CD/Bluetooth/USB/DAB+ Lyspakke interiør El.oppvarmet og innfellbare speil Navigasjon Radio/CD/Bluetooth/USB/DAB+ Skinn multifunksjonsratt Ryggekamera Navigasjon Analog sentermontert klokke Smartphone link Ryggekamera Lyspakke interiør Hill descent Smartphonecontrol link Radio/CD/Bluetooth/USB/DAB+ Hill hold control Hill descent control Navigasjon Adaptive Cruise Hill hold control Control Ryggekamera Radar Break Support Adaptive Cruise Control Smartphone link Automatisk Radar BreakKlimaanlegg Support Hill descent control LED Kjørelys Automatisk Klimaanlegg Hill hold control LED Hovedlys tifunksjonsratt, ergonomiske seter i skinn, LED Kjørelys Adaptive Cruise Control Ryggesensor foran og bak LED Hovedlys Radar Break Support entsystem, adaptiv cruisecontrol, Opel EYE Startknapp/nøkkelfritt system foran og bak Automatisk Klimaanlegg sassistent, 18”alu. felger, Bi-XenonRyggesensor AFL opel.no Regnsensor Startknapp/nøkkelfritt system LED Kjørelys rd CO2 utslipp 98 g/km. Forbruk 3,7 l/100 km. Gjelder blandet kjøring. Euro 5. Frakt og lev. Verdi kr. 72.500.Regnsensor LED Hovedlys omkost. Oslo inkludert i prisen. Avbildede biler kan ha ekstrautstyr. Importør Opel Norge AS. hos oss. Prøv en Opel - Vinn en Opel. Ryggesensor forankr. og25.000.bak Kampanjetilbud: Verdi kr. 72.500.Startknapp/nøkkelfritt system Spar kr. 47.500.- kr. 25.000.Kampanjetilbud: Regnsensor Spar kr. 47.500.Verdi kr. 72.500.-

Opel Insignia nå fra kr:

295.900

A SPORTS TOURER

E MER UTSTYR SOM STANDARD. 000 KR.

Opel Insignia nå fra kr:

295.900

Vitara 4x4 fra 299.900,YE OPEL INSIGNIAVitara SPORTS TOURER Kampanjetilbud: kr. 25.000.4x4 fra 299.900,-

Å HAR OPEL MYEVitara MER UTSTYR SOM STANDARD. 4x4 fra 299.900,RDI INNTIL WONDER IT IS SO87.000 RELIABLE.KR. Spar kr. 47.500.-

A GERMAN.’ AUDIA SCHIFFER

BEST BEST II TEST! TEST! BEST I TEST!

signia Sports Tourer har oppvarmet multifunksjonsratt, ergonomiske seter i skinn, remium lydanlegg, InrelliLink infotainmentsystem, adaptiv cruisecontrol, Opel EYE Vitara 4x4 fra 299.900,mera, ryggekamera, avansert parkeringsassistent, 18”alu. felger, Bi-Xenon AFL ve frontlys og mye mer utstyr som standardVitara 4x4 fra 299.900,prøvekjøre det siste innen tysk kvalitet hos oss. Prøv en Opel - Vinn en Opel.

opel.no

BEST I TEST * BEST I TEST *

CO2 utslipp 98 g/km. Forbruk 3,7 l/100 km. Gjelder blandet kjøring. Euro 5. Frakt og lev. omkost. Oslo inkludert i prisen. Avbildede biler kan ha ekstrautstyr. Importør Opel Norge AS.

BEST I TEST

*

Vitara 4x4 fra 299.900,-

‘NO WONDER IT IS SO RELIABLE. IT’S A GERMAN.’ CLAUDIA SCHIFFER

S-Cross S-Cross 4x4 4x4 S-Cross 4x4 Exclusive pakke: Sort skinn interiør Exclusive pakke:

14 | papiravisa 0215

El. soltak Sortpanorama skinn interiør Bi Xenon lys med lyktespylere El. panorama soltak Navigasjon Exclusive Bi Xenon lyspakke: med lyktespylere Bluetooth Sort skinn telefonsystem interiør Navigasjon Ryggekamera El. panorama soltak Bluetooth telefonsystem LED kjørelys Bi Xenon lys med lyktespylere Ryggekamera Parkeringssensor foran og bak Navigasjon LED kjørelys DAB+ radiotelefonsystem med USB ogog 7 bak høyttalere Bluetooth Parkeringssensor foran 17” aluminiumsfelger Ryggekamera DAB+ radio med USB og 7 høyttalere Skinn multifunksjonsratt LED kjørelys 17” aluminiumsfelger 2 sonemultifunksjonsratt klimaanlegg Parkeringssensor foran og bak Skinn Cruisekontroll DAB+ med USB og 7 høyttalere 2 soneradio klimaanlegg Automatisk avblendbart 17” aluminiumsfelger innvendig speil Cruisekontroll Tåkelys Skinn multifunksjonsratt Automatisk avblendbart innvendig speil Hillsone holdklimaanlegg kontroll/ bakkestart assistanse 2 Tåkelys Automatiske vindusviskere Cruisekontroll Hill hold kontroll/ bakkestart assistanse Nøkkelfritt system og start Automatisk avblendbart innvendig speil Automatiske vindusviskere Mørke rutersystem fra B pilar Tåkelys Nøkkelfritt og start Sølvhold takrails Hill kontroll/ bakkestart assistanse Mørke ruter fra B pilar Automatiske vindusviskere

Opel Astra nå fra kr:

Swift Swift 4x4 4x4 TRA MYE MER UTSTYR Swift 4x4 Exclusive pakke: Navigasjon Exclusive pakke:

Klimaanlegg Navigasjon LED kjørelys Klimaanlegg DAB+ radio/CD spiller m/rattbetjening Exclusive pakke: LED kjørelys Bluetooth handsfree Navigasjon DAB+ radio/CD spiller m/rattbetjening 16” Alu.felger Klimaanlegg Bluetooth handsfree sjonsratt, 2-soners elektrisk klimaanlegg, Nøkkelfritt lås og start system LED Alu.felger kjørelys 16” ng, Infinity Premium lydanlegg, Nøkkelfritt Ratt girkule i spiller skinn DAB+ogradio/CD lås og start m/rattbetjening system , NAVI, Bluethoot og USB. Cruisecontrol •i skinn Bluetooth handsfree Ratt og girkule og trafikkskiltgjennkjenning, Privacy vinduer • 16” Alu.felger Cruisecontrol • bakelektrisk Astra Premium har oppvarmet multifunksjonsratt, 2-soners klimaanlegg, rkeringsassistent, bakkestartassistent. Tåkelys og Blinklys i• speil Nøkkelfritt lås ogbak start system Privacy vinduer omiske sportsseter i skinn med el. justering, Infinity Premium lydanlegg, s med LED, tåkelys, med el. innfellbare sidespeil opel.no Link infotainmentsystem DAB-radioNorsk ,Tåkelys NAVI, Bluethoot og USB. Ratt ogTectyl girkule i skinn og Blinklys i speil YE frontkamera, med kollisjonsvarsling og trafikkskiltgjennkjenning, CO2 utslipp 97 g/km. Forbruk 3,7 l/100 km. Gjelder blandet kjøring. Euro 6. Frakt og lev. Cruisecontrol • Norsk Tectyl onevarsling, ryggekamera, avansert parkeringsassistent, bakkestartassistent. t hos oss. Prøv en Opel, Vinn en Opel.kr. omkost. Oslo inkludert i prisen. Avbildede biler kan ha ekstrautstyr. Importør Opel Norge AS. Verdi 42.800.Privacy vinduer bak el. • innfellbare sidespeil u. felger, Bi-Xenon AFL- adaptive frontlys med LED, tåkelys, opel.no Kampanjetilbud: 5.000.Verdi kr. Tåkelys og42.800.Blinklys i kr. speil mer utstyr som standard. CO2 utslipp 97 g/km. Forbruk 3,7 l/100 km. Gjelder blandet kjøring. Euro 6. Frakt og lev. n prøvekjøre det siste innen tysk kvalitetNorsk hos oss. Prøv en Opel, Vinn en Opel. Spar kr. 37.800.omkost. Oslo inkludert i prisen. Avbildede biler kan ha ekstrautstyr. Importør Opel Norge AS. Kampanjetilbud: kr. 5.000.Tectyl

PEL ASTRAINNTIL 65.000 KR. VERDI

249.900

Sølv takrails Verdi kr. 69.000.Nøkkelfritt system og start Introduksjonstilbud: kr. 20.000.Verdi 69.000.Mørke kr. ruter fra B pilar Spar kr. 49.000.Introduksjonstilbud: kr. 20.000.Sølv takrails Spar kr. 49.000.Verdi kr. 69.000.S-Cross 4x4 fra 294.900,Introduksjonstilbud: kr. 20.000.S-Cross 4x4 fra 294.900,Spar kr. 49.000.-

S-Cross 4x4 fra 294.900,-

Opel Astra nå fra kr:

249.900

Å HAR OPEL ASTRA MYE MER UTSTYR OM STANDARD. VERDI INNTIL 65.000 KR.

Spar kr. 37.800.-

Swift 5 dørs fra 229.900,Verdi 4x4 kr. 42.800.Swift 4x4 5 dørs fra Kampanjetilbud: kr.229.900,5.000.Spar kr. 37.800.-

Swift 4x4 5 dørs fra 229.900,-

HalbrendsøyraHalbrendsøyra 7, Førde - tlf. 57 82- tlf. 99570082 99 00 7, Førde

Som skapt for norske forhold! www.suzuki.no Som skapt for norske forhold! www.suzuki.no Som skapt for norske forhold! www.suzuki.no


Par i hjarte

– og på jobben Tekst: Kristine Slettehaug/Roy Sunde Foto: Joachim Vie/Thor-Aage Lillestøl/Stine Bortheim

Å både leve saman – og jobbe på same stad. Korleis er det? Kva utfordringar byr det på, og gjer det livet enklare – eller tvert om?

Vi har møtt tre par: eit som møttes på arbeidsplassen, eit der ho etter å ha tenkt nøye over det søkte jobb på mannen sin arbeidsplass, og eit par som driv ei bedrift saman.


par i hjarte og på jobben LAGSPELARAR. – Vi er eit godt team, men vi har av og til behov for tid kvar for oss, seier Sveinung Nordtveit og Tone Listau om det å jobbe og bu i lag.

16 | papiravisa 0215

– Det kan fort gå ei kule varmt Ekteparet legg ikkje skjul på at dei tek med seg mann- og konerollene på jobb.

Tone Listau og Sveinung Nordtveit er eigarar av Nærleiken Barnehage, kollegaer og ektefeller. Ho jobbar som styrar, han som barnehagelærar. – Vi møttes som kollegaer i ein barnehage i 1980. Eg fekk klar beskjed frå sjefen om at eg ikkje skulle kødde med Tone. Ho ville ikkje ha ein rundbrennar i barnehagen. Med mindre eg meinte alvor, så skulle eg halde meg unna Tone. «Er det ikkje seriøst då», flira eg. Seriøst vart det. Over 30 år seinare er dei framleis ilag. Dei siste ti åra har dei igjen jobba saman. – Vi har ulik kompetanse. Min styrke er administrering. Difor er eg styrar, medan Sveinung jobbar «på gølvet». Han er klart best med ungane. Med min systematikk og hans fleksibilitet utfyller vi kvarandre, og utgjer eit godt og sterkt team, seier ho.

EKTEPAR – OGSÅ PÅ JOBB

Dei vil ikkje legge skjul på at dei tek med seg mann og kone rollene på jobb. – Det klarar vi ikkje å kvitte oss med. Vi informerer alltid tilsette og foreldre om dette, slik at dei forstår kvifor vi snakkar til kvarandre slik vi gjer. Dei som jobbar her må venne seg til måten vi oppfører oss på. Der har vi litt å jobbe med, og særleg når dei tilsette kjem i skotlinja. Det

kan fort gå ei kule varmt når vi er ueinige, seier Sveinung. – Ja, der må vi skjerpe oss, nikkar Tone. – Men så er vi veldig tydelege då, og dei tilsette slepp vertfall å gå rundt og lure. Er vi irriterte på kvarandre, så merkar dei det. Sveinung er til dagen ein av 23 tilsette, men blir som eigar involvert i store avgjersler. – Av og til må eg vere litt sjef også. Det er kollegaene mine innforståtte med. For medarbeidarane kan det kanskje virke litt urettferdig at eg og Tone er så sterke saman, og at det kan vere vanskeleg å jobbe fram ønskjer. På same tid er vi flinke til å hive oss rundt, og det er kort

Dei som jobbar her må venne seg til måten vi oppfører oss mot kvarandre på. Sveinung Nordtveit, ektefelle og kollega

veg frå idé til slutning her sidan det er oss to som styrer.

NØDVENDIGE PAUSAR

For ekteparet har jobben blitt ein livsstil. Dei tenkjer gjerne barnehage tjuefire timar i døgnet. På spørsmål om dei har spelereglar, svarar dei først bastant nei. Men nokre har dei visst likevel etter å ha fått tenkt seg om. – Ikkje snakke barnehage rett før vi legg oss, seier dei i kor. –Og vi har aldri vore medlem av same interesse­organisasjon. Ho held seg unna handballen, og eg held meg unna Humanetisk forbund. Av og til har vi behov for feriar og helger kvar for oss, forklarar Sveinung. – Det kan vere slitsamt å vere saman heile tida, og sjeldan få fri frå kvarandre. Difor må vi av og til ut på eiga hand. Andre par kjem heim til middag og fortel om dagen sin, men det kan ikkje vi, for vi var jo der begge to, ler Tone. – Men vi er eit knallgodt team, Tone, seier Sveinung og ser på kona. – Ja, vi jobbar godt i lag, og skårar høgt på trivselsundersøkingar. Så noko må vi då gjere PAPIRAVISA rett, smiler ho. PAPIRAVISA ©

©


Ekteparet gjekk nokre rundar før ho leverte jobbsøknad på arbeidsstaden hans.

– Vi snakka mykje om det før eg søkte. Terskelen for å søke jobb på Enoro, der han hadde jobba i fleire år, var høg. Men det er ikkje så mange arbeidsplassar i Dale, og eg følte ikkje at eg kunne vere veldig kresen, seier Sølvi Rørvik, som er gift med Roger Solheim. Saman har dei fem ungar. Ho leverte søknaden hos Enoro. Roger vart spurt internt om kva han tykte om det. – Vi var ferdigdiskuterte heime. Eg sa at det ikkje var noko problem, og at vi ønska å prøve å jobbe saman.

PROFESJONELT FORHOLD

Dei innrømmer at dei i starten var spente på korleis det skulle gå å både bu og jobbe saman. – Eg hugsar at eg tenkte «guri, skal eg verke­ leg sjå han heile tida» og «Kan det blir litt masse?», seier Sølvi, og blir kjapt parert frå ektemannen. – Det går vel ikkje an å få for masse av meg, vel, ler han. Han jobbar som direktør på kundeservice, og ho jobbar som prosjektleiar. – Eg føler ikkje at han prioriterer mine prosjekt, sjølv om eg er kona hans. Han er svært tydeleg og profesjonell på det området. Han støttar meg sjølvsagt om eg føler at noko er litt sårt, men fagleg sett behandlar han meg som ein

vanleg kollega. Og det er kanskje derfor vi ikkje blir leie kvarandre, fordi vi går inn i andre roller på jobb. – Eg er bevisst på at Sølvi skal bli behandla på lik linje med andre. I ei gruppe snakkar eg likt til ho som til dei andre. På tomannshand blir det kanskje raske beskjedar om henting av ungar og liknande. Elles skil vi privatliv og jobb. – Vi er opptatt av at kollegaer ikkje skal føle seg ubekveme rundt oss. Med ein gong ein byrjar å ta på kvarandre og å snakke privat, blir det kleint. Så det unngår vi, ler Sølvi. – Klarar de å legge att kranglar heime? – Mja, vi gløymer det vel litt når vi kjem på jobb, seier Sølvi og ser på Roger. – Det er kanskje ikkje den dagen eg tek mest kontakt med deg, ler han. – Vi tek vertfall ikkje krangelen på jobb. – Et de lunsj i lag? –Nei! Vi sit faktisk på ulike bord. Kva skulle vi ha snakka om då, fotballtreninga til gutane, ler Sølvi. – Vi må ha litt spelereglar for å få det til å fungere, forklarar Roger. Heime prøvar dei å avgrense jobbpraten. – Vi føler oss ikkje ferdigsnakka når vi kjem heim, og diskuterer ofte jobb rundt middagsbordet. Vi kan nok bli flinkare til å legge att arbeidet på jobb.

VELLUKKA PRØVEPERIODE

Alt i alt meiner dei at den såkalla prøveperioden har gått bra. – Til tider er det mykje å gjere på jobb. Då er det ein stor fordel at den andre parten kjenner til situasjonen og har forståing for at det blir overtid og helgejobbing, forklarar dei. – Eg hadde ikkje tatt like lett på at farspermisjonen til Roger no ikkje går som planlagt, om eg ikkje hadde hatt eit forhold til kva han jobbar med. Den innsikta eg er glad for at eg har, seier PAPIRAVISA ho. PAPIRAVISA ©

©

Med ein gong ein byrjar å ta på kvarandre og å snakke privat, blir det kleint. Sølvi Rørvik, ektefelle og kollega

17  | papiravisa 0215

Fembarns­foreldre og kollegaer. Går det?


par i hjarte og på jobben naturleg. Kollegaer brukar mykje tid i lag, har prosjekt saman og mange felles interesser, Det er naturleg at ein finn kvarandre då, seier Terje Gilleshammer og Kjellrun Lavik.

Lite nussing i gangane NRK-paret meiner felles engasjement for journalistikken er forholdet sin styrke.

18 | papiravisa 0215

Terje Gilleshammer og Kjellrun Lavik jobba begge i NRK Sogn og Fjordane då dei møttes. Forholdet resulterte i tre NRK-babyar, og paret jobbar framleis saman. Ingen store utfordringar knytt til det å bu og jobbe saman der, altså? – Det har gått veldig fint, seier dei samstemte og nikkar smilande mot kvarandre. Vi trur dei. Ikkje berre fordi kjærleiksbarn nummer tre kryp mellom dei, men fordi dei skryt uhemma over kvarandre sine kvalitetar, og smiler lurt når dei mimrar tilbake til då dei møttes. – I 2006, då vi vart kjærastar, var det kultur for å møtest på fritida blant dei unge kollegaene i NRK Sogn og Fjordane. Vi åt gjerne middag saman etter jobb, før vi reiste på ski, fest, båttur og anna moro. Det var ei fantastisk fin tid. Og sidan journalistar er utadvendte menneske og likar å prate med folk, var det naturleg at vi vart ekstra godt kjende, seier han. – Og så oppstod det romantiske kjensler mellom dykk? – Ja! Kjem det kontant frå kollegaene. – De følte aldri at de måtte skjule forholdet? – Nei, det oppdaga dei rundt oss rimeleg fort. Vi var opne om forholdet, men det betyr ikkje at vi gjekk rundt i gangane og nussa på kvarandre, ler dei. – Eg fekk inntrykk av at kollegaene våre tykte det var triveleg at vi fann kvarandre. Kjellrun er ei sosial og livsglad jente, og folk var vertfall glade på mine vegner, seier han.

GODLYNT KONKURRANSE

Dei meiner det er fleire grunnar til at jobben er

ein av vår tids største sjekkearena. – Kollegaer brukar mykje tid i lag, har prosjekt saman og mange felles interesser. Det er naturleg at ein finn kvarandre då. Kanskje spesielt for journalistar, som er borte i mange ulike situasjonar og har behov for å møtest etter jobb for debriefing og å «prate skit».

det var eg som sat i det helikopteret no», men så gler eg meg heller på hennar vegne og tenkjer at det er bra at ho får oppleve det, seier han. Når ein av dei hadde rolla som vaktsjef, vart det ekstra viktig å vere profesjonell. – I tilfelle der eg har vore vaktsjef for Kjellrun har eg vore ekstremt opptatt av å vere objektiv, og å ikkje gje Kjellrun dei mest interessante sakene. Til tider sikkert litt for proff, for å vere heilt sikker på at eg opptrer rettferdig mot dei andre journalistane.

Vi tek ikkje med oss krangelen om kva farge vi skal ha på huset på jobb. Kjellrun Lavik, Ektefelle og kollega

Paret jobba tettare saman før. Dei smiler når dei får spørsmål om dei nokon gong har konkurrert mot kvarandre på jobb. – Når begge hadde lyst til å dekke same sak vart det konkurranse, men det var mest artig, seier Kjellrun. – I tillegg vart det litt intern kniving om kven sine saker som gjekk på riks. Det fungerte meir som ei drivkraft enn ei hindring. Heldigvis unner vi kvarandre å gjere det godt, og samarbeider for å nå felles mål. Av og til tenkjer eg «eg skulle ønskjer

tre. Forholdet har resultert i tre NRK-babyar. Her med minstejenta.


Vi har ikkje gått leie av kvarandre – ikkje endå iallefall. Kjellrun Lavik, Ektefelle og kollega

Full harmoni på NRK-bygget Korleis er det å vere sjef for dei som både bur og jobbar saman?

BALANSEGANG

Paret opplever få utfordringar med å bu og jobbe saman. – Vi tek ikkje med oss krangelen om kva farge vi skal ha på huset på jobb. Vi har heller ikkje gått leie av kvarandre – ikkje endå iallefall. Det einaste vi må ta omsyn til, er i tilfelle der ein av oss jobbar med ei tung sak, og har behov for å snakke om den rundt middagsbordet. Kor mykje tid skal ein krevje at den andre brukar på å høyre på det? Før vi hadde ungar handla livet meir om journalistikken. No har vi andre ting å bruke tida på, og blir lettare irritert om ein av oss ønskjer diskutere jobb når ein ikkje er i modus til det, seier ho. Likevel ser dei på det å ha same arbeidsstad meir som ein styrke enn ei ulempe. – Så lenge ein oppfører seg og klarar å legge att privatlivet heime, går det fint å jobbe saman. Vi støttar kvarandre og har nok større forståing for partneren sitt arbeid ann kva andre par har. Felles engasjement for journalistikken er kanskje forholdet vårt sin viktigaste styrke. I tillegg går jo logistikken som smurt når ein skal same stad om morgoPAPIRAVISA nen, avsluttar dei leande. PAPIRAVISA ©

©

Distrikts­redaktør i NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen, har fleire par å halde styr på, men få utfordringar. – Ja, kor mange par har vi eigentleg på huset, spør Kai Aage Pedersen, og må fram med lista over dei tilsette for å vere heilt sikker. Han mumlar namna medan han tel. – Fire par! Som eg veit om vertfall, ler han. Ikkje at det har vore eit problem å skaffe seg oversikt. – Vi er så få her på huset, at eg merkar fort om noko er på gang. Det har derfor ikkje vore nødvendig med eit formelt besøk på sjefens kontor, når amors piler har treft i NRK-bygget. – Nei, anten blir eg informert om det, eller så oppdagar eg det. Vi har ikkje opplevd problem med at kollegaer finn kvarandre, så vi har ikkje hatt spesielt fokus på det heller. Dei må likevel følgje NRK sin policy når det kjem til ektefellar. –I personalhandboka står det at ektepar ikkje kan vere leiar for kvarandre. Elles gjeld sunn fornuft. Men altså, det går veldig bra det her. Eg har aldri opplevd konfliktar knytt til para eg er sjef for. Dei oppfører seg profesjonelt, og varierte arbeidsoppgåver gjer at den eine gjerne er ute på vegane, medan den andre er i studio. Einaste utfordinga eg opplever er å sette opp ferien. Dei vil naturlegvis ha ferie på same tid. Pedersen ser heller fordelar enn utfordringar.

Vi er så få her på huset, at eg merkar fort om noko er på gang. Kai Aage Pedersen distriksredaktør og sjef for fleire par

– For oss som har høg turnover, sikrar det stabilitet å ha etablerte par i arbeidsflokken. – Og den dagen du opplever eit stygt brot på huset? – Du, det har eg ikkje tenkt på, seier han og ser ut i lufta. Kanskje eg må legge inn ein innsats for å behalde harmonien, ler han av­slutnings­ PAPIRAVISA vis. PAPIRAVISA ©

©

19  | papiravisa 0215

– Samtidig er vi ærlege mot kvarande, og brukar kvarandre når vi treng input eller tilbakemeldingar på jobben vi gjer. Der har vi ein stor fordel, meiner Kjellrun.


par i hjarte og på jobben

– Krev tydelege grenser! Å vere par på jobben kan vere ein styrke for forholdet. Men kan også raskt by på store utfordringar. Ver tydeleg og ha klåre grenser på jobb, er Frode Thuen sitt råd.

20 | papiravisa 0215

Thuen er professor ved Høgskulen i Bergen, psykolog, forfattar, samlivsspaltist i A-Magasinet og driv foredrags- og kursverksemd om blant anna korleis arbeid og heim grip inn i kvarandre. – Å vere par på jobben. Styrke eller trussel? – Er forholdet bra, og ein har kontroll på utfordringane ved å bu og jobbe ilag, kan det vere ein styrke: Ein har truleg felles interesser og engasjement, forstår kvarandre og har god innsikt i utfordringane yrke og arbeidsplass byr på. Det kan berike eit forhold. Men det kan og øydelegge eit forhold å jobbe saman. Ein må sette grenser og vere tydeleg på at ein både er kollegaer og partnarar. Og handtere utfordringane som kjem. Slike forhold gjev komplekse relasjonar. Det krev at ein er moden, og god på kommunikasjon og konflikthandtering. Om ikkje blir det lett uhandterleg, og forholdet ei belastning, seier han.

LA PRIVATLIV VERE PRIVATLIV, OG JOBB VERE JOBB

– Kva bør par på jobben ikkje gjere? – Ein må skilje mellom profesjonelle spørsmål og kva som høyrer privatlivet til. Ufordringar i samliv og jobb blir meir kompliserte, det er vanskelegare å skilje privat- og jobbsfæren. Dei fleste tek med private problem på jobb i ei eller anna grad. Er du sur på kjærasten før du går på jobb er det ikkje lett å legge det bak seg. Det er ekstra hardt når ein jobbar saman. Det er viktig med reglar: På jobb er vi kollegaer! Privatkranglar på jobb skaper dårleg arbeidsmiljø. Ueinigheit i faglege spørsmål må og handterast i privatlivet. Slike forhold kan vere vanskeleg for kollegaer:

Ver tydeleg i rolla, kva ein kan gjere og ikkje, og korleis ein framstår. Sjølv om paret føler dei handterer dette bra, er det ikkje sikkert kollegane er einige. Om til dømes ein part i forholdet har ei leiarstilling kan det gi grobotn for misstemning. Kollegaer kan føle seg forbigåtte, eller at partnaren til sjefen får fordelar. Slike kjensler er vanskeleg å handtere, så nokre bedrifter har policy på internforhold. – Kva er den største tabba ein gjere om ein går inn i eit forhold til ein kollega? – Det er lurt å vere open om det. Om ein prøver å halde forholdet skjult gir ein rom for rykte. Det er ikkje bra for arbeidsmiljøet om kollegaene brukar masse tid på å spekulere på om det er noko mellom dykk. Ver open om det, og tydeleg. Og ha klare grenser.

INGEN PUSTEPAUSAR

Par som jobbar saman ser kvarandre meir enn andre par. – Ein går meir opp i kvarandre. Par som jobbar ulike stader kjem heim med noko å fortelje frå ein annan arena. Ytre inntrykk gjev vitalitet i forholdet. Det får ikkje slike par i same grad. Eg høyrer ofte frå «jobbpar» at ein kjenner på at ein skulle ønske at kjærasten kom heim med noko «nytt». Ein får ikkje «pausar» frå kvarandre, seier han og fortel at slike forhold var vanlegare før. – Då var det den «naturlege» måten å jobbe på før. Men mange finn kvarandre via arbeidsplassen i dag. Det er ein viktig møtestad, på godt PAPIRAVISA og vondt. PAPIRAVISA ©

©

Privatkranglar på jobb skaper dårleg arbeidsmiljø. Ueinigheit i faglege spørsmål må òg handterast i privatlivet. Frode Thuen Professor ved høgskulen i Bergen


Maksimal køyreglede til minimale prisar

21  | papiravisa 0215

NYE FORD FOCUS

Focus er heilt ny både innvendig og utvendig, men framleis like køyreglad. No kan du dessuten velje mellom eit fritt utval av teknologiar og utstyr inkludert, eller vår beste finansiering. Ford Focus frå kr 252.400,- **

FINANSIERING Rente:

0,9%

Fastrente i 3 år

*

TEKNOLOGIAR OG UTSTYR Verdi:

12.000,-

Inkludert i prisen

* Effektiv rente: 3,82%, kr 150 000,- o/5 år, etabl./ting. 4.500,-. Totalt: kr 164 919,-. NB! Ved evt. finansiering utover 3 år, blir renta gjeldande marknadsrente frå 3. året p.t. 4,95% Føreset kredittgodkjenning via Ford Credit. Atterhald om trykkfeil. CO2-utslepp frå 98 – 159 g/km (1,5 TDCI 120 Hk – 2,0 EcoBoost 250 Hk). Blanda drivstofforbruk frå 0,8 – 0,68 l/mil (1,5 TDCi 120 Hk – 2,0 EcoBoost 250 Hk). Tilboda kan ikkje kombinerast. ** Pris inkl. frakt levert Førde/Florø. Årsavgift kjem i tillegg.

www.autoforum.sf.no

AutoForum AS Sanderplassen 2 6800 Førde Telefon: 57 83 09 60

AutoForum AS Leirvåggata 1 6900 Florø Telefon: 57 75 29 30


findriv.no

ALLE RUTER

i heile fylket

med nytt

rutesøk

22 | papiravisa 0215

Finn di rute på kringom.no RUTEINFO - PRISAR - RABATTAR - TRAFIKKMELDINGAR kringom.no erstattar ruteinfo.net

ALL


Rundt 400.000 eksemplar av Ford sin S-Max har funne sine eigarar sidan bilen vart lansert i 2006. Då var det visstnok på tide å servere ein ny S-Max. Papiravisa vart invitert til prøvekøyring av den nye modellen på Mallorca. Og takka ja. Tekst: Tore Fossen Foto: Tore Fossen og Ford of Europe

23  | papiravisa 0215

Maks S-Max:

Familiefraktaren


INNVENDIG. Med nedfelte seteryggar får du rikeleg med plass. 2020 liter i 7seteren og 2200 i 5-seters versjonen. Dashbordet er ryddig og stilreint, og mange basisoppgåver styrer du via touchscreen eller knappane på multifunksjonsrattet.

Sjølvsagt gjorde vi det. Vi fekk også prøvekøyre den nye C-Max og C-Max Plus (sjå eigen artikkel). I sommarlege omgjevnader prøvde vi S-Max med 180 hk diesel og 240 hk bensin.

Endringane elles er ikkje så radikale at nokon vil lure på kva bil dette er. Dei fleste vil berre nikke anerkjennande og seie: Hmmm. Ja… Flott bil! Og sikkert veeeldig praktisk…

MOTOR

INNVENDIG

24 | papiravisa 0215

Skal vi ta motorane først? OK! På ferdigprogrammert reiserute var første del av etappen ei 81 kilometer lang rute, der absolutt alt av vegstandard var lagt inn. Frå smale og svingete vegar, til breie svingete vegar, via breie vegar utan svingar og gjennom tronge gater skulle eg få teste korleis dieselvarianten oppførte seg. Og jau du – den fungerte strålande! I kombinasjon med seks stegs manuell girkasse var det rikeleg med kraft og respons. Derfor var eg særs nysgjerrig på korleis bensinvarianten fungerte. Den har seksstegs automatkasse, og kombinasjonen fungerer fint den også, men strengt tatt hadde eg trudd skilnaden skulle vere meir merkbar. Her blir det prisen som blir avgjerande, og om det skjer noko med dieselavgiftene framover. S-Max blir tilgjengeleg med desse bensinmotorvariantane: 1,5 l EcoBoost/160 hk og 2,0 l EcoBoost/240 hk. Dieselsortimentet er noko større: Fire 2,0-liters motorar med høvesvis 120, 150, 180 og 210 hk. Sistnemnde med biturbo.

EKSTERIØR

Ford S-Max har fått ny utsjånad, og med mindre ein har minus 6 eller meir på begge auga vil ein kjenne att det nye uttrykket frå Mondeo og dei andre modellane i Ford sitt sortiment. Og bevare meg vel, det er jo så vellukka at det skulle berre mangle om ikkje S-Max’en fekk dette småfrekke frontpartiet. Det blir ikkje feil å komme på fotballkamp med ungane i denne bilen. Eg tippar vi får sjå mange av dei ved idrettsarenaene utover hausten og vinteren.

I behagelege sete i bitte litt høgre sitjeposisjon enn i ein vanleg personbil, har ein full oversikt over eit ryddig instrumentpanel. Nytt er ein stor touch-screen der du styrer navigasjon, musikk, telefon med meir. Multifunksjonsrattet har knappar for det meste. Rådet mitt er: Bruk fem minutt på å finne ut korleis dei ulike funksjonane verkar, som til dømes avstandshaldar og fartsavgrensar. Spanske vegar kan ofte samanliknast med norske, og å utforske dette i fart kan fort føre til alvorlege situasjonar. S-Max har – med sine sju stolar – plass til eit volleyballag. Rett nok bør ikkje dei høgste plasserast heilt bak. Siste seterad blir aldri favorittplassen til vaksne personar. Det blir fort mykje stive nakkar og kne i trynet for personar med litt lengde. Men for born er det ypparleg. Dei mange justeringsmoglegheitene med setene gjer bilen veldig praktisk. Spesielt godt likte eg at seteryggane kan fellast ned elektrisk, ved å trykke på nummererte knappar i bagasjerommet. Eitt trykk og setet klappar ned. Trykk, trykk, trykk, trykk – og dei fire neste seteryggane er nede. Paddeflatt bagasjeromsgolv og plass til surfebrett eller ski, hagejord og flatpakka kjøpmannsdiskar (Gud forby!). Ja til og med ein volleyballspelar kan ligge der og strekke seg ut etter å ha blitt trekt ut som 3. rads passasjer. Heile 1,99 meter lastelengde får du når seterad to og tre er lagt ned.

TEKNISK NYTT

Sjølvsagt held det ikkje berre med eit vakkert ytre når ein lanserer noko med «nye» som prefiks. Og

LYS FRAMTID. Frontlykter som ikkje blendar andre trafikantar, og som stiller inn fjernlysstrålen

Ford kjem med mykje nytt. Skulle du ha ein ungdom i hus med ferskt sertifikat, kan det vere greitt å vite at du kan setje fartsavgrensing på bilen dersom du må låne den vekk. Då er du trygg på at sjåføren ikkje greier å presse bilen opp i meir fart enn du trur vedkomande meistrar. Det kan jo vere OK å gjere det same på pur faenskap om kollegaen din vil prøve bilen. Andre nyvinningar er tjukkare sideruter for å avgrense støy og vindsus. Det er godt nytt for øyra. Godt nytt for auga er adaptive LED

frontlys med blendefrie fjernlys. Det fungerer slik at du kan køyre med langlysa på heile tida, og når du møter andre bilar vil lysa spreie seg til sidene slik at møtande bilistar ikkje blir blenda. Adaptiv styring blir også tilgjengeleg. Enkelt forklart: Ved låg fart vil lite dreiing på rattet gje stort utslag på framhjula (gull ved til dømes lukeparing), og ved køyring i større hastigheiter får føraren betre komfort og bilen vil ha betre retningsstabilitet. Verd å nemne er også


25  | papiravisa 0215

i sju ulike vinklar og lysstyrke avhengig av fart, dagslys, rattvinkel og avstand til andre bilar.

FORD S-MAX 180 HK 2,0 DIESEL parkerings­assistent som ikkje berre ser etter plass for lukeparkering, men også hjelper deg med å rygge vinkelrett inn mellom to bilar eller andre hindringar. S-Max har også har funksjonar for trafikkskiltgjenkjenning, filskiftvarsling, varsling for trafikk i dødvinkel og førarvarsel. Og ein heil del til.

FIREHJULSTREKK

Nytt frå Ford si side er at S-Max alt frå salsstart – i juli/august – også tilbyr firehjulstrekk. Noko som definitivt ikkje er ei ulempe i ein bil

som gjerne blir nytta til transport av familie og utstyr til hytteferien også. Firehjulstrekk-systemet er utvikla av Ford sjølve, og dei har kalla det «intelligent firehjulsdrift». No er vel firehjulstrekk intelligent i seg sjølv, men systemet fungerer slik at ved normal køyring er det 100% trekk på framhjula, men sensorar vurderer heile tida kvar det er behov for kraft, og fordeler automatisk naudsynt dreiemoment til fram- eller bakaksel for å oppnå maksimalt grep, det vere seg ved vassplaning eller på snø og is.

(2,0 bensin 240 hk i parentes) 0–100 km/t: 9,7 (8,4) sek Toppfart: 211 (226) km/t Lengde: 4796 mm Breidde: 1916 mm Høgde: 1655 mm Vekt: 1726 (1704) kg Oppgitt forbruk, blanda køyring: 0,50 (0,79) l/mil Vårt forbruk: Ikkje målt CO2-utslepp: 129 (180) g/km Pris frå: Ikkje klare ved trykkestart) Forhandlar: AutoForum.

Firehjulstrekk blir tilgjengeleg på dieselvariantane med 150 og 180 hestekrefter.

KØYREOPPLEVINGA

Som nemnt prøvde eg både dieselog bensinvarianten. Det er ikkje store skilnaden på dei to. Bensin-varianten er hakket kvassare enn diesel, og automatgir er å føretrekkje. Eg likar at det er automat på store bilar. Det gjev, i kombinasjon med adaptiv cruisekontroll, betre komfort enn manuell giring. På den spanske ferieøya Mallorca


finst det vegar mykje likt det vi har i Norge (snø var det litt lite av). Der eg svinga meg opp- og nedover åssider med oliventre (og sikkert nokre vinrankar) var bilen lett å handtere, sjølv i stor fart. Den låg godt på vegen. Ja, faktisk var det moro å køyre litt fort på krunglete vegar. Korleis dei på tredje seterad ville hatt det, er eg meir usikker på. På motorveg, i fart godt over det vi får lov å køyre her, var det særs lite vindsus å høyre. Her utmerka bilen seg som ein langturs-cruiser. Behageleg førarstol, stille kupe og godt lydanlegg vil gjere langturen til ei morosam oppleving. Kanskje aukar støynivået i kupeen når kone, svigermor og fire ungar har fylt dei resterande seteplassane. Men det kan ikkje Ford gjere noko med (bortsett frå å lage ein varebil av den – noko som er høgst usikkert vil skje). Totalt sett ei særs positiv oppleving av noko så kjedeleg som gjerne blir kalla ein «familiebil».

Ny C-Max og Grand C-Max

KONKLUSJON

26 | papiravisa 0215

Etter to etappar, ein med 180 hk diesel og ein med 240 hk bensin, to dagar og mange mil i innland og over stokk og stein, enda vi opp ved havet. Over ein fantastisk lunsj på Mhares Sea Club, med utsikt over azurblått hav, var det på tide å konkludere. Dommen vart at begge bilane fungerer utruleg bra. Her er plass, komfort og funksjonalitet kombinert på ein fin måte. Det er ikkje kjedeleg å køyre S-Max. Ein perfekt bil for den som har behov for ulike transportoppdrag, det vere seg folk, bagasje eller surfebrett. Komfort og mykje utstyr får du også. Kan ikkje skjøne anna enn at dette må bli ein umåteleg populær bil, spesielt når den i tillegg kjem med firehjulstrekk. Og så er den jo ganske så fin å sjå på også. Om du skal velje diesel eller benPAPIRAVISA sin? Det skal du få vurdere sjølv. PAPIRAVISA

©

©

På turen til Palma de Mallorca stifta vi også bekjentskap med Ford C-Max og Grand C-Max. Også på desse to modellane er utsjånaden markert endra. Bilane plasserer seg i kategorien mellomklassebil, der C-Max er 5-seter og Grand C-Max er utstyrt med ei tredje sitjerad – og eit utal kombinasjonsmoglegheiter, der mellom anna midtarste sete i rad to kan skyvast under eine puta og ein får enkel tilgang til bakarste rad. Grand C-Max er utstyrt med skyvedør bak. Praktisk på mange måtar for inn- og utstiging av bilen, men ein unngår også å dulte dørene bort i bilar på tronge parkeringsplassar. Interiørmessig er det gjort endringar. Ford-ingeniør Michael Nentwig omtalte dashbordet omtalt sånn: – We’ve given the dashboard a brand new layout! Sånn språkbruk varmar ein gammal grafikar. På C-Max, til liks med S-Max, kan bagasjerommet opnast ved å stikke foten under støytfangaren, og den kan også leverast med den omtalte fartsavgrensaren, parkeringsassistent og ein Active City Stop, som ved hjelp av radar i front skal hindre påkøyrsle av folk og bilar i fart opptil 50 km/t. Motoralternativa er 1.0 liters Eco-boost bensinmotor på 125 hk, og 1,5 liters med 120 og 150 hk.

Likar du lukta av diesel, er det 1,5 liters TDCi med 105 og 120 hk, eller 2,0-literen med 150 hk som står oppført i prislista. C-Max startar på vel 270.000 kroner, levert Trivselsfylket, medan du må ut med vel 30 tusenlappar til for ein Grand C-Max. Utstyrsnivået er delt inn i tre kategoriar, Trend, Titanium og Titanium X. – Vi forventar at 90% av kundane våre veljer Titanium eller Titanium X, seier produktsjef for C-Max og S-Max, Damir Ljubuncic. – Dette fordi Titaium-modellane har så mykje meir utstyr enn grunnmodellen, og at du betaler relativt lite for veldig mykje meir, seier han. Begge bilane er komfortable å køyre. Du sit høgt og har god oversikt gjennom dei store vindaugsflatene. Du blir ikkje overraska over noko i ein C-Max. Men du kan lett la deg begeistra over praktiske og funksjonelle løysingar, høgt utstyrsnivå og fornuftige prisar. Og til alle som er opptekne av miljø: Dieselforbruket på t.d. 120-hestaren er redusert med ca 12 prosent. Den minste dieselmotoren (105 hk) har eit CO2-utslepp på 99 g/km. Ford C-Max og Grand C-Max kjem for sal i PAPIRAVISA Norge i juni. PAPIRAVISA ©

©

Jets™ vakuumtoaletter og gråvannsrenseanlegg for hus og hytter • Fra kun 0,5 l vann per spyling • • • • •

Krever ikke innlagt vann Minimalt strømforbruk – 12V eller 230V Høy kvalitet og lang levetid Enkel montering og vedlikehold Uavhengig av gravitasjon

www.jetshytte.no

Opningstider: Måndag–fredag: 07.30–16.30. Laurdag: 10.00–14.00. Vi tar forbehald om fargeavvik og trykkfeil.

Rørle g ge re n i næ rhete n

Tlf. 57 72 55 90 - Mob. tlf. 992 13 790 Flovegen 4, 6800 Førde - www.dale-ror.no


2015 Klar for Klar for snømüking!

snømüking!

Polaris Polaris brøytebrøyteskjÌrpakke skjÌrpakkeBEST I selges I selges fra fra

KLASSEN KLASSEN

Kr Kr 3.999,3.999,NYHETER 2015 Polaris er markedslederen og har 30 ĂĽrs erfaring av ĂĽ NYHETER 2015 produsere firehjulinger, og hver eneste produserer vi for at den

skalPolaris vÌre er best i sin klasse. Vioghar største av markedslederen harbransjens 30 ürs erfaring avutvalg ü produsere firehjulinger, hver eneste produserer foratatdu den spesial utviklet tilbehør til og vüre modeller. Alt handlerviom vÌreultimate best i sin klasse. Vi bransjens største skalskal fü det verktøyet oghar hjelpemiddel til ditt utvalg behov. av utviklet tilbehør til vüre modeller. handler om at Medspesial vürt patenterte dempersystem og ekteAltfirehjulsdrift fürdu fü det ultimate og hjelpemiddel til ditt behov. du skal markedets beste ogverktøyet mest behagelige fremkommelighet. Med er vürt patenterte dempersystem og ekte firehjulsdrift Polaris klar for innsats. Vi müker snø, vi trekker tømmer,für du markedets mestDu behagelige fremkommelighet. vi henter ut byttebeste etterog jakta. bestemmer! Vi har ogsü Polaris er klar for innsats. Vi müker snø, vi trekker tømmer, det beste forhandlernettverket i bransjen. Alle stür klar for vi henter etterditt jakta. Du bestemmer! har ogsü ü hjelpe deguttilbytte ü dekke behov. Ta kontakt iVidag. det beste forhandlernettverket i bransjen. Alle stür klar for ü hjelpe deg til ü dekke ditt behov. Ta kontakt i dag. Polaris ATV selges fra eks mva

EIN ENKLARE

KVARDAG Vi har brei erfaring innan synskirurgi. Ei forundersøking vil gje deg ei grundig undersøking av auga dine, og pü bakgrunn av den kan vi rettleie deg vidare. Vür laserkirurg er den fremste pü sitt felt i Norden. Vi opererer nÌrsynte, langsynte, skeive hornhinner, alderslangsyn og grü stÌr. Ta kontakt i dag for ein prat om syn - vi har kort ventetid pü forundersøking og grü stÌr-behandling.

500 500 EFI EFI FOREST FOREST

Rentefri delbetaling

500 DLX 500 EFI EFI FOREST FOREST D LX 500 DLX 500 EFI Eeks. FI FOREST F ORE ST D LX 67.900,mva. (84.875,inkl. mva.)

Vi tilbyr rentefri delbetaling i 12 mnd. eller rentefri betalingsutsetjing i inntil 9 mnd.

570 570 EFI EFI EPS EPS FOREST FOREST

570 570 EFI EF I EPS Emva. PS (94.875,FOREST FORE STmva.) 75.900,eks. inkl. 75.900,- eks. mva. (94.875,- inkl. mva.)

55.920,55.920,- eks mva

RANGER 325 ETX RANGER 325 ETX

ACE 570 ACE 570

500 500 EFI Eeks. FI FOREST F ORE ST inkl. mva.) 63.900,mva. (79.875,63.900,- eks. mva. (79.875,- inkl. mva.)

69.900,- inkl mva. Omkostninger tilknyttet klargjøring og registrering kan tilkomme.

Polaris ATV selges fra

69.900,- inkl mva. Omkostninger tilknyttet klargjøring og registrering kan tilkomme.

Nyhet! Nyhet ! Nyhet! Ny 570 570h EFI Ee FIt !

67.900,- eks. mva. (84.875,- inkl. mva.)

570 570 EFI EFI

VELG TR RYGT - VELG MARKEDSLEDEREN VELG TR RYGT - VELG MARKEDSLEDEREN VELG VELGTRYGT TRYGT -- VELG VELG MARKEDSLEDEREN MARKEDSLEDEREN SPORTSMAN XP 1000 FOREST SPORTSMAN XP 1000 FOREST

SPORTSMAN 570 UTE SPORTSMAN 570 UTE

SPORTSMAN 570 SP SPORTSMAN 570 SP

Rein Design

2015

SPORTSMAN ETX SPORTSMAN ETX

WWW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM//POLARISNORWAY WWW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM//POLARISNORWAY

Ett samarbete med Santander Consumer Bank

Ett samarbete med Santander Consumer Bank

Tilknytta kirurgar: dr.Thilesen, dr.Plesner, dr. Meberg

Pb. 122 | 6781 STRYN | Tlf.: 578 72 000 Pb.578 12272 | 6781 | Tlf.: 578 72 000 Telefaks: 017 |STRYN jon@kveen.as | www.kveen.as Telefaks: 578 72 017 | jon@kveen.as | www.kveen.as

Sogn og Fjordane Synskirurgi, Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane Tlf.57 86 74 00 • www.synskirurgen.no

VĂĽr i lufta! VĂĽrluft i dekka!

Kom innom oss i april, bestill pĂĽ www.bilhusetforde.no

eller pĂĽ tlf. 57 72 41 00

Continental: Vinner av Motors sommardekktest 2015 Sommardekk no

á40% rabatt

Dekkhotell og tilbod pĂĽ nye dekk i april

Dekkhotell hos Bilhuset Førde AS: kr 600,inkl. forsikring, vask, lagring og hjulskift.

�ZSBOF '“SEF t 5FMFGPO t X X X C J M IV T F U GPSE F OP

27  | papiravisa 0215

WWW.POLARISINDUSTRIES.NO WWW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM/POLARISNORWAY FACEBOOK .COM / POLARISNORWAY WWW.POLARISINDUSTRIES.NO WWW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM/POLARISNORWAY FACEBOOK .COM / POLARISNORWAY


NORGES STØRSTE HUSBYGGJAR I 2014

- vi realiserer husdraumen din!

Din lokale forhandlar: MESTERHUS FØRDE Byggmester Stølsvik AS Tlf: 57 82 90 50 MESTERHUS FLORØ Fanevik Bygg AS Tlf: 57 75 79 80 MESTERHUS FJALER Byggmester Nordnes AS Tlf: 57 73 75 30

BESTILL DEI FLOTTE BØKENE VÅRE PÅ

www.mesterhus.no

28 | papiravisa 0215

Det lønner seg å eige framfor å leige!

Betal frå ca kr. 5000,- pr. månad*

*Summen gjeld avdrag på lån og forutset; 15% eigenkapital, nedbetalingstid 30 år, 2,9% rente; inkl. skattefrådrag.

KLIKK DEG INN PÅ

www.pinndalen.no

OG FINN LEILEGHEITA SOM PASSAR FOR DEG!

Flatene 1, 6814 Førde Tlf.: 97 82 90 50


To nybyrjarar i ein dobbelkajakk, på ein fjord som ser større ut når ein er midt på den i eit lite plastskal – kan det gå bra? Om du les dette er svaret ja. Tekst: Roy Sunde Foto: Thor-Aage Lillestøl

29  | papiravisa 0215


Å snu ein dobbelkajakk med to førstereisgutar i, var ikkje berre, berre. Men med litt instruksjon, og eit vennleg puff frå Sander, lærte vi også det.

Kajakkpadlarar på elv og fjord er eit dagleg fenomen i sommarhalvåret. Vi sendte Tore Fossen og Roy Sunde for å teste hos Sogndal Lodge, og kajakkguidane Sigrid Henjum og Sander Buene.

I VERDAS ELDSTE BÅT – PÅ VERDAS LENGSTE FJORD (I ALLE FALL EIN SIDEARM)

30 | papiravisa 0215

Sognefjorden har aldri virka skummel frå båt. Men i det eg sit og tørrtrenar i ein kajakk i Sogndalsfjøra, blir den litt skummel, og den ser særs kald ut. – Dette er verdas eldste sjøfarkost. Kajakken er over 3000 år gammal, skapt av inuittane. Deira var mindre, av tre og skinn, og ikkje så stabile. Dei kunne ikkje symje, og var nøydde til å beherske eskimorulle. Vi har 40 variantar av rulla, men de slepp å øve på det i dag. Også frå inuittane har vi ordet anorakk: ei lang jakke som haldt dei tørre. De får sprutetrekk i staden, seier Sigrid Henjum, og viser kor det skal sitte. – Går de rundt fører de nevane fram til dei treff floppen. Dra i den. Det klarar ein opp-ned under vatn. Vipp rumpa ut av kajakken, og vri deg opp til du får luft. Sander Buene stiller lengda på rorpedalane. Og begge nybyrjarane tenker: Hovudet skal vere øvst, heile turen. – Då prøver vi, seier han. Eg er ikkje viss på om eg føler meg klar, historier om kor ustabile kajakkar kan vere har sett spor. – Er det skummelt å legge ut med folk utan erfaring? – Å ha med sunnfjordingar er skummelt nok, tergar sogningen Sander. – Men nei. Når ein guidar turar held ein marginane godt innanfor. – Vi tilpassar oss tilhøva og evnene til folk. – Dett dei ut i, dreg vi dei opp og stappar dei på plass, ler Sigrid. – På eit kurs i Lofoten fekk vi brått kastevind. Den kvelva tre personar på ein gong. Dei tykte det var litt skummelt, men vi fekk dei raskt opp – og det gir god læring. Ein må kombinere det å vekke interesse med å gje folk respekt for elementa. Nokre kjøper kajakk og skal ”berre over fjorden”. Men kastevind kan kvelve deg og vatnet er kaldt. Når folk kvelvar på kurs, frys og slit med å komme opp i kajakken seier eg: ”tenk om du var åleine”. Då forstår dei at ein må ta elementa på alvor. Ein kjapp sjekk med fingrane stadfestar at temperaturen i fjorden ikkje er den heilt store. – Vi droppar eskimorullane, slår Tore fast.

– Det kan fort skje av seg sjølv, svarer eg, når første taket ruglar kajakken. – Det går fint. Dobbelkajakken er stabil og fjorden stille, smiler Sander, og skubbar oss ut. – Tore framme set tempo og Roy held kursen, ropar Sigrid og glir elegant forbi i dobbelt tempo av vårt. Men nølande padletak blir raskt til meistringskjensle. Og så blir ein teken ned att. – Går det bra, undrar Tore i det eg småkorrigerer kursen for 11 gong på 40 meter. – Ja, men etter å ha jobba 13 år i lag skulle ein tru vi kunne halde takta, svarar eg, – Legg mot styrbord, Roy, ropar Tore. Vi er på veg vekk frå guidane igjen. – Hæh, svarar eg og prøver for 12. gong å få roret nøytralt.

Fjorden er eksotisk i kajakk: ein kjem nær på fjord, fjell og dyre­ livet. Dei fleste synest det er unikt når ein møter niser Sigrid Henjum

– Veit du ikkje kor styrbord er? – Nei, svarar eg mutt. – Til høgre, sukkar Tore, uroa over landkrabbestyrmannen. Men vi blir raskt meir samstemte. Vi glir over fjorden, med utsyn over Sogndal. Og byrjar høyre ting du ikkje legg merke til i motorbåtar. Eit par måsar skrik når dei blir uroa av sunnfjordingar. Over flyg eit par kvakkande ender. I ura like ved spring ein røyskatt. Slikt byr Fjord1 sjeldan på. Padlinga er uvant, men særs kjekt. – Kven oppsøker guida kajakkturar? – Familiar, vennegjengar, folk på gjennomreise, turistar og bedrifter. Vi brukar det og i pakkar og tilbyr kurs. Mange gjev kurs


og turar i gåve. Fjorden er eksotisk i kajakk: ein kjem nær på fjord, fjell og dyrelivet. Dei fleste synest det er unikt når ein møter niser, seier Sigrid.

TILFELDIG FORHOLD – Kva forhold har du til kajakkpadling Sigrid? – Det byrja tilfeldig då eg var 15 år og pappa kjøpte to kajakkar. Første langturen var i 2004, då eg og ein ven padla Bergen-Skjolden. Ytst i Sognefjorden var det rufsete forhold. Difor kursa eg meg, og det førte til ein guidejobb. Guideverda i Norge er liten, så om du gjer ein god jobb opnar det seg høve: Eg byrja å guide fjell -og båtturar, vart kajakkinstruktør, guida kajakkturar på Grønland og hund- og snøscooterturar på Svalbard. Eg fekk òg jobb som kajakkguide på verdas største private luksusyacht, The World, og var til Nord-Russland og på Franz Josef Land. I år blir det Grønland, Canada, Antarktis og Falklandsøyane, seier ho og deler sine beste opplevingar. – I haust fekk hadde ei dame fått ”kajakkekspedisjon” i gåve: Sogndal-Kaupanger, overnatting på ein aude stad med trerettars middag, bål og raudvin. På kvelden bada himmelen i rosa og fjorden låg blank. Så kjem 20 niser i raske hopp mot oss. Vi fann ikkje ord. Det var og ei ut av seg oppleving å padle i sju meter bølgjer og sterk vind i Sør-Georgia i Antarktis, ekstremt tissetrengt, ler ho.

– Og tøft første gangen eg og Sander rulla dobbel i lag. – Hender det at sjølv rutinerte guidar blir redde i ein kajakk? – Ja! Då vi fire som skulle til Sør-Georgia trena til turen, med å padle Florø-Selje. Rundt Bremangerlandet kom kastevind. Vi kjempa for å komme til land, men kreftene strakk ikkje til. I kastevind og dønningar er det ikkje berre å snu kajakken. Ein blir sliten av å rulle gang på gang. Vi la oss saman to og to kajakkar, då er ein meir stabil. Til slutt låg alle samla og dreiv. Blir det England neste? tenkte eg. Men så trefte vi ei øy, tok pause og la ein ny plan. Vi hadde telefon og nødpeilesendar, og det vart aldri dramatisk, men det var ei oppleving. I blant er det ikkje råd å kjempe mot naturen. Det er viktig å ha gode planar, og tenke på konsekvensar av hendingar. Då ein er budd på det meste, seier ho. Ein time seinare, etter prat, latter og veksande meistringskjensle, legg vi til land – med lett møre kontormusklar. Vi rundar av med varm toddy, med solbærsirup frå Lerum, på dampskipskaia. – Kva tykte de, undrar Sander. – Veldig kjekt, svarar Tore. – Neppe siste gangen eg prøvar, slår eg fast. Tida får vise om PAPIRAVISA eg held ord. PAPIRAVISA ©

©

31  | papiravisa 0215

Frå lidenskap til levebrød I januar 2013 byrja Sigrid Henjum og Sander Buene jobben med å starte Sogndal Lodge. No er liden­ skapen for naturopplevingar levebrød for dei begge. – Vi opna 3. februar, etter 4500 timar dugnad frå mange. Vi nytta trikset med at vegen til mannens hjarte går gjennom magen. Bestemødrene til Sander og gravide venner stilte opp og laga middag. Folk kom etter jobb, fekk mat og sto på. Marknadsundersøkinga var enkel: Sander budde på loftet, og hadde alltid venner her som køyrde frå Oslo og sov på eit golv, for å boltre seg i friluftstilbodet her. Dei vil bu ein stad der det er billeg, reint, koseleg, internett, nok varmvatn, stort tørkerom og kort veg til opplevingar. Alt anna er ikkje så nøye. Vi dreiv med ulike typar guiding som vi tok med oss inn i Sogndal Lodge, og det har blitt som vi håpa: Folk vel ofte løysingar der dei både bur her og er med på tur. Det er det vi likar: Å ta folk på tur der vi lagar mat sjølv eller leiger kokkar. Vi har ølsmaking med øl frå lokale bryggeri, og lagar mat av lokale råvarer. Blant anna lagar vi trerettars middag med champagne på Steinmannen på Tuftebreen. Vi kallar det Skreddarsaum: Folk kontaktar oss for å oppleve noko spesielt. Vi let fantasien flyte ogkokar i hop opplegg. – Korleis er det å leve av lidenskapen sin? – Litt begge deler, seier Sigrid. – Lidenskap går igjen i alt frå å huse folk til guiding og det å prøve å inspirere folk. Som sjølvstendig er kvar dag ein eksamen. Det er ditt ansvar om ting går bra eller dårleg. Det er stress når ein sender tilbod til ei bedrift, og får til svar: «eg har ikkje tid å PAPIRAVISA svare før over påske», ler ho. PAPIRAVISA ©

©

Sander og Sigrid er godt nøgd med valet om å starte Sogndal Lodge. – Det vart litt som vi håpa. Folk både bur hos oss, og blir med på turar.


Øyvind J. Korsøen sto ved ein korsveg i fjor, og starta Go'Kajakk som tilbyr turar og kajakkurs. No har han tilsett ein til. – Eg mista jobben 1. mai i fjor. Valet sto mellom å flytte heim til Bergen, eller hive meg på noko nytt. Eg brenn for kajakkpadling og var aktiv i Sunnfjord Kajakklubb med ei fortid på landslaget i kajakk. Det var berre å satse. Eg fekk støtte frå styret i kajakklubben, og Rune Berge var mentor. Eg kursa 60 menneske i fjor, så i år tilsette eg ein person i tre månadar, Roald Apalseth: Ein særs dyktig kajakkpadlar, instruktør og friluftskokk, med 15 års praksis som akuttsjukepleiar. Vi gjev full gass no, smiler han. – Eg haldt kajakkskule for born i sommarferien, som vi gjentek i år, leigde ut kajakkar på festivalar og hadde kursdagar med 4H og DNT. I år satsar vi også på bedriftspakkar, saman med Åge Avedal og firmaet Stas. Vi samarbeider også med turistaktørar i nettverket langs turistvegen på Gaularfjellet. Vi har kajakkar på basar frå Balestrand til Dalsfjorden og i Førde. Vi har eit opplegg i august med Åmot Operagard, og tilbyr ulike langturar, seier han.

Folk er blitt meir bevisste på å komme seg ut, og kombinerer gjerne trening og friluftsliv. Kajakkpadling gjev i pose og sekk. Øyvind Korsøen, go'kajakk

Foto: David Zadig

Padla i det

STOR KAJAKKINTERESSE

32 | papiravisa 0215

– Folk er blitt meir bevisste på å komme seg ut, og kombinerer gjerne trening og friluftsliv. Kajakkpadling gjev i pose og sekk. Padlerørsla er medisin for vonde ryggar, så eg har kurs med flatvasskajakk, der ein brukar padling som trening. Foreldre ser at unge i dag har mykje skjermtid, og ”sparkar” dei ut i naturen. Og ein har dominoeffekt av at folk ser kajakkar på elva, sjøen og biltak – og får lyst å prøve, seier han og fortel kven som kjem. – Folk frå 16 til 65 år. Kajakk-kurs er ei populær og fin gåve. Eg har fleire par på kurs, der den eine har kjøpt det som ei gåve til den andre. Det er ein flott paraktivitet, som kan redde eit ekteskap, for det er terapi å komme seg ut i naturen. I ein kajakk kjem du tett på urørt natur, og får ei heilt anna ro og sinnstemning. Du kan padle til stader folk aldri har vore, og finne viker du elles ikkje når. Padleturar i måneskinn er romantisk, og ein treng ikkje dra langt. Padle 30 minutt ut fjorden, gå i land på eit nes og tenn bål, seier han og gjev råd om korleis ein byrjar. 
 – Ein bør ta eit kurs først. Det er ein viss risiko og kunnskap er difor viktig. Vi tilbyr introkurs frå under 1000 kroner. Investerer du litt meir får du eit kurs over fire kveldar. Der lærer du god padleteknikk, den viktigaste sikkerheitsfaktoren for å meistre vind og bølgjer. Ein bør padle småturar i starten, for å trene teknikk og venne seg til utstyr, og kan godt nytte første sesongen til det. Kle deg etter temperatur, og ta høgde for at du kan ende i vatnet. På våren anbefaler eg tørrdrakt. Ein kan òg ha ull og vindtett tøy – men då bør ein ha med eit skift. Redningsvest må på, og er det kaldt er neoprenhanskar ein fordel. Og ta med varm drikke, mat, sjokolade, primus og sitteunderlag. Eg har ofte med ved, for å fyre bål på eit nes.

GODE RÅD

– Kva situasjonar bør ein som nybyrjar unngå? – Ein bør ikkje padle i dårlig vêr, med sterk vind og bølgjer. I trafikkerte område må ein vere var. Ein er mindre synleg i ein kajakk enn i ein båt! Du sit lågt, så vel fargerike klede, kajakk og årer. Ver forsiktig i elver med stryk. Fjellvatn kan vere iskalde på våren, men det er flott å padle på eit stille vatn, så far varsamt med gode klede. Nybyrjarar bør vere forsiktig med å til dømes krysse Sognefjorden, der det fort kan blåse opp. Og langs bratte fjellveggar kan det komme ras. Ironisk nok skjer flest uhell når ein legg til PAPIRAVISA kai igjen og skal reise seg, smiler han. PAPIRAVISA ©

©

Øyvind tok sjansen på å gjere kajakk til levebrød – det har gått over all forventing.


Foto: David Zadig

Mentalt friminutt Rasmus Mo, omdømmeleiar i Sogndal Fotball og motivator, byrja padle kajakk for tre år sidan og fall pladask. – Eg er glad i det våte element, og treng mentale friminutt. Kajakkturar på fjord og hav er det optimale. Det kombinerer spenning, balanse, meistring og opplevingar –alt du kan drøyme om. Du kan både vere sosial, og for deg sjølv. Eg fall for dette med å beherske elementa og kajakken. Ein får brukt kroppen og sansane. Og stillheita, klårt vatn, dyrelivet og roen ein får i ein kajakk, fortel han. – Eg padlar mest på Sognefjorden. Men eg utvidar horisonten steg for steg: Vi har ein fantastisk kyst her i fylket, med mange flotte stader å padle. I kajakken kjem du så nær på elementa og dei finaste stadane. Det er PAPIRAVISA eit eldorado av viker, svaberg, øyer og strender. PAPIRAVISA

©

Foto: Privat

©

33  | papiravisa 0215

Foto: David Zadig

ROEN. Det er ikkje vanskelig å skjønne kvifor kajakkfolket snakkar om roen dei finn når dei er ute i elementa.

Rasmus Mo på Sognefjorden

Eg er glad i det våte element, og treng mentale friminutt. Kajakkturar på fjord og hav er det optimale. Rasmus Mo


50

72

på Ska 57 bi de 83 len?

Varmvoksbehandling, verdens beste antirust.

Lakkbehandling utan kostbare etterbehandlingar.

Kostnadsfri rutereperasjon og ruteskift på alle merker.

Skade, lakk og glasverkstad på Hafstadflata i Førde Tlf: 57 83 72 50 • post@bilskadesenteret.no • www.bilskadesenteret.no • Man-fre 07:30-16:30

34 | papiravisa 0215

HAGEMØBLAR TIL KAMPANJEPRIS

SETT TALGØ HALMSTAD 2 stolar med høg rygg + 2 fotskamlar + bord

4995,FØR: 7495,-

HAGEMØBEL MED FORDELAR: • Aluminiumsramme med forsterka stål • Rustfrie skruar • Gjennomfarga rundfletting, tåler regn • Tjukke komfortable sitteputer.

OPNINGSTIDER: Måndag–onsdag Torsdag–fredag Laurdag

Komplett gruppe, hjørnesofa og bord

FA FIRENZE HJØRNESO : NO , RD + BO

12995,-

HAGEMØBEL MED FORDELAR: • Vintage halvrund flett med grå puter, vendbar vinkel • Tåler regn og vind, og kan lagerast ute.

09.30–17.00 09.30–18.00 10.00–16.00


DUGNA D

35  | papiravisa 0215

7 mill-steg for Eikefjord

Det finst ei bygd der motgang og kamp vert krona med siger – til slutt: Eikefjord! Etter år med kamp for ny skule, vann dei fram. Men dei ville òg ha fleirbrukshall – og får det etter intens pengeinnsamling: sju millionar kroner samla grenda på rekordtid. Tekst: Roy Sunde foto: Thor-Aage Lillestøl


Nøkkelordet i Eikefjord er trivsel. Vi har det kjekt, og speler på positivt lada «galskap». Ein legg ikkje ned storinnsats om ein jobbar i motvind – ein må ha det gøy. Brigt Samdal, Leiar i Eikefjord Grendalag

36 | papiravisa 0215

I januar sat grendalaget i Eikefjord seg ned for å sjå om det var råd å samle inn pengar til fleirbrukshall. For når eikefjordingar treng noko blir det dugnad.11. februar starta innsamlinga. – 11. mars hadde vi signert avtalar for sju millionar kroner – 250.000 kroner per dag. Givargleda er fantastisk, eg tvilar på du finn liknande døme frå så små grender: 272 bidrag, frå folk, lag, organisasjonar og næringsliv lokalt. Vi la eit bratt løp, som mobiliserte folk og skapte engasjement. Grendalaget garanterte for 1,5 millionar i lån, så innsamlinga held fram. Skulen er ferdig i januar 2016. Då byrjar vi å bygge hallen, planen er å vere gjeldfri då. Vi har 9 månadar til å skaffe resten. Det klarar vi, for vi har teke vatten over hovudet før og lukkast, ler Brigt Samdal, leiar i grendalaget. – I slike prosjekt er det ikkje rom for tvil. Ein må bestemme seg. Vi la ein plan for kva som var realistisk å få og trefte godt. Erfaringa frå dugnaden med badestrand, servicehus og promenade på Kyrkjebukta, til sju millionar kroner, gjorde at vi visste kva vi gjekk til.

POSITIV SPIRAL

– Kva det er med desse eikefjordingane? – Ikkje veit eg, ler han. – Dei er litt utom det vanlege. Vi er eit lite samfunn, og ser at om noko skal skje, så må vi gjere det sjølv. Dugnadsanden er stor. Det er kjekt å leie grendalaget, bygdefolket gjer jobben lett. Når så mange går inn med ein skjerv, føler dei også eigarskap, og ønskjer å ta vare på dette. Skanska utfordra også elevane: Kvart trinn får eit budsjett til leikar på uteområde. Då føler dei eigarskap og ønskjer å ta vare på uteområdet. Det trur eg fører til mindre hærverk, seier han og fortel kva prosjektet betyr for bygda. – Det gjev optimisme og viser at bygda er livskraftig. Folk smiler og får tru på framtida. Det smittar over i dagleg engasjement. Det er viktige verdiar i eit lokalsamfunn. Eg håpar det gjev drypp i form av nye innbyggarar, og at vi klarar å behalde og utvikle verdiane og tenestene våre. Blir ein færre folk går ein inn i ein negativ spiral – og butikkar og bedrifter

forsvinn. Vi skal ikkje vekse inn i himmelen, men må ha vekst for å utvikle bygda. Hallen vil bety mykje for fysisk aktivitet og folkehelse. Barn får gode oppvekstkår, og kanskje lyst til bu her som vaksne. Dei slepp reise til Førde, Florø og Naustdal på aktivitetar, og kan ha det kjekt her på ettermiddagane. Og bygda får ei storstove for arrangement. Allhuset er ofte for lite.

JAMN VEKST

– Naustdal har positiv driv som buområde. Blir Eikefjorden det «nye» Naustdal? – Nei, men målet er jamn vekst. No bygger vi ny skule og fleirbrukshall, og ikkje minst barnehage. At vi treng ny barnehage er to strekar under svaret i alle bygder. Det er særs kjekt å vere med på det som no skjer i grenda. Og Naustdal og Eikefjord kan godt stå ilag på stand: Vi har mange like kvalitetar: Gode stadar å vekse opp, på landet med låg puls, sentralt i høve arbeidsmarknadene Førde og Florø. Og kliss midt på aksen ligg Eikefjord, seier han med glimt i auget, med ledige tomter, kort veg til to flyplassar og flott natur ved fjorden. Ny skule, barnehage og fleirbrukshall gjer at vi tek eit ekstra «stikk». Alt er nytt, det likar alle. – Du er sjølv innflyttar frå Bergen. Kor lang tid tek det å bli eikefjording? – Fire månadar trur eg, ler han. – Innflyttarar blir fort begeistra og engasjert. Nøkkelordet i Eikefjord er trivsel. Vi har det kjekt, og speler på positivt lada «galskap». Ein legg ikkje ned storinnsats om ein jobbar i motvind– ein må ha det gøy. Vi møtes til innsats til alle døgnets tider – har det moro saman, utfordrar kvarandre og leverer resultat. Det driv fram meir engasjement.

LANGE ANAR

– Om ein ser dugnad her i historisk perspektiv, er det spesielt ein eg hugsar. På slutten av 70-talet samla bygda seg for å lage ny fotballstadion. Folk kom med borehammar og dynamitt, sprengte fjell, laga fyllmasse og fylte ei jordhole i Kvalvika. Innsatsen var


oppe: Dag-Rune Mallasvik, midten: Ole Anders Sunnarvik nede: Per Øyvind Helle

37  | papiravisa 0215

Pr

iva

t fo

to

Givargleda er fantastisk! 7 millionar, frå 272 givarar, seier Brigt Samdal.

enorm og bana vart fantastisk, seier førre leiar i grendelaget, Anders Ole Sunnarvik, som trekk fram Eikefjorddagane som eit døme på at dugnadsanden lev enno. – Når det nærmar seg er det som om du slår på ein brytar, så stiller grenda opp. Vi har eit flott grendalag og mange folk som stiller på. Eg har stor tru på framtida til Eikefjord: Bustadfelt, skule, fleirbrukshall og barnehage gjev vekstpotensiale. Og våre flotte omsorgsbustadar. Eigentleg skulle

vi bygge billigare og modulbasert, men takka vere tidlegare eigar av Gravdal Bygg, Audun Kidøy, enda vi med ei flott løysing, der folk kan ha ein god alderdom. Det gler meg å sjå dei eldre gå på promenaden i sentrum. Omsorgsbustadane er det stoltaste vi har, til skulen og hallen kjem. Sentrum er flott og vi har fantastisk turmiljø. Naustdal har hatt fin utvikling siste åra, no trur eg Eikefjord si tid ventar. Alt ligg til rette for vekst no.


«EITLANE» FRÅ EIKEFJORD

38 | papiravisa 0215

– Kvifor er eikefjordingane så ivrige når det gjeld å kjempe for ei sak?
 – Dei liknar resten av Flora: Vi er gode til å mobilisere, men dei er ekstra flinke og har ekstrem konkurransementalitet. Eg spelte fotball mot dei i 20 år – og dei er nokre «eitlar» å møte. Det meiner eg positivt. Dei gav ikkje opp og trakk seg aldri i taklingane, ler Per Øyvind Helle, dagleg leiar i Byen vår Florø. – Det kan overførast til samfunnslivet. Dei er gode til å konkurrere. Som «veslebror» mellom Førde og Florø tenker dei: Vi skal vise dei kva vi kan få til. Bygda har sterk fellesskapskjensle og dei samlar seg i store saker. At dei klarte ein slik sum er utruleg, men eikefjordingane har alltid imponert meg. Vi kan lære av dei. Dei er naturmenneske, med arbeidsmentalitet frå bondesamfunnet, fysisk og psykisk sterke, og har lært breikjeften til floraværingane: då får du ting til. Dei har mange eldsjeler. Alle er ikkje opphavleg frå Eikefjord, men blir det raskt mentalt, seier han og fortel at han ikkje ser dei som naboar. – Dei er «slekta» – og høyrer til Flora. Som veslebrør flest kan dei vere irriterande, men eg er glad i dei for det, ler Helle. – Rivaliseringa mellom Eikefjord og Florø er stor, og går tilbake til idretten: Fotballen definerte Eikefjord på 80-talet, og dei skapte mange gode spelarar. «Alle» kom på kampane mot Florø, og dei mobiliserte ekstra då. Det gjorde dei i kampen om skule og fleirbrukshall også. Dei brukar rivalisering positivt, som alle bør: Vi skal vise dei! Florø og Eikefjord er i slekt på mange felt, men dei vinn på nokre. Dei har ein arv som gjev styrke, og eg trur det er genetisk, smiler han. – Dei har blitt meir inkluderande. Om ein eikefjording spelte for Florø før i tida vart han uglesett heime. Dei er tryggare på seg sjølv no, og Eikefjord eit opnare samfunn. Eikefjorddagane samlar 3000-4000 folk og viser at dei no er meir «hjartemilde». Det dreg dei nytte av. Eg vonar dei brukar mentaliteten og mobiliseringa si til å bruke næringslivet i Florø i den vidare utviklinga av bygda. Vi må ha samforståing for å gå hand i hand inn i framtida.

TRUGSMÅL FRÅ VEST?

Naustdal er eit potensielt vekstområde. Fjordlandsbyen legg til rette for 400 heimar i åra som kjem. Dei har ny barnehage, og med Mohn-millionar i botnen skal dei bygge på Naustdalshallen. –Fryktar de at eikefjordingane kjem i stort tempo på andre sida av Naustdalstunnelen? – Nei, ikkje i det heile, seier Dag-Rune Mallasvik, leiar i Tambarskjelvar Il. – Eg ønskjer dei hell og lukke med ny skule og fleirbrukshall. Vi lev godt

Eg spelte fotball mot dei i 20 år – og dei er nokre «eitlar» å møte. Det meiner eg positivt. Dei gav ikkje opp og trakk seg aldri i taklingane. Per Øyvind Helle, leiar i «byen vår florø»

side om side, og samarbeider godt. Vi har og eit felles damefotballag, som trenar i begge bygder. Så lenge dei ikkje yppar seg og blir gode i vektløfting, trur eg forholdet berre vil bli betre. Og dei har gjort mykje rett siste åra. Dei har flotte krefter, med ein kjerne på 5-6 dyktige folk, som er flinke til å legge planar og skaffe pengar. Dei set hårete mål og gjennomfører, seier han og skildrar det «historiske» forholdet. – I gamle dagar var det krig, ler han, men berre på laurdagskveldane. Som i alle nabobygder. No er dei ein god nabo, som vi har mykje til felles med og eit PAPIRAVISA godt forhold til. PAPIRAVISA ©

©

Historiske dugnadar i Eikefjord Brua på Storebru var bygt av 13 bønder i Eikefjordsdalen i 1745-46. Brua gav plassen namnet Storebru. Ny bru kom i 1944-45, då det vart bygt ny veg over Ramsdalsheia. Vegen opp dalen vart og bygd på dugnad. I heradsstyreprotokollen frå 1936 står det: «Denne vegen har busetjarane i eldre tider bygt sjølv - utan fagkunnig hjelp og utan offentleg tilskot». Kyrkja er òg bygd på dugnad, med 50 like store lutar- alle bøndene i det som vart Eikefjord kommune. Døme på nyare dugnadar er idrettsbana, skiløyper på Humlestøl, Miljøstranda, Strandpromenaden og tursti Eikefjord.

Fakta om Eikefjord: • Folkemengde for skulekrinsen er rundt 1200 menneske. I tettstaden bur det 419 personar i 2015. • Namnet Eikefjord kjem av norrønt eiki, 'eikeskog'. • Eikefjord var før eigen kommune, som vart overført til Flora kommune i 1964. Soknet Eikefjord vart då tillagt delar av dei


DUGNA D

272 små og store summar Bidraga til fleirbrukshallen kjem frå bedrifter, folk, lag og organisasjonar i og rundt Eikefjord. Papiravisa snakka med nokre få av dei, for å høyre kvifor dei gjev. Tekst: Roy Sunde Foto: Thor-Aage Lillestøl

fem representantar. (frå venstre) Einy Helen Høyvik Akselsen, leiar i Eikefjord ungdomslag, Anne-Len Vågane og Silje Fraas, Alex Vassbotten og Inge Helge Vassbotten, som eig Steinvik-gruppa.

seg krev eit breitt tilbod, tomter og gode oppvekstvilkår. Kanskje bidreg dette til at utflytta eikefjordingar får meir lyst å flytte heim? – Skal vi få til noko i distriktet, kan ein ikkje satse på at det kjem midlar frå sentralt hald. Vi som bur her må gjere det sjølv, seier Inge Helge Vassbotten. – Det har grenda tradisjon for. Ein bygde ny småskule på Steinhovden for 20 år sidan. Dei 150 som bur der stilte med dugnad og 1,7 millionar av budsjettet på sju millionar. Slik fungerer det i utkantar. Med fleirbrukshallen hengte entreprenør Skanska fram ei gulrot: «Dette er råd å få til når vi alt er her.» Det var viktig. Det er òg lettare å mobilisere på stadar der alle kjenner alle. Det er styrken i små samfunn –ingen hjelper oss å eksisterer, vi må få ting til med eigne krefter.

GÅVMILD LAG, ORGANISASJONAR

Det er mange bidrag frå lag og organisasjonar og privatpersonar. Blant anna gav Eikefjord ungdomslag 400.000 kroner til fleirbrukshallen. –Ungdomslaget hadde eit ungdomshus, som vart stengt fordi det var gamalt og dårleg. Vi sat att med tomteverdien. Styret vedtok for sju år sidan å selje den, og gje pengane til ei eventuell «storstove» for bygda, mot å få bruksavtale. Vi ønska tilgang til ei scene og ein sal, som høver

til revy. Tomta vart seld i fjor, og pengane gitt til innsamlinga, seier Einy Helen Høyvik Akselsen, leiar i ungdomslaget. – Alle ønska å få til dette. Bygda er i vekst, og dette er siste biten som fall på plass. Det får mykje å sei for trivsel. Vi har mange aktive barn og unge, som må køyrast mykje for at dei skal få utfalde seg. Blant anna må basketballspelarane til Svelgen og trene. Det blir kjekt når dei kan trene og spele her, med heimepublikum.

MANGE PRIVATE BIDRAG

Anne-Len Vågane og Silje Fraas Øren er to av representantane for dei mange private bidraga. – Vi gav fordi dette er eit flott høve for Eikefjord. Eg har tre barn i barnehage/skulealder, og vi er ein aktiv familie, som er glad idrett. Vi trengte ein betre arena for idrett, spesielt om vinteren, seier Silje. – Skulen og fleirbrukshallen er viktig for utviklinga av bygda. Eg trur dette vil auke tilflytting og skape enno meir samhald. Ein må ikkje ut av bygda for at barn og unge skal få gode treningsfasilitetar, seier Anne-Len. –Vi vaks begge opp her og synest det som no PAPIRAVISA skjer er flott. PAPIRAVISA ©

©

39  | papiravisa 0215

500.000 kroner er det største bidraget til fleirbrukshallen frå ei lokal bedrift, frå Steinvik-gruppa, eigd av Alex Vassbotten og faren Inge Helge Vassbotten. Selskapet har 32 tilsette, er aktive i kommunane Flora, Askvoll, Svelgen og Førde, med hovudkontor på Hopen, eit kvarters køyretur frå Eikefjord sentrum. – Vi såg at privatpersonar stilte opp med imponerande summar. På ein slik dugnad er det viktig at vi også er med, fortel Alex Vassbotten. Grenda Steinhovden ligg «utanfor» Eikefjord, men dei var ikkje i tvil om at dei skulle bidra. – Steinhovden har eigen småskule og barnehage, men krinsar til ungdomsskulen i Eikefjord. Fleirbrukshallen ligg innan det vi som bedrift ønskjer å bidra til: Idrett og ungdomsarbeid. Dette er største enkeltsummen vi har gitt, fordi det er eit lokalt, godt tiltak. Og målet var høgt: Skal ein klare sju millionar i eit lite samfunn må ein trå til. Fleirbrukshallen er tilpassa mange aktivitetar. Ein fotballhall er ei meir «sær» greie, denne hallen blir ikkje berre for dei som «trillar ball», seier han og fortel kva han trur den vil bety. – Det vil gi eit veldig løft til området. Og gjere Eikefjord, som er senter for bygdene rundt, meir attraktivt som buområde. Å få folk til å busette


Rein Design

Nytt golv?

VÅRTILBOD ed – Kjøp no og få m 25.000,-! il nt in r fo r utstyrspakka

Då anbefaler vi Starfloor Click som er både enkelt og moderne! Starfloor Click kjem i mange forskjellige mønster og fargar.

Kjø

AURIS HYBRID ACTIVE+

og få m p no kromp ed vinterhju akke l, utan til og takstativ legg i p ris. Verdi 2 50

00,-

• 16” alu.felgar • Automatgir • DAB+ digitalradio • Cruise Control • Sportssete • Navigasjon • Mørke ruter • Skinntrekt dashbord• Ryggekamera • Multimediaskjerm Auris Hy brid Active+ Frå kr 282 200,-*

40 | papiravisa 0215

Med Starfloor Click kan du enkelt fornye heimen. Golvet har eit klikklåsesystem som gjer det mogleg å legge det utan å nytte verken lim eller spesifikke verktøy. Du kan til og med legge Starfloor Click direkte på ditt noverande

golv, dersom det har ei hard og jamn overflate. I årets kolleksjon finn du alt frå klassiske og naturtru stein- og tremønster, til moderne mønster med inspirasjon frå Marokko.

Vinter

hjul

utan til

RAV4 71°N EDITION

kampanjepris frå kr 298,-

1,95%** rente

• Xenon nærlys • 18” alu.felgar • Elektrisk bakluke • Innfellbare sidespeglar • Smart start og låsesystem • Underrun stylingpakke • Sportsseter

legg i Verdi c pris. a.

25 000

,-

NYE RAV4 71°NEditio n 4WD Frå kr 385 100,- *

Lett å legge med Click!

La pakken ligge plant i rommet før legging

Underlaget skal vere reint, plant pg tørt

YARIS HYBRID Sett ut distansekiler

SLITESTERKT GOLV SOM TOLER EIN TØFF KVARDAG.

Klikk saman borda i kortenden. Klikk deretter saman heile lengder på langsida

• Endå meir stille og behageleg • Nytt eksteriørdesign • Klassens beste plassutnytting • Endå høgare interiørkvalitet NYE Yaris Hybrid Active Frå kr 215 400,-*

Navig a og vin sjon t e rhjul uta n tilleg gi Verdi c pris. a.

18 900

,-

1,95%** rente

*Inkl. frakt, levering og reg.kostnad levert Førde/Nordfjord. Årsavgift kjem i tillegg. **Renta er subsidiert i tre år, for deretter å bli justert til normal salsrente. Billån: Føreset minimum 35% kontantdel. Låneeks.: Fastrente 1,95%. Effektiv rente 4,49% 150 000,-/ 5 år. Etableringsgebyr 2 917,-. Totalt 168 238,-. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: RAV4 VVT-i frå 0,72 l/mil, 166 g/km, 13 mg/km RAV4 D-4D frå 0,49 l/mil, 127 g/km, 143 mg/km. AURIS HYBRID frå 0,38 l/mil, frå 87 g/km, frå 5,7 mg/km YARIS HYBRID frå 0,33 l/mil, frå 75 g/km, frå 6 mg/km. Avbilda modellar kan ha ekstrautstyr. Med atterhald om trykkfeil.


KORTRETTET 13 uformelle spørsmål og 40 minutt fotografering. Her er:

ANNE KARIN HAMRE Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Tekst: Roy Sunde foto: Thor-Aage Lillestøl

41  | papiravisa 0215


42 | papiravisa 0215


Som ung haika eg rundt i Australia, med kniv under jakka

– Om du brått skulle endre kurs i livet– kva yrke ville du satsa på og kvifor? – Nasjonalparkforvaltar må vere fint, med tilgang til den vakre naturen i fylket. Det inneber nok kontorarbeid òg, men ein får reise på synfaringar. Ein kjem tett på folk som Fylkesmann, men eg kunne nok tenkt meg eit yrke der eg jobba tettare på folk.

– Kva forhold har du til naturen i Sogn og Fjordane –kor ofte nyttar du den – og til kva? – Eg er ikkje tunblind: Nesten dagleg sperrar eg opp auga over kor vakker natur vi har, og får wowkjensla av snødekte fjell, bjørka som sprett og blank fjord. Eg er glad i topptur og langrenn, og å gå i fjellet om sommaren. Og så har eg kajakk. Eg bur ved Barsnesfjorden, og både padlar og badar i fjorden. Det må ein aldri bli for gammal til. – Kva brukar ein fylkesmann fritida til – og har ein eigentleg fritid i ein slik jobb? – Det er ein livsstil, med mykje reising, som inneber førebuing på kveldstid. Og eg har mange oppdrag i helger. Når eg har fri kjem familie først, så tysdagsturen og trim. Vi har òg eit gardsbruk på Leikanger, der eg vaks opp og har odel. Førebels paktar vi det. Mannen min, Tor Yttri, har gått ned i stilling for å drive det. – Korleis er det å kombinere livet som Fylkesmann med å vere fruktbonde? – Tor gjer størstedelen av jobben. Eg er med når

– Kva er du mest stolt av å ha oppnådd/gjort i livet ditt til no? – Eg må seie gutane mine. Vi har tre kjempeflotte søner: Torstein, Jens og Ivar. Dei har blitt kjekke, flotte gutar, med gode haldningar. Det er eg stolt av. – Kva musikk lyttar du til når du skal slappe av? – Musikksmaken er variert, men eg er ihuga Rolling Stones-fan. Eg har vore på mange konsertar, den siste i Hyde-park for to år sidan. Ei fantastisk oppleving. På kvar konsert trur eg dette er den siste, men dei held fram. Det er spreke karar til å vere i 70-åra. Eg er glad i jazz og blues, og har fått veldig sans for Karl Seglem. Musikken hans speglar naturen i fylket fantastisk. Vi har mykje flott lokal musikk. Å lytte til Sigrid Moldestad er ei nyting. – Fortel noko om deg som ville overraske dei som berre kjenner deg som Fylkesmann? – Som ung haika eg rundt i Australia, med kniv under jakka, ler ho. – Eg reiste jorda rundt med vener. Eg ville vere lengre på reise enn dei andre. For å tene pengar byrja eg å jobbe på ein vingard i Australia, i byen Griffith: ein tøff by, og eg jobba med ein røff gjeng. Då dei høyrte at eg haika på eiga hand, utstyrte dei meg med kniv. Det gikk bra, men eg anbefaler ingen å gjere det. Eg har ikkje fortalt historia til ungane heller. – Kva forhold har du til sosiale medium? – Eg er på Twitter, Facebook og LinkedIn, og har Instagram-konto. Yngstesonen skulle inn dit, så eg ville følgje med, men eg legg ikkje ut noko. Eg

likar Twitter, som er meir nyhendeprega. Der finn eg ut kva som er på dagsorden i media. Facebook er meir privat. Eg er ikkje så aktiv der, men legg ut litt. Elles bidreg eg på heimesida til Fylkesmannen og Fylkesmannbloggen, der eg og kollegaer skriv om ulike tema. – Tre dippeduttar og gjenstandar du ikkje klarar deg utan? – Mobilen er med overalt, og PCèn aldri langt unna. Elles kjem eg ikkje på noko. – Beskriv ein typisk laurdag? – Draumelaurdagen er å ha ingen planar, og tid til ein sein og lang frukost, med masse aviser. Eg kosar meg med lange artiklar, på papir, i lokalavisa, BT, Aftenposten og Dagens Næringsliv. Laurdagane vekslar mellom jobboppdrag, gardsarbeid – eller heimekos. Det er kjekt å vere med vener, men ofte sekk eg saman på sofaen med familien når eg har fri. Eg ser lite TV, men yngste sonen likar å sjå Underholdningsavdelingen. Så supplerer eg med aviser og kosar meg med eit par glas raudvin. – Kva er livsfilosofien din? – Eg prøvar å sjå lyst på livet og gripe dei høva som kjem, utan å legge for store planar. Og så er eg oppteken av å oppføre meg skikkeleg mot folk. Eg har respekt for alle. – Kvar er du om 10 år – og kva driv du med då? – Eg har ikkje peiling! Eg har aldri lagt store karriereplanar. Fylkesmannstillinga er på åremål, i seks år. Eg har hatt jobben i fire år. Eg har det i tankane at eg må finne på noko anna om litt, og skal bruke tida framover tilPAPIRAVISA å tenke på det. Men eg har ingen plan per i dag. PAPIRAVISA ©

©

43  | papiravisa 0215

– Er du sporty? – Eg prøvar å røre på meg så mykje eg kan. Eg har ein skade i ryggen, og om eg sit mykje i ro, spesielt i bil, stivnar eg. Eg er avhengig av å bevege meg, og prøvar å komme meg ut to-tre gonger i veka: Eg er utruleg glad i natur, og vi er ein jentegjeng som går tur kvar tysdag i sommarhalvåret, i området Leikanger, Sogndal og Luster. Det er seriøse, men sosiale, greier med terminlister. Eg er ofte på reise, men er eg heime, så er eg med. Vi prøvar å finne stadig nye turar, men etter 15 år, byrjar det å bli vanskeleg, ler ho.

eg har tid. For meg er det avkopling: Fysisk arbeid let tankane strøyme fritt. Det er noko heilt anna enn eg gjer til dagen. Men eg tenker ofte jobb når eg bitt opp nyplanta pæretre. Eg treng verken zen- eller mindfullnesskurs, eg får det eg treng av gardsarbeid. Å produsere mat er av det viktigaste vi gjer. Og frukta vår har veldig høg kvalitet. I ein eiga klasse faktisk, ler ho. – Du blir kresen på frukt og grønt når du veks opp på ein slik gard.


Motorjournalistane i Europa er samde.

Nye Volkswagen Passat. Årets Bil 2015. 58 ekspertar, 22 land, ein vinnar: Europas leiande biljournalistar har med overveldande margin valt nye Passat til Årets Bil 2015. Nokre av grunnane til valet er lette å sjå – andre vil du oppleve første gong du set deg bak rattet. Velkommen til prøvekøyring.

Volkswagen. Innovasjonar du har bruk for. Passat stasjonsvogn frå kr 360.500,-,-


www.volkswagen.no


Rein Design

BLI KLAR TIL

SOMMAREN!

KVA BUSTER PASSAR DEG? Fleire modellar på lager, kom innom

Vi vil til ei kvar tid ha nokre utvalde bilar merka med dette symbolet. Det betyr at den aktuelle bilen med dette merket har ein spesielt god pris, eller at det følgjer med ekstra mykje utstyr inkludert i prisen. Det kan like gjerne vere ein ny bil som ein brukt bil. Men du må komme til eit av våre anlegg og sjå kva bilar som er merka. Vi trur du vil bli positivt overraska over kva vi har funne på med dei ulike bilane. Besøk oss i Førde, Sogndal eller Stryn.

Z av litt tid og finn bilane vi har merka! Vi har også fylkets største utval av

BRUKTBILAR Her er fire av dei. Dei andre kan du sjå på www.berge.no eller du kan ta turen innom oss.

DEMOBIL

Utstilt i butikken 2008 Audi A5 2,7 TDI V6 190 hk multitronic DPF Coupè, 89 000 km. Særs pen og velhalden bil som bør sjåast og prøvast. Sportsleg bil som er godt utstyrt.

279 000,-

2014 Volkswagen Golf 1,6 TDI 105 hk Highline 4MOTION, 14.236 km. Særs velutstyrt bil med m.a. Adaptiv bixenon, sportsunderstell, tilhengarfeste, parkeringsvarmar mm.

329 000,Atterhald om trykkfeil og selde bilar

46 | papiravisa 0215

YAMAHA VASS-SCOOTER

DEMOBIL

TA KONTAKT FOR EIN HYGGELEG BÅTPRAT!

Hans Alexander Døskeland Tlf. 958 66 866 alex@doskeland.net

Andreas Erdal Tlf. 907 77 115 andreas.erdal@doskeland.net

Angedalsvegen 59, 6800 FØRDE Tlf. 578 22 808 | www.doskeland.net

2014 Volkswagen Amarok 2.0 180 hk TDI Canyon DC 4M-perm. aut, 17.500 km. Godt utstyrt med skinnsete, navi., bluetooth, ryggekamera, planbeskyttelse, stylingbøyel, 18" sommarhjul, parksensor ++. 439 000,-

2012 Skoda Octavia 2,0 TDI 110 hk 4X4 AllDrive, 44.243 km. St.vogn med 4x4 og låg km-stand. Sikker familiebil med suveren framkommelegheit køyreeigenskapar.

295 000,-


interiør

EIN HYLLEST TIL

STOVA Når det er behov for å stenge resten av verda ute, gløyme oppvasken og slenge seg ned blant puter og pledd, er det berre eitt rom som gjeld. Tekst og foto: Marthe Holien Bø


MARTHE HOLIEN BØ

48 | papiravisa 0215

Bur saman med Rasmus, Mathea og Anna i eit hus frå 1880 i Stryn. Ho har flytta frå storby til bygd, og er lidenskapeleg oppteken av interiør med sjel. Bloggen hennar marthebo.no er ein av Norges mest leste interiørbloggar. I Papiravisa deler ho både bilete og tankar.

STOVA. So lite krevjande. Her finst det ingen overfylt oppvaskkum, og golvet under sofaen er fritt for brødsmular. Ja, så sant minsten ikkje har smugla med seg ein kavring til barne-tv. Eg let att døra sånn at eg ikkje høyrer duren frå vaskemaskina, ler litt då eg ser katten i full hypnose framfor sentrifugen. Det er tid for å stenge resten av huset ute. Ser ikkje middagstallerkane som framleis står på kjøkenbordet, ensar knapt spagettien som dekorerer den kvite stolen på reinaste Jackson Pollock-vis. Badet er uframkomeleg. Vi får gjestar til helga. Gangen har plutseleg bestemt seg for å demonstrere mot dei impulsive bomkjøpa mine av sko, og har slengt ti par veggimellom. Fire senger er uoppreidde. To jakker ligg i trappa. Men no, no er det berre meg og stova. For stova krev ingenting. Her er det kos og avslapping og horisontal kroppsstilling som skal dyrkast.

langstrak i når fredagskvelden kjem og veka skal fordøyast. Det finst eit hav av puter der ute, i alle slags fargar, med skrift, utan skrift, med duskar, prikkar, striper og med paljettar som gneg deg i ryggen.

Stova skal vere eit friområde. Ein stad for låg puls. Ha desse tinga i hovudet når du planlegg stova di, eller kanskje er klar for ei ominnreiing. Vel ein sofa som både er komfortabel å sitja i når du har gjestar med kaffikopp i handa og kakestykke på bordet, men som også høver til å ligge

Personleg likar eg best puter som kan brukast. Anten dei tener som puteorm rundt heile stova når dotrene mine leikar, eller som støtte under ei god bok når kveldsroa har lagt seg. Og ingen sofa utan pledd! Er sofaen din litt grå og kjedeleg kan eit teppe i ein frisk farge, eller

Lat oss hylle stova, rommet som inviterer til å senke skuldrene, slenge beina i sofaen og nyte. marthe holien bø

med eit spennande mønster, gje eit heilt nytt liv til både stova og sofaen din. Tekstilar kan endre eit heilt rom, og er den beste og billegaste vegen til fornying i heimen. No for tida ser ein mange etniske og bohemske tekstilar i naturmateriale, men òg pastellar, samtidig som den meir grafiske stilen er gjeldande. Rosa og okergule puter i lag i sofaen, ja, kvifor ikkje? Miks og match, og ikkje ver redd for å vise personlegdomen din. Sofaane våre står klare med altfor mange pledd og altfor mange puter. Eit koseunivers. Eit undervurdert rom. Vi snakkar så varmt om kjøkkenet, husets hjarte. Vi prisar spiseplassen, der skjer jo det meste av vårt sosiale liv. Soverommet er viktig, her brukar ein mange timar av døgnet. Badet er vi opptekne av, det kostar mykje og bør vere gjennomtenkt. Men stova, den berre er der. Lat oss hylle stova, rommet som inviterer til å senke skuldrene, slenge beina i sofaen og nyte. Sofabordet vårt rommar akkurat ein Mac, ei skål med sjokolade og ein tekopp. Akkurat no treng eg ikkje meir. For no er det meg og stova. Kosetid PAPIRAVISA utan krav. PAPIRAVISA ©

©


FRIOMRÅDE. Stova innbyr til kosetid utan krav. Ein komfortabel sofa er obligatorisk, og med puter og pledd kan du raskt gje liv til rommet.

49  | papiravisa 0215


JELrPdu tar H I E V med nå !

din id r allt bilen følge rvice på se

Trygghet hele veien

MECA Veihjelp er alltid inkludert når du tar service hos oss. Det innebærer at hvis du skulle få startproblemer, teknisk feil, gå tom for drivstoff, punkterer, mister nøkkelen eller låser nøkkelen inne i bilen, så kan du bare ringe. Uansett hvor du befinner deg - døgnet rundt. Med MECA Veihjelp i hanskerommet er du litt tryggere på reisen. Vi tilbyr også: – Reparasjon av alle bilmerke – Service – AC/klima-service – Hjulstillingskontroll

Fortun: Hafslo: Hornindal: Leikanger: Sandane: Førde:

Fortun Bensinstasjon, Gt Bil, Haugen Motor, Leikanger Auto, Leiv Austrheim, Riko Førde,

– EU-kontroll (PKK) – Bremsetest – Kjølevæskekontroll

57 68 61 57 57 68 16 88 57 87 95 00 57 65 31 00 57 86 58 60 57 83 72 22

– Bilglass/ruteskift – Diagnose-test – Dekkskift/dekkhotell

Bremanger: Svelgen: Vik i Sogn: Hellevik i Fjaler: Stryn: Øvre Årdal:

Rutebilane i Bremanger, Svelgen Motorsenter, Tistels Auto, Fure Mekaniske, Stryn Bilverksted, Vee Bensin og Bilrekvisita,

Betal når det passer for deg!

94 03 20 00 57 79 36 11 57 69 77 99 57 73 75 42 48 19 55 55 57 66 30 40

50 | papiravisa 0215

DET ER VI SOM LAGAR PAPIRAVISA

Sjå kva meir vi lagar på reindesign.no UANSETT KVA SOM MÅ TIL, SÅ SKAL VI FÅ FRAM BODSKAPEN DIN! kontakt@reindesign.no | T: 95 93 99 99 | Øyrane 3 A, 6802 Førde


mat

Bananbonanza! GUL, SUNN OG KUL Vi slür eit slag for bananen, og gjev deg fem kjappe oppskrifter med den søte frukta. Tekst: Kristine Slettehaug foto: Stine Bortheim


Banasmoothie INGREDIENSAR • • • •

2 dl yoghurt naturell 2 dl frosne jordbær ½ banan Eventuelt 1 dl appelsinjuice

Køyr i blendar til ei jamn masse. Ha i litt juice om den blir for fyldig. Hell i glas og server! Alltid kjekt med sugerør eller anna pynt!

Bananen inneheld meir karbohydrat enn dei fleste andre fruktslag, og er dermed veleigna for å gje energitilskot. Banan er ideell før og etter fysisk aktivitet, då kroppen fort tar til seg næringa. Bananar inneheld mykje fiber som har ein stabiliserande verknad på fordøyelsen. Bananar inneheld også ein del vitamin B6 og kalium, og tre naturlege sukkerartar – sukrose , fruktose og glukose. Energien er ikkje den einaste måten ein banan kan hjelpe oss å holde seg i form. Den kan også bidra til å overvinne eller hindre eit betydeleg tal sjukdommar og tilstandar, som: minske depresjon, minske PMS, senke blodtrykket, hindre forstopping og betre læring. Altså mange gode grunnar til å inkludere den i vårt daglege PAPIRAVISA kosthald. PAPIRAVISA ©

52 | papiravisa 0215

©

BANALE FAKTA Ei passe stor moden banan (118 g) gjev deg: 3,1 g fiber av anbefalte 25-35 g 10,3 mg vitamin C av anbefalte 75 mg 0,4 mg vitamin B6 av anbefalte 1,2 mg 422 mg kalium av anbefalte 3100 mg


Banan på pinne INGREDIENSAR

• Banan • Kokesjokolade • Kokos/ anna strø Del bananane i to, og tre dei på pinne. Smelt sjokolade i vassbad, dypp banan i sjokolade, og legg på bakepapir. Strø over kokos eller anna strø, som nøtter eller kakepynt. Sett i frysen i 15-20 min til sjokoladen har stivna og bananen er stiv. Knallgodt i sommarvarmen!

Banan er ideell før og etter fysisk aktivitet, då kroppen fort tar til seg næringa.

Bananlappar INGREDIENSAR • 2 egg • 1 banan • 30 g havregryn

Køyr banan i stavmiksar, eller mos med gaffel. Pisk inn egg og tilsett havregryn. Steik, ferdig, nyt! Gjerne med bær.

INGREDIENSAR

• 1 godt moden banan • 50 g havregryn/1 dl • Ca fem ruter hakka kokesjokolade, gjerne 70% kakao Sett steikeomnen på 175 grader. Mos bananen, bland inn havregryna og la havregryna trekke til seg væske i 10 min. Bland inn hakka sjokolade. Fordel deigen med 1 ss på bakepapir, og steik midt i omnen i 15-17 min.

Bananis med sjokolade og peanøtt INGREDIENSAR • • • • •

3 modne, frosne bananar i skiver 2 ss peanøttsmør 1 ss kakaopulver
 ¼ ss vaniljeekstrakt Litt kanel

Kutt banan og legg i frysen. Putt dei frosne bananskivene i ein blender, og køyr til ein tjukk og kremen konsistens. Tilsett resten av ingrediensane, og køyr i blendaren til massen er godt blanda. Topp med jordbær, hakka peanøtter og peanøttsmør. Nok ein slager i sommarvarmen!

53  | papiravisa 0215

Banancookies


Gadgets REGISTRER AKTIVITETEN DIN Sony SmartBand Talk SWR30 er eit aktivitetsarmband gjev som gjev tilbakemelding om livsstil. Det registrerer springing, gange og søvn. Sjekk rørsler og progresjon på ein bua 1.4" E Ink skjerm. Du kan sjå og opne tekstmeldingar og andre varslar direkte på handleddet. SmartBand har mikrofon og høgtalar, og let deg snakke i telefonen direkte på klokka, lese inn lydhuskelappar, og har stemmekommando, på seks språk. Vasstett ned til 1,5 meter, akselerasjonsmålar, 70 mA batteri, Bluetooth 4.0 og mikro-USB.

Pris: kr 1.399,www.elkjop.no

NETTBRETT SOM TÅLER «PRYL» Samsung Galaxy Tab Active 8 4G toler ein halvtime under vatn og 30 timar i frysen, i følgje Klikk.no, som har testa. Brettet kan brukast i snø og regn, og tåler å dette ned i søledammar og anna snusk. Med andre ord eit nettbrett for deg som er aktiv, og treng eit slikt i jobb – eller friluftssamanheng.

Pris: frå 3.800,-, (Då utan 4G) www.samsung.com/no

54 | papiravisa 0215

SOLOWHEEL

VEKT SOM LET DEG NULLSTILLE

Solowheel revolusjonerer rørsleevna di. Hjulet er lett å manøvrere: ein gyro «les av» forskyving i tyngdepunktet ditt. Du bremser, aukar farten og svingar ved å lene deg litt bakover, framover og til sides.

Samanleggbar vekt frå Joseph Joseph, som let deg nullstille undervegs. Det vil seie at du kan måle opp en gitt mengde av en substans og nullstill så du er klar for neste substans. Du kan følgje oppskrifta til punkt og prikke og framleis bruke berre ei skål. Kan vege opp til fem kilo, og tek liten plass i kjøkkenskuffa.

Hastigheit: 0-16 km/h. Solowheel har 1500 W motor. Ein time lading gjev 1-2 timar køyring. Egner seg til personar opp til 100 kg. Kan brukas på underlag som gras, asfalt, grus, snø osv. Batteriet toler over 1000 ladesyklusar. Storleik: Høgde: 48,3 cm. Lengde: 43,2 cm. Breidde med utslåtte fotstøtter: 35,6 cm. Oppslått: 20,3 cm. Vekt: 11 kg.

Pris: 549,-

Pris: 18.995,-

www.slikkepott.no

www.coolstuff.no/Solowheel


HEMNINGSLØS. HELT NYE BMW 1-SERIE.

BMW 1-serie

www.bmw.no

Ren kjøreglede

Helt nye BMW 1-serie er blitt sintere, tøffere og smartere. Kort sagt mer BMW. Fronten er redesignet med nye hovedlykter og større luftinntak, mens baklampene har blitt bredere og fått LED-teknologi. Men både under panseret og bak rattet er det også skjedd mye nytt. Bilen har det siste innen sikkerhetsinnovasjoner, og opererer selvfølgelig sømløst med mobilen din via BMW ConnectedDrive. Helt nye BMW 1-serie er en bil dere vil krangle om å kjøre. Pris fra kr 287.500,-* Send SMS ”BMW 1-serie” til 2202 for prøvekjøring.

ADVANTAGE EDITION.

Veil. pris kr 42.560,-. Kampanjepris kr 15.900,• • •

Sport Line LED kjørelys Lyspakke

• • •

Cruise Control m/bremsefunksjon Automatisk avblendbart speil DAB+ radio

• • •

Nedfellbare nakkestøtter bak Parkeringssensor (PDC) bak Oppbevaringspakke

* Pris er inkl. frakt og lev.omkost. Årsavgift kommer i tillegg. Forbruk bl. kjøring inkl. alle modeller: 0,34–0,80 l/mil, CO2-utslipp: 89–188 g/km. Bilde kan avvike fra tilbudt modell.

Biltreff

forde.biltreff.bmw.no T: 57 72 56 60 Hafstadvegen 76, 6802 Førde


aMAIzing!

½ PRIS

UT ÅRET TIL ALLE SOM BESTILLER I MAI*

F

enivest.no/kampanjer

Lokalt breiband – Lokale verdiar *Abonnement til nye DSL-kundar + halv pris på modemgaranti. Gjeld ikkje ADSL Enkel pluss. Minste totalpris første året med 12 mnd. avtaletid: kr 3173 ,** Alle kundar pr. 31.12.15 er med i jubileumskonkurransen, og kan vinne 15 månadar fri abonnementskostnad på internett.

Lokalt breiband - Lokale verdiar

57 00 91 00 | enivest.no

Rein Design

ÅR • ENIVEST F 15 YL R LE E L R YL

Alle våre kundar kan vinne 15 mnd. kostnadsfritt breiband!** 15 ÅR • EN I V ES T

LES MEIR PÅ

Vinn!

BYTT TIL OSS I DAG!

LER YL TF ES

UT ÅRET* + FRI ETABLERING

EST FYLLE R1 ENIV 5Å R

YLLER 15 Å R ST F • VE EN NI IV •E

174,-

15

• ÅR

Illustrasjon: ©iStock.com/Vjom

BREIBAND FRÅ


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.