6 minute read

FAKTA FOR BARN

EIRIN HOLBERG OG ÅSHILD IRGENS (ILL.)

STEINALDEREN. 10 000 ÅR GAMLE TYGGISAR

OG HOVUDSKALLAR PÅ STONG

Ein ti tusen år gammal tyggis!? Hadde dei snop i steinalderen? Korleis var det eigentleg å vere barn i Noreg då? I denne boka får du bli med 10 000 år tilbake i tid, heilt tilbake til slutten av istida då steinalderen begynte i Skandinavia. Du får høyre om steinhoggarskular, om å bu oppå søpla si og om den gongen da ei monsterbølgje raserte norskekysten. Boka gir deg òg oppskrift på korleis du kan lage ditt eige musikkinstrument frå steinalderen.

9788234010217 | 349,-

TRUDE TJENSVOLD

Vi Roper I Skogen

Visste du at ramnen kan flest ord av alle fuglane i skogen? At plantane sender signal til kvarandre under bakken? Og korleis snakkar eigentleg mauren? Vi roper i skogen er ei faktabok som handlar om det heilt motsette av skogens ro, nemleg skogens mange lydar. Her får vi lære meir om alle dei ulike språka som finst der inne blant trea. For korleis snakkar dei saman, alle dei som bur i skogen?

9788234011696 | 329,-

LINE

Nagell Ylvis Ker

FOXI: SLEDE-HUNDEN INGEN VILLE HA

Dette er historia om polarhunden Foxi på Svalbard. Det er ei utruleg historie om ein liten hund som viste seg å vere ein skikkeleg tøff og modig hund, om hundekøyring og om det fantastiske forhaldet mellom menneske og dyr. Boka er rikt illustrert.

9788234007859 | 299,-

Historia Om Erling Braut Haaland

Erling Braut Haaland er kanskje den mest kjente nordmannen i verda. Ettersom han dundra inn mål etter mål for det norske landslaget og den tyske storklubben Borussia Dortmund, ville alle dei største klubbane i verda kjøpa han. Men Erling valde til slutt Manchester City. Noreg har kanskje aldri fostra opp eit større talent. Korleis blei ein spedbygd gut frå vesle Bryne eit av dei største fenomena i den største idretten på verdsbasis?

9788234007583 | 299,-

Dødsstraffa blei ikkje avskaffa i Noreg før i 1979, men etter 1876 har ingen her i landet blitt avretta i fredstid. I dag verkar det fjernt at vi har dømt menneske til døden og halshogge eller brent folk framfor store folkemassar, særleg sidan mange av dei kriminelle handlingane dei blei straffa for, ikkje lenger er straffbare. Samtidig veit vi at mange andre land i verda framleis avrettar kriminelle. Kva er argumenta for dødsstraff, og kva er grunnen til at Noreg ikkje vil ha det lenger?

9788234004452 | 349,-

BÅR STENVIK OG RUNE MARKHUS (ILL.) TI UTRULEGE OPPFINNINGAR

Kva har atombomba, p-pilla og like-knappen til felles? Jo, dei forandra verda rundt seg. Det same gjorde oppfinningar som lyspæra, kjøleskapskrukka, antibiotikaen, oppvaskmaskina, autotune, protesar og det skotsikre stoffet kevlar. Gjennom desse forteljingane får ein dessutan eit innblikk i korleis oppfinningane blei til, korleis nye idear veks fram, og korleis oppfinningane påverkar livet vårt.

9788234002779 | 349,-

Pia Str Mstad Og Trond Bredesen 10 Ville Ekspedisjonar

I denne boka blir vi kjende med utforskarar frå dei siste hundre åra, folk som har vore villige til å måle krefter med naturen og det ukjende. Oftast høyrer vi om dei vellykka ekspedisjonane, om dei som lykkast i å komme heilt fram eller setje rekorden dei håpte på. Men mange når ikkje målet. Fridtjof Nansen nådde ikkje fram til Nordpolen slik han hadde planlagt. Andre kjem aldri tilbake.

9788252197075 | 349,-

Rjan Nyland Rjans Keeperskole

Har du kjent sitringa når du står på målstreken og skal hindre mål? Veit du korleis du best skal varme opp før ein kamp? Har du høyrt om den mestskårande spissen i historia? Lurer du på korleis du blir den aller beste keeperen?

Dette og mange andre ting får du greie på om du les Ørjans keeperskole. Ørjan Nyland har skrive boka i samarbeid med Eirik Ingebrigtsen.

9788252189506 | 349,-

MALIN HELLEBØ OG CAMILLA KUHN (ILL.)

Dyras Beste Sjekketriks

Visste du at mohairgeita sitt beste sjekketriks er å tisse seg sjølv i fjeset?

At edderkoppar sjarmerer damene med musikk og heftige rytmar? At pingvinar frir med småstein? Eller at geviret til hjortebukken er eit verktøy for å imponere dei kresne kollene?

I denne boka tek Malin Hellebø og Camilla Kuhn for seg dei fascinerande og rare metodane dyr har for å finne seg ein make.

9788252198041 | 349,-

Smund Eikenes Og Eivind Gulliksen Knokedunk

Vi menneske har hender med fem fingrar. Hjå dyra ser hendene annleis ut, og vi kallar dei potar, klør, loffar, klover eller vengjer. Men ser vi på korleis menneskehendene og dyrehendene er bygde opp, så liknar dei kvarandre. Hendene hjelper dyra til å bli ekstra gode i jobben sin. Bli med og oppdag dei forskjellige dyrehendene!

9788252198119 | 349,-

Midt på natta mellom første og andre juledag 1979 blei det fødd ein liten sjimpanse i ein dyrepark i Kristiansand. Han heitte Julius, og skulle få ein vanskeleg start på livet. Mora avviste han, og faren var valdeleg. Til slutt måtte Julius flytte inn hos to menneskefamiliar.

Dette er den sanne historia om Noregs største dyrekjendis: sjimpansen Julius. 9788252199307 | 349,-

N R Det Regnar I Afrika

Korleis blir vêret til? Kvar kjem vindane frå? Kvifor får hagl racerfart, og kvifor i alle dagar regnar det? Dette er ei bok om vêr, men også ei bok om Styrk, som bur i Noreg, men tenkjer på Afrika. Når kjem regnet til dei tørre åkrane hos mormor, tenkjer han. For det kjem vel, om det ikkje er nokon som har stole det?

9788252187809 | 349,-

VAKEN?

Ei Godnattbok Om Dyr Som Ikkje S V Om Natta

Leikent og lærerikt om dyr som er vakne om natta! VAKEN? er ei faktabok om nattaktive dyr. I kvart kapittel er det ei lita forteljing om kvar ein kan finne dei enkelte dyra. Kvifor er desse dyra vakne når vi andre søv? Får dei ikkje sove? Eller kan dei vere vakne samtidig som dei søv? Boka er illustrert av Anna Fiske.

9788252192612 | 349,-

Ei Bok Om Den Livsviktige

Barn ler 300–400 gonger for dagen. Vaksne berre 10–15 gonger. Mange dyr ler også!

Kvifor ler barn så mykje meir enn vaksne?

Kan latter gi oss venner? Blir vi snille av å le?

Eller friske?

Og er det mogleg å le seg i hel? Dette er nokre av dei mange spørsmåla du fi nn svar på i boka He-he. Det handlar om kor skummel latteren kan vere, men mest av alt kor godt og viktig det er å kunne le.

9788252189247 | 349,-

Faktabibel for barn!

MATS WÄNBLAD, BJÖRN BERGENHOLTZ (ILL.), ANDERS NYBERG (ILL.), KJELL THORSON (ILL.) OG FILIPPA WIDLUND(ILL.)

SLIK FUNKAR DET!

Kan du forklare korleis vatnet kan vere reint i alle kranene våre, korleis jordvarme fungerer, eller korleis ein oppbevarte mat før frysen fanst? Her er det mange underhaldande og pedagogiske forklaringar om samanhengar ein ikkje kan google seg fram til. Her får barn – og vaksne – kunnskap om korleis det nødvendige i kvardagen vår fungerer og heng saman.

9788252192087 | 349,-

ERNA OSLAND OG INGER LISE BELSVIK (ILL.)

UNDER EIN STEIN!

Mange dyr likar seg der det er mørkt og vått, og derfor gøymer dei seg under steinar. Her ligg dei stille og trur at ingen veit om dei. Men så kjem du! Du løfter på ein stein og straks ser du dei: billene, edderkoppane og makkane.

Ei bok om virvellause småkryp som mellom anna spretthale, saksedyr, løpebille, skrukketroll, tusenbein, skolopender.

9788252184990 | 349,-

MATS ELDØEN OG SINDRE GOKSØYR (ILL.)

Viss Eg Hadde Hale

Sjå for deg at du vaknar ein dag og har vengar i staden for armar, eller at du plutseleg kan skifte farge og gå i eitt med omgivnadene, som ein kameleon. I Viss eg hadde hale leikar forfattar Mats Eldøen og illustratør Sindre Goksøyr med tanken om korleis verda hadde vore om vi hadde hatt litt meir av dyra sine eigenskapar. Gjennom absurde og morosame teikningar og fantasifulle tankespinn opnar dei for at barn og vaksne kan fabulere heime. I tillegg fortel dei oss kvifor dyra faktisk er som dei er.

9788252197082 | 349,-

AINA BASSO

OG CHRISTIAN BLOOM (ILL)

Heksejakt

Frå 1400-talet og fram til rundt 1700 blei 100 000 kvinner og menn stilte for retten og skulda for hekseri og trolldom i Europa. Her i landet blei over 300 såkalla hekser drepne. Historikaren Aina Basso fortel om hekseprosessane i Europa og i Noreg. Her blir vi kjende med hekser som franske Jeanne d’Arc og tyske Merga Bien, men også norske hekser som Anna Pedersdotter Absalon og sunnmørske Sva-maska. Kven var heksene?

Og korleis i alle dagar kunne noko slikt skje? Heksejakta er ikkje over. Både i Asia, Sør-Amerika og Afrika er det stader der dei framleis brenner hekser. Boka er illustrert av Christian Bloom.

9788252189520 | 349,-