5 minute read

6 – 9 ÅR

Tonje Glimmerdal

Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespelet!

9788252183429 | 329,-

9788252196818 (POCKET) | 199,-

MARIA PARR

OSKAR OG EG

I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte.

9788234011450 | 349,-

Maria Parr blir samanlikna med Astrid Lindgren, og bøkene hennar er av dei største norske barneboksuksessane i nyare tid. Bøkene er utgitt i over 30 land. Bøkene finst òg som lydbøker.

MARIA PARR

Vaffelhjarte

Dei som ikkje alt har lese denne hjartevarmaren av ein roman bør snarast gjere det. Klassikar, rett og slett!

Trille er sikker på at naboen Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i.

9788252179774 | 329,-

9788252196801 (POCKET) | 199,-

MARIA PARR

Keeperen Og Havet

Ein ny fotballtrenar legg mørke skyer over keeperlivet til tolvåringen Lena Lid. I nabohuset spekulerer Trille på korleis han kan gjere inntrykk på den nye jenta i klassen. Og på havet jaktar farfar på storfisken, slik han alltid har gjort, utan å bry seg om at han byrjar å bli gammal. Det er duka for mykje drama og sterke kjensler når Lena, Trille og farfar går inn i eit år der dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene. For kva skal ein gjere når alle flåtane ein byggjer, forliser, alle flaskepostane ein sender, driv inn i fjørene heime og ingen bryr seg om det ein verkeleg kan? Ein kan i alle fall ikkje gi seg på det! For som Lena Lid seier i trengde situasjonar: No må de søren kverke meg vakne, der framme!

9788252188868 | 329,-

9788252196825 (POCKET) | 199,-

Floke

Ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd, Inn i skrømtskogen og Verdas ende. Norrøn mytologi i 2020-drakt. Floke Skrufson er ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Han liker ikkje vald og slåsting, og vil aller helst berre sitje i graset og lage musikk. Ein dag reddar han ein gammal krok som sit fast i eit tre med nasen sin. Som takk får han eit heilt spesielt sverd. Det er berre ein hake ved denne gåva: Den som sverdet har, må redde verda frå sjølvast ragnarok! Bli med inn i det fantasifulle vikinguniverset til Ida Eva Neverdahl. I teikneserieromanen «Floke» blandar ho norrøn mytologi, action og fantasidyr med trekk frå norske eventyr og ein god dose absurd humor.

Ida Eva Neverdahl

Ein Fredeleg Fyr I Ei Vill Vikingverd

Floke Skrufsson er ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Han liker ikkje vald og slåsting og vil aller helst berre sitje i graset og lage musikk. Ein dag reddar han ein gammal krok som sit fast i eit tre med nasen sin. Som takk får han eit heilt spesielt sverd. Det er berre ei hake ved dette: Den som har sverdet, må redde verda frå undergangen, sjølvaste Ragnarok!

9788234003547 | 329,-

Nominert til Kritikarprisen

Ida Eva Neverdahl Inn I Skr Mt Skogen

No har han fått eit viktig oppdrag: Han skal redde verda frå ragnarok. Men for å gjere det, må Floke legge ut på ei lang reise. Den kronglete ferda gjennom skrømtskogen og over trollfjella fører han til sjølvaste Jotunheimen, staden kor gudanes svorne fiendar, jotnane, held til. Men kjem han til å klare å redde verda frå den totale undergang, tru?

9788234005107 | 329,-

Ida Eva Neverdahl Verdas Ende

I denne siste delen av soga kjem Floke og venene endeleg fram til Åsgard, heimen til gudane. Der møter dei mellom andre Odin, men sjølv ikkje han trur på at verda skal gå under. Floke må ta saka i eigne hender, men korleis skal ein godlynt liten sprett hindre den store undergangen?

I «Floke 3. Verdas ende» avsluttar teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl den elleville og fantastiske forteljinga om Floke Skrufson.

9788234008207 | 329,-

Jens Kristensen og inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens

Ole Mathismoen. Vanja, Sivert og Mo bur i ei lita bygd på Vestlandet.

Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje, og det blir dramatisk når dei tre vennene tar opp jakta på miljøskurkane.

Rosas Buss

Dette er historia om modige Rosa Parks som ein desemberdag i 1955 nekta å reise seg frå bussetet for å gi plass til ein lyshuda amerikanar, sjølv om raselovene kravde det. Med tårer i auga fortel bestefar historia han veit alt om, for han var sjølv på bussen.

9788252180022 | 229,-

I desse eventyra er trolla bytte ut med stigande hav og manglande frisk luft. Vår tids Oskeladden er ny i landet, og heltane i alle desse eventyra er barn og ungdommar. Dei unge heltane vinn, fordi dei er omsorgsfulle, eller veit å verdsetje vennskap. Eventyra er illustrerte av Inger Sandved Anfinsen.

9788252191004 | 329,-

Teddybjørnen Alfred og tøyhunden Samuel ligg i ein pappkartong på loftet i eit tomt hus, saman med andre leiker. Ein dag vaknar dei og skjønar at dei må ut av huset og ut på Storevegen og finne att Ole-Martin, som eigde dei, og Gerhardsen.

9788252160529 | 199,-

Absolutt Pode

Tor Arve Røsslands bøker om Pode er moderne barnebokklassikarar som har blitt svært populære. No kjem dei i ei flott samleutgåve i høve Røsslands 20-årsjubileum som forfattar. Her får du dei fire første Pode-bøkene: «Pode, Pode mister fotfestet», «Pode får snue» og «Anti- Pode». I tillegg inneheld samleutgåva to nye Pode-forteljingar illustrert av Øyvind Torseter.

9788234002076 | 349,-

RAGNAR HOVLAND

P Ei Trapp I

UNIVERSET: DIKT

Kor langt ut finst universet? Kor kom livet frå?

Korleis kan jorda vere lita som eit flugeegg?

Kven skal varme oss når sola sloknar?

Ei ellevill diktsamling for barn, men òg ei bok for vaksne! Identitetsspørsmål, eksistensiell kjennskap og den uendelege fridommen er nokre av dei tinga det blir skrive om. Lesaren vil glede seg over dei morosame og overraskande påfunna til forfattaren, med språkleik og nonsenspreik.

9788252171211 | 149,-

Ein katt og to barn sit på trappa til eit hus i skogkanten. Dei filosoferer om røynda og universet, om det minste og det største, om det dei ser, og det dei ikkje kan sjå. Ikkje minst oppdagar dei at det finst ufatteleg mange slag egg. På ekspedisjonar i skogen og til fjorden blir både fortid og framtid, fantasi og vitskap levande og nær.

Diktsamlinga er vakkert illustrert av Susanna Kajermo.

9788234008245 | 299,-

TONE NØRVÅG POLITIHUNDEN FALK

PÅ NATTEVAKT

9788252181913 | 249,-

Lettlesne og spennande bøker om politihunden Falk, som bur saman med politidama si, Hanne, og familien hennar.

Serien fortel om politiet sitt arbeid gjennom etterforskarparet Falk og Hanne og oppdraga dei får.

TONE NØRVÅG POLITIHUNDEN FALK

PÅ FARLEG OPPDRAG

9788252182552 | 249,-

JAN MAGNUS BRUHEIM

OG JENS IVAR KRISTENSEN

TROLLGUTEN

OG ANDRE DIKT

Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk i Gudbrandsdalen var gjennom heile diktarlivet oppteken av å skrive for barn. No er dei mest sentrale og kjære dikta for barn samla i ei utgåve, med nye illustrasjonar av Jens Ivar Kristensen.

9788252196269 | 269,-

Har du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spørsmåla du får eller ikkje får svar på i denne diktsamlinga.

«Tusen elgar i garasjen» tar oss med på ei ferd med ramn og salamander, dinosaurar og flaggermus, rustne traktorar og maur i trusa som følgjesveinar.

Har du nokon gong ridd på ein daud elg gjennom skogen? Tenkte oss det.

9788234010156 | 329,-