Bokåret 2019

Page 1

Festivalar

Utstillingar

Arrangement

Seminar

Konkurranse

Nynorske barnebokveker

Undervisingsopplegg

Barnebok

2019

BokĂĽret


Utstillingar Språk Den norske bokhistoria er full av skattar. Vi viser blant anna fram unikum frå Ivar Aasen-boksamlinga, Anton Aure-samlinga, dei første bibelomsetjingane til dialektar, dei første Blix-salmane, dei tidlegaste barnebøkene på dei samiske språka og kvensk og dei første omsetjingane til nynorsk frå andre språk enn norrønt og dansk. Her får ein sjå skattar frå ei 500 år norsk bokhistorie, som syner det fleirspråklege landet.

Opning på Den europeiske språkdagen 26. september 2019, Ivar Aasen-tunet. Utstillinga står til 15. november. Utstillinga er ikkje til utlån. Forteljingar Å fortelje ei historie, eller skildre ein karakter frå ulike ståstader, er eit vanleg skjønnlitterært grep. Carl Frode Tiller er ein av dei som har nytta dette grepet til fulle, mellom anna i trilogien Innsirkling og i romanen Bipersonar. Denne temautstillinga vil vise dette skjønnlitterære grepet i bruk, og kva det gjer med lesinga av romanane.


Opning 3. juni, Ivar Aasen-tunet. Utstillinga står til 15. november. Gratis til utlån frå 18.11.2019: admin@aasentunet.no.

Fuglar i lyrikken Kva er det med fuglen som gjer at menneska syng og skriv om han? Utstillinga utforskar kva ulike roller fuglen har og har hatt i poetisk dikting. Her finn du fuglar og dikt frå ulike årstider og historiske periodar, og frå heile Norden. Opning 25. april, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Utstillinga står ut 2019. Gratis til utlån, fleire eksemplar: admin@haugesenteret.no.

Aasmund Olavsson Vinje I 1818 føddest ein mann som seinare både skulle hamne på pengesetlar og som logo for ein rockefestival 35 mil unna fødestaden hans. Aasmund Olavsson Vinje var den første moderne journalisten og den første som skreiv meir nynorsk enn dansk i Noreg. Opning 25. juni, Vinjestoga, Vinje i Telemark. Gratis til utlån utanfor sommarsesongen: admin@vinjesenteret.no.


Bipersonar Det er ikkje ofte hovudpersonar i bøker er homofile, bifile eller trans, men i nokre romanar og debattbøker tek dei meir plass. I denne utstillinga får ein innblikk i skeiv litteratur for vaksne og ungar. Gratis til utlån frå 1.10.2019: admin@vinjesenteret.no.

Utstillingar på turné Nynorsk kultursentrum har produsert meir enn 30 temautstillingar om språk og litteratur. Eit utval av desse vil vere på Noregsturné i Bokåret.

Gjennom brend by til Tante Ulrikkes vei Tarjei Vesaas vann, som første nordmann, Nordisk råds litteraturpris i 1964. Prispengane gjekk til å etablere Tarjei Vesaas’ debutantpris for unge skjønnlitterære debutantar. I over 50 år har prisen gått til forfattarar av romanar, noveller og diktsamlingar. Kva seier desse tekstane om norsk litteratur? Kva landskap passar dei inn i? Utstillinga opnar på Litteraturdagane i Vinje 23.8.2019, og er klar til utlån frå 1.9.2019. Kontakt admin@ vinjesenteret.no.

Litteraturdagane i Vinje hyller forteljingane og forteljaren. Med utgangspunkt i Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa syner festivalen prosa i sak- og skjønnlitteraturen. Vi ser på dei mange rollene til diktinga, mellom anna i politikken og mental helse, gjennom foredrag, høgtlesing, samtale og kulturelle innslag. Faste postar som Tarjei Vesaas’ debutantpris og utdelinga av Storegut-prisen er sjølvsagt med. Følg med på litteraturdagane.no.

Festivalar Litteraturdagane i Vinje 23.–25. august 2019


Dei nynorske festspela 13.–16. juni 2019

Forteljingar er tema for Dei nynorske festspela i år, og gjennom programmet vil vi utforske korleis litteraturen skapar forteljingar som både formar fantasien og røyndommen. Professor Ingar Kaldal, førsteamanuensis Eli Bjørhusdal og forfattar Kjartan Fløgstad diskutere kven som får plass i historiebøkene, og kven som får høve til å skrive dei. I programposten «Har boka ei framtid» utforskar vi nye,

digitale forteljarformer og korleis desse påverkar kva som blir fortalt og korleis nye format utfordrar boka. Lokale songarar, barn og vaksne, skal utforske det sanselege når dei deltek på vår Poesti. Anders Totland står bak boka Den norske slavehandelen, og vil besøke skular på Søre Sunnmøre for å fortelje om denne. Dette er eit samarbeid med dei aktuelle kommunane og Møre og Romsdal fylkesbibliotek.


Nynorske barnebokveker

Andre prosjekt

Tunkattens ordbok Som einaste ordsamlande Poetisk barnebokveke tunkatt i nynorskriket, og i Hordaland og Hallingdal kanskje i verda, har tunkatten Hausten 2019 vil to utvalde Lurivar ei eiga samling med forfattar som skriv lyrikk for ord som ikkje finst i noko barn reise på miniturné og anna ordbok. Mange av deslesa på utvalde skular, bibliose orda er det barn frå store tek og litteraturhus i Bergen, delar av landet som har kome Dale, Voss, Odda, Ulvik og på og sendt til ordspionen Ål. Barn får møte lyrikk på Lurivar. I Bokåret 2019 kjem nært hald gjennom spennandelar av samlinga ut med de og levande formidling. forklaringar i ei rikt illustrert ordspionordbok. Prosa i Telemark, Setesdalen og Ryfylke I ”Forteljingar frå fortida” får elevar rundt Haukeli høyre historiske tekstar frå 150-årsjubilanten Johannes Heggland. Forteljingar om fjerne tider og stader gir nytt innblikk i historie og kultur.


Undervisingsopplegg ”Les for livet!” er eit nytt rollespel, der 5.-7.-klassingar blir plasserte i romsonden Littera. For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får vende tilbake, må dei løyse eit livsviktig oppdrag. Svaret finn dei i litteraturen, og undervegs dukkar dei inn i scener frå utvalde nynorske barne- og ungdomsbøker, som ”Eg er eg er eg er” av Ruth Lillegraven, ”Svarte-Mathilda” av Tor Arve Røssland, og ”Keeperen og havet” av Maria Parr.

Elevane må finne løysingsordet som gjer det mogleg å vende tilbake til jorda. Rollespelet skal nyttast i skular over heile landet. Feiring av 150 år med nynorske salmebøker I 1869 gav Elias Blix ut det vesle heftet Nokre salmar, og la med det grunnlaget for den nynorske salmetradisjonen. Dette blir markert med vandreutstillingar og salmekonsertar fleire stader. Arrangement Seminar om nynorsk bokhistorie, arrangement om songbøker på Fagernes, nynorsk litteratur i Trondheim, møteplass mellom songlyrikk og skriftlyrikk i Bergen, Stavanger og Ulvik og Verdas poesidag. Hald deg oppdatert på alt som skjer på Hauge-senteret, Vinje-senteret, Ivar Aasen-tunet og rundt om i landet i Nynorsk kultursentrum sin regi på nynorsk.no.


Bok på 1–2–3 Saman med Nynorsksenteret tilbyd Ivar Aasen-tunet gratis undervisningsopplegg til utvalde nynorske barnebøker. Bok på 1–2–3 er i hovudsak laga for barneskulen. Ni bøker vil vere tilgjengelege for strøyming i kvar sin månad, slik at lærarane kan bruke dei på storskjerm i klasserommet. Boktipsa og undervisningsopplegga vil vere tilgjengelege på nynorsksenteret.no og aasentunet.no. Novellekonkurranse Dei nynorske festspela og Bjørnsonfestivalen arrangerer ei novellekonkurranse for ungdom og vaksne i samarbeid med Møre og Romsdal fylkesbibliotek. Der blir samlingar og kurs for alle interesserte og to vinnarar, ein ungdom og ein vaksen, blir kåra under Bjørnsonfestivalen 4.-8. september.

Forteljingar i skogen Skogen og diktaren er gode vener. Skogen inspirerer og diktaren let seg inspirere. Dette samspelet har vore viktig i heile litteraturhistoria, ikkje minst i barnelitteraturen. Saman med DNT og lokale turlag for barn inviterer Vinje-senteret små og store til ein heilt eventyrleg tur i skogen med lokalt turvertsskap og gode forteljarar.

Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda Telefon: 70 04 75 70 admin@aasentunet.no

nynorsk.no

Bilete: Akam1k3, Mittet, H. J. Brun, Universitetet i Oslo, M. Knutsen, M. Egeli


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.