2 minute read

VULKAN

«Vulkan» er ei kjærleikshistorie. Men kjærleik mellom menneske kjem til uttrykk på mange ulike måtar. For Anna sine foreldre innebar kjærleiken at Anna og mora hennar kom på krisesenter og måtte flytte til ein ny by. For Chili, Anna si venninne, er det kjærasten Oscar som betyr alt, spørsmålet er om ho betyr alt for Oscar. Og for Anna sjølv er møtet med Idris noko heilt spesielt. Men det er vanskeleg å finne sin eigen veg i kjærleiken når ein blir vikla inn i alle andre menneske sine kjærleiksforhold. Anna vil gjerne starte på nytt. Men det er vanskeleg å begynne på eit nytt kapittel når det første kapitelet aldri sluttar.

9788234007804 | 329,-

Kjærasten til Alex har slått opp med ho utan forklaring. Alex blir mobba av dei andre jentene i klassen fordi ho er skeiv, samstundes må ho førebu seg til den første konserten med bandet sitt. Når alt ser som mørkast ut, begynner det ein ny gut i bandet. Mika har tjukt, mørkt hår, holete jeans og speler bass som ein gud. I tillegg ser han ut til å vere interessert i Alex. Men kvifor blir Alex interessert i Mika, ho liker jo jenter? Kva er det eigentleg som gjer Mika så sjølvsikker? Tør Alex i det heile tatt å forelske seg att?

9788234007804 | 329,-

16 år gamle Emma vaknar på sjukehus med eit skotsår i magen. Kva som har hendt, hugsar ho ikkje heilt, men dei seier at det er faren som har skote ho. Som einaste overlevande etter ein familietragedie må Emma flytte til mormora si langt ute på landet. Der bur også Hannes, naboguten som har fotografering som hobby og gjerne vil bli venn med Emma.

Psykologen Beate seier at Emma ikkje kan kome seg vidare før ho hugsar kva som har skjedd.

Men Emma kan ikkje hugse, vil ikkje hugse.

9788234007453 | 329,-

Marit Kaldhol Zweet

Kva er sanning og kva er løgn? Alarmen går, og ungdomsskulen blir evakuert på grunn av ein livsfarleg gasslekkasje.

10. klassingane Lill Miriam, Susan og Rubenopplever den dramatiske situasjonen på kvar sin måte.

Lill Miriam tenkjer heilt annleis enn dei andre.

Ho som er så oppteken av at honningbiene forsvinn, er plutseleg sjølv forsvunnen. Overlever ho eller ikkje?

Susan har ein vond løyndom ho ikkje klarer å gløyme. Ruben er ny i landet og har berre ein venn, Lill Miriam. Klarer han å finne ut kvar ho gøymer seg før det er for seint? 9788252192124 |

MARIT O. KALDHOL Z FOR SORRY

Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv. Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nær? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg? Susan ser på kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit større bilete, medan andre sviv omkring åleine i utkanten.

9788252193961 | 329,-