Symra, hausten 2016

Page 1

SYMRA – Hausten 2016


Den offentlege skulen i Oslo opprettar eigne klassar der all undervisning blir gitt på engelsk, fordi det er mange internasjonale innbyggjarar i byen. I Tromsø doblar dei talet på innføringsklasser for elevar som er svake i norsk. Det er ikkje berre geografisk det er langt frå nord til sør. Gaute Øvereng, dagleg leiar Ansv. redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Gaute Øvereng Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 2/2016. Opplag: 10 000 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Tore Renberg og Alexander Flotve Foto: Tommy Ellingsen Bokomslag Monsterbråk, Samlaget Herborg Kråkevik Foto: Agnethe Brun Billettinfo:

Program våren 2016 Tore Renberg: Du er så lys, 30. oktober

s. 3

Forskingsdagane: Bibel over alle grenser, 25. september

s. 4

Ny norsk språkhistorie, 28. september

s. 4

Familiedag: Naturen, 2. oktober

s. 5

Distriktsjordmødrenes historie, 6. oktober

s. 6

25 år etter orkanen, 18. oktober

s. 7

Familiedag: Monster, 6. november

s. 7

Boknatt, 10. november

s. 8

Herborg Kråkevik, 27. november Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no

Familiedag med juleverkstad, 4. desember

s. 9

s. 10


Litteratur og musikk

Tore Renberg: Du er så lys Søndag 30. oktober kl. 19.00 Kr 250 Foto: Tommy Ellingsen

Tore Renberg gir ut ny roman i haust og legg ut på turné saman med gitarist Alexander Flotve. Saman lovar dei publikum klump i halsen, latter i brystet og varme i føtene. Du er så lys er ei uvanleg bok om vanlege familiar, ei nervepirrande forteljing om det vi ikkje får auge

på. Sjølv når det skjer rett framfor oss. Dette er den trettande romanen til den folkekjære og kritikarroste stavangerforfattaren og den første på nynorsk. Med på turneen er også Renbergs første soloalbum Ingen nåde, som kom ut tidlegare i år. 3


Omvising og dikt Foredrag

Forskingsdagane: Bibel over alle grenser 17.00 Vegen frå og til – å omsetje Anders Aschim og Jan Ove Ulstein 17.30 Godt brukande – Peter Hognestad og bibelen på norsk Per Halse (30 min.) 18.30 Bibeldikt Jan Ove Ulstein, poetane Marit Kaldhol, Jan Inge Sørbø og Øystein Orten, koret faSong, Steinar Høydal mfl.

Foto: Øyvind Eide

Søndag 25. september kl. 17.00–19.30, gratis

Arrangementet er ein del av Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda 22.–29. september, hivolda.no

Foredrag

Ny norsk språkhistorie

Redaktør Helge Sandøy held foredraget “Korfor ei ny norsk språkhistorie? Ny kunnskap og nye perspektiv” om band 1 i verket Norsk språkhistorie. Det blir opna for spørsmål frå salen etter foredraget. 4

Foto: UiB

Onsdag 28. september kl. 19.00, kr 120


Familie

Familiedag: Naturen Søndag 2. oktober kl. 13.00 Kr 50 Bilete er henta frå boka Nikolai Astrup si magiske verd

I Nikolai Astrup si verd blir tre levande, fjell får trollansikt og kornstakkar blir menneskelege. KODE, Kunstmuseene i Bergen, har laga ei heilt ny bok som skal gi born eit første møte med den folkekjære kunstnaren.

Haustens første familiedag handlar om korleis du kan bli inspirert av naturen, og tek utgangspunkt i boka om Astrup. Vi tek til med ei samlingsstund og held fram med aktivitetsverkstad under leiing av Line Katrin Moe.

5


Foredrag

På liv og død

6

Foto: Bokomslag

Ikkje nokon augneblink i menneskelivet er så kritisk som fødselen. Til alle tider har kvinner hjelpt kvarandre når barn kom til verda. Men etter kvart som legevitskapen vaks fram i Europa, vart denne hjelperolla profesjonalisert og jordmødrene utdanna som medisinske handverkarar. På liv og død er den første samla framstillinga av distriktsjordmødrene si historie i Noreg. Aud Farstad les frå boka og fortel særskilt om jordmødrene frå vårt distrikt. Farstad er historikar og har arbeidd med sosial- og kvinnehistorie store delar av livet. I samarbeid med Det Norske Samlaget.

Foto: UiO

Torsdag 6. oktober kl. 19.00 Kr 120


Omvising Foredrag

25 år etter orkanen

Det er no 25 år sidan tidenes verste uvêr ramma Vestlandet. Oddgeir Bruaset har snakka med mange av menneska for å høyre korleis dei opplevde katastrofen, og korleis liva deira vart etterpå. Kva gjer noko slikt med menneske og samfunn? Og kva er det som skjer med vêret vårt? I samarbeid med Det Norske Samlaget.

Foto: Tor Sivertstøl

Tysdag 18. oktober kl. 19.00 Gratis

Familie

Søndag 6. november kl. 13.00 Kr 50

Bøkene om Storemonster og Veslemonster er elska av både store og små monstervenner. Familiedagen tek til med lesestund og held fram med aktivitetsverkstad knytt til desse bøkene. Høver best for born i alderen 3-6 år. I samarbeid med Skald forlag.

Foto: Utsnitt frå Monsterbråk

Familiedag: Monster

7


Litteratur og musikk

Boknatta

Til Boknatta kjem fire forfattarar, som alle gir ut ny bok i løpet av hausten og som alle har røtene sine på Sunnmøre. Her møter du Kaisa Aglen, Øystein Orten, Olav R. Øyehaug og Gunnhild Øyehaug på nært hald, i samtale med litteraturkritikar Sindre Hovdenakk. Forfattarane les frå og fortel om dei siste bøkene sine: Diktsamlinga Mellom krig (Aglen), brevromanen Brevet til Rosalin (Orten), forteljingane Botnen (O.R. Øyehaug) og novellesamlinga Draumeskrivar (G. Øyehaug). Open kafé og butikk til kl. 24.00. 8

Foto: Rolf M. Aagaard, Odd Goksøyr, Benedikte Skarvik, Magne Sandnes

Torsdag 10. november kl. 20.00–23.00 Kr 200 / student 100


Litteratur og musikk

Foto: Agnethe Brun

Herborg Kråkevik Søndag 27. november kl. 19.00 kr 300 / student og barn 150

Herborg Kråkevik er ein av våre mest folkekjære artistar, og ein engasjert kulturformidlar. Ho har alltid vore oppteken av å fornye og aktualisere gamle tradisjonar. Juleroser kom ut første gong i København 1882, og spreidde seg til heile Norden. Nye Juleroser kjem ut

i år, og har vorte ein juletradisjon frå Samlaget. Initiativtakar og redaktør Kråkevik les frå årets utgåve og framfører nokre songar saman med pianist og komponist Julian Berntsen. I samarbeid med Det Norske Samlaget. Julehefteutstilling i Aasen-tunet. 9


Familie Konsert

Familiedag med juleverkstad Søndag 4. desember kl. 13.00 Kr 50 Foto: Bokomslag, Mangschou

10

På ein gard, langt inne i ein fjord, blir det ein dag fødd eit lilla lam. Dei andre sauene vil ikkje ha noko med lammet å gjere. Sjølv mora vender seg bort. Når dei andre dreg til fjells, må Lilla bli att heime saman med Gamalsauen. Men utpå sommaren får Gamalsauen likevel dra til fjells, kan hende for aller siste gong. Og Lilla får bli med ...

Boka Himmelspringaren av Sissel Horndal er inspirasjon til årets siste familedag med lesestund og juleverkstad. Boka er også tema for den årlege barnekunstutstillinga i Aasen-tunet, som opnar torsdag 1. desember og vil stå fram mot jul. I samarbeid med forlaget Mangschou.


Klart vi les!

Temautstilling

Torsdag 27.oktober blir den nynorske barnelitteraturen feira i Ivar Aasen-tunet med ein inspirerande og lærerik formidlingsfest. Seminaret er retta mot lærarar på 3.–7. trinn, bibliotekarar, kulturarbeidarar og formidlarar. Heile programmet og meir om turneen Klart vi les! finn du på aasentunet.no

Utstillinga Menneske og språk på vandring i Ivar Aasen-tunet tek pulsen på dei språklege konsekvensane flyktningkrisa utløyser. Utstillinga gir personlege forteljingar og overordna bilete på kva som skjer når menneske på vandring opplever at morsmålet ikkje lenger strekkjer til, og dei må tilpasse seg ei heilt ny språkleg røynd.

Foto: Åge André Breivik

Frå utstillinga, som står til 25.11. Foto: Paul S. Amundsen

11


Om Ivar Aasen

Allkunne.no

I 1866 sat Ivar Aasen i Kristiania og arbeidde på den nye og utvida utgåva av Norsk Ordbog. Systematikaren skreiv seg framover i alfabetet. I løpet av dette året laga han ordforklaringar til alle orda frå Brim til Helstikka, og 24. desember gjorde han seg ferdig med side nr. 1000.

Allkunne.no er eit levande leksikon med 22 000 kvalitetssikra artiklar. Allkunne blir brukt i både grunnskulen, vidaregåande skule og høgare utdanning, og er tilrettelagt som nettbasert hjelpemiddel til eksamen. Per Magnus Finnanger Sandsmark tek til som ny redaktør over nyttår. Konstituert redaktør er Stina Aasen Lødemel.

Foto: C. C. Wischmann

12

Frå Allkunne.no


Siste nytt Lurivar skal på skuleturné med ei heilt ny framsyning. Lurivar og det hemmelege skrinet, med skodespelarane Vegard Hoel og Lykke Kristine Moen, besøkjer barneskular i Sogn og Fjordane og Buskerud i løpet av hausten. Den siste helga i september blir det halde noko som minner om eit verdsmeisterskap i museum i Dubrovnik. I samarbeid med Unesco er 28 museum frå heile verda inviterte til å presentere seg på konferansen Best in Heritage 2016. Ein av deltakarane er Nynorsk kultursentrum, kåra til Årets museum i Noreg i fjor. Vil du få Symra i posten? Send e-post til admin@aasentunet.no eller meld deg på via nettstaden aasentunet.no.

Foto: thebestinheritage.com, Kib og Morits og HumbersetFOTO

13


Festspeldiktaren 2017 Lars Mæhle skal vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela 29. juni–2. juli 2017 i Ørsta og Volda.

Foto: Tove K. Breistein

14

Mæhle er ein etablert forfattar innan fleire sjangrar, og skriv mellom anna romanar, noveller, skodespel, krim, både til born og vaksne. Fantasyromanen Landet under isen vart gjennombrotsromanen hans i 2009. Den første kriminalromanen hans Den mørke porten vart selt til Tyskland allereie før han var gitt ut i Noreg. Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002, som den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool er basert på. Mæhle har mellom anna gitt ut fleire bøker om Harry og Ivar, og ein serie lettlesbøker om Knoterud FK. Han er omsett til fleire språk og dramatisert for barnetimen. Til våren kjem Mæhle med både ny vaksenkrim og ungdomsbok. Meir om Lars Mæhle på Allkunne.no.


Stort utval i nynorske varer i Ivar Aasen-tunet og pĂĽ Handlenett.no

Her finn du güvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer som ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for born og vaksne. Besøk nettbutikken vür eller kom innom for ein hyggjeleg handel!


Ivar Aasen-tunet Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no Hovudsponsorar:

Opningstider 16. august–31. mai: Måndag–fredag kl. 10–16 Søndag kl. 12–17 1. juni–15. august: Måndag–fredag kl. 10–17 Laurdag og søndag kl. 12–17 Utanom vanleg opningstid opnar vi etter avtale

Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, tlf. 70 04 75 70 admin@aasentunet.no

aasentunet.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.