Fylkesmagasinet nr 10

Page 1

NR. 10 AUGUST 2012

FM fylkesmagasinet.no

Ti vekers blodslit Sidene 7 til 11


VOLVO V60 EDITION

MÅNADSLEIGE 2 399,-*

No har vi eit spesielt godt kampanjetilbod på V60 der du kan velje mellom ein ekstra hyggeleg pris eller særs gunstig månadsleige for private og bedrifter. Nedanfor ser du eksempel på noko av det du får til føreslått månadspris. Noko du saknar? Legg gjerne til utstyr. Du vil bli overraska over kor lite ekstra det kostar i månaden.

DIN VOLVO V60 EDITION HAR: • • • • •

*LEASING/PRIVATLEIGE

Motor- og kupevarmar m/timer High Performance Stereo Bluetooth handsfree Multifunksjonsratt Cruise control

• • • • •

Skinntrekt girspak og ratt El. oppvarma bakseter City Safety Alarm Alu.felgar

KAMPANJEPRIS

337 900 ,-**

VOLVO V60 D2

115 HK, man

Forskot kr 39 900,–. 3 år/45 000 km. Leasingtilbod til privat og næring. Månadspris inkl. mva.

FRÅ KR

2 399 ,-

/MND

FOR PRØVEKØYRING – SEND SMS ”V60” TIL 2330 LAST NED NORSK VOLVO APP

FØRDE: 57 83 72 00

SANDANE: 57 86 84 00

** Pris inkl. frakt-, leverings- og adm. kostnader levert Sogn og Fjordane. Gj.sn. forbruk 4.5 l/100 km, CO2-utslepp 119 g/km (V60 D2). Tilbodet gjeld ved bestilling av ny Volvo V60 (unnateke Flexifuel) ut september 2012 eller så langt lageret rekk. Alle Volvo sine dieselmodellar har partikkelfilter som standard. Atterhald om trykkfeil. Avbilda bil kan ha ekstrautstyr. Treff Volvo på facebook.com/volvocarsno og volvocars.no. For meir info skann QR-koden til venstre eller send SMS ”VOLVO” til 2330.

SOGNDAL: 948 18 081

ÅSANE: 55 53 68 00

MINDE: 55 59 97 00

BERGEN VEST: 55 50 15 42

VOSS: 982 05 944 www.frydenbo.no


I denne utgåva kan du lese om:

FM FYLKESMAGASINET

«All Souled Out» – lyden av Stongfjorden| REPORTASJE: Adrenalinsjokk i bikini E-prat med Siw Heggedal Longvastøl| Frøys Hus: Eksklusivt, økologisk, småskala Rett på med Andrine | Samlingspunktet | Unge meiningar | Kronikk Barnsleg: Rallarjenta og rallarpappa | Økologisk på døra Haust-tango ved Jølstravatnet| Trend og mote med Regine | X-ord Ei moderne fiskehistorie | Biltest: VW Golf Cabriolet | Å følgje ordre kan vere farlig FRAMSIDEFOTO: Joachim Vie

Fylkesmagasinet kjem ut til alle husstandane i Sogn og Fjordane Grunnlagt 2001 Øyrane 3, boks 353, 6802 Førde

Tlf. 95 93 99 99

Våren får ofte æra for å vere tida for ny start

REDAKTØR

ROY SUNDE roy@fylkesmagasinet.no Tlf. dir. 95 93 99 90

– Vi er opptekne av å finne dei gode, positive tinga som skjer i vårt fantastiske fylke. Vi klarer ikkje å fange opp alt, så har du tips om saker som du meiner vi burde skrive om – ta kontakt med meg!

MARKNADSANSVARLEG

MAI-KRISTIN TIDEMANSEN mai.kristin@inform-media.no Tlf. dir. 95 93 99 97

Ønskjer du å nå alle husstandane i heile fylket med din bodskap – ta kontakt med meg!

Men ser ein i skulesamanheng er det strengt tatt hausten som har æra av det. Og for høgskulen i Sogn og Fjordane er det i aller høgste grad ein ny start i år: Det etterlengta sentralbygget som skal samle og knytte høgskulen sin verksemd i Sogndal til fire bygg på Fosshaugane står nemleg klart, og 17.august startar den store flyttesjauen der 7.600 m2 skal takast i bruk. Tre dagar seinare er det studiestart, og alt skal vere klappa og klart for eit nytt studieår. Det er berre å gratulerer høgskulen med nytt og flott sentralbygg, og applaudere utviklinga. Dei siste åra har det vore eit jamt høgt søkjartal til Høgskulen i Sogn og Fjordane, og jamt høgt tal studentar. I år hadde 1 284 søkarar Høgskulen som førsteprioritet då søknadsfristen gjekk ut, ein auke på 10 prosent frå året før. Etter hovudopptak var det heile 745 søkarar på venteliste, og studie som bachelor i idrett fysisk aktivitet og helse, sosialt arbeid og eigedomsmekling kunne alle tre skilte med ventelister på ca 100, medan 98 studieplassar på masternivå kunne skilte med fire søkarar per plass. Det fortel om ein høgskule i medvind, som har teke gode val og gjort fornuftige grep i kampen om studentar. Faktisk er den største utfordringa no å skaffe bustad til alle som vil studere i Sogndal, difor har skulen i år fryst talet på nye studentar på fjorårsnivå, for å ikkje skape krise i hybelmarknaden. Trass 53 nye studenthyblar i år i Saftbygda tel ventelista for studenthybel 150 håpefulle. Ein moderne, kompakt og innbydande høgskule i Sogndal vil ytterleg styrke fylket som studiestad, samtidig som det er med på å gjere Sogndal til ein motor både for regionen sin, og fylket. Det er lov å håpe at det nye sentralbygg i Sogndal markerar starten på ein ny æra for ein av våre viktigaste institusjonar.

Ansvarleg utgjevar og grafisk formgjeving Inform Media Trykk Mediatrykk Bergen Distribusjon Posten Opplag 42.000

Og kanskje kan det neste satsingsområdet bli enno fleire studenthyblar, for å sikre vekst og gode tilhøve for studentane der i framtida?

Redaktør: Roy Sunde

FM

Alle bilar treng bilpleie

Bjorn Eidsvag med band

FREDAG 24.08 Heradsplassen

Gabrielle Drusar - Kokken Tor

Kom innom oss og få fast pris Bilpleie – det kan vi!

Staut OsloESS

Billettsal: www.billettluka.no/trivselshagen www.glopperock.no • www.facebook.com/glopperock Generalsponsor :

Vi utfører: Utvendig vask, innvendig vask/reins, polering, frontruteskift, Ditec lakkbehandling og Tectyl understellsbehandling.

LAURDAG 25.08 Heradsplassen

inform-media.no

TORSDAG 23.08 Trivselshagen

• Halbrendsøyra 6, 6800 Førde • Tlf. 57 82 01 76 www.bilpleiehallen.no

BILPLEIEHALLEN

10•2012

3


«All Souled Out» – lyden av Stongfjorden Anthony, som ilag med kona utgjer Sumthin Magnetic Music House, som leverer tenester innan spelejobbar til låtskriving og produksjon av musikk.

Ekteparet Anthony og Anna Hlín Lewis, som flytta til Stongfjorden i 2011, held fram med å sette musikk til verda frå basen i bygda med albumet «All Souled Out» av Anna Hlin.

Vil ha variasjon på radio Plata er i sal. – Vi håpar på god respons, sidan dette er musikk ingen andre driv med i regionen. Håpet er også at den skal opne dører, og kanskje inspirerer unge i fylket til å bryte ut av skalet sitt og satse på drømmane sine, seier han og leverer ei oppmoding til NRK Sogn og Fjordane. – Vi håpar at dei skal anerkjenne musikkforma og spele den, slik at barn og unge i Sogn og Fjordane får variert musikk på radioen sin, frå lokalt talent.

TEKST OG FOTO: Roy Sunde

FM 10•2012

4

– Albumet inneheld ein miks av RnB, Soul, Reggae, Electro, Dubstep, Hip hop og pop. Det er eit arbeid som har vore undervegs nokre år, der vi har friska opp gamle songar og skapt nye, som vi har satt saman til eit album, fortel

Fridom i Stongfjorden

Aluminiumsskyvedører Vi monterer nye, vedlikehaldsfrie skyvedører.

Halbrendsøyra 7 • 6800 Førde Tlf. 57 83 08 50 • www.holvikglas.no

Ein skulle tru Stongfjorden var ein stor overgang for ein New Yorker, men det er berre positivt i følgje Anthony. – Det er flott å vere musikar i Stongfjorden, det er banetrytande pionerarbeid, som gjev ein kreativ oppblomstring. Eg elskar det, slår han fast, energisk og smilande. – Naturen og varmen vi møter frå folket her gjev meg og Anna fridom til å skrive og uttrykke meg som vi vil, utan å måtte kike oss over skuldra. Det er sjølvsagt nokre rotne eple her også, som elles i verda, men det bryr vi oss ikkje om. Vi elskar Stongfjorden, og er i ferd med å flytte Sumthin Magnetic Music House til ein større lokalitet, i Stongfjorden, i løpet av sommaren, på grunn av veksande oppdragsmengd. Så alle som har ein drøm å endelig ta opp dikta, tekstane, songane, melodiane, voice-overs, små historier eller ein eller anna form for musikk er meir enn velkommen hit for å gjere lydopptak, avsluttar han.


Komplett kontor frå kun 10:-* ia) rv P(aekkksepm

Fjærevegen 1 - 6800 Førde 57 72 17 90 / Faks: 57 72 17 91 post@hukset.no

:– 15000 mva) (eks

FM 10•2012

5

Skrivebord:

Stol James:

Skuffeseksjon:

Reol:

Elektrisk høydejustering 60–128 cm 160x80cm med magebue Hvit høytrykklaminat, grått understell

Armstøtte og nakkestøtte StoɈ sort fame, Fotkryss sort plast

Hvit, med 3 skuɈer og hjul

Hvit, 4 hyller


HIMMEL OG HAV!

Sportsfiskar? Meir enn 70 vatn og elver er lagt ut på sfn.no. Informasjon/bilder og videovisning. Om du er grunneigar, vis elva eller vatnet ditt, legg ut informasjon/bilder eller video.

2 ÅRS JUBILEUM

20% prisavslag på norskproduserte kvalitetsmøblar 20% på puter. Gjeld 17. og 18. august

Om du er hytteutleigar og har hytte til utleige for fiskarar, legg ut informasjon på nettsida vår. Fiskekonkurranse: kr. 4500 i premiar.

www.sfn.no (Med og uten medlemskap. Medlem: kr 0,- – 200,-/år.)

Artwood

Sportsfiske i Norge finn du og på IN-OUT®

twitter

by

Sika·Design

www .englesson.com

og facebook

Hafstadvegen 48, 6800 Førde

SPAR KR. 55.000,-

MITSUBISHI OUTLANDER

VELUTSTYRT KAMPANJEMODELL INTENSE+ Nå også med vinterhjul på alufelg, metallic lakk og hengerfeste inkludert i prisen. Med Bi-Xenon svingkjørelys, ryggekamera, navigasjonsanlegg med musikkserver, 7” berøringsskjerm, 40 GB harddisk, delskinn setemateriale, Bluetooth handsfree, m.m. 2,2-140 hk DI-D man. Veil. pris 507.500,-

452.500,-

SPAR 55.000,-

506.000,-

2,2-156 hk DI-D TC-SST nå Veil. pris 561.000,SPAR 55.000,-

FM 10•2012

6

Pris er inkl. frakt og andre lev. omk. Utstyrsdetaljer kan avvike fra standard. Forbruk: 6,2-8,2 l/100 km variert kjøring. CO2-utslipp: 163-190 g/km. Med forbehold om evt. trykkfeil.


Adrenalinsjokk i bikini

29. september skal Ingeborg Sol Fure stå i bikini på ei scene og få fysikken bedømt. Det både gruar og gler ho seg til.

<<

FM 10•2012

7

Det er ikkje berre musklane som skal visast fram på scena. Hår, ansikt og skjønnleik blir også bedømt. Då er det greitt å ha Fresh Frisør i ryggen, til å style og sminke.


<<

1

I motsetnad til dei som spissar bikinformen til sommaren toppar Ingeborg Sol Fure forma på hausten. På 10 korte veker skal ho gå frå ei vanleg godt trena jente til å stå på scena med 10 år yngre bodyfitnessjenter, i bikini. TEKST OG FOTO: Roy Sunde BIKINIBILETE: Joachim Vie

Tåka heng over eit gryande haust-Førde. Klokka er 07.00, og tobarnsmora Ingeborg Sol Fure er klar for dagens første økt - gjennom tåkebarrieren opp Hafstadfjellet. Kvifor pine seg sjølv slik? – Det går kjempefint. Stort sett har eg folk rundt meg heile dagen, frå morgon til kveld, så det gjer godt med litt tid for meg sjølv, der eg får lufta meg og tenkt på andre ting, ler ho. – Og det er jo berre kvar tredje morgon, presiserer ho. – I byrjinga gjorde eg det dagleg, men fekk beskjed av trenaren min om å ikkje gjere det så ofte. Kroppen er tilpassingsdyktig: Poenget med å springe på fjellet med tom mage er å sjokkere kroppen til feittbrenning, smiler Ingeborg, og legg i vei i drepande tempo. Trappa forsvinn raskt bak ho. 45 minutt seinare returnerer ho frå toppen, utan å vere synleg berørt. – Kvar finn du motivasjonen? – Det går veldig fint, det er jo på kort sikt. Eg er usikker på om eg hadde klart køyret i eit halvår. Det er veldig fokus på mat og trening, og mindre tid til familie. Ein bitt mykje tid, og eg må seie nei til mykje, men samtidig er eg nysgjerrig på kor langt eg kan nå, så eg «ofrar» desse ti vekene.

4

Eksponert

FM 10•2012

8

– Bodyfitness er ein sport der ein bokstavleg talt står avkledd føre publikum i bikini, i konkurranse med yngre jenter som har halde på lenger enn ti veker? Kvifor utsette seg for det? – Ja, sei det. Det var ikkje heilt gjennomtenkt. Men eg er 32 år, og «gamal» i høve jentene eg stiller mot, så eg har vitet i behald og gjer dette for eigen del – for å sjå kva MIN kropp er i stand til. Og om eg er 32 føler eg meg som 25 framleis, det tel vel, smiler ho og understrekar at ho kjempar for å vinne over seg sjølv. – Om eg kjem sist er eg stolt om eg klarar kome i konkurranseform på ti veker. Eg er ingen sensasjon, det er ei mykje større bragd for ein overvektig å slanke vekk 12 kg på 6 mnd og halde seg der, enn det eg gjer. Eg har forandra litt på kosten og auka treningsmengda litt. Thats it. Ikkje noko å kave seg opp for, konstaterer ho og underspeler disiplinen og tida det tek. I samband med prosjektet laga ho blogg, som fekk langt meir merksemd enn ho hadde trudd.

1 OG 4: Det er lite å seie på innsatsen. Og med Stig til å passe på er det berre å stå på til beina visnar. 2: Trappa som startar Hafstadkleiva i Førde før frukost er null problem for Ingeborg. Tross at beina skulle trenast seinare på dag. Og eit par ekstrarunder opp og ned gjekk med eit smil. 3: Tony på Sana Evolution gjer seg klar til å måle endringane i kroppen til Ingeborg sidan sist. 5: Det blir fort rutine på etinga, og om maten er keisam og gjenntakande kan ein i alle fall gjere det så innbydande som råd.

5


2

– Eg tenkte det kunne vere kjekt med ein blogg eg kunne sjå tilbake på etterpå, der venner og familie kunne følgje med og oppmuntre. Eg hadde ikkje tenkt det skulle bli så mykje styr, men bloggen vakte interesse frå nær og fjern, og fekk frå dag 1 over 1000 visningar per dag. «ka i hel… har eg satt i stand no!» tenkte eg. Men med den støtta må eg berre klare å gjennomføre, seier ho og fortel ho liker hårete mål. – Eg har alltid pressa meg på både jobb og trening. Eg klarar ikkje leverer mindre enn mitt beste, sjølv om 100 prosent ikkje alltid er naudsynt. Eg trur eg lid av tvangstankar på det planet, og det er årsaka til at eg vil prøve meg i Fitness: For å sjå kor mykje eg kan presse kroppen og psyken. Jentene som stiller i Fitness er flotte, sterke jenter med disiplin, sjarm og utstråling. Eg har siste 10 åra vore meir fascinert av atletiske og sunne jentekroppar enn av tynne, hengslete. Strong is the new skinny! At ho rota seg inn i å bygge musklar var tilfeldig, men gav raskt meirsmak. – Eg forvilla meg ned i styrkerommet på Spenst i vår og byrja å løfte litt tunge vekter. Kroppen svarte, eg likte det og haldt fram. Stig Hårklau var med på nokre økter og det balla på seg. No er han ofte med som motivator. Eg bygger raskt musklar og hadde relativt låg feittprosent i høve muskelmasse før sommaren. Ein del venner kommenterte at eg burde prøve meg på Fitness, og eg leika med tanken. Eg har ikkje godt av ferie, for i Bulgaria spurte eg mannen min, Ole Løbø, om kva han tykte om at eg prøvde meg i Bodyfitness: «det nyttar ikkje kva eg meiner, om du spør veit eg at du har bestemt deg – og då gjer du det uansett». Det tok eg som grønt lys, og han har rett: eg er sjukt sta og gjennomfører det eg har satt meg føre. Eg kontakta folk eg kjenner til i miljøet og dei var overraskande glade og hjelpsame på mine teite spørsmåla, sjølv midt i ferien.

Full kontroll Nydusja og klar er det vidare til neste post på programmet: Måling av kroppssamansetninga. Eit viktig instrument for å sjekke kursen. I byrjinga gjekk det ikkje så godt. – Eg visste ingenting om Fitness før, og ser no at det var vanvittig ambisiøst å tru at eg kan klare det på så kort tid. Eg trudde eg kunne styre kosthald og trening sjølv, men dietten eg la opp var heilt feil, så eg raste ned i vekt og muskelmasse første 10 dagane. Det hadde berre vore hud og hår til slutt om eg køyrte løpet sjølv. Så Kent Roger Engdal på Spenst la opp treninga, Sana Evolution stiller med kroppsmåling kvar 3. dag så eg får balanse i kosthald og berre fjernar feitt, og Elsa Gotteberg, som har konkurrert i Fitness, legg

3

opp diett, smiler ho og viser veg opp i fjerde etasje på Spenst. Der sitt Tony Fagerdahl som driv Sana Evolution, eit selskap som driv med livsstilsrådgiving, måling av kroppssamansetnad og kostrettleiing. – Eg byrja på 17 prosent kroppsfeitt. Målet er 10-11 til slutt, men det kjem ann på kor mykje musklar eg klarar å halde på, kor stram huda blir osv. Eg vil ikkje bli for tynn på scena heller. Målet er å gå ned i feittprosent utan å miste muskelmasse. Det er ikkje kjempelett. – Folk er veldig oppteken av kva som står på vekta, meir enn korleis kroppen er samansett. Det er langt viktigare at kroppen har nok muskulatur og er funksjonell og sterk enn kva ein veg, seier Tony. – 99 prosent eg møter som skal ned i vekt et for lite. Resultatet er at dei går opp i vekt. Kroppen får for lite energi, og tvingast til å brenne protein frå musklar som energi, muskelmassen minkar, basalforbrenninga går ned og som resultat legg ein lettare på seg feitt. Det er sjeldan eg møter folk som legg på seg fordi dei et for mykje, seier han og festar elektrodar på ein av føtene og eine handa til Ingeborg, for å måle kroppssamansetnaden. Med 0,5 prosent feilmargin er det lite å gøyme seg bak. – Du sto stille på 17 prosent i byrjinga i 1,5 veke, vi brukte tre målingar på å ta oss inn, så byrja det å skje ting. No er kroppsvekta di 58,5 kg, du har 14 prosent kroppsfeitt og ein feittfri kroppsmasse på 61 prosent, les Tony opp, til smil frå benken. – Du har mista ca 900 gram feitt siste 5 dagane, slår han fast og understrekar kor vanskelig dette er. – Ingeborg byrja på 65 prosent muskelmasse av totalen, men mista mykje på dietten i starten, fordi ho gjorde ein del feil. No er vi på rett veg igjen. – Eg er kjempefornøgd, det har vore fantastisk utvikling siste tida. – Det er lett å gå ned i vekt, men ikkje lett å gå ned på riktig vis og behalde muskelmassen. Det er mange fallgruver, og kult med eit slik prosjekt som dette. Med så lite tid har ein ikkje råd å trø feil. Vi måler eksakt basalforbrenning, det ein forbrenn utanom trening, og legg opp til å bevare muskelmasse og miste feitt. Nøkkelen er nok langsame karbohydrat. Dei styrer alt.

Strengt regime Når ein skal i konkurranseform og vise musklar er det ikkje berre treninga ein må ha kontroll på. Dagane til Ingeborg er nøye utmålt. – 0600: god morgon, 0630: morgontur, 0730: havregraut, 0800-1600: jobb, 1600-1700: styrketrening, 1730-2030: middag,være med ungane, styre heime, 2030-2330: kvelds, husarbeid, matlaging, etc. Eg har ikkje lyst å beskrive dietten, pga

FM 10•2012

9


Ingeborg i «sivilt» arbeidsantrekk.

eg har fått mange spørsmål på Facebook ang kva eg et. Mange lid av eteforstyrringar og forvrengt forhold til mat og eg vil for alt i verda ikkje bidra til at fleire vert sjuke. Lidenskapen for trening og kosthald er basert på sunne verdiar. Eg et protein, feitt og karbohydrat til kvart måltid. I byrjinga åt eg for lite karbohydrat, og rasa ned i vekt. Tony var bekymra når eg kom. – Vi auka opp igjen mengda med karbohydrat i form av sunn ris og havregryn, og då snudde det, smiler han og går til rette med myta om sunt kosthald er dyrt og berre for velståande. – Å leve sunt blir framstilt som eit klassespørsmål i Norge, men ris, havregryn og frukt har alle råd til, og det er basis i eit sunt kosthald. Veldig mykje av livskvaliteten vår er bunden til maten vår og å ete riktig. Det er så mykje å hente der, eg møter ofte folk som fortel om eit nytt liv når dei legg om til sunnare kost, seier han og sjekkar tala til Ingeborg. – Du et truleg litt lite langsame karbohydrat, så det kan hende du skal auke litt.

Sit sjeldan stille

FM 10•2012

10

På jobb føl Ingeborg oppmoding om meir langsame karbohydrat, sjølv om etinga ikkje går sakte. – Det er trongt og rotete her bak – når det er fint ver brukar eg å ta lunsjen ute på muren framfor butikken, saman med ei venninne. Det er litt meir koseleg, ler ho. – Kva er største utfordringa i kvardagen? – Å få nok kvile! Eg har problem med å sette meg ned og berre slappe av. Eg MÅ gjere noko heile tida. Og eg kjenner meg sliten i hovudet meir enn i kroppen, seier ho og slår fast at det er hektiske kvardagar. – Eg kunne ikkje gjort dette utan Ole. Vi er dream-team på å tyne mest mulig ut av døgnet. Siste 4 åra har vi seld bustad og flytta 2 gangar, bygd hus og gifta oss i både Paris og Førde. Og med to jenter på 4 og 7 år er det ikkje til å stikke under ein krakk at det er travelt. Ole er dagleg leiar og medeigar i Gas Tech. Eg er butikkleiar for Vero Moda/Jack&Jones Førde, og distriktssjef og innkjøpar for snart 9 Vero Moda butikkar i Norge. Ole er og plateaktuell med bandet «Spitfire», og er på øving og spelejobbar på kveld og i helgene. Eg er salinstruktør på Spenst så ofte eg kan. Grunna reiseverksemd i jobben har eg berre éin fast time i veka, men eg vikarierer ofte. Eg er sosial og set stor pris på gode måltid med familie og venner. Det meste av tida heime tilbringer eg på kjøkkenet, med kakebaking på bestilling eller å lage sunn mat frå grunn av. Eg ser ikkje på TV, så TV-seriar har eg ikkje

snøring på. I feriane prøver eg å lese for å halde den rastlause kroppen i ro - eg klarte nesten å lese ei bok på 2 veker i Syden i år, ler ho.

Liten, men rå! Dagens andre økt venter. Såre bein som fekk juling opp fjellsida, pluss bonusrundar med fotografering, skal få meir juling i knebøy-stativet. – Dette gruar eg meg litt til, ler ho og viser at ho ikkje kvir seg så veldig. Nede i vekttrommet til Spenst møter Ingeborg treningspartnar Stig Hårklau. Ein plugg i høve Ingeborg, men han let seg ofte imponerer av jenta som er halvparten så stor. – Eg har trena med mange, men ho er blant dei råaste eg har trena med. Ho gjev seg ikkje! Mange gjev opp på siste settet, men ho yt alltid det vesle ekstra, og fullfører den siste reppen, og skoftar ikkje unna eit sett, sjølv kor sliten ho er, seier han nøgd og overtek plassen i knebøystativet. – Det er kjekt å kunne hive seg med på eit slikt prosjekt, seier han mellom setta. – Eg rettleiar ho litt på teknikk og slikt, og kjem sjølv i form igjen etter ferien. – Det er vel ikkje heilt vanleg å bestemme seg for å komme i konkurranseform på 10 veker? – Nei, men eg syns det er kult. Veldig tøft å tore gjere noko slik. Det er viktig å ha menneskjer her i verda som torer skilje seg ut og prøve seg. Det er jo veldig knapt tid i høve konkurransedietten, men det er jo berre å hive seg uti og sjå om det gjev meirsmak. Så får ein heller prøve på igjen neste år om lysta er der, med litt betre tid. – Kor trur du det går i konkurransen? – Eg trur ikkje ho dummar seg ut. Ho kjem til å gjere ein god figur. Grunnlaget er godt, om ho ikkje skader seg trur eg ho gjer det godt til debutant å vere, smiler han og startar neste sett. – Kom ann Stig! Køyr på! Tonefallet har den korrekte militære klangen som ikkje gjev rom for svikt. Og Stig fullfører knebøyen som planlagt.

Stort sett blid – Kva seier familien til dietten? – Dei merkar nok at eg er på diett. Mamma vart sjølvsagt redd for meg, slik ei mor SKAL vere. Men etter at vi prata om det og ho ser at eg er glad og opplagt så støttar også ho meg fullt ut. Ole er meir fokusert på kva han et sjølv, han er blitt veldig bevisst og les næringsinnhald på det han et, og har byrja å trene meir sjølv, så han går nok


ned i feittprosent sjølv, smiler ho. – Elles går det greitt. Eg trur ikkje humøret er annleis enn vanleg, men eg må planlegge dagane meir. Kvar kveld legg eg opp neste dags trenings- og kostholdsplan. Og eg må jo velje vekk ein del. – Er du einig Ole? – Eg merkar at ho ikkje er 100 prosent til stades kvar dag i heimen, og ho har fleire dårlige dagar enn før dietten, slår han fast. – Eg trur ikkje ungane heilt skjønar kva som skjer, men merkar at dei oftare saknar mamma. Men det har gått greitt så langt, det er jo berre ein periode. Alt må planleggast til den minste detalj, det er ikkje nok timer i døgnet til å følgje opp alt. Det positive her er at eg får vanvittig mykje god og næringsrik kost om dagane, så dette gagnar meg også, gliser han. – Ein del tek den med at mamma snart er sterkare enn pappa, men kvinner er no det svake kjønn uansett, gliser han med glimt i auget.

Tek bikinidelen med ærefrykt og humor Damer flest gruar seg kanskje til å stille i bikini og skarpt lys. Ingeborg tek det med eit smil. – At eg skal stille innolja i bikini og flexe på ei scene i september tar eg med ein stor dose humor samtidig som eg har stor respekt og ærefrykt for sporten. Vi jenter diggar jo glitter og glam, så kvifor ikkje ta den heilt ut? Ein kropp er ikkje meir enn ein kropp, vi alle er nakne under kleda og eg skammar meg ikkje for å stå i bikini, det skal ingen gjere, same kva fasong ein har, men eg gruegleda meg jo. Når eg står der har eg nådd målet, og det er jo fint. Samtidig er reisa over og det kan vere vemodig. Eg er viss på at eg ikkje kjem til å angre, same kor det går. Eg har lært mykje om kroppen, mentaliteten og viljestyrken min, og har blitt kjent med fantastiske menneskjer eg kjem til å halde kontakten med. Når det gjeld «sceneshowet» tenker eg at åra som zumbainstruktør kjem godt med. På Zumbaen går eg inn i ei rolle og slepp meg fullstendig laus, skjærer grimasar, tuller og fjasar samtidig som eg roper og gaular for å presse kundane. Ein har godt av å komme ut av komfortsona iblant, det gjev eit adrenalinkick utan like. Det trur eg at eg får når eg står der og flexar i bikini, ler ho.

Eli-Gro Bergby Carlsen er venninne og kollega av Ingeborg og kjenner henne godt. Ho er ikkje overraska over prosjektet venninna har sett i gang. – Nei, er det nokon som kan klare det er det ho. Dama er litt spesiell, ler Eli-Gro og ser bort på venninna som et ein av dagens mange salatar. – Heile opplegget er veldig ekstremt. Ein må ha jernvilje for å gjennomføre det harde treningsopplegget og den strenge dietten ho går på, og det har Ingeborg, slår ho fast.

Støtte

Enorm arbeidskapasitet

Fitness og kroppsbygging har ein del fordommar. Ingeborg har gått fri så langt. – Eg har berre fått støtte og positive tilbakemeldingar. Eg har visst inspirert mange som les bloggen min til å byrje å trene og ete sunnare, og det er ein stor bonus. Venner syntes dette er kult. Eg har alltid vore «annleis» og har min eigen vri på ting. Så det kom nok ikkje som ei bombe på dei som kjenner meg at eg fant på noko slikt. Mange veit ikkje skilnad på Bodyfitness og Bodybuilding. I Bodyfitness vert ein dømt ut i frå muskelmasse i høve til feittprosent, symmetri, utstråling, fastleik i muskulatur og hud, og kor glamorøs og sjarmerande ein klarer å vere. Med andre ord fokus på atletisk femininitet. Janteloven og fordommar har eg vore spart for. Dei fleste syns det er kult med folk som tør satse høgt sjølv, om sjansen for å drite seg loddrett ut er der. Eg trur at det ufarleggjer andre ting litt. Det er ikkje farlig å prøve, ein treng ikkje vere best i alt for å ha det kjekt! Ein kan jo ha det litt moro på vegen også! Eg vil heller ha eit fargerikt liv med mange spennande opplevingar enn å gå gjennom livet utan å realisere noko av det eg har lyst å prøve, i frykt for å ikkje vere god nok, seier Ingeborg og byrjar planlegge neste dag. – Eit slikt prosjekt er typisk Ingeborg- og etter mi meining er ho eit supertalent, så det vert spennande å sjå kor langt ho kjem når konkurransen brakar laus, smiler Ole.

Stå-på-vilje og enorm arbeidskapasitet er andre eigenskapar Eli-Gro meiner vil hjelpe Ingeborg å lukkast. – Det speglar seg i kvardagen hennar. Ho klarar å kombinere krevjande jobb med barn, familie, hus, vener, mykje trening og instruktør på Spenst. Alt med glans. Mange forventar mykje av ho. I tillegg verkar det som om at mannen får over snittet godt med pleie, ler Eli-Gro. – Er ho sta? – JA, grådig sta. Ho gjer seg ikkje før ho har nådd målet. Ho kan til dømes finne på å gjennomføre timen sin på Spenst (red.merk: treningssenteret der dei jobbar saman) sjølv med skade. Ho er godt skrudd saman, smiler Eli-Gro.

Om du vil følgje Ingeborg mot målet kan du gjere det her: http://fit4fitness.blogg.no/

– Dama er spesiell Venene til Ingeborg er ikkje overraska over at ho har gjeve seg ut på eit såpass krevjande prosjekt. Enorm arbeidskapasitet og stå-på-vilje er noko av det jo er kjend for. Tekst og foto: Kristine Slettehaug

Støtte frå venene Venene til Ingeborg heiar på ho og følgjer ivrig med på bloggen hennar. Men spesielle omsyn tek dei ikkje. – Nei, veit du det gjer vi ikkje. Vi støttar ho, men let ikkje vere å drikke vin eller ete sjokolade framfor ho. Dette klarar ho heilt fint, og heldigvis er det berre for ein periode. Om ikkje lenge kan vi igjen dele ei flaske vin. Det gler eg meg til, seier Eli-Gro medan Ingeborg nikkar frå sida. – Dei er veldig flinke til å heie og motivere. Og heldigvis pratar dei ikkje berre diett og trening slik mange andre naturlegvis gjer når dei møter meg. Dei let meg vere meg og pratar om daglegdagse ting. Venene mine blir på ein måte eit behageleg pusterom frå fitness-prosjektet. Ein streng diett er ofte kjelde til ustabilt humør. Har venene merka noko til det? – Nei, eigentleg ikkje. Ho er den same gamle og framleis tilgjengeleg for oss sjølv om ho driv på med eit veldig krevjande prosjekt, skryt Eli-Gro. – Eg prøvar å ikkje la det gå utover dei. Det dårlege humøret er det nok mannen min som får oppleve, skyt Ingeborg inn og ler. Under konkurranse i Bodyfitness, blir dette vektlagt: Totale atletiske utsjånad. Skjønleik (hår og ansikt). Heilskapleg utvikling av muskulatur. Proporsjoner og symmetri. Hud og hudtone. Scenepresentasjon (utstråling, posering, gange og tryggleik på scena)

FM 10•2012

11


E-PRAT

med SIW HEGGEDAL LONGVASTĂ˜L

Bustadkommune: Nausdal Alder: 49 ĂĽr

Aktuelt: Over nyttĂĽr flyttar Siw Heggedal Longvastøl og familien i Innovasjon Norge frĂĽ Førde til Cape Town i Sør-Afrika, for ĂĽ jobbe for Innovasjon Norge dei neste tre ĂĽra. – Det er ei stor omvelting, kvifor takka du ja til ein jobb sĂĽ langt heimafrĂĽ? – Det er ei spanande og utfordrande mulegheit bĂĽde fagleg og privat – Kva trur du blir den største overgangen? – I starten vil det meste vere ein stor overgang bĂĽde i arbeid og privat, men ĂĽ vere fysisk langt vekke frĂĽ delar av familien, ikkje minst dotrene vĂĽre og venene vĂĽre. I tillegg har bĂĽde Ivar og eg vore svĂŚrt engasjerte i lokalmiljøet mellom anna som trenarar, sĂĽ vil nok sakne kontakta med alle dei unge naustedølingane og. – Kva ser du mest fram til?/ Kva gruar du deg mest til? – Eg ser fram til ĂĽ kome i gang i gang med arbeidet, verte kjend med mine nye medarbeidarar og byen og landet elles. I tilegg vert det spanande ĂĽ sjĂĽ korleis kvardagane for heile familien vil verte. Eg kan ikkje seie at eg gruar meg til noko spesielt, tenker ĂĽ ta utfordringane etter som dei kjem, men er sjølvsagt spent pĂĽ korleis det vil fungere ĂĽ vere leiar i ein annan kultur, og om eg vil innfri forventningane i høve det ĂĽ gjere ein god jobb for norske bedrifter. – Beskriv den ultimate frihelg? – Det viktigaste er ĂĽ vere tilstades, helst med familien, uteliv og god mat. Om det ikkje er langtur pĂĽ gang, mĂĽ gjerne helgedagane starte med lang frukost, mykje kaffi og mange aviser – Kva har du liggande pĂĽ nattbordet? – Eg har kort innsovningsfase sĂĽ det vert lite lesing pĂĽ senga. Eg er glad i bøker og kjøp av bøker ber i periodar meir preg av ambisjonsnivĂĽet, enn kva eg faktisk har lest. I ferien har eg lest Cape Town av Tomm Kristiansen og Sanct Svithuns gĂĽte av Rune Timberlid Eg freistar og ĂĽ orientere meg litt pĂĽ SørAfrikansk litteratur og har leita opp att bøker av AndrĂŠ Brink og Nadime Gordimer. Nett no er eg i gang med Min sønns historie av Gordimer. – Kva musikk/musikarar lyttar du til? – Med huset fullt av born i alle aldrar, styrer eg sjeldan kva som vert spela, men likar mykje av det dei spelar, er ganske altetande. Har sjølvsagt stor sans for mange av dei gamle: Queen, Pink Floyd, Sting, Paul Simon, Annie Lennox og nyleg Ane Brun, ho syng utruleg vakkert. – Du har invitert fire vener til middag heime hos deg sjølv. Kva serverer du dei? – Eg mĂĽ tilstĂĽ at det er oftast Ivar som lagar mat nĂĽr har gjestar, men eg er ganske god til ĂĽ lage pizza og diverse salatar, m.a varm fetasalat. Eg har og ein sikker vinnar i kyllingfilet med eit hav av grønsaker steikt i omnen, servert saman med grøn ÂŤguggeÂť(erter og kvitløk). Desserten verte noko med norske bringebĂŚr, anten naturell med vaniljesaus, eller frosne blanda med marengs, romkrem, vaniljeis, hakka mandlar og mørk sjokolade. –Kva drøymde du om ĂĽ bli dĂĽ du var liten? – Eg kan ikkje hugse at eg har hatt ein stor yrkesdraum, men vart tidleg klar over at eg ikkje kunne bli frisør etter ĂĽ ha skamklipt eine systera mi og klipt broren min i øyra. I praksis har vegen vorte til undervegs, eg har alltid tenkt at eg skal gripe mulegheitene eg har lyst til nĂĽr dei dukkar opp. – Kva fĂĽr deg skikkelig irritert? – Folk som klagar utan ĂĽ gjere noko med det. Det er mykje bortkasta energi i klaging. – Du fĂĽr 50.000 kr du skal gje til eit lag eller ein organisasjon. Kven fĂĽr dei og kvifor? – Eldste jenta vĂĽr har eit sterkt engasjement for borna ved ein barneheim i Sucre, Bolivia.

Her fĂĽr borna oppfølging til dei er ferdig utdanna og kan ta vare pĂĽ seg sjølv og bidra til samfunnet. Det er alltid ein kamp for ĂĽ ha nok pengar, ikkje minst for ĂĽ sikre att dei og har tid og rĂĽd til utvikande fritidsaktivitetar som idrett og leik. No prøvar dei og ĂĽ fĂĽ sikra fast psykologteneste til borna. Engasjementet har smitta over pĂĽ resten av familien, og eg veit pengane rekk langt og kjem til god nytte. Elles har eg og stor sans for Leger uten grenser, sĂĽ eg tek gjerne 50.000 til dei og. – Kva hugsar du best frĂĽ barneskulen? – Eg hadde ei fin skuletid ved Volda barne- og ungdomsskule. Skulen var moderne i si tid med stor aula for gruppeundervisning, i tillegg hadde vi stor pĂĽgang av lĂŚrarskuleelevar som skulle prøve ut forskjellig pĂĽ oss. Det mest spesielle var likevel at vi hadde tannlege og helsesyster ved skulen, sĂĽ nĂĽr det banka pĂĽ døra sĂĽ var det anten rektor, tannlegen eller helsesystera i kvit frakk. Du visste aldri nĂĽr det var du som vart henta. – Kva ville du vist fram for ein turist som kom til heimstaden din? – Det kjem ann pĂĽ kor spreke dei er, men den flotte Budeia, kunstverket av Kjartan Slettemark vi har pĂĽ Sanden, er oppnĂĽeleg ĂĽ nyte for alle. DĂĽ har du og utsikt til Heilefjellet, eit majestetisk fjell! Køyrer du med bil ut langs fjorden, vil du i tillegg møte ei fantastisk utsikt til havet nĂĽr du kjem til Redalen. Naustdal har bĂĽde fjellet, elva, fjorden og kysten.

FM 10•2012

12

REKNESKAPSFĂ˜RING – ny teneste for ditt aksjeselskap.

+@3= Ă 0TY\NKXO ,SV_^VOSQO

Du bestemmer kor stort rekneskapshonorar du skal ha.

UJMCZS CJMBS UJM EFJ Ăš FTUF GĂ?SFN½M TUBTKPOFSU Q½ GZMHKBOEF TUBEBS p '-03° p '°3%& p -&*,"/(&3 p .Â?-°:

p 4"/%"/& p 40(/%"p 453:/

Unni Kriken

statsautorisert revisor

Med webbaserte rekneskap frĂĽ norske 24SevenOfďŹ ce kan du gjere meir sjølv om du vil: Scann inngĂĽande faktura, fakturer, ta ut rapportar og sjekk om kunden har betalt. Som kunde har du same tilgang til systemet som oss. VĂĽre 4 tilsette, herav 2 statsautoriserte revisorar og ein siviløkonom, har lang erfaring frĂĽ rekneskap og revisjon, og stor kompetanse pĂĽ skatt, avgift, selskapsrett, økonomistyring og revisjon. Vi tek oppdrag i heile fylket. Kontakt statsautorisert revisor Hans Magnar Hansen for ein uforpliktande prat pĂĽ tlf 41 78 54 00 eller statsautorisert revisor/ aut. rekneskapsførar Unni Kriken pĂĽ tlf 41 78 54 01.

:\S]^SVLYN YQ \O]O\`K]TYX

^VP$ ! ! " YQ aaa K`S] XY Hans Magnar Hansen statsautorisert revisor


11+4

SKORINGEN FØRDE LIBRIS TING

2+3

FØRDE LIBRIS

SKULESTART Velkommen til ein hyggeleg handel

LINDEX

Gyngehesten | Leikebutikken Yes | Førde Libris | Bunnpris | Rema 1000 | Førde Multimedia Torg | Telehuset | Gullsmed & Urmakar H. Brændmo & J. Pettersen Nille | Audhild Viken | Jernia Førde | Mozart | Kid | Sybutikken | Ting | Olefine - Naustdal Dampbakeri | Spisekroken | Bik Bok | Carlings | Non Stop Sko | Cubus Dressmann | Chatlet Sport1 Førde | Yrkesklær AS - Jobb og Fritid | Lindex | Bokuben | Non Stop Sko | Smia Dame | Smia Herre | Skoringen | Centrum Salong Vivikes | Parfymelle | Link Bingo | Førde Glassmagasin

Opningstider:10–20 (10-16) Matvarebutikkane har eigne opningstider Følg oss på

ORRTT GÅÅVEKO

Vårt elektroniske gåvekort kan nyttast i våre butikkar!

Reklamebyrået Inform Media

FM 10•2012

13


Frøys Hus: Eksklusivt, øko Steg for steg jobbar Liv Hatleli og Geoffrey Gilpin mot draumen: Å gjere sitt økologiske gardshotell i Fresvik til hovudlevebrød. TEKST OG FOTO: Roy Sunde

2,5 km over det vesle sentrumet i Fresvik ligg Frøys Hus oppe i bakkane. – Velkommen, helsar Liv og Geoffrey, og viser inn i eit imponerande hus, med anar på andre sida av vasskiljet. – Nærøyfjorden kom på UNESCO si verdsarvliste i 2005, då vaks draumen om å flytte og skape eit levebrød heime på garden. Mamma er opphavleg frå Vågå, og fann huset til sals på Finn.no, på Otta. Vi fall pladask, kjøpte huset, merka dei nesten 300 stokkane, plukka frå kvarandre og sende med trailer over Sognefjellet. – Huset måtte renoverast, og vi bygde litt på, for å få breiare gang og bad på alle rom. Vi var usikker på om vi skulle satse så mykje, bad er dyre rom, men gjennom prosessar på etablerarkurs frå Innovasjon Norge fekk me vidareutvikla konseptet vårt. Skal ein leve av småskalaturisme må standarden vere høg, og du må få tak i dei som er villig til å betale for det. Det krev kvalitet i alle ledd og blant anna bad på rommet, seier han.

Dugnad Det har gått med mange timar dugnad. – Foreldra mine har vore enorm hjelp, bygdefolket har stilt opp og vi har hatt god hjelp av etablerte bedrifter som Ciderhuset, Bestebakken, Henjatunet osv, som bidreg med råd. – Far til Liv har ein ven, Øystein Ørjaseter, som er med i Sunnfjord Kunstlag og ihuga kunstsamlar. Han har kome med mykje vakker kunst, som han meiner høver ein spesifikk plass i huset, som vi får låne. Utruleg positivt og atmosfæreskapande, smiler Geoffrey. Du merkar på dialekten til Geoffrey at han ikkje er sogning. – Eg er frå Canada, men då eg var 24 studerte eg i Tyskland. For å halde heimlengta i sjakk jobba eg på ein gard i helgene, der eg fekk sveise, køyre traktor og slikt. Det byrja å gå rykte om at det skulle komme ei søt norsk jente. Og det stemte, gliser han. – Vi vart eit par, og første gang eg skulle heim til Fresvik og vitje bestemte eg meg for å haike frå Oslo til Fresvik. Men ingen visste kor Fresvik var. Det enda med at Liv måtte ordne med skyss og tog. Og etter det var det gjort, det vart Norge, sjølv om førsteinntrykket var labert. – Mitt første møte med Norge var Sarpsborg, det var så kjedelig at eg sa aldri meir. Men når eg kom til Fresvik var eg seld. Når Liv var ferdige med studia sine på Ås flytta vi hit, i 2008.

Smått

FM 10•2012

14

Geoffrey viser rundt. – Brutto er det vel 360 m2, med kjellar, to fulle plan og loft. Stove, kjøkken og spisestove og slikt i første, gjesterom i andre, og tredje etasje er lager. Om vi skulle nytta tredje etasje til gjesterom hadde det utløyst krav til vindeltrapp i begge endar, samt sprinklaranlegg, så det ville blitt dyrt. – Drømmegjestane er små styremøte, som blir her eit par dagar, får inn nokre små fjellturar og avsluttar med vedfyrte stampar og god mat og drikke, smiler Liv. – Vi rettar oss mot styremøter, forskargrupper på skrivehelg, leiargrupper osv. Med fem rom er det ei grense for kor store grupper vi kan ta i mot til overnatting, men på mat har vi høve til å ha inntil 17 gjestar her, og så samarbeider vi med andre når det trengs. Blant anna i samarbeid med Sjøstigen, driven av Dee og Hege, som har vore gode «mentorar» for oss, har vi teke i mot opptil 35 overnattande. Det er flott å ha nokon å diskutere med, og låne erfaring av. – Ca tredel av gjestane er bygdefolk i ulike samanhengar, ein tredel norske smågrupper og resten er utanlandske. Alle kjem etter avtale, vi har valt vekk drop – in, det er ikkje mogeleg å kombinerer

Geoffrey og Liv valte å satse på bad til alle rom, og med slike bad kan det trygt seiast å vere vellukka.

Spisestova rommar 17, og er lys og triveleg.


logisk, småskala

2

3 1: Det staslege huset har funne seg flott til rette på si nye tomt i Fresvik. 2: Geoffrey og Liv har ikkje angra på at dei busette seg i Fresvik. 3: Slik såg det ut når huset var «heime» i Otta.

dett med anna arbeid, då måtte ein vore tilgjengeleg heile tida, og det hadde kravd ein heilt anna logistikk på innkjøp. Frøys Hus har eit godt samarbeid med Christine Gaffney, hos The Travel Designer, som nyleg var reiseleiar for amerikanske reiselivsagentar, med mål om selje Vestlandet inn mot kresne amerikanske turistar som vil ha luksus og eksklusivitet. – Ho rettar seg mot den amerikanske high end marknaden, og skreddarsyr turar for kundar til aktørar som oss, Opergarden, Knutholmen etc, tilpassa kunden sine interesser. Via ho vitja også CNN sin reislivsguru Martin Rapp oss, seier Geoffrey, det er topp reklame. – Vi er avhengig av at det skjer ting i bygda, og finnast tilbod. Blant anna samarbeider vi med Olav Bøtun, som tilbyr eigenproduserte urtedrammar og vedfyrt badestamp på vårstølen Engi. Sjøstigen tilbyr fem vedfyrte stampar ved fjorden. Ofte er små aktivitetar viktig, som tek to-tre timar. Utanlandske gjestar vil gjerne på tur i naturen, men ikkje slike boot-camp turar nordmenn likar. Dei trivast med meir moderate former. Det må ein tilpasse seg, seier ho.

Næringsutvikling. På sikt er målet halv stilling på hotellet til begge, og leigd hjelp elles. Det er kjekt å komme seg ut og møte andre menneskjer i blant, i tillegg til at det er fagleg interessant, smiler canadiaren. – Det er viktig med mange bein å stå på, så vi prøver oss fram, men om det er liv laga hoppar vi i det. Men godt betalt per time blir det aldri, ler han, men vi gikk i pluss for første gang i 2011. Vi byrja hausten 2009, så det er det eit godt teikn, seier han. – Liv er dyktig til å konsentrere aktiviteten. Når ein samlar gjester på same helg får vi betre kapasitetsutnytting. – Ho er hovudpersonen på hotellet. Eg har ofte gått inn i husmorrolla i det siste som den som held stell på hus og barn, medan Liv tek seg av rekneskap, innkjøp, gjestar, matlaging og servering. Ho er utruleg dyktig og lagar all maten frå grunnen av. – Og du er snikkarkyndig, og tek deg av den biten, supplerer Liv med eit smil. – Vi er stereotype, men eg vil ta meir ansvar her når eg er ferdig med doktorgraden, seier han.

Hoppe i det?

Økologisk, kortreist og så vidare

– Vi er på vippen, der vi snart kan auke bemanninga. Ønsket er å bygge oss opp til eit heiltidshotell, smiler Geoffrey og presiserer. – Om vi jobbar verkeleg hardt kan vi kanskje nå målet i løpet av 3-5 år. Men sesongen er delt, og vi vil gjerne bruke utdanningane våre, så vi vil kombinere med jobb utanom. Eg jobbar på Vestlandsforsking, og Liv på Njøs

Liv forsvinn og kjem attende med eit fat med godt brød, og ditto ost. – Kvitost og brie, frå Sogn Jord og Hagebruksskule, smiler ho. Begge deler kan trygt anbefalast. – Maten er økologisk og kortreist, sjølv om det nesten er blitt ein klisjé i dag. Nesten alle gjer det over gatekjøkkennivå i dag, smiler Geoffrey.

FM 10•2012

15

<<

1


<<

Med slike senger skulle alt ligge til rette for eit hyggeleg opphald.

– Målet er at mest mogleg av maten skal vere frå Indre Sogn. Vi samarbeidar med Vidar Aasen, den einaste yrkesfiskaren i Sognefjorden. Menyen avheng av kva han og andre får i garnet. Vi har avtale med andre som fiskar på hobbybasis, blant anna sjøkreps, som ringer når dei har noko. Det meste av kjøtet er frå Vikja, eit lokalt økologisk slakteri i Vik. Det er luksus, vi kan velje mørningsgrad, kva bitar vi vil ha osv. Alt av kjøt, fisk og vilt er frå Indre Sogn, vi har aldri kjøpt utanfrå. I tillegg kjøper vi eplejuice frå Amble gård, Cider frå Ciderhuset, Ægir, osv. Mamma er rektor på jordbruksskulen i Aurland, som leverer lokale ostar og grønsaker, og ho er ein stor ressurs for oss. Vi dyrkar grønsaker og urter sjølv, og det meste av bær og frukt er frå bygda. Sengeklede, handklede osv er økologisk. Gjestar skal ikkje føle dei belastar miljøet ved å komme hit. – Filosofien er økologisk, så langt som råd. Det meste av frukt lokalt er økologisk, men ikkje bær. Då kjem neste prinsipp: Nærleik. Må du frakte økologisk mat frå Spania er poenget borte, seier han. Økologitanken ligg i alt: Vi resirkulerte så mykje av huset som råd, og nyttar vassboren varme frå vedfyrt sentral. Vi har avløpssystem utvikla av UMB, som sikrar at vi ikkje forgiftar naturen, som ligg under huset: Der går grensa for kor interessert folk er i økologi, ler Geoffrey. Når eg opnar kummen for å vise dett dei fleste av.

Satsar på Svarthyll

FM 10•2012

16

Foreldregarden til Liv i Fresvik er fundament for drifta. Foreldra, Rune Hatleli og Bjørg Fritsvold la om til økologisk drift for over 25 år sidan. Etter 15 år med mjølkeproduksjon freista produksjon av Svarthyllbær til helsekost. – Svarthyll er ei busk/tre, etter kor høg du let den bli, som veks vilt sør i Europa, og i enkelte strøk i Norge. Den kom truleg med munkar, har vore kjent hundrevis av år, og er rekna for å ha medisinske kvalitetar. Eg og Bjørg var ute etter ei nisje på garden vi kunne få lønsam drift av. Eg las meg opp på Svarthyll og byrja plante ut for over ti år sidan, for å prøve, seier Rune. Då var dette i vinden, og prisane høge, men interessa for helsekost går opp og ned, smiler han. – Det er få som driv kommersielt med svarthyll i Norge. Eg er i klimatisk ytterkanten for å få fram mogne bær. Det kan gje ekstra god kvalitet på bæra, men er krevjande, seier han.

Satsa Etter som plantene vaks og bær modnast bestemte han seg for å hoppe i det. – Eg planta 20 mål med Svarthyll for 4-6 år sidan, som også er tida det tek før ein kan byrje hauste på plantene, seier han og fortel kva det skal hjelpe mot. – Det er skrive mykje om svarthyll, og det ein med størst sannsynlegheit kan påstå, er at ein frå gamalt av tok Svarthyll som førebyggande middel mot forkjøling og influensa vintertid. Svarthyll har virushemmande effekt, det kan vi hevde med stor grad av sanning, og skal styrke immunfor-

Skal ha positive effektar på immunforsvaret ditt.

Rune Hatleli inspiserer årets avling.

svaret. Eg har vore lettare forkjøla og hatt influensasymptom, men det har vore i langt svakare grad enn før eg byrja med svarthyll. Det er ikkje noko mirakelmiddel, eller som når du tek piller mot hovudpine og den forsvinn, det er førebyggande. Tanken bak produktet er å ta 10 mililiter dagleg som ein dram, i likskap med tran. Det er ikkje for nyting, men gjer godt, smiler han og byr på smaksprøve, med to åtvaringar: – Det er ganske surt, og det gjev ein del farge, i likskap med blåbær, som og har mykje antioksidantar, seier han og rekk fram glaset. – Dette var ikkje ille, slår Fossen fast, til samtykk frå underteikna. Tran er verre å få i seg. – Ein kan lage produkt av både blomane, og av bæra, som har ulike eigenskapar. Eg har valt å satse på bæra, og produserer konsentrert svarthyllsaft. Eg haustar bæra, frys dei og vakuuminndampar på 50 grader, for å øydelegge minst mogleg av virkestoffa. Til ei ferdig flaske på 200 milliliter går det om lag eit kg bær og eg tilset ingenting, ikkje ein gang sukker. Vi i familien skal vidareutvikle og skape fleire produkt, kanskje også søta variantar, men då med andre søtingsmiddel enn sukker, i høve økologiske regelverk, seier han og understrekar at det ligg seriøst arbeid bak kvart produkt. Metodane er utvikla i samarbeid med forskingsinstituttet Nofima Mat AS, tidligare Matforsk AS. Enn så lenge kan du kjøpe Frøy Svarthyll i nokre COOP butikkar. – Eg har hatt ein avtale med COOP Vest nokre år, og ein får Svarthyll bl.a. på butikkane i Førde og på Leikanger og nokre helsekostbutikkar, men relativt sett trur eg dei sel mest på den vesle COOP-butikken i Fresvik, smiler han.


//////////////////////////

Det

største

//////////////////////////

og mest unike handletilbodet mellom Førde og Ålesund Kulturhovudstad Eit naturleg handelssenter i Nordfjord Handel med sjarm i Eidsgata Shoppingsenter

BANK DNB KAFE, RESTAURANT OG KIOSK Narvesen Didriks Kafe og Gaver Dolca Vita KJØKKEN Nordfjordkjøkkenet FRISØR Fin Frisør og Hudpleie Mona Frisør MOTE Frislid Herreekvipering Bergset

INTERIØR Primula Design Magasinet Kala Det Gylne Snitt Blomsteratelier Lappestua Eid Interflora Hildenes Gartneri as GAVEBUTIKK Monrad Johnsen Eftf GULLSMED Bergart Gullsmedverkstad AS APOTEK Vitusapotek BYGG Byggern, Eid bruk

Og mykje, mykje meir…

besøk våre heimesider: nordfjordeid.no / operanordfjord.no

ELEKTRONIKK Euronics R. Hestenes Expert BIL OG SERVICE Eid Motor Eid Servicesenter AS - ESSO Stårheim Bilverksted AS HOTELL Nordfjord Hotell KUNSTGALLERI/ TURISTINFORMASJON Kulturhuset Gamlebanken

FM 10•2012

17


Nei, nei, gutt! RETT PÅ Andrine Bruland Når ein utdannar seg til psykolog, lærer ein at born skal ha gjerbeskjedar, i staden for ikkje-gjer-beskjedar. Ein ikkje-gjer-beskjed, er som i barnesongen eg viser til i tittelen, å seie slike ting som «nei, nei, gutt, ikkje gå inn i stua utan å ta av deg lua, ikkje pent!». Så derfor bør ein altså, når ein får lyst å seie «ikkje sitt på den kanten!», heller seie «om du vil sitje, så er det betre om du sit på denne stolen, for den kanten kan du dette ned av». Eller noko i den dur. På den gjennomsnittlege lekmann kan nok dette verke ganske pirkete og unødvendig. Det set i alle fall både kreativiteten og tålmodet på prøve. Og ting som krevjar litt ekstra innsats, får gjerne folk til å seie (ganske teite) ting som: «Eg har no ikkje sagt ant enn nei og ikkje te ungane mine, men da har no blitt folk av dai og!», medan dei bles tobakksrøyk utover kjøkkenet og dei to tenåringane sine, kor av den eine berre er ein engsteleg skugge av seg sjølv, og den andre har som hobby å knuse parkerte bilar nattetid. Eg skal vedgå at eg sjølv ikkje heilt såg kva stor forskjell det skulle utgjere når eg lærte dette første gongen. Og at eg merkar som mor at det fell seg nokså naturleg å starte annakvar setning med «Ikkje...» og avslutte den med eit utropsteikn. Men eg har no i alle fall prøvd å ha denne regelen i bakhovudet. Og no kjem eg snart til poenget. Eg er nemleg på tjukka igjen. Og før eg går vidare, så vil eg berre minne trufaste lesarar om at sjølv om det kjennes ut som om eg kjem med breaking news ein gong i månaden, så har eg faktisk skrive om meg sjølv i Fylkesmagasinet i 11 år. Og då er ikkje eitt bryllaup, ei skilsmisse, eit sambuarskap og to barn så dramatisk, er det vel..?

Kva pokker vil du eg skal gjere då!? Kva må til for at eg skal kunne være flink?

Uansett, eg er altså i sokalla lukkelege omstende. Med han som ikkje er fjellstø på å setje på poteter og sånt. Men han har veldig mange andre kvalitetar. Og så er han dødskjekk. Berre nemnar det! Vel. Når du er gravid, så ynskjer du, slik som då du var barn, å være flink, og gjere det som er riktig. Og når du er gravid, så får du, som då du var barn, berre nei -beskjedar. Og det er ENORMT FRUSTRERANDRE! Ikkje røyk og drikk alkohol – ok, heilt greitt. Har sett konsekvensane av dette i jobbsamanheng, og klarer fint å halde meg unna. (Det alkoholfrie ølet til Hansa er forresten fantastisk!). Men det stoppar ikkje der, må tru. Å nei.

av same grunn som grønsakene. Ikkje hald deg for mykje i ro. Men ikkje tren for mykje. Ikkje drikk brus, på grunn av sukkeret. Men ikkje drikk brus utan sukker, for det inneheld så mange skumle tilsetningsstoff. Og no leste eg nett i Dagbladet at du piska meg ikkje skal ete for mykje fisk heller, fordi det er funne så mykje eitt-eller-anna-drit i det. Men for all del, få i deg nok næring, og ikkje stress, for det er ikkje bra for babyen! Då tenkjer eg berre, som sannsynlegvis alle småbarn også tenkjer: Kva pokker vil du eg skal gjere då!? Kva må til for at eg skal kunne være flink? Og så får ein lyst til å gje opp, og ete reint sukker med skei, eller snike seg ut nattetid og knuse parkerte bilar. Tenk så mykje betre alt hadde vore, om ei eller anna jordmor hadde gitt meg ei liste, der det stod: «Et fire måltid om dagen. Et grovt brød og godt stekte egg, og unn deg ein sjokolade om laurdagen. Gå tjue minutt rask gange kvar dag. Ta tran. Du er ei flink jente, og du har gjort det du kan for å bidra til at du får ein sunn, frisk og vakker liten baby». På same måte må det være mykje deiligare for små gutar at ein syng: «Lua skal ligge på hylla, ja, ja, gutt, du husket det til slutt!»

Ikkje et sukker, for det omdannast direkte til fett hjå fosteret, og så får du ein 5,5 kg unge og rivnar til det irreversible og uattkjennelege. Ikkje et salat og rå grønsaker som du ikkje veit er usprøyta og grundig vaska, for då kan du få i deg allslags bakteriar og skadelege midlar, som igjen kan ta knekken på den vesle. Ikkje et spekemat, ting med rått egg, røykelaks, mjuke ostar, og eller alt som er godt,

FM 10•2012

18 Registrert elektroentreprenør

Elektrikar? Vil du jobbe hos en El-Proff? Ta kontakt med oss.

EL-PROFFEN er Norges største elektrikarkjede. Kjeden er landsdekkjande og er i sin heilheit eigd av medlemane. EL-PROFFEN har 159 medlemsbedrifter med ca. 2700 tilsette.

Sandane tlf. 57 88 46 10 www.hendenelektro.no

Stryn tlf. 57 87 29 20 www.strynelektro.no

Sogndal tlf. 57 68 29 50 www.josvanger.no

Florø tlf. 57 75 22 11 www.vestelektro.no

Førde tlf. 478 36 160 www.sunnfjordelektro.no

Bremanger tlf. 57 79 13 57 Svelgen tlf. 57 79 51 90


inform-media.no

Snart skal vi på haustferie til besta og besten i Loen Jippi, eg gledar meg! Då skal vi leike og ha det gøy, og tenk så har dei fått Internett òg.

Vi gir deg 3 mnd. utan abonnementskostnad på internett i heimen (ADSL) og mobilt breiband.

FM 10•2012

19

Tilbodet gjeld nye ADSL-kundar med 12. mnd bindingstid som bestiller begge produkta samla. (Pris første året frå kr 4301,- inkl. etablering).

Surf der du er, når du vil Om du allereie er Enivest-kunde – gjer som “besta og besten” bestill mobilt breiband no!

Din lokale breibandsleverandør i Sogn og Fjordane

57 00 91 00 | enivest.no


FM 10•2012

20


Edvin Haugen gler seg til å ta fatt på nye utfordringar.

Samlingspunktet Edvin Haugen er mannen som skal samle Nordfjord til eit næringsrike, som dagleg leiar i vekstselskapet Nordfjord Vekst. TEKST OG FOTO: Roy Sunde

Tok vare på sjansane han fekk Og sjansane han har fått har han teke vare på. CV’en er imponerande. Av yrke er han møbelsnekkar, men talentet for leiing og organisering er truleg større. – Eg har ikkje anna å slå i bordet med enn eit sveinebrev av utdanning, men har tileigna meg mykje via ulike verv, smiler han. – Blant anna som hovudtillitsmann på Ekornes Grodås og konsernstyremedlem i Ekornes,. Lokalpolitikken byrja han i 23 år gammal, etter blant anna å ha vore ungdomsordførar. Partiet vart Høgre. – Politikk på lokalt plan handlar ofte om persontilknyting og kven ein ønskjer samarbeide med, ikkje berre politikk. Ein er aldri einige med alle i partiet om alt, slik er det i politikk på alle nivå. Høgre er eit parti med god takhøgd, der eg trivast, seier han. Karrieren i politikken førte han inn i formannskapet i Hornindal i 2007, og to år seinare vart han ordførar når Bjørn Lødemel gjekk over i rikspolitikken. – Summen av erfaringane har gjort meg til den eg er, og gav meg sjansen til å bli leiar av Nordfjord Vekst.

styre, næringsliv og kommunane går det bra. Jobben er ei solid utfordring. Eg likar å ta del i at det skjer noko, vere med å skape og utvikle. Det triggar meg. Og det er ikkje meg åleine, eg er ein del av totalen som saman med styret, kollegaer, kommunar og næringslivet i Nordfjord skal trekke lasset saman.

Vegstrid? Om nokre månadar opnar Kvivsvegen. Sjølvsagt noko den tidligare ordføraren ser fram til. – Vegen er ein utruleg fordel. Det blir spennande å sjå kva den vil bety for Hornindal, og om vi klarar å skape effekt ut av aukande trafikk og større omland. Vegen vil påverke og gje mogelegheiter for heile regionen, seier han, men ting vil ikkje ramle i hovudet vårt. Vi må sjølv bidra og skape om vi ønskjer at Hornindal skal bli meir enn eit vegkryss på E39. – Det er også ein veg som har skapt ein del debatt i Nordfjord, i høve framtidg plassering av E39. Eit potensielt skjær i sjøen for ein honndøl som skal pendle til Vågsøy for å samle Nordfjord? – Vi har sjølvsagt diskutert dette og veit kvar vi har kvarandre. Det er god takhøgd i Nordfjord Vekst så det skal gå bra. – Nordfjord har vore prega av sterke debattar siste åra. Kva trur du er opp-skrifta på at næringslivet i regionen skal lukkast? – Strid og ulike syn på ting vil førekomme, men ein må unne kvarandre å lukkast, og tore å gje noko til naboen. Nye bedrifter i nabokommunen har ringverknadar som kjem næringslivet i eigen kommune til gode,

<<

Inga lita oppgåve for ein enno ung og lovande kar. Men, 32 år til tross, Haugen har lang rutine innan politikk og fagforeiningsarbeid, blant anna som ordførar i Hornindal. – Eg var ein veldig ung ordførar og i tvil om eg skulle ta på meg oppgåva. Eg fekk ein del tilbakemeldingar på at enkelte synst eg var vel ung. Men eg likar utfordringar, likar ikkje seie nei og vart berre tent av at alderen ikkje var på mi side, ler Edvin Haugen. – Når eg først kom i gang viste det seg at ordførar var drømmejobben. Ei utruleg kjekk tid. Eg minte meg sjølv ofte om kor heldig eg var som fekk lov å ha ein slik jobb og angra aldri på at eg tok sjansen.

FM 10•2012

Spennande framtid Han har store forventingar til jobben han skal til med. – Nordfjord er eit interessant område, med spennande næringsliv langs heile fjorden og mykje på gang, blant anna Local Host i Lefdal Gruve, som er i emning og kan bli veldig stort om det slår til, seier han og fortel at han føler seg klar. – Eg er klar for oppgåva, og har ei god kjensle når eg tenkjer på å byrje i ny jobb og utfordringane eg møter der. Men eg er audmjuk, det er eit stort ansvar. Han skal også følgje i fotefara til profilerte Alfred Bjørlo, som leia Måløy Vekst, som utgjer stammen i nye Nordfjord Vekst. – Eg ville ikkje sagt skummelt, men Alfred er dyktig, så det er store sko som skal fyllast. Eg må gjere det på min måte, og så lenge eg har eit godt samarbeid med

21 EIENDOMSMEGLING

Trygg omsetning og høg kvalitet.

OPPGJØRSOPPDRAG Selge bolig selv? Vi tar papir- og oppgjør for fast pris på kr. 7.500,-

Ole Rune Torbjørn Døskeland Sognefest Kolås

Pb. 645, 6804 Førde | Tlf. 57 72 01 00 ord@fjordadvokat.no | www.fjordadvokat.no Advokat Ole Rune Døskeland og Torbjørn Kolås


<<

seier han og fortel at det viktigaste er å gjere ein god jobb, ikkje kva folk synst om den. – Ein ønskjer jo å sjå tilbake på ein vel utført jobb, og blir huska som noko positiv, men at alle skal vere nøgde har eg ingen illusjon om. Dette er ein jobb der ein blir veldig synleg, og det er veldig målbart kva ein får til eller ikkje. Målet er å gjere mitt beste.

Fem kjappe: Kva les du? – Stort sett aviser, siste boka eg las var faktisk for to år sidan. Boka om Dagfinn Enerly. Den klarte eg ikkje å legge frå meg, den vart lest på flyet til Ecuador. Kva ser du på? – Mykje på fotball, både Premier Leauge og norsk, og i Norge er det Lillestrøm som er laget, og så må eg ha med meg Sogndal sine kampar. I England held eg med Charlton, og så likar eg Manchester United også.

Lyst å jobbe for seg sjølv ein dag Etter å ha gått frå ein drøymejobb til ein ny vil han ikkje spå om framtida. Men, han innrømmer å ha ein draum for framtida. – Det er eit ønskje å starte eige firma ein dag, så eg håpar erfaringa frå jobbane eg har hatt er med på å gjere den drømmen liv laga, seier han og understrekar at han er veldig nøgd med jobben han skal til på. – Eg er utruleg glad for å ha komme dit eg er no. – Ser du for deg politisk «comeback» når du ein gang takkar av i Nordfjord Vekst? – Eg er i kommunestyret, men eg har sagt til lokalavisa at eg ikkje er ordførarkandidat ved neste val, det er uaktuelt. Men, det er 35 år til eg er pensjonist. Kva som skjer i løpet av dei åra veit ein ikkje, smiler han lurt. – Det er lettare å ha politikk som jobb enn hobby, om eg kunne vore heiltidspolitikar hadde eg nok gjort det. Samtidig har eg ei dotter på eit år og sambuar, det er ei krevjande tid, der ein må fokusere på

Kva må du alltid ha med deg? – Eg er med i brannvesenet, så personsøkar og mobiltelefon. Det er dei to siste tinga eg sjekkar om eg har med meg om morgonen før eg går ut døra. Kva et du helst? – Rotemiddag! Dampepølse, kålrot, potet og lefse, med dipp av margarin og pølsekraft. Utruleg godt, og så er det eit styr å smøre i hop lefsene. Det er der namnet kjem frå, når vi var små var det den middagen vi ungane fekk rote og styre med rundt middagsbordet. Stad? – Ut på Hornindalsvatnet og fiske. Det er utruleg rekreasjon, som eg gjer alt for sjeldan.

DRØYMER DU OM EIT LIV UTAN LINSER OG BRILLER? Vi opererer langsynte, nærsynte, skeive hornhinner, alderslangsynte, grå stær og deg med dårleg mørkesyn. Smertefri, rask behandling for eit nytt liv! Rentefri delbetaling. Uforpliktande forundersøkelse! Ein av Europas dyktigaste synskirurgar TTa kontakt for meir informasjon og referansar!

FM 10•2012

22

familie og arbeid, og kanskje ikkje har like god tid til å engasjere seg utanom. – Ser du for deg ei politisk karriere på nivået over lokalplanet då? – Eg ser meg ikkje som fylkes- eller rikspolitikar, men det er vanskelig å vite kva ein gjer om 15 år. Det er ikkje eit uttalt mål. Men det var det ikkje å bli ordførar når eg byrja i politikken heller.

Synskirurgi er ei tillitssak

Eit aktivt liv Er du lei av å fomle med linser om morgonen, og synst brillene er eit lite hinder i ein aktiv kvardag? Kvifor ikkje ta første steg mot ein meir spontan kvardag? Vi opererer auga dine trygt og raskt, etterpå kan du legge briller og linser bort for godt.

Tilknytta kirurgar: dr.Thilesen, dr.Plesner, dr. Meberg

Sogn og Fjordane Synskirurgi, Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane Tlf.57 86 74 00 • www.synskirurgen.no

Nordfjord Vekst AS Måløy Vekst AS har gjennomgått ein emisjon og blitt utvida til eit felles regional næringsselskap for kommunane Eid, Selje og Vågsøy og skiftet namn til Nordfjord Vekst AS frå 2012. Dette for å skape utvikling av næringslivet i regionen, skaffe arbeidskraft, kapital og nye talent til regionen, og ikkje nå gjennom med viktige fellessaker for næringslivet knytt til samferdsle, utdanning, offentlege funksjonar med meir. Selskapet er bygd opp med næringslivet i aksjemajoritet og god og langsiktig grunnfinansiering. Hovudkontor er i Måløy, men vi har nodar på VAKN sitt kontor i Eid og på kommunehuset i Selje. Det er opent for at alle bedrifter i medlemskommunane til å delta som aksjonær i det nye næringsselskapet!


Atterhald om utselde varer og eventuelle prisendringar.

FOTO KIKKERTAR UR GULL SØLV MUSIKK FOTO KIKKERTAR UR GULL SØLV MUSIKK FOTO KIKKERTAR UR GULL SØLV MUSIKK

4495,-

Kompaktkamera for den kresne! Canon vidvinkelzoom EF-S 10-22 USM PowerShot S100 kr

PowerShot G12

2.995,-

kr

2495,12 x optisk zoom

Pakketilbod:

ALTERNATIV: med Canon 18-135 IS, kr 8.990,med Canon 18-200 IS, kr 10.990,-

6490,-

2.995,CANON IXUS 500HS

7490,-

CANON Eos 600D m/ «dobbel zoom kit»: Canon EF-S 18-55IS og EF-S 55-250 IS

CANON Legria HF-M 506

3999,-

8995,-

1995,-

ALTERNATIV Eos 7D: med Canon EF-S 18-135 IS, kr 11.990,med Canon EF-S 18-200 IS, kr 12.990,med Canon EF-S 15-85 IS USM, kr 14.990,-

Kr 5.995,-

Canon Normalzoom EF-S 18-135 IS EF-S 18-200 IS USM EF-S 15-85 IS USM

Kr 3.295,Kr 3.995,Kr 5.995,-

Canon Telezoom EF-S 55-250 IS EF 70-300 IS USM

Kr 1.995,Kr 4.195,-

Canon Macro EF-S 60mm F. 2,8 EF 100mm F. 2,8 EF 100mm F. 2,8 L USM

Kr 3.495,Kr 4.195,Kr 6.995,-

Canon EF m/fast brennvidde EF 50mm F. 1,8 Kr 995,EF 50mm F. 1,4 Kr 2.995,EF 85mm F. 1,8 Kr 3.195,-

CANON PowerShot 3200IS

Canon L objektiv EF 17-40 F. 4 Kr 5.995,EF 24-105 F. 4 Kr 8.995,EF 70-200 F. 4 L USM Kr 4.995,EF 70-200 F. 4 L IS USM Kr 9.695,EF 100-400 F. 4,5-5,6 L IS USM Kr 13.195,EF 70-300 F. 4-5,6IS USM Kr 11.995,EF 70-200 F. 2,8 L IS USM Kr 18.995,-

999,-

Inkl. 4GB minnekort og originalt Canon-etui

CANON Ixus 105IS

999,CANON Legria HF-R 26 HD

5995,ALTERNATIV Eos 60D: med Canon EF-S 18-135 IS, kr 8.990,med Canon EF-S 18-200 IS, kr 9.990,med Canon EF-S 15-85 IS USM, kr 11.990,-

Canon-pris!

CANON EOS 650D m/Canon 18-55IS obj.

CANON EOS 7D kamerahus CANON EOS 60D kamerahus

5995,-

CANON EOS 1100D m/Canon 18-55DC obj.

CANON Eos 600D m/Canon EF-S 18-55IS

ALTERNATIV Eos 600D: med Canon EF-S 18-135 IS, kr 6.490,med Canon EF-S 18-200 IS, kr 8.490,-

CANON PowerShot G1x

(Eks.: EF-S 18-200 IS USM Kr 3.995,-)

Fotoutstyr til Canon-prisar på 2995,-

Stort utval i Canon-objektiv:

Canon Speedlight blitzar:

Inkl. 4GB minnekort og originalt Canon-etui

Speedlite 340 EX II

FOTOBOK» «Min CEWE m - gratis til alle soog Verdi kr 318, Ixus n Eos, Canon no Ca r pe kjø rShot Canon Powe hjå oss!

1995,3795,-

Speedlite 580 EX II

(biletet)

Alf Helgheim & Co AS Skei Sentrum, 6843 Skei i Jølster Tlf. 57 72 83 11 • Fax 57 72 83 29 www.alfhelgheim.no • post@alfhelgheim.no

Personleg service og god pris. Vårt mål er at alle våre kundar skal få hjelp og rettleiing til å finne akkurat det produktet og den løysinga som høver for kvar einskild. Sjå vår heimeside www.alfhelgheim.no for oppdaterte og konkurransedyktige prisar.

÷ 50 % no no 5995,5995,-

÷ 80 % no 1998,no

vEvRIng UtstILLInga

Motery m/pa

www w.vevringutstillinga

ord. or d. 11990,-

Cardi ff Sofa a

ord. ord. 9990,-

2012

FAGMILJØ F A GM IL J Ø – litt meir enn du tr trur ur – alt i vvarme arme og ener energi gi

evatuftdesign.no - Maleri: Damion

FOTO KIKKERTAR UR GULL SØLV MUSIKK FOTO KIKKERTAR UR GULL SØLV MUSIKK FOTO KIKKERTAR UR GULL SØLV MUSIKK

21-23 SEPT SEPTEMBER EMBER

Ryddesal! Rydd esal!

S Sjå jå www www.fagmiljo.no .fagmiljo.no ffor or fl fleire eire gode ttilbod. ilbod. or ord. d. 13900,-

or ord. d. 13900,-

÷ 35 % no 7794,no

÷ 30 % no 9730,n o9 730,-

÷ 37 % n o 8813,no

FM 10•2012

23

Nordpeis Sh S ape I

Heta Scan Line 550

ord. ord. 11990,-

Opni ngstider: Opningstider: Mån–Ons Mån–Ons T orsd o ag Torsdag Fredag Fredag L aurdag Laurdag

10.00 10.00 10.00 10.00

– – – –

16.30 18.00 16.30 14.00

Hafstadvegen 39 (ved Esso) | 6800 Førde | www.fagmiljo.no


SKULESTA Tilfeldig eller ikkje… «Lykkeboden» serverer storpremiar til sine kundar!

Shoe your attitude with fall news Villain

Extra Hest Flax Hest Lotto Hest Lotto Hest Viking Hest Lotto Hest Lotto Hest Viking Extra Lotto

500.000 287.854 500.000 130.335 1.693.965 136.414 2.349.775 244.826 2.151.447 253.993 2.011.475 164.790 916.820 114.052 151.615 190 595 5.000.000

Hest 179.748 Extra 126.885 Hest 138.328 Hest 1.044.770 Hest 147.308 Hest 978.736 Hest 120.020 Hest 255.759 Hest 147.409 Hest 104.761 Hest 104.761 Hest 379.178 Hest 149.245 Viking 118.525 VikingLotto 118 585 Extra 190 595 Din tur ??? ???

kr 699,-

TILBUD

29,Før 65,-

Villain

Vi har også stort utvalg i sekker!

kr 1199,-

PC-bord

SKOLESTART

Kanskje det er din tur no?

149,Før 198,-

Villain kr 1199,-

Levér inn ein kupong hos oss på Handelshuset! NB: Flax-lodd fungerer fint som gåve også!

Marcel New Era caps, kr 400,DC t-shirt kr 450,-

Til bords Redskapssett Før kr 699,-, no kr 399,-

Naustdalsvegen 4 | 6800 Førde Tlf. 57 72 00 00 | handelshuset@libris.no www.libris.no

Handelshuset Nord 2. etg – Tlf. 57 82 15 37

Blend Outfitters Nation jakke, kr 299,95

Bagorama Quicksilver sekk, kr 699,og få med pennal, verdi kr 199,-

Handelshuset Libris Contigo drikkeflasker, 4 ulike fargar, kr 149,-

Sunkost eye-q flytande kr 249,-

Største kjøpesenteret mellom Bergen og Ålesund • 50 butikkar • 500 gratis parkeringsplassar • 4 restaurantar/kaféar • Leikeland HANDELSHUSET

1987-2012

Opningstider: Kvardagar: 10-20 (21) Laurdag: 10-16 (20)

Nokre butikkar har andre opningstider.


inform-media.no

RT!

Største kjøpesenteret mellom Bergen og Ålesund SKO • dna • EuroSko • Økonomisko MAT, DRIKKE OG KIOSK • Spar • Napoleon Conditori • Deli Vita • Narvesen • Peppes Pizza • Vinmonopolet • Bambus OPTIKK, UR OG GULL • Bjørklund • Mestergull • Brilleland

JAKKE

49995

KROPP OG HELSE • Nikita • Apotek1 • The Body Shop • Sunkost • Trendy frisør • Cosmetique Parfymeri & Spa • Ranels Parfymeri • VITA HUS OG HEIM • Bellis Blomster • Nille • Handelshuset Libris • Kremmerhuset • Princess • TilBords

BLUSE

19995 JEANS

39995 Handelshuset Nord / Førde Tlf 57832828

Modell: Anette Skjærli, med kle frå KappAhl: Svart topp 99,Rosa singlet 59,50 Bukse 199,Jakke 299,Sko frå Eurosko: Kawasaki 499,Sekk frå Citybag: Beckmann 499,-

KLE • Bare Barn • KappAhl • VIC • Marcel • Marcel Sister • Marcel Home • More Woman • b-Young • Blend • Arkja Dameklær • Hennes & Mauritz • Jack Jones & Vero Moda • Match SPORT OG FRITID • Ringo • Din sport SPESIALBUTIKKAR • Glitter • Zoo-senteret • Ti-Ti • Førde Lydsenter • Bagorama • Fotograf Helle • Citybag • CMYK accessories SERVICE • Sparebanken Vest • Posten

Nille Matboksar, stort utval, kr 69,-

Ringo Pennalhus Beckmann og Angry birds, kr 199,-

www.hhforde.no

...vi har det! HANDELSHUSET


Unge meiningar Horstad Barnehage Tema: Arbeid og yrker Kva vil du bli når du blir stor? Nicolai: Det same som deg. Intervjue. Fordi eg lurer på korleis det er. Nora: Eg vil bli sånn som hjelper andre land med å finne mat og sånn. Det er lurt å ha med mat til dei fattige slik at dei ikkje spyr av svolt. Alvolai: Eg har lyst til å bli snikkar. Abraham: Snikkar! Har de nokon gong arbeidd? Nora: Jada! Eg hjelper pappa med å lage sement slik at vi kan lage platting. Alvolai: Eg har arbeidd med maskiner, og så har eg vore med pappa og skrudd. Abraham: Eg har jobba med fôrhaustar. Eg hjelper til i slåtten. Likar å jobbe. Nicolai: Eg hjelper pappa med å snekre. Korleis får ein jobb? Nora: Vi tar inn pengar på data og spør om vi får vere med. Nicolai: Dei vi vil jobbe hos spør deg. Visst det er tomt for dei som skal jobbe, så er det plass for deg. Kvifor må vi jobbe? Nora: Fordi vi treng folk som kan

Flytte langt? Flytte heim? Flytte ut? Vi tar jobben. Uansett kvar du skal til eller frå.

Alvolai 6 år

• • • • •

Nora 5 år

Nicolai 6 år

Flytting Lagring Pakking Forsikring Utleige av vare- og lastebilar

Over heile landet – eller ut av landet.

FM 10•2012

26

KKvalitet du kan vere ttrygg på www.vestlandshus.no Storhøa

Forhandlarar i Sogn og Fjordane • Vestbygg Grytøyra Tlf. 57 73 72 60 • VestlandsHus Florø Tlf. 57 75 21 70 • VestlandsHus Måløy Tlf. 95 72 22 52 • VestlandsHus Stryn Tlf. 57 87 62 00 • BTHUS AS Førde Tlf. 916 61 700 • VestlandsHus Sogn, Kaupanger, Tlf. 57 67 33 88

• Skadereparasjon • Glass, frontrute reparasjon/skift • Lakkering • Klimaanlegg reparasjon/påfyll • Solfilm Vi takserar skade for privat og forsikring kvar dag, og kan hjelpe med skademeldinga om du ynskjer.

Opningstider: Mandag - fredag 730 - 1600

Riis Bilglass og Bilskadesenteret AS, Sogn og Fjordane


arbeide med grus og på sjukehus for å hjelpe folk. Politi må vi ha slik at borna ikkje blir tatt av lommetjuvar. Nicolai: Det må vi fordi av og til manglar vi pengar! Kva er den kulaste jobben? Nora: Vere politi! Dei tek tjuvar som stel. Nicolai: Vere klovn! Då ler dei andre av deg! Kva er den verste jobben ein kan ha? Nicolai: Å jobbe utan pengar? Abraham: Eller vere tjuv og havne i fengsel! Eg vil ikkje ha ein jobb eg må drive og skrive i. Det er kjedeleg! Nora: Ein gang såg eg ein hund som jobba i ein barnehage. Kvifor sluttar ein å jobbe når ein blir gammal? Nora: Fordi då har vi ikkje krefter til å jobbe og blir som små hamster. Abraham: Besten er gammal og han jobbar? Nicolai: Det er fordi at dei har husarbeid heime som dei skal gjer. Det får dei litt pengar for. Nora: Nehei. Husarbeid får ein ikkje ei krone for!

Abraham 6 år

20.995,SPAR KR. 6.370,-

EL-PAKKE MED LED-LYS OG STIKKONTAKT I SKUFF Veil. pris kr. 30.160,-

22.995,-

Ny sykkel til skulestart!

SPAR KR. 7.165,-

1499,-

KANTATE 101 CM MED SPEILSKÅP 101 cm Kantate porselensservant og servantskåp med to skuffer. Spegelskåp med avlange lysfelt, stikkontakt og lysbryter. Inkl. integrerte grep og tilbehør. Ekskl. armatur.

FARGE Kvit matt Svart gummilakk Grå gummilakk

Veil. pris kr. 27.365,-

Montert 1699,-

Growler & Pandora 26” Med aluminiumsramme, dempegaffel, dobbel felgbunn og Shimano TX 21 gir. 27-1154/5. Pris pr. stk.

www.comfort.no firmapost@dale-ror.no

FM 10•2012

27

stort

Vi har utval av bruktbilar – det kan løne seg å ta turen innom oss!

1899,Montert 2099,-

1899,-

Ponderosa 24”

Hawk 24”

21-girs citysykkel med aluminiumsramme for junior. Rammehøyde: 42 cm. V-brems foran/bak. 27-1256

Dirt-inspirert 21-girs MTB i mattsort lakk. Med dempet forgaffel og aluminiumsramme. V-brems foran/bak. 27-1257

Montert 2099,-

Ta kontakt og fortell oss kva du er ute etter. Førde Halbrendsøyra, 6800 Førde Tlf. 57 82 99 00 www.opusas.no

Sogndal Granden 23, 6856 Sogndal Tlf. 57 62 57 57 www.opusas.no

FØRDE, Kronborgveien 5, 6800 Førde, Man-fre 9-20, lør 9-18, 815 32 815 - www.biltema.no


KRONIKK Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane og Marit Gjerstad, rådgjevar NHO Sogn og Fjordane.

Midt på treet-fylket vekst og utvikling? Kommunesamanslåing har vore drøfta lenge, bør ein for alvor sette fart i desse prosessane? Er det vilje til så dramatiske endringar for å skape vekst? Siste åra har vi sett auka samarbeid kommunane mellom fleire stader, til dømes Samarbeidsforum i Sunnfjord. Kommunane i SIS skal utarbeide ei felles retning der målet er å utvikle ein felles planstrategi. Vi håpar at SIS finn fleire områder dei kan jobbe saman om, kanskje så mange at dei på sikt frivillig vil endre kommunegrensene. Det er ein stor fordel, mest ein føresetnad, å vere knytt til større sentra om ein skal få positiv utvikling med tilflytting, fleire arbeidsplassar og meir kompetanse. Det har truleg ikkje stor positiv verknad om små og relativt dårleg stilte kommunar slår seg saman. Samanslåing av HAFS-kommunane Askvoll, Hyllestad og Fjaler vil ha marginal effekt for vekst. Ingen av dei kjem godt ut i berekraftsmålinga, etter vår meining må det til ei form for kopling mot sentrer som Førde og Florø for å få til eit skikkeleg løft. Sogndal, Luster og Leikanger er eit svært godt trespann, og truleg bør fleire kommunar langs Sognefjorden lage storkommune med Sogndal som sentrum. Sogndal har god arbeidsmarknad, og Leikanger har utvikla seg positivt siste fem år. Fylkeslista toppast av Sogndal og Leikanger med 1. og 2. plass og Luster på 7. plass.

I NHOs BerekraftsNM 2012 kjem Sogn og Fjordane på 11. plass av 19 fylke. Ei forverring med to plassar sidan 2010. Kan og vil vi bli betre? BerekraftsNM er ei årleg måling, utført av Vista Analyse på oppdrag frå NHO, av norske kommunars berekraft og evne til vekst. Tala viser kva kommunar som har størst vekstkraft og bereevne basert på hovudområda: Arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og økonomi. 5 kommunar i fylket er blant dei 50 dårlegaste i landet på folketalsutvikling i perioden 2007-12, og hadde nedgang i folketal: Høyanger ned 4,6 prosent, Balestrand 4,4, Askvoll 4,2, Gulen 4,0 og Vik 3,1. Fleire kommunar er i ein vond sirkel ein vanskeleg kjem ut av utan å gjere store grep. Kommunane sjølve har eit enormt ansvar for å skape betre rammevilkår for næringsutvikling og samarbeid internt og eksternt. Lokal og regional samfunns- og næringsutviklinga er avgjerande for mange bedrifters konkurranseevne. Norske kommunar møter nokre felles utfordringar som påverkar utviklinga i privat og kommunal sektor. NHO ønskjer å bevisstgjere og stimulere til auka engasjement om desse utviklingstrekka. Generelt skårar kommunar lengst vekke frå byar/regionsenter relativt lågt på arbeidsmarknad, og pregast av fråflytting, lågare utdanningsnivå og svakare økonomisk berekraft. Sogn og Fjordane kjem dårlegare ut enn resten av vestlandsfylka.

FM 10•2012

28

Arbeidsmarknaden i fylket er god, men ein scorar lågt på andre indikatorar, særleg demografi og kompetanse. Generelt kjem folkerike fylke godt ut. Alle fylke i botnen har under 200.000 innbyggjarar. Sentralitet, folketal og god geografisk plassering gjev tydeleg utslag på rangeringa av økonomisk berekraft. Kommunar som scorar lågt ligg ofte langt frå tettstadar. Fylket har mange små kommunar. Ingen ligg topp 20 samla, men på «kompetanse» finn vi administrasjons- og forskings/høgskulesentra Leikanger og Sogndal på høvesvis 3. og 19. plass. Fylkesvinnar er Sogndal, på 21. plass i landet, følgt av Leikanger på 25.plass. Førde går ned 20 trinn frå 2007 til 53. plass. Førde skårar bra på arbeidsmarknad og demografi, men ikkje så bra på kompetanse og økonomi. På den felles bu- og arbeidsmarknaden Flora-Naustdal-Førde utfyller kommunane seg bra. Ein «ikkje-eksisterande» arbeidsmarknad i Naustdal kompenserast med god arbeidsmarknad i Flora og Førde. Særs låg score på kompetanse i Førde og Flora tek seg opp i Naustdal, som skårar høgt i høve folketalet. Økonomien er middels bra i alle tre kommunane. Tala viser at Sogn og Fjordane er vestlandstaparen, grunna demografi, avstand til byområde og låg folketettleik. Kan vi rigge fylket annleis for å henge oss på det faktum at fortetting er bra for

Fleire kommunar er i ein vond sirkel ein vanskeleg kjem ut av utan å gjere store grep.

Av Nordfjordkommunane kjem Eid samla best ut. Eid ligg bra an på kompetanse. På pendlarstatistikken er det nær dobbelt så mange som pendlar ut frå Eid enn som pendlar inn. Det kan tyde på at Eid har busett kompetanse kommunane rundt treng. Stryn har særs god arbeidsmarknad, men skårar dårleg på andre indikatorar. Vågsøy har ok arbeidsmarknad, men fleire arbeidsplassar er lagt ned i år. Hornindal scorar bra på arbeidsmarknad pga Ekornes Grodås AS, som sysselset nær 100 personar. Kommunen har ei netto utpendling på 230 personar. Selje er på 340. plass på landsbasis. I fylket kjem berre Solund dårlegare ut på 372. plass. Nordfjord Vekst er eit spennande samarbeid som bør utvidas til å gjelde fleire enn dei tre kommunane som er med i dag. På kort sikt bør Nordfjordrådet gjerast meir slagkraftig. På lengre sikt er Nordfjord tent med endring i kommunestruktur. Store infrastrukturendringar gjere dette høgaktuelt. Det hastar med å ta grep. Den enkelte kommunen må inngå tettare og selektivt samarbeid med kommunar som genererer vekst og utvikling, gje næringslivet gode rammevilkår i høve til m.a. kjapp og adekvat sakshandsaming, vere ein positiv medspelar for gründerar og andre med idear og planer for næringsvekst, sikre rimeleg tomteland, best mogeleg servicetilbod og omsorgstenester, og bruke pengane ein har til rådvelde slik at ein fremmar vekst og utvikling. Innan næringsutvikling er tid pengar. NHO Sogn og Fjordane trur at tida er overmogen for endring av kommunegrensene. Ein må sjå på korleis kommunane kan utfylle kvarandre og korleis ein kan gjere dei effektive bu- og arbeidsmarknadsregionane til motorar i fylket. Ein kjem ikkje unna fortetting og sentralisering. Ein kan seie at statistikk er statistikk og at tal kan brukast på mange vis. I denne samanheng er nok det i beste fall å lure seg sjølv!


Eg heiter Joachim Vie, eg er 31 år gammal, sambuar med Lena S. Kirkebø og saman har vi Nomi på 2 år. Før Nomi klatra opp i familietreet var min altoppslukande hobby å vere i fjellet eller legge planar for neste tur til fjells. Ikkje minst kunne ein vere med på alt av tilbod frå aktive venner. For ein mann som verdsette fridomen og det impulsive, kjentes familielivet litt klamt, organisert og avgrensa. Eg skal ikkje legge skjul på at før Nomi kom til verda, så var eg ikkje av dei med største positive forventningar – sikkert veldig barnsleg å seie noko slikt. Dette endra seg med tida og ein vart etterkvart ein «vaksen» pappa som såg sitt ansvar. Tanken om kor langt ein kan gå, kor ekstremt det skal vere, kor potensielt farleg vart bytta ut med: korleis er det praktisk mogleg å få med seg Nomi på tur? Kva inneberer det å ta steget frå dagsturar med beremeis til lengre turar der vi skal greie oss sjølve? Kor går grensa for kva som er fysisk fornuftig å få til og kor går grensa for kva mamma Lena synst er greitt? I løpet av hausten 2012 skal eg ta med meg Nomi på tur. De skal få vere med. Eg skal dele pakkelister, førebuingar, erfaringar, utstyrstesting og personlege tankar rundt det å ha med born på tur. Eg har snakka med Nomi om dette, og ho synst det er greitt, det same synst mora. Så håpar eg Nomi får rett når ho seier «det bli koselig».

FM 10•2012

29

<<


1

2

3

Rallarjenta og rallarpappa FM 10•2012

30

– «Sukle meir», seier minsta utan tanke for at pappa er sliten. Tung bør og dumme nybyrjarfeil innan fjellvandring gjorde turen over Rallarvegen meir slitsam enn naudsynt. TEKST OG FOTO: Joachim Vie

– Hei, eg skulle tinga ein sykkel med sykkelvogn til helga. Eg skal sykle frå Haugastøl til Flåm, seier eg til ei stressa stemme på Haugastøl Turistsenter. – Det skal vi ordne, det er berre å komme. Men det er ein del snø i vegen, så vi vil ikkje anbefale å sykle den med sykkelvogn no, seier stemma. Det kan no ikkje vere så mykje snø i starten på august, tenkjer eg. Første overnattingstur i høgfjellet med Nomi skal bli Rallarvegen. Ein vel 8 mils sykkeltur frå Haugastøl til Flåm. Litt fram og tilbake med

tinging av billetter på grunn av toårs-kontroll med Nomi, så var vi på veg. Heile vegen til Flåm satt eg og lurte på kva eg skulle legge att i bilen for å lette børa. Men så kom eg på at ideen er jo å reise på tur akkurat slik eg gjorde det når eg ikkje hadde med meg ei lita ei. Full oppakning med telt, sovepose, mat med meir, slik at vi kan styre alt sjølv og ikkje er avhengig av hytter. Eg hadde heller ikkje tenkt å lese meg opp på Rallarvegen og høyre på alle som har sykla den og skal kome med råd og tips om kva du må og ikkje må. No skulle Nomi og eg på eventyr. Vegen frå Haugastøl stasjon til sykkelutleiga skulle bli symptomatisk for heile turen. Ein stor sekk på ryggen, ein mindre sekk hengande framme, to sykkelvesker over skuldra og Nomi på andre armen. Ein halv kilometers gange på trafikkert veg, sveitt på ryggen og tussmørke. Fin start. Eg gidd ikkje ein gong tenkje på å sykle minst ei mil for å kome unna teltrestriksjonane på Haugastøl. – Har du eit ledig rom for natta?, spør eg telefonstemma frå tidlegare på dagen i resepsjonen på Haugastøl 1000 moh. Vel innlosjert på eit åttemannsrom tek Nomi og eg tidleg kveld. Eg sovnar med ei litt klam, nesten nervøs kjensle, som eg ikkje har opplevd sidan eg første gong som ung mann la i veg på overnattingstur. Reine rekrutten på tur.

DBS Rallar – Har du ikkje ei dobbel sykkelvogn, spør eg servicemannen som handterer


4

1: Nomi synst ikkje det var tungt nok på veg opp til høgste punktet på Rallarvegen, og føreslo at vi tok dressinen. 2: Dyre-lotto, Kinderegg og hyttekos på Finsehytta. 3: Rett før Finse var det middagstid og Nomi hjelper er med å hente vatn. 4: Dilligensen er på veg ut frå Finse og ved godt mot før vi kjem opp i snøen.

sykkelutleiga, og brått er han attende med ei brei vogn med plass til både jenta og bagasjen. Det er ein fin morgon og sola trugar med å bryte gjennom skyene. Medan eg lastar på er eg usikker på kor god idé det var å vere sjølvhjelpt på denne turen. Blikka frå dei andre som også skal sykle Rallarvegen kan tyde på at dei veit noko eg ikkje veit. Nomi og rosinbollen har klatra opp i vogna og har det heilt fint saman. Ho sit i alle fall trygt inni vogna, flankert av sovepose, fleecejakke og diverse småting. Så er vi i gang. Eg håpar kjeda på min 8 girs DBS Rallar skrik etter olje og ikkje fordi den er tynga av vekta. Skulle gjerne hatt nokre fleire gir på sykkelen, men på flate vegen går det bra. Sjølv om eg ikkje har undersøkt så mykje på førehand av turen, så forstår også eg at om ein skal frå 1000 moh til 1222, så må ein på eit tidspunkt oppover. Over ei lita bru så kjem den første kneika vi skal over. Etter å ha sykla nokre mindre bakkar så ser eg at denne må eg trille sykkelen opp. Vel oppe står eg og hiv etter pusten og lurer på kva i all verda eg har byrja på. – Pappa sukle meir, kjem det tynt frå dilligensen bak, utan nemneverdig medkjensle. Jo lenger vi kjem mot Finse jo meir opnar fjellandskapet seg. Fleire stader møter ein på jernbana. Trass i tunge stunder er det mogleg å nyte turen. Vi stoppar undervegs så Nomi får strekke på seg og kaste stein i vatnet.

Vi ser Finse rundt klokka fire laurdag ettermiddag. I dilligensen har det vore kaldtbord med jamne mellomrom, medan hesten berre har orka å drikke vatn. – B(r)us, kjem det bakfrå. – Du skal få juice snart, seier eg og parkerer ved Finsevatnet. – Deilig vatn bade, seier ho om det store vatnet og er nøgd med rasteplassen vår, om enn med manglande forståing for badetemperatur på fjellvatn.

Batteriladaren Før vi syklar inn til Finse deler vi ein pose med frysetørka viltgryte og drikk varm toddy. Det var heilt på sin plass. Nomi vassar i nokre vassdammar og kastar stein i vatnet, før ho krev bleieskift. Eg spør Nomi om vi skal legge oss inn på Finsehytta før vi syklar vidare dagen etter, og tolka svaret som eit ja. Eg nemner ikkje for ho at vi har slitt med oss telt og sovepose. Vi får rom på Finsehytta til Turistforeningens medlemspris. Ei av utfordringane med ungar på tur, spesielt om dei ikkje går sjølv, er at når pappa er sliten så har dei sitte roleg og lada batteria. Liggande på senga prøver eg å underhalde ho så godt eg klarer med eit Kinderegg og ein terning vi fann. Det fungerer ei stund, men så er det ingen nåde, vi må ut. Nomi raser rundt, snakkar med andre syklistar, kastar meir stein i vatnet og klatrar på kampesteinane rundt hytta. Energien smittar og eg byrjar vurdere om vi skal sykle eit par timar til før vi tek kvelden. Men det blir med vurderinga.

FM 10•2012

31


Ein kjem forbi snøfelta som ligg over Rallarvegen, men det kan vere tungt og demotiverande i lengda.

Vi avsluttar kvelden med ein middag på hytta og ein kald ein frå Finse Mikrobryggeri.

Rallarslitet

FM 10•2012

32

Klokka 08 er dilligensen atter ein gong på veg. Kroppen fungerer fint og eg ser fram til å nå høgste punktet på Rallarvegen. Etter det seier folk at det berre er jamt nedover til Flåm, og det er greitt etter seige motbakkar. Det er nesten uunngåelig å møte snø på Rallarvegen, så eg blir ikkje overraska når snøfelta kjem der ein må trille sykkelen. – (S)nø, farleg, seier Nomi. Det er ikkje farleg seier far med samanbitne tenner og all verdas tålmod medan han skubbar titals kilo og ein solid DBS Rallar. Tankane går til rallarane som har slitt her før meg. Ikkje før ein har forsert eit snøfelt så kjem eit nytt. Det er tungt, men ikkje uoverkommeleg. På dei brattaste felta får Nomi gå ved sidan av, sjølv om det er noko motvillig. Så kjem skiltet eg har venta på; Fagervatn høgste punkt 1343 moh. Då skulle det tyngste vere unnagjort. På Fagernut tek vi oss ein lengre pause. Nomi har som vanleg mykje energi, noko som er slitsamt nok på eit Rallarmuseum. Vi kjøper noko godt i kafeen og set oss ute. Nomi kastar stein i dammane som ligg ved snøfelta og far snakkar med dei andre syklistane som kjem innom kafeen. – Det er berre sjarmøretappen igjen no, seier blide turistar og kastar eit blikk på farkosten vår. Med slike positive meldingar så tek vi oss god tid på Fagernut, med bleieskift og det heile. Ved godt mot sette vi i gong dilligensen og trakka på. Nytt snøfelt, inga sak. Meir oppover, lett. Nytt snøfelt, den var verre. – Oj, Nomi, kva gjer vi her då, seier eg og ser snøflanken som ligg tungt over sykkelvegen. Bratt opp på snøen, laus stein og endå brattare når vi skal ned av snøen. – (S)nø, farleg seier ho for å åtvare meg om at ho har ikkje tenkt å gå sjølv. Eg koplar av sykkelvogna og trillar ho over. Seier nokre milde ord, gjev ho litt sjokolade og går attende for å hente sykkelen. Sveitte. Frustrasjon. Eg gadd ikkje lenger feste ho fast inne i sykkelvogna mellom kvart snøfelt. Kampen mot alle kiloa vi har drege med oss, motivasjon og etterkvart klokka byrja bli irriterande. Sjokolade og peanøtter gjekk ned mellom slaga. Etterkvart bikka det nedover og den umiskjennelege milde lukta av myr tok over for det kalde høgfjellsdraget.

Asfaltglede Korleis det gjekk føre seg på humpete og steinete sti veit eg ikkje, men Nomi sovna etterkvart. Ikkje før eg slo av ein prat med nokre danskar vakna ho. Klokka var no rundt to og vi hadde sykla effektivt, om ein trekk vekk all kryssinga av snøfelt, sidan klokka åtte. Svingete sti, over bruer, spektakulært landskap, ei frådande elv, informasjonsskilt undervegs og Bergensbana som kjem til synes i fjellet høgt der oppe – ein burde ikkje vere for sliten til å nyte det, men det var eg. Nomi byrja også bli litt lei, men ikkje på langt nær så lei som meg. Kvar einaste bakke-

topp som måtte forserast var ein kamp. Siste krampetrekning var Myrdalsvingane: bratt som berre Vestlandet kan vere og engstelege turistar. Det er stygt å seie det, men stor var gleda når Rallarvegen tok slutt og vi sykla forbi ein traktor og kunne halde jamn fart nedover mot Flåm på asfalt. Vel framme i Flåm fekk Nomi sleppe laus. Vill og glad sprang ho rundt på kaia og snakka med turistane. – «Sukle fjellet», sa ho. – Ferdig å sykle på fjellet no, heldigvis, sa pappaen og åt ei skål til med frukostgryn og heilmjølk. Vel vitande om at ein no har lært ein del til neste gong vi skal på tur. Viktigast, sjølv om det ikkje kjem så tydeleg fram, er at Nomi og pappa trivast godt på tur i lag. Vi småsnakkar om alt mogleg. Nomi kan forskjellen på elv og stor elv (foss).

Pakkliste Heile Rallarvegen er i overkant av 8 mil, ligg på over 1000 moh og veret kan skifte fort. Dette må ein tenkje på, sjølv om det er varmt og godt i låglandet når ein pakker for tur. Nomi: • 8 bleier • Våtserviettar • 2 ullbody • 2 ullstrømpebukser • 2 par ullsokkar • Vottar • Lue • Ulldress • Regnklede • Joggesko (gløymte skikkelege sko) • Sovepose • Solkrem • Ekstra sovepose Joachim: • Ull-stilongs • Ull-bukser • Sykkelbukse (!) • Hanskar • Skallplagg • 2 ulltrøyer • Ullsokkar • Sovepose • Fleecejakke • Vindtett vest

Felles utstyr: • To-manns telt • 2 liggeunderlag • Kokeutstyr • Middag 2 dagar (Real turmat) • Frukost (havregraut) • Lunsj (Polarbrød) • Diverse småsnacks • Fotoapparat • Førstehjelp • Diverse småutstyr (som også veg sin del når det blir nok av det…) Lærdom: • Full oppakning er feil om ein skal sykle Rallarvegen med born. Ein kan like godt nytte DNT hyttene. Turen kan syklast på ein dag med skikkeleg sykkel og mykje mindre bagasje – sjølv med Nomi. • Et og drikk litt kvar time, uansett. • Nomi er tålmodigheita sjølv i sykkelvogna. • DBS står i alle fall ikkje for «Den Beste Sykkelen»!


LITT BRUNERE - mye vakrere -

Oljesøl? Vii ha har h ar oppsug ppsug su for o oljesøl samt beredskapspakkar om uhellet skulle være ute.

Besøk Brun og blid Førde

Hafstadvegen 34

ÅPNINGSTIDER ER: Man-Fre: Lørdag: Søndag:

07:30 – 23:00 09:00 – 19:30 10:00 – 23:00

Tenk miljø ta vare på dyre d dråpa råpa Med godkjent tank - ta dråpar. og tappepistol unngår du søl!

KAMPANJE

.95rd0e kr 17 levert Fø + mva

Sikre din traktor eller lastebil med Vann/Partikkel-filter Nærmeste Brun og blid solsenter finner du ved å sende: BB HVOR til 1960 Besøk oss på facebook: www.facebook.com/Brunogblid Grønt nr: 800 34 033, www.brunogblid.no

Tilbod no: kr 750,- + mva Monteringshansken Montasje Comfort

Kjølerom i

TILBOD: 1 pk. 12 par No kr 126,- + mva

alle størrelsar Lag ditt eige kjølerom på 1-2-3

Jakt-kjølerom - ideelt for kjøling av vilt Vi har eit stort utval kjølerom med mange moglegheiter • Jaktkjølerom for slakt • Kjølerom etter dine mål. Vi leverer alt av kjølerom og kjølehjørner på mål.

Vi har olje til det meste... Gjennom 40 år har Farsund & Naustheller AS levert alle typar smøremidlar til vårt nærområde. Landbruk, Industri, transport, Skipsbyggeri, Bakeri, Næringsmiddelindustri, Privat hushold, Kommune og Fylke. Vi leverer også diesel, bensin og fyringsolje til mange hundre kundar i distriktet. Våre kundar er vår arbeidsgjevar.

• Multirom. Frittståande • Spisskammer som rommar like mykje som fire kjøleskåp

• Vin kjølerom av topp kvalitet

Farsund & Naustheller AS Tlf. 578 21 688 www.farsundnaustheller.no Vi har montører i: Florø | Førde | Høyanger/Balestrand | Askvoll | Lavik | Dale | Hyllestad

FM 10•2012

33


Økologisk på døra Ingebjørg Giil hadde lenge tenkt på å starte ein butikk som tilbaud sunne, alternative varer. Då ho flytta heim til Florø etter mange år i utlandet, tok ho steget ut og satsa på heimlevering av økologisk frukt og grønt. TEKST OG FOTO: Kristine Slettehaug

Med mål om å kunne tilby folk i Flora-området rein og sunn mat, har Ingebjørg Giil starta det som i første omgang skal vere heimlevering av pakkar med økologisk frukt og grønt. – Eg har i lengre tid hatt eit ønskje om å starte ein butikk som tilbyr sunne, alternative varer. Då eg flytta heim til Florø etter mange år i Australia, der markedet nærmast var metta på slike produkt, såg eg at det var gode mulegheiter i heimbyen. I første omgang har eg starta ei abonnementsteneste for økologisk frukt og grønsaker, fortel ho.

Bra for helsa Ein viktig grunn til at ho ønskjer at folk i Florø-området skal ha tilgang til såkalla «reine» matvarer, er at ho sjølv har hatt god erfaring med denne type matvarer og sett kva den har gjort for andre. – Med «rein og sunn mat» meiner eg økologiske produkt, råmat, superprodukt og matvarer utan tilsetjingsstoff, gluten, melk og sukker. Ubehandla mat slik det er meint vi skal ete. Dette er mat eg har stor tru på har ein positiv effekt for helsa, og eg har sjølv hatt gode resultat etter å ha lagt om kosthaldet. Etter at eg la om til eit «reinare» kosthald og i tillegg kutta gluten, sukker og mjølk, merkar eg at eg er lettare i kroppen, at energinivået er stabilt og det same er humøret, smiler ho. – Det er så mange rundt deg som snakkar om lidingar og kroppslege plager, og så ser du kva dei et og puttar i seg og skjønar samanhengen, legg ho til.

Godt motteke

FM

Gjennom ei Facebook-side og jungeltelegrafen har Ingebjørg skapt merksemd rundt «Frisk Flora» som er namnet på bedrifta ho har starta. – Eg har hatt god respons og har allereie nærmare førti kundar som får fast leveranse av økologisk frukt og grønt på døra ein gong i veka eller annankvar veke. Kundane verkar å vere svært fornøgde og skryt av den deilige frukta og grønsakene dei får levert. Dei set pris på den høge kvaliteten og synst dei får mykje for pengane, fortel Ingebjørg. Frukta og grønsakene ho leverer får ho i ferdige pakkar frå Solgard som leverar frukt frå Øko-Kompaniet. – Frukta og grønsakene er rike på vitaminer og mineraler. Dei er reine for syntetiske tilsetningsstoff og sprøytemiddel, og har fått lov til å vakse naturlig. Pakkane eg leverer blir sett saman av kva som er tilgjengeleg og av best kvalitet i forhold til sesongen, forklarar Ingebjørg. Enn så lenge er det berre folk i Florø og Eikefjord som har muligheit til å abonnere på frukt og grønt, men i framtida håpar Ingebjørg på å utvide. – På sikt ønskjer eg å kunne levere i heile fylket. Det er viktig for meg at også folk i distrikta skal få tilgang på sunn mat, og ikkje berre i dei store byane. Nokre plassar må eg kanskje sette opp hentestasjonar for å få det til, seier ho og legg til: Men interessa må vere stor nok, så alle som ønskjer dette tilbodet må spreie ordet, oppfordrar ho med eit smil.

10•2012

34

Butikk under planlegging Også ein butikk er under planlegging. – Eg har fått bistand frå FramFlora til forprosjektet for ein butikk som skal selje helsevarer og etter kvart også romme ein kafé. Her kan ein handle på den gamle måten med masse varer i lausvekt som korn, kakao, nøtter, tørka frukt og ferske brød. På denne måten sparer vi miljøet og kostnader

Dogg på rutene? Vi monterer straumsparande energiglas.

No er dei på tilbod!

Halbrendsøyra 7 • 6800 Førde Tlf. 57 83 08 50 • www.holvikglas.no

Det er viktig for Ingebjørg Giil at også folk i distrikta skal ha tilgang på sunn mat. Gjennom bedrifta si «Frisk Flora» leverer ho økologisk frukt og grønsaker på døra til folk i Florøområdet. Pakkane som «Frisk Flora» leverer er sett saman av kva som er tilgjengeleg og av best kvalitet i forhold til sesongen. Tilbakemeldingane frå kundane på den økologiske frukta og grønsakene har vore svært gode.

knytt til emballasje og har muligheita til å tilby meir gunstige priser. I tillegg vil butikken tilby ein del eksotiske ingrediensar slik at ein lettare kan utforske nye oppskrifter, fortel Ingebjørg. Kafeen som er under planlegging vil ha fokus på sunn mat og ferskpressa juice og smoothie. – Den vil ha ei fin, rolig atmosfære og maten vi serverar vil vere sunn og god. Her kan du komme aleine eller saman med andre. Lese ei god bok , lytte til vakker musikk eller ha den gode samtalen med ein ven. Eg håpar og trur det blir ein kafé med god stemning og eg trur Florø er klar for eit slikt konsept, avsluttar Ingebjørg.


Instruktørane som kjem til Jølster denne helga,Annabel Guaita og Olvèr Szüts.

Turid Dvergsdal og Øyvind Stavøstrand dansar ved Jølstravatnet.

Haust-tango ved Jølstravatnet 7.-9. september blir det høve til å teste tangofoten ved Jølstravatnet. Då arrangerer nemleg Jølster tango mini-festival: «Haust Tango ved Jølstravatnet». TEKST: Roy Sunde FOTO: Privat

Åstad blir Borgja på Ålhus, og alle er velkomen, uansett nivå. – Det blir kurs for både nybyrjarar og vidarekomne. Vi startar kursa fredagen klokka 18, og har kurs fredag, laurdag og søndag. Laurdagen blir det

også ein felles klasse for begge nivå, med dei dyktige instruktørane Annabel Guaita (Bergen) og Olivèr Szüts (Wien), fortel Turid Dvergsdal i Jølster tango. – Det blir også konsert laurdagskvelden, med tangokvartetten Combo Tango, med dans etter konserten. DJ Atle Birkeland spelar utover kvelden. Dette blir ein kveld for både dei som dansar tango, og dei som vil oppleve ein konsert med flott livemusikk, og gjerne vil sjå denne flotte argentinske dansen. Det blir kafé, med høve til å kjøpe kaffi, varm mat og anna. Vi håpar så mange som mogeleg tek turen til Borgja denne kvelden. Det blir ei kjempehelg, med mykje bra kurs, flinke instruktørar, flott musikk og dans, lovar Dvergsdal.

FØRDE OPP-FEST på Rica Sunnfjord Hotel & Spa Laurdag 1. september BARTHOLD: Crazypiano m/Kjetil Grodås & Eivind Kongsvik.

Billettsalet er i gang

SUNNFJORDSALEN:

Stteen Nilsen w med Åge S ow Sho

Tone Damli m/band kl 22.30 “The Show Must Go On” m/Åge Steen Nilsen er eit forrykande show og hyllest til Queen som har hausta fantastiske kritikkar. Med både kor & dansarar på scena blir dette eit fantastisk show. Sal av billettar på Rica Sunnfjord Hotel & Spa / Førdehuset & Servicetorget. Kjøp bill. på nett: www.fordehuset.no Prisar kr 460,- Firdakort kr 435,-

Tlf.: 57 83 40 00 rica.sunnfjord.hotel@rica.no

Crazypiano

band e Damli m//b on one To T

FM 10•2012

35


TREND OG MOTE

med Regine Engevik Førsund

Den tøffe Om nokon spør kva stil eg har veit eg aldri heilt kva eg skal svare. Eg har mange forskjellige stilar, og det kan svinge veldig frå dag til dag. Eg skal ta for meg mine ulike stilar framover og kome med tips og inspirasjon til kvar av dei. Denne gongen skal eg ta for meg den kule, røffe stilen med frekke detaljar. Den som eg går for når eg skal på festival, eller på varme sommardagar på shopping/kafè /grillfest/roadtrip og den slags. Eg syns ikkje at det er så fint om det er alt for tøft, for eg vil vere feminin, det gjeld å balansere det riktig. Har du ei holete og røff underdel er det gjerne fint med ein litt meir dekkande og feminin topp. Om heile antrekket er veldig røft kan du mjuke det opp med feminine detaljar, som fine smykke, krøller i håret, lekre sko, eller ein pastellfarga neglelakk. Om du har skinnbukser, som er veldig trendy og aktuelt i denne stilen, kan du kombinere med til dømes gullsandalar, rosa neglelakk, eller ein kvit blazer som gjer det lettare og ikkje så tungt og mørkt. Eller du kan køyre svart jakke, svart bukse og svarte sko, men då må du ha inn ein lys topp og feminine detaljar. Det er litt for mange som styler alt heilt likt og ikkje tenkjer på at ein kan kombinere annleis. Ein treng ikkje ha skinn frå topp til tå, svarte boots, sota auger og stritt hår for å få stilen – eg for min del syns at det blir litt for maskulint. Du kan vere tøff, men på ein feminin og sexy måte der du tek inn små lekre detaljar og miksar stilane litt.

Det er litt for mange som styler alt heilt likt og ikkje tenkjer på at ein kan kombinere annleis.

På bildet har eg blomar i håret som gjer det meir romantisk og sommarleg, eit enkelt gullsmykke, nokre få armband og krøller i håret som gjer til at antrekket ikkje vert så røft likevel. Det er ei frekk ’lengde’ på shortsen, og derfor har eg ein dekkande topp. Om du syner mykje hud på eine delen av kroppen, bør ein dekke til den andre delen så det ikkje blir for mykje hud, det kan fort bli for nakent. Ikkje ver redd for å ause på med tilbehøyr, det er

FM 10•2012

36

Ta turen innom bloggen min regine.femelle.no eller følg meg på Instagram på @regineforsund dersom du vil sjå meir av mine antrekk og innkjøp.

det som set prikken over i’en og løftar antrekket til nye høgder – og det gjer det personleg og spennande. Det kan og bli ganske tøft om du har på deg ein blomemønstra, kort sommarkjole og kombinerer med ei svart skinnjakke over skuldra, svarte, lave boots og ei veske med naglar. Sjølv om hovudplagget er romantisk kan stilen bli ganske kul likevel. Prøv deg fram, finn din eigen stil og ta plagg du likar frå forskjellige stilar og miks dei til din eigen herlege cocktail av eit antrekk! Håpar du fekk litt tips, lykke til!

KLIPP FARGE BRUD STUDENT RABATT DROP IN EXTENSIONS MAKE-UP OPPTIL

20%

SPENST OG

STUDENT

RABATT

Besøk vår facebookside Fresh Frisørsalong

Hafstadvegen 34 | 6800 Førde Timebestilling 47 70 73 80


Foto: Peter Førsund

FM 10•2012

37

Skinnjakke, H&M // Topp, Cubus // Shorts, Bik Bok // Boots, H&M // Hårband & Solbriller, H&M


Produsert av Fride H. Haugen / fride.haugen@gmail.com

FM 10•2012

38

Namn: Adresse: Postnr./Stad

66 Kryssordet kan også lastast ned frå fylkesmagasinet.no

Løysinga sender du innan 25. august til: Inform Media, Boks 353, 6802 Førde. Merk konvolutten «Fylkeskryss nr. 66». Vi trekkjer tre vinnarar med korrekt løysing som kvar får fem FLAX-lodd.


I stedet for å rusle rundt i fjellet, kan du få inntil

51.000

i kundefordel hos Ford – på en topp utstyrt spesialmodell av Mondeo, Kuga eller Fiesta

MONDEO Titanium Style 1.6 115 HK ECOnetic Med full styling og alt av utstyr: • Utvendig Individual stylingsett m/bl.a.: Støtfangerskjørt foran og bak Unik frontgrill med bikubemønstret design Karosserifargede sideskjørt • Avansert 7” SD navigasjon med berøringsskjerm • Bluetooth med stemmestyring og USB • Bi-Xenon hovedlys • 8-veis elektrisk justerbare forseter, med minne på førersete • Cruisekontroll med fartsbegrenser • Sportsfjæring • Parkeringssensorer • Elektriske innfellbare sidespeil med minne, oppvarmede og justerbare • Spoiler bak • Krom takrails • Metallic lakk • Mørktonet glass

• • • • •

17” aluminiumsfelger Vindusviskere med regnsensor LED kjørelys Elektrisk oppvarmet frontrute Elektrisk oppvarmede forseter

Veiledende pris:

kr 380.900,-

Kundefordel:

kr 51.000,-

Kampanjepris:

kr

329.900,-*

inkl. Tectyl

KUGA Titanium S 2.0 140 HK

Løysing

VINNARAR AV KRYSSORD NR. 65:

65

Åse Havn, Eikefjord Aksel Klokkernes, Florø Reidun Melheim, Førde

Komplett bil med 4x4 og alt du ønsker deg av utstyr: • Bi-Xenon hovedlys • Sony radio/cd inkl. Bluetooth med stemmestyring og USB • Cruisekontroll

• Parkeringssensorer • Ford nøkkelfritt system (adgang og start) • Elektrisk innfellbare sidespeil, oppvarmede og justerbare • Sportsseter i delskinn • Takrails • Mørktonet glass • Dekktrykksvarsler • Metallic lakk • 17” aluminiumsfelger • Stor bakspoiler • Vindusviskere med regnsensor • LED kjørelys • Oppvarmet frontrute • Oppvarmede forseter • Automatisk avblending av bakrutespeil • Vinterdekk m/aluminiumsfelger

75; )( )25(0$1 Navnet er det samme, men TRX500FE i 2012-modellen er virkelig en helt ny maskin! Nyutviklet motor med bensininnsprøytning og flytende kjøling. Samt den nyeste versjonen av Hondas ESP overføring, skift gir med tommelen! Chassiset er helt ny med en ny moderne design, høy bakkeklaring, bedre fjæring, nytt hjulsystem utstyrt med rett bakaksel som før, selvsagt. Grovarbeideren er selvsagt utstyrt med 5 gir.

Veiledende pris: kr 459.600,Kundefordel:

kr 39.700,-

Kampanjepris:

kr

419.900,-* inkl. Tectyl

Nå til kampanjerente: Bare

1,95%

Eksempel kampanjemodell leasing: Fiesta Trend+ 1.25 82HK. Terminbeløp: kr. 1 491 inkl. termingebyr og mva. Produkt: Flexi+ Privat BiLeie. Forskuddsleie: kr. 35 000,- inkl. mva. Etablering: kr. 3 812,- inkl. mva. Termingebyr: kr. 119,- inkl. mva. Kjørelengde 36 mnd: 45 000 km. Nominell rente: 1,95 %. Totalleie: kr. 92 488,- inkl. mva. Les mer om våre gode finansieringstilbud på ford.no

FM 10•2012

1\KHW Intropris 95.990,-

Fiesta Trend+ 1.25 82 HK Den komplette småbilen med alt du trenger av utstyr

Veiledende pris:

kr 212.300,-

Kundefordel:

kr 22.400,-

Kampanjepris:

kr

FØRDE MOTORSPORT

189.900,-*

inkl. Tectyl

NYHET! Nå som traktorregistrert (T3) for kjøring på vei.

* Pris levert Florø / Førde. Årsavgift kommer i tillegg. Mondeo: CO2 utslipp ved kombinert kjøring 114 g/km. Drivstofforbruk ved kombinert kjøring 0,43/mil. Fiesta: CO2 utslipp ved kombinert kjøring 124 g/km. Drivstofforbruk ved kombinert kjøring 0,54 l/mil. Kuga: CO2 utslipp ved kombinert kjøring 159 g/km. Drivstoffforbruk ved kombinert kjøring 0,60 l/mil. Bildene kan avvike fra annonserte modeller.

Storehagen 3 • Tlf 41 53 42 45 www.fordemotorsport.no

www.autoforum.sf.no

39


Ei moderne fiskehistorie TEKST: Lars Bjørkeland ILLUSTRASJON: Dag Vemund Utle

FM 10•2012

40

Akkurat i det Petter var ferdig å fortelje om dei store og vidløftige planane sine – slo storlaksen til på den gamle stanga til Rolf. Ikkje nok med det, sluken som var i enden på snøre – var ein spesiallaga variant av ein skeisluk, som Rolf hadde finpussa i løpet av vinteren. Vinteren er tid for planlegging. Rolf hadde nemt det fleire gongar – jau, var vi heldige som fekk denne sjansen til å fiske laks. Rimeleg var det også – nokre få hundrelappar. Pytt. Verd kvar ei krone. Det vart skikkeleg kamp om denne laksen. Ny rekord kanskje. Laksen var vel på land. Fram med vekta – fisk skal vegast umiddelbart. Det er noko alle fiskarar veit. 13,9 kg – Vi seier 14. Dei vart fort einige om det. No kunne dei to kameratane nyte ein kopp kaffi – og Petter kunne utdjupe planane sine. Han ville revolusjonere varehandelen – med eit kjempestort kjøpesenter – midt i sentrum. Tomt hadde han allereie sikra seg – av grunneigar. Det var forresten den same grunneigaren som leigde desse to kameratane lakseretten – ein rett dei hadde delt i snart femten år. Det hadde sveisa dei to kameratane skikkeleg godt saman. Fiskeboka var full av historier, bilder, skisser – fiskane skulle få kamp når desse to erfarne fiskarane på nytt skulle boltre seg langs elvekanten. Tida gjekk – og snart var dagen komen då kjøpesenteret skulle åpnast. Med hornmusikk og festtalar var det så godt som ein suksess allereie. Rolf fekk vere med. Han støtta kameraten hundre prosent. Dette ville bli eit eventyr for Petter og bygda. I dei næraste åra besøkte Rolf kjøpesenteret både tidt og ofte. Det meste av innkjøpa gjorde han her. Det skulle berre mangle om han ikkje skulle støtte opp om dette – Petter vart nesten som Espen Askeladd. Petter hadde ei heller skral fortid – økonomisk. Rolf hadde minst eit par gongar måtte hjelpe han med litt pengar – skulle berre mangle – så mykje som dei hadde til felles. No var alt snudd på hovudet. Petter var ein «holden mann» – som far min pleier å uttrykkje det – når nokon tener ekstra med pengar. Far min likar ikkje at folk tener for mykje. Det kan øydelegge samfunnet – seier han. Men no er far min ein gammal mann og det er ikkje lett å følgje med i den nye tida. Alt var betre før – seier han. Men slik er det nok ikkje. Våren er ei herleg tid. Ikkje berre er sola tilbake. Men det tikkar jamt og trutt mot fiskestart som vi pleier å uttrykkje oss. Dette året hadde Rolf føre-

budd seg ekstra. Nyinnkjøpt stang og snelle – kjøpt på «senteret» sjølvsagt – no var han som ein unge. Petter hadde vore ute i verda og reist dei siste vekene – så no gledde Rolf seg ekstra til fiskestart og gode stunder i lag med bestevenen Petter. I år var det akkurat 20 år sidan dei fiska her første gongen. Det måtte feirast. Rolf hadde til og med vore langs elva og rydda krattskog. Rolf snakka med seg sjølv: Kunne det bli betre. Livet var fint å leve. No var det fredag og berre fire dagar til fiskestart. I morgon må eg oppom grunneigaren og liksom forlenge avtalen – sånn pro forma. Det hadde eg lært av far min – å spørje om lov – sjølv om det låg i korta. Grunneigar hadde aldri vore fiskar – lite truleg at han ville bli det heller. Eg stod på trappa og ringte på. Grunneigaren gløtta på døra: «Bortleigt» – sa han og let raskt att døra. Eg hadde ikkje blitt meir overaska om nokon hadde kvelva ei bytte med iskald vatn over hovudet på meg. Eg tok sykkelen – måtte trille heimover – hadde ikkje nok krefter til å balansere på sykkelen akkurat no. Det første eg tenkte på var at eg måtte ringe Petter. Dette var ikkje anna enn tragisk. Kva i all verda var det grunneigaren hadde funne på no. Etter 19 år – ein «gentlemans agreement» –kunne dei ikkje berre kaste oss på båten sånn utan vidare. Eg slo nummeret til Petter – mens eg tenkte ut alskens forklaringar. Ikkje svar. Eg får prøve igjen litt seinare. Tirsdagen kom – eg hadde endå ikkje fått kontakt med Petter – var han utanlands endå? Sjølv om eg ikkje hadde nokon mulegheit til å fiske no – måtte eg berre sjå nedom elva. Jøss – her var det fintfolk. Flettande ny SUV. Men kvar er fiskarane. Rolf snakka litt med seg sjølv, det hadde han gjort mang ein gong langs denne vakre elva. No nærma han seg «godhølen». Der hadde Rolf og Petter hatt mange gode stunder og mange fiskehistorier var blitt fortalt… og ikkje minst dikta opp her. Der borte. Fire, fem flugestenger – jøss. Rolf går nærmare dei to som akkurat no har ein pause i fiskinga. Dei to står med ryggen til og ser ut til å ha ein liten «cognac-pause». Med eitt vart dei to karane oppmerksom på Rolf – ein av dei snudde seg sakte rundt. Rolf hold på å ramle på dei våte steinane på elvebreidda. PETTER!!


VW Golf Cabriolet

Cabriolet? På Vestlandet? Særleg! <<

FM 10•2012

41


VW Golf Cabriolet

Å jau då! <<

Ein skulle gjerne tru at kabriolet er noko som høver best på Kanariøyane eller på Sunset Boulevard i Los Angeles. Men det er berre tull. Knapt nokon stad er det meir triveleg å køyre kabriolet enn på Vestlandet. TEKST OG FOTO: Tore Fossen

FM 10•2012

42

Ein vakker solskinsdag i byrjinga av juli stakk eg innom ein forhandlar og lånte den nye Volkswagen Golf med stofftak, som med eit trykk på knappen endrar bilen frå ordinær til ekstraordinær. Om du aldri har køyrt langsetter vestlandsvegar utan tak, bør du snarast prøve. Sjølv Olden-Innvik kan bli interessant og spennande, når ein ser oppetter liene og speidar etter steinblokker som kan rase kor tid som helst. Det blir straks – om mogeleg og ønskjeleg – meir spektakulært å køyre denne drittvegen som har lege som ei skammas strekning i 50 år. Men det finst også andre vegar som kan vere kjekke å køyre. Med taket nede. Men kva gjer ein om det regnar då? Vi er jo ikkje akkurat tilgodesett med så alt for mange godvêrsdagar her i området. Jau, då køyrer du med taket på plass, og latar som du har ein vanleg Golf. Rett nok med berre to dører, men ein cab skal ikkje ha fleire. Dessutan er ein cab kulast når det ikkje sit folk i baksetet. Golf’en eg lånte hadde ein 1,4 liters bensinmotor med 7-stegs DSG-girkasse. Om einkommafire høyrest lite ut har det skjedd ein revolusjon med kva bilprodusentane greier å få ut av motorar med lite volum. 122 hk, og eit dreiemoment på 200 får Golf’en opp i 100 kilometer i timen på 10,5 sekund. Og lettar lommeboka di for 3.600 kroner om du skulle bli tatt i 80-sona… Du kan også få den same VW Golf Cabriolet med 1,4 liters motor og 160 hk. Men strengt tatt skulle det ikkje vere naudsynt. Vil du køyre utan tak, bør du også lære deg å nyte livet – og det gjer ein ikkje i stor fart i ein cab. Nei, då er det softis, solbriller og faktor som gjeld. Den er også tilgjengeleg med mindre motor (1,2 – 105 hk), samt ein variant for deg som likar å høyre ekstra godt på dieselklakking: 1,6 liters motor og 105 hk. På sistnemnde modell er forbruket noko lågare enn for bensinmotorane, så dersom du køyrer 40-50.000 kilometer i året vil du nok spare ein del – i løpet av den neste 40 åra.

No ville sjølvsagt den som har kontroll på vêret det slik at eg fekk både sol og regn desse dagane. Og rikeleg med tid til å finne ut kva som var best: Taket på, eller taket av. Konklusjonen var nok grei: Det var best med taket av. Men sjølv i kraftig regnvêr gjennom Våtedalen (tru kvifor den dalen fekk det namnet), er det ikkje mykje heft å køyre bilen. Rett nok er det ikkje like stille i kupeen som i ein Golf med ståltak. Likevel er det ingen problem å leve med ein sånn bil heile året. Dagane med sol veg opp for eventuell irritasjon over lydar utanfrå. Skulle du likevel finne støynivået irriterande, kan du berre kople til telefonen din og spele av favorittmusikken din via kabel eller blåtann. Du får godlyd av anlegget med åtte høgtalarar og DABradio (som ikkje fungerar i Våtedalen). Med taket nedfelt er bilen vakker å sjå til. Med bling-bling (eller led-lys) er den både jålete og kul på ein gong. Veltebøyelen er vekke, visuelt sett, og dukkar ikkje opp før du eventuelt veltar. No har vel ikkje Volkswagen hatt kabrioletutgåver av Golf’en sidan 2001/02 (arrester meg om det er feil), så sånn sett skulle det berre mangle at den ikkje er synleg lenger. Korleis oppfører ein VW Golf Cabriolet seg då? Eigentleg nesten identisk til ein standard Golf. Dei har greidd å få den stiv nok til at krenking ikkje er noko problem. Dreg du på med klampen i bånn blir det litt frisk og herleg lyd frå motoren. Bagasjeromsplassen er sjølvsagt avgrensa, men likevel stor nok til at du og kjærasten din kan dra på tur (250 liters kapasitet). Har du derimot behov for barnevogn og småtroll i baksetet, kan nok det kanskje vere lurt å velje ein annan bil til ferieturen.


Alle bilmerke - opptil 7,5 tonn

- reparasjon - vedlikehald - service - EU-kontroll - hjulstillings-kontroll - aircondition-service Vi er med i verdas største og mest kunnskapsrike verkstadkjede. Hos oss får alle bilmerke profesjonell hjelp til hyggeleg pris.

– MED KVALITET OG SERVICE SOM VAREMERKE –

DIN BUBIL-VERKSTAD I FØRDE • Service og reparasjonar • Periodisk køyretykontroll (EU-kontr.) • Hjulstillingskontroll med 4-hjulsmåling • Fabrikkoppdateringar og garantiarbeid på chassis • Service/fylling på AC-anlegg • Ettermontering av cruise control og ryggekamera

VISSTE DU AT • 2 av 3 bubilar er bygd på Fiat Ducato? • Autoservice er Norges eldste Fiat-forhandlar, etablert i 1966, og Iveco-forhandlar frå 1974?

Kusslid, 6800 Førde – Tlf. 57 83 38 80 www.as-autoservice.no

Den kraftigaste og beste sjølvvasken?

Kvar 6. bilvask gratis

Prøv sjølv! Sjølvvask / maskinvask – Gratis bruk av støvsugar

Få 30 øre i rabatt frå første liter med Statoil-kortet. Statoilbutikk Førde tlf. 57 82 11 28 Statoilbutikk Jølstraholmen tlf. 57 72 69 69 Statoilbutikk Sogndal tlf. 57 67 39 00

Motor: 4-sylindra 1,4 liter bensin Maks effekt: 122 hk 0–100 km/t: 10,5 sek (man) Toppfart: 197 km/t Lengde: 4246 mm Breidde: 1782 mm Høgde: 1423 mm Vekt: 1404 kg Oppgitt forbruk, blanda køyring: 0,63 l pr mil Vårt forbruk: ikkje målt CO2-utslepp: 147 g/km Pris testbil: Kr 401.400,Rimelegaste versjon: frå Kr 336.800,- (1,2 liter 105 hk bensin man.) Utlånt av: Berge & Co

Med andre ord: Gløym akkurat det! Det kan framleis bli mange fine dagar utover hausten, og livet i ein kabriolet tek ikkje slutt sjølv om fellesferien er over. Med varmeapparatet på fullt og vindskjerm over baksetet kan du køyre kabriolet i særs låge temperaturar. Hugs berre på at det ser frykteleg dumt ut å sitje der i vinterfrakk, skinnhue, hanskar, skjerf og flygarbrille frå mellomkrigsåra. Med det antrekket skal du køyre Morgan! No heldt eg på å gløyme å fortelje om prisen på det prøvekøyrde objektet, med litt ekstra utstyr: Kr 401.400,-, men du kan få den med 1,2 liters motor og 105 hk, 6stegs manuell girkasse for like i underkant av 340.000 kroner.

FM 10•2012

43

Treng du ikkje revisor, bør du vurdere denne løysinga. Ta kontakt for tilbod på regnskapsystem og vår controller.

Tlf: 57 82 40 90 • www.r-r.no


inform-media.no

Bilmesse for damer og (bil)interesserte menn

FM 10•2012

44

NYBILMESSE I FØRDEHUSET 20.-21. OKT

Arr: Bilgruppa i Førde


Erling Grimstad og Kurt Inge Hyllestad diskuterer mogelege fallgruver.

Å følgje ordre kan vere farlig FM

TEKST: Roy Sunde FOTO: Joachim Vie

– Eg møter folk som ikkje trur dei er ansvarlege for eigne handlingar gjort på vegne av arbeidsgjevar. Tanken er nok at bedrifta må vere ansvarleg om det viser seg at noko ein gjorde som lojal medarbeidar i bedrifta viser seg straffbart. Sjokket blir stort når leiarar går fri, medan den som utførte ei handling dei er beden om av overordna blir straffa. Enkelte leiarar synes

gitt bedrifter bot for straffbar handling og deretter satt i gang etterforsking og straffeforfølging mot enkeltpersonar. Einkvar straffeforfølging er belastande for både bedrifta og personar som er involvert som vitne eller mistenkte. Det er ikkje uvanleg at etterforskinga tek fleire år. I den perioden kan bedrifta bli påført store negative effektar, som reduserer grunnlaget for vidare drift sjølv om bedrifta ikkje blir dømd for noko. All etterforsking påverkar bedrifta sitt omdøme. Det kan gje konsekvensar som sviktande sal, store utgifter til advokat/rådgjeving, svakare økonomiske resultat, dårligare sam-

45

<<

Erling Grimstad jobbar i BDO, eit av verdas største huske lite når dei kjem i retten, og kan ikkje huske instruksar dei gav medarbeidarar om å utføre handlingar som viser seg å vere ulovlege. Resultatet revisjonsfirma, og er blant landets fremste ekskan bli at den tilsette lågare nede i organisasjonen blir dømt, og sjefen går pertar på økonomisk kriminalitet. Han haldt nyleg fri, forklarar han. føredrag i Førde, og åtvara mot å tru at ein ikkje Lang belastning kan vere belastande både for bedrifta og personar. kan bli gjort ansvarleg om ein handlar på ordre frå Straffeforfølging – Lovbrot kan gi straff for bedrifta/verksemda og for enkeltpersonar som har delteke i det. Det er fleire eksempel på at påtalemyndigheita har overordna.

10•2012


<<

arbeidsforhold med leverandørar, tilsette som sluttar og problem med rekruttering, seier han.

Livkrise og økonomisk ruin Konsekvensane kan bli store. – For den eller dei tilsette som blir etterforska er konsekvensane at dei misser jobben, og får problem med å skaffe nytt arbeid. Dei personlige utfordringane kan oppfattast som uløyselege om nærmaste familie ikkje lenger har tillit til deg, og venner vender deg ryggen fordi dei mistenkjer at du har gjort noko straffbart. Belastninga av å vere under etterforsking i fleire år kan bli ei stor livskrise for mange. Det er ei stor belastning å bli sett på sidelinja: Ein blir ikkje trudd og må forsvare seg for handlingar ein sjølv meiner andre har ansvar for. Eg har møtt mange som går i «kjellaren» som følgje av etterforsking og påfølgande ransaking av hus, hytte og kontor. Ofte rettast erstatningskrav som følgje av etterforskinga, det kan føre til personlig økonomisk ruin og at bedrifta går konkurs, seier Grimstad. Ein kan ta på seg medansvar om bedrifta har svart omsetnad. – I utgangspunktet er svart omsetnad noko bedrifta lyt svare for. Men det er mange eksempel på at tilsette har blitt etterforska for slike lovbrot. Svart omsetnad inneber risiko for at ein samtidig gjer andre brotsverk: Brot på rekneskapslova, dokumentfalsking, kvitvasking og økonomisk utroskap ovanfor bedrifta osv. Om handlingane knytt til svart omsetnad blir etterforska grundig av politiet kan dei avdekke at tilsette har vikla seg inn i langt meir alvorlige lovbrot enn dei sjølv var klar over.

«Bagatellar» kan gje straff Mange tek lettvint på å trikse med reiserekningar eller snyte på skatten. Men konsekvensane kan fort bli større enn ein trur. – Skatteunndraging og bedrageri ved triksing med reiserekningar er blant det som omtales som økonomiske lovbrot. Det er ikkje tillate å jobbe «litt» svart eller trikse med reiserekningar sjølv om mange slepp unna utan synlege konsekvensar. Det ser ut som om politiet slår til tilfeldig og ikkje rammer dei du antar skulle vært satt under etterforsking, men ein kan aldri vite kva politiet planlegg. Ofte kjem etterforskinga overraskande på dei involverte. I nokre tilfeller etterforskar dei også det mange oppfattar som bagatellmessige forhold. – Kva er vanlegaste forma for økonomisk lovbrot i norske bedrifter? – Økonomisk utroskap! Det inneber som regel at gjerningspersonen har oppført seg illojalt mot verksemda han eller ho er tilsett i, og skadar selskapet på ein måte som kan ramme selskapet negativt. Deretter er underslag av verdiar ein har tilgang til i tilsettingsforholdet det nest mest vanlige, avsluttar han. BDO lokalt sleng gjerne på eit godt råd også. – Gode interne rutinar i ei bedrift kan vere eit godt verktøy for å avverje eller avdekke økonomisk kriminalitet. Det kan vere lurt å ta ein gjennomgang av eksisterande rutinar og få innspel til forbetringar, seier Kurt Inge Hyllestad ved BDO sitt Førdekontor.

FM 10•2012

46

Erling Grimstad Erling Grimstad er leiar for BDOs granskingseining og arbeider med å beskytte verksemder mot økonomisk kriminalitet og avdekke (granske) eventuelle mistankar. Granskingseininga drifter varslingstenesta for fleire verksemder og bistår blant anna kundar med søk/sikring i elektronisk lagra informasjon. Han har bakgrunn som rådgjevar, advokat, etterforskar, førstestatsadvokat og tidligare nestleiar i ØKOKRIM.

Spar 10-tusenvis av kroner på våre demobilar! Mercedes C200T CDI

Mercedes GLK 220CDI 4M

Peugeot 4008

kr 60.000,under nybilpris

kr

40.000,-

under nybilpris

Øyrane 6 - 6800 Førde • Telefon 57724100 www.bilhusetforde.no


BESØK TOYOTA I SOMMAR AVENSIS Avensis frå: 283 400,-* *

Avensis Advance 2.0 D-4D 124 hk stv. frå: 334 400,Avensis Advance 1.8 VVT-i 147 hk aut. stv. frå: 344 400,-*

Avensis Advance - Touch & Go Multimediaskjerm, ryggekamera og navigasjon utan tillegg i prisen.

Verdi 9 600,-

RAV4 frå: 380 500,-* Fritt val av utstyr for 15 000,- inkludert i prisen.

RAV4 Executive - Touch & Go Multimediaskjerm, ryggekamera og navigasjon utan tillegg i prisen.

Verdi 9 600,Delskinn/Alcantarainteriør med elektrisk justerbart førarsete. Berre 2 200,(gjeld Executive utgåve)

NYE YARIS Yaris 5-dørs frå: 176 700,-*

FM 10•2012 5•2012

Yaris - Touch & Go

47

Yaris Active med multimediaskjerm,ryggekamera og bluetooth som standard

*Rettl. pris inkl. frakt, lev- og reg. omkostninger lev. Førde. Årsavgift kjem i tillegg. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: Avensis 2.0 D-4D: frå 0,45 l/mil, frå 119 g/km, frå 164 mg/km. Avensis 1.6 VVT-i: frå 0,65 l/mil, frå 150 g/km, frå 9,7 mg/km. Yaris 1.4 D-4D: frå 0,39 l/mil, frå 104 g/km, frå 0,141 g/km. Yaris 1.0VVT-i: frå 0,48 l/mil, frå 111 g/km, frå 0,02 g/km.RAV4 2.2 D-4D: frå 0,60 l/mil, frå 159 g/km, frå 0,160 g/km. RAV4 2.0 VVT-i: frå 0,77 l/mil, frå 178 g/km, frå 0,014 g/km. Avbilda modellar kan ha ekstrautstyr. Med atterhald om trykkfeil.b

Toyota Nordfjord AS Toyota Førde AS Toyota Sogn AS 6718 Deknepollen. Tlf. 57 85 26 50 Hegrevegen 16 - 6783 Stryn. Tlf. 57 87 60 00 www.toyotanordfjord.no

Steinavegen 10, 6800 Førde Tlf. 57 72 10 00 www.toyota-forde.no

Skarpeteigvegen 1, 6854 Kaupanger Tlf. 57 67 66 66 www.toyotasogn.no


8000 m2 med • DAGLEGVARE • BYGGVARE • GULLSMED • GÅVEARTIKLAR • KAFÉ

X LÅGE PRISAR! 30% Prisane gjeld t.o.m. laurdag 18. august eller så lenge lageret rekk. Atterhald om skrivefeil og utselde varer.

LÅG PRIS

LÅG PRIS

890

10

2590

FUTURA MÅLING/DEKKBEIS Gir en særs god farge- og glansstabilitet og lågt fuktopptak. 10 liter spann.

CAPRICCIOSA coop steinovnspizza. pr.stk.

på kasseroller og steikepanner frå Coop Cookware

LÅG PRIS

DEWALT KAPP- OG GJÆRSAG DW777. 1800W motor. Levert med 216 mm sagblad

LÅG PRIS

995

HITACHI BORSKRUTREKKAR DS14DCL. Levert i koffert med 2 stk 14,4 V Li-on batteri og hurtigladar.

EKSTRA LETTMELK ÄNGLAMARK 1l.

BROKKOLI pr.stk.

LÅG PRIS NÅ

LÅG PRIS NÅ

104

LÅG PRIS

1,5 l. Stål. Før 149,00.

FOR

5 l. Stål. Før 249,00.

139

LÅG PRIS

LÅG PRIS

2 30

KASSEROLLE

LÅG PRIS NÅ

KASSEROLLE

174

695

2990

2 HK ALLROUND GARASJEKOMPRESSOR Passende til dykkert/ krampemaskiner, påfyll av luft, renblåsing m.m.

BADEROMSINNREIING 120 CM

KASSEROLLE 3 l. Stål. Før 199,00.

LÅG PRIS NÅ

LÅG PRIS

209

174

KAFFE Coop. Gul eller rød. Kok-/filtermalt. 250g. Ord. pris pr pose.

STEIKEPANNE

STEIKEPANNE

28 cm. Stål, belagt Før 299,00.

24 cm. Stål, belagt Før 299,00.

LÅG PRIS

5,90 MEDLEMSKUPP GO´MORGEN Tine. 195 g. Pr.stk Ikkje medlem: Sjå hyllekant.

LÅG PRIS

Pr kg ved kjøp av ein 100,80. Pr kg ved kjøp av to 60,00.

LÅG PRIS

349

22

CANON PRINTER Kompakt og stilig alt-i-en printer som skriver ut, kopierer og skanner. Pr. stk.

KJØTTDEIG SVIN Gilde. Go´og mager. 400 g. Pr. pk. Pr. kg. 55,00

1990

LÅG PRIS

LÅG PRIS

2390

6190 BOD LASSE 6,1 M2

MULTIMASTER FMM250QTPO PLUS Sager seg rett inn i materiellet, pusser, kapper, rasper, fjernar nater osv. Rask sagbladskifte. Leverast med et stort antall tilbehør, samt koffert.

LITT AV VÅRT UTVAL

LÅG PRIS

SAN DIEGO GASSGRILL med 3 brennarar og sidebrennar i rustfritt stål. Grillrister i emaljert støypejern og varme-rist i stål. Dobbelt lokk og elektrisk tenning. Leverast komplett med regulator og slange. Grillflate 63 x 49 cm Effekt: 12,3 kW.

Spegel m/lys, vask og underskap med 2 skap og 2 skuffer med softclose. Kvit eller svart høyglans. Ekskl. blandebatteri. Mål inkl. vask: B 120 x D 46 x H 56 cm. Spegel: B 110 x H 54 cm

cafe

LÅG PRIS

Kvar dag: LÅG PRIS

89

00

LOKALPRODUSERTE MENY KJØTKAKER FRÅ FJORDA med poteter, ertestuing og

gulrot.

Torsdag og fredag: Raspeball

X

Storleik: B 2780 x L 2178 mm (6,1 m2). Takhøgd: Innvendig 223/194 cm. Yttervegg: Tømmerprofil 20 x 120 mm. Tak: Underlagspapp. Golv: Ikkje inkludert. Dør: Dobbeltdør B 145 x H 176 cm.Vekt: 555 kg. Storleik på transportpakke: 57 x 115 x 305 cm.

349

VERKTØYVOGN med to praktiske verktøykasser, hjul og nedfellbart handtak. Gjev mykje god plass til oppbevaring av smått og stort! Mål: 47 x 29,7 x 62 cm.

LÅG PRIS

99

FLISLAMINAT Antrasitt. Pakker à 2,255 m2. Pr m2

LT Å KLIKK - ENKE

Sjå elles vårt utsende flygeblad eller på www.coop.no

Coop Extra-varehuset, Førde

9-21 (20)

cafe

LEGGE


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.