7 minute read

VEIT INGENTING

Tina er 16 år og går siste året på ungdomsskulen. Ho har ei veslesøster, Erika, som ikkje er som andre småsøsken. Ho kan plutseleg gå i vranglås og krev mykje av tida og kreftene til foreldra. Tina skulle ønske ho hadde ei søster som ikkje laga scenar for den minste ting. Men når nokon ein dag seier noko stygt om Erika, svartnar det for Tina. For om ikkje ho står opp for Erika, kven skal gjere det då?

9788234010187 | 329,-

Marta S Derberg Det Verste Har Allereie Skjedd

Sommaren har nettopp starta, og Bianca har fått jobb i eit reingjeringsfirma. Adoptivforeldra synest ikkje det er ein passande jobb for dottera, men Bianca har ikkje noko imot det, tvert om. Etter at det verste hende, bryr ho seg ikkje om noko lenger, ho plukkar gjerne sigarettsneipar dagen lang. Ein dag får ho og ein kollega i oppdrag å rydde ut av ei leilegheit som har vore åstad for eit drap. Bianca grev seg djupt ned i trekantdramaet som førte til mordet, men det einaste ho finn, er si eiga sorg.

9788234010262 | 329,-

Eg Blir Her

Oda er 16 år og bur saman med faren og besteforeldra sine i ei lita bygd på Vestlandet. Ho gler seg til å henge med kjærasten Sondre heile sommaren og til å vise han den vakre naturen på heimplassen sin. Men når Daniel kjem til bygda, blir sommaren ganske annleis enn ho først hadde tenkt seg. Kvifor dukkar han alltid opp der ho er, og irriterer henne? Og kvifor masar han om at ho må flytte frå bygda?

Samstundes må Oda takle ein pappa som drikk for mykje, og som har starta pub for turistane heime i stova si. Kan han ikkje vere meir til stades for ho i staden for å leve i fortida?

9788234007941 | 329-

Sinne

15 år gamle Synne har ADHD. Det boblar og kokar inni henne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen.

Heldigvis har Synne bestevennen

Torunn. Men to nye elevar i klassen skapar problem: Kine, som er ein ufordrageleg influensar med mange følgarar på Instagram, og mystiske og pene Johan, som må ha O’boy og brødskiver med jordbærsyltetøy kvar dag.

9788234002151 | 329,-

TONE E.SOLHEIM SVARTTRASTA

Syng Om Natta

Dette er historia til Edith, som hatar alt og alle. Som gøymer seg i hettegenserar, blir kviskra om i klasserommet, og som mest av alt skulle ønske ho kunne forsvinne heilt og fullt. Men dette er òg historia til Martha, som elskar Beatles, saknar far sin og prøver å sjå det beste i alle, uansett kva. Edith og Martha er ulike som natt og dag, men blir likevel dratt mot kvarandre når dei begynner i same klasse på vidaregåande. Eit uventa vennskap oppstår, og det viser seg at dei har mykje meir til felles enn ein gjerne skulle tru.

9788234003899 | 329-

PETER F. STRASSEGGER KVIL I FRED

Per og kameraten Oskar går i tiande klasse og stel øl, taggar og slåst. Heime slit Per og faren med sorga etter at mora døydde. Kvifor klarar dei ikkje å snakka om det som har skjedd? Og kvifor er Per sint på faren? Per og Oskar røyker hasj og køyrer bil ulovleg. Så ein dag blir dei tekne av politiet, som ber dei om å ta eit oppgjer med det livet dei har levd til no. Men Per er ikkje klar for å leggja alt bak seg enno. Han må ta eit anna oppgjer først. Eit oppgjer som han kanskje vil angra på. Men han må. Noko driv han, han får ikkje fred. Kven er det som ikkje kviler i fred?

9788234008405 | 329,-

Aleksander Den Store

Alexander er 15 år. Han veks opp i eit anna land. Der bestemmer han seg for å ta igjen overfor skulens bølle. Men det går for langt. Rett etterpå må han og familien flytta til Noreg, til ei lita bygd, der mora kjem ifrå. I det nye heimlandet blir Alexander peika ut som neste offer av ein mobbegjeng, leidd av Torve. Skal Alexander ta igjen, slik han gjorde sist? Kva vil skje då? Eller skal han finna ei anna løysing? For kva slags krefter ligg det eigentleg i hendene hans?

9788234003455 | 329,-

Det viktigaste i livet for Tarjei er venner og gaming. Men kva skjer når mamma og pappa har bestemt seg for å skiljast? Mamma flyttar etter kvart inn til den nye kjærasten sin. Men Tarjei vil heller vere hos pappa i det gamle huset. Nokre gonger må han likevel bu i det nye huset til mamma. Då søker han seg til den gamle leikehytta saman med bestevennen Sindre. Der dukkar også Aisha opp, som han så gjerne vil gå på epleslang med. «Tarjei, 13 år» er ei oppvekstskildring om å vilje vere liten og stor på ein gong. Kan ikkje mamma berre la han vere i fred? Og kan ho ikkje forstå at det er no han hadde trunge både ho og pappa som mest?

Tre Meter Med Kniv

Lykke vil bli halden rundt av Simeon i symjehallen. Ho ønskjer å bli sett av ei sjuk mor. Ho prøver å vere grei med fostersystera Lena. Men Simeon, som kan vere så snill, kan også vere slem. Og mor, som kan vere så morosam, kan også vere langt borte. Og kva er det med Lena, som av og til er heilt, heilt stille?

«Tre meter med kniv» handlar om å vere forelska, om å vere ei dotter, ei syster, men heile tida vere på vakt, heile tida kjempe mot tårene, heile tida lengte, heile tida oppleve at kjenslene svir.

9788252198096 | 329-

Hilde Myklebust Splintra

Sommaren etter tiande klasse ligg fri og utstrekt framfor Mia og vennegjengen hennar. Snart ventar vidaregåande, og dei skal splintrast og fyke i kvar sine retningar. Men dei har denne sommaren i lag, her og no. I løpet av ferien kjem Mia og Are nær kvarandre på ein ny måte, og det blir vanskeleg å skilje mellom kva som er vennskap og kva som er kjærleik.

Hausten kjem, og Mia flyttar på hybel. Ho blømer i det nye miljøet på musikklinja med musikal og konsertar, hybelliv, festing og nye venner. Så blir Are sjuk. Veldig sjuk.

9788234006876 | 329,-

R Nnaug Kleiva Vinden Og

Kattane

Femten år gamle Johanna bur saman med mor og veslesøster, og ho må ta ansvar for dei begge. Mor drikk for mykje og anstrenger seg for ikkje å tenke på det endelause. Veslesøster er berre sju år og ønsker seg mest av alt i verda ein eigen kattunge som ho kan passe på. Samstundes leitar Johanna etter nærleik hos gutar som kanskje ikkje maktar å gi henne det ho treng. Vinden og kattane handlar om ei ung jente som blir vaksen altfor fort, men det er også ei historie om sterke familieband, lojalitet og djup kjærleik.

9788234003912 | 329,-

Uprisvinnar!

Lars M Hle Landet Under Isen

Fire sakna ungdommar. Tre stammar. Eit bortgøymt land under isen. Sju protokollar. Éin utvald. Éin forrædar. Den siste striden er her. No. Midt iblant oss. Leo Rubin er mot sin vilje utvald til å kjempe mot den vonde munken, og på vegen opplever han krig mellom stammane og sterke krefter han må stå imot.

9788252178784 | 229,-

Leo Rubin, Den utvalde, får ei grufull utfordring: Smalvik er igjen truga, og difor må Den utvalde reise frå heimstaden Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Leo må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året. Og han får eit umogleg val: Døden. For han sjølv. Eller for vennane sine. Det er ei hemmeleg sekt, Soltempelordenen, som står bak. Og sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg ein stad i Smalvik.

9788252184273 | 349,-

Lars M Hle Djevelen Vil Alltid Finne Deg

Korleis hindre djevelen frå å kome tilbake?

Ein mystisk familie, kledd i gamaldagse klede, flyttar inn i nabohuset til Onu. Inne i ei grotte finn Onu og klassekameratane Alex og Irmelin svarteboka til Djevelen. I boka blir det fortalt om det svarte fosteret. Det nærmar seg Valpurgisnatt, natta då djevelen skal fødast på ny. Kva har den nye og merkelege nabojenta Regina med dette å gjere? Og kven i bygda er til å stole på? 9788252197389 |

Andromeda

16 år gamle Simon har blitt flytta til ein ny fosterheim i ein liten dal på Vestlandet. Han trur han skal få ein lett match med å hevde seg her, men ting utviklar seg annleis enn han trur. Andromeda er ein roman om unge menneske som på ulikt vis kjenner seg utanfor og annleis. Det er ei dramatisk historie om svik og lojalitet, posisjonering og sosialt spel.

9788252199420 | 199,-

Lars M Hle Tusenfryd

Ein tettstad. Ein klasse. Seks elevar. Kaleb rømmer med den kreftsjuke veslesøstera si for at ho skal få køyre karusell på Tusenfryd før ho døyr. Fred ønskjer å finne ein stad der han kan vere i fred frå Adrian, plageånda i klassen. Sjølv vil Adrian berre vere langt unna far sin. Tonje stammar og tør ikkje seie noko i timen. Tobias kjem flyttande frå byen fordi far hans meiner det kan gi familien ein ny start. Tobias blir naboen til Kaja, som alltid får hovudrollene i klassen sine teaterstykke - bortsett frå dette året, då alt blir snudd opp ned.

Novellene følgjer dei seks elevane gjennom eit halvt år. Alle står på terskelen til ungdomstida. Alle har draumar om noko nytt og betre.

9788234006890 | 329,-

Jag R Supermann

Bjørn, Eskil og ei svensk jente dreg ned til elva for å bade. Syriske Aya kjem til Sunndalsøra etter å ha flykta gjennom heile Europa. Anders blir besøksvenn på aldersheimen for å imponere Marianne. Karl gruar seg for å halde tale i gravferda til veslebror sin. Og rebellen Tuva er tvangssend til dalen, for å bli halden unna eit dårleg miljø i Oslo. Og midt i alt dette finst det truleg også ein rømling, i skjul, ein eller annan stad. Alle ungdommane har ulike prosjekt, men kvar og ein ber på eit intenst ønske om å bli sett og finne feste i verda. Noko som gjer det heile verdt det.

Året er 2052. Startskotet går for tidenes heftigaste nett-reality, ein klimakonkurranse på isolerte Bouvetøya i Sørishavet. Ein ungdom frå kvar verdsdel, kvar med sine unike eigenskapar, skal knive om enorme pengesummar. Dei skal vere offline i tre dagar, mens resten av verda kan følgje dei gjennom liveoverføringar. Men er Bouvetøya 2052 verkeleg ein sjanse til å endre planetens framtid?

Mot sin vilje blir den norske aktivisten Roland vikla inn i eit spel på liv og død.

LARS

FUCK OFF I LOVE YOU

Vemund er ein vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Kvifor? Leiaren i gruppa, Two-Face, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle viktige vegval med myntkast: På den eine sida av mynten står det «I Love You». Då blir valet godt. På den andre sida står det «Fuck Off». Då blir handlinga vond …

FLEIRE FORFATTARAR ELSKAR, ELSKAR

IKKJE

9788252174311 | 329,-