1 minute read

REISE GJENNOM BÆSJENS HISTORIE

Mor di gjer det, far din gjer det, kongen, dronninga og presidenten i USA gjer det. Kva då? Går på do, vel! Gjennom alle tider og i alle situasjonar har folk måtta gå på do. Men har du eigentleg tenkt på kvar dei gjorde av bæsjen i gamle dagar, før vassklosettet blei funne opp? Eller kva dei gjer med tisset i land der dei ikkje har nok reint vatn? Kva gjer du eigentleg når du må bæsje på ein u-båt, i eit jagarfly eller på ein internasjonal romstasjon? Boka er humoristisk illustrert av Flu Hartberg.

9788252193893 | 349,-