Symra 1 2016 end

Page 1

SYMRA – Våren 2016


Vi har alltid hatt mangfald her til lands, både etnisk og språkleg. Kan eit breiare internasjonalt mangfald gjere at fleire får auga opp for mangfaldet i det norske? Gaute Øvereng, dagleg leiar

Ansv. redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Gaute Øvereng Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 1/2016. Opplag: 7000 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Brekketind Foto: Christer Lundberg Nes Lurivar (Maria Halseth) Foto: Aasen-tunet Svein Harberg Foto: C.F. Wesenberg Billettinfo:

Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no

Program våren 2016 Temautstillinga Striper, ruter, bobler 6. januar–6. april

s. 3

Er kulturpolitikk meir enn pengar? 4. februar

s. 4

Den internasjonale morsmålsdagen: Språk og integrering 21. februar

s. 5

Skotårsdagen: Almanakk for Noreg 29. februar

s. 6

Berre ein spøk 13. mars

s. 7

Påskefjellet: Frykt, jubel og trygg ferdsel 16. mars

s. 8

Påskejakt med Lurivar 21.–23. mars

s. 9


Utstilling

Striper, ruter, bobler 6. januar–6. april Basisutstillinga, inkludert i inngangsbilletten Teikning: Solveig Muren Sanden

Frå 1984 til 1991 kom det ut sju Disneyalbum i nynorsk utgåve – sidan har det vore stille på den fronten. Men på nyåret kom den vidgjetne anda igjen i ei språkdrakt som får fjøra til å bruse. I tillegg til eit opptrykk av den segnomsuste historia Eggemysteriet, som stod på trykk første gongen i 1963, får

lesarane no to heilt ferske historier på nynorsk, skrivne av Olaf Solstrand. Det har vore eit stort engasjement for å lese Donald på nynorsk att. Ivar Aasen-tunet markerer utgivinga av nynorskalbumet med å vise temautstillinga Striper, ruter, bobler. Nynorske teikneseriar frå Smørbukk til Margarin frå 2003. 3


Debatt

Er kulturpolitikk meir enn pengar?

Svein Harberg (H), leiar i Stortingets familie- og kulturkomité, møter Marit N. Krogsæter (Sp), leiar i kultur og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal, og Hans Olav Myklebust (Frp) frå Ørsta kommunestyre til debatt om kulturpolitikken i Noreg. Debattleiar Heidi Fagna har lang erfaring frå NRK, og arbeider i dag ved Nynorsksenteret og Høgskulen i Volda.

4

Foto: Svein Harberg, CF-Wesenberg@kolonihaven.no, Marit Krogsæter, MR Fylke

Torsdag 4. februar kl. 19.00 Gratis


Samtale

Morsmålskafé Søndag 21. februar kl. 13.00–16.00 Gratis Foto: Aasen-tunet

Den internasjonale morsmålsdagen vart etablert av UNESCO i 1999 og har vorte feira 21. februar kvart år sidan 2000. Målet med dagen er å fremje språkleg mangfald og fleirspråklegheit, samt auke forståing, toleranse og dialog om språklege og kulturelle tradisjonar.

Aasen-tunet inviterer til morsmålskafé med stemnemøte over alle språkgrenser. Det blir språkaktivitetar for vaksne og born i basisutstillinga og konkurranse med bokpremiar. I kafeen serverer vi gratis sunnmørske sveler, kaffi og te. 5


Skotårsdagen: Almanakk for Noreg Måndag 29. februar kl. 19.00 Kr 120 / honnør 90 / student og ungdom 50

Ein almanakk er ei liste over årets dagar ordna etter månader og veker med oppføring av dei viktigaste astronomiske fenomena, kyrkjelege og borgarlege festdagar og meir til. Norske almanakkar har kome ut årleg sidan 1804.

6

På sjølvaste skotårsdagen held Kaare Aksnes, professor i astronomi, foredraget «Almanakk for Noreg – ein åndsfrisk olding» Aksnes var redaktør i Almanakk for Noreg frå 1983–2003

Foto: UiO

Foredrag


Konsert Teater

Berre ein spøk Søndag 13. mars kl. 15.00 Kr 200 / student og ungdom 100 Foto: Tor Erik H. Mathiesen

Ho er 34 år gammal no. Ho er gift og har to barn. To jenter. Då ho gjekk siste året på ungdomsskulen så skjedde det noko. Noko som ho ikkje kan gløyme. Noko som ho aldri vil gløyme. Ho drøymer om det om natta, men ho kan ikkje snakke om det. Ikkje ein gong med sin eigen mann.

Dei skulle berre ha det litt moro, og no snakkar ho endeleg om det. Ein monolog frå Hordaland Teater med skodespelar Irene Waage. Framsyninga høver for vaksne og ungdom frå 16 år og varer i om lag 45 minutt. Kafeen har søndagsmiddag frå kl. 13.00. 7


Forfattarmøte

Påskefjellet: Frykt, jubel og trygg ferdsel

Forfattar Sigri Sandberg har i boka Frykt og jubel i Jotunheimen skrive om fjella Hurrungane. Og om kvinnfolk som har levd med dei og klatra mot dei – eller ikkje brydd seg om dei. Ho trekkjer linjer frå urgamal tid til i dag, og har sjølv klatra mot dei kvasse tindane. Christer Lundberg Nes frå Friluftsrådet i Ålesund og omland har skrive boka Skikompis, og kjem til Aasen-tunet for å fortelje korleis ein skal ferdast trygt i påskefjellet.

8

Foto: Birger Amundsen, Håvard Myklebust

Onsdag 16. mars kl. 20.00 Kr 120 / student og ungdom 70


Påskejakt med Lurivar Måndag 21., tysdag 22. og onsdag 23. mars kl. 13.00, kr 50

Nokon har tatt brikkene i det nye arkitekturpuslespelet til Lurivar og lagt igjen eit mystisk brev! Lurivar og hjelparen hans tek med borna på jakt etter arkitekturdetaljar og dei forsvunne puslespelbrikkene høgt og lågt inne i Aasen-tunet.

Foto: Aasen-tunet

Familiearrangement

Det ferdige puslespelet leier til skatten i det store påskeegget. Lurivar og hjelparen blir spelte av Maria Halseth og Synne Marie Lillenes og påskejakta høver for born frå 5 år. Kafeen serverer pannekaker desse dagane. 9


Om Ivar Aasen

Norsk ordbok

Då Ivar Aasen kom til Bergen i 1842 såg han med interesse på overklassa sine elegante drakter og «megen Stads». I heimbygda såg ein med stor skepsis på denne standen, skriv Aasen i dagboka. Sjølv hadde han kome til at «den meste Misforstaaelse kommer deraf, at man ikke ret kjender hinanden».

Når det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok blir lansert i Oslo 9. mars i år, er det ei storhending i internasjonal språkforsking. Ikkje noko anna nasjonalt ordbokverk av denne dimensjonen er blitt ferdig på så kort tid. Dei meir enn 300 000 ordartiklane dokumenterer mangfaldet i det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Vil du få Symra i posten? Då sender du oss ein e-post til admin@aasentunet.no eller melder deg på via nettstaden aasentunet.no. Symra kjem ut to gongar i året og held deg oppdatert på kva som skjer i Aasen-tunet i tida framover.

Foto: C. C. Wischmann

10


Nytt i utstillinga Basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet endrar seg med jamne mellomrom, og dei siste åra har det kome mange nyvinningar. No kan du mellom anna bryne deg på krypterte meldingar med metodar som vart brukt under den kalde krigen. Kodespråk er jo også eit språk! I utstillinga får du eit oversyn over korleis skriftspråk har utvikla seg ved medviten styring. Vi har nye plansjar om kunnskap om nynorsken i skulen og kyrkja, trykkskjermar med oppdatert innhald og endå fleire omsette tekstar til engelsk.

Foto: Aasen-tunet

11


Lokalt samarbeid

Jobbe i Aasen-tunet?

Ivar Aasen-tunet og Festspela er med på laget når Ørsta Næringskontor inviterer til Næringskonferansen på Søre Sunnmøre 17. mars. Tema i år er «Omstilling og innovasjon», og blant foredragshaldarane finn du tidlegare festspeldiktar Agnes Ravatn. Heile programmet finn du på nkonferansen.no.

Kvar sommar er det ein fin gjeng unge tunassistentar som tek imot publikum, gir omvisingar, ekspederer i butikken og lagar mat. I år ser vi også etter ein tunassistent til å planleggje og gjennomføre arrangement i tunet i sommar- sesongen. Er dette noko for deg? Ta kontakt med oss på admin@aasentunet.no.

Foto: Kjerstin Gjengedal

12

Foto: Kib og Morits


Siste nytt Vinje kommune løyvde 800 000 kr i desember til arbeidet med å etablere Vinjesenteret, og sikrar den planlagde framdrifta i 2016. Den ferdige prosjektplanen finn du på vinjesenteret.no frå 29. februar.

Foto: Aasen-tunet

Foto: Ukjend

No blir Lurivar sitt utandørs barnebibliotek tilgjengeleg på utescena i Aasen-tunet heile vinteren. Her kan borna lese eit rikt utval barnebøker i ly for regn og snø. Nynorsk kultursentrum har tatt initiativet til å etablere eit globalt nettverk av språkmuseum i den internasjonale museumsorganisasjonen ICOM. Nettverket skal ha den første samlinga i Milano sommaren 2016.

Foto: Kib og Morits

13


Dei nynorske festspela 23.–26. juni 2016 Ruth Lillegraven skal vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela 23.–26. juni 2016 i Ørsta og Volda.

Du kan sjå fram til eit mangfaldig program desse fire sommardagane. – Vi gler oss mellom anna til konsert med Ingebjørg Bratland i Uteamfiet fredag 24. juni og til å presentere heile programmet for publikum like over påske, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Temaet i år er Morsmål og du kan vente deg fire dagar med arrangement som femner om litteratur, musikk, samtalar, barnearrangement og utstillingar.

Foto: Paal Audestad

14

Billettar og festspelpass finn du på eBillett og festspela.no. Vi held deg også oppdatert på facebook.com/deinynorskefestspela.


Stort utval i nynorske varer i Ivar Aasen-tunet og pĂĽ Handlenett.no

Her finn du güvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer som ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for born og vaksne. Besøk nettbutikken vür eller kom innom for ein hyggjeleg handel!


Ivar Aasen-tunet Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no Hovudsponsorar:

Opningstider 16. august–31. mai: Måndag–fredag kl. 10–16 Søndag kl. 12–17 1. juni–15. august: Måndag–fredag kl. 10–17 Laurdag og søndag kl. 12–17 Utanom vanleg opningstid opnar vi etter avtale

Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, tlf. 70 07 45 70 admin@aasentunet.no aasentunet.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.