4 minute read

AYOTZINTLI

I denne punktromanen tek ein ung gut livet sitt, men romanen handlar mest av alt om kvifor livet er verdt å leve. Om nettene sit Mikke ved pc-en. Mamma og Idar reiser på ferie til Chile. Kompisane er i gang med russefeiringa. Siri sender tekstmelding, men Mikke svarer ikkje. Han les om små skjelpadder som driv tilfeldig omkring i havet. Nokre klarer seg, andre ikkje.

9788252176407 | 329,-

Katti og Pernille skal ha sommarfest og maks gøy! For litt må ein unne seg når ein er åleine og har foreldre som berre sender meldingar, pengar og lite anna. Men kor gøy blir det eigentleg, når søstera til Katti ligg på Radiumhospitalet? Og kven skal få seg kjærast denne kvelden?

9788252172737 | 249,-

Mo flyttar ein ny stad saman med faren. På skulen fortel ho villig vekk om livet sitt ikkje minst om den fråverande mora som er motefotograf i New York. Gradvis slår det vellykka biletet sprekker. På skulen gjennomskodar medelevane etter kvart Mos versjon av familiehistoria, ho blir avsløyrt og utstøytt og må starte frå botnen av.

9788252169706 | 329,-

Seksten år gamle Ilias bur på asylmottak med søster si Amira på ni år. Ein dag skjer det noko som gjer det farleg å bli verande. Søskena må rømme ut i den mørke natta. Vinden er isande kald, og dei har dårleg tid. Snart høyrer dei snøskuteren som jaktar på Ilias. Kven kan hjelpe dei gjennom den frosne vinternatta? Boka er gitt ut med støtte frå Leser søker bok. Illustrert av Bjørn Rune Lie.

9788252198904 | 279,-

Rydland Terra Victoris

På slutten av 2000-talet fekk klimakrisa verdssamfunnet i kne, samtidig som ein ny trussel steig fram: den første kunstige intelligensen. Menneska stod på kanten av stuper, men med kniven på strupen slo dei rike seg saman og nedkjempa den nye fienden. No er vi i 2193, og i eldgamle Istanbul, der krigen enda, og norske Ingrid leitar etter arkeolog-onkelen sin, medan den lokale guten Zeki leitar etter ei sakna venninne. Snart kryssar vegane deira seg, og dei blir kasta ut i eit kappløp der sjølve verdssamfunnet står på spel.

9788234007965 | 329,-

Galderstjerna

Første bok i spennande fantasyserie om dataspelaren Eirik. Etter at Eirik og mora held på å køyre på ein sølvrev på veg heim til det nye huset sitt, står merkelege hendingar i kø: Ein framand mann slår Eirik i svime, og han vaknar opp med eit mystisk runesymbol på brystet. Korleis har dette skjedd, og kvifor finn Eirik det same symbolet i dataspelet han og kompisen Khalid speler?

9788252197877 (POCKET) | 199,-

Ny bok i den prisvinnande Vegandi-serien!

Mystiske og brutale draumar kjem til Eirik samtidig som han reiser djupare inn i Ingenmannsland. Kva betyr desse draumane? Saman med vennene Khalid og Maria må Eirik stole på sine eigne evner for å finna ut av det. Kampen mot anzilane er i ferd med å ta ei farleg vending, men kva skal til for at vegandi skal ta åtvaringane hans på alvor før det er for seint?

Draumsende tar oss med tilbake til eit fantastisk univers med gudar, magi, dataspel og parallelle dimensjonar. Endeleg er oppfølgjaren til Upris-vinnande Galderstjerna her!

9788252193435 | 329,-

Drakegutenserien

Stallguten Koll drøymer om å bli ein stor krigar og kunne gjere som han sjølv vil. Han må velje kven han skal stole på: den krigarske læraren sin, den gode faren, det griske landsbyrådet eller den underlege stemma han høyrer i nordavinden. Kan ein velje å ta det gode sitt parti, etter å ha vore med på å lage vondskap?

Trude Tjensvold Raud Volvo

Jenny bur saman med mora og halvbroren Odd. Bestevenninna

Ann-Sofi har byrja å røyke og treffe eldre gutar. Jenny trivst best i skogen, der ho kikar på fuglar.

Når Ann-Sofi byrjar å avvise ho, tar Jenny ei rekke dumdristige val. Til slutt hamnar ho i ein situasjon saman med ein eldre gut som ho ikkje kjem seg ut av. Kven er ho etter dette? Og korleis skal ho finne tilbake til seg sjølv?

Gjennom tekst og illustrasjonar har Trude Tjensvold skapa ein sterk og utfordrande roman som handlar om overgrep og om å setje grenser.

«Raud Volvo» er ein hybrid mellom tekst og bildebok og blir gitt ut i samarbeid med Leser søker bok.

9788234008191 | 329,-

Helene Gu Ker H Gspenning Livsfare

Lea går i andre klasse på vidaregåande. Ho bur på hybel og har ingen venner. Og heime på garden ligg mamma i senga. Uansett kva Lea gjer eller seier, står ikkje mamma opp. For å få seg venner gjer Lea seg om til Vilde. Smarte, morosame og kule Vilde. For Vilde har ikkje ei mor som er sjuk. Vilde blir kjærast med Halvor. Vilde greier alt i heile verda. Men så skjer det noko som gjer at Vilde forsvinn og Lea ikkje greier å vere nokon annan enn seg sjølv.

9788234002007 | 329,-

Ein Venn Som

Meg

Sofie går i niande klasse. Ho blir fryst ut av alle og har ikkje ein einaste venn etter at ho blei svikta av Emilie sommaren før åttande. No tel Sofie ned dei 340 skuledagane før ho kan flytta frå øya og begynne på vidaregåande. Så kjem det ei ny jente i klassen, Carla. Ho er så sjølvsikker at ho ikkje ser ut til å ha eit einaste problem i heile verda. Kan Sofie få ein ny venn i Carla? Men så viser det seg at Carla ber på ei hemmelegheit. Ei hemmelegheit som kan setja heile vennskapet i fare. Kan Sofie greie å vera ein ordentleg venn?

9788234006852 | 329,-

ATLE HANSEN

Svartedalen

Kva gjer du når du høyrer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe,djupt inne i Svartedalen, der du absolutt ikkje skulle gå? Når mystiske ting byrjarhende, og du ikkje klarer å finne ei naturlegforklaring? Nokre gonger blir det opp til dei i notida å rydde opp i hendingane i fortida sjølv om det kan bli farleg. Svartedalen er ein lettlesen grøssar der spenninga held deg klistra til sidene

9788252192148 | 199,-

Atle

HANSEN

Flukt

Rett under fjellet ligg det eit aude hus, som plutseleg ikkje er aude lenger. Nokon har flytta inn, men vil ikkje bli sett. Er det dei rømte asylbarna, eller kanskje den farlege fangen som har slått seg til der? Og kva i all verda gjer ein når ein oppdagar noko som er hemmeleg?

9788252192186 | 199,-

Atle Hansen Alexander Er Forelska I Live

Jonas går på vidaregåande. Han trivst best i bakgrunnen der han kan vere anonym og observere dei andre elevane. Han ser mellom anna korleis Alexander, den nye guten med dei vakre krøllane, verkar å vere interessert i Jonas’ bestevenninne Live. Men kvifor synest Jonas det er så vondt å sjå på? Skulle han eigentleg ønske at Alexander var interessert i han? På ein fest blir hemmelegheita til Jonas avslørt framfor alle, og plutseleg er han ikkje lenger så usynleg. Har alle visst at han likar gutar bortsett frå Jonas sjølv?

9788234006661 | 329,-