Fylkesmagasinet 2 2015

Page 1

NR. 2 FEBRUAR 2015

FM

Kjekt å lese!

fylkesmagasinet.no

Yoga og solfangarar Side 12-15

Valte vekk handlefridomen! side 5-8

Møt vår nye interiørspaltist side 24

I Sigurds kjellar side 28-31


FOTO: SIGVE ASPLUND

L I T L I B Y N ? N E I R E F VINTER 201 5 EIT NYH

RAV4 71°N EDITION & DIN FAMILIE? RAV4 har blitt endå tøffare i uttrykket og har endå betre komfort for fem vaksne i bilen. Og, ikkje minst har nye RAV4 frantastiske køyreeigenskapar.

Vinterhj

utan tille gg i

71°N Edition utstyrspakke inkluderer: • Xenon nærlys • Smart start og • 18” alu.felgar låsesystem • Innfellbare sidespeglar • Underrun stylingpakke • Elektrisk bakluke • Sportssete

Verdi ca

ul

pris.

25 000,-

NYE RAV4 71°N Edition 385 100,-*

AVENSIS & FAMILIEN AKERSVEEN SCHÜTZER Lurer du på korleis det er å eige ein Avensis? Spør Stefan på toyota.no . Avensis Edition50 har utstyr som (verdi 40 000,-): • 17” sommarhjul på alu.felgar • 16” vinterhjul på alu.felgar • Del-skinn/Alcantara sete • DAB+ digitalradio • Cruise Control • Ryggekamera

• Navigasjon • Bi-Xenon svingbare hovudlys/LED køyrelys • Automatisk klimaanlegg • Nøkkelfri smartstart og inngang

Kjøp no

og få med vinterhju l og motor-/k upévarm ar utan tille gg i pris. Verdi 25 000

,-

Avensis Edition50 stasjonsvogn frå 294 500,-*

AURIS & FAMILIEN ORTUN Lurer du på korleis det er å eige en Auris? Spør Vibeke på toyota.no

Kjøp no

Auris Hybrid Active+ har utstyr som:

og få med vinterhju l og motor-/k upévarm ar utan tille gg i pris. Verdi 25 000

• 16” aluminiumsfelgar • Automatgir • DAB+ digitalradio • Cruise Control • Sportssete

• Navigasjon • Mørke ruter • Skinntrekt dashbord • Ryggekamera • Multimediaskjerm

,-

Auris Hybrid Active+ 282 200,-

*

1,95% fastrente i 3 år**

Automatgir er standard på alle våre hybridmodellar Levert Nordfjord/Førde. Årsavgift kjem i tillegg. **Renta er subsidiert i tre år, for deretter å bli justert til normal salsrente. Billån: Føreset minimum 35% kontantandel. Låneeks.: Fastrente 1,95%. Effektiv rente 4,49%. 150 000,-/ 5 år. Etableringsgebyr 2 917,-. Totalt 168 238,-. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: RAV4 VVT-i frå 0,72 l/mil, 166 g/km, 13 mg/km RAV4 D-4D frå 0,49 l/mil, 127 g/km, 143 mg/km AURIS HYBRID frå 0,38 l/mil, frå 87 g/km, frå 5,7 mg/km YARIS HYBRID frå 0,33 l/mil, frå 75 g/km, frå 6 mg/km. Avbilda modellar kan ha ekstrautstyr. Med atterhald om trykkfeil.

2


I denne utgåva kan du lese om:

FM FYLKESMAGASINET

Valte vekk handlefridomen! | Rett på med Karl Kristian Langeland | Yoga lengst vest Canon-Premie til Kristine! | Økonomi | Harald Brøyn | Prøvekøyrt: Audi A3 e-tron Møt vår nye interiørspaltist | Spitfire turnerer med metal-legenda Doro! | Riksvegfem I Sigurds kjellar | X-ord | Unge meiningar

FRAMSIDEFOTO: Roy Sunde

Fylkesmagasinet kjem ut til alle husstandane i Sogn og Fjordane Grunnlagt 2001 Øyrane 3, boks 353, 6802 Førde

Mykje pengar og lite IKT

Tlf. 95 93 99 99 REDAKTØR

ROY SUNDE roy@fylkesmagasinet.no Tlf. dir. 95 93 99 90

– Vi er opptekne av å finne dei gode, positive tinga som skjer i vårt fantastiske fylke. Vi klarer ikkje å fange opp alt, så har du tips om saker som du meiner vi burde skrive om – ta kontakt med meg!

MARKNADSANSVARLEG

THOR-AAGE LILLESTØL thoraage@fylkesmagasinet.no Tlf. dir. 95 93 99 97

Ønskjer du å nå alle husstandane i heile fylket med din bodskap – ta kontakt med meg!

Nettavisen tok føre seg NAV her om dagen, og kor mykje pengar dei brukar på konsulentar. Og at moderniseringa av IKT-systema deira ser ut til å sprekke med 1,5 milliardar kroner. Då ein i 2010 byrja planlegge IKT-moderniseringa av NAV var prisen 3,3 milliardar kroner. I desember 2014 låg det an til å sprekke med 1,2 milliardar. Eit tal NAV sjølv ikkje kjente seg igjen i. No seier NAV sjølv at talet kan bli 1,5 milliardar. Mykje pengar, men småtteri i høve kva NAV har ausa ut på konsulentselskap dei siste åra. Norge er eit oljesmurt og rikt land. Likevel er 3 milliardar ein god slump pengar. Det er summen konsulentselskapet Accenture har fått frå NAV siste åtte åra. Dei er berre eit av mange: NAV kjøper konsulenttenester for 1,25 milliard kroner i året. Det verkar som NAV betaler stadig nye grupper konsulentar for å fortelje NAV kva som var gale med det den førre gruppa konsulentar fortalte. NAV sine hovudmål er mellom anna: fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad, ein velfungerande arbeidsmarknad, og ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning. Ein kan seie, litt spydig, at dei tek oppgåva på alvor når dei held fleire konsulentselskap med arbeid år etter år, samtidig som dei har cirka 19.000 personar i eigne rekker, fordel på 14.000 tilsette i staten og om lag 5000 i kommunane. Sidan ein konsulent gjerne kostar temmeleg mykje meir å hyre inn enn ein fast tilsett i staten, så kan eg sette opp eit reknestykke: Om vi deler dei 1250 millionar kronene NAV kjøper konsulenttenester for i året med ei årslønn på 500.000 kroner, kunne NAV tilsett 2500 personar i staden for å leige nokre få konsulentar. Det ville i det minste skapt fleire arbeidsplassar totalt.

Ansvarleg utgjevar og grafisk formgjeving Fylkesmagasinet Trykk Schibsted Trykk Flesland AS Distribusjon Posten Opplag 43.300

NAV rår over mykje pengar: 1/3 av statsbudsjettet. Mykje pengar er ikkje berre ein fordel: det fremmar ikkje i seg sjølv effektiv drift og gode løysingar. I gode tider er det lett å hive meir pengar på eit problem og håpe at det løyser utfordringa. Men som Riksrevisjonen påpeika i 2012: «I perioden 2007-2010 vart NAV tilført vesentleg auka ressursar utan at talet ubehandla saker og saksbehandlingstida vart nemneverdig redusert.» Og eit tal til: «Nærare 300 årsverk kunne vore frigjort om alle fylke var like produktive som dei mest produktive fylka». Det seier noko om potensialet for forbetring. Redaktør: Roy Sunde

Rein Design

Kevin.Murphy Kevin.Murphy COLOR.ME COLOR.ME Ammoniakkfri Ammoniakkf r i og PPD PPD fri, f r i, honningbasert honningbaser t serie ser ie for f or farga f arga har. har. Davines Davines MORE IINSIDE NSIDE Stylingserie St ylingser ie utan ut an parabener. par abener.

KLIPP FARGE FARGE A BRUD EXTENSIONS DROP IN MAKE-UP STUDENTSTUDENT- OG SPENST RABATT RABA ABA AT TT Besøk vår facebookside Fr Fresh esh Frisørsalong

Hafstadvegen 34 | 6800 Førde TTimebestilling imebestilling 47 70 73 80

3


Vinterkampanje hos Frydenbø!

1% rente på alle volvo modellAr i februar *

1% RENTE

Kampanje - billån med nom. rente p.t. 1% p.a. (eksempel): Total bilpris

Kontantandel

Løpetid

Nom.rente p.t.

Eff.rente p.t.

Tot.kredittkostn.

300.000,-

105.000,-

199.463,-

Lånebeløp

84 mnd.

1% p.a.

2,67% p.a.

318.780,-

Terminbeløp pr. mnd.

2.545,-

400.000,-

140.000,-

264.463,-

84 mnd.

1% p.a.

2,25% p.a.

421.064,-

3.346,-

650.000,-

227.500,-

426.963,-

84 mnd.

1% p.a.

1,78% p.a.

676.900,-

5.350,-

*) Gjeld ved kjøp/leasing av ny Volvo. Kan ikkje kombinerast med andre tilbod. Etablering / tinglysningsgebyr kr. 4.463,- og termingebyr kr. 85,- er inkl. Annuitetslån med salspant. Leasing/privatleige 3 år/45.000 km. Etabl.gebyr kr 4.863,-. Forskot kr 49.900,-. Totalkost vil variere med rentenivået. I samarbeid med Nordea Finans Norge AS. Kampanjeperiode fom 01.02.2015 tom 28.02.2015. Atterhald om trykkfeil eller endring i prisen og vilkår.

www.frydenbo-bil.no

4

SANDANE: 57 86 61 00

FØRDE 57 83 72 00

SOGNDAL 57 67 34 00

MINDE 55 59 97 00

ÅSANE 55 53 68 00

BERGEN VEST 982 05 882

VOSS 982 05 929

KRISTIANSAND 38 04 90 00


Valte vekk handlefridomen! – Kva skal vi ha til middag i dag? Dei fleste kjenner spørsmålet. Og verre blir det når ein får ungar. Stadig fleire familiar spør tenester som Adams Matkasse. Vi spurte dei kvifor, og prøvde sjølv. Tekst: Kristine Slettehaug/ Roy Sunde. Foto: Roy Sunde/Thor-Aage Lillestøl/Stine Bortheim.

Familien Hov/Sunde, to vaksne og tre born, laga vekemenyar og storhandla. – Det var eit ork å sitte søndag og planlegge meny og handling for veka. Det var litt av ei øving å komme i mål, og vi åt dei same rettane om og om igjen. Vi var «matleie», seier Bjørn Sunde. Adams Matkasse byrja levere i Førde hausten 2014 var dei med frå start. – Det er ei lette å sleppe å tenke på middag. I starten var det levering annakvar veke. Dei vekene vi handla sjølv vart litt «hat». No kan ein få kvar veke og vi aukar opp. Matkassa kjem måndag kveld, og inneheld middag til fire personar i fem dagar. To dagar i veka må vi «tenke sjølv». Vi reddar oss inn på fredagstacoen, og ei kjappløysing på den mest hektiske dagen i høve ungar og aktivitetar, smiler han.

– Det var ei stor lette å sleppe å sitte på søndagane og tenke meny for neste veke, seier Bjørn Sunde, som ser fram til dagens torskebrandade, med torsk frå Vågsøy.

handle på impuls. Når eg går på butikken på tom mage ender det ikkje bra, smiler han.

Ville vekk frå autopilot. Det var hektiske dagar som fekk Hjørdis Vik til å prøve ut Adams Matkasse. – Kvardagen er hektisk så eg ser positivt på alt som letter den. Vi er særs nøgde så langt, seier Hjørdis Vik. – Eg er glad i å lage mat, men fann det vanskelig å finne tid til å planlegge og handle. Det blir autopilot, og dei same einsformige barnevennlige middagane gjekk igjen. Vi prøvde å ha eit sunt kosthald, men det er ikkje sikkert det var bra nok.

– Vi får eit breitt spekter av gode råvarer, som blir smakfulle måltid. Det er kjekt å lage mat når ein får nye ingrediensar og rettar heile tida. Og alt levert på døra – det er fantastisk. Vi har testa original- og ekspresskassa. Neste veke skal vi teste barnekassa, seier ho. – Ungane er nøgde. Eg er oppteken av at barna må smake på ting, så dei lærer å like eit breitt spekter mat. Den eldste er kjempenøgd, dei to minste sorterer meir. Det gjorde dei før og, seier ho og fortel at ho alt på første kassa vart særs glad i konseptet. – Og tenkte at dette kan breie om seg. Spesielt

<<

Persisk tema. For deira del har matkassa gjort matlaginga meir spennande. – Det er alltid nye rettar, og kjekt å sjå kva ein skal ete når ei ny kasse kjem. Og spennande å sjå korleis det blir motteke av ungane. Den første kassa hadde persisk tema, som ikkje gjekk ikkje heilt heim. Men det nyttar ikkje klage til oss. – «Adam bestemmer. Om de vil klage får de ringe han», seier vi. På slutten av den persiske veka trua Nathalie, dotter vår, med å ringe Adam, ler Bjørn. – Resten har vore meir barnevennlege. Dei har ei barnekasse og, men originalen fungerer for oss. Alle rettane har vore gode, seier han, og vi et sunnare enn før: Meir grønsaker og fisk. Vi smake rettar vi aldri ville tenkt på, og utvidar vårt matunivers. Vi har aldri vore redde for å prøve nye ting, men må google i blant. I dag har vi til dømes grilla brandane (emulsjon av salt torsk og olivenolje. red. merk.) av torsk frå Snorre Seafoood med kapers, tartarsaus og råkost. Ein lagar all maten frå grunnen av. Oppskriftene er enkle og godt beskrive, og rettane tek om lag ein halvtime, seier han og fortel at dei kjem ut omtrent som før økonomisk. – Cirka 1000 kroner i veka, pluss to middagar utom. Vi har god oversikt over kva vi brukte på mat før, og utan å ha finrekna trur eg vi er på same nivå. Men det er ikkje hovudpoenget vårt. Å handle sjølv er nok billigare, men no slepp ein stresse med planlegging og handling, har lite svinn, ingen impulshandling, får meir variert kosthald, blir mindre matlei, enklare kvardag og ungane får utvida horisonten. Både Adams Matkasse og strukturert vekehandling er betre enn å

5


<<

6

for barnefamiliar der fritid er ein knapp faktor. Då er det flott at andre lagar sunne og raske menyar for deg. Det sparer tid og energi, seier Hjørdis, som jobbar i Innovasjon Norge. Ho har eit næringspolitisk syn på dette også. – Ei ulempe er at dette fører handel ut av nærområdet. Maten kjem frå lager i Hordaland. Då må butikkar og leverandørar lokalt sjå kva dei kan gjere for å få ein del av kaka. Fisken i Adams Matkasse er levert av Snorre Seafood i Vågsøy. Det er kjekt, og det er ei fantastisk råvare. Dei som leverer middagar vil ha kvalitetsråvarer som skil dei frå andre aktørar, så her ligg store moglegheiter. Slike tenester endrar konkurransevilkåra i bransjen. Butikkane må sjå på kva dei kan gjere for å matche dette. – Rema1000 har til dømes middag for ein hundrelapp, med oppskrifter og appar. Men der må du gjere meir av jobben sjølv. Kan butikkar ta eit steg vidare i verdikjeda? Det handlar om å

– Vi som driv daglegvarebutikkar må berre sjå lyst på konkurransen frå slike tenester, og tilby ei butikkoppleving som gjer at folk vil handle hos oss, seier Kristian Årdal.

flytte ein del av fokus frå produkt til tenester: Å gi varene meirverdi ved å tilføre kompetanse og logistikk. Å få levert matvarer frå butikken var mogleg når eg vaks opp også, som eit ekstratilbod. Ein har ein heilt annan logistikk og potensiale for å nå ut no, om ein tilfører matvarer ein høgare grad av service. Eg trur vi kjem til å sjå mange fleire typar slike tilbod. Tenk deg at du skal på hytta til helga: Du bestiller hyttekassa, levert torsdag kveld, som du tar med deg på hytta. Eller du skal ha venner på gourmetmiddag: bestill gourmetkassen, og få alt du treng til festen på døra.

Ikkje uroleg – men føl med. Daglegvarer er ikkje den bransjen som er mest trua av netthandel. Men tenester som Adam Matkasse og Godt Levert viser at det er marknad for det. Dagleg leiar på Spar Førde, Kristian Årdal, ser positivt på konkurransen.

Å få levert matvarer frå butikken var mogleg når eg vaks opp også, som eit ekstratilbod. Hjørdis Vik

– Det dukkar alltid opp noko nytt. Og det må ein stille seg open og positiv til. No er det tenester som Adams Matkasse. Det var ikkje store varmeskapet vi hadde her i 1990 – i dag er ferdigmat eit stort produkt, fortel Kristian. – Ein må følgje med, anten det er nye varer, tenester eller opningstider, og lytte til kunden. Konkurranse er sunt, positivt, tvinger ein til å tenke nytt, og fører til at alle i bransjen må utvikle seg. Det må vi takle. – Trur du vanlege daglegvarebutikkar her i fylket kjem til å tilby slike tenester? – Det må skje på kjedenivå, og dei store kjedene føl godt med. Eg veit at Spar jobbar med frukost- og middagskonsept. Eg trur folk fleste synest det er kjekkare å handle mat i butikk. Slike tenester blir eit supplement. Og det er mange andre varer enn middag ein skal ha. Det at ein må handle ein del utanom må med i reknestykket. Ein betaler for logistikk. Å handle sjølv er billigast, men det er klart at dette er ei løysing for dei med travle kvardagar i periodar, utan at eg trur det vil erstatte daglegvarebutikkane. Vi som driv butikkar må skape så gode butikkopplevingar at folk ønskjer å handle der, seier han og fortel at raske løysingar er i vinden. – Mange ønskjer lettvinte, raske løysingar til middag: Vi sel mykje varm mat, salatbaren er populær og det går stadig meir Fjordland og andre ferdigrettar. Dette er noko folk vil ha i dag. Samtidig har ein veldig fokus på mat med mange matbloggarar og mykje matstoff i media. Begge sidene er aktuelle.

<<

– Med Adams Matkasse slapp vi unna autopilot i middagsvala, seier Hjørdis Vik.


Ta vare på nybilfølelsen Ein godt vedlikehalden bil er noko du får att for den dagen du vil selje den.

I tillegg kan du glede deg over at du slepp å gjere jobben sjølv – og at du har ein bil som får den behandlinga den fortjener.

Vaskepakkar

Hos oss kan du velje ulike typar vaskepakkar: Easy: Utvendig og innvendig vask, samt polering, kr 2390,Easy +: Utvendig og innvendig vask, lakkrens og polering, kr 3790,Premium: Utvendig og innvendig vask, rens av tepper/sete, lakkrens og polering, kr 5490,Exclusive: Utvendig og innvendig vask, rens av tepper/sete, lakkrens. DITEC-behandling og polering i dørkarmar, kr 7990,-

Frå kr

DITEC inkl. innvendig vask

Frå kr

inkl. polering

4900,-

Forbruket av sand og salt på vegane vinterstid er stort – ikkje rart at også nye bilar rustar kraftig i Norge. Dei aller fleste bilar er utvikla og produsert for bruk under andre klimatiske tilhøve enn vårt. Derfor er det viktig med ekstra behandling mot rust i Norge. Vi tilrår å ta ei Tectylbehandling på din bil, gjerne frå den er heilt ny.

(ved bestilling innan 1. februar) Frå kr

Glastec

2390,-

Billakk består av tusenvis av mikroskopiske porar. Når ein nylakkert bil kjem ut i friluft blir den utsett for ytre påverknader som gjer at lakken på sikt blir nedbroten. Når sollys, smuss, sur nedbør, industistøv etc. kjem i kontakt med lakken vil oksidering, rust og mattheit oppstå før eller seinare. Lakken treng derfor ekstra beskyttelse utover reinhald, voksing og vanleg polering. Ditec, med sitt seksårs garantisystem, forsterkar lakken si motstandskraft.

(ved bestilling innan 1. februar)

Tectyl

Rein Design

Her er 4 gode tilbod som bidreg til å unngå unødig verditap.

5900,-

Sikkerheit, beskyttelse og enklare reingjering. Med Glastec får du betre sikt. Rutene blir etter behandling tettare, noko som gjer det vanskelegare for smuss, trafikkfilm og insekt å feste seg. Det blir lettare for deg å reingjere vindauga, og regndråpar vil under køyring skli av ruta. I mørket vil du oppleve reduserert refleks i vinduet. Ein annan fordel er at is ikkje set seg like godt fast som på ei ubehandla rute.

Frå kr

890,(Alle prisar gjeld personbilar)

BILPLEIEHALLEN Halbrendsøyra 6, 6800 Førde Tlf. 99 30 22 20 • bilpleiehallen.no

Følg oss på Facebook

7


Adam er den nye ketchupen! <<

Test av Adams Matkasse TEKST: Kristine Slettehaug

Etter å ha fått bekrefta at råvarer og oppskrifter til fem middagar var på veg frå Adams Matkasse, hadde eg berre eitt krav: Så lenge det ikkje er fiskekaker på menyen er eg nøgd! Herregud, så lei eg er av fiskekaker. Og lapskaus med pølser. Siste tida har handlelista gått på repeat, og vi er matleie heile familien. Tanken på at andre har handla inn vekas middagar, og bestemt menyen, er friande. Eg gler meg til å opne kassen!

Ingen pannekaker, men 1,2 kilo kylling. – Kan eg få kassen når den er tom, seier minstejenta og følgjer skeptisk med på matvarene eg pakkar opp. – Ingen pannekaker? Då vil eg ikkje ha middag denne veka, konstaterer ho og triv til seg kassen. Eg må innrømme at eg såg for meg smilande ungar rundt middagsbordet denne veka, som seier «mmm» med pastinakk i munnen, slik dei gjer når Hellstrøm ryddar opp. (Det er tross alt ein profesjonell kokk som har sett saman oppskriftene).Difor er det viktig med ein god start, tenker eg og blar gjennom oppskriftsheftet. Overraskinga er stor når eg ser at nettopp fiskekaker står på menyen denne veka. Jammen Adam, då. Det var det einaste eg ikkje ville ha! Riktig nok med eggesmør og ertepure, som eg aldri hadde klart å kome på, men likevel. Den utsetter vi litt, tenker eg og går for kyllingbiff med paprikasaus. 1,2 kilo kylling har Adam pakka ned. Vel mykje til ein småbarnsfamilie på fire, men kyllingen er saftig og god, og ungane sluker middagen. Til og med paprikasausen smakar dei på. Kven skulle trudd at saus kan vere godt utan fløyte og smør?

Fiskelasagne? Ein stor bonus med Adams matkasse er at du lærer mykje nytt om matlaging, samtidig som du oppdagar nye kombinasjonar du sjølv ikkje hadde tenkt på. Fiskelasagne til dømes. Vi rynka godt på nasa då vi såg oppskrifta, og utsette den så lenge vi kunne. Men fredagen måtte den til pers, og tacoen måtte vike. Sambuaren var ikkje spesielt glad for at nokon hadde tukla med ein av livrettane hans, «lasagne er lasagane, og fisk er fisk», uttalte han, men så vart det visst tomt på tallerkenen likevel... Ungane enda på «tja», medan mor meinte dette var beste middagen denne veka, og gøymde oppskrifta til seinare. Middag for fem dagar, klar til kokkelering.

Kven er den nye ketchupen? I følgje vår venn Adam, er Teriyakisausen den nye ketchupen. Vel, ikkje i følgje mine ungar. Saman med wok-ingrediensane følgde ei flaske med Asias svar på ketchup, og medan eg og sambuaren nikka anerkjennande til den gode sausen, gikk det nøyaktig eit halvt minutt før ungane bad meg finne fram den ekte ketchupen. «Ofte en favoritt hos barna» gjeld med andre ord ikkje hos oss, Adam.

8

Og dommen er... Å sleppe å planlegge vekas middagar var ei stor lette. Det same var det å ikkje bruke laurdagen til storhandel, men få varene

levert i ein kasse på jobb. Det gnog samvitet litt at varene kom frå Bergen, vi vil helst støtte lokal handel, men fisk frå Måløy i kassen vog opp. Rettane var enkle å lage. Vi brukte rundt førti minutt på å kokkelere kvar middag. Det var oppfriskande å prøve noko nytt, og til og med fiskekakene fekk sin renessanse med det nye tilbehøyret. Eg ser ikkje vekk i frå at Adam skal få bestemme vekemenyen vår fleire gongar, men det

blir ikkje kvar veke. Sjølv om handlelista lett blir lik kvar gang, så er det noko med å sjølv få bestemme kva ein skal ha til middag, og ikkje vere låst i kva kassen seier. Og at ungane ikkje alltid likar maten din, Adam, det skal du ikkje ta personleg. Om dei hadde fått bestemme vekemenyen, hadde det blitt annankvar dag med bestas pølse med potetstappe og annan kvar dag med blåbærpannekaker.


Rein Design

Dverrg gsdal & Sunde Bygg AS er eit entreprenørselskap i god utvikling med stor aktivitet i heile Sogn og Fjordanee. Omsetninga ninga i 2014 var a omlag på 120 millionar kroner og vi nærmar oss 40 godt nøgde tilsette. Vi har avdelingar i Før ø dee, Sogndal og Eid.

Husets hjarte!

Kjøkkenet Stadig fleire oppdagar fordelane ved vinylgolv. Det spelar inga rolle om du søler medan du lagar mat, eller at hunden og katten spring inn med skitne potar. Den beskyttande overflata gjer det utruleg enkelt å reingjere golvet. Den sterke overflata kallast PUR og gjer at for eksempel

kjøkkenstolar kan dragast ut og inn ved matbordet gong etter gong utan at golvet blir stygt. Vinylgolv er perfekt tilpassa til kjøkkenet. Praktisk, slitesterkt, lett å reingjere, vakkert, mykt, behageleg å gå på. Heilt enkelt det perfekte kjøkkengolvet.

Vi Vi søkjer etter etter

AVD.LEIAR A VD.LEIAR til vårt V vårt kon kontor tor på Eid • Avdelingsleiar vil ha ansvar for dagleg drift av kontoret, sal, kundeoppfølging, budsjettkontroll m.m. • Vi oppfordrar deg med alt frå tømrarbakgrunn, leiarstillingarr, m meklarar og seljarar til å søkje. • Opplæring i stillinga vil bli gitt.

Førde Fargehandel er best på golv og har fylkets største utval i golvbelegg.

Kor o tffa atta søknad med CV sendast innan 20. februar til: andre.sunde@dsgruppen.no

Kom innom oss for inspirasjon til alle husets rom.

Spørsmål om stillinga rettast til Andre Sunde tlff. 480 09 700

Tlf : 57 72 65 00 dvergsdalogsunde.no | post@dsgruppen.no Avd. Førdee | Avd. Eid | Avd. Sogn

2

Audi A3 Sportback

er her

No kan du velje mellom å køyre heilt elektrisk med inntil 50 km rekkevidde, eller i hybridmodus. Med ein kraftig elektromotor og ein 1.4 liters TFSI bensinmotor, kombinerer nye Audi A3 Sportback e-tron det beste fra to verder. Endeleg kan du køyre miljøvennleg utan rekkeviddeangst.

Pris frå 342.500,-*

bilar på lager for omgåande levering le vering Førde - 24 03 18 00 Seljar - 99 20 50 35 Servicepunkt: Sogndal - 57 67 57 00 - 57 87 26 00 Stryn berge.no

9 *Rettleiande pris levert forhandlar i Sogn og Fjordane. Årsavgifft kjem i tillegg. Drivstofforbruk 1,5 l/100 km ved blanda køyring. øyri ø CO2-utslepp 35 g/km


RETT PÅ

«Bill. Mrk. Bestemor søkast»

Karl Kristian Langeland Eg tykkjer ikkje støtt eg er så flink som eg burde vere. Det skjer titt og ofte at eg føler meg mindre kompetent enn andre. Dette stressar meg, og eg ynskjer å gjere noko med det, men eg treng ingen personleg rådgjevar eller life coach. Eg treng ei bestemor. Det er ikkje måte på kor vi skal kursast og vidareutviklast i dagens samfunn. Vi reiser på kurs for å verte ein betre kollega, ein betre ektefelle eller ein betre sjef. Vi skal på seminar for å verte meir effektive og vi må på meditasjonskurs for å lære oss å slappe meir av. Men kvifor brukar samfunnet enorme summar på dette når svara ligg der meir eller mindre gratis, og berre ein liten telefon unna? No i februar er det fire år sidan bestemor mi reiste. Og der bestemor er no er det diverre ingen teleoperatør som har dekning. Hadde det vore det skulle eg slått på tråden med det same. Eg treng råd, og eg treng hjelp. Ikkje frå ein eller annan guru som har lært seg sinnemeistring i India. Ikkje frå ein effektivitetsekspert som har tre mastergrader frå Harvard, men frå ei bestemor som har levd livet.

Eg er ikkje åleine om å trenge denne typen hjelp heller. Eg ser det rundt meg kvar einaste dag. Vi hastar rundt, stadig på farten. Jagar nye mål og moglegheiter. Må opp, skal fram! Må prestere betre enn dei andre. Jobbar lange dagar, legg igjen mange timar. Men for kva? Ein fin tittel? Ei god løn? Meir makt? For å føle oss like viktige og relevante som alle dei andre? Ikkje veit eg, men ein ting veit eg. Eg likar det ikkje. For bestemor var eg god nok. Alltid. Det var ingen grunn til å vere fyrst og best kvar einaste dag. Med bestemor var det ikkje noko tids- eller prestasjonspress. Med bestemor var det nok at du var deg sjølv. Alt frå eksamensstress til jobbpress og kjærleiksvanskar forsvann som dogg for sola med bestemor. Bestemor hadde kanskje ingen fine skulepapir eller jobbtitlar bak seg, men ho hadde noko endå betre; 90 år med livserfaring, ei uendeleg ro og ei tru på at alt ordna seg til slutt. I ei verd der vi stadig må prestere og stadig må vere litt betre enn dei andre, burde fleire ta inn over seg det bestemor brukte å seie til meg. «Vi må ikkje tru vi er så mykje større enn alle andre. Vi er berre men-

For bestemor var eg god nok. Alltid. Det var ingen grunn til å vere fyrst og best kvar einaste dag. Berr e3a v 10 barn er Berre av fforsikra orsikra mot sjuk dom sjukdom Er barnet ditt godt nok fforsikra? orsikra? ungdomsforsikringa Frende fleire ende har fleir e Barne– og ungdomsf orsikringa til Fr vore kåra Noregs beste barneforsikring. orsikring. år på rrad ad v ore k åra til Nor egs bes te barnef ssf.no/barneforsikring s sf.no/barneforsikring

10

neskje. Alle saman.» Tenk så enkelt er det eigentleg. Vi er verken betre eller dårlegare enn andre. Vi gjer alle vårt beste. Så kvifor kan vi ikkje berre slå oss til ro med det? Kvifor dette konstante jaget etter å vere betre og større enn dei andre. Blir vi betre av det? Og blir samfunnet vårt betre av dette konstante jaget? Nei, eg kunne trenge ei bestemor no. Finst det ei der ute med litt tid til overs og plass til eit barnebarn til? Til dykk som har ei vil eg anbefale dykk å ta opp røret og ta ein skikkeleg prat med ho. Mest truleg vil ho kunne fortelje deg eit og anna du vil ha godt av å høyre. Om du berre vågar å spørje ho då. Det kostar lite samanlikna med allverdas kurs og seminar, og du får mest truleg meir ut av det også.


Rein Design

Alt var ikkje betre etree før... fø før Vii gjer det enklare å følge med på naboen. V I femten år har vi jobba for gode internettløysingar i Sogn og Fjordane. Målet er ein betre kvardag for innbyggjarane, samtidig verdiar.. som vi skapar lokale verdiar

BYTT TIL OSS I DAG! Lokalt breiband – Lokale verdiar

INTERNETT FRÅ

248 8,I 6 MND* FRI ETABLERING ET TABLERING ABLERIN A

LES MEIR PÅ

enivest.no/kampanjer

Bruk bestillingsskjemaet på nett; enivest.no/bestill eller ring kundeservice på 57 00 91 00

Resten ordnar vi. DSL-kundar. r. Modemgaranti til halv pris, p kr 214,-. *Abonnement til nye DSL-kundar året Gjeld ikkje ADSL Enkel pluss. Minste totalpris første år et med m 12 mnd. avtaletid: kr 3790,-

11 Lokalt breiband - Lokale verdiar

57 00 91 00 | enivest.no


– Yoga er ikkje noko ein berre gjer på ei matte. Det skal gjennomsyre heile livet. Eg gjer det ofte på turar i naturen også, seier Gry Hansen.

12


Yoga lengst vest TEKST OG FOTO: Roy Sunde

Gry Hansen vaks opp i Lørenskog. For fem år sidan flytta ho frå Oslo til Stad. Der driv ho Bygda Yogaskule, Norges vestligaste yogaskule. – Eg kom hit første gangen for å surfe, for 15 år sidan. Kvar gang eg kom prøvde eg å forlenge opphaldet. Etter kvart byrja eg å tilby yoga her. Eg ville vere i den rå og brutalt vakre naturen , og det var ein gradvis prosess. Eg har barn i lag med ein person som bur i Oslo, som måtte takast omsyn til. Men eg ville verkeleg hit, og til slutt hoppa eg i det. Det tok litt tid å lande: gjorde eg rett, tenker ein, men kvar gang eg såg ut vindauget vart eg sikrare. Eg ville ikkje bu i Oslo og ha utsikt til trikkeskinner. Eg er kresen, og uvillig til å springe etter pengane som må til der, smiler ho. – Og ein er faktisk meir sosial her. Eg et oftare middag med vener her enn då eg budde i Oslo. Du blir ein del av bygda: handlar på same butikk, surfar ilag, møtes på yoga, dugnadar og anna. Det

er lettare å vere åleine i ein by, for der har ikkje folk tid til kvarandre. Her ser ein, og har tid til, kvarandre. Her blir ein viktigare for kvarandre, og har tradisjon for å hjelpe. Det ligg under huda på folk, seier ho og beskriv den største luksusen ho har. – Tid. Eg ønskjer ikkje eit skarpt skilje mellom jobb og fritid, og eit liv der eg tenkjer: endeleg fredag og huff, det er måndag, seier ho og ser opp på uroene i glasa. – Solfangarane mine, laga av sjøglas eg samlar på stranda. I sola skiftar dei farge og eigenskapar. Kvar av dei tek nesten ein dag å lage. Det er luksus å ha tid til slikt.

Endeleg ein heim. Gry, sonen Aron på 11 og deira to kattar bur i eit gamalt skulehus. Det kjøpte ho nett i lag med venen Torkild, som òg bur i huset. – Eg budde først i Hoddevika, så Ervik, før eg landa i Årvika. Sidan eg alltid har søkt å leve billig, var det ikkje lett å finne bustad her. Jo meir pengar ein treng, jo meir fridom må ein ofre. Men eg er sta og klamra meg fast. For fire månadar sidan fekk eg endeleg kjøpt eit hus. Det er ei utruleg kjensle å få sette røter. No har eg lyst å dyrke mat i hagen og forme huset som eg vil ha det. Det er kjekt å gjere nye ting, og oppleve meistring. Torkild er handverkar og let meg låne verktøy, og

Det tok litt tid å lande: gjorde eg rett, tenker ein, men kvar gang eg såg ut vindauget vart eg sikrare. Gry Hansen

lærer meg ting. Så langt har eg isolerert, lagt fliser og panel. Det er viktig å klare seg sjølv, og meiningsfylt å gjere praktiske ting. Yoga er ikkje noko du gjer på ei matte, den skal sive ut i livet. Skrapar du maling feil blir du sliten. Senker du skuldrene og pustar rett går det bra. – Blir det mykje surfing når ein bur i «surfehovudstaden» Stad? – Eg vart redd surfinga ei tid, etter å ha blitt halde lenge under vatn, og ville heller gjere yoga på stranda. Men via yoga vart eg komfortabel i vatnet igjen. Det er eit verktøy for å takle stress, der pusten brukast til å søke djupare, gjennom smerta. Eg let meg sjølv vere ein del av vatnet, heller enn å kjempe mot. Når ein slappar heilt av forsvinn smerte og uro.

Overlappande lidenskapar. At ho vart yogainstruktør var ikkje sjølvsagt. Men fysisk aktivitet har alltid vore viktig. – Og eg har alltid evna å gå inn i ting med heile meg. Eg byrja med turn ung og kom på juniorlandslaget 12 år gamal. Det er ein tøff idrett, og god trening som eg kjenner i kroppen enno, seier ho. Etter å ha vunne NM i turn 18 år gamal i 1985, kom ein ny slik på bana. – Ei venninne tok meg med på klatring. Dagen etter kjøpte eg utstyr og byrja trena det to dagar på og ein dag fri. Når eg blir forelska i noko går eg inn i det. På den tid studerte eg visuell kommunikasjon på Kunst og Handverkhøgskulen i Oslo. Så fort eg var ferdig reiste eg til Frankrike og klatra nokre månadar, kom heim for å tene pengar og reiste ut og klatra igjen. Slik haldt ho på i ti år, og ho vann NM i klatring sju år på rad frå 1993. – Eg møtte yoga på turar til Australia, og byrja snuse borti det på eiga hand nokre år, fordi klatringa fekk meg til å stivne litt til. Og det ønska eg ikkje. For 13 år sidan utdanna eg meg på Oslo Yogaskule. Jo meir eg lært om yoga, jo meir skjønte eg at dette med å binde seg til jordenergien, vite kven ein er, og sjå at ein har fridom til å gjere alt, det har alltid vore i meg. Men no fekk

<<

I bygda Årvika ved Vestkapp, der vind og bølgjer nådelaust knuser mot land, fann Gry Hansen sin heim. Der lev ho for og av yoga.

HUGS R U S TBESKYTT E L S E!

13


Solfangar: sjølglas blir med tid og tålmod forandra til uroer som fangar sollys.

<<

14

eg satt ord på det – eg kom «heim». Yoga er ein tilstand. Eg føl ikkje ei spesiell retning, eg plukkar det som fungerer og hentar element frå kung fu, klatring og turn, fortel ho. – Men utan eit åndeleg aspekt er det ikkje yoga. Det handlar om å vere tilstades. Folk er natur, og treng kontakt med jordenergien: Når du er djupt kopla på ser du at du har fridom til å gjere kva som helst. Men det krev dagleg trening og påminning, seier ho og fortel at yoga er både livsstil og yrke. Ho underviser lokalt, og tilbyr yoga til turistar på Stad om sommaren. – Eg reiser og underviser yoga også, men eg vil helst vere her. Aron går på skule, og eg må ta omsyn til han også. Eg vil at folk skal komme hit, og det verkar som om ryktet byrjar å spreie seg. Eg skal lage yogastudio på loftet mitt også no.

Impulsiv. Å flytte til Stad er ikkje det einaste teikn på impulsivitet. Etter å ha sett Karate Kid 4 reiste ho til Kina med Aron for fem år sidan. – Den inspirerte meg til å søke på Youtube etter filmar om kung fu. Eg fann ein fantastisk fyr, som rørte seg som ein slange: smidig, sterk og lett. Eg hadde aldri sett liknande. Han dreiv ein skule ved Wudang-fjella i Kina. Ein dag skal eg og Aron dit og trene planla eg. Og kvar kveld kom tanken: Kvifor ikkje no? Eg maila med skulen for å finne ut om det var mogleg å få undervisning der, men fekk aldri svar. Ein dag ringte eg berre meisteren, og spurte om vi kunne komme. «Yes, Yes. We are training now. We are waiting for you», svarte han. Under to månadar etter vi såg filmen var vi der. Eg var 40 år, dame og vestleg, Aron berre sju år då. Resten var kinesiske ungar frå ti år og oppover. Vi var eksotiske, smiler ho.

Ein kan surmule, så møter ein dette magiske lyset – og vips er ein blid igjen. Gry Hansen

– Fekk ei flott mottaking og kvar vår private meister. Men det var ingen luksus: Vi trena på ein steinlagt tempelplass, i mars-kulde i «norsk» klima. Etter tre dagar kunne eg ikkje gå trapper, og då var det 27 dagar igjen. Men eg vente meg til det. Eg blir glad av både fysisk aktivitet og av det å lære, seier ho og fortel at ho fekk tilbod om ein fullt utdanna son. – Om du let meg ha Aron her i fire-fem år, så kjem han utlært heim, sa meisteren. Kva kan han gjere då, svarte eg. Alt, slo han fast. Og det trur eg: Når ein trenar, pustar, fokuser og mediterer i årevis, og har full kontroll over kvar muskel i kroppen din, hentar du ut visdom. Dyrkar du lidenskapen 100 prosent og legg inn dei 10.000 timane som krevjast kan du leve av lidenskapen din. Det vil alltid vere nokon som ønskjer den kompetansen. Men ein må vere villig til å legge ned det som krevjast for å kome djupt nok.

Jaktar på fridom. – Ein må vere tøff for å ta alltid tørre å gjere det ein drøymer om? – Det handlar berre om å prioritere og at lysta er sterk nok. Alle kan gjere det dei har lyst til. Min fordel er at eg ikkje har så mykje som avgrensar. Når ein har fast jobb, lån og familie sit ein lettare fast. Det er skummelt å sleppe alt. Eg har aldri hatt fast jobb eller lån. Fridom er viktig for meg. Yoga gjev fridom i alle ledd, ein søker tilbake til fridommen barn har i kroppen. Det er


Spesialist på gamle klokker, veggur, lommeur og armbandsur. Har klokka di høg personleg verdi, kanskje eit uerstatteleg arvestykke? Treng den ettersyn, reparasjon eller restaurering? Urmakarverkstad i Førde med ekspertise og lang erfaring på reparasjonar av alle typar ur. Henting og levering etter avtale om ønskjeleg. Gratis fast prisoverslag. 5 års garanti på overhaling av veggur.

Roger Pettersen A/S Offentl. godkjend urmaker

Presteholten 25, 6810 Førde Tlf. 907 32 380

UANSETT KVA SOM MÅ TIL, SÅ SKAL VI FÅ FRAM BODSKAPEN

kontakt@reindesign.no / 95 93 99 99 Les meir om oss og arbeid vi har gjort på reindesign.no

rein_design /reindesign2013

Alle bilmerke - opptil 7,5 tonn

Naturen på Stad var det som lokka Gry dit. – Det beste og verste med å bu her er i grunn det same: ein er langt vekke frå alt, ler ho.

det eg jaktar, utan å nå heilt fram. Men eg jobbar mot det dagleg, ler ho. – Beskriv deg sjølv med eitt ord? – Trassig, ler ho. – Mor mi sa alltid: «kan du ikkje berre gjere som alle andre, så blir det ikkje noko styr?» Det klarte eg aldri å slå meg til ro med. Eg er utålmodig, har sterke meiningar og ville gå min eigen veg. Eg kan godt planlegge, men finn eg ein lidenskap føler eg ikkje at eg har eit val. Då må eg kaste meg i det.

Rått, brutalt og endelaust vakkert. Å bu på Stad krev at ein kjem særs nær ver og vind. – Når det bles opp til storm både ular, knirkar og ræler huset. Det har stått her lenge, men vi har øydelagt jorda så mykje at vi ikkje har sett dei verste stormane enno. Når straum, mobildekning og internett forsvinn, då er du isolert her. Og når veret er på sitt heftigaste går du ikkje ut. Før synest eg det var kult når vêrmeldinga meldte storm, no fryktar kva som kan komme. Og eg let ikkje ting slenge rundt huset, seier ho og fortel det beste med å bu på Stad. – Utsikta mi er luksus. Og roen over naturen her. Det er lett å føle seg takksam.

Ein kan surmule, så møter ein dette magiske lyset – og vips er ein blid igjen. I byen var det meir støy og inntrykk. Ein kakafoni eg ikkje var flink til å sortere. Det er Stad som er heime, både for meg Aron no. Det beste og verste med å bu her er det same: Ein er langt unna alt. Å reise til Oslo med buss er ei «kinareise», ler ho. – Hender det du blir lei Stad? – Sjølvsagt! Ein slepp ikkje unna seg sjølv, same kvar ein er. Alle blir lei av staden dei bur i blant. Då tenker eg berre, slutt å sutr, smiler ho. – Det er lett å gli gjennom dei fasane i slike omgivnadar. I Oslo gikk eg støtt og klaga og surmula: Eg var ikkje der eg ville vere. Den kjensla er borte no. Eg har fått ro, og kjenner at det er her eg vil vere. Før følte eg meg passiv. At eg ikkje tok val, eg berre enda opp stader. Men eg valte å flytte hit og leve her. Det er ein styrke. Om eg blir her ut livet veit eg ikkje. Blir eg lei kan eg flytte igjen. Eg kan ikkje seie at eg blir her for evig. Eg er oppteken av å ha det bra her og no, og har aldri likt for alltid. Det er nok derfor eg aldri har blitt gift. Eg tur ikkje at ting varer for evig, smiler ho. – Alt er i rørsle.

- reparasjon - vedlikehald - service - EU-kontroll - hjulstillings-kontroll - aircondition-service Vi er med i verdas største og mest kunnskapsrike verkstadkjede. Hos oss får alle bilmerke profesjonell hjelp til hyggeleg pris.

– MED KVALITET OG SERVICE SOM VAREMERKE –

DIN BUBIL-VERKSTAD I FØRDE s Service og reparasjonar s Periodisk køyretykontroll (EU-kontr.) s Hjulstillingskontroll med 4-hjulsmåling s Fabrikkoppdateringar og garantiarbeid på chassis s Service/fylling på AC-anlegg s Ettermontering av cruise control og ryggekamera

VISSTE DU AT s 2 av 3 bubilar er bygd på Fiat Ducato? s Autoservice er Norges eldste Fiat-forhandlar, etablert i 1966, og Iveco-forhandlar frå 1974?

Kusslid, 6819 Førde – Tlf. 57 83 38 80 www.as-autoservice.no

15


Reidar Helgheim og Randi Holt pĂĽ Alf Helgheim & Co overrekk premien til vinnar Kristine Elise Wergeland.

Canon-Premie til Kristine!

TEKST: Roy Sunde FOTO: Thor Aage Lillestøl

Den heldige vart Kristine Elise Wergeland. – Du fĂĽr eit godt Canon-systemkamera i dag Kristine: Canon EOS 700D, samt alt anna du treng for ĂĽ byrje ĂĽ fotografere, slĂĽr Reidar Helgheim pĂĽ Alf Helgheim AS fast og ramsar opp. – To objektiv, fotobag, fiberklut og fiberpenn, og tre bøker med mykje god kunnskap i, alt av merke Canon. I tillegg legg vi med ei Cewe-foto-

bok, der du kan gje bileta dine ein god heim, ei Scandisk Minnebrikke pĂĽ 8 GB og vernefilter til begge objektiva, og mykje anna seier han. – Vi har gjort det slik at du ikkje treng opne lommeboka i heile teke i dag, til ein samla verdi pĂĽ over 10.000 kroner. Og eg skulle gratulerer frĂĽ Canon Norge, som deltek i premien. Fotografering har mange steg. BĂĽde vi og Canon hĂĽpar at dette gjev inspirasjon til ĂĽ ta neste steget for deg, seier Reidar. – Eg fotograferer mykje, sĂĽ dette er fantastisk. Eg byrja tideleg ĂĽ fĂĽ ungar, og har no fire, frĂĽ ti ĂĽr til veslejenta pĂĽ ĂĽtte mĂĽnadar. Tanken var ĂĽ klare meg med det analoge Nikon-kameraet og mobilen til dei vart litt større, sĂĽ skulle eg kjøpe eit skikkeleg kamera og lĂŚre meir om foto. Men no er det berre ĂĽ komme i gang, seier ho. – Eg har systemkamera, men har aldri lĂŚrt meg innstillingane. Det har lenge vore ein draum ĂĽ lĂŚre meir om moglegheitene som ligg i kameraet,

Fjordane Bilutleige

og om redigering av biletet, og korleis lyset pĂĽverkar bilete. Det er eit mĂĽl no, seier ho og fortel kva type bilete ho likar best ĂĽ ta. – Eg har alltid likt best ĂĽ ta situasjonsbilete, og ikkje minst portrett av ungar. Dei har sĂĽ ekte ansiktsutrykk, med sĂĽ mykje uskyld i seg. Eg har ein bror som er veldig flink til ĂĽ ta bilete, som har teke familiebileta vĂĽre til no. Eg hĂĽpar han kan lĂŚre vekk litt, smiler ho. – Og ikkje minst likar eg godt ĂĽ ta bilete utandørs, sĂĽ eg har lyst ĂĽ lĂŚre meg meir om korleis ein kan nytte lyset til sin fordel nĂĽr ein fotograferer. – Sidan Kristine har lyst ĂĽ lĂŚre seg meir om ĂĽ fotograferer passar det jo godt at premien ogsĂĽ omfattar eit Canon-fotokurs pĂĽ Skei, smiler Reidar og byrjar pĂĽ jobben med ĂĽ sette opp kameraet for Kristine. – Vi brukar sĂĽ lang tid som trengs i dag, og sĂĽ mĂĽ du gjerne komme inn og stille spørsmĂĽl seinare ogsĂĽ. Det er det kjekkaste vi veit.

Rein Design

I haust oppretta Fylkesmagasinet Facebook-gruppa Sogn og Fjordane i bilde. Og i samarbeid med Alf Helgheim & Co pĂĽ Skei lyste vi ut ein dugeleg premie til ein av dei som meldte seg inn: Kamera og fotoutstyr for 10.000 kroner.

Avis tilbyr bilar til dei este føremĂĽl, stasjonert pĂĽ fylgjande stadar: s s s s

FLORĂ˜ FĂ˜RDE LEIKANGER MĂ…LĂ˜Y

s SANDANE s SOGNDAL s STRYN

Budget bilutleige er tilgjengeleg pĂĽ flyplassane: s FLORĂ˜ s FĂ˜RDE

s SANDANE s SOGNDAL

16 Pristilbod og reservasjon tlf: 57 72 50 80 og www AVIS NO s WWW BUDGET NO

Tlf: 57 82 16 88 - Ă˜yrane 6, Førde


ØKONOMI

skrive av BDO - Kurt Inge Hyllestad statsautorisert revisor

Redusert oppbevaringstid for regnskapsmateriale Oppbevaringstida for regnskapsmateriale er frå 1. januar i år redusert frå 10 til 5 år. Saman med utvida tilgang til elektronisk oppbevaring, vedtatt i 2012, medfører dette ei betydeleg letting av administrative byrder for små og store bedrifter. Ein skil mellom primær- og sekundærdokumentasjon, der kravet til primærdokumentasjon er 5 år og sekundærdokumentasjon 3,5 år. Det stillast ingen formalkrav til oppbevaringsmedium. Viss regnskapsmaterialet er oppbevart elektronisk, skal det føreligge ein sikkerheitskopi som må oppbevarast avskilt frå originalen. Regnskapsmateriale som originalt er på papir, kan kastast etter at det er skanna til elektronisk oppbevaring. Primærdokumentasjon: Eksempel her er årsregnskap, kontospesifikasjon, kunde- og leverandør-

reskontro, billag, spesifikasjon av sal og uttak til eigarar, mva og lønnsoppgåver, dokumentasjon av balansen, journalførte brev frå revisor, m.m. Sekundærdokumentasjon: Avtalar, med unntak av avtalar av mindre betyding. Korrespondanse som gir vesentleg tilleggsinformasjon, utgåande pakksetlar, prisoversikter om ein har krav om å utarbeide det. Viktige unntak: Prosjektregnskap i bygg- og anleggsbransjen, kunde- og leverandørspesifikasjon for bankar og finansieringsføretak og dokumentasjon av kjøp av kapitalvarer etter meirverdiavgiftslova, må framleis oppbevarast i 10 år. Det same gjeld tolldeklarasjonar og grunnlagsdokument som er knytt til deklarasjonane. For kapitalvarer gjelder det dokumentasjon forbundet med

ny, på- eller ombygging av fast eigedom der inngåande meirverdiavgift utgjer minst kr 100.000. Det er også gjort endringar i meirverdiavgifts-, skattebetalingsforskrift og likningslov med verknad frå 1.1.15, i samband med reduksjonen i oppbevaringstid for regnskapsmateriale. Skattekontor kan gi pålegg om lengre oppbevaringstid i forbindelse med bokettersyn. Du finn meir utfyllande opplysningar om tema på BDO si nettside: www.bdo.no

BYGSTAD UNGDOMSLAG PRESENTERER REVYEN

LEVE LIVET

SUNNFJORD VINTERFEST 14. FEBRUAR Musikk, fest & dans i 2 etager med PLUMBO, Kokken Tor & VIMENN Billettar får du kjøpt i vår resepsjon eller på nett www.fordehuset.no For overnatting & bespisning kontakt oss på tlf 578 34000 for eit godt tilbod.

RESTAURANT LAXEN Tilbyr denne kvelden sin rikhaldige buffet med både varme & kalde rettar, samt ein stor dessertbuffet. Plumbo

Bygstad Samfunnshus laurdag 21.febr. kl.19:00 Kokken Tor

Søn. 22.febr. kl.17 / Fre. 27.febr. kl.20 / Laur. 28.febr. kl.19 Billett: Vaksne kr. 220,- / Barn (u/18 år) kr. 110,Førehandssal: bygstadungdomslag.ticketco.no

www.scandichotels.no/Hotels/Norge/Forde

17


7

MODELLAR : Bjørn Sandsmark frå Sport Outlet, med kle og utstyr frå Sport Outlet: Hagløfs Roc Fiction jakke – kr 2250,Hagløfs Couloir Pro bukse – kr 2500,Briko Caldera skibriller – kr 600,Briko Snowy skihjelm – kr 600,LMNTS teleskopstavar – kr 400,K2 Amp 80XTI – kr 3750,-

Kirsti Lunde Njøsen frå Sport Outlet, med kle og utstyr frå Sport Outlet: Hagløfs Glide jakke – kr 1250,Hagløfs Spire bukse – kr 1500,Mammut Miva Light jakke – kr 1250,Timberland sko – kr 850,Nordica vott – kr 200,Bula lue – kr 100,K2 Superific alpinski – kr 3000,LMNTS teleskopstavar – kr 400,Briko Mongibello skihjelm – kr 1000,Fleeceteppe frå Nille kr 199,-

Prøv vinnarlukka hos oss! Vi har eit stort utval pengespel frå Norsk Tipping. Narvesen

Nyheit! Bomullslanterne 10 lys kr 99,I salg frå 13 februar! Nille

Hos Deli Vita finn du spennande og varierte varme og kalde rettar. Vår spesialitet er pasta, lekre kaker og eigenprodusert is – velkommen til oss! Deli Vita


Velsmakande turmat f책r du hos oss! Deli Vita

...vi har det!


HARALD BRØYN

Back In (Monkey) Business

Han er av den gode 86-årgangen, har langt over middels lidenskap for musikk og har spelt gitar så lenge han kan hugse. Han er glad i dyr, friluftsliv, film, bøker og god drikke.

Djupe tankar om 2015 og livet og sånn Godt nyttår adle saman!

men att. Så eg blandar meg like godt ein til før isbitane i frysen smeltar. Eg tør påstå at eg blandar bygdas beste Cuba Libre, i alle fall i kveld. Samtidig sender eg ein tanke til alle der ute som sit og tvinnar tommeltottar medan dei ventar på at straumen skal komme att. Som den musikkjunkien eg er, så har eg gått til anskaffing av eit musikkanlegg med innebygd 12v bilbatteri som kan spele høg musikk eit heilt døgn før det går tomt for straum. Det blir flott å ha med i båten til sommaren! Akkurat no er det Ugly Kid Joe som held naboane vakne.

Aller fyrst vil eg få takke for gode tilbakemeldingane eg får frå lesarar, både på nett og frå dei som stoppar meg i gata. Eg spelar gjerne tøff i trynet, men eg set pris på det og lever ei stund på kvar tilbakemelding. Takk! Då er faktisk 2014 historie, og 2015 er godt i gang. Men som vanleg kjem eg nok til å skrive 2014 ei god stund endå. No sit eg øvst i Flordalen, som er på toppen av Vaksdal. Stormen «Nina» har overfalle oss, og teke både straum og internett. Det er rart kor fort det vart kaldt i huset, så no har eg tent 17 stearinlys, amputert tre tær det var gått kaldbrann i, og kokar i skrivande stund suppe på dei på primusen. Eg blandar meg ein Cuba Libre medan primusen fresar roande, og tek pennen fatt for å skrive til nettopp DEG. 2014 har vore eit heilt ekstremt år. Eg har aldri opplevd maken, og eg veit ikkje kor eg skal begynne ein gong! Det har skjedd så vanvittig mykje bra i 2014! 95% av året har vore supert, og det har vore eit år eg aldri i livet ville vore utan! Me folk er konstruert jævla merkeleg, og det går nesten ikkje ein dag utan at eg overraskar meg. Då ler eg og fortel meg sjølv at no må eg jaggu meg ta meg saman her. Me er blant anna skrudd saman sånn at når me står midt oppi noko kjipt, så ser me berre problemet, og fokuserer intenst på det me ikkje likar! Det må vere ein mutasjon i evolusjonen der ein plass! For meg har 2014 vore fylt av heidundrande kjærleikssorger, havarerte bilar, knuste gitarar, avvisningar, skuffelsar, botnlaus håpløyse, i tillegg til ein haug med anna forbanna drit. Dette slepp dessverre ingen unna. Men sånn skal faktisk eit år vere! Me folk er også konstruert sånn at når me ser tilbake på noko, så hugsar me utruleg nok best det positive. 2014 har også vore fylt av solskin, seine sommarkveldar

20

med pils i solnedgangen og mørke vinterkveldar med fyr i omnen og kjeks med ost på og ei flaske raudvin. Det har vore soving under open himmel, spenning, steikje bra musikk, ny bil, godfylla, fine damer, raske bilar, takksemd, glede og ekte lidenskapleg kjærleik. For eit år skal innehalde sånt òg, og aller helst i overvekt! Eg trur at for at eit år med godt samvit skal kunne gå inn i historia, så må det innehalde litt av alt. Glaset er tomt og straumen er framleis ikkje kom-

Nei, flaks litt med vengene folkens! Så skal de berre sjå at 2015 blir det beste året so langt!

Men no er altså 2014 historie, og det er på tide å rette fokuset mot 2015. Eg er ein jævel til å lage nyttårsforsett, og pleier å lage så mange at eg uansett klarar å halde eit par av dei. På byrjinga av eit nytt år så bør alle sette seg ned og lage ein plan for året, eit mål, ei retning og noko å jobbe mot. Dette er så viktig! Har du ikkje eit mål, så blir du gåande rundt som ein kylling som trakkar i sin eigen drit. Nei, målet må så klart vere å fly øve det der forbanna straumgjerdet! Det er ikkje nok å vera motivert. Nei her må det knallhard trening til, vengene må trenast og bli sterke og bakføtene må få nok spenst. Sannsynlegvis kjem kyllingen til å treffe straumgjerdet fleire gongar, kanskje viklar han seg til og med inn i det og må ha hjelp av Hane Pane og Høne Pøne for å komme seg laus. Men tanken på å følgje resten av pippipane inn i slaktebilen, og bli til kyllingfilet i frysaren på Kiwi, gjer at han prøver igjen. Og igjen. Og igjen. Og plutseleg klarar han det! Alle dei andre kyllingane som snart skal bli mat ser på med beundring då han flaksar langt over straumgjerdet! Hane Pane og Høne Pøne kaklar fornøgd og går inn for å........vagle seg. Ver litt kylling i 2015 då vel? Eg veit ikkje kva du tenkjer, men å følgje resten av flokken inn i slaktebilen og bli køyrd av garde er det siste eg har lyst til. Då ser plutseleg det straumgjerdet jævlig lågt ut.. Og får ein litt straum i seg, så er det uansett berre greitt med litt spenning i livet. Dessutan har eg allereie gjort meg ferdig med kjærleikssorga, så resten av 2015 blir berre ein bagatell. Nei, flaks litt med vengene folkens! Så skal de berre sjå at 2015 blir det beste året so langt! Bånn gass! ... Der kom jaggu straumen att! Men eg tar sikringen, blandar meg kveldens (kanskje) siste Cuba Libre, tek fram gitaren, og kosar meg i mørket litt til.


B Electric!

100% elektrisk. 0% kompromisser.

Nye B-Klasse Electric Drive er en kompromissløs familiebil. Til tross for et kompakt ytre, har bilen egenskaper som gir hele familien en bedre hverdag. Rekkevidden er på inntil 230 km* og den spreke elektriske motoren yter hele 180 hk. Samtidig har bilen plass til fem voksne, og har et klasseledende bagasjerom på 501 liter. B-Klasse Electric Drive har også komfort og sikkerhet i overlegen Mercedes-Benz kvalitet.

Forhåndssalget har startet! Nye B-Klasse Electric Drrive fra kr 282,980,Nye B-Klasse fra kr 238.400Nye B-Klasse 4MATIC fra kr 409.400,-

M U D E V VA

! E J N A P M A K S M O R E SK

Rein ein Design

*Med tilleggsutstyret Range Plus. Standard rekkevidde inntil 200 km. Rekkevidden vil variere avhengig av en rekke faktorer som kjørestil, varme- og kjølebehov, kjørerute og forvarming. B-Klasse Electric Drive lanseres i februar 2015. Alle priser er inkludert levering Oslo. Forbruk blandet kjøring bensin/diesel: 0,40-0,67 l/mil. CO2-utslipp: 104-156 g/km. Nye B-Klasse lanseres 28.11.14. Bildet kan avvike fra tilbudt modell. Importør: Bertel O. Steen AS. www.mercedes-benz.no

Alle vaskeromsinnreiingar

÷20%

60 60

å år

1955

Opnin ngstider: Måndag–fredag: 07.30–16.30. Laur u dag: 10.00–14.00. Vi tar forbehald om fargeavvik og tr ykkfeil.

Tlf. 57 72 55 90 - Mob. tlf. 992 13 790 Flovegen 4, 6800 Førde - www.dale-ror.no

21


Prøvekøyrt: Audi A3 e-tron

Framtida er oppladbar Den ser ut som ein Audi A3, og den er ein Audi A3. Med stikkontakt. TEKST: Tore Fossen FOTO: Roy Sunde

Mange har allereie skaffa seg ein Audi A3 e-tron, og mange går og ventar på den. Og mange har kjøpt den utan ein gong å ha prøvd den. Kvifor? Tja, det er vel ikkje så vanskeleg å forstå. I alle fall ikkje dersom ein er oppteken av rein byluft, og i tillegg likar å køyre Audi.

Til kvardag eller fest? Når du set deg inn i ein denne A3’en er det lite som vitnar om at det er noko spesielt med den. Heller ikkje utsjånaden tyder på at det er noko revolusjonerande med den. Og ikkje er det noko banebrytande nyvinningar heller. Den er rett og sett ein hybrid. Jau, det der med hybrid er i grunn ikkje så dumt det. For med ein e-tron kan du køyre inntil 50 kilometer med fullt lada batteri. Viss du tenker deg om; Kor ofte køyrer du meir enn fem mil? Sjølvsagt er det pendlarar som køyrer meir, folk skal på ferie, til svigers eller i bryllaup, og då må ein gjerne køyre meir enn 50 kilometer. Men med ein hybrid er det ikkje noko problem. I det batteriet er tomt, koplar bensinmotoren, ein 1,4 liters TFSI-motor med 150 hk inn. Då kan du nesten køyre så langt du vil.

Audi A3 e-tron 1,4 liters TFSI motor (150 hk) + elmotor (102 hk) – i kombinasjon 204 hk effekt Lengde: 431 cm Breidde: 179 cm Høgde: 142 cm Vekt: 1540 kg 0-100 km/t: 7.6 sek Toppfart: 222 km/t (hybridmodus) 130 km/t (elmodus) Oppgitt forbruk: 0,15 l/mil Vårt forbruk: 0,6 CO2-utslepp: 35 g/km Pris: frå kr 342.500,Forhandlar: Berge & Co

av lade- og rekkeviddeangst, batteriproblematikk og ikkje minst; kor lenge vil elbil-eigarane nyte godt av alle avgiftskutta. Neppe så veldige mange år framover. Bur du i by eller tettbygd strok, eller oftast køyrer korte turar, er det klart ein fordel for alle rundt deg at du kan køyre utsleppsfritt. Det er liksom framtida det

Korleis virke det? Det er ikkje så komplisert å vere Framtida? Det vert snakka varmt om el-bilar. Og det er ikkje dumt det heller. Men vi har jo fått det nye omgrepet «rekkeviddeangst». Det slepp du med ein hybrid. Du slepp også å leite fram ein ladestasjon når batterikapasiteten nærmar seg null. Men med ein hybrid må du til liks med dei fleste av oss framleis betale bompengar, ferjebillett og parkeringsavgift. Og då får ein jo vege for og imot og fram og tilbake om ein skal velje elbil eller hybrid – eller ein heilt ordinær bensin- eller dieseldriven bil. Slik eg ser det, er det fleire praktiske fordelar med hybrid kontra rein el-bil. Nettopp på grunn

22

ihendehavar av ein Audi A3 e-tron. I fronten (bak Audi-ringane) er ladeuttaket. Når du kjem heim, pluggar du i kontakten og på litt under fire timar har du eit fullada batteri. Skulle du gløyme det, går bilen på 95 oktan blyfri bensin og oppfører seg om ein heilt normal bil. Under køyring kan du velje mellom fire ulike køyremodus. Står den i EV køyrer du på rein elektrisitet i inntil 50 kilometer. Skulle du i løpet av desse fem mila få lyst å dra på litt ekstra, blir elmotoren overstyrt og koplar inn bensinmotoren. I Hybrid Auto-modus vekslar motoren mellom elektrisitet og bensin, alt etter tilhøva, og jobbar

for at du skal få mest mogleg køyring på straum. Set du den i Hybrid Hold, vil elmotoren halde på litt straum som du kan ha til seinare bruk, til dømes etter å ha køyrt langt, men kjem til Bergen og du vil bidra til at smogteppet over byen ikkje skal bli verre. Siste alternativ er Hybrid Charge. Då går motoren for det meste på bensin, men batteriet blir også lada ved hjelp av bensinmotoren. I dette modus aukar bensinforbruket, men tilgjengjeld får du betre samvit når du kjem til neste lyskryss og bilen brått får elektrisk framdrift igjen.

Og elles då? Stort meir fiksfakseri er det ikkje med ein Audi A3 e-tron. Vi har prøvd den før, og sånn sett vart vi ikkje overraska. Elmotoren i kombinasjon med bensinmotoren gjev maks 204 hestekrefter, og det er klart at det merkast når ein pressar pedalen mot golvet. Likevel skjer det ikkje så ofte at ein får lyst til det. Når ein køyrer hybrid går det nesten sport i å køyre på lågast mogleg forbruk, og derfor blir ein gjerne litt ”gniten” når ein køyrer. Utstyrsmessig finn du det du måtte forvente av ein Audi A3. Vi kunne tenkt oss litt heftigare lyd frå høgtalarane (noko vi aldri kan få poengtert nok når vi testar bil). Lyd er viktig. Men den skal komme frå høgtalarane, med mindre det er seks eller åtte sylindrar under panseret.

Forbruk. Veit ikkje kor opptatt ein skal vere av forbruk her. Det står at den skal kunne greie seg med 0,15 liter per mil. Ettersom bensintanken er på 40 liter, og vårt forbruk låg på ca 0,6 skulle vi kunne komme oss 66,67 mil. Legg eg til 50 kilometer til desse mila, blir det 71,67 mil. Deler eg det ned på 40 igjen får eg eit forbruk på 0,55 (!) Anten er eg frykteleg dårleg i matematikk eller så køyrer eg frykteleg uøkonomisk. Likevel er greia at eg kan køyre med eit forbruk på 0,0 dersom eg aldri køyrer meir enn 50 kilometer, og det er vel det som er greia her. Berre eg hugsar å sette i stikkontakten. Konklusjon. Eg har tru på framtida. Eg har tru på hybrid-modellar. Eg har tru på Audi A3 e-tron.


23


Møt vår nye interiørspaltist Marthe Holien Bø frå Stryn er vår nye interiørspaltist. Vi har tatt ein kjapp prat med den kreative dama for å finne ut kva vi kan vente oss. TEKST: Kristine Slettehaug FOTO: Privat

Marthe har blant anna vore nominert til Norges beste interiørblogg, og svært mange følgjer hennar kreative prosjekt via bildedelingstenesta Instagram og bloggen hennar. – Så kven er Marthe og kva gjer ho utanom å skrive interiørspalte? – Eg er ein austlending som har forvilla meg til Vestlandet. Heldigvis, vil eg sei, for her trivst eg særs godt. Livet mitt består av mange slags roller. Eg er mest mamma, mykje kone, litt bibliotekar og ein stor del interiørbloggar. Eg er ei som trivst når eg får vere kreativ og leve eit liv som ikkje er heilt a4 og rutineprega. Det estetiske betyr mykje for ho. – Interiør betyr meir for meg enn eg likar å innrømme. Når eg får drive med noko estetisk, helst i form av interiør, kjem eg utruleg fort i flytsona. Og det er det sikraste teiknet på at ein driv med noko ein likar. For meg betyr omgjevnadene mykje. Ikkje på den måten at eg krev å ha det strøkent og fint rundt meg heile tida, men at eg får vere kreativ og skapande i heimen min. Derfor blir det mykje ommøblering, prøving og feiling heime hos oss.

Evnar å skape. – Eg blir inspirert av menneskjer

24

som har ein genuin kreativitet i seg. Som evner å skape eit personleg uttrykk, enten det er i heimen sin, i tekstane sine eller i kleda dei har på seg. Folk som tør å vere seg sjølv, heilt enkelt. Elles kan ein tur i skogen eller på fjellet, ein spesiell song eller eit møte med eit menneskje med spennande tankar sette fart på inspirasjonen min. Stilmessig er eg ei blanding av landleg, skandinavisk, industriell og naturleg stil. – Kva kan vi forvente i spaltene dine? – Fokuset vil vere på interiør, men nokre gongar flyttar fingrane mine seg litt for lett over tastaturet og plutseleg har dei skrive noko som ikkje var planlagd. Kanskje de får innblikk i nokre av tankerekkene mine om livet som austlending, på ein gard i Stryn, med hus og heim og ungar og sofaer som ikkje lenger passar inn? Store og små interiørprosjekt, noko DIY (do it yourself), sesongbaserte tips og trendar i tida. – Med ein austlending på laget, kan kanskje Fylkesmagasinet vente seg nye vinklar? – Kanskje eg nokre gongar kjem med eit skråblikk på Vestlandslivet? Kven veit. Eg fekk ein gong høyre at eg tok litt mykje plass, kanskje prata litt mykje i forhold til kva ein typisk vestlending gjer. Eg får ha det som mål å fylle min spalteplass her i FM fullt og heilt, men ikkje ta meir plass enn det eg har fått tildelt. Frå og med nummer tre er Marthe sine bilete og ord på plass i Fylkesmagasinet. Enkle tips til heimen er noko av det ho kan by på. – Spalta vil truleg passe for dei som er i etable-

rarfasa og treng inspirasjon, for dei som vil ha tips til enkel fornying av heimen som ikkje treng å koste skjorta, for dei som lurar på korleis overgongen frå by til bygd kan vere, og for dei som

vil ha eit lite innblikk i mi interiørverd som er full av tømmerveggar, designstolar, grøne plantar, tente lys, vasar og bruktfunn.


Satsar på rekordpublikum i Bygstad For 11. gong set Bygstadrevyen opp sjølvskriven revy i Bygstad samfunnshus. I år er tittelen «LEVE LIVET». TEKST: Roy sunde

Premieren er 21.februar, og det blir totalt fire framsyningar i løpet av desse to helgene. Og på spørsmål om kvifor dei no brettar opp armane og går på igjen, kjem svaret raskt. – Fordi vi elskar å vere saman og halde på med dette. Vi er ein gjeng på rundt 20 personar i alderen 10-60 år, som fyller samfunnshuset med liv og latter dei vekene vi held på. Det er ein utruleg kjekk hobby for oss, og den fyller fritida med artige opplevingar. Dugnadsanden er høg blant alle involverte fram mot premieren. – Det er aktørar her som har flytta til nabokommunen, som pendlar tilbake i øvingsperioden for å delta i revyen, smiler revysjef Arnt Henning Kårstad. – Og publikum etterspør oss. Det brukar å komme mellom 800-900 menneske på framsyningane, så det er tydeleg at folk set pris på dette tilbodet. I år håpar vi på 1000 publikummarar totalt. – Kva kan ein vente av årets revy? – Det veit vi knapt sjølv, det er jo enno ei stund til premieren, ler Kårstad. – Men vi håpar og trur folk kan vente seg god underhaldning, med både morosame og alvorsame tema. Ein god revy skal by på både latter og ettertanke. Og når ein ser kva som passerer for morosamt på fjernsynet i blant,

så trur eg at vi kan love særs god underhaldning. Vi er ikkje ute etter å verken «ta» eller drite ut nokon. Her står humor i høgsetet, seier han. At det er høg kvalitet på Bygstadrevyen er det liten tvil om. Revysjef Arnt Henning Kårstad, fekk Gaular kommune sin kulturpris for 2014. Jenny Thomassen Nyland fekk pris for beste musikalske innslag på Vestlandsmeisterskap i revy: «BERRE GALSKAP» på Fitjar i september 2014.

MOVE IT. MAKE IT. WORK IT. TRANSIT.

HEILT NY TRANSIT-FAMILIE Transit, Transit Custom, Transit Connect, og ikkje minst, den aller nyaste: Transit Courier. Familien er no komplett og ute hos forhandlarane. Knapt nokon er smartare, tøffare eller meir driftsøkonomiske. Alt i alt, du finn ikkje eit meir effektivt arbeidsjern på fire hjul. Les meir på ford.no

www.autoforum.sf.no

AutoForum AS Sanderplassen 2 6800 Førde Telefon: 57 83 09 60

AutoForum AS Leirvåggata 1 6900 Florø Telefon: 57 75 29 30

25


Foto: Arve Ullebø

Spitfire turnerer med metal-legenda Doro! Førde-gruppa Spitfire går spennande tider i møte: Til våren skal dei vere oppvarmingsband på 10 konsertar for den tyske metallegenda Doro! TEKST: Roy Sunde

– Turneen består av 10 konsertar over to veker. Vi spelar i Saarbrücken sør i Tyskland 19.april, jobbar oss nordover med fire konsertar i ulike byar i Tyskland, svippar opp til Norge for konsertar i Sandes 28.- og Oslo 29.april, tilbake til Tyskland 1.mai og tre konsertar til, med avslutting 3. mai, fortel Bjørn Ø. Berge frå Spitfire. Det inneber ein god, gammaldags roadtrip, i jakta på rock and roll draumen sin. – Vi kjem til å køyre i ein mini-nightliner/campingbuss med plass for seks personar. Vi har med Idar Gjervik som sjåfør/manager/potet, slår Berge fast.

Dyr moglegheit. I dagens musikkverd er konsertar

26

den store inntektskjelda for band. Men før du får reise rundt og spele, må du bygge deg eit namn. Høvet til å varme opp for etablerte band er ein god måte å gjere det på. Men det er ikkje gratis. Kvifor bruke mykje pengar på dette? – Det er dyrt å få innpass på ein slik turne.

Finansieringa er vårt største problem. I første omgang forskotterer vi av eiga lomme, så håpar vi å klare å hente inn støtte og sponsormidlar. Her er det mogleg for ein eventuell sponsor å vere med og skape ein eksportartikkel frå fylket ut i verda. Ein får ofte inntrykk av at Norge berre eksporterer fisk, men det er faktisk ein stor marknad for norsk rock og metal i utlandet. Vi har lyst å vere eit band som kan vere med og bane veg for andre, kanskje yngre aktørar, frå fylket som ønskjer å nå ut med musikken sin. Vi ønskjer å beviser at det går an å nå ut med musikken sin, sjølv om ein er bur og jobbar i Sogn og Fjordane. Denne turneen er ei investering, som vi håpar og trur skal gje oss betalt i form av høgare marknadsverdi seinare.

Gjer seg meir attraktiv. Medsponsor på turneen til Doro er Metal Hammer, eit av dei største og mest tradisjonsrike magasina i det harde musikksegmentet. Det gjev mykje eksponering og cred. – Eit av Spitfire sine store mål er å komme oss ut og spele. På desse 14 dagane vil vi bli eksponert for meir folk, med totalt publikumstal på 20.30.000 på konsertane, og knyte fleire verdifulle kontaktar i bransjen, blant anna i form av eit internasjonalt plateselskap og management, enn vi vil kunne klare på mange år i Norge. Etter at dette kom på plass har vi blitt meir aktuelle for plateselskap, bookingbyrå, festivalar og så vidare. Med på turneen tar Spitfire si rykande fersk

plate «Fuel to burn», som nett no får siste finpuss i Fascination Street Studio i Sverige. – Eit internasjonalt særs anerkjent studio, med blant andre Iron Maiden på kundelista. Plata vil bli heftig promotert i Tyskland, Sveits, Austerrike og UK. Spitfire har alltid satt seg hårete mål, og Tysklandsturne er eit av dei, avsluttar Berge.

Fakta • Spitfire: Ole Løbø (Nicky), Sveinung Igland (Iggy), Jan Tore Befring (Beffen) og Bjørn Ø. Berge (Bøbben). • Doro: Tyske Doro Pesch var ein av få kvinnelege vokalistar frå 1980-talets mannsdominerte heavy metal scene. Ho byrja som vokalist i bandet Snakebite, før ho gjekk over til Warlock i 1983. Etter deira fjerde studioalbum i 1987, og megahiten «All we are», var det berre ho igjen av det opphavlege bandet, så i samband med eit byte av plateselskap bytta ho namn på bandet til Doro. Det nye bandet platedebuterte i 1989, og har sidan gitt ut 11 studioalbum.


RIKSVEGFEM skrive av Joachim Vie, Rein Design.

– Skal du gå med det der? Spørsmålet skapar tvil. Du blir usikker. Kva er kledekoden, altså forventninga om kva du har på deg? Og kva endar du opp med? Bloggar, nettsider, magasin – alle skriv noko om kropp, klede og suksess og kvifor det er så viktig: Korleis sjå slank ut, kome i form, kva klede kler din kropp, kva fargar bør du bruke, korleis ete rett, tenkje som ein vinnar og så vidare. Det skal stå bra til fysisk og psykisk. Nokre folk er ekstremt bevisste på korleis på dette. Dei er personlege merkevarar og «sel seg» på bloggar og i sosiale media. Nokre av dei blir oppdaga, kjem på TV og får ein form for suksess.

er du ei merkevare. Omdømme er skjeringspunktet mellom forventning og oppleving. Og du har eit omdømme, som ei kvar merkevare har det. Vener og familie har eit godt bilete av kven du er. Kollegaer og kjentfolk dannar seg sitt bilete av deg. Og så har du dei som vagt veit om deg: Dei har søkt deg opp på sosiale medium, har høyrt om deg via andre, som har ei oppfatning av deg. Om du fekk presentert alle oppfatningane av deg ville du oppleve nokre som rett og andre som heilt feil. Du kan ikkje kjenne alle – og alle kan ikkje kjenne deg. Summen av det andre ser, høyrer og opplever av deg er ditt omdømme. Og slik er det for bedrifter også.

Dei fleste av oss har ikkje tid til å tenkje merkevarebygging av oss sjølv. Men bevisst eller ubevisst

Ein person kan gjennom ei livstid endre sitt personlege omdømme. For ei bedrift er det skjebnes-

Flytte langt? Flytte heim? Flytte ut? Vi tar jobben. Uansett kvar du skal til eller frå.

vangert om ein ikkje vernar om og pleier omdømmet sitt. Har du som lokal bedrift fokus på omdømme, eller tenkjer du at det berre er for dei store merkevarene? Enten du vil eller ikkje, så har folk ei oppfatning av di bedrift – og det er avgjerande for om folk vil handle med deg. Du kan sjølvsagt seie at alle tek feil, noko som aldri har fungert for dei som har prøvd det. Eller du kan gjere noko med det, og ta kontroll over omdømet ditt. Det fungerar for dei aller fleste som prøver.

FOTO KIKKERT UR OPTIKK FOTO KIKKERT UR OPTIKK

• • • • •

Flytting Lagring Pakking Forsikring Utleige av vare- og lastebilar

Over heile landet – eller ut av landet.

• Vi leverer og monterer ulike typar solskjerming til både privathus og foretningsbygg. • Vi leverer alt av dører og vinduer, tilpassa kunden sine ønskjer. • Alle typar gitterportar til vindu-og butikkinngangar.

• Vi tek på oss små og store oppdrag med glas- og monteringsarbeid, i alt frå privathus til store forretnings- og industribygg.

Rein Design

Alt innan tradisjonelle glasmeistertenester DS DREAM Precidrive Veil.pris: 2.990,-

DS POWERMATIC 80 80 timers gangreserve Veil.pris: 5.890,-

GLASMEISTER

Opningstider: man-fre 09 -17, lør 09 -15 Halbrendsøyra 7 • 6800 Førde • Tlf. 57 83 08 50 • www.holvikglas.no

www.alfhelgheim.no • post@alfhelgheim.no • T 577 28311

27


28


I Sigurds kjellar TEKST OG FOTO: Roy Sunde

For Sigurd Kvikne handlar vininteressa om koplinga mellom mat og vin. – Eg jaktar på kjensla som oppstår når mat og vin matchar kvarandre perfekt. Når du mett og nøgd lener deg tilbake i velbehag, og kjenner smilehola breie seg i kjakane, slår han fast. – Eg trur 99.9 prosent av mennesket sin fascinasjon for vin handlar om hygge og velbehag. Ein forbind god vin med kos, velvære og hygge, og det skaper ei god råme rundt måltidet. Når kombinasjonen vin og mat treff hever det opplevinga, og ein blir lukkeleg. Det er òg ein hobby med mange spennande felt, som kan kombinerast med reising. Ved å oppleve verda slik, samlar ein gode historier ein kan ta fram rundt matbordet med gode vener seinare.

Ville ikkje bitte opp pengar i kjellaren. Det har ikkje alltid vore sterkt fokus på vin på hotellet. – Far min sin filosofi var at å ha mykje vin på lager var å bitte opp pengar. Han ville ha ei kort vinliste, og selje ut mykje på hausten, for å ha eit lite vinterlager. Då eg kom heim for å ta over var vinlista på eit ark. Slik var det ei stund, seier han og fortel om vendepunktet. – Min gode ven Jan Bruse Andersen driv Park Hotel Vossevangen, som har ein av verdast beste vinkjellarar. Han skulle sykle over fjellet og overnatte på Kviknes på starten av 90-talet. Eg visste han var glad i Dom Pérignon champagne, og kjøpte inn eit par flasker. Då han kom syklande fekk han champagne, og sette seg glad på balkongen i strålande sol, og bad om vinkartet. Han ville sjå kva vin han skulle ha til middagen. Når eg kom med arket fekk eg ei alvorspreike, ler han. – Og beskjed om at eg kunne ikkje vere bekjent med at Kviknes hadde ei så sjaber vinliste. Kvar haust pleidde vi begge å reise på World Travel

Market-messa i London. Han lovde å ta meg med på ei «utdanningsreise» der, og tok meg med på restaurant Zafferano, for å ete kvite trøflar og pasta. Eit par dryss trøflar kosta 20-30 pund. Det sat jaggu langt inne for sogningen i meg, men eg måtte prøve. Jan plukka ein kraftig Barbaresco frå Piemonte, det italienske vindistriktet trøflane kjem frå, og forklarte at eg måtte jobbe vinen rundt i munnen: Kombinasjonen av mat og vin sa pang: Det var augeopnande. Dagen etter åt vi sjøkreps med fløytebasert saus, og drakk ein kvitvin frå Burgunder. Det var ei endå større aha-oppleving. At kvitvin kunne ha slik kraft lamslo meg. Eg kom frå eit univers av Blue Nun og Liebfraumilch, og fekk ei «raudvinoppleving»: kraft, fylde og smak i rikt monn. Og ikkje minst av kor god kombinasjonen av ein vin og sjøkreps var. Vi har jo verdas beste råvare - sjøkreps frå Sognefjorden.

Vinsmaking. Med ein god vinkjellar på plass byrja Sigurd å inviterer på vinsmaking. Eit tilbod som høver godt til den auka vininteressa her til lands. – Vininteressa har eksplodert, også i media. Folk blir stadig flinkare, men det er mange som syndar med essensielle ting. Vårt standardopplegget er at ein får smake på to kvite og to raude vinar, saman med mat. Ein får ei heilt anna oppleving av vinen då. Til raudvinen serverer vi litt parmesanost, og til kvitvinen, om vi har, krepsehalar i krembasert saus med chilli, ingefær og kvitlauk. Då får ein to ytterkantar av smakar, og ser kva vinar som passar til desse. Vin er laga for å høve til mat. Målet er å finne kombinasjonen av mat og vin som let begge heve seg til eit nytt nivå. Smakinga skal sette folk i gang med den reisa. Mange kjøper raudvin til kjøt og kvitvin til fisk, utan å legge meir tanke i det. Eg ønskjer at folk skal opne auge og gane. Og gjev praktiske råd om alt frå temperering til korleis ein skal drikke vinen. Mange drikk god vin utan å kjenne kor god den faktisk er, fordi dei drikk den feil, fortel han. – Ein bør ikkje lytte blindt til andre si meining. Vin er subjektivt. Kvar person har si oppleving av vinen, og det er det du opplever som er viktig. Folk blir ofte forsiktig med å uttale seg på vinsmaking. Når ein seier noko er alle einige, og når eg stiller oppfølgingsspørsmål blir dei usikre. På smaking byrjar vi med den «lette» vinen, og så den meir komplekse. Eg fortel at det er det inn-

Mange drikk god vin utan å kjenne kor god den faktisk er, fordi dei drikk den feil. Sigurd Kvikne

trykket vinane etterlet i munnen dei skal kjenne etter. Når du har smakt på vinen, ete ein munnfull mat, og så smakt vinen igjen: Er det maten eller vinen som sit igjen, eller samspelet? Ein lett vin forsvinn i maten, ein for tung vin kan overdøyve den. Dei må vere likeverdige. Då stig dei til nye høgder, og ein kjenner smilehola vekse, seier han. – Difor er vi stolte av å ha eit kjøkken, og ein kjøkkensjef, på Kviknes, som gjer at vi har mat som matchar vinkjellaren. Det er ei stor styrke. Vi er oppteken av å serverer så lokale råvarer som råd, og har mange gode norske råvarer vi prøver å nytte oss av så langt som råd. Spesielt med sjøkreps og sjømat.

Ei naturlig utvikling. – Hadde du vore like interessert i vin om du ikkje dreiv hotell? – Slik som eg kjenner meg sjølv no, så ville eg nok det, smiler Sigurd og forklarar. – Når ein er ferdig med «diskotekfasen» av livet blir det ofte til at ein samlast i godt lag rundt bordet med familie og vener. Og at ein byrjar å kople saman god vin og mat. Så eg trur den interessa eg har for vin hadde kome sjølv om eg ikkje dreiv Kviknes Hotel, seier han og fortel at interessa vart stor nok til å byrje på utdanning. – Eg tok fyrste avdeling av sommelier-utdanninga til Gastronomisk Institutt i Stavanger. Der ein lærer om druetypar, årgangar, distrikt og slikt. Når eg såg pensum for andre avdeling gav eg meg: det vart for mykje kjemi og teknikk. Når du har kontroll på druetypar og slike ting kan ein byrje å finne mat som passar til den. Og det er det eg synest er interessant. – Samlar du privat også? – Det held med å samle på jobben, seier han og fortel kva land som er favorittane. – Frankrike og Italia er mine land. Men det er mange andre spennande vinland. I haust var eg i vindistriktet Napa Valley i USA – og både naturen og anlegga der var ei fantastisk oppleving. Vi kjenner ikkje til alle vinane derifrå her heime, men dei lagar utruleg mykje god vin. Det er «vanskeleg» å selje amerikanske vinar, sidan dei er meir ukjente. Franske, spanske og italienske vinar er meir kjente. Mest jobb i starten. – Kor mykje jobb er det med ein god vinkjellar? – I starten er det mykje arbeid med å finne ei form og retning på samlinga. Det er lett å gå for langt. Vi bygde om kjellaren for ein del år sidan. Det avgrensa kor mykje vi har plass til, heldigvis. Når kjellaren er full må vi roe ned, ler han og viser rundt i den fine vinkjellaren, som dominerast av eit stort bord midt i der vinsmakinga føregår. Veggane er dekka av kassar, fylt med flaske på flaske med edle, og edlare, dråpar – frå 250 ulike vinar. – Per no er det om lag 1500 flasker der. Lageret er på sitt lågaste om vinteren, farslærdommen sit i, smiler han. – Dei fleste er lagringsvin, så ein må følgje med. I blant går tida frå dei. Du har passa på ein vin

<<

For rundt 9000 år sidan knakk mennesket koden med å få druer til å bli vin. Sidan har vin fascinert menneske, men det er saman med mat at den kan bli til magi. I kjellaren til Kviknes Hotel i Balestrand er det mogleg å oppleve dette.

29


Sigurd Kvikne trivast godt når han får ta med gjester ned i kjellaren og late dei smake på god vin. – Eg jaktar på den gode kjensla som oppstår når mat og vin hevar kvarandre til nye høgder. Vinsmakingskursa vi held på Kviknes skal sette folk i gang med den reisa.

<<

30

lenge, og brått er den «ferdig». Det er trist å oppdage, men det skjer. I sommar hadde eg eit par flasker med god raud Burgunder-vin, som eg trudde hadde lenger att, som hadde bikka over. Det er ulempa med å ha mykje vin. Ein bør ikkje brenne inne med dei. Poenget med vin er jo få selt dei ut igjen, seier han. – Har du kontroll over verdien på kvar flaske? – Eg har god kontroll på kjellaren, men ikkje alltid på verdien av flaskene. Dyre vinar er ganske billig her. I sommar bestilte ein amerikansk gjest ei flaske Opus One, ein amerikansk vin Robert Monda lagar saman med Rothschild, og slo fast at: «den kostar meir i vinbutikken heime»! Det

opplever eg i blant, så vi er nok billige på ein del vin. Vår filosofi er at vi ønskjer at folk skal få gode opplevingar, og at dei kan kjøpe vin av høg kvalitet, så vi kalkulerer påslaget på dyre vinar annleis enn dei billige. Vin-interesserte ser at vi har vin av høg kvalitet, som er prismessig gode kjøp, seier han. – Nokre prøver å kjøpe med seg flasker. Dei bestiller til rommet, og ber om at flaska ikkje blir opna. Det går jo ikkje, seier han og fortel om sin største «prissettingssmell». – I 1999 kjøpte eg ei kasse vin av merket Solaia 1997-årgang. Like etter fekk den 100 av 100 poeng i det amerikanske vinmagasinet Wine Spec-

tator, og vart kåra til årets vin. Eg hadde kalkulert ein midt-på-treet-pluss pris, på under 1000 kroner flaska. Nokre år etter åt eg middag på restaurant i London. På vinlista såg eg Solaia 1997 til 450 pund flaska. Pokker, tenkte eg, og ringde til Kviknes med beskjed om at vi var «utseld» for Solaia til eg fekk justert prisen. Kåringa førte til kraftig prisauke, og no er den vinen berre å få på auksjonar, smiler han.

Fekk innpass på Kviknes gode ry. Skal ein ha tak i verkeleg gode vinar må ein inn på lista til agentane som sel dei. – Når eg byrja å ringe til agentar fekk eg bes-


Det ligg mange edle dråpar i kjellaren på Kviknes. Regelen er enkel: – Når kjellaren er full må eg roe ned samlinga litt, smiler Sigurd.

Med mykje kvalitetsvin i kjellaren skal det litt til å halde styr på alle prisar. Sigurd kjøpte ei kasse Solaia 1997 i 1999. Den prisa han til under 1000 kroner flaska i restauranten på hotellet. Heilt til han oppdaga den til 450 pund flaska. Fire-fem gangar så mykje med andre ord.

kjed om at det var langt frå sikkert at eg kunne få alle vinane eg ønska, men ryet til Kviknes hjelpte meg nok inn på listene. Og sjølv om ein er på lista er det stor rift om nokre vinar: Norge får si kvote: Så skal alle restaurantane i Oslo ha og alle dei rike ha, så resten, seier han. – Kva er dyraste vinen du har i kjellaren per no då? – Det er nok vår ven Solaia 1997. Og nokre flasker frå dei beste vinhusa i Bordaux: Château Lafite-Rothschild, Château Lafite og Château Margaux. Alle i prisleie 4-5000 kroner flaska. Slike vinar sel ein ikkje dagleg, men det går flasker jamt og trutt i sesongen. Det er utruleg mykje

smak, kraft og kompleksitet i dei, så ein må drikke med andakt. Det er blitt vanlegare at folk kjøper dyre vinar, med stor auke i mellomsjiktet frå 400-1200 kroner flaska. Men alle dei edle dråpane får ikkje nødvendigvis følgje av god mat. – Nokre folk kjøper dyre vinar, av feil årsaker. Nokre seier: «Eg likte ikkje denne, kan du ta den tilbake?». Og når ein smakar så er det ikkje noko gale med vinen. Eg ønskjer at gode vinar blir nytt på skikkeleg vis, og likar å få beskjed når det blir selt spesielle objekt. Eg hadde tre flasker Domaine de la Romanée-Conti La Tâche – ein av dei beste Borgunder-vinane. Ein er heldig om ein får tak i

desse. Siste flaska låg lenge i kjellaren, men ein ettermiddag eg kom ned på hotellet kom servitøren: «I dag har eg seld den siste Romanée-Contièn!» Eit ungt japansk par og sonen deira landa med eige helikopter for å bu her. Til lunsj åt dei hamburgarar, og drakk den siste flaska RomanéeContièn til! Det var litt irriterande, ler han og fortel at han gjerne trår til når spesielle flasker skal opnast. – Om eg er på hotellet får eg eit lite signal, og tek då gjerne jobben med å opne vinen og smake for gjesten. Det er ein måte å halde seg à jour på korleis vinen utviklar seg. Og det er kjekt å prate med folk om ei felles interesse, seier han.

31


Produsert av Fride H. Haugen / fride.haugen@gmail.com

Namn: Adresse: Postnr./Stad

32

E-post:

105 Kryssordet kan også lastast ned frå fylkesmagasinet.no

Løysinga sender du innan 20. februar til: Fylkesmagasinet, Boks 353, 6802 Førde. Merk konvolutten «Fylkeskryss nr. 105». Vi trekkjer tre vinnarar med korrekt løysing som kvar får fem FLAX-lodd.


2015

INDY

Løysing

104

600 INDY Voyageur 1107.647,077..647

VINNARAR AV KRYSSORD NR. 104 Jorunn Fleten, Haukedalen Oddrun Laila Lillestøl, Hornindal Arild Skrede, Bergen

550 IND Voyageur 86.871,86.871,

Er bilen din klar for vinterferie?

550 INDY enture 155 95.780,95 7 780 BESTILL TIME I DAG Vinteren kan lett bli eit mareritt dersom ikkje bilen er i toppform. La oss sjekke bilen før kulda set inn for fullt, så kan du i ro og mak bruke tida til andre hyggelege vinteraktivitetar. Du finn alltid ein MECA-verkstad nær deg. Vi tilbyr også: – Reparasjon av alle bilmerke – Service – AC/klima-service – Hjulstillingskontroll – Bilglas/ruteskift Fortun: Fortun Bensinstasjon, 57 68 61 57 Hafslo: Gt Bil, 57 68 16 88 Hornindal: Haugen Motor, 57 87 95 00 Leikanger: Leikanger Auto, 57 65 31 00 Sandane: Leiv Austrheim, 57 86 58 60 Førde: Riko Førde, 57 83 72 22

www.meca.no

– EU-kontroll (PKK) – Bremsetest – Kjølevæskekontroll – Diagnose-test – Dekkskift/dekkhotell

Betal når det passar for deg!

Bremanger: Rutebilane i Bremanger, 94 03 20 00 Svelgen: Svelgen Motorsenter, 57 79 36 11 Vik i Sogn: Tistels Auto, 57 69 77 99 Hellevik i Fjaler: Fure Mekaniske, 57 73 75 42 Stryn: Stryn Bilverksted, 99 39 10 72 Øvre Årdal: Vee Bensin og Bilrekvisita, 57 66 30 40

550 INDY LXT 144 86.066,Omkostningeer tilknyttet klargjøring og registrering kan tilkomme. Polarisindustries.no • ffacebook.com/PolarisNorway acebook.com/PolarisNorway

Pb. 122 | 6781 STRYN | Tlf.: 578 72 000 Telefaks: e 578 72 017 01 | jon@kveen.as | www.kveen.as


UNGE MEININGAR

Karstad skule

Andreas 6 år

Sander 6 år

Ragnhild Marie 7 år

God helse er viktig, meiner gjengen på Karstad skule. Men dei forstår ikkje kvifor alle skal ta bilde av seg sjølv når dei trenar.

snop, men heller ete grønsaker og frukt, for det har gode, sunne ting i seg. Og hugs at drikk du ikkje på tre dagar, så dør du.

Kvifor er det så mange som tek bilde av seg sjølv når dei trenar?

Ragnhild Marie: Heilt einig på den, Sander.

Kva meiner ein med å ha god helse?

Sander: Raspekaker er bra for kroppen.

Ragnhild Marie: Det kan bety å seie hei og hadet, men også at ein et god mat. Et ein for mykje mat, så veks magen, og det er nok best å ete sunn mat. Pappa likar å ete store havregryn, og dei gjer at magen hans veks.

Kan vi bli sjuke av mat?

Sander: God mat og mykje drikke er viktig for god helse.

Kvifor er det så viktig å få frisk luft? Ragnhild Marie: Får vi ikkje frisk luft, så får ikkje kroppen nok luft, og då er det fort gjort å bli sjuk. Andreas: Dei vaksne seier at vi må gå ut og få frisk luft, men eg veit ikkje heilt kva vi skal med den. Vi blir kanskje sterkare?

Kva meiner de er eit sunt kosthald?

Ragnhild Marie: Ja, av snop, for det er det masse sukker i. Eg har ikkje vore sjuk på lenge, og det er fordi eg et så lite snop. Andreas: Du er jo sjuk no? Ragnhild Maria: Andreas… Å vere forkjøla er ikkje det same som å vere sjuk.

Kva betyr det å halde seg i form? Andreas: Eg er i god form. Eg løftar hundre kilo med ei hand, tek hundre armhevingar og åtte situps. Eg trenar ca tjue gangar for dagen, og det gjer pappa òg. Ragnhild Marie: Pappaen min er supersterk og løftar kjøleskap og tunge bord. Andreas: Når pappa skubbar på huset, så er det så vidt det rører seg. Så sterk er han!

Andreas: Eg veit ikkje. Fordi dei trur dei er så gode? Dei vil kanskje komme i avisa? Ragnhild Marie: Mja. Dei vil kanskje ha fine bilde og gode minner frå treninga, sånn som frå bryllaup.

Stress er ikkje bra for helsa. Stressar de mykje? Ragnhild Marie: Ja, av og til når mamma masar og ber meg gjere lekser, det synest eg er så stressande. Eg blir rasande! Andreas: Nei, nesten aldri stress i mitt liv. Berre den gangen mamma sa: Kjapp deg i bilen, du har ikkje fått på sko ein gang. Sander: Ikkje masse, men eg blir litt stressa når pappa tar spillkontrollen.

Tips til å stresse mindre? Sander: Hell litt kaldt vatn på deg sjølv. Andreas: Anten telle sauer, eller seie til seg sjølv: Dette er ikkje noko å vere sur for. Ragnhild Marie: Pust roleg inn, pust roleg ut. Dei vaksne kan ta seg ein kaffi.

Rein Design

Ragnhild Marie: Grønsaker og slikt. Snop er usunn mat, og det er ingenting å ete. Du blir klissete på henda, og eg tenke som så at ein bør ikkje ete

Sander: Eller tjue dagar!

Sander: Det veit eg ikkje.

TA KONTAKT MED OSS FOR EIN HYGGELEG BÅTPRAT! Hans Alexander Døskeland

Tlf. 958 66 866

Best Bestseljarane sttselj ljara rane frå frå Øien på lager lager! r! Frå rå kr 29.900 2 29.900,0,-

34

alex@doskeland.net Andreas Erdal

Tlf. 907 77 115 andreas.erdal@doskeland.net

Angedalsvegen 59, 6800 FØRDE Tlf. 578 22 808 / 958 66 866 www.doskeland.net


SOGNDAL 19.–22. FEBruAr

Vinn festivalpass!

U UANSETT ANSETT KV KVA A SOM MÅ TIL, TIL, SÅ SKAL VI FÅ FÅ FRAM BODSKAPEN DIN! Les meir om oss og arbeid vi har gjort på reindesign.no Ta kontakt med oss for eit uforpliktande møte! Kommunikasjonshuset

/reindesign2013

kontakt@reindesign.no

|

Telefon: 95 93 99 99

|

Øyrane 3 A, 6802 Førde


SALET ER I GONG!

Prisar frå kr 1.690.000,-

Klikk deg inn på www.pinndalen.no I DAG!

Helen Flaten Interiørdesignar/seljar

Tlf: 57 82 90 54 Stine Marie Stølsvik Interiørarkitekt/seljar

Tlf: 57 82 90 52

KONTAKT OSS


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.