To føreord
Knut Langeland:
Det starta i garderoben
Det var i garderoben på Idern, idrettsplassen i Salhus, at Salhusvinskvetten føddest og tok form. Ikkje etter ein nøye utklekt plan, men av tilfeldigheiter og samantreff. Nært av veldige skrøner, av friske kommentarar, av hemningslaust mot. Av møte mellom ulike talent og ulike sjeler.
I dampen frå dusjen fekk talent bløma, der fekk idear brynt seg, og songen ljoma mellom veggane. Karane på sjettedivisjonslaget til Norna-Salhus kunne ikkje fort nok samlast, og aldri hadde dei det travelt med å koma seg derifrå.
Eg kjenner meg privilegert som har fått høve til å vera med i denne fellesskapen. I ti formande år, for Vinskvetten og for meg, var eg ein av karane.
Det var ikkje i garderoben Vinskvetten vart foredla, men det var der råvarene fanst. Her var ein med eit grenselaust komisk talent, ein annan med særskild musikalitet, ein tredje som kunne skriva og ein fjerde og ein femte som kunne litt av alt. Saman med nokre som knapt kunne syngja. I starten var dei òg viktige nok, om ikkje anna, så til å lena seg på når scena kjendest stor.
I det som vart den feiande friske og folkekjære Vinskvetten, var det sjølvsagt berre plass til dei som hadde spisskompetanse, eller tolmod og viljestyrke til å skaffa seg det, dei som hadde musikalitet eller komisk talent eller kunne snikra ein tekst eller kunne litt av alt dette.
Vinskvetten famla lenge etter ei retning og ein identitet, men etter kvart stod eit spissa produkt fram. Eit som karikerte og forstod vestlendingen og spegla Vestlandet. Traust, enkelt,
treffsikkert og truverdig, av og til på kanten til det, men stort sett utan å kryssa grensa til det plumpe og pinlege.
Vinskvetten vart eit fenomen, ein kunstnarisk fulltreffar, ja til og med ei politisk kraft, men også ein kommersiell suksess. Under seg la dei heile Vestlandet og endå litt meir.
Claus Sellevoll:
Medisin for sjølvkjensla
Den største eksportvara frå heimbygda mi Alversund var Ivar Medaas. Oskeladden og oppkomlingen frå strilalandet som klarte å målbinda publikum på Chat Noir i Oslo med hardingfele og rotekte strilamål. Og som om ikkje det var nok, skreiv han seg inn i hjarta til både bymann og stril då han tonesette diktet om fjordabåten «Oster».
Men korkje klassereisa til Oslo eller dampdunkinga til Bergen gjorde spesielt inntrykk på meg som ungdom i Alversund i slutten av 80-åra. Det var andre som skulle koma til å vekkja urstrilen i meg.
Då oljeraffineriet på Mongstad vart bygd ut i midten av 70-åra, flytta mange bergensarar ut til Nordhordland og Alversund. Bergensdialekten spreidde seg. Mange slo om til bymålet.
Det året eg skulle byrja på skulen i 1980, var det så få påmelde i nynorskklassen at leiinga på Alversund skule bestemde at alle skulle gå i bokmålsklasse. Mor mi var med og starta kampen for nynorskklasse. Ho ringde til rektor på Alversund og truga med at viss ikkje dei hadde nynorskklasse å tilby son hennar, så skulle ho klara å køyra guten til Seim.
Seim og Alversund er nabobygder, og rivaliseringa mellom bygdene var sterk nok til å kunna brukast i denne målkampen, og det vart nynorskklasse i Alversund likevel.
Men me bondetampane i A-klassen merka at me var i mindretal. Heilt til ungdomsskulen. Då fekk me lov til å ha musikk på i storefri. Ein dag høyrde me stemmene til «besteforeldra» våre
over høgtalarane: «Jeg har snakt bergensk’t i alle de år, selv om det er mye som jeg ikkje forstår, men jeg er ikkje stril for da.»
Vinskvetten vart spelt på skuleplassen. Det var medisin for sjølvkjensla. Me kjende oss forsvarte, akta, respekterte. Eg hugsar kor kry eg var. Kry for at dei song og snakka som me, og at dei tok strilen og karakterane våre på «kådnæ». Med moderne humor, sjølvironi og satire.
Eg kjende på ei kraft og får nesten frysningar på ryggen når eg tenkjer på det. Kvar gong eg høyrer nettopp den eine låten, tenkjer eg på det skilsetjande frikvarteret på skuleplassen i Alversund, og at det var denne låten som gjorde meg medviten om at eg måtte «halda på målet».
Striladialekten, ofte, og med forakt, referert til som «grautmål», har til alle tider hatt låg status. Skulle ein idiot framstillast på teaterscena, til dømes på Den Nationale Scene i Bergen, ja, så var det berre å leggja på striladialekt, store grimasar og eit kraftig underbit. Det fekk garantert publikum til å gapskratta. Haldningane til strilamålet som lågstatus målføre har heldigvis endra seg med åra. Sjølv har eg, som artist og skodespelar, kunna nyta godt av arbeidet som Ivar Medaas, Jon Eikemo og Vinskvetten har lagt ned for målet vårt og kulturen vår. No ler ikkje publikum av, men med striladialekten. Vinskvetten skal ha sin del av æra for det.
Kaffi og marsipankake må til når store hendingar skal markerast. Her har karane nett bestemt seg for å setja opp jubileumsframsyning i Grieghallen. Øyvind Østerbø sprettar kaka, Arild Totland (frå venstre), Bjørn Jensen og Gunnar Låstad gler seg til å smaka. Jarle Farestveit og Gunnar Polden var ikkje til stades då biletet vart teke.
FOTO: TOR HØVIK / BERGENS TIDENDE
Eit eventyr
Grieghallen 7. februar 2025. Dei har kledd seg i finstasen. Smoking og sløyfe og greier. Vinskvetten stiller til pressekonferanse. Bilete er tekne, konsertplakaten er snikra med «Vinskvetten» i gullskrift, som det høver seg ein femtiårsjubilant. Karane er strigla, nypussa, avslappa og fine, med lune smil og glimt i augo. Gråare enn før, men framleis sjarmerande og karismatiske.
«Karane». Det er omgrepet deira, aliaset deira. Slik dei omtalar seg sjølve og kvarandre. Bjørn, Gunnar, Jarle, Arild, Øyvind og Gunnar.
«Karane». Ikkje Bjørn og karane, eller Øyvind og karane, berre «Karane». Eit fint bilete på den livslange kameratskapen, på den flate strukturen, på brorskapen, samhaldet og solidariteten. Nesten som ein familie har dei blitt.
Det har vore stilt rundt Vinskvetten i månader og år. Sporadiske show her og der, sant nok, men ingen store sprell, sceneoppsetjingar eller krevjande turnear. Så stille at somme kanskje kan ha tenkt at det nok var over no. At finalen hadde gått føre seg i eit eller anna vestlandsk samfunnshus utan vidare seremoni. Godt samsvarande med slik byrjinga var.
«Karane» har nok tenkt litt i dei baner, dei også. At det kanskje kunne vera like greitt berre å trekkja seg stille attende frå rampelyset. Ikkje laga noko styr. Berre gli stille bort, som ein sky siglar i natta, utan kanondrønn og fanfare.
Men på ein solfylt februardag femti år etter at Salhusvinskvetten vart introdusert på revyen i Salhus, har medlemmene stilt til sminking og fotografering og pressekonferanse.
NRK har fått sitt. Eit grundig arbeid er blitt gjort for å kringkasta det som kanskje blir Vinskvetten sitt aller siste sprell. Femtiårsjubileumskonserten. Det er femti år sidan jyplingane
stilte til kulturdugnad for bygda og idrettslaget i Salhushallen i 1975.
Klokka 10, presis, blir billettane lagde ut for sal. Éi framsyning fredag 5. desember 2025, klokka 18.00. «Karane» er spente på publikumsresponsen.
«Karane» trur dei er førebudde, men trur ikkje det dei ser. Billettane blir rivne bort. Sete for sete, rad for rad.
Nesten førti år tidlegare, i 1988, traska dei same karane i to dagar heile vegen frå Salhus og til nettopp Grieghallen i eit muntert forsøk på å skaffa merksemd om dei skilsetjande nyhenda: deira aller første plateutgjeving.
Den gong dukka det opp tre journalistar. Ein fjerde, BTs legendariske kulturjournalist Asbjørn Kristoffersen, måtte følgjet frå Salhus sjølv oppsøkja på kontoret hans inne på BT-huset i Nygårdsgaten for å få han til å skriva om hendinga.
Sidan har dette splintafølgjet hugteke Vestlandet. I februar 2025 tek det knappe fem timar, så er ein full Grieghall utseld. Ei ny framsyning blir annonsert og lagd ut for sal. Innan neste morgon er også den utseld. To nye framsyningar, fredagen i den påfølgjande veka, blir lagde ut. På få dagar er også desse fullbooka, slik at det blir rigga til framsyningar også i januar 2026.
Sju fulle Grieghallar, 11 500 billettar blir selde. Sju og ein kvart million i omsetnad. Sånn cirka. Minus 1736 kroner i annonsering.
Vinskvetten, som altså knapt har gjeve livsteikn frå seg på lange tider, har framleis tiltrekkingskraft og appell. «Karane» slit med å forstå det. Jau då, visst har dei selt billettar før. Fylt Salhushallen og andre hallar rundt omkring på strilalandet.
Hundvin og Nautnes og Fammestad og Hordabø. Ja, endåtil Logen og Rick’s i tjukkaste Bergen ved fleire høve. Men Grieghallen? Sjølvaste Grieghallen, Harmoniens heim, finkulturens storstove?
«Karane» hadde vore skeptiske då forslaget om Grieghallen kom. No er dei lettare sjokkerte, men også takksame.
– Inderlegheit, det må vera ei inderlegheit for oss der ute, meiner karane.
Vinskvetten har vore tru mot si eiga historie. Tru mot bygda, tru mot oppveksten og dialekten. Tru mot si eiga nyfikne på verda. Tru mot nøysemda. Tru mot sitt prosjekt: Å få folk til å le.
Vinskvetten har takla sin eigen suksess, ikkje med bransjetypisk arroganse eller overmot, men med smålåten sjenanse. Vinskvetten sine forteljingar har treft vanlege folk, fordi Vinskvetten representerer vanlege folk, ikkje av og til og innimellom, men over tid, og slik har det seg at det eineståande fantastiske har skjedd: at barneborna har sprunge om kapp med besteforeldra sine for å kjøpa billettar til jubileumsframsyninga i Grieghallen.
– Nei, han har vore eit eventyr, heile Vinskvetten, seier Bjørn Jensen.
Bla vidare for heile eventyret!
Ei tidleg utgåve av Salhusvinskvetten. Biletet er teke i samband med revyen Rakaved i november 1977. Frå venstre: Gunnar Låstad, Steinar Toft, Jarle Farestveit, Knut Langeland, Bjørn Jensen, Bjørn Ivar Rusten, Terje Mjølkeråen og Karl Atle Knapskog.
FOTO: HELGE SUNDE
Starten, fotballen og Salhus
Kven kom på namnet?
– Da va eg, seier Bjørn Jensen.
– Nei, da va eg, seier Olav Kåre Karlsen. Dei involverte stridest om kven det var som kom på namnet «Salhusvinskvetten».
Olav Kåre Karlsen var formann i IL Norna-Salhus i 1975. Han var dessutan konferansier på revyen same året, det året Salhusvinskvetten debuterte på scena. Revyen hadde i førti år vore den økonomiske ryggrada til idrettslaget Norna-Salhus.
Olav Kåre hadde også ein roande effekt på dei som skulle bidra frå scena. Brorparten av dei som stod der, var utan røynsle og utan særskilde artistiske gåver. Å vera med på revyen var ein del av ein stor dugnad, og som fotballgruppe stod dei ferske scenekunstnarane sjølvsagt sterkare når driftsmidlar seinare skulle delast mellom dei ulike avdelingane i laget.
Femti år seinare er det ikkje lett å hugsa alle detaljane, men det er nærliggjande å tenkja seg at stemninga var heller nervøs i forkant av scenedebuten med Salhusvinskvetten:
Lettare spent står fotballaget der bakom sceneteppet og ventar på å bli innannonsert for aller første gong. På utsida, heilt til høgre på scenekanten, står Olav Kåre og skal introdusera den fyldige songgruppa, som no skal «avdukast» og gjera Salhuskvintetten Olkabilamo rangen stridig. Salhuskvintetten var ei songgruppe som vart starta i 1950. Gruppa vart landsyndlingar
Salhuskvintetten Olkabilamo var popstjerner i 60- og 70-åra. Salhuskvintetten vart takka av i 1975, same året som Salhusvinskvetten vart til. Frå venstre: Ole Mjelde, Birger Martinussen, Monrad Holm Johnsen, Karl Sjursen og Lars Kalvik.
FOTO: BERGENS TIDENDE / NASJONALBIBLIOTEKET
med songar som «Gryta hennar mor» og «Singel og sand». Dei heitte Salhuskvintetten Olkabilamo. Olkabilamo etter dei to første bokstavane i namna til gruppemedlemmene: Ole, Karl, Birger, Lars og Monrad.
– Så me måtte ha eit namn som likna, fortel Bjørn Jensen.
Eksakt korleis orda fall, kan ingen lenger hugsa, men då namnet runga gjennom Salhushallen, var det meir enn éin som himla imponert.
– Ta vel imot Salhusvinskvetten, Vodka Cinzano!
– Det høyrest veldig ut som meg, seier Bjørn Jensen. – Iallfall Vodka Cinzano.
Debutframsyninga vart gjennomført til ståande applaus. Iallfall var dei medverkande sjølve fornøgde. Dei framførte to låtar på engelsk, «Remember Then» og «A Teenager in Love», henta frå eit album av Sha Na Na, ei amerikansk rock and rollgruppe som både parodierte og gav nytt liv til slagerar frå 50-åra. Åsaneposten peika i sitt referat på at mikrofonen til vokalist Finn Langeland hadde svikta, utan at dette øydela pågangsmotet
Låtvalet på 75-revyen indikerer at den første utgåva av Vinskvetten nok ikkje gjekk på scena med ein ambisjon om å parodiera Salhuskvintetten. Målet var meir pragmatisk enn som så. Det handla i første rekkje om å posisjonera fotballen i Norna-Salhus i det totale dugnadsprosjektet som revyen var.
Naturleg avgang
Det ville vore litt av ein samantreff om ei revygruppe samansett av eit fotballag med ungdomar skulle ha alt det talentet som krevst for å ha stor kommersiell suksess på scena. Det hadde sjølvsagt ikkje den første utgåva av Salhusvinskvetten.
Tett oppunder tjue mann har vore innom Vinskvetten opp gjennom åra. Fråfallet som følgde etter den aller første framsyninga på revyen i 1975, var omfattande. Det som hadde vore eit fotballag, med reservar, vart om lag halvert. Nokre stifta familie, andre reiste vekk for å gå på skule. Og så var det sjølvsagt nokre som fann ut at dei hadde korkje talent, tid eller interesse.
Men Salhusvinskvetten heldt det gåande. Ikkje av økonomiske årsaker, men fordi dei som var att, syntest det var moro og gjevande å vera ein del av dette tette, kreative kollektivet. Det rann ikkje inn med oppdrag, iallfall ikkje i byrjinga. Ein basar her, ein kulturkveld på gamleheimen der, samkomer av ulikt slag i nærmiljøet vart Salhusvinskvetten invitert til å opptre på. Honoraret kunne reknast i hundrelappar, nokre ganske få. Alt som kom inn, vart investert i utstyr. Mikrofonar, mikrofonstativ, lydutstyr, rekvisittar. Sakte balla det på seg.
I dei ti første åra var samansetjinga av medlemmer nokså stabil. Bjørn Jensen, Gunnar Låstad, Jarle Farestveit, Bjørn Ivar Rusten, Steinar Toft, Stein og Knut Langeland. Berre Bjørn Jensen og Bjørn Ivar Rusten gjorde noko anna enn å syngja, dei spelte gitar. Om éin av medlemmene ikkje kunne vera med på eit oppdrag, var det inga krise. Salhusvinskvetten var
17 til fotballkarane. Allereie helga etter revyen spelte dei opp til dans og opplevde at artistlivet kan vera brutalt. Det meste gjekk i ball. Bjørn Jensen sette fingrane fast mellom gitarstrengane. «Fingrane gjekk i sniglefart», klaga han etterpå.
identitetsmessig ikkje etablert og var såleis ikkje avhengig av fullt mannskap for å kunna opptre.
Fotballspelarane
Tre av dei som blir å sjå på jubileumskonserten i Grieghallen, er «overlevarar» frå fotballaget som var sjølve såkornet til Vinskvetten. Dei hadde sjølvinnsikt nok til ikkje å satsa alle korta på fotballen.
Jarle Farestveit var keeper, målmann, på den tida då det var ståande ordre for utespelarar at tilbakespel til målmannen for alt i verda måtte leggjast til side for målstengene. Dette for ikkje å utsetja målmannen for moglege pinlege opptrinn. Det gjaldt også Jarle.
Jarle var ein god bamse som fylte godt ut mellom stengene. Han vart aldri stressa. Jarle aksepterte sine manglar og levde med ufullkomenskapen sin, vel vitande, kanskje, om at konkurransen om plassen mellom stengene heller ikkje var knivskarp.
Gunnar Låstad var ein typisk bakromsspelar. Det var han lenge før omgrepet bakrom var oppfunne. Laget kalla det løpeballar, ballar over forsvaret som Gunnar kunne springa etter og fortrinnsvis setja i mål. Problemet til Gunnar var berre at desse løpeballane han likte å jaga, nesten aldri kom.
Gunnar hadde eit anna problem også. Han hadde lett for å sluntra unna, og han trena berre sporadisk. Det kunne han tillata seg, for plassen som spydspiss var ikkje truga. Difor kunne
Gunnar sitja på kafeen i Salhushallen og røykja og spela kort medan andre øvde seg på å reindyrka småpasningsspelet.
Bjørn Jensen var ingen lysande fotballspelar. Ein brukande frisparkfot, saman med høg smerteterskel, var hans viktigaste ferdigheiter. Det siste trong han for å uthalda sine eigne, sjølvpåførte lidingar. Det vart ein del knokkel mot knokkel.
Jensen var aldri vondsinna, berre litt usofistikert i spelestilen. Og så hadde han eit langt, svart, provoserande hår. Det som sidan vart hans identitetsmerke, var eit illevarslande signal om fare i fotballsamanheng. Det vart påtalt og brukt, i hovudsak imot han.
Sjettedivisjonslaget til Norna-Salhus i 1975 i fotballtrøyer leverte av Salhus Tricotagefabrik: Bak frå venstre: Karl Atle Knapskog (fotballformann), Kåre Reigstad, Helge Toft, Arild Revheim, Bjørn Jensen, Bjørn Ivar Rusten, Steinar Toft, Arild Rusten og Steinar Danielsen (oppmann). Framme frå venstre: Knut Langeland, Carl Erik Marthinussen, Terje Mjølkeråen, Jarle Farestveit, Nils Sveinung Tellevik, Finn Langeland, Svein Vik og Steinar Mjelde. FOTO: HELGE SUNDE
«Domar! Domar!! Sjå no til å få han der jævla indianaren ut!» lét det ein gong over heile grusbana. Dei litt forkjærte duellane gjekk ofte verst ut over Jensen sjølv, men sjølvsagt var det mange motstandarar den gongen i 70-åra som såg med frykt på knokkelknusaren i Norna.
Først og fremst var han lagets humørspreiar og forsongar. I garderoben før og etter trening, i bilen til og frå kamp, på ferjekaien eller på ferja. Bjørn Jensen var eit heilt uvanleg oppkome av påfunn og replikkar, av idear, innfall og sprø spontanitet.
Bjørn Jensen hadde sjølvinnsikt nok til å innsjå at han ikkje var ei gudegåve til fotballen. Ein litt spesiell episode fekk han til å ta avgjerda om å leggja skoa på hylla.
Ei mor kom bort til han i pausen på ein kamp. Ho hadde ei bøn. Om han ikkje kunne vera så snill og spara son hennar?
«Eg ville mye heller hatt Kanuttene!»
Slik, om lag, skal orda ha falle ein gong tidleg i 80-åra. Salhusvinskvetten hadde, tydelegvis under tvil, fått eit sjeldan underhaldningsoppdrag i byn, altså Bergen. Allereie etter eit nummer eller to meinte ein blant arrangørane å kunna slå fast at denne underlege strilagjengen frå Salhus hadde vore eit sørgjeleg bomskot. Kanuttene, ei gruppe eldre bergensdamer som underheldt med song og musikk til utpå 2000-talet, hadde vore aktuelle til det same oppdraget.
Vinskvettens veg til heider og hyggeleg omtale og – til slutt – kassasuksess, har ikkje berre gått bratt oppover. Det var kanskje ikkje så mykje motgang og motvilje av den typen som sitatet over er eit døme på, men Vinskvetten måtte også gjennom det.
I byrjinga var strilalandet Vinskvettens tryggaste kort. I ungdomshus i Nordhordland, Sunnhordland og Øygarden var dei på heimebane. Songane deira, vitsane deira, figurane deira fann rik klangbotn i desse gamle fiskarbondesamfunna, og Vinskvetten sin eigen humoristiske arv samsvarte godt med den som fanst i bygder og grender oppe i ein dal, inne i ein fjord, ute på ei øy, blant kulturtørste småkårsfolk som tolte ei saftig skrøne.
Byen låg nærmare Salhus enn mange av desse plassane, faktisk berre knappe to mil, men den mentale avstanden til Bergen kjendest lenge uoverstigeleg. Ein såg det ikkje som eit ubetydeleg vågemot å skulla pressa seg inn på eit publikum som mange på strilalandet hadde opplevd som fiendtleg til både dialekt og framtoning. Steget til dei bergenske scenene var såleis ikkje berre stort, det var også modig, nesten som eit kulturelt vågestykke.
Vinskvetten måtte rett og slett overtyda seg sjølve om at stoffet deira og bodskapen deira heldt mål. At dei var relevante for eit kresent og bortskjemt publikum.
Den første byturen gjekk ikkje til sentrum, ikkje eingong forbi det som nokre år seinare skulle bli bomringen rundt Bergen. Så vidt innanfor tunnelen som skilde mellom by og
Scene frå Norna-revyen Rakaved i november 1977. På biletet ser me Monrad Fotland (til venstre), Bjørn Jensen, Helge Tellevik og Karl Atle Knapskog. FOTO: PRIVAT
land, Eidsvågtunnelen, hadde dei den første spelejobben i byen, på Handelshøgskulen i samband med Uken. Året var 1980. Mottakinga var reservert, men varm nok til å gje pågangsmot.
«Strikk ein vott for Jesus»
Mange har slutta i Vinskvetten opp gjennom åra. Av ulike grunnar.
Karl Atle Knapskog slutta av ideologiske grunnar. Han var med frå starten av, i den lettare anarkistiske tida då Vinskvetten korkje hadde staka ut ein kurs eller bestemt kva dei ville med songane, tekstane og framsyningane sine. Om dei ville noko i det heile.
Ingen i Vinskvetten reflekterte i byrjinga i særleg grad rundt slike strategiske spørsmål. Lettbeinte låtar om bygdelivet fekk leva side om side med coverlåtar henta frå ein americanainspirert katalog, i tillegg til songar med samfunnskritisk brodd. Det var i første rekkje Kalle som stod bak desse siste tekstane.
For Kalle hadde utvikla sin idé om kva han ville at Vinskvetten skulle bli. Truleg var han den første som hadde ein medviten og gjennomtenkt tanke om det. Han ville gjerne gjera Vinskvetten skarpare i samfunnskritikken. Etter kvart bar tekstane han produserte, meir og meir preg av dette tankegodset. Det skapte dei første tilløpa til interne gnissingar gruppemedlemmene imellom. Majoriteten av dei dåverande medlemmene mislikte nok tanken på å bli assosierte med protestviser og politisk aktivisme.
Vippepunktet var nådd då Kalle dukka opp på øving med ein tekst han hadde kalla for «Misjonsvise», eit religionskritisk skråblikk på eit typisk bedehusmiljø, attkjenneleg i dei fleste bygder i eit ganske utvida bibelbelte. Bodskapen ville det vera både utfordrande og kanskje til og med risikabelt for Vinskvetten å framføra i ei typisk vestlandsbygd.
Vinskvetten valde gjøgleriet og humoren framfor ein spissa samfunnskritisk ståstad og identitet. Kalle valde å gå sin eigen veg.
Klara Sellevoll kom frå Alversund og tok seg arbeid i Salhus Tricotagefabrik, tilliks med svært mange andre frå bygdene på strilalandet. Her er Klara fotografert på spoleloftet i 1976. FOTO: HELGE SUNDE