Symra 2, 2015

Page 1

2/2015 Ei undersøking som blei gjennomført i vår viste at berre ein av 1317 annonsar i dei mest populære magasina og vekeblada i Noreg var på

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 17. ÅRGANGEN

nynorsk. Er det ikkje innan marknadsføring at det gjeld å skilje seg ut?

Gaute Øvereng

Eventyr i Parrs univers Maria Parr har omsett og modernisert språket i ei rekkje klassiske eventyr slik at dei passar for unge lesarar i dag. 18. oktober blir det familiedag i Aasen-tunet der skodespelaren Rune Sæter tek med ungane på ei leiken eventyrstund med Barnas store eventyrbok i sentrum.

Karl Seglem

Boknatt med jazz

I år blir det både god litteratur og god musikk på den tradisjonelle boknatta. Forfattaren Tormod Haugland kjem med sin siste roman, Mørk materie. Den handlar om kjærleik, om å velje sitt eige liv, om å gjere seg fri, og om å vere både far og son. Du møter også to av haustens debutantar, Synnøve Macody Lund med romanen Personar du kanskje kjenner og Solveig Mette Tjeltveit med den originale diktsamlinga Noo gode gnu. Dei litterære opplevingane blir supplert med velklingande jazz frå Karl Seglems akustiske kvartett. Der spelar Seglem sjølv tenorsaksofon og bukkehorn, Andreas Ulvo flygel, Sigurd Hole kontrabass, og Jonas H. Sjøvaag trommer.

Folkedrakter og broderikafé I boka Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise set Magny Karlberg historia om folkedrakter i Noreg inn i eit europeisk perspektiv. Onsdag 4. november seier ho meir om samspelet mellom motedrakt og folkedrakt, impuls og tradisjon i Aasentunet. Og etterpå blir det broderikafé. Forskingsdagane 2015 i Aasen-tunet Mat og religion er tema på foredraget Bente Afset frå Høgskulen i Volda skal ha i Aasen-tunet i samband med Forskingsdagane. Alle religionar har reglar for kva ein skal ete, og særleg kva ein ikkje skal ete. Samstundes er måltida viktige for den religiøse fellesskapen. I foredraget fortel ho meir om kva mat og måltid har hatt å seie i jødisk og kristen tradisjon.


I VA R A A S E N - T U N E T S E P T E M B E R – D E S E Komponist Magnar Åm innleier, og samtalar i etterkant med publikum. Gratis Foto: Per Morten Abrahamsen

Foredrag ved førsteamanuensis Bente Afset, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning Samling rundt eit enkelt måltid i kafeen I samarbeid med Volda og Ørsta kyrkjeakademi Gratis Påmelding til måltidet på tlf. 482 52 17 (innan 17. september) Arrangementa 20. og 21. september er ein del av Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda 18.–22. september

TYSDAG 29. SEPTEMBER 20.00 MÅNDAG 21. SEPTEMBER

«Det uvanlege har oppsøkt meg» Alfred Hauge 100 år

Foredrag ved stipendiat Helga Synnevåg Løvoll, Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda Gratis

Foto: HiVolda

18.00 Den gode turen

Foredrag ved biograf Jan Inge Sørbø Volda Vokal framfører songar med tekstar av Alfred Hauge. I samarbeid med Volda og Ørsta kyrkjeakademi Kr 100 / honnør 50

Turen byrjar etter foredraget «Den gode turen», oppmøte i Uteamfiet. Meir info på friluftsforeninga.no

Foto: Cecilie Seiness

18.45 Måndagstur i Hovdeåsen

Synet på naturen har endra seg mykje på 150 år. Då Ivar Aasen reiste rundt i Noreg skildra han også landskapet han kom til. Hardangerfjordens Omgivelser ere af Naturen just ikke meget behagelige, skreiv han i april 1844. Då han to år seinare kom til Helgeland blei han møtt av fjell med mindre vegetasjon enn dei han var vande med. Fjeldrækken De syv Søstre er skrækkelig, skreiv han då. Ikkje noko sitat for dagens turistbrosjyrar.

ONSDAG 30. SEPTEMBER 20.00

ONSDAG 4. NOVEMBER 19.00

Rettskriving i 2015: Gammalmannsfjas eller teikn på nasjonal danning?

Folkedrakter og broderi

Dosent Jan Olav Fretland om dei nye bøkene Norske skrivereglar/skriveregler Kr 100

TORSDAG 15. OKTOBER 20.00 Språkfakta 2015: alt vi no veit

I dag er heile verket publisert. Ottar Grepstad samanfattar alle tala iblanda snadder og snop, og samtalar med inviterte gjester om språk i verda og Noreg. Gratis

SØNDAG 18. OKTOBER 13.00 Eventyrleg familiedag

Leiken eventyrstund med skodespelar Rune Sæter. Klassiske eventyr henta frå Barnas store eventyrbok, som er omsett av Maria Parr Verkstad, aktivitetar og barnebokutstilling Kr 50 Høver best for barn i alderen 3–7 år

Rune Sæter

19.00–19.45 Salen Foredrag ved Magny Karlberg, forfattar av boka Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise. 20.00–22.00 Broderikafé I samarbeid med Skald forlag, Volda husflidslag og Ørsta husflidslag Kr 100 / medlemer Volda husflidslag og Ørsta husflidslag 50 Kafeen er open frå kl. 18.00.

TORSDAG 19. NOVEMBER 20.00 Boknatt med jazz

Synnøve Macody Lund, Solveig Mette Tjeltveit, Tormod Haugland mfl. Programleiar: Sindre Hovdenakk Karl Seglems akustiske kvartett Kr 200 / student 100

Foto: Carl Christian Raabe

Mat for sjela. Operaen Is-slottet som film

19.30 Mat og religion

Foto: Marcin Szpryngiel

SØNDAG 20. SEPTEMBER 18.00

Synnøve Macody Lund

ÅRETS MUSEUM? «Nynorsk kultursentrum, med Ivar Aasentunet i Ørsta som hovedarena, er en pioner. Nasjonalt og internasjonalt står språk- og litteraturmuseet fram som en uvanlig levende, ambisiøs og systematisk formidler og forvalter av immateriell kulturarv.» Dette skriv juryen til prisen Årets museum i samband med nominasjonen. Vi er sjølvsagt stolte og glade for å bli nominerte til den fremste fagprisen ein kulturinstitusjon av vår type kan få i Noreg.


MBER 2015 TORSDAG 19. – FREDAG 20. NOVEMBER

HOVUDSPONSORAR

ONSDAG 2. DESEMBER 11.00

NYNORSK BARNEBOKTURNÉ MED KARI STAI

Barnekunstutstilling

Nynorske scener

Arbeidsseminar for festivalar og kulturarrangørar om formidling og bruk av nynorsk. Informasjon og påmelding på aasentunet.no

LAURDAG 28. NOVEMBER

Opning av utstilling med inspirasjon frå boka Jakob og Neikob og det tomme rommet av Kari Stai I samarbeid med Det Norske Samlaget Inviterte barnehagar Gratis

SØNDAG 6. DESEMBER 13.00 Førjulsstund med julesongar Høgtlesing frå boka Jakob og Neikob og det tomme rommet av Kari Stai Verkstad og barnekunstutstilling I samarbeid med Det Norske Samlaget Kr 50

Klart vi les! Nynorsk barnebokturné har med seg forfattar Kari Stai rundt om i Møre og Romsdal 12.–15. oktober. Stai vil mellom anna lese frå bøkene sine om Jakob og Neikob. Det er fjerde året Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal, Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet samarbeider om Klart vi les! og i løpet av fire dagar blir det 13 arrangement i både bibliotek og skule. Turneen blir avslutta med Barnelitterær formidlingsfest på Ålesund bibliotek. På programmet står den nynorske barnelitteraturen, kvalitetane ved han og korleis formidle bøker for barn. Seminaret er sikta spesielt inn mot barnehagelærarar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med barn. Meir informasjon og påmelding på aasentunet.no.

Foto: Finn Ståle Felberg

Opning av julehefteutstilling og open julebutikk

Familiedag med juleverkstad

Foto: Benedikte Skarvik

Julehefte

Tormod Haugland

SPRÅKFAKTA OM HEILE VERDA

Foto: Lars O. Flydal

På den europeiske språkdagen 26. september publiserer Nynorsk kultursentrum Språkfakta 2015 på Aasentunet.no. Dette arbeidet med statistisk dokumentasjon av språk i Noreg, Europa og verda tok til for nesten 20 år sidan, og no er det klart for fjerde utgåve. – Prosjektet har vakse oss over hovudet, seier Ottar Grepstad. I tillegg til alt som trengst om skule, kyrkje, offentleg forvaltning og massemedium lovar han snadder og snop som vil fornye mang ein kvisskveld. – No vil det finnast sikre svar på kor mange språk Olav H. Hauge er omsett til, og kva land som første gong hadde ein song på dialekt i finalen i Eurovision Song Contest. Eit eige kapittel presenterer alle dei meiningane nordmenn har hatt om språk dei siste 70 åra.

OR GJESTEBOKA I IVAR AASEN-TUNET Jeg var her første gang i 1942/43, 10 år gammel. Ingebjørg S. Olsen, Trondheim 22.6.15 Tak for en fremragende rundvisning på Ivar Aasen-tunet. Håndslag fra Per Årseth-Hansen, Danmark 11.8.15

PROGRAM OG BILLETTAR Oppdatert informasjon: www.aasentunet.no Billettar til arrangement ebillett.no 70 04 75 84 Med atterhald om endringar


UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG

Sju nye utebibliotek

– Barneboktua er eit litt annleis bibliotek. Det er sjølvbetent og alle som kjem dit kan finne seg ei bok og setje seg ned og lese i vakre omgivnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går, seier formidlar Liv Astrid Skåre Langnes i Aasentunet. Oversikt over kvar utebiblioteka er finn du på aasentunet.no.

Fem nye forfattarar

Ho fekk P2-lyttarane sin romanpris for den siste romanen sin. No er Brit Bildøen presentert i Forfattarrommet i Ivar Aasen-tunet, saman med fire andre forfattarar.

Nytt frå Ulvik

Språk til sals Tunkatten Lurivar har laga sju nye utebibliotek til born på Søre Sunnmøre og i Nordfjord til sommarferien. Prosjektet er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet og sju kommunar i regionen i Friluftsåret 2015.

Du får også vite meir om Lars Petter Sveen, Ruth Lillegraven, Arvid Hanssen og Jan Roar Leikvoll dersom du svingar innom utstillinga i Aasen-tunet. Forfattarane blir presenterte gjennom tekst, bilete, gjenstandar, bøker og avisutklipp.

Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Kjartan Hatløy med Diktartavla 2015. Diktarstien i tunet på Hardanger folkemuseum blir med dette utvida med steintavle nr. 24. Hatløy har til no gitt ut 11 diktsamlingar og naturmotiva står sentralt i diktinga hans.

Kva ligg bak ordvala til reklamemakarane? Kva type formuleringar set vi som forbrukarar mest lit til? Kva rolle spelar dialektar eller engelsk i ein reklame? Dette er nokre av spørsmåla Ivar Aasen-tunet set lys på i ei ny temautstilling om reklamespråket som opna i sommar.

Stort utval i nynorske varer på handlenett.no

Bokstøtte Ivar Aasen Kr 229

Speledåse Blåmann Kr 149

Jakob og Neikob-kopp Kr 169

Aasen-boksar

dame og herre

Kr 149 (249 for to)


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.