Fylkesmagasinet 1 2015

Page 1

NR. 1 JANUAR 2015

FM

Kjekt å lese!

fylkesmagasinet.no

Ekspressbaby Side 18-19

Kva byr 2015 på? side 5-13

Barnsleg side 22-23

Interiør side 30-31


Fylkets mest selde * bilmerke i 2014! Vi ønskjer å takke alle våre kundar for den tilliten de har vist oss ved å velje Toyota når ny bil skulle handlast. Vi lovar å følgje deg opp, slik at du skal bli ein nøgd Toyota-eigar. Toyota tek også miljø på alvor. Det ser ut som våre kundar gjer det same. Nær halvparten av alle nybilane vi selde i fjor var hybrid-modellar. Kvifor? Truleg fordi vi har det største og beste utvalet. Velj Toyota du også, og bli ein fornøgd bileigar! *) Kjelde: Bilnytt/OFV. Gjeld personbilar.

NYHEIT!

N O I T I D E N ° 1 7 4 V RA 71°N utstyrspakke inkluderer:

• Xenon nærlys • Elektrisk bakluke • 18” alu.felgar • Smart start og låsesystem • Innfellbare sidespeglar • Underrun stylingpakke RAV4 71°N Edition 4WD frå kr 385.100,- ** ** Levert Sogn og Fjordane. Årsavgift kjem i tillegg. Forbruk blanda køyring/utslepp CO2/NOx: RAV4 VVT-i frå 0,72 l/mil, 166 g/km, 13 mg/km RAV4 D-4D fra 0,49 l/mil, 127 g/km, 143 mg/km. Avbilda modell kan ha ekstrautstyr. Med atterhald om trykkfeil.

Toyota Sogn 2

Skarpeteigvegen 1, 6854 Kaupanger Tlf. 57 67 66 66 www.toyotasogn.no


I denne utgåva kan du lese om:

FM

Kva byr 2015 på? | Unge meiningar | Samfunnsengasjert økologisk mjølkebonde Rett på med Johannes Eggen Munda | Frå sjokkbeskjed til babylukke | Riksvegfem | Barnsleg «Mitt valg» –for barn og unge | Økonomi | Prøvekøyrt: Ford Mondeo 2,0 Titanium Tettare på Gro Rukan | Interiør | X-ord | E-prat med Rune Timberlid

FYLKESMAGASINET

FRAMSIDEFOTO: Thor Aage Lillestøl

Fylkesmagasinet kjem ut til alle husstandane i Sogn og Fjordane

Vern om retten til å ytre deg

Grunnlagt 2001 Øyrane 3, boks 353, 6802 Førde

Tlf. 95 93 99 99 Eg veit ikkje om onsdag 7.januar går ned i historia som ein meir voldeleg dag enn snittet av dagar. Mest fordi det kvar dag skjer store og små hendingar vi knapt høyrer om her oppe i vår vesle krok av verda, til tross for at verda er ”mindre” enn før.

REDAKTØR

ROY SUNDE roy@fylkesmagasinet.no Tlf. dir. 95 93 99 90

Men det er liten tvil om at onsdag 7.januar blir hugsa, både i kvardagen og i historiebøkene, takka vere terroriståtaket i kontora til det franske satiremagasinet Charlie Hebdo, der tolv menneske mista livet.

– Vi er opptekne av å finne dei gode, positive tinga som skjer i vårt fantastiske fylke. Vi klarer ikkje å fange opp alt, så har du tips om saker som du meiner vi burde skrive om – ta kontakt med meg!

Ytringsfridommen er ein av pilarane samfunnet vårt står på. Utan den byrjar det raskt å vitre hen. Og det er definitivt pilaren ei fri og uavhengig presse står på. Kven skal vere vaktbikkja i samfunnet om alle journalistar sine stemmer stilna hen, av frykt og forfølging. Truleg har aldri så mange ytra seg i det offentlege rom som no, takka vere internett, sosiale medium, kommentarfelt i aviser og slike ting. Langt frå alle ytringane er noble og verdifulle, tvert i mot, det er nok ikkje vanskeleg å finne både provoserande og krenkande ytringar. Men det er prisen å betale for å la alle sleppe til: Ikkje alle har ønske om å bruke retten til ytring til noko verdig, eller deler dei same verdiane som folk flest er samde om. Men det må vi tåle.

MARKNADSANSVARLEG

THOR-AAGE LILLESTØL thoraage@fylkesmagasinet.no Tlf. dir. 95 93 99 97

Ønskjer du å nå alle husstandane i heile fylket med din bodskap – ta kontakt med meg!

Prisen for å leve i eit fritt og demokratisk samfunn, med fridom til å ytre seg utan frykt, er å tole andre meiningar enn si eiga. Sjølv om nokon ”trakkar” på ditt livssyn. Ord skal alltid bekjempast med ord. Aldri med våpen. Og det finst ikkje ein større arroganse enn å stele eit liv for ord eller teikningar. Det er ei feig handling, som i tilfelle Charlie Hebdo ser ut til å virke mot si hensikt. Målet til angriparane var nok å stilne stemma til satiremagasinet.

Ansvarleg utgjevar og grafisk formgjeving Fylkesmagasinet Trykk Schibsted Trykk Flesland AS Distribusjon Posten Opplag 43.300

I staden samla 3,6 millionar menneske seg i Paris sine gater for å ta til motmæle. Og det varsla spesialnummeret om Islam, som terroristane ville stogge, det kom ut. Men ikkje i eit opplag på 60.000 eksemplar, som er normalt for magasinet – men i eit opplag på 3 millionar eksemplar, oversett til 16 ulike språk. Framsida viser ei teikning av profeten Muhammed med ei tåre i auge, som held opp eit skilt med Je Suis Charlie – eg er Charlie og tittelen Alt er tilgitt. Dei nektar å la seg kneble, og snur tragedien til ein triumf.

20 0– 18 1 r ga r 10– a ard ga Kv urda la

Rein Design

Det er det motsette av frykt og stemmer som stilnar hen. Dette er å stå opp mot stormen, og nekte å bøye av for terror. Og det er å verne om ytringsretten, som mange har blødd og døydd for. Redaktør: Roy Sunde

Største ørs

kjøpesenteret pesenteret ese mellom Bergen

& Ålesund

51 butikkar/restaurantar // leikeland // treningssenter // gratis parkering

...vi har det!

HANDELSHUSET FØRDE

3


NO får du høGste utstyrsnivå for kr 0,– Vår XC70 er ein robust og elegang eventyrar som gjev deg fleire vegar å utforske, uansett om det er midt i storbyen eller langt ute i villmarka. Høg bakkeklaring, All-Wheel Drive, stort bagasjerom og ein romsleg kupé med Volvo sine vidgjetne sete, gjer kvar tur til ei oppleving. No får du utstyrsnivået «Summum» utan tillegg i prisen – slik at opplevingane blir endå større. Velkommen innom for prøvekøyring.

VOLVO XC70 D4 AWD 163 HK SUMMUM INKL. VINTERHJUL Automatisk avblending av innv. spegel Midtkonsoll med Silk metal innlegg

Ekstra interiørbelysning

Skinninteriør, XC

Regnsensor Aluminiumspanel ”Shimmer Graphite”

Sport skinnratt m/Silk Metal

El. førarsete m/minne for sete/sidespeglar Blanke lister rundt sidevinduene

Nøkkellaus bil

El. innfellbare sidespeglar m/bakkebelysning

17" alu.felgar Aktive Dual-Xenon hovudlys SUMMUM-PAKKE

DAB+ radio High Performance lydsystem med 5" skjerm/USB-uttak/ Bluetooth®/Audiostreaming

Krom på klimaregulering

www.frydenbo-bil.no

4

SANDANE: 57 86 61 00

FØRDE 57 83 72 00

SOGNDAL 57 67 34 00

MINDE 55 59 97 00

ÅSANE 55 53 68 00

BERGEN VEST 982 05 882

VOSS 982 05 929

KRISTIANSAND 38 04 90 00


KVA BYR 2015 PÅ? Vanskeligast av alt er å spå om framtida. Men vi vågar eit lite kikk inn i 2015: Vi har spurt eit knippe menneskjer om kva trendar dei trur vil påverke dagleglivet vårt i år. TEKST: Roy Sunde

Foto: Thor Aage Lillestøl.

Utfordrande år for lokalmedia – 2014 var eit dramatisk år for mediebransjen, også lokalt. Mobilen er no den viktigaste internetteininga for folk flest. Det har ført til færre avislesarar, fallande annonseinntekter og innføringa av betaling på nettsidene til lokalavisene. Eg trur utviklinga held fram i år, og at lokalavisene kjem til å måtte redusere talet utgjevingsdagar. Aviser som kjem ut tre dagar i veka til to, og aviser som kjem ut seks dagar til fem, fire eller tre. I tillegg vil nok NRK Sogn og Fjordane

måtte tole kutt i år, men først og fremst på den administrative sida, seier Rolf Sanne Gundersen, som tidlegare var distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane. I dag jobbar mediemannen med nær tre tiårs erfaring frå aviser, fjernsyn og radio med kommunikasjon i sitt eige selskap Tydeleg.no – Korleis ser framtida ut for lokalaviser? – I dag ser den mørk ut fordi dei ikkje finn ut korleis dei skal tene pengar i framtida. Løysinga på kort sikt vil nok vere færre papiraviser i posten og meir stoff på nett til dei som vil betale for viktig og god lokaljournalistikk. Lokalaviser som klarar å lage relevant journalistikk som du ikkje finn på Facebook og andre stader, vil overleve, trur og håpar eg.

– Er det no så ille at lokaljournalistikken er trua i 2015? – Lokaljournalistikken har vore truga i mange år, men særleg etter endringane i medievanene til folk flest. I dag er ikkje kommunar, lag, organisasjonar og andre avhengige av omtale i lokalavisa. Dei brukar sosiale medium. Fleire politikarar driv i dag eigne mediebyrå, til dømes ordførar Alfred Bjørlo i Eid. Han brukar ei Facebook-side til å fortelje om alt det positive som skjer i kommunen. Avisene må finne sin posisjon som formidlarar og ikkje minst «vaktbikkje» i lokalsamfunnet. Dei treng ikkje vere konstant gneldrete, men formidlarar av det som skjer av stort og smått som vi ikkje alt har lese på Facebook.

<<

Mediebransjen er inne i eit paradigmeskifte, også lokalt. Det fører til krevjande tider for journalistikken.

5


Hard intervalltrening og yoga – hand i hand

6

På treningsfronten er det alltid noko nytt og spennande på gang. – I 2014 la mange sin elsk på høgintens intervalltrening, HIIT. Den typen trening sparar tid, så trenden veks nok vidare i vårt travle samfunn. Kroppsvekttrening er i vinden: Folk vil trene enkelt og effektivt, og dette kan ein trene når og kor som helst, seier Kent Roger Engdal, dagleg leiar på Spenst Førde. – Mange vil trene tungt og effektivt i sosial trening med andre. Dei tøffaste gruppetimane er populære, men òg Yoga-timar. Folk supplere krevjande fysisk trening med yoga og liknande, for å få eit heilskapleg treningsbilde. Mange stressar i kvardagen og treng å roe ned. Mindfulness, coaching, mental trening og fysisk trening vil smelte meir saman. Treningsbransjen ligg bak andre bransjar på teknologi, men det vil endre seg: Folk er opptatt av trenings-appar, trening med pulsklokker/belte og slikt. Det kjem mykje ny teknologi til kundens beste no, seier han og fortel at mange ønskjer hjelp og rettleiing i treninga. – Difor er det viktig med kvalitetssikra kunnskap. Vi tilsett berre folk med godkjent PT-utdanning. Mange trenar mot individuelle mål i til dømes motbakkeløp, Birken, sykkelløp osv., som er populært, og vil ha hjelp til å oppnå ei betre tid i år enn i fjor. Då er ein kombinasjon av trening ute og styrketrening inne god. Sjølv om eg driv treningsstudio seier eg «ja takk, begge deler», smiler han. – Styrketrening er viktig for alle. Vi har òg stor auke i seniormedlemmar. Det er positivt: eldre har stor helsevinst på å være aktive, særs med styrketrening. Befolkninga blir stadig tyngre, og livsstilssjukdommar er eit aukande problem. Det gjer at fleire ønskjer å trene seg slankare. Som sjukepleiar er eg oppteken av at bransjen må styrke kunnskapen sin her: I framtida trur eg det blir tettare samarbeid mellom trenings- og helsebransjen. Spenst har bygd eit helsehus, i tverrfagleg samarbeid med fysioterapeutar, bedriftshelseteneste og ernæringsfysiolog, som vi skal utvikle vidare, seier han og rundar av med eit råd. – Det viktigast er ikkje trendar, men å finne ein aktivitet du likar. Om ikkje er sjansen stor for at du sluttar å trene. Trening er ferskvare og resultata kjem over tid. Med aktivitetar du likar er det lettare å halde fram, og då får ein etablert ein ny livsstil – og vinst i form av betre fysisk og mental helse. Og ikkje la treningssenterangsten bite – moderne senter har treningstilbod for alle og låg terskel for nybyrjarar. Breidda av tilbod, kombinert med råd og rettleiing, kan vere det som skal til for at du skal lukkast.

Foto: Spenst.

Det viktigast er ikkje trendar, men å finne ein aktivitet du likar. Kent Roger Engdal

<<

<<


Bilpleiehallens 4x4 Vaskepakkar

Hos oss kan du velje ulike typar vaskepakkar: Easy: Utvendig og innvendig vask, samt polering, kr 2390,Easy +: Utvendig og innvendig vask, lakkrens og polering, kr 3790,Premium: Utvendig og innvendig vask, rens av tepper/sete, lakkrens og polering, kr 5490,Exclusive: Utvendig og innvendig vask, rens av tepper/sete, lakkrens. DITEC-behandling og polering i dørkarmar, kr 7990,-

Frå kr

DITEC inkl. innvendig vask

Frå kr

inkl. polering

4900,-

Forbruket av sand og salt på vegane vinterstid er stort – ikkje rart at også nye bilar rustar kraftig i Norge. Dei aller fleste bilar er utvikla og produsert for bruk under andre klimatiske tilhøve enn vårt. Derfor er det viktig med ekstra behandling mot rust i Norge. Vi tilrår å ta ei Tectylbehandling på din bil, gjerne frå den er heilt ny.

(ved bestilling innan 1. februar) Frå kr

Glastec

2390,-

Billakk består av tusenvis av mikroskopiske porar. Når ein nylakkert bil kjem ut i friluft blir den utsett for ytre påverknader som gjer at lakken på sikt blir nedbroten. Når sollys, smuss, sur nedbør, industistøv etc. kjem i kontakt med lakken vil oksidering, rust og mattheit oppstå før eller seinare. Lakken treng derfor ekstra beskyttelse utover reinhald, voksing og vanleg polering. Ditec, med sitt seksårs garantisystem, forsterkar lakken si motstandskraft.

(ved bestilling innan 1. februar)

Tectyl

Rein Design

Ein godt vedlikehalden bil er noko du får att for den dagen du vil selje den. Her er 4 gode tilbod som bidreg til å unngå unødig verditap. I tillegg kan du glede deg over at du slepp å gjere jobben sjølv – og at du har ein bil som får den behandlinga den fortjener.

5900,-

Sikkerheit, beskyttelse og enklare reingjering. Med Glastec får du betre sikt. Rutene blir etter behandling tettare, noko som gjer det vanskelegare for smuss, trafikkfilm og insekt å feste seg. Det blir lettare for deg å reingjere vindauga, og regndråpar vil under køyring skli av ruta. I mørket vil du oppleve reduserert refleks i vinduet. Ein annan fordel er at is ikkje set seg like godt fast som på ei ubehandla rute.

Frå kr

890,(Alle prisar gjeld personbilar)

BILPLEIEHALLEN Halbrendsøyra 6, 6800 Førde Tlf. 99 30 22 20 • bilpleiehallen.no

Følg oss på Facebook

7


Foto: Privat.

Foto: Roy Sunde.

Samarbeid og jakta på Breiflabb-lever <<

8

Hotellsjef på Gloppen Hotell, Preben Moen, er brennande oppteken av å utvikle matproduktet sitt. Og han ser mange spennande trendar som vil prege 2015. – Lokal mat, stadbestemt mat og innovasjon er tre aktuelle trendar i bransjen: Her i fylket har vi ein trend vi er betre på enn mange andre: Bestemor sine kjøtkaker er best, og det held mange i næringa på. Tradisjon og lokale forankringar i det du gjer er essensielt for å gje gjesten ei ordentleg matoppleving – og dette med å kunne fortelje gjesten historia bak maten, og kvar den kjem frå. Her i Norge er lokal mat den største trenden. Om ein ser til Danmark er økologisk mat mykje større enn i Norge. Danskane er også tøffare og utfordrar verda meir. – Eg var nyleg på MAD Symposium i København – 1000 kokkar samla i sirkustelt, der kokkar frå topprestaurantar snakka om erfaring og kunnskap. Det var rått! Temaet for konferansen var GUTS – å få kokkar til å tørre å gjere uvanlege ting, og ikkje minst å ta i bruk meir innmat, som er ein trend internasjonalt. Sogn og Fjordane bør fokusere på rustikk, god mat, med folkeleg og personleg service. Vi har råvarer i verdsklasse,

flinke og erfarne bønder og mykje god matjord, som er eit godt fundament, seier Preben, som håpar at bransjen lokalt femnar om den som lagar gode råvarer. – Fantastiske bedrifter som Åmot Gard, Balsnes gard, Walaker Hotel, Kviknes Hotel og Knutholmen har sine eigne nisjar og måtar å drive på. Alle er unike og ulike – men dei har eit fellestrekk: Dei brukar alle mat som er produsert i området, så langt som råd. Dette har vore vår overlevingsfaktor i tøffe tider, og det er ein trend som aldri vil forsvinne. Dei som ikkje har skjønt det er treige, eller redde. Særpreg er viktig, og det blir stadig viktigare å skilje seg ut. Ein må tore å gjere ting på måtar ingen andre har gjort det før. Det er skummelt, men veldig kjekt når det fungerer, smiler Preben. – Og eg håpar fleire store aktørar, som verkeleg kan gjere ei endring, tek ansvar og støttar dei små og sårbare matprodusentane og bøndene våre. – Kva råvarer/matvarer kjem vi til å sjå meir av framover? – Vi kjem til å sjå meir bruk av råvarer som kjakar, bryst og ikkje minst kvalitetskylling. Kokt kjøt er trendy, samt bruk av skankar og bogstykke. «Filet-fjolleriet» er på veg ut, og det gjer det ekstra spennande å vere kokk. Eg trur også vi

vil sjå ein trend der folk samarbeider meir om å bli flinke i faget sitt. Og personleg er eg på jakt etter nokon som kan skaffe meg breiflabb-lever. I så tilfelle, ta kontakt, smiler han.

Utan mat og … – Og kva trendar ser du på veg inn i mat-Norge Leon? – Det nye nordiske kjøkkenet har halde på trona nokre år no. Restaurantar som Noma i Danmark, Fäviken i Sverige og Maaemo i Oslo har gjort Skandinavia til ein kulinarisk destinasjon for verda. Sjølv om ikkje denne trenden er så ny, vil den nok vere populær nokre år til. Ein trend som har dukka opp i det siste, som eg trur vi kjem til å sjå meir og meir av, er små restaurantar som ikkje har noe spesielt «cuisine», men som lager det dei har lyst til der og då. Restaurantar som Smalhans og Pjoltergeist i Oslo og Bare på 13 i Bergen, skifter menyar ofte og lagar mat utifrå dagsforma: Dei er kreative, uformelle, spelar høg musikk og det er rett og slett moro å ete der. Med høg fokus på kvalitet og lokale råvarer og mindre fokus på snobberi og luksus. Dette trur, og håpar eg, vi vil sjå enno meir framover, seier Leon Knapskog, kjøkkensjef på Balsnes Gard.


Trådlaust i år I år er trenden trådlause dippeduttar som snakkar saman.

Foto: Thor Aage Lillestøl.

nast robotprodukt. Dei har vore på marknaden i fleire år, men det er spennande å følgje utviklinga. I dag har mange robotstøvsugarar og robotgrasklipparar, men kva for andre robotar kjem heim til oss framover? Det same gjeld 3D-printarar, samt fleire produkt vi kan fjernstyre frå mobilen.

I desse dagar arrangerast CES i Las Vegas – ei av verdas største teknologimesser. Der presenterast mykje av det vi kan gle oss til, både i nær og fjern framtid. For oss som er oppteken av teknologi er det er spennande å følgje med på nyhende derifrå.

<<

– 2015 skal vere trådlaust. Produkta våre snakkar meir og meir saman, ting blir styrt frå mobilen, og vi har framleis stikkordet SMART med oss: Wearables, treningsarmband og smartklokker som kan måle kva vi gjer, kva vi et og kor godt vi søv kjem til å vekse. Multirom-produkt som gjer at du kan spele musikk i heile huset blir meir vanleg. Etter år med nettbrett på toppen av pallen, har laptopen gjort comeback og gått forbi i salstal. Og i år kjem blant anna 2-in-ones (nettbrett og PC i eitt) for fullt. Det blir moderne med fargerike pc-ar i 2015! Kvitevarene vil i hovudsak vere innebygde. Og dronane kjem for fullt, seier Espen Loe Haukedal, varehussjef for Elkjøp Fjordane avdeling Førde. – Kva er må-ha dingsane i år? – Trådlause høgtalarar var ein av dei store julegåvene i 2014. Det er produkt vi kjem til å sjå meir av i år. Eit anna «må-ha» -produkt er powerbank (mobilt telefonbatteri), som syt for at du alltid har ekstra strøm til mobilen med deg i lomma. Hovudtelefonanes popularitet veks vidare, og vi har gjerne fleire typar – for eksempel eigne for trening, seier Loe. – Av andre spennande ting som skjer kan nem-

VINTEREN ER HER! Kom til oss og kjøp ein brukt Skoda 4x4 og få eit behageleg møte med Kong Vinter. «SKODA – MYKJE BIL FOR PENGANE»

2008 Skoda Octavia 1,9 TDI kr 190.000,-

2009 Skoda Octavia 2,0 TDI kr 229.000,-

2010 Skoda Octavia 1,9 TDI kr 199.000,-

ŠKODA Octavia var landets mest selde stasjonsvogn i 2014, og gir deg mykje bil for pengane. Ikkje så overraskande når bilen har plass til alt familien treng, suverene køyreeigenskapar, velkjent drifts|rttn{qnr} xp nrw ox{mnujt}rp y{r|Õ U ȗ l}j rj o { m~ xp| |xv |nmjwÖ vnm }xß nuun{ Ô{nqss~u|m{ro}Ö bensin eller diesel, samt eit breitt spekter av utstyrsvariantar. God tur! Bestill prøvekøyring på skoda.no eller kom innom oss.

2012 Skoda Superb 2,0 TDI kr 315.000,-

KOM INNOM og sjå vårt store utval av brukte bilar, eller gå inn på www.berge.no

BERGE BR U KTBI L

9


Foto: Roy Sunde.

Grovkarbo og proteinrik mat <<

10

Utan mat og drikke dug helten ikkje. Heller ikkje på treningsstudioet. – Folk ynskjer å få mest mogleg ut av treninga, så vi merkar at fleire og fleire vel å søkje hjelp for motivasjon og framgang. Bruk av PT aukar, i lag med bruken av kosthaldsrettleiar, seier Eirik Flatfjord på Puls. I 2015 er det frivekter og funksjonell trening som gjeld, intens intervalltrening, trening med eiga kroppsvekt, sportspesifikktrening, tung styrketrening og så vidare. Dette er ikkje nytt. Det er stort sett trendar frå tidlegare år som vil dominere, også no. For vi er i høgsesong for diettar, sunn mat og sportsernæring. Også her finn ein trendar i følgje Marte Ulltang, klinisk ernæringsfysiolog ved Puls Førde/Førde Sentralsjukehus, som seier folk er oppteken av å ete optimalt i høve trening. – I dag ser ein stort fokus på proteinrik mat og «grovkarbo». Tidlegare trendar på lavkarbo og diettar som 5:2 forsvinn gradvis. Mange er oppteken av å redusere feittprosent og auke muskelmasse, og marknaden tilpassar seg dette. Det kjem stadig kosttilskot som er spesielt utvikla for å «auke muskelassen, forbetre prestasjonsevna og optimalisere restitusjon». Desse produkta er meir resultat av marknadsføring og mindre forskingsbasert. Rett kombinert normal kost før trening gjer at ein yt optimalt under treningsøkta, til

dømes havregryn og mjølk. Ein treng ikkje nytte seg av energibarar og proteintilskot om ein set saman måltidet riktig. Ei brødskive med ost og skinke, ilag med eit glas mjølk bidreg med like mykje protein, forklarar ho. – Og det er mykje fokus på dette no. Forsking viser at kva ein et i for- og etterkant av trening, og elles i døgnet, påverkar treningsresultatet. Mange trenar hardt, men får ikkje resultata dei ynskjer fordi dei et feil. Dette ser eg hos dei som er hos meg og får tilrettelagt kostplan for kva dei skal ete for å oppnå treningsresultat; etter 8 veker med strukturert trening og kost har dei betydeleg framgang. Eg plar seie at kosten utgjer ca. 70 % av treningsresultatet. Då seier det seg sjølv at folk er oppteken av dette. – Kva trendar er på veg frå «utlandet»?

– Eg trur nok ikkje at fokuset på å ete proteinrikt gir seg med det første. Proteinbaren Questbar blir meir og meir populær her til lands. Mange handlar dette frå USA, ilag med mykje anna såkalla «supermat». Frå min ståstad er dette ei bekymringsfull utvikling. Mange i Fitness-miljøet fokuserer på å erstatte næringsrike grove mjøltypar med proteinpulver, mandelmjøl, kokosmjøl og liknande. Det kan på sikt føre til feilernæring. Folk blir nok meir bevisst på dette, men der har vi klinisk ernæringsfysiologar ei viktig rolle i å opplyse folk om kva som har fagleg tyngde av råda ein høyrer. Eg tilrår proteinrike matvarer, grove karbohydrat, frukt, grønsaker og rikeleg med væske. Det kjem ein langt med, slår ho fast.

Mange trenar hardt, men får ikkje resultata dei ynskjer fordi dei et feil. Marte Ulltang


Spesialist på gamle klokker, veggur, lommeur og armbandsur. Har klokka di høg personleg verdi, kanskje eit uerstatteleg arvestykke? Treng den ettersyn, reparasjon eller restaurering? Urmakarverkstad i Førde med ekspertise og lang erfaring på reparasjonar av alle typar ur. Henting og levering etter avtale om ønskjeleg. Gratis fast prisoverslag. 5 års garanti på overhaling av veggur.

Roger Pettersen A/S Offentl. godkjend urmaker

Presteholten 25, 6810 Førde Tlf. 907 32 380

UANSETT KVA SOM MÅ TIL, SÅ SKAL VI FÅ FRAM BODSKAPEN

kontakt@reindesign.no / 95 93 99 99 Les meir om oss og arbeid vi har gjort på reindesign.no

Foto: FM

rein_design /reindesign2013

Alle bilmerke - opptil 7,5 tonn

Godt nytt musikkår i vente – 2014 var eit meir spennande musikkår enn på lenge, med sterke namn som viste att lokalt, nasjonalt og nokon også internasjonalt. 2015 startar med utdeling av Spellemannsprisen, der fire frå fylket kan få ein slik pris. Eg gler meg til å følje både etablerte og nye artistar ut over året. Eg trur noko av det sterkaste frå fylket i 2015 vil kome frå Eva & The Heartmaker som kjem med fleire singlar på våren og album til hausten. 2014 var Thea Hjelmeland sitt år. Eg trur også ho vil prege det nye året både på teater- og konsertscena. Ho skal òg i studio, så eg gler meg til mykje flott frå henne i 2015, seier han. – Åshild Mundal kjem endeleg med sitt nye album no i år. Eit vakkert og stemningsfullt album på nydeleg sognamål, inkludert hennar tolking av Svein Dag Hauge si store perle Vandrar Saman. Utanom den har ho og Jostein Ansnes skrive alt på plata. Odd Erik Lothe har varsla to album i år, som eg gler meg til å høyre. Håkon Njøten er den einaste artisten frå fylket som har fått speleplass på

Bylarm i år med artistnamnet HAWKON: Eit spennande prosjekt han har utvikla i London dei siste åra. Eg gler meg stort til å oppleve det. Jørn Trollebø Kvalheim frå Vågsøy imponerte i Idol i fjor. Eg er spent på å sjå korleis han følgjer opp og gler meg til rocka, eigne låtar frå han! Fantastiske Sigrid Moldestad hadde eit eventyrleg og travelt år i 2014, og eg gler meg til planane ho er i ferd med å legge for dette året. Ho er ein av artistane frå fylket du får sjå meir til i 2015, seier han og held fram. – Line Dybedal frå Selje kjem med album på norsk i løpet av året. Det er eg veldig spent på. Linda Gytri kjem med ny plate 2. mars. Eg såg ho og trioen under Blest i haust, og har store forventningar til albumet. Eg spår eit sterkt år for henne. Elles ser eg fram til å lytte til album frå NRWY, Karl Seglem, Spitfire, Good Time Charlie og alle andre eg ikkje veit om skal kome med nye plater i år enno. Dette er dei eg har notert meg, men det er nok mange eg ikkje veit om også. Difor håpar eg at alle som lagar musikk der ute sender den til meg. Ambisjonen min i år er å lytte til all musikk som vert gjeve ut av musikarar frå Sogn og Fjordane. Eg håpar det vert eit spennande, godt og overraskande musikkår!

Vi er med i verdas største og mest kunnskapsrike verkstadkjede. Hos oss får alle bilmerke profesjonell hjelp til hyggeleg pris.

– MED KVALITET OG SERVICE SOM VAREMERKE –

DIN BUBIL-VERKSTAD I FØRDE s Service og reparasjonar s Periodisk køyretykontroll (EU-kontr.) s Hjulstillingskontroll med 4-hjulsmåling s Fabrikkoppdateringar og garantiarbeid på chassis s Service/fylling på AC-anlegg s Ettermontering av cruise control og ryggekamera

VISSTE DU AT s 2 av 3 bubilar er bygd på Fiat Ducato? s Autoservice er Norges eldste Fiat-forhandlar, etablert i 1966, og Iveco-forhandlar frå 1974?

<<

Fylkesradioen sin Stian Sjursen Takle er lidenskapleg oppteken av den lokale musikken. Og han spår eit godt nytt musikkår.

- reparasjon - vedlikehald - service - EU-kontroll - hjulstillings-kontroll - aircondition-service

Kusslid, 6819 Førde – Tlf. 57 83 38 80 www.as-autoservice.no

11


Foto: Thor Aage Lillestøl.

Jakta på nye impulsar og stadar <<

12

Nordmenn er reiseglade, og stadig på jakt etter nye, spennande mål. Også i 2015. – Reisetrendane går hand i hand med trendane elles i samfunnet: Vi trenar meir, prøver nye former for trening, og gjerne PT. Vi er opptekne av mat, og mange får middagen levert på døra. Det skal vere sunt, raskt og smakfullt. Vi søkjer ro og balanse for både kropp og sjel. Alt dette er med på å påverke reisetrendane våre, fortel Anne Oline F. Gullaksen, dagleg leiar på Travelnet Fjordane Reisebyrå. – Ein stor og veksande trend er aktivitetsferiar, og organiserte treningsreiser med eigen treningsekspert: Det kan vere sykkeltur i Provence – eller i Japan. Golfreise til St. Andrews, vandring i pilegrimars fotspor til Santiago de Campostella eller til øya Lindisfarne. Tinde-bestigning i Alpane – eller Mont Everest, Yoga i India, mindfulness i Italia. Det kan også vere Spa-ferie med eigne detox-program, eller jenteturar med spa, champagne og shopping. Blant andre trendar finn ein veksande krav til «billig» luksus og autentiske opplevingar. – Tilgang på lågpris overnattingsstader med moderne og luksuriøs design aukar. Folk vil ha meir-for-mindre i dag, med fri tilgang til Wi-Fi og gratis frukost. Dette er reisande som gjerne vil bu

rimelig og sosialt på hostel, men i meir luksuriøse omgjevnader, seier ho. – Mange reisande søker det autentiske. For eksempel ved å ete ilag med dei lokale på tur. Dette vert stadig meir populært, som nettstaden www.booklokal.com viser: Eit nettverk av lokale folk som tilbyr måltid og matlagingskurs til reisande. Tenesta starta i 2012 og er no å finne i 20 land over heile verda, seier ho og fortel at nordmenn søker nye stader å reise. – Reisemål som gjev oss noko ekstra. Det er viktig med «den gode historia» når du kjem heim. Vi let oss påverke av vener og familie som fortel om sine reiser, og ikkje minst av lister som til dømes Lonely Planet årleg set opp. Vi er meir bereist enn før, reiser gjerne utradisjonelt og er meir komfortable med ideen om uvanlege reismål. Som til dømes til Nicaragua, Kongo og

Namibia – som Lonely Planet har på årets «topp ti-liste» som reisemål for 2015, seier ho og fortel at 1,2 millionar nordmenn årleg framleis tek charterferie i «Syden». – «Sydenturen» er høgaktuell, men skandinavar vel dyre og gode hotell. Å skreddarsy hotelltilbod til kresne, reisevante nordmenn er viktig for reisearrangøren. Kundane godtek ikkje lenger 2 pluss-hotell, dei vil ha høg standard, god mat og aktivitetar tilpassa gjesten, fortel ho og avsluttar med nokre råd. – Langt viktigare enn å hoppe på trendar er å velje ein ferie som passar til dei som skal reise. Om du skal på tur med småbarn er ikkje New York i juli eit godt val, smiler ho. – Så legg til rette reisa i høve reisefølgje, og planlegg godt i forkant.

Folk vil ha meir-for-mindre i dag, med fri tilgang til Wi-Fi og gratis frukost. Anne Oline F. Gullaksen


Foto: Thor Aage Lillestøl.

Digitale dippeduttar og trendar Der verda før endra seg i lange syklusar, spring utviklinga i dag så lett på tå at det kan vere hardt å henge med. Men Arild Finne Nybø i Mediebruket AS har god oversikt og kan trekke linjer for kva som rår i 2015. – Dei siste åra er mykje av vår digitale aktivitet flytta frå dei stasjonære datamaskinene over på smarttelefonane. Frametter kjem vi til å sjå at stadig endå fleire av dei tinga vi brukar i kvardagen blir «smarte» ved at dei får bygd inn ein liten datahjerne. Og dei ulike smarte dingsane er kopla saman gjennom internettet. Vi snakkar gjerne om «tingas internett». Alt no finst det gode løysingar for å bruke mobiltelefonen din til å sjekke status på bilen og fjernstarte motorvarmaren, og til å regulere straum og lys i heimen eller på kontoret. Og mange har nok alt fått eit første møte med korleis du kan kople TV-en til nettet, og styre all multimedia via ein app. I løpet av 2015 vil det kome ei rekkje nye digitale løysingar for bil og bustad. Snart kan du stige ut av bilen og seie «Parker sjølv», og overlate til datahjernen i bilen å ta seg av lukeparkeringa. Heime syter eit anna system for at plantane vert vatna når dei treng det, fortel Finne Nybø.

Web-vekt. I løpet av året kan du også digitalisere både vekt og helse og trening. – Det kjem framleis til å vere mykje fokus på helse i år. Dei som er raske med å sikre seg nye dingsar har kanskje alt skaffa seg ei badevekt der vekta di vert automatisk lasta opp til din konto på nettet, slik at du kan sjå utviklinga di via telefonen, nettbrettet eller datamaskina. Det same gjeld treningsapparat, der mange variantar alt har bygd inn funksjonalitet for å kunne sende dine personlege treningsdata til din konto på nettet, fortel Arild. Ein har høyrt om dei lenge, no er dei snart her med full tyngd: Smartklokker! Til våren kjem dessutan dei smarte klokkene for fullt. Fleire produsentar er alt i gang, men eg trur ikkje det kjem til å ta skikkeleg av før Apple kjem med si smartklokke i løpet av våren. Desse

klokkene måler ei rekkje former for aktivitet, til dømes puls, geografisk posisjon og rørsle. I tillegg viser klokkeskjermen mykje av det som du vanlegvis ser på telefonskjermen. Du kan sitje i eit møte og diskret kikke på meldinga på klokkeskjermen når den vibrerer for å varsle at nokon ringjer eller har sendt ei tekstmelding. Telefonen kan bli liggjande i lomma, seier han og fortel at det ikkje berre er klokka som er i ferd med å bli smart. – Litt vanskelegare å tenkje seg er det kanskje at også klesplagga skal bli «smarte». Men det er utvikla teknologi som gjer at også klesplagga kan måle fysisk aktivitet, temperatur, sveittemengde og så vidare. Kanskje kjem det også sokkar som varslar deg om føtene luktar vondt. Det finst alt sokkar som kan varsle deg dersom du går på feil måte, avsluttar Finne Nybø.

Ein har høyrt om dei lenge, no er dei snart her med full tyngd: Smartklokker! Arild Finne Nybø

13


UNGE MEININGAR

Håkon 5 år

Eikefjord barnehage

Jonas 5 år

Meiningane om sunnfjordulven er mange, men i Eikefjorden barnehage har dei bestemt seg: Vi må fange ulven. Og om han lovar å vere snill, så skal han få leve.

Madelen 5 år

Leon 5 år

– Kva gjer bonden når han finn sauen sin etter at ulven har vore der? – Madelen: Han skyt ulven og grev den ned. – Filip: Eg trur han jagar vekk ulven eller bit han tilbake.

Filip 4 år

– Leon: Ja! Vi kan knyte eit nett fast mellom to tre. Og når ulven kjem og vi ser han i kikkerten, så kjem to dritskarpe knivar ned og omringar ulven. Om han lovar å vere snill og å ikkje ete sauar, så skal han få leve. – Håkon: Putt fyrverkeri i han.

– Leon: Kanskje han finn saueplaster til sauen?

– Denne ulven det har vore så mykje snakk om. Kva synest de om den? – Filip: Den er slem! Den et ting den ikkje skal ete. Og den et for mykje søtt. – Leon: Om eg møter på den så skal eg bokse han. Eg har høyrt om ein ulv i Naustdal, og at han vart skoten. Men eg er ikkje redd han. – Håkon: Den er farleg og slem! Men vi kan jo sende den heim att?

– Jonas: Eg trur bonden tek sauen på traktoren og køyrer den til legen.

– Korleis trur de familien til ulven har det no? – Håkon: Dei er nok sinte. Det er viktig at vi får stengt av hòla til resten av familien.

– Men må vi skyte ulven? Finst det ikkje andre måtar å gjere det på? – Leon: Ulven et sauene, og då blir bonden sint. Men bonden kan jo kile han? Eller gå opp i eit tre og ta bomba på han?

– Leon: Og familien til ulven tenker nok at dei skal ta menneska. Dei luktar oss, men vi har fellene klare. Tenk om Naustdalsulven har ungar som veks opp? Vi må ha fleire feller.

– Håkon: Eller han kan be oksen om å ta ulven?

– Jonas: Eg har møtt ulv, og eg boksa han rett ned.

– Jonas: Eller han kan sende hunden på den.

– Madelen: Slem!

– Madelen: Bonden kan lage ei felle å fange den i.

Godt nytt RUSTFRIT T år!

14


Samfunnsengasjert økologisk mjølkebonde Den siste spaltisten i trekløveret vürt som skal fylle Rett Pü-spalta, er ein samfunnsengasjert bonde frü FjÌrland, med sterk skrivekløe og eit brennande samfunnsengasjement.

Foto: Thor Aage Lillestøl.

TEKST: Roy Sunde

– Kven er Johannes Eggen Mundal? – Ein bonde frĂĽ FjĂŚrland, som for det meste driv med økologisk mjølkeprodusering, samt ein del med gamalnorsk spelsau. Eg vart fødd i 1968, og er ĂĽleinepappa annakvar veke, seier han. Men han kunne gĂĽtt ein annan veg. Han byrja pĂĽ eit utdanningslaup som ville ført han inn i media. – Eg har studert norsk sprĂĽk og litteratur, grunnfag, i Volda, samt forfattarstudiet i Bø. Og sĂĽ har eg to ĂĽr pĂĽ media i Volda, men det har eg ikkje papir pĂĽ, i likskap med ein del andre som har gĂĽtt der, smiler han.

– BĂĽde medieutdanninga og forfattarstudiet har pĂĽverka skriveferdigheit og formidlingsevne. Men eg var glad i ĂĽ skrive lenge før ogsĂĽ. Eg har likt skriving sidan eg kom i skulealder.

Skrivekløa fĂĽr utløp blant anna gjennom faste Innhogg i Sogn Avis, samt medlemsskapet i Skrivelaget i Sogn og Fjordane. Og no ogsĂĽ i fast spalte i Fylkesmagasinet. – Kva kan folk vente av deg i denne spalta? – Eg er oppteken av samfunn og samfunnsut-

vikling, skule, politikk, klima og landbruk, og skjeringspunkta mellom desse tema. SĂĽ lesarane kan vente eit varierande utval av tema, samt variasjon i bruk av sprĂĽklege og litterĂŚre verkemiddel.

LÆRINGS OG MEISTRINGSSENTERET LMS

Rein Design

Skriveglad. Gleda over ĂĽ skrive har han hatt lenge.

Livsstyrketrening – Ă… meistre livet og jobben MĂ…LGRUPPE Tilbodet er spesielt for deg som er heilt eller delvis sjukemeldt, eller stĂĽr i fare for ĂĽ bli det. MĂĽlgruppa er menneske med samansette plagar knytt til muskelâ€? og skjelettlidingar, stressreaksjonar, utbrenning og lettare depresjonar. INNHALD Eit meistringskurs med rettleiing i grupper for deg som har behov for eller ønske om ĂĽ meistre og styrke livet utifrĂĽ den aktuelle livssituasjonen. Via mindfulness og ulike kreative lĂŚremetodar arbeider vi med bevisstgjering av: tankar, kjensler og kropp, ressursar, vanar og mønstre i kvardagen – og i arbeidslivet. ANSVARLEG FOR TEMA Sjukepleiar og fysioterapeut. Fagleg ansvarleg: Spesialistlege i fysikalsk medisin og rehabilitering.

Fjordane Bilutleige Avis tilbyr bilar til dei este føremĂĽl, stasjonert pĂĽ fylgjande stadar: s s s s

FLORĂ˜ FĂ˜RDE LEIKANGER MĂ…LĂ˜Y

s SANDANE s SOGNDAL s STRYN

Budget bilutleige er tilgjengeleg pĂĽ flyplassane: s FLORĂ˜ s FĂ˜RDE

s SANDANE s SOGNDAL

Rein Design

Tlf: 57 82 16 88 - Ă˜yrane 6, Førde

STAD Helse Førde sine lokale i Sunn jord medisinske senter, 2. etasje, Florø. TID 10 kursdagar fordelt pü 3 münadar. Informasjonsmøte om tilbodet: 2. februar kl. 11.00-13.00. Sjølve kurset startar 9. februar TILVISING For ü delta pü kurset treng du tilvising frü lege. Tilvisinga kan sendast til: Helse Førde medisinsk poliklinikk. 6807 Førde. (Merkast med Livsstyrketrening meistringskurs Florø). KONTAKTPERSON For praktisk informasjon om sjølve kurset kan du kontakte: Nina Johnsen Midtbø 57 75 10 40/ 41 53 05 49.

Frist for pümelding til informasjonsmøte: 30. januar 2015.

Førdegürden, 6800 Førde | Tlf: 57 83 90 00 Pristilbod og reservasjon tlf: 57 72 50 80 og www AVIS NO s WWW BUDGET NO

15


RETT PÅ

Ta vare på gullkorna!

Johannes Eggen Mundal – Sjå pappa, sjå regndropane som dansar på bilruta! Sjå; dei står i kø, dei er mange, og no dansar dei bortover! Sjå, pappa! Og fireåringen tok til å synge medan regndropane dansa bortetter bilruta. Sjå, no er dei ikkje så mange lenger, men dei dansar likevel! – Det har nesten slutta å regne forstår du, svarte eg. Det var ei magisk stund, ei poetisk stund eg aldri kjem til å gløyme. Orda frå fireåringen var så entusiastiske, så poetiske og så godt beskrivande for det ho såg. Og orda frå meg var så rasjonelle, så i kontrast til barnet sine. Det er ikkje så mange slike augneblink eg hugsar. Men eg har i periodar vore flink til å skrive ned gullkorn frå barna mine. I skrivande stund spør eg dei om eg får lov å dele litt av gullkorna med dykke som les dette. Det får eg lov til. Men vi blir samde om at de ikkje treng vite kven av dei som har sagt kva. Så når eg refererer til sjuåringen så kan det vere kven som helst av barna mine. Alle har vore sju år ein gong. – Du pappa, sa sjuåringen, veit du at hjortemannen har hundre damer på ein gong? Minst! Sjuåringen er stille ei stund, så eg får tid til å la alvoret sige inn. – Eg forstår ikkje korleis det går an! (Ny pause.) – Og alle dei borna det blir då!

– No er det så mange fluger her at den eine sit oppå den andre, slo fireåringen fast. – No veit eg kor alle måkane kjem frå, sa fireåringen då vi stod ved bryggja i Hyen. – Meinar du dei kjem herifrå? – Ja, sjå kor mange dei er her då! Vi som likar å skrive og å leike med ord og språk kan lære mykje av barn sin utforskande og leikande språkbruk. Der dei ikkje har ord, eller ikkje har full forståing av ord brukar dei språket så godt dei kan, utan å vere redde for å dumme seg ut eller å bli mistydd. Som då sjuåringen spurde om aldersskilnaden på seg og kusina. – Er ho eldre enn meg? spurde han. – Ja, korleis det? – Jau, for då eg var seks år var ho halv sju! Vi har gamalnorsk spælsau på garden, og om våren er barna svært opptekne av lamma i alle slags fargar: svarte, kvite, grå og brune i ulike nyansar og ulike fargekombinasjonar. – Eg kjenner folk som har både gamalnorsk og nynorsk spælsau, sa tiåringen! – Javel, svarte eg, kva er skilnaden då? Språket? Brækar eine rasen på nynorsk og den andre på gamalnorsk? Den språklege mistydinga ga oss ein god lått.

Det var ei magisk stund, ei poetisk stund eg aldri kjem til å gløyme.

Eg såg femåringen i ivrig samtale med to litt eldre bygutar. Han var ivrig og høgrøysta. – Kumøkk, sa han, er eigentleg grønt gras; som har blitt brunt; og litt rundare! Eg forklarte kort korleis vateren skulle brukast. Femåringen vatra litt her og litt der. Det låg ei dokke på benken. Golvet under benken blei vatra. – Her er golvet skeivt, konstaterte femåringen. Og er golvet skeivt, då er benken skeiv òg! Og er benken skeiv, då er dokka skeiv òg! Diskusjonar mellom søsken kan vere interessante. Dei to var i ein ivrig, høgrøysta diskusjon. – Eg stod her, sa den vesle, og eg er meg og eg er berre éin, eg kan ikkje vere der borte òg! – Ja. Du er deg, og det er berre ein av deg, svarte den andre og senka stemma til mumling: – Trur eg, i alle fall! – Det finst hundre og det finst hundre tusen, sa den minste. – Det finst større tal enn det, sa den største. – Ja, det finst hundre og hundre tusen, og så finst det mark. (Tidlegare tysk valuta, min merknad til deg.) Men det finst større tal også, sant pappa? – Kva heiter det største talet då? – Veit ikkje svarte barnehagebarnet, men det talet har plass til heile verda! Til slutt vil eg dele favorittane mine. Treåringen skulle vere med å plukke bjørnebær ein søndag. – Vi må hugse å plukke berre dei modige bæra! sa ho. Frå ein annan tre-fireåring, som gleda seg til kvar barnehagedag; ho gjekk i barnehagen måndag, onsdag og fredag. Tysdag kveld lurte ho på om kor tid ho skulle i barnehagen igjen. I morgon, sa eg. Neste morgon var ho spent. – Pappa, er det i morgon i dag, eller er det berre i dag i dag òg? Uansett om det var i går, i dag eller i morgon: Ta vare på gullkorna frå borna dine!

hairtalk.no - facebook.com/hairtalknorway

16

KLIPP F FARGE ARGE A BRUD EXTENSIONS DROP IN MAKE-UP STUDENTRABATT STUDENT- OG SPENST RABA ABA ATT T Besøk vår facebookside Fresh Fresh Frisørsalong

Hafstadvegen 34 | 6800 Førde Timebestilling Timebestilling 47 70 73 80


Rein Rein Design

Lokalpatrioten V Vii er opptatt av å syne deg verdien av å bruke lokale leverandørar leverandørar.. Difor har vi vore handla ore og hand rtreist mat ti lokalt, og gir vekk ei korg med kortreist til tre heldige vinnarar vinnarar.. ponsormidde Enivest vil fortsette med å dele ut sponsormiddel, skape arbeidsplassar arbeidsplassar,, sørgje for utvikling i fylket og ta samfunnsansvar samfunnsansvar.. Bestill lokalt breiband, så er du ein del av det.

Vinn ein pakke med lokalprodusert alprodusert p mat!** t!** **

BREIBAND FRÅ KR

174,-*

**Ved bestilling før 31. januar.

+ FRI ET ETABLERING TA ABLERING

*Intr opris til nye DSL-kundar i 3 mnd. *Intropris + halv pris på modemgaranti. Gjeld ikkje ADSL Enkel pluss. Minste totalpris med 12 mnd. avtaletid: kr 3868,-

Lokalt breiband – Lokale verdiar

HIV DEG RUNDT! BYTT TIL ENIVEST!

Bruk bestillingsskjemaet på nett; enivest.no/bestill eller ring kundeservice på 57 00 91 00

Resten ordnar vi. LES MEIR PÅ

enivest.no/kampanjer

17 Din lokale breibandsleverandør i Sogn og Fjordane

57 00 91 00 | enivest.no


18


Frå sjokkbeskjed til babylukke Er ei overrasking alltid god? Kva om overraskinga inneberer at du må gje opp ungdomstida på dagen og bli vaksen på ein og ein halv månad? TEKST: Kristine Slettehaug FOTO: Thor Aage Lillestøl

Mange opplever å få besøk av storken, og det i seg sjølv er ikkje så spesielt, men når den kjem fykande mot deg i 200 km/t klar for å droppe av eit lite, forsvarslaust nurk, er det berre til å stålsette seg. Tenk deg at du er knappe 18 år gamal, så vidt i gang med planlegginga av russefeiringa, og midt i den beste tida av ditt liv. Du har endeleg blitt kjærast med han som har vore din beste venn siste åra. Livet smiler. Så får du beskjeden som snur opp ned på alt: Om 1,5 månad skal du føde eit barn – og ikkje minst: du skal ta vare på det. – Så klart vart eg sjokkert! Ingen er klar for ein slik beskjed. Ikkje om du er atten og ikkje om du er førti. At det var så nærståande gjorde det heile veldig intenst.

Falsk alarm?. Thea Kårstad Støfring (18) frå Jølster hadde lenge følt at det var noko. Kroppen var ikkje seg sjølv, og det som skulle komme månadleg, kom når det passa seg. Ho stålsette seg og tok ein graviditetstest, som viste negativ. Så klart var den det! Thea pusta letta ut og la det heile i frå seg, ho skulle jo ikkje ha nokon unge. Ikkje no. Det bekymringsfrie ungdomslivet fortsette dei neste månadane. Kveldane tilbrakte ho med venninner eller med kjærasten, før ho reiste heim att til jenterommet. Dagen etter var det skule. I helgane gjekk dei av og til på fest, slik ungdommar plar gjere. Men noko var framleis ikkje som det skulle vere. Kroppen ropte høgt nei når ho var på fest. Kanskje som eit skjult varsel på kva ho ikkje skulle påføre den? – Eg vart kjempedårleg. Vart kvalm berre av tanken på alkohol og haldt meg unna det. Heldigvis, kan ein sei i etterkant. For signala på det som ho hadde slått i frå seg fortsette. – Noko var rart, men eg klarte ikkje sette ord på det. Eit eller anna skjedde i kroppen, og eg merka at eg var uvanleg trøytt og sliten. Etter å ha sett tv-programmet «Ops, jeg er gravid» kom tankane igjen. Kunne ho vere gravid? Ho bestilte ein legetime. Ho måtte finne ut av det.

Positiv. Støtta frå kjærasten Ole Andre Roska (19) var uvurderleg. Før ho gjekk ut døra sa han at om det no skulle vere dette, det som dei trudde det kanskje kunne vere, så skulle ho vite at han støtta ho. Han lova å vere der, uansett kva beskjeden frå legen vart. Og var det no så ille om ho skulle vere gravid? «Eg er ikkje gravid. Eg kan ikkje vere det” var det siste som gikk gjennom hovudet før ho gjekk inn til legen. Thea fekk beskjeden som ho visste at ho kunne få, men som ho ikkje hadde klart å førebu seg på. Legen kunne fortelje ho at ho var gravid. I sjuande månad.

Det var verkeleg, eg var gravid. Thea Kårstad Støfring – Er ein nokon gong klar for å få vite at ein skal ha sitt første barn? Realiteten slo meg hardt i ansiktet. Det var verkeleg, eg var gravid. Og ikkje nok med det; Det var under to månader til eg skulle føde. Det første som slo meg var: Korleis skulle eg fortelle familien dette? Thea var redd for at folk skulle dømme ho og tru ho ikkje skulle klare å ta seg av eit barn. Ho var nettopp fylt 18 år og kunne ingenting om babyar. Venner og familie gjorde uroa fort til skamme. Alle var positive til nyheita og støtta ho frå dag ein. Kjærasten lova igjen at han skulle bli, og innrømte at ein liten del av han hadde håpa på positiv test. – At Ole Andre var så positiv innstilt var alfa og omega. Mamma lo. Eg trur ho var i sjokk. Men både ho og alle andre tok det med eit smil og lova å hjelpe til. Det betydde alt for meg og styrka psyken min veldig. Eg skjøna at dette kunne eg klare. Dette skulle vi få til. Men var det ingen av dei som hadde sett det? Såg ho det ikkje sjølv? Kjente ho det ikkje? Ho ler litt av seg sjølv. – Eg lurte fælt på kvifor eg hadde slik lemus i magen, og kor alle krampene kom i frå. I ettertid veit eg jo kven det var som haldt liv i magen, smiler ho og ser ned på dottera. – Eg hadde lagt litt på meg, og skulda på lite trening og meir mat, men sjølve babymagen let vente på seg og kom ikkje før dei siste månadane. Ho hadde visst gøymd seg bak i ryggen min, smiler Thea.

Farvel til jenterommet. Etter at dei fekk beskjeden om at dei venta barn, måtte ting skje fort. Med eit barn følgjer mykje utstyr, og jenterommet måtte ho vinke farvel til. – Etter at det verste sjokket hadde lagt seg, måtte vi tenke framover. Det var sårt å forlate jenterommet, og trist å flytte frå ei mamma som alltid steller med meg. Eg var van med å få middag på bordet kvar dag, no skulle vi klare oss sjølve. Også her stilte familie og venner opp: Foreldra til Ole Andre stilte kjellarleilegheita si til disposisjon, og mange kom med klede og utstyr til den vesle som skulle komme. – Leilegheita vart utvida og pussa opp i full fart, og det einaste vi måtte kjøpe var bilstol og vogn. Vi har vore heldige. Og så var det den russetida då. – Det var berre til å brette opp armane og ringe rundt. Eg starta med bestevenninna mi og innleia med at ho skulle bli «tante», og at eg mest sannsynleg måtte trekke meg frå den russebilen, ler Thea. Adelen. Når sjokket hadde lagt seg, og Thea og Ole Andre skjøna at dei hadde massiv støtte frå

dei rundt seg, klara dei å glede seg til det som skulle komme. – Sjølv om det aldri var planen å bli gravid, så elskar eg jo barn. Det var nesten som at siste månaden gikk litt seint, samtidig som eg hadde problem med å omstille meg. Eg måtte slutte på skulen, og på det verste kunne eg tenke at ja-ja, no sit eg her, heilt åleine, og ville berre tilbake til jenterommet. Eg grua meg veldig til fødselen, men gleda meg til å helse på. Ei velskapt jente kom til verda 14. november. – Å føde er tøft, så enkelt er det. Det same er barseltida. Det kom nokre tårer då kan du sei. Men så var det jo sånn at då ho først kom, så var det heilt naturleg. Ho fekk namnet Adelen og vart fort heile familiens yndling. I dag sloss familien om å få både holde og passe. – Vi er privilegerte som har ein ressurssterk familie rundt oss. Dei er ein viktig grunn til at vi klarar dette. Eg ser for meg at det er mykje tøffare å vere ung mor om ein ikkje har rette nettverket rundt seg. Besteforeldra har knapt landa. Dei svevar på ei rosa sky og er lukkelege på mine vegner. Dei kjem når eg treng dei.

Vaksen over natta. Livet forandra seg fort etter at Adelen kom til verda. – Den største forskjellen er at alt er meir tungvindt no. Før treiv eg til meg jakka og fauk ut døra straks noko var på gang. No er det sånn at om eg for eksempel treng noko på butikken, så må eg først mate Adelen, kle på ho, skifte bleie, pakke stellebagen og ta vogna inn i bilen før vi kan reise. Eg kan ikkje lenger berre fyke ut døra. I tillegg har eg fleire forpliktingar enn vennene mine. Ting må planleggast, og det er ikkje alt eg kan vere med på. Fest og slikt har eg ikkje lenger behov for. Det behovet forsvann då eg fekk Adelen. Ikkje har eg overskot til slikt heller. Eg har andre prioriteringar no, som søvn, ler ho. For det er jo slik at babyar søv når det passar dei. – Ofte går vi her og trakkar og byssar til klokka tre. Då er det godt å kunne sove lenge om morgonen. Vi kosar oss mykje, vi to, seier Thea og ser på vesle Adelen som søv trygt i fanget hennar. Ja, for no passa det visst å sove. No når mamma skulle få besøk av fotograf som skulle ta fine bilde av ho. – Akkurat no kunne eg ikkje tenkt meg noko anna. Eg gir ikkje opp draumane mine sjølv om eg fekk Adelen. Til hausten skal ho begynne i barnehage, og eg skal fullføre vidaregåande. Vi har vekse enormt på dette, både eg og Ole Andre. Og eg vil ikkje gå tilbake. Akkurat no er ho det mest naturlege i heile verda. – Om ho får søsken? Det blir i vertfall veldig, veldig lenge til. Det får halde med ei overrasking for no, avsluttar ho.

19


RIKSVEGFEM

Sindre Skrede, Mediebruket.

Backup og tryggleik Då er du neppe åleine. Men tek du tryggingskopi av bileta dine? Du er i så fall smart — men diverre i mindretal. Over 80 % av telefonane i Noreg er no smarttelefonar med kamera. Kvaliteten på bileta vi får frå telefonen har gått kraftig opp dei siste åra, og ser vi på salet av digitale kamera er det stadig fleire av oss som nyttar telefonen som einaste kamera. Telefonen er med oss mest over alt. Då er det lett å knipse eit bilete der ein er, anten det er av utsikta frå fjelltoppen, middagen med familien eller barnebarnet som har fått si første tann. Men kva skjer dersom telefonen vert øydelagd, stolen eller forsvinn? Har du ikkje kopi av innhaldet på telefonen, er alle bileta tapt — for alltid. Borte er bileta frå sydenfe-

rien, backpackerturen til Asia eller fjellturen førre fredag. At nokon av dei ufordelaktige bileta frå den sveitte turen mot toppen er borte, kan kanskje vere like greitt. Verre er det at sjølvien frå toppen av Blægja forsvann. Kven vil no tru deg på at du nådde toppen? Løysinga er å ta backup av innhaldet på telefonen. Mange telefonar har system for automatisk og gratis backup av både bilete, video og anna innhald på telefonen. Desse bør du nytte (sjå faktaboks). I tillegg kan du vurdere alternativ som Flickr, Dropbox og Facebook. Desse er alle gratistenester, som automatisk kan ta backup for deg. Flickr og Facebook lar deg i tillegg dele bileta med vener og kjende dersom du ynskjer det. Det viktigaste er derimot at du har bileta dine trygt lagra fleire stader enn berre på telefonen.

nen og gratistenester, i tillegg til at eg tek manuelle kopiar av bileta til mi eiga datamaskin. Det er for seint å stengja buret når fuglen er flogen, heiter det. Eg trur det same gjeld for kopiar av bilete på ein øydelagt telefon.

Automatisk backup Windows Phone: Har du ein telefon med Windows går du til «Innstillinger->Sikkerhetskopi». Her kan du velje kva du ynskjer å ta backup av, så som bilete, innstillingar og applikasjonar. Android: På Android må du opne fotoalbumet ditt. Trykk så på meny-ikonet og deretter «Innstillinger->Auto-backup». Apple iOS: Gå til «Innstillinger->iCloud->Sikkerhetskopi».

Sjølv nyttar eg både backup-systemet til telefo-

Å J S G O M O N N I M O K ER!

T I E H Y N VÅRE Avan Fukt - og vanntett Smart oppbevaring Lett tilgjengelig

60 60

å år

1955

Opnin ngstider:

20

Måndag–fredag: 07.30–16.30. Lau urdag: 10.00–14.00. Vi tar forbehald om fargeavvik og tr ykkfeil.

Tlf. 57 72 55 90 - Mob. tlf. 992 13 790 Flovegen 4, 6800 Førde - www.comfort.no

R Rein ein Design

Tek du bilete med telefonen?


Rein Design

nye Den n ye

EIN ENKLARE

KVARDAG

generasjonen gener rasjonen asjonen vinylgolv vin ylgolv er her h her. r.

vinylgolv gjeree kvar kvardagen enklare. TTarketts arketts vin ylgolv er laga ffor or å gjer dagen din enklar e. Det treng er slitesterkt, rrobust obust og lett å rreingjere eingjere dder er ddu u tr eng ddet. et. Samtidig behageleg noko Samti dig er ddet et mjukt og behag eleg å gå på, n oko som er perfekt mange husets presenterer nyheit im ange av h usets rrom. om. I år pr esenterer vi ddessutan essutan ei n yheit som ekstraa lett å legg leggee - vin vinylgolv plankeformat Click. er ekstr ylgolv i plank eformat - Starfloor Cli ck.

Før Førde ørde Far Fargehandel gehandel er best på ggolv olv og fylkets har fyl ylkets største utval i ggolvbelegg. olvbelegg. Kom K om m inn iinnom om oss ffor or in inspirasjon spirasjon til alle h husets usets rrom. om.

21


Eg heiter Joachim Vie. Eg er nokre dagar over 34 år, sambuar med Lena og far til Nomi (4,5) og Alvin (2). Eg er ein av desse fedrane som hadde eit aktivt turliv, med klatring, fiske, ski med meir. Fridomen blei kraftig innskrenka, og initiativa stadig færre då ein blei småbarnsfar. Kvardagsturane og draumen om den store turen held fram. Det vil bli oppturar og det vil bli nedturar, men vi lærer - trur eg. Det siste året har det vore meir tilfeldig om vi har skrive noko til FM. I 2015 tek vi sikte på å vere med i kvar tredje utgåve.

Skulerett Nomi er blitt fire og eit halvt år, og gler seg til ho blir seks. Men allereie no er ho gammal nok til å vere med på ein del aktivitetar – der far verken er læremester eller guru. Han er rett og slett litt i vegen. Kva skjer når far, som er van med å vere sterkast, flinkast og best i heile verda, plutseleg står som passiv tilskodar? Når han ser ein ung skiinstruktør utrette meir på ein time enn far greidde på fire. Når lisjejenta vel «jentehobbyar» framfor slikt far vil at ho skal like. Jo, det skal eg fortelje deg. Men først; lat oss ta opptakta til denne laurdagen, som skulle føre med seg nye oppdagingar.

Nina og barnevern. – I morgon skal eg på ballet!

22

Nomi syng setninga og dansar ballett til melodien. – Men du skal noko anna òg, seier eg håpefullt. – Jo, og så skal eg på skiskule, svarar ho fråverande. – Det blir vel kjekt? – Joda, det blir det, seier ho og dansar bortetter golvet. Planen for helga var eigentleg heilt annleis, og det var verken ballett eller skiskule som skulle vere høgdepunktet. For ein gongs skuld hadde vi ei temmeleg god kjensle for den planlagde helgeturen. Laurdag skulle eg og Nomi, etter ballett og skiskule, spenne på oss skia og pulken, gå så langt vi orka, for å så sove ute. Men så kjem ho Nina, og media passar på å skrive mykje om kor gale det kan gå. Dersom vi held oss under tregrensa og tek omsyn til vindretning når vi slår leir, kunne vi likevel prøve oss i veg. Sjølv om Nina kunne høyres skummel ut, så var «momor» endå tydelegare:

– Eg ringjer både barnevernet og politiet om de drar ut i kveld! Om kvelden ringde ho att for å sjekke om vi var lydige. Det var vi. Planen om overnattingstur utgjekk. – Er det torn og lyn òg, spør Nomi når eg seier at vi ikkje kan reise på tur. – Det kan kome vind som riv ned trea, forklarar eg. – Då kan vi få det i hovudet, og då blir det hol, kan ho opplyse. Helga før hadde Nomi og eg gått ein kveldsskitur som gjekk over all forventning. Det var grunnen til at ambisjonane om ein litt lenger tur på ski med overnatting tok form. Og denne helga var perfekt for slik aktivitet – rett før markeringa av Friluftslivets år, som starta 13. januar. Helgemenyen vår gjekk frå å vere ei god heimelaga gryte med ski, telt og sovepose, til ein dårleg ferdigrett – og eg skulle gå frå å vere kokk til servitør.

Svanesjøen. Skal vi ikkje gå snart så eg rekk balletten, seier Nomi. Ho har raude roser i kinna, rosa hjelm og ein fargerik skidress på seg. På føtene har ho to korte ski. – Om ein halvtime, ropar eg. Nomi er med på Skiskulen i Bjørkelia, men litt distrahert av ballettimen ho skal vere med på når skiskulen er ferdig. – Nomi sukkar og blir med skiinstruktøren Sofia opp bakken for ei ny runde med ploging. – Sjå pappa, eg lagar pizza, smiler ho med skia forma som eit pizzastykke på veg ned bakken. Eg mistenker at denne opplæringa ikkje hadde gått like knirkefritt om far skulle stått for pedagogikken. – NO då pappa, no må vi gå. Men Nomi rekk nokre rundar til med ploging før vi må haste av garde til neste arrangement. Nok eit arrangement der far skal vere tilskodar, heldigvis, får vi seie i

dette tilfellet… – Skal du ha rosin pappa, seier Nomi i bilen på veg ned att, medan eg funderer på korleis vi hamna i ei tidsklemme med barneaktivitetar. – Nei takk. Men vil du ikkje ete noko skikkeleg før balletten? – Nei matpakken skal eg spare til etterpå. Har mamma med kjolen til meg? Eg kan ikkje danse ballett i det her, seier ho og peiker nedover på det lilla ullundertøyet sitt. – Mamma har ordna det, seier eg i god tru. Det var ikkje så enkelt. Sidan dette berre skulle vere ein prøvetime, så trengte ein ikkje handle inn ballettklede. Ikkje ein gong eit skjørt hadde vi med. Det blei heldigvis raskt gløymt når instruktøren samla alle i ein ring og undervisninga starta. Så der står eg nok ein gong på sidelina. Ikkje berre er ein tilsidesett – ein har faktisk ingenting å bidra med. Det kjennes rart å måtte stå og sjå korleis Nomi beherskar øvingane dei skal gjennomføre.


Fra ø. til venstre: Å ta heisen saman med Sofia Hagen Paulen er mykje kjekkare enn å ta den med pappa. Hanne Fonn hadde full kontroll på både skininstruktørar og elevar. Vi har ein regel som seier at det går heilt fint å ete i bilen, uansett kva. Kylling og slush til lunsj, når Nomi har vore flink på skiskulen. - Sjå pappa, eg lagar pizza! Utruleg kor fort ungar lærer, når dei berre har lyst.. Uansett kor mykje kjekt eg meiner vi gjer i lag, så greier eg aldri toppe entusiasmen ho har for ballet, eller ballettkostymet.

Frå å vere på turar, der vi ikkje konkurrerer med nokon, og eg kan dele ut så mykje ros og oppmuntring som må til for å skape begeistring, til å vere statisten, der ho må stå på eigne bein, og prestere saman med jamnaldrande. Det einaste eg kan gjere er å smile, klappe og rose i etterkant. Eg kjenner meg litt makteslaus. Eg er ikkje sikker på om eg likar dette. Dette er kanskje det første grasiøse steget mot å ville gjere ting på eiga hand. Eg må minne meg på at ho berre er fire og eit halvt – heldigvis.

Berre ein tur til. Trass i storm og avvikla helgetur i telt, så gleda eg meg over at Nomi såg fram til dag to på skiskule. – I dag skal eg bli flinkare enn deg pappa, seier Nomi med eit lurt smil. Vi sit i bilen på veg til nye opplevingar, som vi så ofte har gjort før. Pratar fritt. Nomi snakkar og pappa svarar. Forskjellen er at vi snakkar om andre ting, ikkje

berre turen vi er på. Ho snakkar om ballett. Ho snakkar om barnehagevenninnene som er snille, mindre snille og kva ho skal gjere når ho blir seks. – Eg blir seks om sommaren, seier Nomi – Du må bli fem først, seier eg. – Nei, pappa, eg blir seks. Sånn som Sofia, skiinstruktøren. Sofia heiter eigentleg Sofia Hagen Paulen, og er ti år. – Sofia er mykje eldre, seier eg. Ho har trena og øvd for å bli så flink på ski. Vil du og bli så flink, spør eg Nomi. – Eg skal øve mykje og bli kjempeflink, seier ho. Normalt må eg overtale ho til å halde fram, anten vi er på ski eller går oss ein tur. Førre helg måtte eg forklare kvifor vi ikkje kunne gå lenger på den tidlegare nemnte skituren vår. Denne gongen ville ho ta heisen opp att og øve meir på ploging.

– Pappa då, eg skal jo bli flink og må øve. – Det skal vi, men no er det ei anna gruppe som skal bruke heisen. – Kven er det? – Det veit eg ikkje. Vi kan ta heisen til toppen og øve der oppe om du vil? – Oppå der? Spør ho og løftar blikket. – Nei, det er altfor høgt og bratt, seier ho og blir med attende til bilen. – Du er ein sånn forelder som står på sidelina og heiar du, seier Lena når eg med stoltheit fortel om kor flink Nomi var på skiskulen dag 2. – Ne-hei, det er eg vel ikkje, svarar eg kontant, før eg tenkjer meg om. Er eg? Er eg i ferd med å bli eit av mine mareritt? Den som køyrer ungane på alle moglege aktivitetar? Eg som skulle gå i fjellet med ungane, klatre, la dei få drive med alternative ting. Skal eg og hamne i den komfortable fella der andre skal stå for det meste av aktivitetsopplæringa?

23


ØKONOMI

skriven av Gunn Aase Moldestad marknadssjef, Sparebanken Sogn og Fjordane

Sjef i eige liv Vi har lagt 2014 og gammal moro bak oss. Gammal moro på fleire vis kanskje. Under fjorårets julehandel sette nordmenn ny rekord i forbruk på julegåver. I media les vi at 200.000 foreldre kjøpte eksklusive merkeklede til barna sine. Og iPhone6 til barn ned i 10–11 års alder låg under mange juletre. Vi foreldre ønskjer det beste for barna våre, men er det dyraste det beste, og er det lurt å gje så dyre gåver? Økonomar og psykologar åtvarar mot utviklinga, som bidrar til kjøpepress blant barn og unge og eit forbruk mange foreldre ikkje har råd til, sjølv i eit land der det økonomisk stort sett går bra med oss. Men åtvaringa kjem av fleire grunnar. Vi hjelper barna våre økonomisk i større grad enn før. Både i samband med bustadkjøp og forbruk elles. Konsekvensen er at barn og unge generelt i liten grad treng å spare til ting dei har lyst på lenger. I tillegg bognar samfunnet over av varer og tenester, og teknologien gjer alt langt meir tilgjengeleg enn før. Risikoen er difor stor for at dei unge

ikkje får den nødvendige bagasjen til eit sjølvstendig økonomisk liv når dei flyttar heimanfrå. Kredittveksten blant ungdom aukar kraftig. I 2013 hadde norsk ungdom i alderen 18-26 år ei inkassogjeld på over 1 mrd. kr. Betalingsmerknader kan få større konsekvensar enn ein trur og kan koste våre håpefulle både bustad og draumejobben. Det er med andre ord lett å få ein dårlig økonomisk start på vaksenlivet. Opplæring i personleg økonomistyring er eit viktig samfunnsansvar for bankane, og noko vi set på dagsorden i lag med foreldra og skulen. Finans Norge arbeider no tett med departementa, Ungt Entreprenørskap og Forbrukarombodet, om innføring av personleg økonomi som obligatoriske fag i læreplanane på alle nivå i grunn- og vidaregåande skule. Engasjementet har ført til fleire gode tiltak. Programmet Sjef i eige liv retta mot elevar ved den

vidaregåande skulen er eitt. Gjennom ulike verktøy får elevane ei auka forståing for samanhengane mellom dei vala dei gjer i dag og livet dei ønskjer seg i framtida. I programmet skal dei setje opp budsjett og vurdere korleis yrke, livssituasjon, sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi. Eit anna tiltak er kunnskapstesten «Økonomilappen». I 2014 fullførte over 10 000 unge denne testen. Avslutningsvis, her er nokre tips til oss foreldre: • Ver ein god rollemodell for barna dykkar når det gjeld eige forbruk. • Lær barna tidleg om kva ting kostar og lær dei å spare sjølv til ting dei ønskjer seg. Hugs; Det er in å kjøpe brukte klede og fleire kjendisar er gode førebilete. • Etter kvart som dei tek til å få inntekter, lær dei å setje opp budsjett og ein matplan. Godt nytt år.

Er bilen din klar for vinterferie?

BESTILL TIME I DAG Vinteren kan lett bli eit mareritt dersom ikkje bilen er i toppform. La oss sjekke bilen før kulda set inn for fullt, så kan du i ro og mak bruke tida til andre hyggelege vinteraktivitetar. Du finn alltid ein MECA-verkstad nær deg. Vi tilbyr også: – Reparasjon av alle bilmerke – Service – AC/klima-service – Hjulstillingskontroll – Bilglas/ruteskift Fortun: Fortun Bensinstasjon, 57 68 61 57 Hafslo: Gt Bil, 57 68 16 88 Hornindal: Haugen Motor, 57 87 95 00 Leikanger: Leikanger Auto, 57 65 31 00 Sandane: Leiv Austrheim, 57 86 58 60 Førde: Riko Førde, 57 83 72 22

24

www.meca.no

– EU-kontroll (PKK) – Bremsetest – Kjølevæskekontroll – Diagnose-test – Dekkskift/dekkhotell

Betal når det passar for deg!

Bremanger: Rutebilane i Bremanger, 94 03 20 00 Svelgen: Svelgen Motorsenter, 57 79 36 11 Vik i Sogn: Tistels Auto, 57 69 77 99 Hellevik i Fjaler: Fure Mekaniske, 57 73 75 42 Stryn: Stryn Bilverksted, 99 39 10 72 Øvre Årdal: Vee Bensin og Bilrekvisita, 57 66 30 40

Kindbergs

NYTTÅRSDANS 30.-31. JANUAR Fredag: Kindbergs spelar i Barthold Laurdag: Dans & fest i 2 etager med Dr.Doc, Kindbergs & Ingemars.

SUNNFJORD VINTERFEST 14. FEBRUAR Musikk, fest & dans i 2 etager med PLUMBO, Kokken Tor & VIMENN Billettar får du kjøpt i vår resepsjon eller på nett www.fordehuset.no For overnatting & bespisning kontakt oss på tlf 578 34000 for eit godt tilbod.

www.scandichotels.no/Hotels/Norge/Forde

Plumbo


Fagmiljø har opna ny butikk i Firda avegen n 20 (tidl. ica maxi)

Intropris Soft Responsseng

150x200

NO 2 956,Ord .pris 7 990,IIntropris ntropris

-50% Dundyne fra Høie 140x200 cm

NO 790,NO FRA A 398,39

-45% Grace soft

SAL - OPNINGSTILBOD

-63%

Sengegavl Kr 2190,-

kontiental seng

NO 5 pris

879, -

10 6 90,-

-45% Intropris Opus seng 150x200

ord. pris 1580,-

NO 8 442,O pris Ord. p 15 350,-

Møblar Møb blar og interiørr til knallprisar! knallprisar!! Skyvedørs garde garderobe 80x200

MODULSOF DULSOF FA INNT INNTIL -30%

NO 2 990,,

-50% Hjørnesofa 3+2 seter

Ord. pris 5 990,-

-50% NO 8 990,ord. prris 17 980,

ALLE OPNINGSTILBOD GJELD KUN I FØRDE

Firdavegen 20, 6800 Førde

25


Prøvekøyrt: Ford Mondeo 2,0 Titanium

Endeleg! Ja, endeleg! Endeleg er den mykje omtalte og lenge sakna Ford Mondeo på plass hos forhandlarane. Verdt å vente på, seier Hansa om sine produkt. Har det vore verdt å vente lenge på den nye Ford Mondeo? TEKST: Tore Fossen FOTO: Thor Aage Lillestøl

Ja, eg vil meine det. Første gong eg såg denne modellen, rett nok sedanutgåva, var då eg var ein tur til Nashville hausten 2013. Neste møte var då vi fekk prøvesitte eit eksemplar på nybilmessa i Førdehuset i haust. Det finst sikkert fleire grunnar til at det har gått halvtanna år før vi fekk den på plass på denne sida av Atlanteren, men no er den i alle fall her. I oktober fekk Hr. Vie lov å reise til Spania for å prøve den, av den enkle grunn at underteikna var på ei anna reise akkurat då. Typisk, og trur du eg var misunneleg? Men her ein dag syntest eg å skimte hekken på den nye Mondeo‘en, og då heiv eg meg på telefonen til AutoForum og lurte på om eg og kunne få prøve den. Og det fekk eg.

VAKKER: Ikkje det at eg synest det var noko gale med den førre utgåva av Mondeo, men designmessig er det opp ein del hakk. Spesielt har eg sansen for den flotte fronten, som har klåre likskapstrekk med Aston Martin, sjølv om dette er tona ned for å framstå som ein moderne familiebil. Hekken med dei flate og breie eksosrørstussane er heller ikkje feil. Og når det ytre fell i smak, gjenstår det å sjå om det indre står i stil. Det er trass alt det indre som tel, vert det påstått. Eg vil påstå at den faktisk er vakker, både som stasjonsvogn og sedan.

26

BEHAGELEG: Eg fekk låne ein Mondeo Titanium, som førebels er modellen med høgst utstyrsnivå. Når ein set seg i sportssetene kjenner ein med ein gong at desse passar meg perfekt. Fin støtte både for ræv og rygg, og reguleringa er elektrisk. Interiøret er stramt og elegant. Ein stor touchskjerm gjev meg høve til å enkelt kople til telefonen og spele av min eigen musikk, eller finne fram ulike kanalar på DAB-radioen. Den gjev også enkel informasjon om både temperatur i kupeen, kvar hindringane er når eg skal parkere, og til og med eit lite kompass er der, slik at eg kan

Motor: 2,0 diesel Maks effekt: 150 hk 0–100 km/t: 9,9 sek Toppfart: 213 km/t Lengde: 4874 mm Breidde: 1852 mm Høgde: 1501 mm Vekt: 1581 kg Oppgitt forbruk, blanda køyring: 0,48 l/mil Vårt forbruk: 4,9 l/mil CO2-utslepp: 125 g/km Pris frå kr 395.000,Pris testbil: kr 450.100,Rimelegaste modell: 1,6 TDCI ECOnetic, 115 hk, man., 5-dørs, kr 310.000,-

sjå kva retning eg køyrer i tilfelle eg skulle vere i tvil. Elles er knappar og hendlar enkle å betene, og skulle eg finne på å gire opp eller ned før den fine automatgirkassa har bestemt seg for det, kan eg bruke girskifthendlane på rattstammen. Radiokanalar, volum, telefon og cruisecontroll styrer eg med knappar på multifunksjonsrattet. Og dei står om lag der eg forventar å finne dei.

STØY: På tur kan ein ikkje unngå å legge merke til støyen. Støyen som ikkje er der. Kupéen er utruleg godt isolert mot støy. Ja, rett og slett behageleg fritt for uønskt lyd. Til gjengjeld var det berre å nyte lyden av Augustines sine vakre låtar frå siste plata (visst ein kan kalle det ein lastar ned for ei plate). No vart det ikkje noko langtur a la Nordli eller Svinesund denne gongen, men likevel har eg fått køyrt bilen nokre titals mil, og la det vere sagt: Eg kan godt køyre den tusen kilometer til, utan at eg trur eg blir lei. Med ein 2-liters motor med 150 hk og eit maks dreiemoment på 350 Nm fungerer det veldig bra. Eg trudde faktisk eg hadde fått lånt ein med 180 hk, men der tok eg positivt feil. Frå 0 til hundre tek det ca 10 sekund (9,9 for å vere heilt nøyaktig) med automatgir. På ein glatt E39 vart det få høve til å teste ut toppfarten, men den er oppgitt til å vere 213 km/t. Det får vi prøve ein annan gong (og i eit anna land).

UTSTYR: Eg let meg imponere over utstyrsnivået som er standard på denne nye Mondeo‘en. Nøkkellaust system med touchlås på dørhandtak er ein ting som er kult. Oppvarma frontrute er ein annan ting. Ein tredje er «føreroppmerksomhets-

overvåking» (fann ikkje noko godt nynorsk ord akkurat der). Det fjerde er filskiftvarsling og filskiftassistanse. Og mykje meir. Kanskje ikkje revolusjonerande i 2015, men likevel utstyr som ein før berre fekk på bilar i heilt andre prisklassar enn det vi snakkar om her. Startprisen på ein Mondeo Titanium Powershift 2,0 med 150 hk er 395.000 kroner. Bilen eg lånte hadde ekstrautstyr for vel 60.000 kroner (metallic lakk, el-seter, Citypakke 2, Titanium X-pakke, motor- og kupévarmar med fjernkontroll, mørktona glas og elektrisk tilhengarfeste). Og skal du ha deg ein ny Ford Mondeo, må du ta med pakken med dynamiske LED frontlykter, som automatisk justerer nærlys og fjernlys, og justerer lysspreiinga alt etter omgjevnader og dagslys. Absolutt ein god ting. Elles kan du jo plusse på med navigasjon og ikkje minst ein parkeringsassistent som lar bilen finne parkeringsluka og parkere sjølv dersom du slit med stiv nakke og angst for lukeparkering.

MOTORAR: Ønskjer du å køyre dieseldriven Mondeo, kan du velje mellom 1,6 liters motor med 115 hk, eller to variantar av 2-literen med høvesvis 150 og 180 hk. Vil du derimot ha ein modell


med bensinmotor, står valet mellom 1,6-literen med 160 hk, eller to variantar av ein 2-liters motor med 203 eller 240 hk. Ja, og så kjem det (sjølvsagt) ein hybrid med 187 hk. Har du litt tolmod, kan du vente eit par månader, for då kjem Mondeo med firehjulstrekk. Rett nok må du ut med cirka 45.000 kroner meir enn for

den tradisjonelle framhjulsdrivne modellen, men det er sikkert ikkje feil med trekk på alle fire hjula på denne bilen.

riør og det er ei glede å køyre bilen. Den er velutstyrt, og med eit par ekstrapakkar til overkommelege prisar, har du mange fine bilturar i vente.

KONKLUSJON: Ja, endeleg. Med den nye Ford Mondeo trur eg Ford rykker opp fleire plassar på salsstatistikkane. Det er ein stilrein bil med eit vakkert ytre. Det verkar som det er kvalitet i inte-

PS! Skulle du få lyst å bli massert medan du er på tur, så må du smørje deg med tolmod, og ikkje olje, for snart er også massasjeseter tilgjengeleg, med både varme og kjøling.

Flytte langt? Flytte heim? Flytte ut?

• Vi leverer og monterer ulike typar solskjerming til både privathus og foretningsbygg. • Vi leverer alt av dører og vinduer, tilpassa kunden sine ønskjer. • Alle typar gitterportar til vindu-og butikkinngangar.

• Vi tek på oss små og store oppdrag med glas- og monteringsarbeid, i alt frå privathus til store forretnings- og industribygg.

GLASMEISTER

Halbrendsøyra 7 • 6800 Førde • Tlf. 57 83 08 50 • www.holvikglas.no

Rein Design

Alt innan tradisjonelle glasmeistertenester

Vi tar jobben. Uansett kvar du skal til eller frå. Over heile landet – eller ut av landet.

• • • • •

Flytting Lagring Pakking Forsikring Utleige av vare- og lastebilar

27


TETTARE PÅ

Gro Rukan

Foto: Thomas Bickhardt

Gro Rukan er dagleg leiar i Framtidsfylket. Ho er i full gang med planlegging og gjennomføring av årets karrieremesser. – Kor tid hevar du stemma? – Eg hevar stemma når eg meiner eg har noko å bidra med. Trur ikkje folk oppfattar meg som den som er mest frampå, men eg er absolutt ikkje redd for å seie ifrå om eg har noko på hjarta. – Kva er mat for deg? – Mat er både gøy og naudsynt. Eg likar å prøve ny mat når eg er på reise. Har som tanke at om eg bestiller noko eg ikkje anar kva er, kan det gje spennande opplevingar. Må føye til at eg har fått nokre mindre delikate opplevingar i ulike land, men det er verd det likevel. – Kor tid sist kjende du på lukkekjensla? – Vanskeleg spørsmål. Lukke er så mangt. Å lukkast på jobb er ein ting. No er eg veldig stolt av at vi har klart å engasjere mange bedrifter i Sogn og Fjordane til å samle seg kring trainee-ordninga. Vi annonserer heile 22 trainee-stillingar i 2015. På det private planet vart eg lukkeleg førre veke då dottera mi Astrid (4) gjekk sitt første skirenn, og snakka hol i hovudet på meg etterpå. Det er slike lukkekjensler som sit i lenge. – Flørtar du mykje? – Periodevis ja. – Kva gret du av? – Eg er litt sentimentalt. Græt av alt frå barn som syng, til dikt eller gode mellommenneskelege historier på radio, eller rett og slett ei gripande bok. Bøker kan sette meg heilt ut i dagevis.

28

– Kva gjer alkohol med deg? – Eg drikk lite og sjeldan. Likar ikkje kjensla av å bli susen. Er nok litt

kontrollfreak. Men, eit godt glas vin til maten i godt lag set eg pris på. – Kva forhold har du til husarbeid? – Må innrømme at eg er lite glad i husleg arbeid, og eg har dessverre altfor høg terskel for rot. Men, eg er grundig når eg først tek grep… – Kor tid mistar du besinnelsen? – 2 dagar før mensen! Av alt og ingenting... Går dessverre/heldigvis berre ut over mine næraste. Spøk til side; Eg mistar sjeldan besinnelsen, men eg vert oppriktig oppgitt over folk som er sjølvfokuserte når dei skal arbeide for fellesskapet. – Kor hentar du energi? – Utandørs! Frisk luft gjer meg glad. Då senkar eg skuldrane. Eg går mykje tur i skogen. Det er fin opplading, og då tenker eg klårare. Det er ikkje sjeldan at det er på tur eg får dei gode ideane. Skogen er faktisk ein god arbeidsplass. – Likar du merksemd? – Jepp! Eg elskar det! – Kva gjer du når du har åleinetid? – Åleinetida mi har eg på tur med bikkjene. Tidleg om morgonen før dei andre er vakne har eg fine stunder. Utviklinga mot vår og sommar som ligg føre oss byr på unike soloppgangar. – Kven er du på Facebook? – Falskt blid, glad og vellukka. Dårlege dagar får ikkje plass der. Er veldig selektiv på kva eg deler av privat karakter. – Kva er ein god venn? – Ein som deler sorger og gleder med meg. Ein som inkluderer meg i sine tankar og sitt liv, og ein som eg kan inkludere i alle mine tankar uansett kva tema. Rett og slett ein person som er glad i meg uansett om det er kvardag eller fest.

– Blir du fort stressa? – Nei. Eg gjorde det før, men med tid og erfaring har eg slutta med det. Men, eg er god på høgt tempo, så eg taklar mykje utan at eg definerer det som stress. – Kven var din første kjærleik? – Eit meir relevant spørsmål er: Kven er din største kjærleik? Svaret då er utan tvil mannen min som eg beundrar og vert meir og meir forelska i og takksam for ettersom åra går. Eg er ein håplaus romantikar som er så heldig at eg har vore lukkeleg gift med «the one and only» i 18 år. Eg kan heilt ærleg ikkje hugse om det var nokon før Brigt! – Kven saknar du? – For meg er det ikkje kven, men kva. Innimellom tar eg meg i å sakne rød sand mellom tærne og varme tropenetter med ein strålande mjølkeveg på himmelen. Ulike land i Afrika har vore heimen min i mange år av livet. Det har gitt meg mange gode og uvurderlege minner, men samstundes har det også betydd at eg har ein del venskap som har blitt avslutta p.g.a. avstandar og umoglege kommunikasjonar. – Kva ser du fram til? – Eg er veldig glad i jobben min, og no er eg i ein periode med 24 timar fokus på å profilere Sogn og Fjordane sine karrieremoglegheiter til nyutdanna. Eg ser fram til karrieremessene i Sogndal, Trondheim, Oslo og Bergen. Målsetnaden min, som eg verkeleg brenn for, er å styrke samhandlinga i Sogn og Fjordane. Vi treng meir raushet i dette fylket. Vi må samle oss enno betre kring omdømmebygging og profilering av alle dei moglegheitene som dette fylket har. Vår største fiende er våre eigne haldningar. Om ikkje vi som innbyggjarar i Sogn og Fjordane er stolte og fortel resten av landet kva vi er gode på, kven skal elles gjere det?


1<+(,7 20

/(,/(*+(,7(5 7207(5 3c 0c/

12 .-(0 3,11'$/(1 )25 6$/ 1 2 .-(0 3,11'$/(1 , I¡UVWH E\JJHWULQQ NDQ YL WLOE\ ‫ی‬RWWH OHLOHJKHLWHU IUn , I¡UVWH E\JJHWULQQ NDQ YL WLOE\ ‫ی‬RWWH OHLO IUn 45-89 m2 LL ODQGOHJH RJ LG\OOLVNH RPJMHYQDGHU ODQGOHJH RJ LG\OOLVNH RPJMHYQDGH 33LQQGDOHQ OLJJ EHUUH In PLQXWW XQQD VHQWUXP DY )¡UGH LQQGDOHQ OLJJ EHUUH In PLQXWW XQQD VHQWUXP DY )¡UGH P PHG HLW ULNW WLOERG DY DUEHLGVSODVVDU EXWLNNDU RJ HG HLW ULNW WLOERG DY DUEHLGVSODVVDU EXWLNNDU RJ IIULWLGVDNWLYLWHWDU +HU OLJJ DOW WLO UHWWH IRU HLQ DNWLY OLYVULWLGVDNWLYLWHWDU +HU OLJJ DOW WLO UHWWH IRU HLQ DNWLY OLYVVVWLO PHG WLOJDQJ WLO ‫ی‬RWWH WXURPUnGH RJ HLQ DY E\HQV WLO PHG WLOJDQJ WLO ‫ی‬RWWH WXURPUnGH RJ HLQ DY E\HQV E HVWH V\NNHOYHJDU UHWW XWDQIRU G¡UD EHVWH V\NNHOYHJDU UHWW XWDQIRU G¡UD

66M¡OYHLJDUOHLOHJKHLWHU M¡OYHLJDUOHLOHJKHLWHU 66HQWUDO EHOLJJHQKHLW HQWUDO EHOLJJHQKHLW 8 UEDQW EXPLOM¡ 8UEDQW EXPLOM¡ 66¡UYHQGWH EDONRQJDU +XV $ SODQ RJ KXV %

¡UYHQGWH EDONRQJDU +XV $ SODQ RJ KXV %

))ORWWH WXURPUnGH ORWWH WXURPUnGH 66WRUH WRPWHU Sn PnO WLO VDOV WRUH WRPWHU Sn PnO WLO VDOV

3URVMHNWHW EOLU ODJW XW IRU VDO L O¡SHW DY MDQXDU 3 URVMHNWHW EOLU ODJW XW IRU VDO L O¡SHW DY MDQXDU

. .217$.7 266 , '$* )25 (,1 217$.7 266 , '$* )25 8 8)253/,.7$1'( 35$7 )253/,.7$1'( 35$7 6WLQH 0DULH 6W¡OVYLN 6WLQH 0DULH 6W¡OVYLN ,QWHUL¡UDUNLWHNW VHOMDU ,QWHUL¡UDUNLWHNW VHOMDU 7OI 7 OI +HOHQ )ODWHQ +HOHQ )ODWHQ ,QWHUL¡UGHVLJQDU VHOMDU ,QWHUL¡UGHVLJQDU VHOMDU 7OI 7OI SRVW#VWROVYLN QR _ ZZZ VWROVYLN QR S RVW#VWROVYLN QR _ ZZZ VWROVYLN QR

ZZZ SLQQGDOHQ QR Z ZZ SLQQGDOHQ QR

29


INTERIØR

Les meir om interiør på min blogg: husetvedfjorden. blogspot.no

med Bjørg Njøsen

Tid for forandring! Jula er rydda ut av heimen og eit nytt år står framfor oss. Huset vårt er litt tomt etter at julepynten er kome på loftet. Difor får eg alltid lyst til å gjere noko nytt med interiøret på denne tida av året. Det er tid for forandring! Skal vi høyre på trendekspertane vil interiøret i 2015 innehalde blant anna lyst treverk, marmor, gylne metall, som kobbar og bronse, marmor, grøne planter og oransje som er årets farge. Dette er element som eg gjerne tar i bruk! Lyst treverk er så lekkert til dei duse fargane eg likar så godt. Gylne metall gjev varme til interiøret. Grøne planter friskar opp. Oransje er ein fantastisk sprek farge som eg ikkje er redd for å bruke meir av. Til og med marmor som har vore trendy lenge, er eg no klar for å kaste meg over. Litt sånn betre seint enn aldri. Eg følgjer aldri trendar slavisk. Men om eg likar dei, er det ei anna sak. Det er fint å vere litt trendy og mikse det til sin eigen stil, synest eg. Heimen vår er langt frå ferdig oppussa. Det er mange rom som står igjen. Når vi pussar opp er målet mitt at eg skal bli glad av å gå inn i rommet når vi er ferdig. Eg drøymer blant anna om gulprikka tapet i gangen oppe og turkis vaskeromsinnreiing. Ikkje heilt vanleg kanskje, og heller ikkje spesielt supertrendy. Men eg veit det vil lyse opp kvardagen og gjer den litt morosamare for meg og familien. Kanskje vi kjem litt nærmare målet i år? Dette året vil eg også fokusere meir på kreativitet og kjøpe færre nye ting. Det er ikkje snakk om nokon kjøpestopp, til det kjenner eg meg sjølv for godt. Eg hadde gått på ein smell ganske snart. Men eg vil prøve å fokusere på å fikse på det eg allereie har, før eg kjøper noko nytt. 2014 var eit år der eg kjøpte fleire designting som «alle» andre har, og tenkte litt mindre gjenbruk enn eg har gjort før. Dette skal det bli slutt på. Kjellar, loft og gjenbruksbutikkar; no kjem eg snart på tokt igjen.

Ein gammal lampekuppel vart vase etter ein omgang med kvit spraymaling og sett opp ned.

Det er så lite som skal til før du har laga ditt eige design. Lampekuplar som blir spraymåla og sett på hovudet blir flotte vasar, det same blir ølboksar som er knurva og har fått fine fargar. Dette skal eg tenke på neste gong eg står der med ein designvase i hendene, klar til å svi VISA-kortet. Eg blir glad av å vere kreativ og lage ting sjølv. Gjenbruk er også miljøvennleg og snillare mot lommeboka. Dette er viktige poeng for meg. Eg kryssar fingrane for at 2015 blir eit kreativt år! Dette er mi siste interiørspalte i Fylkesmagasinet. Eg vil gjerne få takke for alle fine tilbakemeldingar eg har fått gjennom mine to år som spaltist her. Det har vore to lærerike og morosame år. Sjølv om eg sluttar å skrive om interiør her, så vil eg fortsette med kreative interiørsprell på bloggen min husetvedfjorden.blogspot.no og på instagram @husetvedfjorden. Kanskje vi sjåast der? Tusen takk for meg ☺

30

Gjenbruk er også miljøvennleg og snillare mot lommeboka. Dette er viktige poeng for meg.

Prikkete soverom og redesigna nattbord gjer meg glad.


Ă˜lbokser vart trendy vasar etter litt knekking og mĂĽling.

31


Produsert av Fride H. Haugen / fride.haugen@gmail.com

Namn: Adresse: Postnr./Stad

32

E-post:

104 Kryssordet kan også lastast ned frå fylkesmagasinet.no

Løysinga sender du innan 30. januar til: Fylkesmagasinet, Boks 353, 6802 Førde. Merk konvolutten «Fylkeskryss nr. 104». Vi trekkjer tre vinnarar med korrekt løysing som kvar får fem FLAX-lodd.


Rein Design

VAREHENGAR Frå

KNALLGODE KNA LLGODE PRI PRISAR SAR

6.490,-

PÅ TIKI BÅT BÅTÅTT- OG V VARETILHENGAR VARETILHE ARETILHE ENGAR V Vii har dei på lager. Ta k kontakt ontakt for bes bestilling. tilling.

BÅTHENGAR Frå

7.990,-

Angedalsvegen 59, 6800 FØRDE Tlf. 578 22 808 / 958 66 866 www.doskeland.net

Løysing

102

VINNARAR AV KRYSSORD NR. 102 Elvine Ådland, Bergen Wenche Lunde, Stryn Ragnar Hove, Vik i Sogn

M F o n . t e n i s smaga

fylke

Neste utgåve kjem 12. februar

10

år

2004-2014

NYTT:

Restylane er verdas leiande dermale fyllstoff for hudforyngelse og estetiske korrigeringar. Både sikkerheit og effekten av Restylane er klinisk dokumentert og vert støtta av omfattande kliniske studiar føreteke over 15 år og med over 15 millionar behandlingar. Restylane er det klare førstevalet for estetiske behandlarar verda over og er ansett som «GOLDEN STANDARD» innad i bransjen.

Vi har fått privatpraktiserende hudlege frå 1. sept.: Dr Chinh Khac, Le. Viser til www.klinikkforde.no. Kort ventetid.

Plastikk-kirurgi

1

2 4 5

3

Dr Håvard Seland. Spesialist i plastisk kirurgi (arb.stad: plast. kir. avd. Haukeland Sykehus) Dr med. Hans Vintertun. Spesialist i plastisk kirurgi (arb.stad: plast. kir. avd. Universitetsjukehuset i Jønkøping, Sverige). Dei tek konsultasjoner og opererer på Klinikk Førde.

Privatpraktiserande kvinneleg gynekolog

Dr Gudny Sando, spesialist i Det er berre utvalde klinikkar, og med medisinsk ansvar- gynekologi og obstetrikk. leg lege, som får behandle med Restylane. Klinikk Førde Privatpraktiserande har autoriserte Restylanebehandlarar med ID-kort. Dette, spesialist i ortopedi samt produktet sin unike kvalitet, sikrar optimal tryggheit. Dr med Jan Roar Orlin. Spes. Andre behandlingstilbod: generell kirurgi og ortopedisk Azzalure/Botox • Permanent hårfjerning med diodelaser • CO2-laser kirurgi med særleg vekt på • Restylane • Fraxellert CO2-laser • Peeling (Bluepeel, Light peel) smerter i rygg, armar og bein. • Medisinsk kremprogram (Obagi, Duvè Medica) • Aknebehandling • iClearXL, raudt og blått lys • IPL mot cuporose og spiders • Sveittebehandling m/Botox • Sprengte blodkar • Tannbleiking • AWT - cellulittbehandling (FDA-godkjent)

Løysing

103

VINNARAR AV KRYSSORD NR. 103 Synneva Helland, Sogndal Marita Osland, Førde Aud Overvoll, Sykkylven

OPNINGSTIDER: Tirsdag, onsdag og fredag kl 10-16 og elles etter avtale. Pasientar kan henvende seg direkte for konsultasjon, eller dei kan tilvisast frå lege.

Varicer/åreknutekirurgi Utredning med ultralyd. Behandling med ILVO (innvendig laseroperasjon). Skleroterapi. Dr Jens Ola Evjensvold. Spesialist i generell kirurgi og karkirurgi.

Timebestilling hos alle legane: 57 72 04 40 / 976 79 662

Klinikk Førde AS

Medisinsk ansv.: lege/karkirurg Jens Ola Evjensvold Førdetunet, 2. etasje, Hafstadvn 25, 6800 Førde • Timebestilling: 57 72 04 40 / 976 79 662 Kryssordforfattaren tek no i mot bestilling på BURSDAGSKRYSSORD for spesielt interesserte - ta kontakt for meir informasjon: fride.haugen@gmail.com eller tlf 97503311.

klin-fo@online.no • www.klinikkforde.no


«Mitt valg» –for barn og unge I ei kompleks verd med stor tilgang på informasjon for barn og unge, på godt og vondt, er det viktig at dei er trygge på seg sjølve og i stand til å ta gode val. Det ønskjer organisasjonen Lions å bidra til med utviklingsprogrammet Mitt Valg. TEKST: Roy Sunde FOTO: Thor Aage Lillestøl

– Vi har fått eit samfunn som meir og meir teiknar ein biletet av kva suksess er: Kva utdanning ein må ha, kva jobb ein bør ha og korleis du skal sjå ut. Det blir lagt eit laup for kva som er vellukka og bra, som skaper eit voldsamt press i samfunnet vårt. Då byrjar gjerne foreldre å presse på ungane sine for at dei skal lukkast: anten det gjeld lekser, idrett, eller aktivitetar som kor og dans. Vi er redde for at ungane våre ikkje skal klare å henge med, og ynskjer jo at dei skal lukkast. Og ungane på si side, dei ønskjer å vere flinke og vise foreldra sine at dei får ting til. Så dei heng på, og gjer så godt dei kan, til dei møter veggen. Det er eine sida av dette vi i Lions ser. – Samtidig har vi fått ei røynd der ungane tilbring mykje tid åleine, men med tilgang til heile verda via internett og sosiale medium. Det er ikkje alltid foreldra kan filtrerer verda for dei der. Kanskje veit dei ikkje ein gang om kva barna deira utsett seg for. Det er bakgrunnen for at Lions byrja arbeidet med å utarbeidet programmet Mitt Val, fortel Bjørn Vollstad, leiar i Førde Lions-klubb.

Sosial og emosjonell kompetanse. Målet med å er å gjere barna trygge, og gje dei verktøya dei treng til å ta ansvaret for eige liv. – Det Lions internasjonalt såg i si tid er den logiske sanninga: Det er lettare å bygge opp barn, enn å reparerer vaksne. Så Lions byrja å lage Mitt Valg-programmet. Då hekta Lions Norge seg på, også her i fylket. Målet er å gjere barnet, frå barnehagen og ut vidaregåande skule, i stand til å ta ansvar for eige liv: programmet skal bidra til å

lære barn og unge å sette grenser, samt utvikle emosjonell, sosial og kjenslemessige kompetanse. Vi har prøvd ut programmet på lokale skular her, blant anna Slåtten Skule og så vidt eg hugsar Halbrend Skule. – På sikt er målet at alle born frå barnehage og ut vidaregåande skule i Norge har tilbod om Mitt Valg tilpassa sitt årstrinn. Men det tek jo tid, og det er ein del flaskehalsar. Vi må bygge stein for stein, utdanne instruktørar og sende dei rundt på skulane, og samle pengar til å ta det vidare, seier han og fortel at det er økonomisk krevjande å utvikle og spreie programmet ut til skulane i landet. – Cirka kvart femte år har vi ein nasjonal innsamlingsaksjon, Røde Fjær. I år er den søndag 8.februar. Alle inntektene der går til å finansiere Mitt Valg. Vi håpar at folk har kontantar heime den dagen, og ønskjer å vere med på å vidareføre dette kunnskapsløftet blant barn og unge, som vi meiner trengs sårt i dag, seier Bjørn. – Og om ein ikkje er heime, er det alltids råd å

gi: Send SMS til 2300 – LRF og gi 200 kroner, eller ring givartelefon 820 440 014 og gi 200 kroner.

Fakta • Lions er ein verdsomspennande frivillig organisasjon med rundt 11.700 medlemmer i Norge – som ønskjer å bruke noko av si fritid til å hjelpe andre. • Medlemsskapet inneber eit aktivt engasjement for å hjelpe andre, og høve til personleg utvikling og inspirasjon i eit miljø prega av vennskap og entusiasme. Lions er politisk og religiøst nøytrale. Når dei samlar inn pengar går 100 % til hjelpetiltak. Utgifter til drift av organisasjonen blir dekt av medlemskontingenten.

Pasientopplæring Eit samarbeid mellom Helse Førde, kreftkoordinator i Eid, Stryn, Hornindal, Vågsøy og Selje og Kreftforeningen gjer at ein i dag kan gje opplæring som del av pasientlaupet. TEKST: Roy Sunde

34

– Styret i Helse Førde vedtok i 2012 at det skulle etablerast nye polikliniske tilbod ved Nordfjord sjukehus, samt lærings- og meistringstilbod. Eit mål var å skape god samhandling og samordning av behandlinga gjennom tenlege, læringsog meistringstilbod for pasientar og pårørande, med samansette, kroniske og langvarige sjukdomar, fortel lærings,- og meistringskoordinator

ved Nordfjord sjukehus, Hilde Manseth Bjørhovde. – I alle kommunar i Norge er det kreftramma, pårørande og etterlatne med behov for godt koordinerte tenester. Kreft er ein alvorlig sjukdom, og behandlinga kan gje varige seinskadar. Kreftkoordinator er eit lågterskeltilbod, der pasientar, pårørande, helsepersonell og andre kan ta direkte kontakt, i alle fasar av sjukdommen, som samarbeider tett med alle andre organ, frå spesialisthelsetenesta til NAV og Kreftforeininga. Kreftkoordinatorar bidreg til meir saumlause overgangar mellom spesialisthelsetenesta og kommunar. Satsinga har overføringsverdi til andre pasientgrupper med alvorlege og lange sjukdomslaup.

I løpet av våren vil det blir halde tre kurs/fagdagar i Nordfjord. – Det blir fagdag om kreft 25. mars i kinosalen på Operahuset Nordfjord, for helsepersonell. Og så har vi to kurs på Nordfjord Sjukehus: 15. april er det temakveld om sorg for etterlatne. 15. og 22. april blir det to dagars kreftkurs for pasientar og pårørande. Behovet for informasjon/opplæring er stort, så tilbodet er viktig for å bidra til at pasientar og pårørande opplever best mogeleg livskvalitet. Kvart år får rundt 30.000 menneske i Norge kreft. I 2014 døydde over 11.000 nordmenn av kreft. Men stadig fleire overlever: 215.000 nordmenn lever med eller har hatt kreft, seier ho.


FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR

KIKKERTDAGAR PÅ SKEI 23. - 31. JANUAR 2014!

Sky Tech Titan 8x50 WP LE

Zeiss Victory 8x56 T* RF m/avstandsmålar

2.998,-

19.990,Steiner Skyhawk 3.0

Steiner Ranger Xtreme Når nye rekordar i sin klasse. Lysgjennomgangen er auka til 92%, og synsfeltet er også blitt større. 10 års garanti.

8x32 8x42 10x42 8x56

kr 4.499,kr 5.499,kr 5.699,kr 6.499,-

Alternativ Zeiss Victory RF:

10x56 T* RF RF 8x45 T* RF

Perfekt til naturelskaren og fuglekikkaren. Med ny optikk med høg oppløysing og høg kontrast får ein skarpe og klåre bilete, samt eit større synsfelt. 10 års garanti.

10x26 8x32 10x32 8x42 10x42

Zeiss Victory 10x45 RF

kr 1.999,kr 3.299,kr 3.499,kr 3.999,kr 4.199,-

Kr 20.490,Kr 16.990,-

Focus Eagle 20-60x83 ED m/stativ

9.995,-

10x54 T* HT

Zeiss Victory 8x42 T* HT

15.490,Andre Zeiss Victory HT:

VASSTETT!

10x42 T* HT

Kr 15.990,-

10x56 WP LE Titan 8x32 WP LE Titan 10x32 WP LE Titan 8x25 WP LE 8x42 WP ED 10x42 WP ED

9.990,Alternativ Ultima/C vasstette kikkertar

8x25 8x32 8x42 10x42 10x50

kr 1.295,kr 1.495,kr 1.895,kr 1.895,kr 1.995,-

Alternativ Zeiss Conquest HD:

15x56T* HD 10x56T* HD 8x42 HD 10x42 H 8x32 HD 10x32 HD

Kr 12.500,Kr 10.490,Kr 6.490,Kr 6.990,Kr 5.490,Kr 5.990,-

Zeiss Conquest 8x42 HD

10x42 DCF CS kr 3.395,7x50 Marine/Hydro kr 2.995,8x21 Jupiter III kr 495,-

6.490,-

Atterhald om utselde varer og eventuelle prisendringar / trykkfeil

kr 3.350,kr 1.850,kr 1.898,kr 1.498,kr 3.598,kr 3.698,-

Alternativ Stjerne-/landskapskikkert

Sky Tech Multi 70 AZ

kr 1.998,Sky Tech Premium II 8x42

5.449,-

Zeiss Conquest 8x56 T* HD

Alternativ Pentax:

2.995,-

Kr 18.490,-

1.995,-

Alternativ Focus Spottingscope/ landskapskikkertar:

Pentax DCF CS 8x42

Alternativ Sky Tech Titan kikkertar:

4.475,-

Zeiss Victory8x54 T* HT

Alternativ Zeiss Victory HT:

Inkl. stativ!

16-32x50 Nature kr 995,20-60x60 Nature kr 1.995,20-60x85 Nature kr 2.995,-

17.990,Sky Tech Multi R102S AZ-F

17.990,-

Focus Ultima/C 7x50

Stjerne-/landskapskikkertar

Sky Tech Classic 7x50 WP

1.998,Alternativ Sky Tech Classic kikkertar:

Canon 10x30 IS

Alternativ Sky Tech Premium kikkertar:

4.495,-

Premium II 10x42 kr 5.730,Premium 8x28 kr 2.898,Premium 10x28 kr 2.998,-

10x50 WP 8x40 WP 7x50 8x40 WA 10x50

kr 1.998,kr 1.898,kr 875,kr 935,kr 955,-

Også svært mange andre kikkertar! Sjå www.alfhelgheim.no eller besøk oss i butikken! Alternativ Canon:

8x25 IS 12x36 IS 15x50 IS All Weather 18x50 IS All Weather 10x42 L IS WP

kr 3.495,kr 7.995,kr 10.995,kr 12.995,kr 14.995,-

Alf Helgheim & Co AS 6843 Skei i Jølster • Tlf. 57 72 83 11 www.alfhelgheim.no • post@alfhelgheim.no Opningstider: Månd.-fred. kl 09-17. Laurdag kl 09-15.

FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR

B Electric!

100% elektrisk. 0% kompromisser.

Nye B-Klasse Electric Drive er en kompromissløs familiebil. Til tross for et kompakt ytre, har bilen egenskaper som gir hele familien en bedre hverdag. Rekkevidden er på inntil 230 km* og den spreke elektriske motoren yter hele 180 hk. Samtidig har bilen plass til fem voksne, og har et klasseledende bagasjerom på 501 liter. B-Klasse Electric Drive har også komfort og sikkerhet i overlegen Mercedes-Benz kvalitet.

Forhåndssalget har startet! Nye B-Klasse Electric Drrive fra kr 282,980,Nye B-Klasse fra kr 238.400Nye B-Klasse 4MATIC fra kr 409.400,-

*Med tilleggsutstyret Range Plus. Standard rekkevidde inntil 200 km. Rekkevidden vil variere avhengig av en rekke faktorer som kjørestil, varme- og kjølebehov, kjørerute og forvarming. B-Klasse Electric Drive lanseres i februar 2015. Alle priser er inkludert levering Oslo. Forbruk blandet kjøring bensin/diesel: 0,40-0,67 l/mil. CO2-utslipp: 104-156 g/km. Nye B-Klasse lanseres 28.11.14. Bildet kan avvike fra tilbudt modell. Importør: Bertel O. Steen AS. www.mercedes-benz.no

35


2015 - BMW 640dA 313 hk xDrive Gran Coupe. Safirsort met. Km st. 3 500, Kr 1 195 000

2014 - BMW X5 25dA 211 hk Pure Experience. Spacegrå met. Km st. 3 500, Kr 899 000

2014 - BMW 530dA 258 hk xDrive Touring. Sophistogrå. met Km st. 17 900, Kr 898 000

2014 - BMW 530dA 258 hk xDrive Gran Turisimo. Safirsort met. Km st. 27 600, Kr 795 000

2011 - BMW 530dA 258 hk xDrive Sedan. Milano beige met. Km st. 74 100, Kr 549 000

2014 - BMW 520dA 184 hk xDrive Touring. M-Sport Sophistogrå met. Km st. 16 500 Kr 689 000

2014 - BMW 520dA 184 hk xDrive Touring. Luxury-Line Sophistogrå met. Km st. 20 400 Kr 689 000

2014 - BMW 520dA 163 hk xDrive Sedan. Luxury-Line Spacegrå met. Webasto. Km st. 6 500 Kr 669 000

2013 - BMW 520dA 184 hk Sedan. Jatoba met. Active steering. Km st. 23 300 Kr 539 000

2014 - BMW 420dA 163 hk Coupe. Glacier-silver met. Km st. 2 900, Kr 549 000

2015 - BMW 330dA 258 hk xDrive Touring. Safirsort met. Km st. 1800 Kr 819 000

2014 - BMW 320dA 184 hk Gran Turismo Safirsort met. Km st. 2 500, Kr 529 000

2013 - BMW 328iA 245 hk Touring. Black Sapphire met. Km st. 31 800, Kr 559 000

2015 - BMW 320dA 163 hk xDrive Touring. Safirsort blå met. Km st. 1 800 Kr 549 000

2014 - BMW 316iA 136 hk Touring. Mineralgrå met. Km st. 2 500 Kr 539 000

2011 - BMW 316d 116 hk Touring. Dyphavsblå met. Km st. 57 300 Kr 239 000

2014 - BMW X3 20dA 184 hk xDrive, xLine. Mineralsølv met. Km st. 18 200 Kr 629 000

2014 - BMW X3 20dA 184 hk xDrive. Safirsort met. Km st. 26 400 Kr 619 000

2014 - BMW X1 18dA 136 hk xDrive. M Sport Mineralgrå met. Km st. 1 200 Kr 489 000

2014 - BMW M 135i 320 hk xDrive. Sports-aut. Mineralgrå met. Km St. 15 300 Kr 689 000

Sjå fullstendig oversikt på www.biltreff.no

Alle prisar inkludert omregistrering

BMW PREMIUM SELECTION.

GLEDE ER KJENSLA AV TRYGGHEIT. Dersom alt anna stemmer, men ein har den vesle snikande kjensla av utryggheit er det vanskeleg å oppleve rein køyreglede. Velgjer du ein BMW frå BMW Premium Selection derimot får du ein bil som har gjennomgått vår aller strengaste kontroll. Full historikk, bytterett og minimum 24 månaders garanti er akkurat det du treng for å kunne lene deg tilbake og rett og slett nyte din nesten heilt nye BMW.

BMW PREMIUM SELECTION. SERTIFISERTE BRUKTBILAR.

+ Minimum 24-månaders Premium Selection-garanti + 360-graders teknisk og optisk kontroll + Tilbod på BMW Service Inclusive + Bytterett innan 30 dagar + Sertifisert bilhistorikk + Tilbod på finansiering + BMW Vegassistanse

BMW

Biltreff AS

Mindre forbruk og utslepp. Meir køyreglede.

www.biltreff.no T: 57 72 56 60 Hafstadveien 76, 6802 Førde


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.