6 minute read

SØSTERANARKISTANE

– OVER – UT

Historia om barneheimsjenta Ela, som gjer opprør mot tyrannen Ingmor, er no fullført. «Søsteranarkistane» er alle tre bøkene, «Under», «Over» og den nye f orteljinga «Ut», samla i éi pocketbok. Ela arbeider som slave på fabrikken i byen SDK Zeijang-Volvo. Tyrannen Ingmor styrer alt og alle med jernhand. Verda slik vi kjenner henne, er gått til grunne. Ein dag får Ela nok av undertrykkinga og manar til opprør. Det er farlegare enn ho anar, for Ingmor treng noko berre Ela har. «Søsteranarkistane» er eit dystopisk storverk, ei fengslande framtidsforteljing skriven av forfattarduoen Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag. Forteljinga går føre seg i ei verd der dei unge står mot dei gamle i ein kamp om kven som skal leve eller døy.

9788234005282 | 299,-

Ragnar Hovland Om Noko Skulle Skje

Reise gjennom dødsriket for å finne den tapte kjærleiken. Kjærasten til Reiner døyr, og han sørgjer slik over henne at han ikkje vil leve meir. Så blir han kjend med Kapteinen, som gir han eit tilbod han ikkje kan seie nei til. Kapteinen veit nemleg kor døra til den andre verda finst, der Reiner kan få møte att kjærasten. I dette spennande eventyret balanserer Hovland lett mellom det djupt sorgtunge og det genuint humoristiske, slik berre han kan.

9788252193091 | 329,-

Ein foreldrelaus gut bur saman med ein forfylla onkel i eit falleferdig hus. Jentene trur han lever eit eventyrleg liv, dei veit ikkje betre. Broren har reist sin veg, men ein dag kjem lyden av motorsykkelen hans nærmare. Alt må bli annleis. Ute på vegane er det heilt andre lover som gjeld og alt er mykje farlegare.

9788252160536 | 199,-

Då Anders skjønar at foreldra hans har tenkt å skilje seg, forlèt han dei og systrene sine og går ut i skogen. Der slår han seg til i huset til DobbelAksel, som hengde seg i ei bjørk for mange år sidan. Her vil Anders gløyme sitt tidlegare liv og leve på villmarksvis. Men han får ikkje vere lenge åleine, den mystiske Hilmar frå Skogane dukkar opp. Og snart finn den eine etter den andre fram til skjulestaden hans.

9788252171822 | 199,-

Terje Torkildsen Arrfjes

I april 1812 oppdagar førstereisguten

Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort.

9788252189124 | Pris kr 199,-

Terje Torkildsen Isla Bonita

Seksten år gamle Carlo reiser til Syden med den rare kunstnarmora si. Han ser fram til ei roleg ferieveke i varmen, men slik blir det ikkje. Isla Bonita viser seg å vere ei øy full av skumle typar og store mysterium. Og så møter han Julieta, den dansande jenta på kaien. Av og til kan det vere livsfarleg å bli forelska

9788252189865 | 329,-

Ingelin R Ssland

Handgranateple

Anja lever eit grått og kjedeleg liv heime hos familien. Men så byrjar ho på vidaregåande skule og må flytte på hybel. I byen møter Anja Malin som snur livet hennar opp ned, og sørgjer for meir spenning enn Anja kanskje har godt av.

9788252170887 | 149,-

Teikneserie

Beina I Gitaren

Bo er 17 og har gitt opp å passe inn. Men då ho møter Hans blir det ikkje lenger så lett å tenkje at ingenting betyr noko.

Vi følgjer Bo eit år frå sommar til sommar, gjennom tilbakeblikk til barndomen ho er på veg ut av, og intense, men famlande forsøk på å finne sin plass i verda og i forholdet til Hans.

9788252182927 | 329,-

Magnhild Bruheim Avlyst P Grunn Av Sorg

Eline blir dumpa av Jonas, brått og uventa, og opplever si første store kjærleikssorg. Snart går ho på nye, sviande nederlag. På same tid møter ho Tomas, som lever i skjul i skogen. Han gøymer seg for nokon. Kva er historia hans? Og har dei to eigentleg like stor rett til å sørgje?

9788252198881 | 349,-

Ystein Runde Soga Om Olav Sleggja

Trælen Olav står i gjeld til kong Olav Tryggvason. Han skal gjere eit siste oppdrag for kongen før han er fri: å drepe bror til kongen. Oppdraget endar med at Olav Sleggja blir lyst fredlaus. Sleggja har mykje å hemne, og etter kvart sit kroppsdelane laust rundt han.Soga om Olav Sleggja har fanga tonen frå sagalitteraturen i teikneserieform, med beksvart humor og korthogne replikkar.

9788252175035 | 329,-

Dystopiaserien

Seks syttenåringar frå Stavanger er på studie-tur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Ei kjempebølgje slår inn over metropolen om morgonen 18. januar

2014. Byen bryt saman, og det blir ei reise på liv og død for ungdommane, som berre har eitt mål: Dei vil heim til Noreg.

Terje Torkildsen Stavanger Stories 1

I Stavanger stories møter vi søskena Betty, Broremann og Duxen. Betty har eit nærare forhold til mormor enn til mor, Broremann blir sett på den største prøven så langt i livet då han må leggje ut i båt åleine, og Duxen tabbar seg loddrett ut som russ. I novelleform opplever vi tre søsken og deira ulike møte med livet, døden, gleda, saknet og kjærleiken. Dette er den første av fleire novellesamlingar om ungdommane frå Stavanger.

9788252189827 | 329,-

Terje Torkildsen Stavanger Stories 2

Ei ulukke har aldri ei enkel årsak. Ho er ei følgje av fleire uheldige hendingar som heng saman i ein serie. Kvardagslege handlingar som me menneske gjer, utan tanke på at dei kan få tragiske konsekvensar.

Stavanger Stories 2 er fjorten forteljingar om liv og død - og alt innimellom, fortalde med både humor og alvor. Vi følgjer familien til ungdommane Betty og Broremann - og også andre folk som er rundt dei.

9788252194548 | 329,-

Terje Torkildsen Marki Marco

Ein morgon snik seksten år gamle Marco seg inn i slottsparken. Der han går for å studere fuglelivet, oppdagar han ei naken kvinne som står og røyker. Denne oppdaginga blir starten på den beste og verste sommaren i Marcos liv. Både terroristar, galne skogvaktarar og også Marcos næraste familie blir livsfarlege, og Marco må gå i dekning.

9788252179385 | 329,-

Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år. Når Elisabeth flyttar inn, byrjar ho å grave i historia til drapet, med god hjelp av den nye klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo. Dei kjem over legenda om den demoniske Svarte-Mathilda, som gøymer seg i ein spegel og som kjem dersom du kallar på henne …

9788252183023 | 199,-

9788252192834 | 199,-

Finst også i innbunden versjon.

9788252192841 | 199,-

Finst

Alt Du Kan Nske Deg

Siri kan berre ikkje la vere å møte Andreas som sender henne meldingar som får det til å krible i henne, sjølv om ho er kjærast med Jens. Men har ein lov til å gjere det slutt med nokon som har det vanskeleg, sjølv om ein eigentleg vil?

9788252182521 | 329,-

K. KVALVAAG FENGSLA

Idun er flinkast i klassen, men blir alltid nummer to på 800-meteren. Ein ettermiddag i august kjem kusina Mai med toget. Med Mai i livet går kvardagen brått frå kjedeleg til farleg, frå lovleg til ulovleg, og alt Idun kan gjere er å springe fortare.

9788252174267 | 329,-

Inn I Elden

I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 «trollkvinner» dømde til døden på bålet i Finnmark. I denne historiske romanen møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande delen av norsk historie.

9788252183580 | 199,-

Overleveserien

Spenningsserie i tre deler som tar deg med til ei nær framtid, der menneska er utryddingstruga. Om få år er verda heilt forandra. Byar og land har forsvunne under det stigande havet. Millionar av menneske er drivne på flukt. Midt i kaoset er dei to norske trettenåringane Jamal og Eira om bord på f orskingsskipet Bluenose, på leiting etter livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Begge har fedrar som jobbar på skipet, og det tek ikkje lang tid før skipet hamnar midt i ei brutal krigssone. Gjennom tre bøker følger vi Jamal og Eira på jakt etter sanninga og kampen for å overleve.

|

|

9788234010460 | 329,-

Glimt

Øygrøssar som får det til å fryse på ryggen til lesaren! Jon flyttar til ei øy i havgapet med legemor si. Det vakre landskapet skjuler stygge løyndommar for kvifor må ungdommane ut av ungdomshuset før klokka 19:33, og kva er det demente frk. Hansen eigentleg prøver å fortelje Jon? Kva har 2. verdskrigen å gjere med alt det mystiske som skjer?

9788252193640 | 199,-